Markslag i Økonomisk kartverk NIJOS veileder 01/04 nynorsk
Markslag i Økonomisk kartverk Økonomisk kartverk (ØK) inneheld i tillegg til markslaget opplysningar om m.a. namn, terrengforhold, vassdrag, fastpunkt, bygningar, vegar, andre tekniske anlegg, eigedomsgrenser, matrikkelnummer (gards- og bruksnummer), fornminne og andre freda kulturminne. Areal som er einsarta når det gjeld markslag og som er over ein viss storleik, er avgrensa som kartfigurar med prikka line på økonomisk kartverk. Markslaget for kvar figur er vist på kartet med ein signatur etter eit fastlagt klassifikasjonssystem. Markslagsinnhaldet i ØK gjev ei rekkje opplysningar om areala, spesielt om grunnlaget for planteproduksjon. Denne informasjonsfaldaren gjev eit stutt oversyn over det klassifikasjonssystemet som er nytta for markslag i økonomisk kartverk. Kjennskap til dette er naudsynt for å kunne tolke og utnytte informasjonen i karta. For ei meir utfyllande forklaring viser ein til heftet "Markslagsklassifikasjon i økonomisk kartverk". Publikasjonen vart utgitt av NIJOS i ny, revidert utgåve i 2001 (NIJOS-dokument 16/01), og inneheld retningsliner for registreringsarbeidet. Økonomisk kartverk er eit landsomfattande kartverk som skal dekkje noko over halvparten av landarealet. Størsteparten av det kartlagde arealet blir framstilt i målestokk 1:5 000. Ein del mindre produktive område vert framstilt i målestokk 1:10 000. I dag vert markslaget framstilt på digital form som Digitalt MarkslagsKart (DMK). Data frå Felles kartdatabase (FKB), N5 kartdata eller N5 raster kan ein kjøpe hos forhandlarar av Geovekst-produkta eller ved distrikts-/regionkontora til Statens kartverk (fylkeskartkontora), anten som utskrift (plott) eller på digital form. GEOVEKST-partane har eit felles ansvar for planlegging og framdrift på produksjonen av FKB. Dei som har rett til det etter GEOVEKST-avtale, kan òg laste ned kartet via Internett, sjå www.nijos.no. Utsnitt av Økonomisk kartverk. Markslagsgrenser vert viste med prikka line(.), og eitt eller fleire symbol som til saman utgjer ein markslagssignatur, som til dømes *ha (dyrkingsjord i barskog av høg bonitet). 1
Prinsippet for klassifikasjonen Markslagsklassifikasjon er ei inndeling av landarealet som i hovudsak byggjer på: arealtilstand 1 driftstilhøve for jordbruk produksjonsevne for skog Arealtilstanden deler markslaget i klasser av jordbruksareal, skogareal og anna areal. I tillegg til hovudkriteria byggjer klassifikasjonen på tilleggskriterium for bestemte arealgrupper: Jordbruksareal og anna areal eigna for nydyrking (dyrkingsjord) blir delt inn etter vilkåra for maskinell jordbruksdrift. Dyrkingsjord får tilleggsopplysningar om stein- og blokkinnhald og behov for grøfting eller vatning. Skogareal og anna areal eigna for skogproduksjon blir delt inn etter produksjonsevne for trevyrke, og får tilleggsopplysningar om m.a. produksjonsauke ved grøfting og skifte av bartreslag. Myr og torvmark som kan nydyrkast eller nyttast til skogproduksjon blir delt inn etter torvdjupn, omlagingsgrad og vegetasjon. Minsteareal For å skilje ut eit areal som eigen figur, krevst det eit visst minsteareal. Generelt krevst det mindre areal dess betre marka er eigna for planteproduksjon. Areal mindre enn 2 dekar blir til vanleg ikkje skilt ut som eige markslag. Unntak er fulldyrka jord som vert skilt ut ned til 0,5 dekar. For dei fleste klassene elles er minstearealet for figurar 5 dekar. Er skilnaden berre éi bonitetsklasse mellom to areal, må arealet vere minst 5 dekar før det blir skilt ut som eigen figur. Er skilnaden to bonitetsklasser, blir det skilt ut figurar ned til 2 dekar. Minstearealet ved registrering av dyrkingsjord er fastsett slik: 2-5 dekar når arealet ligg nær inntil fulldyrka jord. 5-25 dekar når avstanden til veg, fulldyrka jord eller dyrkingsfelt er 0,5-1 km 25-100 dekar (dyrkingsfelt) når avstanden til veg, fulldyrka jord eller anna dyrkingsjord er større enn 1 km. 1 Arealtilstand: Hovudkriterium for inndeling av markslag som definerer naturlege terrengtypar (t.d. skog, myr) og typar av opparbeidd, kulturpåverka areal (t.d. fulldyrka jord, innmarksbeite). Markslagsinformasjon presentert saman med ortofoto (målestokkrett kart). 2
