MEETINGS INCENTIVE CONVENTIONS EVENTS - HORDALAND



Like dokumenter
Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

Prosjektplan. - Forlenging av Nordsjøruta frå Bergen til Leirvåg

Prosjektplan for Båt-og kystturisme i Hordaland

Prosjektplan. - Skilting Haugastøl - Bergen. Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland. Delprosjekt: Felles informasjon Trykt og web

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Prosjektplan. - Sykkeltrasé fra Rallarvegen til Ulvik - forstudie. Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

PROSJEKTPLAN FORSTUDIE BYGGELEMENT PRODUKSJON Utkast

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Prosjektplan. - Hardangerfjordruta - forprosjekt

Forstudie Næringshage i Vinje

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Informasjon til pasientar og pårørande

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

PROSJEKT TURISTTAVLER HORDALAND

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Prosjektplan rundtur Sognefjorden og Dalsfjorden i et nøtteskall

ÅKRAFJORDEN OPPLEVING AS SØKNAD OM TILSKOT TIL TURISTBÅT 2009

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

Referat frå MINTA møte

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Prosjektskisse. Innovasjon i offentleg sektor. Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Lønnsundersøkinga for 2014

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Netcan Utvikling. Forretningsplan

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

HORDALANDD. Utarbeidd av

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

INTERNASJONAL STRATEGI

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

på vegne av barn og unge

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

PROSJEKTPLAN. Program for lokalsamfunnsutvikling i Hordaland - BULYST HORDALAND

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Plankonferansen i Hordaland Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland. Solveig Svardal. Forståingsramme

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen AS - søknad om tilskot til pilotprosjekt

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Sykkelturisme i framtida røynsler frå Sunnhordland v. Gro Røhne Andersen

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Prosjektplan. Prosjektet reguleringsplan skuleområdet Husnes. gnr 145 bnr 1 m.fl. 1. Mål og rammer

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

AKTIV HEILE ÅRET Denne presentasjonen skal ikkje kopierast eller vidareformidlast.

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Reiselivsorganisering i Sogn. Folkevalddag, Quality Hotel Sogndal,

REFERAT Sak: SMB-programmet evaluering av forprosjektet Sted Dato Varigheit Ålvik

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Søknad om midlar til start av ny fagskuleklasse etter Stordmodellen

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

HALLINGDAL 2020, REGIONAL POSISJONERING, HOVUDPROSJEKT

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Nemninga ASK innbefattar heile innsatsen som trengst for å erstatte eller støtte ein mangelfull tale i kommunikasjon mellom menneske.

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013 KVAMMALOKK REVISITED - LAKMUSTESTEN

Bygd, reiseliv og universell utforming felles og same sak

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Vinje kommune. Sluttrapport

DESTINASJONSUTVIKLING

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Transkript:

