STYRET Sak 2012/11 Plan for flytting av døgnplassar frå Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter til nevrologisk avdeling i Molde og avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund Behandlast i: Styret for Helse Møre og Romsdal HF Møtedato: Saksbehandlar: Ass. direktør Helge Ristesund 28.02.12 Arkivkode: 012 Saksmappe: 2011/857 Forslag til vedtak: Styret for Helse Møre og Romsdal tek saka til orientering. Ålesund, 20. februar 2012 Astrid J. Eidsvik adm. direktør
2 Saksutgreiing: 1. Bakgrunn Under behandlinga av styresak 2011/48 Oppfølging av føretaksprotokollen av 30. juni 2011 frå Helse Midt-Norge til Helse Møre og Romsdal - oppfølging av Strategi 2020, vart det gjort vedtak om det framtidige tilbodet innan rehabilitering. Styret gjorde slikt vedtak i saka: Styret for Helse Møre og Romsdal HF sluttar seg til tilrådingane frå administrerande direktør knytt til oppfølging av Strategi 2020 og føretaksprotokollen frå Helse Midt-Norge RHF av 30. juni 2011. Styret føreset at Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter ikkje kan leggast ned før kvalitative tilbod på Fys. med./nevrologisk avdeling blir etablert. Som ein konsekvens av styrevedtaket skal tilbodet som i dag er ved Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter (14 senger) omorganiserast og flyttast. Konkret skal dette skje ved å etablere 4 senger ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Ålesund sjukehus, og 4 senger ved nevrologisk avdeling ved Molde sjukehus. Ein del av tilbodet ved Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter kan også erstattast med poliklinisk behandling og dagbehandling. Det resterande tilbodet som ikkje blir dekt ved desse to avdelingane skal ivaretakast ved Aure Rehabiliteringssenter og Mork Rehabiliteringssenter. Som planlagt vert Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter sommarstengt 22. juni, og tilbodet skal vere i drift ved dei to sjukehusavdelingane frå 1. august og 1. september. 2. Prosess etter styrevedtaket Etter styrevedtaket i møte 27.10.11, har ulike arbeidsgrupper utarbeidd planar for det framtidige tilbodet ved Molde og Ålesund sjukehus. Eigne arbeidsgrupper har utarbeidd planar for dei bygningsmessige tilpassingane. Planane har vore drøfta med brukarrepresentantar. Samla kostnader for få etablert tilfredsstillande lokalitetar blir på om lag 7,8 mill kroner. I tillegg kjem kostnadar til etablering av teknisk rom på tak ved Molde sjukehus. Ei tverrfagleg arbeidsgruppe har utarbeidd retningsliner for kvar noverande pasientar på Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter skal få sitt framtidige tilbod etter at det er avvikla. 3. Bygningsmessige tilpassingar Både ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Ålesund sjukehus og ved nevrologisk avdeling ved Molde sjukehus, er det behov for å gjere bygningsmessige tilpassingar. Dette gjeld spesielt etablering av fleire einerom og toalettforholda. 3.1 Bygningsmessige tilpassingar ved nevrologisk avdeling På avdelinga blir det etablert fire nye einerom med tilhøyrande toalett. Det blir også etablert utvida kombinert opphalds- og spiserom for desse pasientane. Dette skjer dels ved at utvendig terrasse mot sør blir innebygd.