Inndeling etter Arealtilstand Alt areal utanom bygd areal blir delt inn etter arealtilstand. Symbolet for arealtilstand kan stå aleine, eller i kombinasjon med andre symbol. I kombinasjonar står det alltid først. Jordbruksareal Fulldyrka jord Areal som er dyrka til vanleg pløyedjupn, og som kan nyttast til åkervekstar eller til eng som kan fornyast ved pløying. Overflatedyrka jord Areal som er rydda og jamna i overflata, slik at maskinell hausting er mogleg. Innmarksbeite Innmarksareal som kan nyttast som beite, men som ikkje kan haustast maskinelt. Minst 50 % av arealet skal vere dekt av grasartar. Skogareal Generelt er kravet til skog at det skal vere minst 6 tre pr. dekar som er eller kan bli 5 m høge, og desse bør vere jamt fordelte på arealet. I fjellskog og kystskog der trea på grunn av naturgjevne veksttilhøve ikkje når ei høgde på 5 m, er kravet minst 3 m høgde på dei dominerande trea. Barskog Areal med skog der minst 50% av skogdekt areal er dekt av bartre. Blandingsskog Areal med skog der 20-50% av skogdekt areal er dekt av bartre. Lauvskog Areal med skog der mindre enn 20% av skogdekt areal er dekt av bartre. Anna areal Myr Areal med minst 30 cm tjukt torvlag, og som på overflata har preg av myr. Anna jorddekt fastmark Areal som ikkje er jordbruksareal, skogareal eller myr, og der meir enn 50% av arealet har større jorddjupn enn 30 cm. Grunnlendt mark Areal der meir enn 50% har mindre jorddjupn enn 30 cm, men som ikkje er fjell i dagen. På areal som ikkje er jordbruksareal eller skogareal er grunnlendt mark einaste opplysning om arealtilstanden. På jordbruks- og skogareal er symbolet for grunnlendt mark ei tilleggsopplysning. Fjell i dagen Areal der meir enn 50% er bert fjell og mindre enn 10% har jord djupare enn 30 cm. På areal utan skog er fjell i dagen einaste opplysning om arealtilstanden. På skogareal er symbolet for fjell i dagen ei tilleggsopplysning. Blokkdekt mark Areal der overflata i hovudsak er dekt med blokker. Det omfattar ur, blokkmark og røys. På areal utan skog er blokkdekt mark einaste opplysning om arealtilstanden. På skogareal er symbolet for blokkdekt mark ei tilleggsopplysning. 3
Inndeling av fulldyrka jord og dyrkingsjord etter Driftstilhøve for jordbruk All fulldyrka jord blir delt inn etter driftstilhøva for jordbruk på registreringstidspunktet. Symbol for driftstilhøve (A eller B) i kombinasjon med symbol for fulldyrka jord (=) karakteriserer altså dei aktuelle driftstilhøva på staden. utan symbol Lettbrukt areal Areal med slik storleik, form og helling (mindre enn ca. 1:5) at firehjulstraktor med vanlege reiskapar kan nyttast på rasjonell måte. Mindre lettbrukt areal Areal som ikkje held krava til klasse A, men der maskinell hausting er mogleg med mindre traktor (helling mindre enn ca. 1:3). Tungbrukt areal Fulldyrka jord som ikkje held krava til A eller B. Denne klassen får berre symbol for fulldyrka jord (=). Dyrkingsjord Jord som ikkje er fulldyrka, men som kan fulldyrkast til lettbrukt eller mindre lettbrukt jord. Dyrkingsjord er enten overflatedyrka jord, innmarksbeite, skogareal, anna jorddekt fastmark eller myr, og har symbolet A eller B på kartet. For at eit areal skal bli klassifisert som dyrkingsjord må det kunne gje rimeleg og sikker grasavling. Det må halde bestemte krav til klima, jordkvalitet, jorddjupn, stein- og blokkinnhald, terrengforhold og storleik. All dyrkingsjord blir delt inn i klassene lettbrukt og mindre lettbrukt etter driftstilhøva for jordbruk etter ei eventuell dyrking. Dyrkingsjord på tungbrukt areal vert ikkje registrert. Symbol for driftstilhøve (A eller B) i kombinasjon med andre symbol for arealtilstand enn fulldyrka jord viser altså at arealet kan dyrkast, og karakteriserer dei potensielle driftstilhøva. Foto: Karine Bogsti, NIJOS 4
