saksframlegg Dato: Referanse Vår saksbehandlar: 28.04.2017 54223/2017 Laila H. Tretnes Nielsen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 11.05.2017 Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17) Bakgrunn Vi viser til e-post datert 28.04.17 frå utvalsleiar Bjarne Elde som ber om at administrasjonen gjer ny vurdering av sak om tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 2017-2018, og at saka vert avgrensa til dei tilboda det var dissens om. Vi legg ved nye innspel som har kome til oss etter at vedtak i sak UD-12/17 var gjort. Tilbod som ikkje vart sett i gang som det var dissens om: Fræna vgs Vg1 bygg og anleggsteknikk, YSK Vg1 teknikk og industriell produksjon, YSK Gjermundnes vgs Vg2 anleggsgartnar og idrettsanlegg Haram Vgs Vg2 helsearbeidarfag Vg2 barne og ungdomsarbeidarfag Herøy Vgs, avdeling Vanylven Vg1 studiespesialisering Vg2 helsearbeidarfag Kristiansund vgs Vg1 kunst, design og arkitektur Surnadal vgs Vg2 byggteknikk Tilbod som vart vedteke sett i gang som det var dissens om: Ålesund vgs Vg1 studiespesialisering med entreprenørskap og bedriftsutvikling
Generelt om saken etter vedtak i Utdanningsutvalet 23.03.17 Etter vedtaket i UD-12/17 vart det i VIGO-systemet kjørt nedlegging av dei aktuelle tilboda. Tilboda er ikkje med i inntaket meir, og det er difor ikkje mogleg å gjere nye prøveinntak med andre tal enn dei som vart nytta då saken var til handsaming sist. Elevane kan gjere omprioriteringar heilt fram til 2. mai og arbeidet med å registrere omprioriteringane er i gang, men ikkje fullført. Det er slik at elevar ikkje kan gjere omprioriteringar til eit tilbod som ikkje vert sett i gang. Erfaringsvis er tilbod som har låg søknad heller ikkje tilbod som søkarar ønsker å omprioritere til. Pr. i dag har vi registrert to søkarar som ønsker slik omprioritering, begge til YSK ved Fræna vgs. Vurderinga som no er gjort er difor i stor grad basert på dei sama tala som då saka var oppe sist. Praktiske konsekvensar for skolane. Vedtaket som vart gjort i sak UD-12/17 har vore grunnlag for arbeidet som er gjort i Skolesamråd, der skolane saman ser på overtal og eventuelle ledige stillingar. Skolane er heilt avhengige av å få tidleg oversikt over søknaden til tilbod ved eigen skole, og over tilbod som ikkje kjem i gang, i forhold til stillingsplanlegging. Mykje av planlegginga som skal gjerast i samband med dette i år, er gjort etter vedtaket i sak UD-12/17. Rektorane er tydelige på at dei i forhold til planlegging av tilbod må ha kvalifisert kompetanse, og tid til å planlegge tilboda dei har ved skolen sin så tidleg som råd. Ei utsetting i avgjerd om tilbod som ikkje kjem i gang til midten av mai, vil vere svært uheldig for skolane si planlegging av skoleåret som kjem. Dette handlar og om arbeidsgivaransvar og å vere ein god og føreseieleg arbeidsgivar. Praktiske konsekvensar for inntaksarbeidet ved utdanningsavdelinga. Ei endring av vedtaket vil bety at mykje av inntaksarbeidet blir forsinka. Det vil føre til mykje manuelt arbeid og ta mykje tid. Mange av søkarane har hatt tilbod som ikkje kom i gang som eit lågare ønske. Alle desse har fått moglegheit til å gjere ei endring i søknaden sin. Det vart sendt ut brev til ca. 750 søkarar etter vedtaket. Mange har allereie gitt tilbakemelding om at dei vil endre søknaden sin. Nye brev til dei som har søkt tilboda som ikkje vart sett i gang må sendast ut, og søkarane må igjen få moglegheit til å gjere endringar. Tid som skulle ha vore brukt på å sakshandsame søknadar må då brukast på å endre søknadar i staden. Konsekvensen av den ekstra arbeidsbyrda kan bli at vi ikkje får gjort hovudinntaket til planlagt tid den 7. juli.
