Strategi for omstilling av industrien i Hordaland. Vedtatt av Omstillingsutvalet 18.desember 2015, revidert 16. oktober 2017

Like dokumenter
Strategi for omstilling og nyskaping i industrien i Hordaland Vedtatt av Omstillingsutvalet 18.desember 2015, revidert 24.

Strategi for omstilling innanfor petroleumsindustrien i Hordaland. Vedtatt av Omstillingsutvalet 18.desember 2015

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

Bruk av Regionale utviklingsmidlar i kommunar med særskilte distriktsutfordringar

Dykkar ref Vår ref Dato

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Korleis oppretthalde regional konkurransekraft?

Dykkar ref. Vår ref. Dato. Tabell 1. Midlar som blir stilte til disposisjon for verksemda til Innovasjon Noreg i 2017

Vidareføring av tiltak for å møte omstillingsutfordringane i leverandørindustrien til petroleumsnæringa i Hordaland

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Midler til regionalutvikling - disponering av økt ramme fra Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) for 2017

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Organisering av felles omstillingsarbeid på Sør- og Vestlandet

Saksnr. Utvalg Møtedato Fylkesutvalget

Dykkar ref Vår ref Dato

BIOØKONOMISTRATEGI FOR INNLANDET Kva betyr det for bonden?

FORSKING, TEKNOLOGI OG NÆRINGSUTVIKLING

Omstilling på Sør- og Vestlandet

Ifølge liste 15/ Dykkar ref Vår ref Dato. Postadresse Kontoradresse Telefon* Sakshandsamar Grethe Lunde

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Statsbudsjettet oppdragsbrev til Siva

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Omstillingsprogram for petroleumsrelatert leverandørindustri

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Landbruksmelding for Hordaland

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Ifølge liste 15/ Dykkar ref Vår ref Dato. Postadresse Kontoradresse Telefon* Sakshandsamar Grethe Lunde

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Statsbudsjettet oppdragsbrev til Innovasjon Noreg

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling budsjett 2019

Revidering av programområder for Kulturelt utviklingsprogram 2014

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

Elev- og lærlingombod i HFK

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

FORSLAG TIL HANDLINGSPROGRAM OPPFØLGING AV REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Verdiskaping basert på natur- og kulturressursar Fellesmøte i Hardangerviddarådet og Nordfjellarådet v/roar Werner Vangsnes -

Forvaltingsrevisjon av Regionale utviklingsmidlar - handlingsplan for oppfølging

INTERNASJONAL STRATEGI

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

STRATEGIPLAN

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Næringspolitikk for auka nyskaping og betre konkurranseevne

Regional planstrategi

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

Omstillingskommune Sauda. Handlingsplan Handlingsplan Sauda omstilling 2017 Side 1 av 7

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

HOVUDPRIORITERINGAR PETROLEUMSTILSYNET

Opplærings- og helseutvalet Innstilling til fylkesutvalet behandles i møte vedtak ettersendes.

AUD-rapport Endring i billettinntekt ved nytt ungdomsbillettområde. Metode for automatisert berekning av ungdomsbillettområde.

Revisjon av mandat og samansetnad av Regionalt næringsforum

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Statsbudsjettet oppdragsbrev til Siva

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Omstilling på Sør- og Vestlandet, - Strategiske føringar og avgrensingar for virkemiddelbruken.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

Birgit Aarønæs Lisbeth Nervik

Program for. Årdal Venstre

Helsenæringsmeldingen frå kommunane sin ståstad

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

Ole Aasaaren Regionsjef

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Strategi Forord

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Oppfølging av Regional plan for museum 2015

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Kommunale næringsfond

AUD-rapport Berekning av dispensasjonar frå skuleskyssordninga. Grunnlag for svar til helse og opplæringsutvalet.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Transkript:

Strategi for omstilling av industrien i Hordaland Vedtatt av Omstillingsutvalet 18.desember 2015, revidert 16. oktober 2017

