RAPPORT. LNUs RESULTATRAPPORT



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Lønnsundersøkinga for 2014

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Støtteordningar og søknader

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Forvaltningsstatistikken

Nedanfor følgjer våre kommentarar til utgreiinga og forventingar til oppfølging frå myndigheitene.

HORDALANDD. Utarbeidd av

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Frivillighet. Politisk regnskap


5. Scenekunst, teater og dans

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Forslag frå fylkesrådmannen

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kulturdepartementet Kulturutgreiinga 2014 Postboks 8030 Dep 0030 OSLO. Innspel frå LNU til Kulturutgreiinga 2014 (Enger-utvalet)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor


MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

13. Sendetida på TV aukar

2014/

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

8. Museum og samlingar

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Frivilligpolitisk plattform

Slik jobbar Lotteritilsynet med speleproblem. Seniorrådgjevar Jonny Engebø Rådgjevar Linda Vøllestad Westbye

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Togradersmålet - eit varmare samfunn

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Brukarrettleiing. epolitiker

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar

Miljøverndepartementet Postboks 8013 Dep 0030 OSLO Oslo, 20. juni 2010

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Med god informasjon i bagasjen

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

12. Færre besøk ved norske kinoar

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310

Søknad om Anbodsgaranti

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Transkript:

RAPPORT LNUs RESULTATRAPPORT 2011

LNUs RESULTATRAPPORT 2011 Innhald 1. Velkomen til LNUs resultatrapport! side 5 Om talgrunnlaget for rapporten side 6 2. Nøkkeltal side 7 3. Status for barne- og ungdomsorganisasjonane 2011: Fem utviklingslinjer side 9 3.1 Ein ny vår på 2000-talet side 9 3.2 Frifond: Grunnmuren for barne- og ungdomsaktivitet i heile landet side 10 3.3. Noregs minst byråkratiske støtteordningar side 11 3.4. Stangar i offentleg byråkrativegg - men ny von om avbyråkratisering? side 12 3.5. Fleire må dele på den same kaka side 13 4. Tilrådingar frå LNU side 16 Statistikk side 18 Vedlegg side 33 Barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg side 33 Litteratur og kjelder side 35

Å vere med i ein organisasjon er ein skule i demokrati. Foto: LNU

1. Velkomen til LNUs resultatrapport! Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er stolt over å presentere den første årlege statusrapporten for barne- og ungdomsfrivilligheita i Noreg: LNUs resultatrapport. LNU er interesseorganisasjon for 91 barne- og ungdomsorganisasjonar. Vi er ein viktig kompetansebank for medlemsorganisasjonane, samstundes som vi forvaltar støtteordningar på vegner av tre ulike departement. Gjennom desse funksjonane sit LNU på brei og oppdatert kunnskap om organisasjonane og verksemda deira. Vi ønskjer gjennom resultatrapporten å dele denne kunnskapen med politikarar, embetsverk, media, opinionen og organisasjonane sjølve. Resultatrapporten for 2011 slår fast at barneog ungdomsfrivilligheita i Noreg er i vekst. Nye organisasjonar har kome til, og medlemstala aukar i mange av dei etablerte organisasjonane. Målretta arbeid frå LNU og frå styresmaktene har skapt eit meir mangfaldig og inkluderande organisasjonslandskap, med fleire nye minoritets- og diagnoseorganisasjonar. På lokalt plan er Frifond etablert som ein grunnmur for lokal barne- og ungdomsaktivitet i heile landet. Prosjektstøtteordningane LNU forvaltar er tilgjengelege for organisasjonar også utanfor LNU-sfæra, og blir oppfatta som brukarvenlege og ubyråkratiske. Resultatrapporten synleggjer omfemnande resultat og eit stort potensiale i barne- og ungdomsorganisasjonane. Dei positive tala i denne rapporten står i motstrid til den forteljinga som ofte har blitt presentert i frivilligheitsdebatten det siste tiåret, om færre medlemmer og færre lokale foreninger, særlig [ ] i den samfunns- og ideologibaserte barne- og ungdomssektoren. 1,2 Den forteljinga er i stor grad bygd på data frå 1990- og tidleg 2000-tal, og er i ferd med å bli gamalt nytt. Gjennom denne resultatrapporten presenterer LNU eit bilete av ein vital og veksande del av frivilligheita i Noreg. Barne- og ungdomsorganisasjonane har ikkje sakka akterut i eit organisasjonslandskap i endring, snarare har dei teke opp i seg endringane og gjort dei til grunnlag for ny vokster. Det er den viktigaste av fem utvalde utviklingslinjer når vi gjer opp status for barne- og ungdomsfrivilligheita i 2011. Vi håpar rapporten bidreg til ein fornya og breiare debatt om rolla til barne- og ungdomsfrivilligheita, og om barn og unges makt og medverknad i samfunnet vårt. Som eit utgangspunkt for debatten har vi laga fem tilrådingar til regjeringa (kap. 4). 1 Gulbrandsen, Trygve og Guro Ødegård: Frivillige organisasjoner i en ny tid, Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor, Oslo/Bergen 2011: 21, 35. 2 Rapporten Organisasjonene i Hordaland 1999-2009 (sjå kjeldelista bakerst i rapporten) vart presentert 28. mars 2011. Her er lokallag i Hordaland granska i 1999 og 2009. Desse tala tyder på at organisasjonane i Bergen i stor grad har like stor del unge medlemer som i 1999, medan organisasjonane i landkommunane har ein relativt mindre del unge medlemer jamført med for ti år sidan. LNUs resultatrapport 2011 5

