Årsrapport 2014. Frå tekstilsamlinga til Norsk Trikotasjemuseum. Foto: Norsk Trikotasjemuseum



Like dokumenter
Årsmelding Foto: Oddbjørn Steffensen

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Årsmeldingar 2014 avdelingsvis

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Forslag frå fylkesrådmannen

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Til deg som bur i fosterheim år

Lønnsundersøkinga for 2014

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Informasjon til pasientar og pårørande

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

MEDLEMSINFO. august 2009

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Teamarbeid og teambuilding

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Ruter og lus. Retrostrikk frå Salhus Tricotagefabrik. Ann Kristin Ramstrøm (red.) Hanne Dale og Siri Angela Gamborg

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Les for livet - del 2 (Ref # )

Spørjeundersøking om sentrumsområde

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Punkta under er ei oppsummering av hovudmomenta i diskusjonane på møtet.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Frå tre små til ein stor.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

8. Museum og samlingar

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Hei alle sjøstjerneforeldre

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

BARNEHAGEKONFERANSEN 2009 DEN FLEIRKULTURELLE BARNEHAGEN - EIn MøTESTAD FOR MANGFALD STAVANGER MAI

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015


Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

IKT-kompetanse for øvingsskular

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Lotteri- og stiftingstilsynet


SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

10. Arkiv. Riksarkivet og statsarkiva lesesalbesøk ved dei statlege arkiva. Utlån til arkivinstitusjonar og andre institusjonar

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

«Ny Giv» med gjetarhund

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Støtteordningar og søknader

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Informasjon til elevane

Månedsbrev april 2015

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Internasjonal vidaregåande skule

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

ehandel og lokalt næringsliv

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Transkript:

Årsrapport 2014 Lindells mobile tekstilfabrikk. Karin Aurora Lindell. Kunstutstilling vist i galleriet. Foto: Ellen M. Risbruna/ Norsk Trikotasjemuseum Frå tekstilsamlinga til Norsk Trikotasjemuseum. Foto: Norsk Trikotasjemuseum Frå ei av våre faste omvisingar for barn. Foto: Ingrid Høibo 1

Samandrag Norsk Trikotasjemuseum forvaltar og held til i Salhus Tricotagefabrik (1859-1989). Fabrikken er eit av dei fjorten nasjonale industriminna som er prioriterte av Riksantikvaren. Salhus Tricotagefabrik representerer eit tverrsnitt av tekstilindustrien si historie i Noreg. Saman med miljøet i Salhus som arbeidarbustader, skulehus og industrilandskapet er fabrikken eit godt døme på ein industri som sysselsette tusenvis av kvinner og menn i dei mange tekstilfabrikkane i Bergen og i Hordaland frå tida omkring 1850 til 1980. Norsk Trikotasjemuseum tar vare på og søker kunnskap om ein kompleks maskinpark som kan demonstrera produksjonslinja frå ull til ferdig strikka plagg. I tekstilmagasinet oppbevarer vi tekstiler frå Salhus Tricotagefabrik og andre norske tekstilbedrifter. Museet har også ei samling foto og bedriftsarkivet etter Salhus Tricotagefabrik finst på Bergen Byarkiv. Vi samlar inn, dokumenterer, forskar på og formidlar også om tema som dei sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske sidene ved eit industrisamfunn og ein tekstilfabrikk. Vi ser både på tekstilindustrien i eit lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Det er heile tida viktig å auke fagkunnskapen til dei tilsette ved museet. I kvardagens mange gjeremål knytt til aminstrasjon, dagleg drift, vedlikehald av bygg og anlegg etc. er det krevjande å få tid til grundige faglege oppdateringar. Det er derfor heile tida eit mål å jobbe for fleire faste fagstillingar. Rådgjevingstenesta for teknikk og industri i Bergen er integrert i den faglege verksemda ved museet, og gjennom denne yter vi ulike rådgjevingstenester til private samlingar i Bergen kommune. Personale i 2014 Faste tilsette: Ann Kristin Ramstrøm, avdelingsleiar (100 %), Lars Voss Sørhus, formidlar (60 %), Ingrid Haugrønning, formidlar (50 % og som vikar i tillegg), Else Standsnes, reinhald (60 %), Trond Oddekalv, arbeidsleiar (100 %), Knut Johannesen, driftsleiar (100 %), Geir Arne Tverlid, maskinoperatør (100 %), Torunn Kojan Bøe, rådgjevar (100 %), Siri Gamborg, formidlar (30 %), Ellen Marie Risbruna, formidlar (15 %), og Hanne Dale (50 % samlingsforvaltar). Mellombels tilsette utgjer ein viktig ressurs på ulike felt. I 2014 har desse jobba mellombels ved museet enten gjennom prosjekt eller som vikar: Hanne Dale (samlingsarbeid), Siri Gamborg (museumsbutikk og produktutvikling) Håkon Knudsen (bygg og anlegg), Harald Kvarme (maskinoperatør), Sigrid Gilje (formidlar), Live Gilje (kafévert), Irina Bergesen (kafévert), Birgitte Helle (sommarvikar), Endre Thomassen (sommarvikar bygg og anlegg), Alexander Johannessen (sommarvikar bygg og anlegg), Askild Oddekalv (sommarvikar bygg og anlegg) og Åsmund Oddekalv (sommarvikar bygg og anlegg). 2