Strategi for omstilling innanfor petroleumsindustrien i Hordaland 1 Omstillingsutvalet Anne Gine Hestetun Fylkesordførar Anne Kverneland Bogsnes Fylkesdirektør NAV Nina Broch Mathisen Fylkesdirektør IN Astrid Aarhus Byrknes Ordførar Lindås Mona Røsvik Strømme Fylkesutvalet Kurt Andreassen Direktør CCB Ågotnes Stian Nyhus Regionssjef NITO Vest Roar Abrahamsen Leiar Felleforbundet, avd 5 Lars Solberg Direktør Apply Leirvik

Strategi for omstilling innanfor petroleumsindustrien i Hordaland 2 Innhald Omstillingsutvalet... 1 Innhald... 2 1. Bakgrunn... 3 1.1 Mandat for omstillingsutvalet... 4 1.2 Rammer, formål og bruk av verkemiddel... 4 1.3 Samarbeid... 5 2. Overordna mål og strategiske innsatsområde... 6 2.1 Kompetanseheving for arbeidstakarar som... 6 skal/vil omstillast... 6 2.2 Omstilling og endringsarbeid... 7 i leverandørindustrien til olje og gass... 7 2.3 Tiltak for vekst i SMB-bedrifter i Hordaland... 7 2.4 Felles tiltak til rammevilkåra... 8 2.5 Auka grøn konkurransekraft... 8 i realiseringa av det grøne skiftet... 8 2.6 Konkurransetilhøve og sosial dumping... 9 3 Oppfølging og vidare arbeid... 9 4. Kontaktinformasjon og lenkjer... 9

Strategi for omstilling innanfor petroleumsindustrien i Hordaland 3 1. Bakgrunn Den vanskelege situasjonen i petroleumsnæringa etter oljeprisfallet i 2014 har skapt behov for samordna regional innsats for å jobbe med problemstillingar knytt til utfordingane for leverandørindustrien i denne næringa. Sektoren var alt før dette prega av strukturelle problem med eit kostnadsnivå som ikkje var berekraftig på lang sikt, og fallet i oljeprisen forsterka desse problema. Utgangspunktet var at det ikkje vil hjelpa særleg å berre sitte stille og vente på at oljeprisen igjen vil stige til eit akseptabelt nivå, og så håpe at problema løyser seg sjølve. Skal leverandørindustrien ha ei god framtid, må dei strukturelle problema løysast med omstilling, innovasjon og nyskaping. Ansvaret for dette ligg primært hos næringsutøvarane, men myndigheiter, nasjonalt og regionalt, kan medverke ved å gjere noko med rammetilhøva for denne industrien, og ved å stimulere og støtte konkrete tiltak og prosjekt. Med dette som bakgrunn vedtok Hordaland fylkesutval 18. juni 2015 å setje av fem millionar kroner øyremerkt til omstilling i petroleumssektoren. Samstundes vart det oppnemnd eit omstillingsutval med to representantar frå arbeidstakarsida, to frå bedriftssida, ein frå IN, ein frå NAV, ein frå kommunane og to frå fylkeskommunen. Hordaland fylkesutval vedtok 22. september 2016 å setja av ytterlegare fem millionar kroner øyremerkt til delfinansiering av konkrete omstillingstiltak og prosjekt for leverandørindustrien retta mot petroleumsnæringa. Fylkesutvalet vedtok også at midlane må sjåast i samanheng med realiseringa av eit grønt skifte, som er ein del av målsetjinga og strategiplanen for Hordaland fylkeskommune. Resultata av arbeidet i utvalet og bruken av midlane skal vurderast ved utgangen av 2017 før det blir tatt stilling til eventuell vidareføring. I KMD sitt oppdragsbrev til Hordaland fylkeskommune for statsbudsjettet 2017, er det i tillegg lagt inn nye overordna mål i regional- og distriktspolitikken. Dei nye måla legg vekt på å gjere omstilling for bedrifter lettare på kort sikt, og å byggje evne til omstilling i bedrifter, næringsmiljø og lokalsamfunn på lang sikt. Med oppdragsbrevet fylgjer det ei løyving på ni millionar kroner som skal styrkje næringsgrunnlaget og bidra til etablering av nye arbeidsplassar i kommunar/regionar som opplever ein vesentleg reduksjon i sysselsetjinga. Tildelinga er basert på innspel frå fylkeskommunen om særlege omstillingsbehov i regionar og lokalsamfunn, og ei vurdering av både kortsiktige og langsiktige omstillingsbehov. «Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland» har omstilling som ei gjennomgåande satsing. Det er mykje kompetanse innanfor olje og gassindustrien som kan brukast inn mot ei rekkje andre område som til dømes marin sektor, helse og omsorg, smarte samfunn, rein energi, samferdsel m.m. Samstundes er det vanskeleg for kvar einskild av dei relativt små teknologi- og tenesteleverandørane å etablere seg med nye produkt i ein ny marknad eller bransje. Den enkelte bedrift i SMB-segmentet har avgrensa ressursar til å drive utviklingsarbeid. Eit viktig virkemiddel for disse er difor tilgang på utviklingsressursar gjennom gode og effektive industriklynger og/eller i regi av lokalt eller regionalt fornankra utviklingsaktørar. Det offentlege verkemiddelapparatet er i dag innretta på å jobbe med denne type utfordringar kvar for seg. Samarbeid og betre koordinering av individretta-, bedriftsretta- og regionale utviklingsmidlar vil gje meirverdi i dette arbeidet. Hordaland fylkeskommune har leiaransvaret for strategisk samordning regionalt og skal vere ein mobiliserande og koordinerande aktør overfor kommunane, regionale aktørar, næringsliv og anna samfunnsliv i Hordaland. For å strukturera dette arbeidet ytterlegare har fylkesutvalet vedtatt at Omstillingsutvalet er styringsgruppe for ni millionar kr som er sett av til omstilling i HNH 2017.