MEETINGS INCENTIVE CONVENTIONS EVENTS - HORDALAND

1. MÅL OG RAMMER 1.1. Bakgrunn for MICE Hordaland 1 Medan Nordhordland, Hardanger og Sunnhordland dei siste åra har hatt fin utvikling innan ferie og fritidsmarknaden, har dei same regionane merka ein viss tilbakegong innan firmamarknaden. Det kan vera ymse grunnar til dette, men auka kapasitet innan kurs- og konferanse i byane på Vestlandet, samt nye båt og flyruter kan vera noko av grunnen til dette. Ein annan vesentleg faktor er og at næringa i område ikkje har vore flinke nok til å fanga opp nye trendar og sjå kva reelle mogelegheiter desse gjer i høve til dei eigne produkta som kan tilbydast aktørar innan bedriftsmarknaden. Samstundes som ein har registrert noko tilbakegong innan firmamarknaden, er vi og av den heilt klare oppfatning at områda har eit stort potensiale for god utvikling innan denne profesjonaliserte marknaden. Vi ser at områda har gode natur- og kulturmessige kvalitetar, som vil kunne gi kundane ein plusseffekt i høve til dei intensjonar dei har med arrangementa. Dette er og element som passar godt inn i høve til globale trendar. Vi har og stor tru på at regionane vil tena på å dra vekslar over regionsgrensene når ein skal byggja opp gode programkonsept. I dei tre områda har det også dei siste åra vorte bygd opp ein godt variert kapasitet for å kunna ta imot slike arrangement; dette tilbodet varierar frå dei små og intime reiselivsverksemdene som høver godt for mindre samlingar, til dei meir større og konvensjonelle kurs- og konferansehotella. Produktmessig utfyller dei tre områda kvarandre godt noko som er ein styrke for dette prosjektarbeidet. Auka fokusering på denne marknaden er og eit trekk i å gjera reiselivsnæringa i enno større grad til ein heilårsnæring både med omsyn til overnattings- og serveringsbiten og innan opplevingar som vert tilbydt. Dei siste åra har dei tre regionane gjennom ordninga med kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift samarbeid tett. Den gode samarbeidskulturen som er utvikla, vil etter vår meining vera ein klar styrke for å oppnå gode resultat i dette prosjektet. 1.2. Prosjektmål Reiselivsnæring er ei betydeleg næringsgrein på Vestlandet. Når dei gjeld dei tre områda, er nok Hardanger det området med lengst og tyngst røter innan denne næringa, men og i Nordhordland og Sunnhordland er denne næringsgreina på sterk frammarsj. Vi ser og ennå tydlegare enn før at ein godt fundert reiselivsnæring er av avgjerande verdi for anna næringsverksemd. 1.2.1. Prosjektets hovudmål Prosjektet har følgjande hovudmålsetting; Gjennom målretta produktutvikling og marknadsføring, skal prosjektet i vesentleg grad auka den samfunnsmessige effekten av reiselivsnæringa i dei tre områda på heilårs basis. På dette viset skal lønnsemda i dei deltakande verksemdene styrkast. 1 MICE er den internasjonale nemninga for reiselivsarbeid retta mot bedriftsmarknaden MICE Hordaland 11.09.06 2

1.2.2. Prosjektets delmål I tillegg til prosjektet sitt hovudmål, skal satsinga føre til; Nye produktkonsept retta mot bedriftsmarknaden vert utvikla; I dette ligg både utvikling av nye produkt og evne til å sjå eksisterande produktelement inn i nye kontekstar retta mot reiselivsmarknaden. Auka kompetanse for dei verksemdene og områda som er med i prosjektet. Auka kvalitet på dei tenestene som vert tilbydt og på dette viset sikra at verksemdene får enda større grad av tilfredse kundar. Auka evne til samhandling på tvers av regionsgrensene. Med omsyn til produktutvikling vil vi peike på at det å kunna bruka eksisterande element, som gjerne sjølv ikkje definerer seg som reiselivsprodukt, inn i nye kontekstar, i høgste grad kan karakteriserast som produktutvikling. Likeeins vil det og vera av vesentleg betyding at ein gjennom prosjektet klarar å initiera til samhandling på tvers av regionsgrensene. På dette viset vil ein kunne utvikla gode produktelement som kan nyttast av alle, framfor at det vert utvikla bleike kopiar på fleire stader, 1.3. Rammer 1.3.1. Prosjektets tidsramme Prosjektet vert starta opp hausten 2006 og vil vera ferdig innan utgongen av 2008. I løpet av denne perioden har vi eit heilt klart håp om at resultata vert så gode at ei vidareføring vert finansiert av deltakarane sjølve. 1.3.2. Geografisk ramme Prosjektet er open for verksemder som finst i dei tre regionane. I tillegg til dette vil det vera aktuelt å tilby aktørar utanfor områda, men som har interesse av auka satsing mot bedriftsmarknaden i desse områda, vert trekte med. 1.3.3. Økonomi Det økonomiske vert omtala i eige punkt. Det er ei klar føresetnad at dei verksemdene som skal hauste vinst av dette prosjektet har vilje til å bidra både økonomisk og praktisk til at prosjektet lar seg gjennomføre. Ettersom det er stor skilnad mellom dei ulike typane verksemder, må denne deltakinga delast inn i kategoriar. Vi ser for oss følgjande inndeling; Kategori; Pr. år Total Større hotell (meir enn 75 rom) 30.000 60.000 Mindre hotell pensjonat 15.000 30.000 Transportverksemder 15.000 30.000 Attraksjonar/aktivitetslev 10.000 20.000 Målsettinga er å få min 30-40 verksemder med på prosjektet 2. OMFANG Prosjektets oppgåve er å driva produktutvikling og marknadsføring for å få fleire møter, kurs, konferansar, incentivegrupper og events lagt til regionane prosjektet omfattar. Det marknadsretta arbeidet vil hovudsakleg rette seg mot nasjonal marknad med særleg vekt på Vestlandet. Når det gjeld events og incetivemarknaden, vil arbeida verta retta mot utanlands marknaden gjerne i samarbeid med norske og internasjonale agentverksemder. MICE Hordaland 11.09.06 3