Forsking og dokumentasjon To tilsette har levert inn kvar sin fagfellevurderte artikkel i prosjektet Det fleksible arbeidsliv, i regi av Nettverk for arbeidarkultur. TKB: «Internasjonal arbeidsdeling i norsk tekstilindustri i lys av Safa Samnanger og Dale of Norway». AKR: «Mellom synåla og akkorden. Dei fleksible sydamene på Salhus Tricotagefabrik». Skal bli publisert i 2015. Industridokumentasjon IH, HD, TKB og AKR har utført eit relativt omfattande dokumentasjonsprosjekt på Dale Garn. Med midlar frå Hordaland Fylkeskommune og Gjestdal AS er produksjonslinja dokumenter i film av Pandora film. Fleire timer råmateriale finst og skal oppbevarast til å kunne brukast av forskarar eller andre. Av dette er det laga ein 7 minutt lang film som blir vist på museet. Hanne Dale ved museet har tatt onlag 500 foto av heile produksjonslinja. Det blei og utført ca 15 intervju av tilsette. Industridokumentasjon er ein metode både for å dokumentere ulike sider ved industrien og formidle industrien og kunnskapen frå dokumentasjonsprosjektet, noko dette prosjektet er eit godt døme på. Frå produksjonslokala til Dale Garn. Foto: Hanne Dale / Norsk Trikotasjemuseum 3

Forvaltning Samlingsforvaltning Vi har arbeidd med revisjon av samlingsplanen til MuHo i samlingsgruppa. Samlingsansvarleg ved NT har i 2014 vore frikjøpt 50 % til arbeidet med ein felles samlingsplan for Hordaland, der Bevaringstenestene er prosjektansvarleg. Vart tildelt Kr 150 000 frå Norsk Kulturråd til å ordne bedriftsarkivet etter Cebelle- Trengereid. 100 av 370 kassar ordna og registrert, mellom anna foto, vareprøver, personal-relatert materiale og ulike typar korrespondanse. Samlingsforvaltar ved NT arbeidde med dette hausten 2014 samarbeid med tilsette på Bergen Byarkiv. Arbeid med arkivet etter Cebelle-Trengereid på Bergen Byarkiv. Foto: Bergen Byarkiv Dokumentert og tatt imot gjenstander, arkiv og foto etter Tangens gardinfabrikk. I samarbeid med Bergen Byarkiv. Prosjektrapporten til samlingsprosjektet Forvalting av teknisk-industrielle samlingar fullført og avslutta. Arbeid med fotosamlinga; vi har starta arbeidet med å organisere og katalogisere fotosamlinga ved museet, og har hovudsakleg rukke over nyare tilvekst. Arbeidet med dette prosjektet måtte vike for arbeid med arkivet etter Cebelle-Trengereid, m.m., og vi vil vidareføre det i 2015. Samlinga etter Gunnar Pedersen AS: digitalisering av eit lite utval dias frå ca. 1950-70 som viser broderi i interiør. Lageret i Ytre Arna er tømt og maskinar og gjenstandar er flytta til nytt og betre lager i lokala etter Dale fabrikker, særleg mtp. sikkerhet, fuktigheit og temperatur. Desse lokala er også rimelegare enn dei i Arna. Mellom anna er maskinar og utstyr etter band- og lissefabrikken Cebelle Trengereid, blitt flytta dit. Dokumentasjon av fyren og sprinklaranlegget ved fabrikken. Foto: Hanne Dale / Norsk Trikotasjemuseum 4

