ÅRSRAPPORT 2013 Fagopplæringskontoret
Fagopplæring Hordaland fylkeskommune ved Fagopplæringskontoret administrerer fagopplæringa i Hordaland. Om lag 50 % av elevane i vidaregåande opplæring i Hordaland vel ei yrkesretta utdanning. 2013 har vore eit aktivt år for området fag- og yrkesopplæring. Det vart signert 2138 nye lærekontraktar, og det vart gjennomført 2775 fag- /sveineprøvar i 2013. Fagopplæringskontoret driftar og har ansvar for: Formidling av lærlingar og lærekandidatar Fastsetjing og utbetaling av tilskott til lærebedrifter og opplæringskontor Godkjenning, opplæring og oppfølging av lærebedrifter og opplæringskontor Kursing av faglege leiarar og instruktørar Godkjenning, endring og heving av lære- og opplæringskontraktar Godkjenning av praksis og teori for praksiskandidatar Oppnemning og opplæring av medlemmer til prøvenemnder Handsaming av oppmeldingar og gjennomføring av fag-/sveineprøvar og kompetanseprøvar Informasjonsspreiing om fag- og yrkesutdanninga Utskriving av fag-/sveinebrev og kompetansebevis Førebuing av saker for yrkesopplæringsnemnda og politiske utval
Formidling av lærlingar og godkjenning av lærekontraktar Statistikken under viser oversikt frå 2009-2013 over elevar som er formidla ut i lære etter Vg2 i skole, samla oversikt over nye lærekontraktar, samt at den viser alternativ sluttopplæring i skule. Oversikt over lærekontraktar i tidsrommet 2009 2013 Statistikk 2009 2010 2011 2012 2013 Formidla 1312 1368 1500 1884 1806 Nye kontraktar 1956 1984 2034 2250 2138 Alternativ sluttopplæring i skule 3 49 59 48 62 Inngåtte lærekontraktar i 2013, fordelt etter ulike opplæringsløp Statistikk Totalt Hovudmodell 2+2 Etter VG1 Full opplæring i bedrift TAF Verdiskaping Lærlingar 2081 1538 (73,9%) 172 (8,3%) 201 (9,7%) 73 (3,5 %) 97 (4,7 %) Lærekandidatar 57 23 (40,4%) 15 (26,3%) 17 (29,8%) 0 2 (3,5 %) Totalt 2138 Tabellen over viser inngåtte lærekontraktar og opplæringskontraktar i 2013 fordelt etter ulike opplæringsløp. 2+2 modellen er den mest vanlege måten å gå inn i eit læretilhøve på, men i 2013 hadde Hordaland 373 lærlingar som ikkje hadde 2 års bakgrunn frå vidaregåande skule. Fagopplæringssystemet er svært fleksibelt så lenge lærebedrift vil inngå lærekontrakt/opplæringskontrakt med person, uavhengig av skolebakgrunn. Elevar som har fullført Vg 2 vert formidla gjennom Hordaland fylkeskommune. Inngåtte kontraktar omfattar opplæringsløpa: Hovudmodellen (2+2), opplæring etter Vg1, full opplæring i bedrift og TAF. Kolonna med verdiskaping viser kontraktar som er inngått i avviksfag der bedrifta berre har ansvar for verdiskaping og ikkje opplæring.