Inndeling av skogareal og skogreisningsmark etter Produksjonsevne for skog Skogareal, anna jorddekt fastmark, grunnlendt mark og myr/torvmark blir delt inn etter arealet si evne til å produsere trevyrke. Bonitetsklasser på kart produserte før 1985 Bonitetsklasse Symbol Produksjonsevne for bartrevyrke (m 3 pr. dekar og år) Særs høg bonitet S Større enn 1,0 Høg bonitet H 0,5-1,0 Middels bonitet M 0,3-0,5 Låg bonitet L 0,1-0,3 Impediment Mindre enn 0,1 I lauvskog og på snau fastmark (anna jorddekt fastmark, grunnlendt mark og blokkdekt mark som arealtilstand) skil ein ikkje mellom låg bonitet og impediment, men nyttar berre klassen impediment, dvs. arealtilstand utan symbol for bonitet. Symbolet for bonitet viser potensiell produksjonsevne, dvs. den produksjonen ein kan vente med rett treslag, normal tettleik og vanleg god skogrøkt. Unntak frå denne regelen er tresett myr og torvmark som ikkje er tilstrekkeleg grøfta. Her viser symbolet for bonitet aktuell produksjonsevne på registreringstidspunktet. Bonitering etter H 40 -systemet Frå 1985 har NIJOS nytta H 40 -systemet for bonitering i nokre område, med inndeling i følgjande tremetersklasser: Gran: G26, G23, G20, G17, G14, G11, G8 og G6. Furu: F23, F20, F17, F14, F11, F8 og F6. Lauvskog:B8 og B6. Bonitetsklassene 6 og 8 er i mange høve slegne saman (6-8). Lauvskog med betre produksjonsevne enn B8 vert bonitert etter forventa bonitet for barskog. Skog med lågare produksjonsevne enn bonitetsklasse 6 får symbol berre for treslag, utan bonitet. Skogreisingsmark er: Lauvskogdekte eller snaue fastmarksareal med forventa produksjonsevne for barskog på minst bonitet M eller G/F11. Barskog og blandingsskog med lågtproduserande furu i skogreisingsstrok (Vest-Agder til Troms), som har symbol for feil bartreslag (+) på kartet. Myr og torvmark som er eigna for grøfting, og som ved tilplanting eller naturleg forynging med barskog vil gi minst bonitet M eller G/F11. Foto: Karine Bogsti, NIJOS 5
Tilleggsklassifikasjon Dyrka mark og dyrkingsjord Dyrka myr Jordbruksareal med minst 20 cm tjukt mold- eller torvlag. Dyrkingsjord All dyrkingsjord blir delt inn etter steinog blokkinnhald og behov for grøfting eller vatning. Symbol for tilleggsopplysning står alltid i kombinasjon med symbol for arealtilstand og symbol for driftstilhøve for jordbruk (A eller B). Ikkje blokkrik dyrkingsjord utan symbol Areal med mindre enn 50 m 3 stein og blokker pr. dekar i dei øvste 50 cm av mineraljorda. Blokkrik dyrkingsjord Areal med 50-100 m 3 stein og blokker pr. dekar i dei øvste 50 cm av mineraljorda. Svært blokkrik dyrkingsjord Areal med 100-200 m 3 stein og blokker pr. dekar i dei øvste 50 cm av mineraljorda. Ikkje sjølvdrenert dyrkingsjord utan symbol Areal som ved fulldyrking stort sett må grøftast systematisk. Sjølvdrenert dyrkingsjord Areal som ved fulldyrking ikkje treng systematisk grøfting. Tørkesvak dyrkingsjord Areal med tørkesvak sandjord som er lite eigna til dyrking utan kunstig vatning. Foto: Ragnhild Sperstad, NIJOS 6
Tilleggsklassifikasjon Skog og skogreisingsmark på fastmark Skogareal kan få tilleggsopplysningar om produksjonsauke ved grøfting og skifte av bartreslag, og om vanskelege driftstilhøve. Visse former for skogfrie fastmarksareal (t.d. anna jorddekt fastmark) kan også få nokre av desse tilleggsopplysningane. Tilleggsymbola på skogareal og skogreisingsmark på fastmark står alltid i kombinasjon med symbol for arealtilstand eller symbol for bonitet. Vassjuk skogmark Skogdekte eller snaue fastmarksareal der produksjonen kan aukast med minst 0,3 m 3 pr. dekar og år ved grøfting. Symbolet for bonitet gjeld etter grøfting. Feil bartreslag (plantemark for skog) Barskog og blandingsskog i skogreisingsstrok med lågtproduserande furu, der produksjonen