Vekeplan 10. trinn Veke 8 og 9 LÆRINGSMÅL DENNE PERIODEN: Fag: Norsk Finna eit språkleg emne å fordjupa deg i. Kunna arbeida sjølvstendig og strukturert med dette over tid. Presentera emnet på ein god måte. Engelsk Få meir erfaring med munnleg prøve. Læra om The Commonwealth. Matematikk Lære om statistiske undersøkelser. Kunne presenter data i tabeller og diagrammer. Kunne bruke kildekritikk. Kunne vurdere diagrammer. Kunne bruke kombinatorikk og sannsynlighetsregning. Samfunnsfag Kunna gjera greie for motpartar og alliansar i den kalde krigen. Kunna fortelja om og fortolka sentrale hendingar under konflikta. Drøfta årsaker til og verknader av den kalde krigen. Visa korleis hendingar kan framstillast ulikt og drøfta korleis interesser og ideologi kan prega synet på kva som blir opplevd som fakta. KRLE Kunna forklara kva nyreligiøsitet er. Kunna diskutera ulike syn på forholdet mellom religion og vitskap. Kunna forklara ulike måtar å kritisera religion på. Naturfag Forklara nokre typiske trekk ved organiske stoff. Beskriva hydrokarbon, alkoholar, karboksylsyrer, og nokre vanlege karbohydrat. Kjenna til nokre organiske løysemiddel. Spansk Snakka om fritidsaktivitetar og daglegdagse ting. Tysk Kunna fortelja om ei reise til Tyskland. Kunna finna relevant informasjon på internett. Kunna bruka tal i ulike situasjonar. Eng fordj Lesa tekstar, samtala om og formidla kunnskap om ulike måtar å kommunisera på. Læra, forstå og bruka ord og uttrykk til tema. Bruka rettskriving (diktat), grammatikk (preteritum samtidsform) og setningsbyggjing. Bruka digitale verktøy til å læra engelsk. Kunst og handverk Nytta ulike materiale og reiskapar i arbeid med bilete ut frå eigne interesser. Stilisera motiv med utgangspunkt i eigne skisser i arbeid med mønster, logo, skilt og piktogram. Designa produkt ut frå ein kravspesifikasjon for form og funksjon.
Laga funksjonelle bruksgjenstandar og vurdera kvaliteten på eige handverk. Ny kunst ute på BUS: I løpet av vekene før påske vil faglærarane leggja inn ei totimars økt med fokus på dei to nye kunstverka ute av kunstnarane Petter Hepsø og Vigdis Fjellheim. Det blir ei oppgåve i samband med dette som skal leverast inn. Kroppsøving Dans: Bruka leik og ulike treningsformer for å utvikla eigen kropp og helse. Trena på og utøva dansar frå ungdomskulturar og andre kulturar og saman med medelevar skapa enkle dansekomposisjonar. Trena på å bruka ulike ferdigheiter i utvalde lagidrettar, individuelle idrettar og alternative rørsleaktivitetar. Fair Play/Innsats: Praktisera fair play og innsats ved å bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar til å gjera andre gode. Musikk Kjenna att og skildra musikalske stiltrekk frå improvisert musikk og rytmisk musikk. Diskutera særtrekk ved rytmisk musikk, kunstmusikk og folkemusikk og gjera greie for eigne musikkpreferansar. Kjenna att ulike instrument og ensemble innan ulike sjangrar. Fysisk aktivitet og helse: Fotball Fysisk aktivitet og helse: Idrett Produksjon av varer og ten. Delta i gruppeaktivitetar eller individuelle aktivitetar som utfordrar både koordinative og fysiske ferdigheiter. Gjera sitt beste, samhandla med og oppmuntra medelevar. Delta i gruppeaktivitetar eller individuelle aktivitetar som utfordrar både koordinative og fysiske ferdigheiter. Gjera sitt beste, samhandla med og oppmuntra medelevar. Planleggja, handla, setja opp budsjett, tenkja over kva folk vil kjøpa av (gjærdeig)produkt og marknadsføra. Produsera, selja og evaluera. Sal og scene Samarbeida om å utvikla eit audiovisuelt eller scenisk uttrykk, inkludert relevante tekniske løysningar. Presentera ein eller fleire produksjonar for publikum.
Natur, miljø og friluftsliv Kartlegga korleis naturen vert brukt i lokalmiljøet og vurdera om det er ei bærekraftig forvalting av ressursane. Utforska og registrera lokale miljøendringar og reflektera over moglege forklaringar til endringane. Forslå tiltak som kan bidra til å hindra uønska miljøendringar. Medier og Arbeid med avis. informasjon Olweus Nettvett (Hashtag 5/8 og diskusjon). Klassemiljø (leik). PRØVAR, INNLEVERINGAR OG FRAMFØRINGAR Fag Kva Vurdering Veke/dato Alle fag Prøvemunnleg Karakter Veke 8 Musikk Presentasjon av eige Karakter Veke 8-9 musikkval. Naturfag Skriftleg prøve frå kap. 5 Karakter Veke 10, 5. time K & H Innlevering av oppgåve om kunst Godkjent Veke 8-12 etter avtale med faglærar INFORMASJON TIL HEIMEN Prøvemunnleg Måndag til onsdag i veke 8 er det prøvemunnleg. Elevane får øvd på korleis det vil vera å gå opp til munnleg eksamen. For meir informasjon sjå heimesida vår under 10.trinn og menyen til høgre, eller sjå her. Arbeidslivsfag Arbeidslivsfag tysdag 20.2. går ut. Elevane møter til vanleg tid kl. 8 for å trekkja oppgåve og få rettleiing i faget dei har kome opp i. SØK NO! Fristen for å søkja vidaregåande skule er 1. mars. Skulen tilrår likevel å søkja no med det same. Finn fram brevet med Min ID og gå inn på VIGO.no for å søkja. På den måten slepp elevane å stressa siste kvelden! Frå helsesyster: Alle elevene på 10.trinn fikk i haost tilbud om vaksinasjon mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. I sambamd med dette blei vaksinasjonsstatusen til alle elevane sjekka. Dei som av ulike årsaker berre har fått ein dose med MMR (meslinger, kusma og raude hundar) vaksine, får/har fått informasjonsskriv med heim med tilbod om dose 2 som vil bli sett i mars. Frist for tilbakemelding om de ønskjer vaksinen er ut februar.