Fag-/ sveineprøver og kompetanseprøver Avlagte fagprøver i 2013 fordelte på ulike opplæringsløp Opplæringsløp Totalt % Kvinner Lærlingar 1766 28,08 % Lærekandidatar 41 36,59 % Elevar 78 10,26 % Praksiskandidatar 890 41,91 % Totalt 2775 32,14 % Totalt 2775 fag- og sveineprøvar vart gjennomførte i 2013. Dette er ein auke på 352 frå året før. 32 % av kandidatane var kvinner. Om lag ein tredel har vore praksiskandidatar. I 2013 gjekk 890 praksiskandidatar opp til fag-/sveineprøve. Lærlingar utgjer den største gruppa som går opp til fag- /sveineprøve med 1766 personar. Utvikling avlagte prøver 2009 2013 År 2009 2010 2011 2012 2013 Avlagte prøver 2 732 2 696 2 724 2 423 2775 Utvikling avlagte fag-/svenneprøver for praksiskandidater 2009 2013 År 2009 2010 2011 2012 2013 Avlagte prøver 811 789 993 682 890 Oversikt over strykprosent på praktisk fag-/sveineprøve Type 2009 2010 2011 2012 2013 Lærlingar 10 % 11,8 % 12 % 11,9 % 11,8 % Elevar med alternativ sluttopplæring i skole 34 % 41,6 % 36,5 % 43 % 29,5 % Praksiskandidatar 5 % 7,7 % 8 % 6 % 8,4 %
Heva lærekontaktar Oversikt over heva kontaktar frå 2009-2013 2009 2010 2011 2012 2013 309 255 264 255 307 Heva lærekontraktar og opplæringskontraktar i 2013 Lærekontraktar (lærlingar) Opplæringskontrakter (lærekandidatar) Totalt 286 21 307 Heva kontraktar fordelt etter rett i 2013 Ungdomsrett Fullføringsrett Vaksenrett Utan rett Totalt 194 12 9 92 307 Ved utgangen av 2013 var 65 % av alle inngåtte lærekontraktar i Hordaland teikna med opplæringskontor. Heva kontraktar fordelt på opplæringskontor og sjølvstendige lærebedrifter 2013 Sjølvstendige lærebedrifter Opplæringskontor Prosent heva kontrakter i opplæringskontor Totalt 119 188 61,2 % 307 Statistikken viser ein ein auke i mengd heva lærekontraktar. Det var 52 fleire hevingar i 2013 enn året før. I dei fleste høve vert hevinga gjort ved semje mellom partane. Når lærebedrift og lærling er samde om at lærekontrakten skal hevast/avsluttast, signerer begge partar på dette. Det er ingen krav om at partane skal koma med ein grunn til at lærekontrakten vert heva når begge partar er samde om hevinga. Fagopplæringskontoret registrerer grunn til heving når det vert opplyst. Sluttopplæring i skole Dersom fylkeskommunen ikkje kan formidle opplæring i bedrift til dei som ønskjer slik opplæring, må også bedriftsdelen av opplæringa gjennomførast i skole. Tilbodet var på eit opplæringsår i einskilde fag. Fylkeskommunen har i 2013 gjeve tilbod for alternativ opplæring i skole i Vg 3 i følgjande fag: Landsbruksmaskinmekanikar, Kjole- og draktsyar, Sveisar og Industrimekanikarfaget, Bilfag, lette kjøretøy og Motormannfaget.
Heva kontraktar fordelt på fag i 2013 Kursnavn Heva Inngått ny kontrakt Gj.snitt antall mnd. i bedrift Akvakulturfaget 2 29,5 Aluminiumskonstruksjonsfaget 1 6,1 Ambulansefaget 2 37 Anleggsgartnerfaget 4 22,9 Anleggsmaskinførerfaget 3 1 23,1 Bakerfaget 1 9,9 Barne- og ungdomsarbeiderfaget 14 2 16,9 Betongfaget 9 1 12,1 Bilfaget, lette kjøretøy 9 2 13,8 Billakkererfaget 1 18,4 Bilskadefaget 1 37,7 Blomsterdekoratørfaget 1 37,6 Brønnfaget, havbunnsinstallasj 2 5,9 CNC-maskineringsfaget 2 14,5 Dataelektronikerfaget 1 1 12,7 Elektrikerfaget 39 25 17,1 Fjell- og bergverksfaget 1 6,8 Frisørfaget 44 15 13,5 Helsearbeiderfaget 25 4 15,3 Hestefaget 4 24,1 Hjulutrustningsfaget 1 1 14,7 IKT-servicefaget 5 12,4 Ind.tekstil, trikotasje 1 7 Industrimalerfaget 2 36,8 Industrimekanikerfaget 2 1 18,8 Industrimontørfaget 3 11 Institusjonskokkfaget 4 7,6 Isolatørfaget 1 41,2 Kjemiprosessfaget 2 11,4 Kokkfaget 10 4 8,6 Kontor- og admin.faget 