3. ORGANISERING 3.1. Ansvarsforhold 3.1.1. Oppdragsgjevar Oppdragsgjevar for prosjektet er Reisemål Hardanger Fjord AS, Nordhordland Reiselivslag og Samarbeidsrådet for Sunnhordland. 3.1.2. Prosjektansvarleg Prosjektansvarleg er Anne Marie Reistad, Nordhordland Reiselivslag. 3.1.3. Prosjektleiar Prosjektleiar er Kari Eik, Nordhordland Reiselivslag. 3.2. Øvrige roller og bemanning 3.2.1. Styringsgruppe Det vert oppretta ei styringsgruppe for prosjektet sett saman på følgjande vis; 1 representant frå kvar av regionane 1 representant frå deltakande verksemder i kvar av regionane Styringsgruppa fastlegg dei overordna handlingsplanar som prosjektleiar, prosjekt ansvarleg og anna personell i prosjektet skal utføre. Styringsgruppa møtest med jamne mellomrom (3-4 gonger pr år), men det avgjerande at prosjektet ikkje skal bli eit byråkratisk system. 3.2.2. Anna personell Prosjektleiaren sitt arbeid skal fokusera på overordna produktutvikling og marknadsføring. Prosjektleiaren skal og vera aktivt med i arbeidet i regionane, men for å sikra god framdrift i det lokale arbeidet skal det og nyttast lokale krefter for å utføra dette arbeidet. For å løysa spesielle oppgåver, kan det og vera aktuelt å knyta til seg spesialkompetanse på einskilde område. 4. BESLUTNINGSPUNKT OG OPPFØLGING 4.1. Styringsgruppemøte Møte i styringsgruppa fungerar som statusmøte. Styringsgruppe fastlegg prosjektet sin handlingsplan og til møte skal det rapporterast ihht fastlagt handlingsplan. 4.2. Beslutningspunkt Beslutningspunkt vert av praktiske grunner lagt til dei kvartalsvise styringsgruppemøta. Dokumentasjon ihht fastlagt plan. MICE Hordaland 11.09.06 4