Om talgrunnlaget for rapporten Organisasjonsgjennomgangen 2010 Hausten 2010 gjennomførte LNU den såkalla organisasjonsgjennomgangen. Dette var ei møterekkje der organisasjonsrådgjevarar frå LNU intervjua alle dei 102 nasjonale barne- og ungdomsorganisasjonar som fekk støtte frå Frifond organisasjon i 2009. Organisasjonane vart inviterte til individuelle møte, og var representerte ved leiar og generalsekretær eller tilsvarande. Tema for møta var primært strukturen i organisasjonen og forvaltinga av Frifondmidla, men organisasjonane svara også på ei rad andre spørsmål om andre interne tilhøve og opplevinga av rammevilkår. Det var utarbeidd ein eigen intervjuguide i forkant av prosessen. Intervjuguiden vart nytta på alle dei 102 møta. Frifond-undersøkinga 2011 Den 26. januar 2011 sende LNU ut ei elektronisk spørjeundersøking til alle som fekk støtte frå Frifond barn og unge, Frifond musikk og Frifond teater i perioden 7. juni 31. desember 2010. Spørjeundersøkinga inneheldt ei rad spørsmål om opplevinga av Frifond-ordninga og av sakshandsaminga, og om lokale effektar av støtta. Spørjeundersøkinga vart distribuert til 486 personar, og det kom inn 256 svar. Dette gjev ein svarprosent på 52,7. Spørjeundersøking tinga av LNU og gjennomførd av Norstat 2010 I august 2010 gjennomførte byrået Norstat ei nettbasert spørjeundersøking med intervju av 1000 personar i aldersgruppa 12 26 år, vekta på kjønn, alder og geografi. Spørjeundersøkinga var tinga av LNU. Nokre av spørsmåla handla om kjennskap til Frifond-ordninga, om det lokale fritidstilbodet og eigne fritidsaktivitetar og -initiativ. Norstat har eit nettpanel med over 80 000 personar, noko som gjev god representativitet. Ingen under 15 år vart kontakta direkte, men via panelistar som har registrert at dei har barn under 15 år. Det vart i desse tilfella spesifikt bede om at barna sjølve skulle svare på spørjeundersøkinga, gjerne med mor eller far til stades. Andre kjelder I arbeidet med å kartleggje nasjonale organisasjonar med barne- og ungdomsarbeid har LNU brukt eigne data (medlemsdatabase, data frå støtteordninga Frifond organisasjon og data frå ei intern medlemsundersøking i 2010) og data fra Fordelingsutvalet. 3 Sjå elles fotnoter og kjeldelista bakerst i rapporten. 3 Fordelingsutvalet er eit forvaltingsorgan under Barne-, likestillings- og inkluderings-departementet. Hovudoppgåva er å fordele nasjonal og internasjonal grunnstøtte til frivillige, landsomfemnande barne- og ungdomsorganisasjonar. 6 LNUs resultatrapport 2011

2. Nøkkeltal Barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg, 2000-2010 Kjelder: www.fordelingsutvalget.no, LNUs årsmledingar, LNUs Frifondrapportar Driftsstøtte Frifond organisasjon LNU-medlemmer Teljande medlemer i organisasjonar som får støtte frå BLD Kjelde: Barne-, og ungdoms- og familiedirektoratet Teljande medlemer i dei politiske ungdomspartia Kjelde: Barne-, og ungdoms- og familiedirektoratet LNUs resultatrapport 2011 7

Grunnstøtte til nasjonale barne- og ungdomsorganisasjonar frå BLD Kjelde: Barne-, og ungdoms- og familiedirektoratet Kroner per medlem Prisutvikling (Konsumprisindeksen) Løyvingar til Frifondordninga, 2000-2010 Kjelde: AGENDA Utredning & Utvikling - Evaluering av Frifond 2009 Tal i heile tusen kroner Statsbudsjettløyving Spelemidlar Total løyving Brukar organisasjonen meir eller mindre tid på søknadar og rapportering enn før? Kjelde: LNUs organisasjonsgjennomgang 2010 Meir Mindre Omtrent som før Veit ikkje 8 LNUs resultatrapport 2011

3. Status for barne- og ungdomsorganisasjonane 2011: Fem utviklingslinjer 3.1. Ein ny vår på 2000-talet LNU har for året 2010 identifisert 141 nasjonale barne- og ungdomsorganisasjonar eller frivillige organisasjonar med definert og omfemnande barne- og ungdomsarbeid. Talet er summen av unike organisasjonar som er medlem i LNU, som får grunnstøtte frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD), eller som får støtte til lokallaga sine frå LNU via støtteordninga Frifond organisasjon. 4 Barne- og ungdomsorganisasjonane står for unike, lokale fritidstilbod. Dei 141 organisasjonane har i alt kring 16 000 lokale lag over heile landet. 5 Her kjem unge frivillige saman i nærmiljøet, for å delta i aktivitetar dei trivst med. Med det skapar organisasjonane nye fellesskap, og inkluderer grupper som resten av storsamfunnet ikkje alltid lukkast med å integrere. Som demokratiske og eigenstyrte gjev organisasjonane også innsyn og trening i demokrati. Dei bidreg til å myndiggjere det enkelte barn og den enkelte ungdom til å ta ansvar for eige liv og for eiga deltaking i samfunnet. I 2008 utførte medlemer og aktive i norske kultur- og fritidsorganisasjonar sju frivillige årsverk for kvart løna årsverk. 6 Dei fleste barne- og ungdomsorganisasjonane høyrer til denne gruppa. Tala speglar at dei fleste av dei har små økonomiske og personellmessige ressursar, men engasjerer mange til gratis innsats. Dei skapar på den måten store verdiar for fellesskapet. Som det går fram av diagramma 1 og 2 (sjå kap. 2. Nøkkeltal) har det vore ein tydeleg vekst i talet på organisasjonar og medlemer i perioden 2002 2011. 7 Mellom organisasjonane som søkte om grunnstøtte frå BLD har talet på medlemer under 26 år 8 auka frå om lag 280 000 til nesten 400 000 i denne perioden. Førebelse tal for 2011 viser I 2010 var det minst 141 barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg Medlemstalet har vakse frå om lag 280 000 til nesten 400 000 dei siste ti åra Også dei samfunnspolitiske organisasjonane er i vekst at veksten held fram, trass innføringa av krav til minst 50 kroner i medlemskontingent frå og med grunnlagsåret 2009. Dei partipolitiske ungdomsorganisasjonane er ikkje med i grunnstøtteordninga til BLD, men får støtte frå Frifond og oppgjev medlemstal til LNU. For denne gruppa ser vi, i diagram 3, same trenden, men først dei siste tre åra. Samstundes opplever andre samfunnspolitiske organisasjonar også vekst. Natur og Ungdom fekk grunnstøtte for 600 fleire medlemer i 2009 enn i 2008, Press for 100 fleire, og også Changemaker, Juvente, 4 Talet er eit anslag utrekna av LNU i mars 2011. Når det gjeld grunnstøtta frå BLD og Frifond organisasjon er tala frå 2008 (med andre ord dei såkalla grunnlagstala som vart rapportere inn i 2010). Som LNU-medlemer er rekna dei organisasjonane som stod som medlem 31. desember 2010. Truleg finst det fleire nasjonale frivillige strukturar som ikkje er medlem i LNU og korkje har søkt om grunnstøtte eller Frifond, men som likevel kan definerast som barne- og ungdomsorganisasjonar eller organisasjonar med definert barne- og ungdomsarbeid. Tala må derfor sest som omtrentlege, men også som minstetal. 5 Om lag halvparten av dei 102 organisasjonane som deltok i Frifond-gjennomgangen har i tillegg fylkes- eller regionlag i eit varierande tal fylke eller regionar. 6 Kjelde: Satellittrekneskap for ideelle og frivillige organisasjonar 2006 2008, Statistisk sentralbyrå. Sjå www.ssb.no/orgsat 7 Merk at søknadsåret, som det blir referert til her, ikkje er identisk med grunnlagsåret. Ved søknad om grunnstøtte i 2011 oppgjev organisasjonane talet på medlemer og lokallag i 2009. Ved søknad om grunnstøtte i 2012 oppgjev organisasjonane tal frå 2010 osv. 8 Såkalla teljande medlem, medlem under 26 år som har betalt minst 50 kroner i kontingent i grunnlagsåret. Det totale talet på innrapporterte medlemer, dei under 26 år medrekna, har auka med 170 000 i same periode. Nye barne- og ungdomsmedlemer utgjer altså størstedelen av veksten i organisasjonane. 9 Alle historiske grunnlagstal til og med 2009 er tilgjengelege på fordelingsutvalet.no. LNUs resultatrapport 2011 9