Samanheng mellom like tilbod Vi blir bedt om å sjå søkinga til YSK-tilbodet på Fræna vgs i samanheng med søkinga til det 3-årige tilbodet EL/TIP SK ved Romsdal vgs. Grunngjevinga er at dette er like tilbod og at enkelte av søkarane har begge desse tilboda som sine prioriterte ønsker. Etter vår vurdering er dette to ulike tilbod. YSK-tilbodet gir både spesiell studiekompetanse og eit fagbrev. Det 3-årige tilbodet ved Romsdal vgs gir berre spesiell studiekompetanse. Læreplanene til dei to tilboda er også ulike. YSK-tilboda går over 4 år, og EL/TIP SK går over 3 år. Ein av grunngjevingane for å tilby det 3-årige tilbodet ved Romsdal vgs, var nettopp denne forskjellen. Uheldig påverknad av elevar Søknadsfristen er, jf. forskrift til opplæringslova 6-8 for ordinære søkarar, sett til 1. mars, eller til næraste yrkedag dersom 1. mars er på laurdag eller søndag. Når søknadsfristen er ute har Møre og Romsdal opna for at søkarar som har vore usikre på valet sitt, eller av andre grunnar treng å endre søknaden sin, kan få sende søknad om omprioritering før 2. mai. I samband med dette anbefaler vi at søkaren har samtale med rådgivar på skolen. Vi har sett at skolar som har tilbod som står i fare for å ikkje bli sett i gang, av og til prøver å påverke elevar til å endre søknaden sin for å kunne behalde tilbodet ved skolen. Det er ikkje dette som er meininga med ordninga. Det er eit tilbod til usikre søkarar som har hatt vanskeleg for å bestemme seg innan fristen. Vurdering Fræna vgs: Bygg og anleggsteknikk YSK og Teknikk og industriell produksjon YSK: Vg1 bygg og anleggsteknikk YSK har 5 primærsøkarar. Vg1 teknikk og industriell produksjon YSK har 4 primærsøkarar. Alle søkarane har karaktersnitt på over 4 og ser førebels ut til å vere kvalifisert. Jf Sak UD 5/14: YSK-tilboda skal ha minst 10 primærsøkarar for å få setje i gang tilbodet. Det er 7 sekundærsøkarar til tilbodet, og 6 av dei ser ut til å ha over 4 karaktersnitt. Men det ser også ut til at dei fleste kjem inn på sitt første ønske i prøveinntaket vi har gjort. Vi rår til at tilboda ikkje blir starta. Skolen er ikkje einig i vår vurdering. Sjå vedlegg i sak UD-12/17. Fylkesrådmannen rår til at Vg1 bygg og anleggsteknikk YSK og Vg1 teknikk og industriell produksjon YSK ikkje blir sett i gang for skoleåret 2017-2018. Etter at saka var levert til utdanningsutvalet den 16.03.17, vart vi gjort kjend med at ein søkar hadde ønske om å omprioritere søknaden sin og ha Vg1 teknikk og industriell produksjon YSK ved Fræna vgs som 1. ønske.