Museet har hatt to innflyttingar i fellesmagasinet i løpet av året: i hovudsak broderi etter Gunnar Pedersen AS og gardinprøver frå Tangens Gardinfabrikk. Det er rydda i beredskapsrommet og opplysingar er innhenta. Dokumentasjon Vi har planlagt og gjennomført dokumentasjon av Dale Garn i samarbeid med Pandora film. Film- og fotodokumentasjon av fabrikklokala og produksjonslinja, og til saman ti intervju med tilsette (som og nemnt over). Dokumentert mekanisk verkstad, fyren, teaser, tvinnemaskin, beredskapslager, reparasjon av strikkemaskiner og andre område på fabrikken. Dokumentasjon av reparasjon av sokkestrikkemaskin (Nagata Seiki frå 1980- og 90-talet). Dokumentasjonen føregjekk i samband med overhaling og igangsetjing av desse maskinene i juni saman med Harald Sagen, Safa Samnanger. Maskinen er ei gåve frå Safa Samnanger. Tilvekst i 2014 1) I samarbeid med Bergen Byarkiv henta vi gjenstandar og arkiv etter Bergensbedrifta Tangens Gardinfabrikk. Materialet rommar stort sett vareprøver og stoffprøver av gardiner, dukar og møbelstoff. Vi har tilvekstført til saman 142 gjenstandar frå Tangens Gardinfabrikk. 2) Museet har fått ei manuell rundstrikkemaskin i gåve frå ein privatperson. Maskina er ubrukt og komplett, er av merket «Bi» og er frå 1930-talet (truleg 1932). 3) Museet var til stades ved stenginga av Sentralbadet i oktober, der tidlegare garngrossist Asbjørn Nøland AS hadde lagerlokale tidlegare. Museet tok imot eit utval mønster til handstrikk, til garn frå m.a. Dale Garn, Sandnes Ullvarefabrikk og Sandnes Kamgarnspinneri. 4) Eitt måleinstrument for garn frå Bergen Tekniske Skole. 5) I etterkant av dokumentasjonsprosjektet ved Dale Garn, har vi motteke bilete frå produksjonslokala, litt reklamemateriell, arkiv og nokre bøker. Terningar med knappenåler: reklame frå Tangens Gardinfabrikk. Foto: Hanne Dale /Norsk Trikotasjemuseum. 5

Innflytting i Fellesmagasinet til Bevaringstenestene/ MuHo To innflyttingar, all hovudsak broderi etter Gunnar Pedersen AS og gardinprøver frå Tangens Gardinfabrikk. Lageret i Ytre Arna er tømt og maskinar og gjenstandar er flytta til nytt og betre lager i lokala etter Dale fabrikker, særleg mtp sikkerhet, fuktighet og temperatur. Desse lokala er også rimelegare enn dei i Arna. Mellom anna er maskinar og utstyr etter band- og lissefabrikken Cebelle Trengereid, blitt flytta. Formidling 2014 var eit godt besøkt år ved museet og me hadde 7806 besøkande som nytta seg av museet sine ulike formidlingstenester og utstillingar. Formidlingsavdelinga har gjennom året hatt jamlege møter innan dei ulike formidlingstiltaka som er alt frå å driva kafeen, utvikling av museumsbutikken, strikkekafear, idémyldring, samt avvikling av arrangement, publikumsretta arbeid; ta imot og gi omvising til enkeltpersonar og grupper inkludert skular og barnehagar i og utanfor opningstid (med ulike vinklingar og tema), ulike aktivitetar i skuleferiar, utvikle og vedlikehalde heimesida, annonser, utvikling av barneverkstaden, utstillingar etc. Mykje av dette arbeidet går føre seg i tett samarbeid med avdelingsleiar. Guttar som deltar på opplegget Jakten på Bæændik. Foto: Ingrid Høibo Gjennom heile året har me tilbudd barnefamiliane faste opplegg for barn annan kvar søndag: barneverkstad og omvising for barn; Bændik. Pedagogiske tilbod til barnehagar og skular, småtrinnet, SFO, mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande skule. Også undervisingstilbod til høgskular. Omvisingar i fabrikken for ordinært publikum i og utanom opningstid. I tilknyting ulike arrangement har det også vore tilbod om omvising i Kulturminneløypa og i Stoff, Støy, Strev, Stemmer. Diverse oppslag i media, som i Strilen, Avisa Nordhordland, Åsane Tidende, NRK Hordaland, radio og Klassekampen. Utstillingar i galleriet Malerier av Gunnar Slettebakken, 16. februar- 30. april Studentar frå KHiB, Loose Ends, 11. 31. mai Karin Aurora Lindell; Lindells mobile tekstilfabrikk, 5. juni- 12.oktober. Barn i maleriutstillinga til Gunnar Slettebakken. Foto: Ingrid Høibo 6