5. RISIKOANALYSE 5.1. Kritiske suksessfaktorar Den kritiske suksessfaktoren ligg i om ein klarar å få tilstrekkeleg antall verksemder i dei tre regionane med på prosjektet. 5.2. Risikoevaluering Prosjekta har vore presentert i dei tre regionane og dette gjer oss sikre på at det er liten risiko for at vi ikkje når kritisk deltakarmasse. 6. KVALITETSSIKRING Prosjektet skal gjera alt som er mogeleg for å sikra at prosjektet vert gjennomført med høg kvalitet. Den daglege kvalitetssikringa vil skje gjennom den ordinere prosjektoppfølging som prosjektansvarleg og prosjektleiar skal utføre. Denne kvalitetssikringa vil styrkast gjennom møter i styringsgruppa. 7. GJENNOMFØRING Prosjektet er hovudsakeleg eit marknads- og produktutviklingsprosjekt. For å nå dei måla ein ønskjer med prosjektet, er det likevel viktig både å kartleggja mogeleg programelement i regionen og å styrke kompetansen i dei verksemdene som er med i prosjektet. Bygging av nettverk og utvikle samarbeid på tvers av regionsgrensene. 7.1. Hovudaktivitetar 7.1.1. Marknadsføring Ein heilt vesentleg del av arbeidet er å driva konkret marknadsføring av dei tre regionane som potensiell arrangementsstad for nye kundar. Målet her er å auka trafikken innan bedriftsmarknaden i regionane. Det vil bli utarbeida ein konkret marknadsplan. 7.1.2. Produktutvikling Produktutvikling vil vera heilt sentralt i forhold til å få auka trafikk frå bedriftsmarknaden til dei tre regionane. Prosjektet vil i mindre grad fokusera på produktutvikling som i prosjektet sin regi skal medføra fysiske investeringar. I den grad det er naudsynt å gjera fysiske investeringar, skal prosjektet påpeike kva som må gjerast og så vert det opp til deltakarverksemdene å gjennomføre naudsynte tiltak. Prosjektet kan yta hjelp til å innhenta naudsynte godkjenningar som må til i samband med konkrete investeringar og hjelpe aktuelle deltakarverksemder med utarbeiding av finansieringsplan. Produktutviklinga i regi av prosjektet vil verte gjennomførd på regionsnivå, men det vil vera avgjerande at denne delen vert koordinert på overordna nivå prosjektet. Dette skal sikra at det ikkje i for stor grad vert utvikla parallelle konsept i dei tre regionane og føra til at ein vert flinkare til å nytta ressursar på tvers av grensene. MICE Hordaland 11.09.06 5

Produktutvikinga må spissast i høve til dei forskjellige marknadssegmenta som prosjektet skal arbeida mot. Kundar som etterspør kurs-, og konferanseprodukt vil ha andre preferansar enn dei som er på jakt etter incentive/event program og dette må fangast opp av det arbeidet som skal gjerast. Eit vesentleg moment er og at det skal utviklast produktpakkar som skal bygge opp om at reiselivsnæringa i endå større grad vert ein heilårsnæring. Det konkrete arbeidet i regi av prosjektet vert delt inn i følgjande delar: Kartlegging av moglege programelement i kvar region. I dette arbeidet inngår både kartlegging av tilbod som allereie i dag fungerar reiselivssamanheng, kartlegging av produktelement som med enkle grep og kan fungera i reiselivssamanheng og utvikling av nye produktelement i tråd med internasjonale trendar og marknadens signaliserte krav. Pakking av programelementa saman med overnatting og transport i pakkar som kan vert tilbydd marknaden. Størstedelen av det konkrete arbeidet vil verta utførd i de tre regionane, men det vil verta lagt avgjerande vekt på at pakkane vert godt koordinert mellom regionane. Prosjektet har følgjande minimumsmålsetting for utvikling av produktpakkar i dei tre regionane; Region Kategori Haust Vinter Vår Sunnhordland Kurs/Konferanse 3 3 3 Incentive/event 2 2 2 Hardanger Kurs/Konferanse 3 3 3 Incentive/event 2 2 2 Nordhordland Kurs/Konferanse 2 2 2 Incentive/event 1 1 1 Prosjektet skal med andre ord minimum resultera i 39 konkrete produktpakkar. Pakkane vert bygd opp på eit vis som gjer at dei og skal kunne fungera sjølv om berre deleelement vert nytta. Slik vi ser det er det ein viktig innovativ del at noverande produktelement vert nytta inn nye settingar. På dette viset kan vi og nytta den unike natur- og kulturarv vi har i dei tre områda og vi får og forankra konsepta i det autentiske Hordaland. Dette handlar i stor grad av å få i gang nettverksprosessar der ein får augo opp for det spesielle i den enkelte tilbydars produkt og korleis dette kan nyttast inn i denne samanhengen. 7.1.3. Kompetanseheving Prosjektet rettar seg mot ein svært variert deltakarmasse. Røynsler viser at det kan vera stor variasjon innan den kompetanse den einskilde aktør har innan arbeid mot slike reiselivsmarknader. Dette gjeld i stor grad alle konsept som rettar seg mot incentive og events. Her vil det vera heil naudsynt med å tilby deltakarane kompetansehevingstiltak. 7.1.4. Nettverksbygging Eit vesentleg moment vil og vera å bygga opp nettverk som deltakarane kan ha nytte av både som deltakarar i prosjektet og som på eiga hand. MICE Hordaland 11.09.06 6