Vi sjekka karakterane til den aktuelle søkaren, og såg at søkaren ikkje fylte kravet til karakter 4 i naturfag til første termin. Erfaringsvis kan karakterar gå både opp og ned til standpunkt, og med eit så marginalt søkaratal er sjansen for at nokre av primærsøkarane likevel ikkje får karakter 4 i matematikk og/eller naturfag tilstade. Etter at vedtaket i UD-12/17 vart gjort kom det ein søknad om omprioritering til Vg1 teknikk og industriell produksjon YSK ved Fræna vgs. Brevet frå søkaren var datert 28.03.17, og var oss i hende den 30.03.17. Dette såg ut til å vere ein kvalifisert søkar. Då var allereie vedtaket i utdanningsutvalet gjort, og nedlegging av tilbod var gjort i vårt system. Det har ikkje kome innspel som gjer at vi ser det naudsynt å endre vår innstilling til utdanningsutvalet. Vi held fast på vår innstilling i sak UD-12/17. Gjermundnes vgs: Naturbruk: Vg2 anleggsgartnar og idrettsanlegg hadde berre ein søkar med ungdomsrett til 1. mars. Det er pr. i dag 3 primærsøkar med ungdomsrett. Vi rår til at tilbodet ikkje blir starta. Skolen er ikkje einig i vår vurdering. Sjå vedlegg i sak UD-12/17. Fylkesrådmannen rår til at Vg2 anleggsgartnar og idrettsanlegg ikkje blir sett i gang for skoleåret 2017-2018. Vi har ikkje fått nye innspel som gir grunnlag for å gjere ny vurdering. Vi held fast på vår innstilling i sak UD-12/17. Haram vgs: Helse og oppvekstfag: Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag har 5 primærsøkarar. Vi rår til at tilbodet ikkje blir starta. Vg2 helsearbeidarfaget har 4 primærsøkarar. Vi rår til at tilbodet ikkje blir starta. Skolen er ikkje einig i våre vurderingar av tilboda. Sjå vedlegg i sak UD-12/17. Fylkesrådmannen rår til at Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag og Vg2 helsearbeidarfag ikkje blir sett i gang for skoleåret 2017-2018. Vi har ikkje fått nye innspel som gir grunnlag for å gjere ny vurdering. Vi held fast på vår innstilling i sak UD-12/17. Vi er gjort kjend med at det har vore ei underskriftskampanje ved skolen, og at denne lista skal ha blitt levert til fylkestinget på møtedagen den 27.04.17, men dette har ikkje kome utdanningsavdelinga i hende.
Surnadal vgs: Bygg og anleggsteknikk: Vg2 byggteknikk har 5 primærsøkarar med ungdomsrett. Vi rår til at tilbodet ikkje blir starta. Skolen er ikkje einig i vår vurdering. Sjå eige vedlegg. Fylkesrådmannen rår til at Vg2 byggteknikk ikkje blir sett i gang for skoleåret 2017-2018. Skolen sendte e-post til oss den 3. mai, og seier at dei sidan saka var oppe sist har fått uttalar frå næringslivet i Surnadal og Rindal om stor etterspurnad etter lærlingar i byggfaga. Det er framleis berre 5 primærsøkarar til Vg2 byggteknikk, og vi meiner derfor at det nye innspelet ikkje gir grunnlag for å gjere ny vurdering. Vi held fast på vår innstilling i sak UD-12/17. Innspel frå skolen er lagt ved saka. Herøy vgs, avdeling Vanylven: Studiespesialisering: Vg1 studiespesialisering har 9 primærsøkarar med ungdomsrett. 4 av desse søker om fortrinnsrett og har store hjelpebehov. Planen er å plassere søkarar med fortrinnsrett i ei eiga gruppe då dei har grunnkompetanse som opplæringsmål. Det er ingen sekundærsøkarar til tilbodet. Vi meiner at det ikkje er grunnlag for å setje i gang tilbodet for dei ordinære søkarane, men vi vil ta inn dei 4 som har fortrinnsrett. Skolen er einig i vår vurdering. Fylkesrådmannen rår til at Vg1 studiespesialisering ikkje blir sett i gang for ordinære søkarar for skoleåret 2017-2018, men at skolen set i gang tilbod for dei som har fortrinnsrett. Helse og oppvekstfag: Vg2 helsearbeidarfag har 4 primærsøkarar med ungdomsrett. Vi rår til at tilbodet ikkje blir starta. Ordføraren i Vanylven har sendt brev til utdanningsutvalet datert 18.04.17. Brevet kom etter at vedtaket i sak UD-12/17 var gjort, og det blir stilt spørsmål om kva grunnlag, kriterier og vurderingar skolen seier seg einig i. Når utdanningsavdelinga legg fram saken til politisk behandling er søkartala det første avgjerande kriteriet. Vi tek så utgangspunkt i sak UD-5/14. Her vart det gjort vedtak om å setje krav til minimum oppfyllingsgrad av vedteke kapasitet til 65 prosent. For halvklassar innafor yrkesfag som rekrutterer til lærefag blir minimum kapasitet sett til 6 elevplassar. For YSK-tilboda blir minimum kapasitet sett til 10 kvalifiserte primærsøkarar. Saka er også basert på prøveinntak rett etter at søknadsfristen har gått ut. Prøveinntaket gir oss ei erfaringsbasert oversikt som gir oss eit vurderingsgrunnlag.