Marie Skeie: 1000 fugler, eit internasjonalt kunstprosjekt mellom Norge og Gaza, 25. oktober 2014-4. mars 2015 Detaljer frå utstillinga Tusen Fuglar av Marie Skeie. Foto: Ellen M. Risbruna/ Norsk Trikotasjemuseum Undervisningstilbod og skulebesøk Travelt skuleår med stadig fleire besøkande og vi får god respons både på alle undervisingstilboda, på våre arrangement og utleie. ER og IH deltok på «Kulturell markedsplass» i regi av Den kulturelle skulesekken i Bergen, med informasjon om museet sitt skuletilbod. Deira nettportal fungerer fint mtp å få sendt ut informasjon til grunnskulane i Bergen. Vi ser at fleire og fleire lærarar bruker denne sida. Vi jobbar stadig med å nå ut til nye skular og lærarar, sidan det framleis er slik at det først og fremst er dei som kjenner museet og som er spesielt interesserte som kommer. Ved sidan av speler også avstand og kollektivtilbodet mykje. 7

Døme på undervisingstilbod Bli kjent med ull For barnehagar, skuler og SFO: Gjennom heile året kjem barnehagar, SFO-elevar, og skuleklassar frå 1.-3. trinn for å lære om ull og korleis ein kan lage klede av ull. Dei fleste av desse gruppene får og omvising med sauen Bæændik i fabrikken. Jakten på Bæændik Annankvar søndag og kvar dag i skuleferiane har vi hatt tilbod om barneomvising i fabrikken. Her leitar vi etter sauen Bæændik som fortel om korleis ulla kan bli til ein undikk og klede. Barneverkstader Gjennom heile året tilbyr vi eigne barneverkstader søndagar i partalsveker, og i skuleferiane. Barna får ta del i tekstile aktivitetar som både vektlegg fingerferdigheit, kunnskap og fantasi. I planlegginga forsøker vi å gjere opplegga inspirerande både for gutar og jenter. Tema i 2014 har vært; bilder med kakeformer og filtenål, påskekyllingar med ull, filt og synål. Sommeraktiviteten var å lage fingerdukker, framover hausten papirblomster av gamle vekeblad og reklamemateriell, slangar i våttovingsteknikk, våttoving av «Såpe i ulldyne», juleverkstad med kremmerhus og bordynt med fabrikk-kjegler, filt, perler og stas. Den industrielle revolusjon Vi får ofte besøk av skuleklassar frå ungdomsskulen og vidaregåande som vil lære meir om den industrielle revolusjonen og ser på Salhus som eit godt eksempel på industrialiseringa av Norge frå siste halvdel av 1800-talet. For dei eldre elevane dreg vi også inn å gi kunnskap om arbeidsforholda og streiken ved Salhus-fabrikkane i 1920. «Traff du Clausen, var det bare å neie» Dramapedagogisk tilbod til skuleklassar på mellomtrinnet. Her vert elevane kjende med korleis det var å vakse opp i ein industristad som Salhus. Elevane får gjere fabrikkrelaterte aktivitetar som krev samarbeid og innsats. Vi pratar om korleis det var å arbeide på akkord og at arbeidsgjevar (Clausen) var nøye med at alt var utførd skikkeleg. Opplegget rundes av i skulehuset kor elevane får være ein gamaldags skuleklasse, dei øver inn ein song som dei syng når Clausen kjem på inspeksjon. Opplegget er og gjennomførd som barneaktivitet under aktivitetsdagar som «Livet utanfor fabrikken» og på «Levande fabrikk». 1000 fuglar- eit kunstprosjekt Ulsmåg skule og Salhus skule deltok i kunstprosjektet til Marie Skeie. Menneske i Palestina og Norge skal brodere fuglar og legge ved ein bodskap som vart med i utstillinga som opna i galleriet på museet 19.10. IH var i denne samanheng på Ulsmåg skule for å få dei til å bidra i prosjektet, og dei 8