kan aukast med minst 0,3 m 3 pr. dekar og år ved skifte av treslag til gran eller sitkagran. Symbolet for bonitet gjeld etter treslagsskiftet. in Tvilsam skogreisingsmark Lauvskog, anna jorddekt fastmark og grunnlendt mark som utifrå klima og jordkvalitet skulle vere skogreisingsmark, men som på grunn av særleg vanskeleg terreng (rasfarleg og/eller ulendt) er lite eigna til skogreising. Impedimentprosent Symbolet fortel kor stor del av ein figur som er uproduktiv skogsmark (impediment), summert i nærmaste 10-prosentklasse (n). Symbolet for bonitet gjeld for den produktive delen. Døme: *g14 i2: Barskog med bonitet G14 der 20% av figuren er impediment. Foto: Oskar Puschmann 7
Tilleggsklassifikasjon Myr og torvmark Myr Myr er areal med minst 30 cm tjukt torvlag som på overflata har preg av myr. Torvmark Torvmark er skogareal med minst 30 cm tjukt torvlag, men som på overflata ikkje har preg av myr. All myr og torvmark som kan nydyrkast eller nyttast til skogproduksjon får tilleggsopplysningar om torvdjupn, omlagingsgrad og vegetasjon. Desse opplysningane vert samla i eit eige symbol - "myrkosten". Stamma i myrkosten er ein horisontal strek. I endane på denne er det føydd til hakar. Omlagingsgraden går fram av høgre del av kosten, torvdjupna og vegetasjonstypen av venstre del. Torvdjupn Grunn myr Mindre enn 100 cm torvlag Djup myr Meir enn 100 cm torvlag Vegetasjon Nøysam vegetasjon Ikkje nøysam vegetasjon Døme på bruk av myrkosten Grunn myr som er sterkt omlaga i øvre lag. Ikkje nøysam vegetasjon. Djup myr som er lite omlaga i øvre lag og middels omlaga i nedre lag. Nøysam vegetasjon. Myr og torvmark som kan dyrkast (areal med myrkost i tillegg til symbolet A eller B), og som ligg 150-200 meter under skoggrensa eller lågare, kan i dei fleste område også nyttast til skogproduksjon. Dersom myrkosten ikkje står i kombinasjon med A eller B, kan arealet nyttast til skogproduksjon, men ikkje til dyrking. Omlagingsgrad Omlagingsgraden av myr og torvmark blir bestemt i øvre lag (20-40 cm), og eventuelt i nedre lag (70-100 cm). På grunn myr/torv blir omlagingsgraden bestemt berre i øvre lag. Lite omlaga, øvre lag Lite omlaga, nedre lag Torv med tydeleg plantestruktur Middels omlaga, øvre lag Middels omlaga, nedre lag Sterk omlaga, øvre lag Sterkt omlaga, nedre lag Meir eller mindre grautaktig torv med delvis utviska plantestruktur Sterkt grautaktig torv med utydeleg eller utviska plantestruktur 8
Andre arealkategoriar Areal som blir nytta til andre formål enn jord- og skogbruk Bygd areal Bygd areal er i hovudsak nedbygde areal (bygningar og asfalterte areal), og vil omfatte byar, tettstader, bustadfelt og anna tett busetnad, industrianlegg, større flyplassar og kyrkjer/gravplassar. Slike areal får ikkje markslagssymbol. Andre areal Andre areal som t.d. idrettsanlegg, campingplass, parkanlegg, hyttefelt, sand- og grustak, torvtak, velteplass, rasteplass, søppelplass og likande, får som regel berre symbol for arealtilstand og/eller opplysande tekst. Areal som dels er jordbruksareal, dels ikkje Tun Tun er areal med funksjon som gardstun, og får markslagssignatur etter vanlege reglar. Villahagar Villahagar innanfor bygd areal går inn i dette, utan signatur for markslag. Frukt- og bærhagar Frukt- og bærhagar vert klassifiserte som jordbruksareal utan omsyn til trea på arealet. Gartneri og planteskular Gartneri og planteskular vert klassifiserte som fulldyrka jord, med unntak av tilhøyrande driftsbygningar, parkeringsplassar og liknande. Juletre og anna pyntegrønt Areal for produksjon av juletre og anna pyntegrønt, med unntak av urter og buskvekstar, blir klassifisert som skogareal. Travbaner og småflyplassar Travbaner og småflyplassar kan i nokre høve innehalde delar med dyrka jord i drift som vert klassifiserte som jordbruksareal. Alpinanlegg og skytebaner Alpinanlegg og skytebaner (utanom bygningar og andre tekniske anlegg) vil vere avskoga område som vert klassifiserte etter arealtilstand og potensiell bonitet for skog. Golfbaner Golfbaner kan omfatte ulike standardar med svært ulik grad av opparbeiding og landskapsinngrep. Godt opparbeidde baner vert til vanleg kartlagde berre med symbol for arealtilstand (ofte anna jorddekt fastmark) og eventuelt opplysande tekst. Dei enklaste banene med små inngrep, kan delvis vere nytta som jordbruksareal, eller lett takast i bruk att som det. I så fall vert dei kartlagde som dyrka jord eller dyrkingsjord. Foto: Karine Bogsti 9