Strategi for omstilling innanfor petroleumsindustrien i Hordaland 4 1.1 Mandat for omstillingsutvalet Mandatet til omstillingsutvalet er å utarbeide ein strategi med prioriterte innsatsområde, basert på innspel frå næringsliv, arbeidstakarorganisasjonar, verkemiddelapparat og politisk miljø. Strategien skal vere grunnlag for det administrative arbeidet som skal leggje til rette for at det vert gjennomført konkrete tiltak og prosjekt for å lette den strukturelle omstillinga knytt til leverandørindustrien, og regionar med særlege omstillingsbehov. Fylkesutvalet har bedt omstillingsutvalet om å arbeide vidare med problemstillingar knytt til nedgangstidene i heile olje- og gassindustrien. Dette inneber også at utvalet skal ta kontakt med sentrale styresmakter, og arbeide saman med desse, for å styrke verkemiddelapparatet, og for at oljeselskapa gjennomfører investeringsprosjekt som blir utsett. Fylkesutvalet har også gitt føringar på at midlane i størst mogleg grad rettast mot fornybar teknologi og fornybar satsing. Dette vil gjelde der midlane blir nytta til bedriftsretta tiltak. Når det gjeld varigheit av arbeidet er det i fyrste omgang lagt opp til at utvalet skal arbeide ut 2017. Etter dette blir det gjort ei vurdering av arbeidsform og oppnådde resultat før ein avgjer om, og i tilfelle korleis, arbeidet skal vidareførast. 1.2 Rammer, formål og bruk av verkemiddel Samla ramme for omstillingsmidlane i 2017 er 14 mill. kr kor 9 mill. kr er avsett i HNH 2017 og 5 mill. kr er overførte midlar frå 2016. Midlane skal nyttast til å handtere konsekvensane av auka arbeidsløyse som fylgje av nedbemanning og oppseiingar i petroleumssektoren, styrkje og vidareutvikle bedrifter innan sektoren og bidra til lønsame og varige bedrifter og arbeidsplassar. Når det gjeld større nedbemanningar og innskrenkingar i bedrifter har NAV ei sentral rolle i første fase. Eit viktig verkemiddel i den samanheng er tilskot til bedriftsintern opplæring (BIOmidlar). Den økonomiske ramma for NAV sine BIO-midlar i 2017 er 18,6 mill. kroner. Bedriftsintern opplæring er et arbeidsmarknadstiltak som vert tildelt av NAV etter en individuell vurdering. NAV vil mellom anna vurdere verksemda sin plan for omstilling og om det er sannsynleggjort at bedrifta vil klare å gjennomføre planen. Det er eit poeng at verkemidla til NAV skal sjåast i samanheng og koordinerast på best mogleg måte for bedrifter og tilsette. Dersom det er behov kan midlar frå omstillingsutvalet brukast for å leggja til rette for dette. Strategien for å oppnå dette er å prioritere målretta tiltak som aktørar knytt til petroleums- og anna industri kan søkje på. Midlane skal kunne nyttast som utløysande delfinansiering av konkrete tiltak og prosjekt knytt til kompetanseheving, omstilling, innovasjon og nyskaping. Strategien sett fokus på viktige rammevilkår som det skal arbeidast vidare med. Midlane vil bli forvalta av Hordaland fylkeskommune, og søknader om midlar sendast på vanleg måte gjennom fylkeskommunen sitt søknadssystem. Strategien gir rammene for kva type tiltak som skal prioriterast. I særskilte tilfelle kan det vere aktuelt å konsultere styringsgruppa kring einskilde søknader. Det er eit mål å prioritere tiltak og prosjekt som kan settast i verk raskt.