Norsk Målungdom og Skeiv Ungdom rapporterte om aukande medlemstal. 9 Med andre ord bør ein nyansere biletet i nyare forsking 10 av at det unge engasjementet mot slutten av 2000-talet er i ferd med å endre ham frå organisasjons- til aksjonsorientert deltaking. Snarare er det ei parallell utvikling, der auke i den aksjonsorientert deltakinga skjer samstundes med eller har ført til ny vekst i organisasjonane. I 2009 presenterte statsvitaren Dag Wollebæk og sosiologen Karl Henrik Sivesind studien Fra folkebevegelse til filantropi. Dei konkluderte med at deltakelseskulturen [ ] er svekket. Ønsket om å slippe å delta i aktivitet som blir oppfattet som umoderne, kjedelig og lite målrettet, synes å tilta i styrke. 11 Veksten til barne- og ungdomsorganisasjonane kan tyde på at dei har tilpassa seg endringane i samfunnet rundt organisasjonane betre enn vaksenorganisasjonane. 12 Med andre ord er det ikkje aktivitet oppfatta som umoderne, kjedelig og lite målrettet dei tilbyd, og medlemskapet i dei ser ut til å framstå som attraktivt og viktig for fleire enn tidleg på 2000-talet. 3.2 Frifond: Grunnmuren for barne- og ungdomsaktivitet i heile landet I 2010 fekk 10 893 lag over heile landet til saman 117 millionar kroner frå Frifond 13 via LNU. 14 Lokallag i barne- og ungdomsorganisasjonar, frittståande ungdomsgrupper, velforeiningar, ungdomsklubbar, barnegrupper og venegjengar har fått støtte til å drive ungdomsstyrt aktivitet der dei bur. Tala ovanfor, organisasjonsgjennomgangen og spørjeundersøkinga LNU gjennomførte i 2010 viser at Frifond er sjølve grunnmuren i den lokale, barne- og ungdomsaktiviteten i Noreg. Halvparten av dei nasjonale organisasjonane meiner at Frifond-midla utgjer hovudfinansieringskjelda for aktiviteten i lokallaga. Berre 13 prosent av sentralledda meiner at Frifond står for under halvparten 10 893 lokale lag og grupper fekk Frifondstøtte frå LNU i 2010 Frifond-midla er den største og ofte einaste inntektskjelda for mange lokallag, og muleggjer billige eller gratis tilbod i lokalmiljøet av inntekta til lokallaga. Mellom dei lokalt organiserte er nesten ni av ti heilt eller delvis einige i at aktiviteten eller prosjektet ikkje kunne blitt gjennomført utan støtta frå Frifond. Mange fortel at Frifond er ei relativt sikker årleg støtte, som lokallaga kan planleggje aktiviteten ut frå. Såleis bidreg Frifond til ein meir føreseieleg økonomi som gjer det lettare å planleggje aktivitet for eitt arbeidsår av gangen. Dei nasjonale organisasjonane fordelar sjølve Frifond-middel til lokallaga sine, og det er lokallaga sjølve som bestemmer kva dei skal bruke pengane på. Berre 18 prosent av sentralledda som deltok i Organisasjonsgjennomgangen sa at lokallaga deira opplevde Frifond som ei byråkratisk ordning. 9 Alle historiske grunnlagstal til og med 2009 er tilgjengelege på fordelingsutvalet.no. 10 Til dømes i Gulbrandsen, Trygve og Guro Ødegård: Frivillige organisasjoner i en ny tid, Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor, Oslo/Bergen 2011. 11 Wollebæk, Dag og Karl Henrik Sivesind: Fra folkebevegelse til filantropi? Frivillig innsats i Norge 1997-2009, Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor, Oslo 2010: 91. 12 Organisasjonar som appellerer til medlemmenes private behov, med tilbud om spennende aktiviteter og sosiale sammenkomster opplever ifølgje sosiologen Guro Ødegård ikkje dei same problema som ho har registrert hos andre organisasjonar. Ho peikar også på at [s]ærlig ungdoms- og aktivistorganisasjoner bruker Facebook og Twitter som verktøy for å nå ut med informasjon til medlemmer, presse og politikere. Kjelde: Hansen, Trude Løw: Shopper i frivillighet, artikkel på nettstaden forskning.no (7. mars 2011). 13 Frifond er ei støtteordning forvalta av LNU, Norsk Musikkråd og Norsk Teaterråd i fellesskap. Midla går til lokale lag i og utanfor dei nasjonale barne- og ungdomsorganisasjonane. I tillegg forvaltar LNU, NMR og Teaterrådet kvar for seg høvesvis Frifond barn og unge, Frifond musikk og Frifond teater. Dette er støtteordningar retta mot lokalt organiserte barne- og ungdomsgrupper. Meir informasjon på frifond.no. 14 I tillegg kjem 2 016 lokalt organiserte lag, som har fått innvilga om lag 17,5 millionar kroner i støtte frå Frifond via Norsk Musikkråd og Norsk Teaterråd, og i overkant av 3 000 lokallag i nasjonale musikkorganisasjonar, som har fått om lag 32 millionar via Norsk Musikkråd. 10 LNUs resultatrapport 2011

