7. Føresegner til utbyggingsplan for Haukåsen Hyttegrend, Nissedal kommune I medhold av Plan- og bygningslova (PBL) av juni 1985, nr. 77, med revisjonar, 22 28-2, er det utarbeidd utbyggingsplan for Haukåsen Hyttegrend i Nissedal kommune med det føremål å tilrettelege for hytteutbygging med tilhøyrande anlegg. Sist revidert 22.06.2010. 7.1 Felles føresegner a) Før byggje- eller anleggstiltak vert sett i gang skal det utarbeidast teikningar og skisser, om nødvendig illustrasjonsplan og teknisk plan, som syner detaljert dei tiltak som skal setjast i verk. Teikningane skal leggjast fram for kommunen. b) All graving og sprenging i terrenget skal gjerast skånsamt. Område som ikkje skal nyttast til veg, parkering, byggegrunn eller opparbeidd uteareal, skal førast tilbake til opphavleg utsjånad. c) Det er ikkje lov å sette opp gjerde eller flaggstenger i hytteområdet. d) Det er regulert inn tilsvarande 1,5 felles /privat parkeringsplass til kvar hytteeining. I tillegg skal kvar tomt ha minimum 1 ein parkeringsplass på tomta. e) Området skal byggjast ut med høg sanitær standard. Med dette er det meint innlagt vatn i kvar hytte, og ei godkjent avløpsløysing frå desse. f) Vatn, avlaup og straumledningar bør leggast i same trase som vegar eller borast og leggjast i røyr i fjell. Anlegga (gjeld også veg) skal vere ferdigstilt før det vert gjeve byggeløyve. g) Det kan førast opp nødvendige bygningar og anlegg for behandling av avløp og for vassforsyning innan planområdet. Plassering av slike anlegg skal skje i samråd med kommunen. h) Innanfor planområdet skal det førast fram straum til hyttene. Grunneigar stiller vederlagsfri grunn til grøfter og/eller master/linetrase. i) Installasjonar i samband med leidningsnettet skal ha ein skånsam plassering og ei tiltalande utforming. j) Alle hyttene skal vere underlagt den til ei kvar tid gjeldande renovasjonsordning i kommunen. (pr. 2001 er dette kjeldesortering med oppsamling i felles avfallsbu for heile reguleringsfeltet.) k) Ved hogst skal ein halde seg til levande skog standarden og take fleirbruksomsyn. l) Ved vidare utbygging i områda H20 og H21 skal følgjande avklarast ved revisjon av denne plan: 1) Plassering av vegar, felles parkering og bygningar i terrenget. 2) Grønkorridorar-friluftsområde, turstiar (Sjå elles føresegnene nedanfor punkt 7.2) m) Etter at reguleringsplanen er vedtatt er det ikkje lov å etablere privatrettslege avtalar i strid med planen. Side 1 av 5
7.2 Byggeområde 7.2.1 Fritidsbustader/hytte a) Områda H1-H21 skal nyttast til oppføring av inntil 143 fritidsbustader/hytter. I byggetrinn I (H1-H19) er det tillatt med inntil 73 tomteeiningar, og seinare- i område H20 inntil 50 einingar og H21 inntil 20 einingar. Byggetrinn 1 (H1- H19) er delt opp i tre trinn: A (tomt 1- tomt 24), B (tomt 25- tomt 39) og C (tomt 40- tomt 73). b) Det er fastsett fylgjande krav til utnyttinga av den einskilde tomt: Det er ikkje lov å føre opp meir enn ei hytte pr. fritidseigedom. Bod og/eller garasje skal henge naturleg saman med fritidsbustaden. 5 i veiledning til forskrift om saksbehandling og kontroll i byggesaker (forskrift 24.juni 2003 nr. 0749) gjelder ikkje. På tomt 1, 2, 6, 7, 8, 9 og 10 er det i byggetrinn 1A anledning til å føre opp uthus, garasje og anneks på tilsaman inntil 50m² BYA i tillegg til hytta. Bygningane skal tilpassast hovedhytta og plasserast slik at dei danner eit tun med maksimalt tre bygningar. Når det gjeld seinare byggetrinn, kan det, også på andre tomter bli aktuelt med slike tun, men dette skal avklarast ved revisjon av denne planen. Maksimalt tillete bebygd areal (BYA) skal ikkje vere større enn 20 % av tomtearealet. Synleg del av grunnmur/pilarar skal ikkje vere over 40cm. Eventuell levegg