7.2. Milepeler Juli 06 September oktober 06 Oktober november 06 September - desember 06 Oktober november 06 Januar - mai 07 Februar mars 07 Mai desember 07 Januar 08 Februar april 08 Februar juni 08 August 08 Tilsettingsprosess Utarbeiding av innsalsmateriell deltakarverksemder. Innsal deltakarverksemder Tiltreding prosjektleiar. Produktkartlegging/produktbesøk/produktutvikling 3 regionar Tiltreding prosjektleiar. Produktutvikling/utarbeiding av produkt/marknadsmateriell Studietur på verksemdene i regionane (vert tilpassa framdrifta i prosjektet) Sal og marknadsføring Korreksjonar av produkt Evaluering Oppfølging tilbydarane og kundar Vidare sal og marknadsføring Evaluering og konklusjon 7.3. Kostnader & Finansiering Kostnader Lønn og sosiale kostnader 1 tilsett NOK 1.125.000 Reiser og møter NOK 300.000 Driftskostnader kontorhald NOK 450.000 Marknadsmateriell NOK 350.000 Kompetanseheving NOK 200.000 Produktutvikling NOK 675.000 *) Andre kostnader NOK 50.000 Total NOK 3.150.000 *) Finansiering Kompensasjonsmidlar 2005 NOK 1 500.000 Innovasjon Norge NOK 600.000 Eigenandel 2 NOK 1.050.000 Total NOK 3.150.000 Region Kurs/Konferanse Incentive/event Total Sunnhordland 100.000 175.000 275.000 Hardanger 100.000 175.000 275.000 Nordhordland 50.000 75.000 125.000 Total 250.000 425.000 675.000 Produktutviklingsarbeidet vil hovudsakleg skje gjennom arbeid som vert utført i dei tre regionane. Det er nytta ein timesats på kr. 375,- pr time. For Sunnhordland og Hardanger vil dette tilsei tilnærma 20% av eit årsverk. For Nordhordland sin del vil dette vera 12% av eit årsverk, men her er det grunn til å tru at lokaliseringa av prosjektleiarstillinga til Nordhordland vil oppveia denne fordelinga. 2 Beløpet inkluderer både eigendel frå verksemdene og innsats som eigarane av prosjektet legg ned. MICE Hordaland 11.09.06 7

8. SLUTTRAPPORT Sluttrapport for prosjektet vil vera klar innan utgongen av 1. kvartal 2009. Hordaland, 11.09.06 Kjartan Pettersen Annemarie Reistad Helge Møller Samarabeidsrådet for Sunnhordland Nordhordland Reiselivslag Reisemål Hardanger Fjord AS (Tlf 90 06 16 80) (Tlf 91 77 97 72) (Tlf 90 62 29 07) MICE Hordaland 11.09.06 8