Organisasjonsgjennomgangen avdekte også eit anna interessant aspekt: Mange av sentralledda opplever at Frifond-midla er avgjerande for lokallag i utkantstrok, medan lokallaga i dei større byane ofte har supplerande inntektskjelder, til dømes kommunale støtteordningar. Frifond gjev med andre ord eit vesentleg bidrag for å sikre lik tilgang på fritidstilbod og gode rammevilkår for frivillig barne- og ungdomsaktivitet over heile landet. Eit stort fleirtal fortel at Frifond gjer det mogleg med billigare aktivitetar eller gratistilbod, noko som reduserer terskelen for deltaking for barn og unge frå låginntektsfamiliar. Fleire organisasjonar brukar Frifond-middel i målretta arbeid for å rekruttere fleire medlemer med minoritetsbakgrunn. Til dømes arrangerer PRESS Redd Barna Ungdom aktivitetar for barn som bur på asylmottak. Spørjeundersøkinga Norstat gjennomførte for LNU i 2010 viste at nesten to av tre barn og unge ikkje kjenner til Frifond. På Vestlandet og i Midt- Noreg har berre halvparten så mange som i Oslo høyrt om ordninga. Ein av to som kjente til ordninga hadde høyrt om henne første gongen via familie eller venner. Dette viser at det framleis er eit stort potensiale for å styrkje informasjonen om Frifond-ordningane som er retta mot lokalt organiserte grupper, slik at dei kan nå ut til endå fleire. LNU har sidan 2007 arbeidd for å få styrkja informasjonsressursar for å gjere Frifond til ei ordning som barn og unge over heile landet kjenner til og nyttar. 3.3 Noregs minst byråkratiske støtteordningar LNU forvaltar i tillegg til Frifond seks tema-retta prosjektstøtteordningar, på vegner av tre ulike departement. Fire av dei seks er internasjonalt retta ordningar, som stimulerer til samarbeid mellom norske og utanlandske barne- og ungdomsorganisasjonar. Om lag 70 organisasjonar fekk prosjektstøtte i 2010. Ordningane er også opne for barne- og ungdomsorganisasjonar utanfor LNU, og i 2010 var omtrent ein av ti som fekk støtte ikkje-medlemsorganisasjonar. Både i arbeidet med Frifond og prosjektstøtteordningane legg LNU vekt på å vere ein ubyråkratisk forvaltar, med breidt tilbod om rettleiing og eit kontinuerleg forenklingsarbeid. LNUs interne medlemsundersøking i 2010 viste at om lag 70 prosent av medlemsorganisasjonane opplevde LNU som ein brukarvenleg forvaltar. Over 80 prosent opplevde LNU som imøtekomande, og meir enn 90 prosent meinte dei hadde fått tilstrekkeleg rettleiing frå LNU i samband med sine søknader. 15 Då Utanriksdepartementet i 2008 evaluerte forvaltinga av prosjektstøtteordninga Demokratimidla, heitte det at LNU tilbyr kursing i søknadsskriving og veiledning underveis i søknadsprosessen og i prosjektgjennomføringen. Responsen fra de norske organisasjonene i dette henseende er så godt som entydig: LNU gjør en meget god jobb, og er alltid tilgjengelig for å gi veiledning. Utviklinga i talet på mottakarar frå støtteordningane til LNU fortel at målretta og aktivt arbeid for å få fleire søkjarar har bore frukt. LNU har særleg jobba målretta for å auke talet på minoritetsgrupper og organisasjonar som får støtte frå Frifond. Prosjektet Frifond for alle, som LNU gjennomførte i perioden 2008 2009, førte til ei dobling av talet på søknader til Frifond barn og unge frå denne gruppa. Prosjektet innebar stor grad av utoverretta verksemd, der ein rådgjevar frå LNU besøkte skular, fritidsklubbar og foreiningar, og informerte om ordninga. Også i Frifond organisasjon har fleire minoritetsgrupper kome til dei siste åra. Annai Poopathi Tamilsk Kultursenter, LAWAN - Det kur- 15 Medlemsundersøkinga vart gjennomførd første gongen i 2009, mellom styreleiarar og administrative leiarar i medlemsorganisasjonane til LNU, i tillegg til at alle dei då 88 medlemsorganisasjonane fekk ein open invitasjon til å svare. Undersøkinga var e-postbasert, og datainnsamlinga gjekk føre seg mellom 1. desember 2009 og 15. januar 2010. Det kom inn 113 fullverdige svar, noko som utgjorde ein svarprosent på godt over 50. Medlemsundersøkinga 2010 vart gjennomførd kun mellom styreleiarar og administrative leiarar. Datainnsamlinga gjekk føre seg mellom 27. oktober og 30. november. Det vart sendt ut 152 invitasjonar, og det kom inn 109 fullverdige svar. Svarprosenten var såleis 71,7. LNUs resultatrapport 2011 11

LNU blir opplevd som ein brukarvenleg forvaltar som gir god rettleiing Vesentlege delar av LNUs støtteordningar går til mottakarar utanfor LNU LNU har lukkast med satsinga på å få fleire minoritetsorganisasjonar til å søkje på støtteordningane diske ungdomsforbundet i Norge, Norges tyrkiske ungdomsforening, Norske Samers Riksforbund, Vietnamesisk barne- og ungdomsforening og Demokratisk ungdomsunion i Øst-Kurdistan Yekëtï Lawan er alle døme på minoritetsorganisasjonar som no får støtte og rettleiing frå LNU gjennom Frifond organisasjon. Prosjektstøtteordninga Mangfald og inkludering, som LNU forvaltar på vegner av BLD, er eit anna døme på breidda. Ordninga skal mellom anna utvikle og formidle nye metodar og aktivitetar for inkludering, og er svært populær. I 2010 kom det inn søknader for over åtte millionar kroner, åtte gonger så mykje som var til utdeling. Det høge søknadstalet viser, til liks med døma frå Frifondforvaltinga, at barne- og ungdomsfrivilligheita gjer ein tydeleg innsats på inkluderingsfeltet. Pågangen på Mangfald og inkludering indikerer jamvel eit monaleg større potensiale, dersom løyvingane aukar. Heile 49 prosent av midla i Mangfald og inkludering gjekk i 2010 til mottakarar som ikkje er medlemer i LNU. Frå Frifond organisasjon, den klårt største LNU-støtteordninga, gjekk 29 prosent til lokallag i organisasjonar utanfor LNU. Sosiologen Håkon Lorentzen spør i rapporten Statlige tilskudd til frivillige organisasjoner (2010) om tilskuddsmottakere bør ha myndighet til å avgjøre hvem som skal falle inn under tilskuddsordningen. Da kan det være fristende å begrense tilgangen på nye mottakere for å sikre midler til seg selv. Eller utforme vilkårene for støtte slik at tilgangen begrenses. 16 Tala ovanfor dokumenterer at dette er ei grunnlaus uro i barne- og ungdomssektoren. Organisasjonane sjølve jobbar gjennom LNU aktivt for å rekruttere nye mottakarar til støtteordningane, og på den måten auke både legitimiteten til og effekten av ordningane. 3.4 Stangar i offentleg byråkrativegg men ny von om avbyråkratisering? Heile 56 prosent av dei nasjonale organisasjonane som deltok i Organisasjonsgjennomgangen meldte at dei brukte meir tid på søknadsskriving og rapportering enn tidlegare. Fire av ti opplevde dei ulike støtteforvaltarane som like lite eller mindre samordna i høve til før. Dette støttar konklusjonane i LNU-rapporten Sårbar frivillighet (2010) 17 om ei utvikling i retning meir byråkrati og mindre samordning det siste tiåret, trass politiske løfte i to Soria Moria-erklæringar og ei stortingsmelding 18 om avbyråkratisering og forenkling. 19 Sårbar frivilligheit fekk brei dekning i media og vart teken opp i spørjetimen i Stortinget. Då Stortinget i desember 2010 handsama statsbudsjettet for 2011, vedtok eit fleirtal i Familie- og kulturkomiteen ein merknad der dei bad regjeringa om å rapportere om arbeidet med forenkling i neste statsbudsjettproposisjon. Kort tid etter vart LNU invitert av Kulturdepartementet til å delta i eit prosjekt for å identifisere aktuelle forenklingstiltak i samhandlinga mellom staten og barne- og ungdomsorganisasjonane. LNU og Kulturdepartementet har i fellesskap definert åtte konkrete forenklingstiltak knytt til støtteforvalting, og departementet er no i ferd med å kartleggje eksisterande støtteordningar retta mot barne- og ungdomsorganisasjonane. 20 LNU vil halde trykket oppe slik for at forenklingstiltaka verkeleg blir implementerte etter kartlegginga, og for at arbeidet 16 Lorentzen: 72. 17 Carlén, Inge og Erlend Sand Bruer: Sårbar frivillighet en rapport om endringer i rammevilkår 18 St.m. 39 (2006-2007) Frivillighet for alle. 19 Carlén og Bruer: 15, 18. 20 Les om prosjektet på www.lnu.no/pages/nyhet.aspx?nr=15199 12 LNUs resultatrapport 2011