leverte inn om lag 60 fuglar. IH og SG tok i mot til saman 30 elevar frå 4.-7. trinn på Salhus skule som og bidrog til denne utstillinga. Til saman hadde vi i 2014 totalt 1451 skuleelevar som fekk eit tilpassa undervisningstilbod hos oss ved Norsk Trikotasjemuseum, det er ei auke på 200 elevar frå 2013. Marknadsføring ER har arbeidet med brosjyre med informasjon om tilbod til skular og barnehagar, og denne skal leverast ut til og skal leggast ut som ei pdf-fil på våre heimesider. Også laga plakatar og informasjonsmateriell til arrangement, strikkekafe og Levande fabrikk. ER har også jobba med å oppdatere heimesida, facebook og instagram. Vi har nå over 500 som følgjer oss på facebook. Vi har oppretta ein konto/sted for Norsk Trikotasjemuseum på Tripadvisor i sommar. NT deltar i webrugga til MuHo. Prosjekt Prosjekt 1814- fellesprosjekt i MuHo LVS og IH deltok i MuHo sitt felles undervisingstilbod til skulane i Nordhordland om demokrati, mat og helse i 1814. Muho si hovedmarkering av grunnloven. Vi var med på planlegging og gjennomføring i samarbeid med kollegaer frå dei andre avdelingane. Aktivitetane fann stad på Vestnorsk Utvandringssenter, Lyngheisenteret og Osterøy museum. Til saman 400 skuleelevar frå ungdomsskular i Nordhordland deltok. Vi er ikkje kommet til jorden for noe gjestebud- teater I år feira vi at det er fem år sidan vi satte opp forestillinga for første gong. I år viste vi seks forestillingar i perioden 7. -16. november, med totalt 780 publikummarar, noko som tilsvarar eit belegg på 81 %. Den siste forestillinga var så full at vi måtte ty til ståplasser, men vi måtte også avvise folk i døra sidan det ikkje var plass til fleire i salen. Framleis får vi mange gode tilbakemeldingar frå publikum. Avisa Strilen konkluderte med: «Strålande Gjestebod». Vi har også i år vidareført samarbeidet med Salhus skule, kor elevane i 4. og 5. klasse får undervising i dramalek og 9

teaterøving, og dei speler i stykket. Elevene blir delt inn i to grupper, og har spelt kvar si helg. Etter fem år er forestillinga i ferd med å gi ein ny generasjon felles referansar til felles historie. Det er klare forventingar om at stykket og skal spelast i 2015. Arrangement 25. mars: Strikkekafe, 1000 fuglar med Marie Skeie 29. april: Strikkekafe, Hanne Dale fortel om broderisamlinga frå Gunnar Pedersen 5.-9. mai workshop med KHIB 10. mai: Utstillingsåpning KHIB, Loose Ends 27. mai: Strikkekafe med Solveig Jordal som fortalte om minnetepper 15. juni: Livet utenfor fabrikken Utkledde barn under Livet utanfor fabrikken. Foto: Lars Voss Sørhus/ Norsk Trikotasjemuseum. 15. juni: Opning av kunstutstillinga til Karin Aurora Lindell; Lindells mobile tekstilfabrikk. Oddny Miljeteig, nestleiar i komité for Kultur i Bergen kommune opna utstillinga. 26. august: Strikkekafe, 1000 fuglar med Marie Skeie 31. august: Levande fabrikk 10

Syerskere som jobba på Salhus Tricotagefabrik då den var i drift. Her viser dei korleis ein syr under Levande fabrikk. Foto: Ellen M. Risbruna/ Norsk Trikotasjemuseum. 30. september: strikkekafe Salhusstrikk med Kristine Akselberg, del av Ulluken 2014 15. oktober: Opning av 100 fuglar av Marie Skeie. Sveinung Valle opna utstillinga, musikalske innslag fra Dråpe, skype fra Gaza og innlegg av kunstner Kathrine Meisfjord 24. oktober: Dei ureine, ei forestilling om dei spedalske på strilelandet. Song, foredrag og musikk ved Reidun Horvei, Ole Didrik Lærum og Per Inge Hove 28. oktober: Strikkekafe Nøstebarn 25. november: strikkekafe Human Knitting Machine med strikkedesigner Ingun Myrstad Deltok og bidrog inn i Ulluken 26. september- 5. oktober Deltok og bidrog inn i Kulturfest Åsane 26. oktober- 2.november. Anna Skriver tekster om industribedrifter og legger ut på: www.industrimuseum.no Vi har starta opp med å lage mønsterperm til museumsbutikk og til kafeen. Tanken er at besøkande skal kunne bla i denne og ta kopier til privat bruk, i påvente av ei digital formidlingsløysning for mønstra. Besøkande kan fritt kopiere broderimønstra, og vi sel mønstre/ oppskrift til strikking. Filmen av Dale garn blir vist fast i museet sin foaje. Arbeidet som er gjort av samlingsgruppa og driftsleiar i mekanisk verkstad, har bidrege til ei utviding av publikumstilbodet. 11