Strategi for omstilling innanfor petroleumsindustrien i Hordaland 5 1.3 Samarbeid I gjennomføringa av strategien er det viktig med samordna innsats innan dei prioriterte innsatsområda. Måla skal nåast ved utvikling av ei mest mogeleg koordinert og effektiv forvalting av dei offentlege ressursane retta mot næringsutvikling, arbeidsmarknad og utdanning i Hordaland. Sentrale aktørar for å få god forankring i verkemiddelbruken er Innovasjon Noreg Hordaland, NAV Hordaland, partane i arbeidslivet og Hordaland fylkeskommune.

Strategi for omstilling innanfor petroleumsindustrien i Hordaland 6 2. Overordna mål og strategiske innsatsområde Målet med omstillingsmidlane er dei skal bidra til å utvikla ein omstillingsdyktig region, og skapa nye arbeidsplassar i område som er ramma av vesentleg reduksjon i sysselsettinga. Følgjande fem strategiske innsats-område er definerte for å målretta bruken av midlane: 1. Kompetanseheving for arbeidstakarar som skal/vil omstillast 2. Omstilling og endringsarbeid i leverandørindustrien til olje og gass 3. Tiltak for vekst i SMB-bedrifter i Hordaland 4. Felles tiltak knytt til rammevilkåra 5. Tiltak som styrker leverandørindustrien i retning av «det grøne skiftet» skal prioriterast særskilt. 2.1 Kompetanseheving for arbeidstakarar som skal/vil omstillast Dette strategiske innsatsområdet har høgast prioritet. Bakgrunnen for det er signala om at det er venta fleire år med lågare aktivitet i norsk petroleumsindustri, som følgje av redusert aktivitet på norsk sokkel. For å koma raskt i inngrep med utfordringane på dette området, er det i tillegg viktig å retta innsatsen mot tiltak som kan motvirka konsekvensane av nedbemanning og oppseiingar. Målet er å sikre at verdifull kompetanse ikkje flyttar ut av dei sterkast ramma regionane, å sikre fortsatt rekruttering og stimulera til meir innovasjon i sektoren. Kompetanse- og erfaringsoverføring mellom ulike bransjar kan også gje grunnlag for ny og framtidig teknologiutvikling som er meir miljøvenleg. Tiltak på kort sikt: Alle oppsagte som ynskjer det, får introduksjonskurs i entreprenørskap Etablere lavterskel møteplassar med ide-dugnad og ide-bank for dei som er oppsagt Jobbmesser for fagarbeidarar/ingeniørar. Tiltak på mellomlang sikt: Korte kompetanseløp for utsette yrkesgrupper. Dette vil letta overgangen frå oljerelatert kompetanse, til kompetanse som det er etterspurnad etter. Sikre industrien tilgang på kompetanse og fremme deling og overføring av kompetanse mellom ulike delar av industrien.