med forenkling og avbyråkratisering held fram også etter at prosjektperioden er over hausten 2011. Meir enn halvparten av organisasjonane brukar meir tid på søknadsskriving og rapportering enn før Mange organisasjonar slit med dårleg tilgang på gratis offentlege lokale og med at tillitsvalde under 18 år ikkje får disponere bankkonto LNU samarbeider no med Kulturdepartmentet om eit prosjekt for forenkling og avbyråkratisering Som interesseorganisasjon for medlemsorganisasjonane får LNU mange tilbakemeldingar om små og store byråkratiske utfordringar i kvardagen til organisasjonane, også om andre tilhøve enn støtteordningar. Det siste året har mange av desse vendingane handla om uklåre retningslinjer for gratis tilgang på offentlege lokale, og om problem for tillitsvalde under 18 år knytt til å disponere bankkonto eller bli registrerte som styremedlemer i offentlege register. Organisasjonsgjennomgangen viste at eit titals organisasjonar såg tilgang på lokale som den største utfordringa for lokallaga sine. Desse spørsmåla rører ved den frie organisasjonsretten til barn og ungdom, men er i liten grad på den politiske dagsorden. 3.5 Fleire må dele på den same kaka Den nasjonale grunnstøtta frå BLD er den mest sentrale finansieringskjelda for dei nasjonale barne- og ungdomsorganisasjonane. 21 Kombinasjonen av fleire søkjarorganisasjonar og vekst i medlemstala, som vart skildra i avsnitt 3.1, fører til at ordninga skal finansiere drift for heile 120 000 fleire medlemer enn i 2002. I 2009 vart det etablert ein lågare inngangsterskel for organisasjonar med avgrensa rekrutteringsgrunnlag, som minoritets- og diagnoseorganisasjonar. Året etter vart det løyva støtte til 81 organisasjonar. I 2011 har det kome inn 96 søknader. 22 Med fleire organisasjonar i ordninga går ein relativt større del av ramma til basistilskotet, som går flatt til alle organisasjonar. 23 Resten av potten blir fordelt på mottakarane ut frå talet på innrapporterte medlemer, lokallag og kurs. Når meir går til basistilskot er det mindre å fordele ut frå storleik og aktivitet. Særleg dei største organisasjonane får då stadig mindre å bruke per medlem, lokallag og kurs. Løyvinga til grunnstøtta over statsbudsjettet 24 har blitt styrkt visse år på 2000-talet, men ikkje kvart år. Løyvingane har heller ikkje stått i stil til auka i talet på organisasjonar eller veksten i medlemer (sjå diagram 4). I 2007 og 2008 fekk ordninga eit økonomisk løft, men i periodane før og etter har det berre vore ei svak auke i ramma. I stor grad har auka gått med til større utbetalingar i basistilskot eller etableringsstøtte, medan midla som har blitt fordelte på grunnlag av medlemer og aktivitet i praksis har stått stille. Tal for 2011 ligg enno ikkje føre, men frå 2009 til 2010 vart støtta pr. poeng redusert frå 26,42 kroner til 23,33 kroner. 25 Det utgjer ein nedgang på 12 prosent. Ei rein indeksregulering av støtteordningar er ikkje nok til å oppretthalde støttenivået i periodar der mottakargruppa er i vekst. I verste fall blir resultatet av at mange organisasjonar er i vekst, at det blir mindre på kvar organisasjon og at dei ikkje klarer å oppretthalde eller utvikle det tilbodet som har vore med på å danne grunnlag for veksten. 21 For barne- og ungdomsorganisasjonane som gruppe var i praksis grunnstøtta frå BLD dei einaste frie midla til disposisjon for det nasjonale leddet. Berre 1/3 av dei statlege tilskota til sivile aktørar var utforma som rein grunnstøtte i budsjettåret 2009. (Kjelde: Lorentzen, Håkon: Statlige tilskudd til frivillige organisasjoner, Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor, Oslo 2010) 22 Kjelde: fordelingsutvalet.no. Mellom nye søkjarar i 2011 er Vietnamesisk barne- og ungdomsforening, Det Islamske Nettverk og Norsk Forening for Ehlers Danlos syndrom. 23 Dette er (2011) på 225 000 kroner. 24 Kapittel 857, post 70 i statsbudsjettet, over budsjettet til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. 25 Fordi regelverket vart endra i 2009 gjev det berre meining å jamføre utvikling frå 2009 til 2010. LNUs resultatrapport 2011 13