Museumsbutikk og produksjon Norlender på Osterøy vaskar og etterbehandlar den ferdig strikka metervaren som nå har fått nye fargar med garn frå Sandnes garn. Skreddar Kristine Akselberg syr produkt for museet, og har designa 2 nye jakkemodeller. Offisiell lansering i september. Prisen på genserane vil bli satt opp. Også putetrekk og pulsvarmarar i den nye fargen. SG ferdigstiller pledd og skjerf, og lager sitteunderlag. Nye merkelappar til alle våre produkt under det nye navnet SalhusStrikk. Rådgjevingstenesta Arbeider med å kartleggja tekstilbedrifter i Bergen kommune. IH har hatt eit møte med NERAmuseum om vidare bevaring av gjenstandar, arkiv og kunnskap om teknologibedrifta. TKB har bistått Bergens Tekniske Museum med søknad som støtte til arrangementet «Kulturnatt». Kommunen støtta prosjektet med 6000,- Ho har og vore på museets julemøte. Tekstilindustrien i Bergen Vi har starta opp eit prosjekt om å kartlegge tekstilindustrien i Bergen. Vi vet at nær alle slags tekstiler har blitt produsert i nærmiljøet i løpet av 1900-tallet, men det gjenstår mange spørsmål vi ønsker svar på. Hvor mange tekstilfabrikker har hatt sitt virke innenfor dagens grenser for Bergen kommune? Hva ble produsert? Hvor ligger/lå disse fabrikkene? Hvor mange var sysselsatt ved de ulike bedriftene? Vi startet med en plan for å lage oversikt over alle bedrifter. Oppslagsverk som «Norsk Teko-industri» (1976) og «Det Norske Næringsliv» har vært viktige kilder. Vi har nå en liste på 116 bedrifter som av disse blir regnet innenfor tekstilindustrien. Planen er å utvikle en liste med informasjon om produkter og antall ansatte. Vi må finne ut når bedriftene har virket, og hvilke bedrifter som egentlig kan samles under samme eierskap/konsern. Det er interessant å følge eierskap og merkevarer over ulike adresser og bedrifter. Vi ønsker og er i gang med å utvikle et kart hvor hver fabrikk blir plassert inn, samle bilder og de opplysningene som er nevnt ovenfor, slik at man kan få et inntrykk av hvordan tekstilindustrien en gang har dominert så vel gatebildet som klær og tekstiler knyttet til interiør i de vestlandske hjem. Listen er klar som et dokument i excel, og vi har akkurat fått opprettet et eget kart i Google Maps hvor vi kan legge inn adresser og mer informasjon om de enkelte bedriftene. 12

Forvaltning Bygg og anlegg Utvendig arbeid 2014 har vore eit år med mykje godt ver, og vi har fått vaska, skrapa, grunna og malt både bygg og vindauge. Vi gjer greie for kva som har blitt malt under: BYGG PÅ OMRÅDET Rulleboden (bygg 1866), veggar Skulehuset (bygg 1878), vegger og vindauge Alle veggane på lærarbustaden (1864) Vegg under rapo 1860 bustad og bodtilbygg 1860 bustad Dei nye vindauga til Kveldheim (bygg 1866) har blitt grunna og malt. FABRIKKEN Gavlvegg på 1900- bygg Vegg til oljetankrom og på vegg til varmeloft Gavlvegg 1932 bygg Saman med Bevaringstenestene (som held til i ein del av fabrikkbygget) vart det leigd inn firma som malte veggene på felles Bygg 1900 vart reingjort, skrapa og malt sommaren 2014. Foto: Hanne Dale / Norsk Trikotasjemuseum bygg, 1936, 1953 og 1913. Tilsette på museet kitta og malte vindauga. Det vart skifta ut knust glas, samt utført vedlikehald på dei originale stålrammene som glasa står i. Eitt omfattande og stort arbeidd. Om ønskjeleg, kan ein lese rapporten over arbeidet via Hordaland Fylkeskommune. Før alt malearbeidet kunne ta til, måtte stillaset settast opp, og tas ned igjen etter at arbeidet var avslutta, eit tidkrevjande arbeid, men heldigvis har vi dei siste åra kjøpt inn stillas slik at vi ikkje treng å leige inn. Anna utvendig arbeid Hausten 2013 opplevde vi tider med store nedbørsmengder og mindre flaumskader. Milaelva, som går under bygg 1900, brakte med seg store mengder lausmasse og stein som la seg under bygg 1900. Vi har fjerna 70-80 kubikk med steinmasser og rydda under bygget ved hjelp av ferje med gravemaskin og dumper (sjå foto under). Det vart denne gongen grove mykje djupare enn sist i 2007. 13