3 1 10,3 Kulde- og varmep.montørfaget 1 20,8 Logistikkfaget 2 14,1 Låsesmedfaget 1 6 Malerfaget 5 10 Matrosfaget 4 1 12,1 Mediegrafikerfaget 1 3,2 Motormannfaget 8 10,9 Murerfaget 2 19,9 Platearbeiderfaget 4 14,7 Prod.elektroniker 1 2 19,5 Reiselivsfaget 1 12 Rørleggerfaget 19 5 19,4 Salgsfaget 3 1 13,2 Sjømathandlerfaget 1 2 Sveisefaget 2 10,3 Tavlemontørfaget 5 5 14,2 Telekommunikasjonsmontørfaget 2 1 30,6 Tømrerfaget 34 5 13,1 Vei- og anleggsfaget 1 13,7 Ventilasjon/blikkensl 6 19,5 Yrkessjåførfaget 4 4 10 Totalt 307 82 Faga som utmerkar seg når det gjeld hevingar i 2013 er: Frisørfaget (44), Tømrarfaget (34), Rørleggarfaget (19), Helsefagarbeidar (25), Barne- og ungdomsarbeidar (14), Elektrikarfaget (39 25 fekk ny kontrakt) og Kokkfaget (10). Elektrikarfaget vart ramma av ein større konkurs i 2013, og fleire av lærlingane fekk ny lærekontrakt i andre bedrifter
Prøvenemnd for fag-/sveineprøver og kompetanseprøve I 2013 hadde Hordaland fylkeskommune 131 prøvenemnder. I nokre av dei største lærefaga, som blant anna tømrarfaget, er det fleire prøvenemnder. I 2013 var det prøvenemnder i 132 fag og til saman 678 personar var medlem av prøvenemnder. Lærekandidatordninga I 2013 vart det inngått 57 nye opplæringskontraktar med lærekandidatar. Dette var 4 færre kontraktar enn året før. Yrkesfaglig grunnutdanning Fagopplæringskontoret avslutta prosjektet Yrkesfaglig grunnutdanning i juni 2013. Målet var at fleire elevar skulle komme ut av vidaregåande opplæring med en kompetanse som gav muligheit til å søke lønna arbeid. Det vart også laga ei handbok som var retningsgivande for planlagt Yrkesfaglig grunnutdanning. Handboka vert distribuert til rådgjevarane på ungdomsskulane og på dei vidaregåande skulane. Årstad vgs og Olsvikåsen vgs har vidareført modellen som er skissert i handboka. Erfaringar så langt tilseier at ein er avhengig av at skulane har eit godt nettverk av bedrifter i dei ulike faga. For at ein skal kunne lukkast med å teikna opplæringskontakt er ein avhengig av at skulen har lagt tiltrette for gode utplasseringar, følgjer eleven tett opp og ha eit godt samarbeid med bedrifta undervegs. Vekslingsmodellen Vekslingsmodellen er ein modell der elevar vekslar mellom opplæring i skule og bedrift undervegs i heile opplæringsløpet. Det er same krav til kompetanse for dei ferdige kandidatane som i den ordinære opplæringsmodellen. Vekslingsmodellen vil kunne virke motiverande for unge ved at dei får innsikt i yrket tidleg, og samstundes er knytt til ein skule under heile opplæringsløpet. Hausten 2012 sette opplæringsavdelinga i gong Vekslingsmodellen i Hordaland i samarbeid med EBA, Byggmestrenes Servicekontor AS og Bergen kommune. Målet med prosjektet var å utvikle og prøve ut ein modell for å auke gjennomføring og styrke den faglege fordjupinga i yrkesfag. Sluttmålet er fag- eller sveineprøve. Det vart etablert tilbod i helse og oppvekstfag (Helsefagarbeidar og Barne- og ungdomsarbeidar) på Olsvikåsen videregående skole og i Bygg- og anleggsteknikk (Tømrar og Betong) på Slåtthaug videregående skole frå hausten 2013. Opplæringsløpet er slik at deltakarane startar opplæringa på skulen, men skal gå ut i lære alt etter første halvår. Teorien tas deretter i modular på skulen. Skule og lærebedrift samarbeider nært i heile opplæringstida, og all teori blir yrkesretta. Ved oppstart var elevane fordelt på følgjande fag: Tømrarfaget (15 elevar) helsefagarbeidar (9 elevar) og barne- og ungdomsarbeidar (11 elevar). Ein del bransjar/fagområde har meldt interesse for vekslingsmodellen dersom dette blir vidareført.