Regjeringa lova i Soria Moria II-erklæringa (2009) å vri støtten [til frivillig sektor] over fra prosjektstøtte til frie midler. 26 Momskompensasjonsordninga 27 og grasrotordninga til Norsk Tipping 28 har blitt trekte fram av kulturminister Anniken Huitfeldt (A) som nye satsingar på frie middel til frivillig sektor. 29 Dei fleste barne- og ungdomsorganisasjonane har ei relativt lita omsetning, og det er derfor ein liten del av momskompensasjonen som går til desse. I 2010 mottok medlemsorganisasjonane i LNU berre 6,3 prosent av utbetalingane i momskompensasjonsordninga, noko som utgjorde i overkant av 24 millionar kroner. Dei tre største organisasjonane i ordninga fekk åleine nesten halvparten av midla i ordninga i 2009. Dersom ein ser på organisasjonane som er inne i grunnstøtteordninga til BLD, fekk dei noko over 15 prosent av momskompensasjonsmidla, men mange av desse organisasjonane driv i hovudsak aktivitet for vaksne, til dømes Raudekrossen. 30 Grunnstøtta frå BLD pr. medlem, lokallag og kurs har gått ned med 12 % frå 2009 til 2010 Frifond blir reelt kutta frå 2010 til 2011, dersom prognosa for tippeoverskotet slår til Momskompensasjonsordninga og grasrotmidla frå Norsk Tipping kjem i svært liten grad barne- og ungdomsorganisasjonane til gode og med stilleståande overføring frå Norsk Tipping medfører dette ein samla reell nedgang i løyvinga til Frifond i 2011. Trass løfta i Soria Moria II kan ein altså konstatere at det ikkje har skjedd ei vriding over mot ein relativt større del frie middel til barne- og ungdomsorganisasjonane på 2000-talet. Organisasjonsgjennomgangen viste at berre 15 prosent av sentralledda sa at mange lokallag fekk grasrotmiddel frå Norsk Tipping. 31 I 2009 gjekk berre 6,8 av dei nærare 211 millionane i ordninga til lokallag i barne- og ungdomsorganisasjonar. Tal frå september året etter peikte i same retning for 2010. 32 Sterk konkurranse frå meir profesjonelle og ressurssterke grupper, manglande kjennskap til Frivilligheitsregisteret og prinsipiell motstand mot å fremje pengespel er trekte fram som moglege årsaker. 33 Regjeringa viser ofte til veksten i løyvingane til Frifond som ei satsing på friske, frie middel til barne- og ungdomsorganisasjonane. I perioden 2005 2010 har talet på nasjonale organisasjonar som får støtte til lokallaga sine via LNU auka frå 88 til 106, og dette talet er venta å auke i 2011. Tilskotet frå Norsk Tipping har stått relativt stilt sidan 2005. 34 Løyvinga over statsbudsjettet har hatt ei gledeleg auke frå 15 millionar i budsjettåret 2006 til 45,7 millionar i budsjettåret 2011. Frå 2010 til 2011 vart ho likevel berre indeksregulert, 26 Politisk plattform for flertallsregjeringen, utgått av Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet 2009-2013: 62. 27 Momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar vart innført i 2010. I 2010 var det sett av om lag 400 millionar kroner, noko som likevel viste seg å svare til mindre enn ein tredjedel av dei totale momsutgiftene til søkjarane som fekk innvilga støtte. Regjeringa har lova ei opptrapping til 1,2 milliardar kroner innan 2014. 28 Grasrotdelen vart innført 1. mars 2009. Ordninga inneber at spelarar hos Norsk Tipping kan velje at 5 prosent av innsatsen deira skal gå til eit visst lokalt lag som er registrert i Frivilligheitsregisteret. 29 Mellom anna i ein debatt i Stortinget om eit representantforslag om å bedre rammevilkårene for frivillig sektor 3. mai 2010, og i ein debatt sst. om ein interpellasjon om hvilke kulturpolitiske løft statsråden ser for seg fram mot 2014 3. februar 2011. Referat frå debattane er tilgjengelege på stortinget.no. 30 Kjelde: lottstift.no 31 8 prosent svara at nokre eller veldig få lag fekk grasrotstøtte. 32 Carlén og Bruer: 22. 33 Carlén og Bruer: 22. 34 I 2005 var tilskotet på 120 millionar, i 2011 er det forventa å bli på 125 millionar kroner, det same som i 2010. Samstundes er det stor uvisse knytt til overskotet frå Norsk Tipping i åra framover, ikkje minst fordi ein dei siste åra har subsidiert overskotet gjennom å ta ut kapital frå fonda til spelselskapet. Desse fonda vil vere tomme i 2012. 34 I 2005 var tilskotet på 120 millionar, i 2011 er det forventa å bli på 125 millionar kroner, det same som i 2010. Samstundes er det stor uvisse knytt til overskotet frå Norsk Tipping i åra framover, ikkje minst fordi ein dei siste åra har subsidiert overskotet gjennom å ta ut kapital frå fonda til spelselskapet. Desse fonda vil vere tomme i 2012. 14 LNUs resultatrapport 2011

Fellesskap er eit like viktig resultat som kronene og øra organisasjonane skaper. Foto: Hyperion I organisasjonane får barn og unge halde på med aktivitetar dei liker i trygge rammer. Foto: M A-Ungdom

4. Tilrådingar frå LNU Barne- og ungdomsfrivilligheita i Noreg er i vekst. Nye organisasjonar har kome til, og medlemstala har auka i mange av dei etablerte rørslene. Dei samfunnspolitiske barne- og ungdomsorganisasjonane har teke i bruk nye verkemiddel og tilpassa seg endringar i samfunnet i medlemskommunikasjon og medlemstilbod. Samstundes har målretta arbeid frå styresmaktene og frå LNU ført til at fleire minoritets- og diagnoseorganisasjonar har kome inn i dei store støtteordningane, og såleis fått betre rammevilkår. LNU meiner at veksten i barne- og ungdomsorganisasjonane må speglast av ein vekst i frie middel. Berre slik kan organisasjonane oppretthalde og vidareutvikle tilbodet til medlemene, ha fleire gratisaktivitetar og halde fram arbeidet for å inkludere minoritetar. LNU meiner at denne veksten må kome gjennom auke i løyvingane til grunnstøtta frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD). Fleire organisasjonar fører til at ein større del av potten går med til det flate basistilskotet, slik at alle får mindre per medlem, lag og kurs. Det vil på sikt gje eit dårlegare tilbod og gjere det vanskelegare å prioritere inkluderingstiltak. Kaka må bli større når det er fleire som skal dele, elles blir det mindre på kvar enkelt. LNU er uroa over det som ser ut til å bli eit reelt kutt i Frifond frå 2010 til 2011, etter at styresmaktene i dei føregåande åra har vist stor vilje til å satse på denne grunnmuren for lokal barne- og ungdomsaktivitet. Det er også behov for større informasjonsressursar dersom endå fleire barn og unge utanfor sentrale strok og i minoritetsmiljøa skal få kjennskap til mulegheitene Frifond gjev. LNU set stor pris på at Regjeringa har sett i gang eit samarbeid med barne- og ungdomsfrivilligheita for å identifisere forenklings- og avbyråkratiseringstiltak. 16 LNUs resultatrapport 2011

LNU krev at 1. Løyvingane til den nasjonale grunnstøtta frå BLD blir auka til 100 millionar kroner i statsbudsjettet for 2012 2. Løyvingane seinare år ikkje berre blir indeksregulerte, men tilpassa veksten i talet på organisasjonar og medlemer 3. Frifond blir skjerma for mulege reduksjonar i overskotet frå Norsk Tipping i åra framover, samstundes som det blir sett av ressursar til betre informasjon om ordninga i alle delar av landet og i ulike minoritetsmiljø 4. Løyvinga til støtteordninga Mangfald og inkludering blir dobla, slik at fleire barne- og ungdomsorganisasjonar får mulegheit til å drive meir og betre inkluderingsarbeid på alle plan i organisasjonane 5. Regjeringa følgjer opp det positive forenklingsprosjektet med konkrete forenklingstiltak i samarbeid med LNU Frifond gjev støtte til aktivitet for barn og unge i heile landet, og er Noregs minst byråkratiske støtteordning. Foto: LNU LNUs resultatrapport 2011 17