For å komme til under bygget måtte vi demontere kaien for å kunne stå oppreist mens vi jobba. Vannmassane øydela nokre av dei berande konstruksjonane på kaia. Deler av utgiftene til dette vart dekka av Namsfogden. I 2015 skal vi fullføre arbeidet med ny understøtting av kai, og skru kaiplankane på plass igjen. Vi skal og følgje opp NVE som har lova att Milaelva skal sikrast i 2015. Til høgre ser ein foto frå oppryddinga. Alle dei andre kaiane er vaska og fått to strøk med overflatebehandling. Elles er det utført mykje arbeid på museet sitt uteområde. Nokon stader har vi planert, sådd plenfrø, gjødsla og kalka. Nokre natursteinmurar har blitt satt i stand av museet. Vi har og erstatta smale stiar med opparbeidde gangveier. Desse er myke meir funksjonelle, og ikkje minst historisk riktige. Ved sidan av dette har deler av uteområdet blitt spylt og kosta, og benker har blitt satt ut både på badeplass og elles der dei naturleg høyrer til. Anna vedlikehaldsarbeid og arbeid på anlegget Vi har skifta dei berande bjelkane under rapo på 1860 bustad. Her var det mykje råte grunna eldre dårlege bygningsteknisk løysningar. Vi måtte også skifte opplengarane på deler av den lafta veggen grunna ein lekkasje. Vi har i fleire år har leigd eit lager i Ytre Arna, til maksinar og til ulike gjenstandar. Tilstanden i dette bygget har ikkje vore god, og vi har nå flytta alt over til eit nytt og betre lager på Dale kor fuktighet og temperatur er mykje betre. På kaia sør ved fabrikken har vi montert ein ladestasjon til el- bilar. Arbeid innvendig Mekanisk verkstad Vi har rydda, sortert og reingjort handverktøy, elektrisk verktøy, både handheldt og stasjonært. Forutan sortering og reinhaldsarbeidet, har mekanisk verkstad blitt dokumentert via film og Frå dokumentasjonen av mekanisk verkstad; reinhald og gjennomgang av verktøy. Foto: Hanne Dale / Norsk Trikotasjemuseum 14

foto. Handverkarane har arbeidd saman med samlings-forvaltarane, og informasjonen til handverkar er filma og nedteikna. Korrespondanse og katalogar vi fant på mekanisk verkstad, er sendt vidare til Bergen Byarkiv. Ved å få satt istand verkstaden er det nå enklare å kome til bygningskonstruksjonane i lokalet, samt vi kan også nå vise verkstaden til publikum. Fyrrom Rydda, sortert, reingjort og malt. Mykje av det opprinnelege utstyret har blitt dokumentert saman med samlingsforvaltarane via film og foto. Som med mekanisk verkstad kan også dette rommet nå visast fram til publikum. Detalj frå fyrrom. Foto: Hanne Dale / Norsk Trikotasjemuseum Maskinparken Spolemaskinen på spoleloftet er gjennomgått. Sokkestrikkemaskinar er gjennomgått. Ringspinnemaskin er gjennomgått. Rundstrikkemaskiner er også gjennomgått. Diverse anna arbeid 2 dreiemaskinar og 1 stor boremaskin, satt inn med olje. Ny eldstad er montert i lærarbustad. Deler av vegg på ullaloft fått nytt panel. Rotne golvbjelkar i eit lite rom i bakdelen av 1900-1910 bygg er skifta ut. Rydda, sparkla, pussa og malt i 1860- bustad. Sprinkel anlegget, delvis frå 1928 og det nest eldste i Norge som framleis er i drift, er vaska, reparert og målt med 2 strøk. 15