skal byggjast som ein naturleg del av hytta og lengda skal ikkje overstige 3m, og høgda ikkje over 1,8m. Eventuell terrasse skal ikkje vere høgare enn 40cm over bakken. Fra topp grunnmur/fundament skal det vere maksimalt 6,2 m til topp møne. Maksimal gesimshøgde er 3,0 meter, målt fra topp grunnmur /fundament til takflate, jf. REN 4-2. Dette gjeld ikkje ved ark takoppløft eller oppstugu. Oppstugu skal ikkje utgjere meir av hyttas bygde areal (BYA) enn 50%. Breidda på gavlvegg i oppstugu skal ikkje overstige breidda på kortaste gavlvegg i hytta. Takvinkel skal vere minimum 22 og maksimum 32 grader, og byggjast som saltak. Maksimal bredde på gavlvegg er 7,5m. c) Det er 15m byggegrense til fylkesveg og i hovudregel 6 meter byggegrense til regulert vegskulder inne i feltet. d) Bygningar skal plasserast og utformast slik at dei fell naturleg inn i landskapet og bygningsmiljøet. Punkt der hytta skal falle innanfor er vist med signal i marka og symbol for bygning på plankartet. e) Bygningar si form (lengde, breidde, høgde), fasade (kledning av tre eller naturstein), vindaugeinndeling, materialar, fargar (mørke jordfargar/naturfargar) og murar skal harmonere med dei omkringliggande bygningane og naturen. Taktekkinga skal vere torv. På uteområda skal det brukas tre eller skifer (ikkje beleggningsstein). Side 2 av 5
f) Det skal førast fram heilårsveg samt opparbeidast minimum 1 ein parkeringsplass på kvar hyttetomt. Tilkomst og parkering på tomta, skal vere godkjend før byggjeløyve vert gjeve. g) Ein skal ikkje påføre omkringliggande terreng større inngrep ved fjerning av vegetasjon, sprenging eller planering enn det som er nødvendig for å oppføre bygningane, parkering, tilkomstveg og uteareal. h) Ikkje utbygde delar av tomta skal gjevast ei tiltalande utforming. Tomta skal vere pussa og tilsådd innan eit år etter at ferdigattest på hytta er gitt. i) Utbygging i område H20 kan ikkje finne stad før det vert lagt fram rapport/vurdering av rasfare i feltet. 7.3 Spesialområde 7.3.1. Friluftsområde på land a) Innanfor område avsett til Friluftsområde kan det opparbeidast tiltak som gagnar friluftslivet, td. turveg eller skiløype. b) I friluftsområde kan det gravast ned straumkablar og VA-anlegg i grunnen. Ledningstrasear skal i størst mogleg grad følgje stigar og løypetrasear/turvegar. c) I friluftsområde mot/langs Nisser skal ein ikkje gjere ingrep som vesentleg forringar vegetasjonsbilete eller opplevingsverdien for friluftslivet. d) Det skal opparbeidast tilgang til Nisser på ein stad for utsetting av båtar. Lokalisering og utforming skal leggjast fram for vegstyresmakt og kommunen. 7.3.2. Friluftsområde i vatn a) I friluftsområde i vatn, avsett til bading, kan grunnen opparbeidast og tilretteleggast for vassaktivitetar etter nærare godkjenning frå kommunen. 7.3.3. Privat veg og parkering a) Hovudvegen skal byggjast med vegbreidde (inkl. skulder) minimum 4,0meter. Samlevegar skal ha vegbreidde minimum 2,5 meter inkl. skulder. Det skal setjast av 3 meter til kvar side for veg til fylling/skjering/grøft/snøopplag. b) Vegar skal i hovudregel ikkje ha større stigning enn 1:10. Framføring av vegar skal gjerast så skånsomt som råd. Skjeringar og fyllingar bør dekkast til med jord eller bark, og elles gjevast ei tiltalande utforming. c) Private felles parkeringsplassar (P1-P4) skal ikkje merkast med namn eller kjenneteikn (privatiserast). 7.3.4 Privat småbåthamn a) I god tid før byggje- eller anleggstiltak vert påbegynt skal skisser og omtalar av anlegga sendas Noregs vassdrag og energidirktorat til uttale. Anlegga skal godkjennast av kommunen. b) Det kan setjast opp faste eller midlertidige installasjonar for å hindre at båtar køyrer inn i område for friluftsliv og bading. Side 3 av 5