Statistikk Nasjonale barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg Kjeldar: LNUs årsmeldinger 2000-2010, www.fordelingsutvalget.no, LNUS Frifondrapport til Kulturdepartementet 2010 År Frifond organisasjon Driftsstøtta LNU-medlemmer 2000 90 62 68 2001 92 60 70 2002 90 57 71 2003 90 69 70 2004 95 64 70 2005 97 67 71 2006 101 72 71 2007 100 73 73 2008 100 71 76 2009 105 77 88 2010 106 81 91 Medlemsutvikling i organisasjonar som får støtte frå BLD Kjelde: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet Teljande medlemmer Totalt medlemstal 18 LNUs resultatrapport 2011

Teljande medlemer i dei politiske ungdomspartia Kjelde: LNU Styrerepresentantar under 26 år Kjelde: LNUs organisasjonsgjennomgang 2010 Ut frå svara til 99 av organisasjonane i Frifond organisasjon, er det gjennomsnittlege sentralstyret på 8,4 personar av desse er 4,6 under 26 år. Kvinner i sentralstyra Kjelde: LNUs organisasjonsgjennomgang 2010 Ut frå svara til 99 av organisasjonane i Frifond organisasjon er det gjennomsnittlege sentralstyret på 8,4 personar av desse er 4,4 kvinner. LNUs resultatrapport 2011 19

Har organisasjonen representasjon av etniske minoritetar i sentralstyret? Kjelde: LNUs organisasjonsgjennomgang 2010 Ut frå svara til 99 av organisasjonane i Frifond organisasjon er det gjennomsnittlege sentralstyret på 8,4 personar av desse har 0,41 personar minoritetsbakgrunn. Dei reine minoritetsorganisasjonane er då unnateke. Ja Nei Ikkje svara på Har organisasjonen regional- eller fylkesledd? Kjelde: LNUs organisasjonsgjennomgang 2010 Ja Nei Kva er dei største utfordringane for lokallaga? Kjelde: LNUs organisasjonsgjennomgang 2010 Kontinuitet og rekreuttering av tillitsvalde Rekruttering eller aktivisering av medlemer Tilgang til lokale eller anna tilrettelegging Økonomi Byråkrati Anna 20 LNUs resultatrapport 2011

Kor stor del utgjer Frifond-midla av økonomien til lokallaga? Kjelde: LNUs organisasjonsgjennomgang 2010 Alt eller nesten alt Mesteparten Mindre enn halvparten Varierer for mykje til å svare på Veit ikkje/ikkje svara på Korleis oppfattar lokallaga Frifond-ordninga? Kjelde: LNUs organisasjonsgjennomgang 2010 Byråkratisk Midt imellom Tilgjengelig Veit ikkje Kjenner du til at lokallag i organisasjonen mottek middel frå grasrotandelen? Kjelde: LNUs organisasjonsgjennomgang 2010 Ja, mange Ja, nokon Ja, veldig få Nei LNUs resultatrapport 2011 21

Kva for aldersgruppe er det som i hovudsak leier og driv lokallaga? Kjelde: LNUs organisasjonsgjennomgang 2010 0-18 år 18-26 år 26 i år Veit ikkje/ikkje svara på Mottekne søknader, lokalt organiserte grupper Kjeldar: LNUs rapport for Frifondforvalninga 2010, Frifonds søknadsdatabase År Frifond barn og unge Frifond musikk Frifond teater 2000 251 276 50 2001 718 779 208 2002 1432 1668 285 2003 2180 2151 511 2004 4354 2751 711 2005 6165 3809 659 2006 2906 2896 573 2007 2107 2212 580 2008 1917 2318 656 2009 2340 2562 676 2010 1843 2883 742 Frå 2009 til 2010 gjekk Det frivillige skyttarvesen (280 søknader i 2009) og ACTA Barn og unge i Normisjon (2009: 96) over frå Frifond barn og unge til Frifond organisasjon, i tillegg til at prosjektet Frifond film og TV (2009: 163) vart avslutta. Korrigert for desse er det ein mindre oppgang i talet på søknader til Frifond barn og unge frå 2009 til 2010. Frifond barn og unge er ei enkel støtteordning å bruke Kjelde: Spørjeundersøking til brukarar av Frifond barn og unge, LNU 2010 Heilt uenig Litt ueinig Verken eller Litt einig Heilt einig Inga meining 22 LNUs resultatrapport 2011

Utan støtte frå Frifond barn og unge kunne vi ikkje gjennomført prosjektet Kjelde: Spørjeundersøking til brukarar av Frifond barn og unge, LNU 2010 Heilt uenig Litt ueinig Verken eller Litt einig Heilt einig Inga meining Søknader til Frifond barn og unge (juni - desember 2010), etter aktivitetstype Kjelde: LNUs rapport for Frifondforvalninga 2010 Film/TV Hobby/kunst Annet Sosiale samkomer Idrett Større allm. kult. arr. Data/Lan Uteaktiviteter/friluft Samfunn/politikk Paintball Fritidsklubber Media Minoritetsgrupper Leikeplasser o.l. LNUs resultatrapport 2011 23

Har du høyrt om støtteordninga Frifond? Kjelde: Spørjegransking tinga av LNU og gjennomførd av Norstat 2010 Svar Totalt Menn Kvinner 12-14 år 15-26 år Ja 21% 23% 18% 7% 24% Nei 66% 65% 68% 80% 63% Veit ikkje/usikker 13% 12% 14% 14% 13% TOTAL 100% 100% 100% 101% 100% Kva for organisert fritidsaktivitet deltek du i? Kjelde: Spørjegranskning tinga av LNU og gjennomførd av Norstat 2010 Idrettslag Barne- og ungdomsorganisasjon/forening Fritidsklubb/ungdomshus Forsamling knyttet til religion/livssyn Treningssenter (dans, hest, styrketrening) Eigenorganisert (døme: løkkefotball, spelar i band) Anna Ingen 24 LNUs resultatrapport 2011