Døme på signaturar slik dei kan lesast på kartet Markslagsfigurane som på kartet er avgrensa med prikka line, inneheld ein markslagssignatur som karakteriserer markslaget. Ein markslagssignatur kan vere sett saman av eitt eller fleire symbol som gir opplysningar om arealtilstand, driftstilhøve for jordbruk, produksjonsevne for skog, dyrkingsjord med tilleggsinformasjon om stein- og blokkinnhald og dreneringsgrad, jorddjupne, jordeigenskapar og eigenskapar for myr og torvmark. Tilleggssymbol (t.d., \ ) gjev utfyllande opplysningar om markslaget. Men det er viktig å vere merksam på at også fråver av symbol i nokre høve kan gi informasjon om arealet. Døme: *la t, *la t, *lat. Når steinprikken er utelaten (siste dømet), tyder det at arealet tilhøyrer den lågaste klassen for steininnhald (dvs. ikkje blokkrik dyrkingsjord). a &b *( *la t Fulldyrka jord, lettbrukt. Innmarksbeite som kan dyrkast til mindre lettbrukt, fulldyrka jord. (Ikkje blokkrik og ikkje sjølvdrenert jord sidan tilleggssymbol for dette manglar). Fulldyrka jord, tungbrukt. (Tungbrukt sidan symbolet A eller B manglar). Barskog på grunnlendt mark med produksjonsevne mindre enn låg bonitet (impediment). Barskog med låg bonitet. Blokkrik, sjølvdrenert dyrkingsjord som etter dyrking vil halde kravet til lettbrukt jord. #ha *f14 *#ma å Lauvskog med forventa produksjonsevne for barskog tilsvarande høg bonitet. Lettbrukt dyrkingsjord, ikkje blokkrik og ikkje sjølvdrenert. Barskog med bonitet F14 etter H 40 -systemet. (Ikkje dyrkingsjord fordi symbolet A eller B manglar). Blandingsskog (torvmark) med middels bonitet. Dyrkingsjord som etter dyrking vil halde kravet til lettbrukt jord. Djup torvmark, lite omlaga i øvre lag, og sterkt omlaga i nedre lag. Ikkje nøysam vegetasjon. Utsnitt av Økonomisk kartverk med døme på signaturar. 10
Kart og landbruksinformasjon på nett Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) arbeider kontinuerleg med å utvikle og forbetre datatenestene for landbruket. På NIJOS sine Internettsider kan dei med rettar til informasjon frå Økonomisk kartverk søkje og laste ned desse karta direkte på eigen datamaskin. Nye data, tema og funksjonar vert gjort tilgjengelege etter kvart som dei vert utvikla og oppdaterte. Informasjon om dette vert lagt ut på heimesida: Foto: Karine Bogsti, NIJOS Kartkilde bakgrunnskart: Statens Kartverk, till.nr. LRS82001-235.. Ortofoto: Etablert i Geovekst. Layout: Karine Bogsti,NIJOS http://www.nijos.no NIJOS stiller i tillegg data til rådvelde for andre aktørar som driv Internett-tenester for landbruket. Dette omfattar både statlege etatar, kommunar og private firma. Det finst i dag fleire typar programvare som er lagt til rette for å bruke markslagsdata på digital form både i offentlege etatar og for privatpersonar. Markslaget vert i dag etablert ved hjelp av ortofoto, og ajourhaldet skjer i samarbeid mellom kommunar og NIJOS. Kommunane er ansvarlege for det administrative ajourhaldet, medan NIJOS tek ansvar for periodiske oppdateringar og kvalitetssikring når ein har nye flybilete eller ortofoto for eit område. Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) er eit offentleg institutt som skaffar partsnøytral informasjon om jorda, skogen, kulturlandskapet, utmarka og beiteressursane i Noreg. Instituttet ligg under Landbruksdepartementet. NIJOS, Raveien 9, Postboks 115, 1431 Ås Tlf: 64 94 97 00, Faks: 64 94 97 86