c) Det er ikkje høve til å legge båtar utanfor småbåthamna. 7.3.5 Utgått, jf. f-skapssak 110/10, datert 07.10.2010. 7.3.6. Klimavernsone a) Innanfor områda avsett til klimavernsone er det ikkje høve til å fjerne all vegetasjon, heilt eller delvis. Det skal stå att ein del vegetasjon slik at vegetasjonsbiletet vert oppretthalde. 7.3.7. Område for bevaring av bygningar og anlegg (i kombinasjon med friluftsføremål) a) Områda og anlegga skal vere tilgjengelege for ålmenta. b) I område avsett til bevaring av bygg og anlegg skal ein take vare på og halde vedlike dei gamle steinmurane. Dersom utbyggjar eller grunneigar ønskjer det kan kommunen godkjenne gjenreising av bygningar på dei gamle tuftene. Nye bygg skal i form og utsjånad likne dei opphavlege bygningane. Vegetasjonsbilete frå den tida det budde menneske i Dalen kan skapast att. d) Byggje- og anleggstiltak skal godkjennast av kommunen. 7.3.8. Frisiktsone a) Det er ikkje tillete med anlegg eller tiltak i frisiktsona som er høgare enn 0,5m over nivå på offentleg veg, eller som på anna måte hindrar fri sikt, unnateke oppkvista tre, stolpar ol. 7.4. Felles område 7.4.1. Felles parkering a) Felles parkering FP1 er felles for gnr. 32, bnr. 5 i Nissedal kommune, samt område H6 og T3 i kommuneplanen for Nissedal kommune 1998-2010. 7.5. Kombinerte føremål - service, kontor, lager, renovasjon og parkering a) Området skal nyttast til oppføring av bygningar og anlegg for felles avfallsinnsamling, service, kontor, lager, parkering mm. b) Det skal godkjennast ordning med felles søppelbod for planområdet og området merka T3 i kommuneplanen for Nissedal 1998-2012. c) Det er fastsett følgjande krav til utnyttinga av området: maksimal prosent bebygd areal: % - BYA = 40% maksimal grunnmurhøgde: 50cm avstand topp grunnmur- topp møne skal maksimalt vere 7,5 meter maksimal gesimshøgde: 6,00 meter. Takvinkel minimum 22, maksimum 32 grader. d) Bygningar skal plasserast og utformast slik at dei fell naturleg inn i landskapet og bygningsmiljøet e) Plassering og utforming av bygningar og andre anlegg skal godkjennast av kommunen. f) Kommunen skal sjå til at bygningar og konstruksjonar får eit tiltalande ytre på alle frittståande sider. Vidare at bygningsform (lengde, bredde, høgde), fasade Side 4 av 5
(kledning av tre eller naturstein), vindaugeinndeling. materiale, fargar (mørke jordfargar/naturfargar) og murar harmonerer med dei omkringliggande bygningar og naturen. Taktekkinga skal vere torv. g) Ein skal ikkje påføre omkringliggjande terreng større inngrep ved fjerning av vegetasjon, sprenging eller planering enn det som er nødvendig for å oppføre byggningane, parkering, tilkomstveg og anna uteareal. h) Ikkje utbygde delar av tomta skal gjevast ei tiltalande utforming i) Det kan førast felles anlegg for postdistribusjon, oppslagstavler og liknande. 7.6. Dispensasjon a) Når særlege grunnar ligg føre kan kommunen dispensere frå føresegnene innafor ramme av gjeldende føresegner i Plan.- og byggningslova SAKSHANDSAMING ETTER PLAN- OG BYGNINGSLOVA: Varsel om oppstart av planarbeid: 19.06.00 1. gongs handsaming av plan i det faste utvalet for plansaker UDU-sak 035/01, 29.05.01 Utlagt til offentleg ettersyn i tidsrommet: 01.06.01 01.08.01 2. gongs handsaming av plan i det faste utvalet for plansaker Godkjenning, UDU-sak 059/01, 28.08.01 Stad Dato Sign. Stempel Revidert: Mindre vesentleg endring godkjend i det faste utvalet for plansaker, UDU-sak 052/03, 24.06.03 Mindre vesentleg endring godkjend i det faste utvalet for plansaker, F-sak 073/05, 28.04.05 Mindre vesentleg endring godkjend i det faste utvalet for plansaker, F-sak 053/09, 05.05.09 Mindre endring godkjend i formannskapet, F-sak 110/10, 07.10.10 Side 5 av 5