3 Vidare blir trenings/fysioterapiarealet oppussa og gjort tilgjengeleg for pasientar også utanom ordinær arbeidstid. Under føresetnad av at byggearbeidet kan starte i månadsskiftet mai/juni, planlegg ein ferdigstilling 1. september. Direkte kostnadar til dei ovannemnde ombyggingane er kostnadsrekna til 4,8 mill kr. I tillegg må det monterast teknisk rom på tak. Kostnadane til dette er førebels ikkje klarlagt, men det kan dreie seg om 1 mill kr. 3.2 Bygningsmessige tilpassingar ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering På avdelinga må det etablerast tre nye einerom med tilhøyrande toalett (totalt 6 einerom). Med dette vil alle pasientane som blir overført frå Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter få tilbod om einerom. Dette arbeidet vil starte primo mai og vere ferdigstilt 1. august når pasientane frå Nevrohjemmet kjem. I tillegg ønskjer ein å frigjere areal til pasientbehandling og rehabiliterings-/treningsaktivitetar integrert til sengeposten. I dag er desse delvis lokalisert i to ulike etasjar. Dette skal gjennomførast i to fasar, og ved flytting av administrative funksjonar frå tredje etasje til underetasjen. Denne flyttinga er planlagt gjennomført innan 1. desember. Avdelinga har elles gode areal med omsyn til opphaldsrom, spiserom og bad. Samla bygningsmessige kostnader blir om lag 3 mill kroner. 4. Inntak og retningsliner for fordeling av pasientar mellom dei to sjukehusavdelingane Nevrohjemmet har over år utvikla høg kompetanse innan nevrologisk rehabilitering. For å sikre overføring av denne kompetansen, vil det verte utarbeidd ein plan for kompetanseheving ved alle dei fire einingane som skal ta over pasientane. Introduksjonsprogrammet som Nevrohjemmet nyttar for nytilsette vil vere til stor hjelp i dette arbeidet. Nevrologisk avdeling har svært god kompetanse når det gjeld dei aktuelle nevrologiske diagnosane gjennom heile sjukdomsutviklinga, men treng å styrke kompetansen innan generell rehabilitering. Avdeling for fysikalsk rehabilitering har generell rehabiliteringskompetanse, men treng spesiell rehabiliteringskunnskap til aktuelle pasientgrupper. Noko av dette sikrar ein ved det tverrfaglege personalet som blir overført frå Nevrohjemmet. Helse Midt-Norge har i justeringsforhandlingar med Muritunet rehabiliteringssenter lagt inn opsjon på kjøp av plassar t.d. programopphald for pasientar med nevrologiske sjukdommar. I samsvar med styrevedtaket, vil ein likevel framleis primært nytte interne tilbod ved Aure Rehabiliteringssenter og Mork Rehabiliteringssenter. Det blir etablert eit felles inntaksteam innan helseføretaket si rehabiliteringsteneste. Ein legg opp til at sekretariatet skal ligge ved fysikalsk medisin og rehabilitering. Inntaksnemnda vil ha representantar frå alle dei fire rehabiliteringseiningane, og den konkrete fordelinga av pasientar mellom rehabiliteringstilboda i føretaket vil skje i inntaksnemnda.
4 Begge sjukehusavdelingane vil ha nærleik til nevrolog, urolog, lungelege, andre spesialistar og radiologi-/laboratorietenester. Rehabiliteringstilbodet ved desse avdelingane vil vere tverrfagleg, men med større innslag av kompetanse frå legespesialistar enn det som er situasjonen på Nevrohjemmet. Ved fordeling av pasientar mellom dei fire einingane, legg ein opp til å følgjande kriteria: Diagnose/problemstilling Funksjonsnivå Kompetanse ved sjukehusavdelingane/institusjonane Geografi og ønske frå den einskilde pasient Dei faglege argumenta vil vere avgjerande når inntaksnemnda skal ta stilling til kvar rehabiliteringstilbodet til den einskilde pasient skal bli gitt. Når det gjeld bruk av MS-senteret i Hakadal, vidarefører ein ordninga med at slike opphald skal vere godkjende på førehand av nevrologisk avdeling i Molde eller Ålesund. Dette fordi ein både av faglege og økonomiske årsaker ønskjer å nytte lokale tilbod. 5. Komande rehabiliteringstilbod ved nevrologisk avdeling Det er ikkje gjort nokon funksjonsfordeling av pasientar mellom avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering og nevrologisk avdeling. Alle fire institusjonane vil delta i felles inntaksnemnd, der det blir lagt vekt på fordeling av pasientar etter kompetanse, geografi, pasienten sitt ønske og pasienten sin funksjon. Konkret for nevrologisk avdeling inneber dette at dei 4 rehabiliteringssengene blir ein eigen seksjon i nevrologisk avdeling. Avdelinga vil samarbeide tett med dei andre rehabiliteringsinstitusjonane, samt drive poliklinisk behandling og ambulant verksemd ut mot kommunane. Sengene vil bli nytta til målretta utgreiings- og rehabiliteringsopphald. Tilbodet vil omfatte alle pasientar med ein nevrologisk grunnsjukdom som har behov for systematisk kartlegging av funksjon og rehabiliteringspotensiale, undervisning og rettleiing. Pasientgrupper vil særlig vere pasientar med MS, Parkinson, nevropati samt utvalde slagpasientar, men også sjeldnare nevrologiske tilstandar som ALS, muskeldystrofi og Guillain Barre. Nevrologisk rehabilitering er eit viktig fagfelt, med mange sjeldne diagnosar. Nevrologisk avdeling har lang erfaring med å utgreie, diagnostisere og behandle også dei sjeldne diagnosane. Det vil derfor vere kompetanse i avdelinga som vil kunne kome til nytte ved rehabilitering av pasientar med desse tilstandane. Talet på senger ved avdelinga blir som følgje av dei fire rehabiliteringssengene endra frå totalt 20 til 21. Avdelinga blir tilført 2 nye sjukepleiarstillingar. Ved denne bemanninga vil ambulant verksemd kunne vidareførast på noverande nivå. 6. Komande rehabiliteringstilbod ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering Avdelinga vil i stor grad vidareføre tilbodet som blir gitt ved Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter, men tilpassa erfaring og kompetanse ved avdelinga supplert med nytt personell. Vidare må tilbodet tilpassast dei fysiske forholda ved sjukehuset og drifta til andre pasientgrupper ved avdelinga.