Vurderingane som er gjort er ikkje berre basert på prøveinntaket. Vi veit at vi kjem til å utvide antal plassar/klassar ved somme skolar på grunn av høgt søkartal, og dette er teke omsyn til. I tilfelle der søkartala er svært låge har vi sett på om det kan vere sekundærsøkarar, eller søkarar som kan få ungdomsrett etter sakshandsaming. Til Vg2 og Vg3 vurderer vi også om nokre søkarar har fullføringsrett. I tillegg gjer vi unntak for nokre skolar som har svært låg søknad til dei fleste tilboda sine. Vi gjer også unntak dersom skolar har søkarar med spesialundervisning og som ikkje kan flyttast til ein anna skole. Vi har og samtalar med alle skolar som har tilbod som står i fare for å ikkje bli sett i gang. Vårt inntrykk er at rektor tek saka opp med si leiargruppe før dei gir tilbakemelding til utdanningsavdelinga. Ofte er assisterande rektor eller andre i skolen si leiargruppe med i samtalen som utdanningsavdelinga har med skolen. Av og til har skolen også kontakta andre instansar som kan ha innspel, til dømes bedrifter eller opplæringskontor som dei har samarbeid med i sitt nærområde. Skolane, og eventuelt andre, får kome med sine innspel dersom dei ikkje er einige i våre vurderingar. Alle innspel vert lagt ved saka. Vi meiner at alle kriterier det blir stilt spørsmål ved frå ordføraren i Vanylven er vurdert, og vi held fast på vår innstilling i sak UD-12/17. Innspel frå ordførar i Vanylven er lagt ved i saka. Kristiansund vgs: Kunst, design og arkitektur: Det er berre 6 primærsøkarar til Vg1 kunst, design og arkitektur. Dette er under oppfyllingskravet på 65 prosent. Det er 14 sekundærsøkarar til tilbodet, men prøveinntaket viser at berre 7 får tilbod. Det vil seie at dei fleste sekundærsøkarane får tilbod om sitt første ønske. Dersom nokon gjer omval til neste skoleår vil det vere eit dårleg grunnlag for å starte opp forsvarlege tilbod til dei som skal inn på Vg2 og Vg3 dei komande skoleåra. Vi rår til at tilbodet ikkje blir starta. Skolen er ikkje einig i våre vurderingar. Sjå vedlegg i sak UD-12/17. Fylkesrådmannen rår til at tilboda Vg1 kunst, design og arkitektur ikkje blir sett i gang for skoleåret 2017-2018. Vi har ikkje fått nye innspel som gir grunnlag for å gjere ny vurdering. Vi held fast på vår innstilling i sak UD-12/17. Ålesund vgs: Studiespesialisering: Ålesund vgs har 6 primærsøkarar med ungdomsrett til Vg1 studiespesialiseringentreprenørskap/bedriftsutvikling. Vi rår til at tilbodet ikkje blir starta for skoleåret 2017-2018. Skolen er ikkje einig i vår vurdering. Sjå vedlegg i sak UD-12/17.
Fylkesrådmannen rår til at Vg1 studiespesialieringentreprenørskap/bedriftsutvikling ikkje blir sett i gang for skoleåret 2017-2018. Vi har ikkje fått nye innspel som gir grunnlag for å gjere ny vurdering. Vedtak om at tilbodet kjem i gang på trass av berre 6 primærsøkarar må eventuelt vurderast på nytt av utdanningsutvalet, som med 8 mot 3 røyster gjorde vedtak om å setje i gang tilbodet i sak UD-12/17. Forslag til vedtak: Vedtaka i UD-12/17 blir ikkje endra. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Erik Brekken fylkesutdanningssjef Vedlegg 1 Uttale frå ordførar i Vanylven kommune 2 Uttale frå Surnadal vgs