Godkjenning av lærebedrifter og opplæringskontor Statistikk 2012 2013 Sakshandsama godkjenningar 167 232 (Lærebedrift/lærefag) Fagopplæringskontoret har handsama 232 søknader om godkjenning som lærebedrift/lærefag i 2013. I 2012 var talet 167. Dette er ein auke på heile 39 %, i alt ein auke på 65 søknader som er sakshandsama og godkjent. Søknadane er både frå bedrifter/ opplæringskontor som ønskjer godkjenning for første gong, og frå bedrifter/ opplæringskontor som vil ha godkjenning i fleire/nye fag. Det er viktig å presisera at ikkje alle bedrifter som får godkjenning som lærebedrift ender opp med å ta inn lærlingar. Sjølv om det kvart år vert godkjent fleire nye lærebedrifter fell det også bort lærebedrifter kvart år. Lærebedrifter mister automatisk godkjenning dersom dei ikkje har hatt lærlingar siste 2 åra. Samstundes er det fleire bedrifter som eksempelvis går konkurs, vert kjøpt opp, eller av ulike grunnar vel å gå ut av lærlingordninga. Informasjonsmøte for nye lærebedrifter Éin gong per månad har Fagopplæringskontoret hatt tilbod om opent informasjonsmøte om lærlingordninga. Både nye og gamle lærebedrifter er velkomne på møtet, som varer om lag 1,5 2 timar. Rettar og pliktar som følgjer med ein lærekontrakt, har vore det viktigaste tema. Det er lagt vekt på dialog og spørsmål undervegs i møtet. Etter møtet får bedriftene tilbod om samtale med ein representant frå Fagopplæringskontoret dersom det er ynskjeleg. I 2013 vart informasjonsmøte for nye lærebedrifter obligatorisk for lærebedrifter som står utanfor opplæringskontor. 89 representantar for lærebedrifter har vore tilstades på informasjonsmøte i 2013. Utanom desse 89 personane har fleire representantar frå bedrifter fått enkeltvis gjennomgang av informasjon om fagopplæringssystemet med sakshandsamar frå Fagopplæringskontoret. Informasjonsarbeid Fagopplæringskontoret har hatt auka fokus på informasjonsarbeid i 2013. I 2013 er nettsidene til fagopplæringskontoret oppdatert og forbetra. Fagopplæringskontoret oppretta i 2012 Facebooksida «Lærling i Hordaland». Facebooksida gir informasjon frå Hordaland fylkeskommune om lærlingordninga i Hordaland. Målgruppa er lærlingar, ungdom/elever som søker læreplass, foreldre, rådgivarar og andre som arbeider med personar som ønskjer læreplass i Hordaland. Innan utgangen av 2013 hadde Facebooksida i overkant av 1300 følgjarar.
Fagopplæringskontoret har også eit godt samarbeid med Senter for Yrkesrettleiing der informasjonsarbeid om fagopplæringsordninga står sentralt. Fagopplæringskontoret har i 2013 informert om fagopplæringssystemet på alt frå yrkesmesser, samlingar for rådgjevarar, etterutdanningskurs for rådgjevarar og lærarar i faget Utdanningsval, på bransjemøter, samlingar for lærlingar, til samlingar for tilsette i Nav. Utanom dette vart det arbeida med marknadsføringstiltak i form av annonsering på sosiale medier i form av artiklar om fagopplæring samt at det vart produsert ein reklamefilm «Bli lærling» som vart vist på Bergen kino. Informasjonsarbeidet i form av innlegg frå fagopplæringskontoret har vorte gjennomført både ute på samlingar og hjå eksterne samarbeidspartnarar, men også i møtelokala til Hordaland fylkeskommune. Nye kontraktar i 2013 fordelt etter sektor I 2013 vart det inngått 2138 nye kontraktar. Av desse var 1693 kontraktar inngått med bedrifter i privat sektor. Det vart inngått 251 kontraktar i kommunal sektor, 187 kontraktar i statleg sektor og berre 7 nye kontraktar i fylkeskommunal sektor. Fylkes kommunal Kommunal: 251 Statlig: 187 Privat: 1693 Fylkeskommunal Kommunal Statlig Privat
Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.