5 Avdelinga har høg kompetanse i tverrfagleg samarbeid, i bruk av strukturerte evalueringsverktøy, og i bruk av møteformer som inkluderer brukar, pårørande og eksterne samarbeidsinstansar. Avdelinga har også kompetanse og erfaring i ambulant arbeidsform. For aktuelle brukargrupper er det viktig å samarbeide med andre spesialitetar (utover nevrologi) ved sjukehuset. Særleg gjeld dette urologi, indremedisin, ortopedi og auge. Dessutan er nærleik og samarbeid til hjelpemiddelsentral og ortopediingeniør viktig. Ein vil i større grad supplere sengebaserte tiltak med polikliniske tilbod for meir avgrensa behov og evalueringar. Ved lengre reiseavstand vil ein tilby opphald ved pasienthotellet. Det sosiale tilbodet som allereie er i avdelinga vil bli vidareutvikla. Det inneber at det blir avsett ressursar til sosiale aktivitetar som f. eks kinobesøk og andre kulturelle tiltak. Avdelinga vil definere arbeidsområdet for denne pasientgruppa inn i ein teamstruktur som inneber at særskilt personell vil ha fordjupingskompetanse for brukargruppa, og at det vil vere lav terskel for å ta kontakt med teamet.. Talet på senger i drift ved avdelinga blir som følgje av dei fire rehabiliteringssengene endra frå totalt 24 til 20. Avdelinga blir tilført 2,5 nye sjukepleiarstillingar, ei stilling for fysioterapeut og ei stilling for ergoterapeut. På denne måten vil ambulant verksemd retta mot desse pasientgruppene kunne utviklast i løpet av hausten. Ein vil forsøke å starte poliklinisk verksemd ved Kristiansund sjukehus i løpet av siste halvdel av 2012. 7. Samandrag Fagmiljøet innan rehabilitering og nevrologi etablerer felles inntaksteam for fordeling av pasientar mellom nevrologisk avdeling i Molde, avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund, Aure Rehabiliteringssenter og Mork Rehabiliteringssenter. Sjukehusavdelingane som kvar skal ta over fire døgnplassar frå Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter sikrar kompetanseoverføring og etablerer tverrfagleg rehabiliteringstilbod med høg fagleg standard. Det faglege innhaldet vil bygge vidare på kompetansen som allereie er ved desse to avdelingane, og arbeidet med å konkretisere innhaldet i tilbodet vil pågå fram til oppstart. Som ein konsekvens i auke i tal stillingar, vil den ambulante verksemda få ei viss styrking. Det blir gjort bygningsmessige tilpassingar slik at ein kan tilby pasientane som kjem frå Nevrohjemmet einerom og behandlings- og treningsareal. Dette er bygningsmessige utbetringar som er fornuftige uavhengig av nedlegging av Nevrohjemmet. Framdrifta for å få gjort desse bygningsmessige endringane er krevjande med omsyn til ferdigstilling 1. august i Ålesund og 1. september i Molde. Ombyggingane må finansierast innanfor helseføretaket si investeringsramme. Det blir lagt opp til evaluering av dei nye tilboda ved Ålesund og Molde sjukehus, samt korleis det nye inntaksteamet fungerer. Brukarrepresentantar vil delta i denne evalueringa.