Strategi for omstilling innanfor petroleumsindustrien i Hordaland 7 2.2 Omstilling og endringsarbeid i leverandørindustrien til olje og gass Midlane kan til dømes brukast til kompetanseheving eller strategiarbeid, eller til omstilling av leverandørbedriftene i bransjen. Det er viktig at midlane sjåast i samanheng med kompetansen og verkemidlane til IN og NAV. Tiltak på kort sikt: Samarbeid mellom bedrifter for å få til betre utnytting av kapasitet, utstyr og ressursar. Fellestiltak retta mot nye marknader i olje- og gassektoren nasjonalt og internasjonalt. Mentor-ordning. Tiltak på mellomlang sikt: Økonomiske incitament for å sikre samarbeid mellom bedrift og universitet/høgskule. Sette i verk tiltak for å behalda lærlingplassar. Investeringar for å ta mot olja frå Johan Sverdrup, og grøn energi til drift av raffineriet på Mongstad 2.3 Tiltak for vekst i SMB-bedrifter i Hordaland På dette innsatsområdet er det størst potensiale for å skapa nye arbeidsplassar. Etablerte selskap kan også opprette og hjelpe nye bedrifter som satsar på nye produkt. Mange bedrifter er no i ein heilt ny situasjon der verdikjeder og rammevilkår er i stor endring. I følgje Innovasjon Norge (IN) er det eit stor unytta potensial for vekst i arbeidsplassar og innovasjon i SMBbedrifter som har 20 til 50 millionar kroner i omsetning. Ved årsskiftet utgjorde dette 1275 bedrifter i Hordaland, der 960 av bedriftene er aksjeselskap. Dette er ofte solide bedrifter som leverer gode produkt og tenester, men som kan ha behov for å bli utfordra på vidare vekst. Auka omsetning for desse bedriftene vil skapa nye arbeidsplassar, som igjen er verdifulle for vår region. Prioritering av intraprenørskap og innovasjonskultur i eksisterande næringsliv vil også generera fleire gode gründerbedrifter i Hordaland. Omstillinga vil krevja tung satsing på kompetansetiltak, meir kunnskap om digitalisering og robotisering, nye og grønare forretningsmodellar, og tilpassing til nye marknader nasjonalt og internasjonalt. Mykje av omstillinga må skje i levedyktige bedrifter som framleis har vekstpotensial. Tiltak på kort sikt: Stimulere til vekst og auka sysselsetting i SMB-bedrifter. Prioritere kommunar/regionar der behovet er størst. Tiltak på mellomlang sikt: Tiltak som gjev meir kunnskap om og aukar bedriftene sine moglegheiter til å møte utfordringane knytt til digitalisering, automatisering og robotisering Meir innovasjon i offentlege innkjøp, og bruk av offentlig innkjøpsmakt. Kurstilbod til SMB-bedrifter som leverer varer og tenester til offentleg sektor. Tiltak som vil styrke industriklyngene og andre utviklingsaktørar med god forankring i næringslivet som støtte/verktøy/tilretteleggjar for auka og effektivt samarbeid, heving av kompetanse og bruk av kompetanse og ressursar på tvers i SMB-segmentet.