Utført vedlikehald av gamalt tretongdekke på golv på spoleloft. Tretrong er ei blanding av sement og sagflis, og fabrikken la dette på golvet for å unngå at golvet blei glatt om ein sølte olje. Tretongen motverka at olja trakk ned i tregolvet. Sikring av bygget og anlegget Vi lister opp ulike sikringstiltak som er utført i 2014: Nytt sikringsskap med varmeelement i fjellhallen. Installert og montert EFP 1 system i hovudtavler i fabrikken og på bygget Kveldheim (1866). 8 underfordelingskap er oppgradert, etter nye forskrifter frå installatør. Branndetektert rullebod (1866). Nå er også denne kobla direkte mot brannsentralen og er i egen sone knytt til Kveldheim (1866). Mekanisk verkstad: sikra el- anlegget og utjevningsjorda. Smia: skifta el-kabler, overhalt og sikra motor for esse og utjevningsjorda. Fyr-hus: full overhaling av el- anlegg, alle kabler og utgjevningsjorda. Nye nød- og rømningsveger, samt installert nød og ledelys i rømningsvegen Installert detektor på klubbkontor. Installert el-tidsur på hvitevarer. Sprinklersentral: Installert «overvåkning» av utkoblingsnøkler og nøkkelsafe. Skorstein 1905: Lynvern fra fabrikkpipe, kobberkabel og kobberplate er lagt ut i sjø. Lagt om el- kablar i skulehus, på ullaloft og i magasin. 1900- bygget: Ny strømforsyning med underfordelingsskap og sikring av El-anlegg, utjevningsjorda. Person/vareheis i 1953-bygg: Pga. nye forskrifter frå heiskontrollen har vi montert to stk nye lyspunkt i tak. Skifta to dører i rømingsvei i fyrrom. Elles held vi framleis på å skifte ut pcb-haldige komponentar i dei gamle lysarmaturane, eitt omfattande og tidkrevjande arbeidd. BKK foretok ein omfattande el-kontroll på alle bygga til museet hausten 2014. BKK kunne kun peike på små manglar, og desse er nå retta opp. Alle avtalte årskontrollar og serviceavtalar er gjennomført. Handverkarar har delteke på brannvernkonferansen, fått kursbevis som godkjent montør av eldsteder og skorsteinar, og på andre fagleg relevante kurs og seminar. 1 EFP-systemet er eit brannsikringssystem som detekterer og stopper branntilløp i elektriske anlegg før brann eventuelt bryt ut. 16

Nasjonale nettverk og andre nettverk AKR sitter i gruppa Nasjonal beredskapsgruppe i regi av Nettverk for arbeiderkultur. TKB og AKR er aktive i Nettverk for arbeidarkultur og Nettverk for industrihistorie, og NTvar vertskap og deltakarar (TKB og AKR) på seminaret til gruppa «Det fleksible arbeidsliv». AKR sitter og i arbeidsutvalet til det nyoppretta nettverket mellom UiB/ AHKR, Byantikvaren i Bergen, Hordaland Fylkeskommune, ved fylkeskonservator, Universitetsmuseet i Bergen som skal sjå på ulike problemstillingar innan forvalting og forsking på industriminner. AKR og TO er aktive i Nettverket for dei nasjonale industriminna. NT er også med i Nettverket nordiske tekstilindustrimuseer. Kurs TO: Brannvernkonferanar. TO: Gjennomført kurs som godkjent montør av ildstader og skorsteinar. LVS og IH: formidlingsseminar, «Maur i rompa». AKR: delteke på leiarseminar i regi av Norges museumsforbund. TKB, IH og AKR: Gjennomført kurs i industridokumentasjon i Kristiansund. TKB og AKR: Seminar; «Prioritering av samlingene». LVS og IH: Gjennomførte faget Muntlig formidling i regi av NLA. SG: Tovekurs SG: Fullført eit emne i Kulturvitskap ved NTNU. HD: Grunnkurs i Asta. Ved sidan av dette har tilsette også delteke på ulike seminar i regi av mellom anna Norsk Kulturråd, Norges museumsforbund, Riksantikvaren, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, på og av andre konsoliderte museer etc. Til slutt vil vi takke alle samarbeidspartnarar for godt samarbeid, som Arna og Åsane Kulturkontor, Salhus turn, Salhus vel, og ikkje minst gi ein takk til Venneforeininga til Norsk Trikotasjemuseum for alt godt arbeid utført av deira medlemmer. Ann Kristin Ramstrøm Salhus Februar 2015 17