Dei som tidlegare har takka nei til ulike vaksinar, men som nå ønskjer vaksinen, kan ta direkte kontakt med helsesyster på ungdomsskulen for å avtala dette (vaksinar i barnevaksinasjonsprogrammet er gratis når ein går i grunnskulen). Dette gjeld HPV (vaksine mot livmorhalskreft) og MMR- vaksine. Anne Jolaug: tlf 51776456 (ons. og tors.) eller anne.jolaug.aase.braut@time.kommune.no Helsing dei vaksne på 10.trinn HEIMEARBEID VEKE 8 1. På torsdag vil dokker få presentert ulike oppgåver. Vel ei Norsk som di fordjupingsoppgåve. 1. Prøvemunnleg. Engelsk Matematikk Kat. 1-3 Prøvemuntlig - ingen lekser Samfunnsfag 1. Prøvemunnleg - ingen lekser KRLE 1. Prøvemunnleg - ingen lekser Naturfag 1. Les s. 155 158 (Alkoholar). Nemn kjenneteikn på alkohol og metanol. Lever på Showbie/ON. 2. Les s. 155 158 (Alkoholar). Nemn kjenneteikn på alkohol, metanol, etanol og fleirverdige alkoholar. Lever på Showbie/ON. Spansk 1. Prøvemunnleg-ingen lekser Tysk 1. Prøvemunnleg ingen lekser Eng fordj 1. Leksefri (prøvemunnleg) Kroppsøving Dans: Framføring. Hugs å ta med inneklede og innesko. De får beskjed av kroppsøvingslærar kva de skal gjera neste time.
HEIMEARBEID VEKE 9 1. Jobb med fordjupingsoppgåva. Ho skal framførast i veke 10 Norsk og 11. 1. Arbeid i Book Creator. Nytt kapittel: The Commonwealth Engelsk of Nations. Set inn eit kart som viser kva for land som er med i The Commonwealth. 2. Arbeid i Book Creator. Nytt kapittel: The Commonwealth of Nations. Set inn eit kart som viser kva for land som er med i The Commonwealth. Forklar kva The Commonwealth er. 3. Work in Book Creator. New chapter: The Commonwealth of Nations. Add a map showing the members of The Commonwealth. Explain what The Commonwealth is and why it was established. What good is it today? Kat. Skriv en egenvurdering. Matematikk 1-3 Hva har jeg lært? Kriterier: Minst 2 punkt. Fagord/-uttrykk (omgrep) skal benyttes. Hva må jeg øve på? Kriterier: Minst 2 punkt. Hvordan og hvor finner jeg hjelpen jeg trenger. Lever på OneNote/Showbie. Kat. 1 Oppg. 6.108, 6.109, 6.110 i oppgaveboka. Kriterier: Ukenummer som overskrift. Lever på OneNote/Showbie. Kat. 2 Oppg. 6.208, 6.209, 6.211, 6.212 i oppgaveboka. Kriterier: Ukenummer som overskrift. Lever på OneNote/Showbie. Kat. 3 Oppg. 6.308, 6.310, 6.312, 6.313 i oppgaveboka. Kriterier: Ukenummer som overskrift. Lever på OneNote/Showbie. Samfunnsfag 1. Les s. 117-123. Kva tenkjer du når du ser på biletet på s. 120? Skriv 3-4 setningar og lever på Showbie/ON. 2. Les s. 117-123. Kva tenkjer du når du ser på biletet på s. 120? Skriv 5-7 setningar og lever på Showbie/ON. KRLE 1. Følg med på nyheitene to til tre gonger denne veka. Skriv ned saker der du kan kobla inn religion og religionskritikk. Ha dette med i timen til diskusjon. Naturfag 1. Les s. 158 163. Nemn kjenneteikn på karboksylsyrer, og organiske løysemiddel. Lever på Showbie/ON. 2. Les s. 158 163. Nemn kjenneteikn på karboksylsyrer, organiske løysemiddel og karbohydrat.
Lever på Showbie/ON. Spansk 1. Øv på gloser på OneNote og øv godt på å seia noko om deg sjølv og kva du likar å gjera i fritida. Tysk 1. Lag eit tankekart/lag ferdig tankekartet over kva du vil ha med i presentasjonen din. 2. Lag eit tankekart/lag ferdig tankekartet over kva du vil ha med i presentasjonen din. Lag i innleiing. Eng fordj 1. Read pp. 168-170 (On the Move 3). Learn 5 (7) new words p. 168 Answer two (three) quick ones p.170. Dictation on Wednesday: I have had the same best friend since kindergarten. Obviously, I can`t tell you her real name, so let`s call her Maia. (It seemed like Maia and I had been together always, sharing thoughts, toys, joys and sorrows. ) Kroppsøving Dans: Framføring. Hugs å ta med inneklede og innesko. De får beskjed av kroppsøvingslærar kva de skal gjera neste time. Bryne ungdomsskule