Kor nøgd er du med fritidstilbodet i din kommune? Kjelde: Spørjegranskning tinga av LNU og gjennomførd av Norstat 2010 Svar TOTAL Mann Kvinne 12-14 år 15-26 år 1 Lite nøgd 13% 16% 11% 12% 14% 2 Middels nøgd 47% 49% 45% 46% 47% 3 Særs nøgd 23% 21% 25% 31% 21% Veit ikkje 16% 14% 19% 11% 18% Lite nøgd Middels nøgd Særs nøgd Veit ikkje LNUs prosjektstøtteordningar, eksl. Frifond barn og unge Organisasjonane søkte totalt om: Kor mykje hadde LNU til utdeling? Kor mykje vart faktisk delt ut til organisasjonane? Tildelt, nasjonale ordninger Tildelt, internasjonale ordninger I tillegg til desse prosjektstøtteordningane, som i hovudsak rettar seg mot dei nasjonale barne- og ungdomsorganisasjonane, har LNU i 2010 delt ut 108,7 millionar kroner til lokalt arbeid i dei nasjonale organisasjonane (Frifond organisasjon), og omlag 10,9 (pr. 24.11) millionar kroner til lokalt organisert grupper og lag utan nasjonalledd (Frifond barn og unge). LNUs resultatrapport 2011 25

LNU Mangfald og inkludering Organisasjonane søkte totalt om: Kor mykje hadde LNU til utdeling? Kor mykje vart faktisk delt ut til organisasjonane? LNU Kulturmidla Organisasjonane søkte totalt om: Kor mykje hadde LNU til utdeling? Kor mykje vart faktisk delt ut til organisasjonane? LNU Utveksling Organisasjonane søkte totalt om: Kor mykje hadde LNU til utdeling? Kor mykje vart faktisk delt ut til organisasjonane? 26 LNUs resultatrapport 2011

LNU Informasjonsstøtta Nord/Sør Organisasjonane søkte totalt om: Kor mykje hadde LNU til utdeling? Kor mykje vart faktisk delt ut til organisasjonane? LNU Ungdomsløyvinga Nord/Sør Organisasjonane søkte totalt om: Kor mykje hadde LNU til utdeling? Kor mykje vart faktisk delt ut til organisasjonane? LNU Demokratimidla Organisasjonane søkte totalt om: Kor mykje hadde LNU til utdeling? Kor mykje vart faktisk delt ut til organisasjonane? LNUs resultatrapport 2011 27

LNUs støtteordningar 2010, største mottakarar Norges KFUK-KFUM Akademikernes Internasjonale Hjelpefond Norges Unge Venstre Spire - Utviklingfondets Ungdom Natur og Ungdom Arbeidernes Ungdomsfylking Unge Høyres Landsforbund Forening for unge bosniere i Norge - Stecak Ung Kirkesang Frelsesarmeens Barn og Ungdom Internasjonale prosjektmidlar Nasjonale prosjektmidlar Fordeling av LNUs prosjektstøtteordningar, etter medlemsgruppe Student og elev Samfunnspolitiske Kultur og fritid Barn og friluft Livssynsbasertex Ikkje medlem LNU opererer med fem ulike medlemskapsgrupper. Her er støttemottakarane grupperte etter desse, i tillegg til i ei eiga gruppe for organisasjonar som ikkje er medlem av LNU. 28 LNUs resultatrapport 2011

Fordeling etter organisasjonstype, Frifond organisasjon Kjelde: LNUs forvaltningsstatistikk 2010 Student og elev Samfunnspolitiske Kultur og fritid Barn og friluft Livssynsbasertex Ikkje medlem I kva grad er brukarvenleg skildrandre for LNU som forvaltar? Kjelde: LNUs medlemsundersøking 2010 Særs skildrande Skildrande Verken eller Lite skildrande Ikkje skildrande Inga meining LNUs resultatrapport 2011 29

Hadde behov for rettleiing i samband med støtteordningane Kjelde: LNUs medlemsundersøking 2010 2009 2010 Ja 60% 63% Nei 22% 27% Veit ikkje 18% 11% Fekk tilstrekkeleg rettleiing Kjelde: LNUs medlemsundersøking 2010 2009 2010 Særs stor grad 58% 45% Nokon grad 29% 46% Verken eller 6% 3% Liten grad 2% 2% Særs liten grad 0% 0% Inga meining 3% 5% Har ikkje svara 2% 0% I kor stor grad har støtta hjelpt til med å utvikle organisasjonen Kjelde: LNUs medlemsundersøking 2010 2009 2010 Særs stor grad 48% 53% Nokon grad 42% 35% Verken eller 7% 7% Liten grad 1% 1% Særs liten grad 0% 0% Inga meining 3% 5% Har ikkje svara 0% 0% 30 LNUs resultatrapport 2011

På kva måte har prosjektet hjelpt til med å utvikle organisasjonen Kjelde: LNUs medlemsundersøking 2010 2009 2010 Nye arbeidsmetoder 27% 34% Nytt materiell 35% 36% Kompetanse hos frivillige 51% 44% Nye aktivitetar 50% 70% Ny/auka kunnskap 52% 51% Flinkare til interessepolitikk 12% 8% Anna 3% 4% Kvifor er evt. støtteordningar ikkje nytta Kjelde: LNUs medlemsundersøking 2010 2009 2010 Ikkje relevant for oss 46% 70% For vanskelig søkeprosess 16% 12% Lite kapasitet i organisasjonen 47% 47% Liten kjennskap/visste ikkje om 20% 23% Inga meining 8% 5% Anna 10% 3% LNUs resultatrapport 2011 31

Mange av LNU sine medlemsorganisasjonar engasjerar seg også internasjonalt. Foto: LNU LNU sine medlemsorganisasjonar skaper mykje og variert aktivitet for barn og unge. Foto: Frøydis Barstad

Vedlegg Barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg ungdomsråd Yekêtî Lawan Fritidsinteresser transplanterte Norge ungdomsorganisasjon) LNUs resultatrapport 2011 33

Interesseorganisasjon Ungdomsforening reningen nd kap arne- og ungdomsforening derstanding Mot, ferdigheiter og frisk luft - KRIK er ein av organisasjonane som gjer ungdom mange ting på ein gong. 34 LNUs resultatrapport Foto: 2011 KRIK

Litteratur og kjelder lighet en rapport om endringer i rammevilkår for barne- og ungdomsorganisasjonene og konsekvenser for lokale lag, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Oslo 2010. Dag Wollebæk: Organisasjonene i Hordaland 1999 2009, Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor, Bergen/Oslo 2011. lige organisasjoner i en ny tid, Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor, Oslo/ Bergen 2011. tikkel på nettstaden forskning.no (7. mars 2011) organisasjoner, Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor, Oslo 2010. kebevegelse til filantropi? Frivillig innsats i Norge 1997-2009, Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor, Oslo 2010 sjement i et gammelt demokrati, Akademisk publisering, Oslo 2010. Offentlege dokument av Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet 2009-2013: 62. Nettstader Sjå innleiinga for omtale av datagrunnlaget for tala i denne rapporten. LNUs resultatrapport 2011 35

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) Øvre Slottsgate 2B N-0157 Oslo Telefon: (+47) 23 31 06 00 Fax: (+47) 23 31 06 01 E-post: lnu@lnu.no www.lnu.no