Strategi for omstilling innanfor petroleumsindustrien i Hordaland 8 2.4 Felles tiltak til rammevilkåra Dette vil primært vere ei påverkings-oppgåve for regionalt politisk nivå, ofte i samarbeid med aktuelle kommunar, interesseorganisasjonar og offentlege og private utviklingsaktørar. Betre rammevilkår er også eit sentralt tema for arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane. Omstillingsutvalet ynskjer difor dialog og innspel om rammevilkåra, men vil ikkje setje av økonomiske midlar til dette innsatsområdet. Nasjonale tiltak: Betre vilkår for bedriftsintern opplæring (BIO), både for den enkelte, bedrifta og samfunnet. Styrke tilsyn og kontrollapparat med ein tiltakspakke for å motverke sosial dumping og svart arbeid Forsert offentleg bygge- og anleggsaktivitet. Unngå stans og utsettingar av ordinære vedlikehaldsoppdrag i oljebransjen. Betra regelverket til NAV slik at studentar som studerer ved sida av jobb, og som har blitt, eller står i fare for å bli, permittert/nedbemanna, har rett på dagpengar dersom dei held fram med studiet. 2.5 Auka grøn konkurransekraft i realiseringa av det grøne skiftet Overgangen til eit lågutsleppssamfunn og eit grønt skifte medfører auka omstillingsutfordringar, og det vil også føra til at industrien må utvikla nye produkt, endra produksjonsprosessar og ta i bruk ny teknologi og kombinasjonar av teknologi. For auka næringslivet si konkurransekraft opp mot «det grøne skiftet» skal innsatsen målrettast mot tre område som er løfta fram i «Meld. St. 27 (2016 2017) Industrien grønnere, smartere og mer nyskapende»: Sirkulær økonomi. For å sikra ei bærekraftig utvikling skal det satsast på gjenbruk av ressursar i staden for å ta i bruk nye. Til forskjell frå ein lineær økonomisk modell som er basert på å utvinning av ressursar, produksjon, bruk og kast, så er ein sirkulær økonomi basert på gjenvinning, reparasjon og forbetring. Sirkulær økonomi handlar om å gjenbruk av ressursar, men også om å redusere mengda avfall, utnytte ressursane betre og meir effektivt, auka levetida til produkt og nytta fleire resirkulerte material i nye produkt.

Strategi for omstilling innanfor petroleumsindustrien i Hordaland 9 Bioøkonomi. Tiltak på dette området skal omfatta bærekraftig, effektiv og lønsam produksjon, uttak og utnytting av fornybare biologiske ressursar til mat, fôr, ingrediensar, helseprodukter, energi, materialer, kjemikaliar, papir, tekstiler og andre produkter. Målet er å auka bruken av bioprodukt til erstatning for meir ressurskrevjande eller oljebaserte produkt. Velferdsteknologi. Auka digitalisering og teknologisk utvikling både i industrien og blant den aldrande befolkninga har gjort det meir aktuelt å utforska og utvikla moglegheitene innanfor velferdsteknologi og anna relatert industri. Samarbeid på tvers av sektorar, næringar og fagområder og tiltak knytt til sirkulærøkonomi og bioøkonomi skal prioriterast på dette innsatsområdet. Aktuelle tiltak kan vera: Marknadstiltak for fornybare, biobaserte produkt Effektiv utnytting og lønnsam foredling av fornybare biologiske ressursar Bærekraftig produksjon og uttak av fornybare biologiske ressursar Gjenbruk av ressursar for å redusere mengda avfall, og utnytte ressursane betre og meir effektivt 2.6 Konkurransetilhøve og sosial dumping Norsk petroleumsindustri er leiande internasjonalt, og det er difor viktig at norske verksemder har like gode konkurransevilkår som utanlandske verksemder. Samstundes skal lønnsog arbeidsvilkår halde seg innafor rammene i lov- og avtaleverk og ligg innafor det som er akseptert etisk standard. I nedgangstider med press på kostnader i ein internasjonal bransje er utfordringane knytt til sosial dumping eit aukande problem. Sosial dumping er ei stor utfordring i fleire næringar og det har store sosiale og økonomiske ringverknader, der dei som driv seriøst tapar. Offentleg sektor spelar ei viktig rolle i arbeidet for eit seriøst arbeidsliv, både som premissleverandør, i kraft av å vere ein viktig innkjøpar frå næringslivet og når det gjeld bruken av verkemiddel knytt til næringslivet. Omstillingsutvalet vil vere opptatt av at desse rammene skal vere førande for omstillingsarbeidet. 3 Oppfølging og vidare arbeid Det er eit mål å prioritere tiltak og prosjekt som kan settast i verk raskt. Dette er midlar som er løyvd for 2016 og 2017. Sjølv om midlane kan overførast til neste år, bør midlane setjast i arbeid gjennom ulike prosjekt og tiltak så raskt som mogleg. Resultata av arbeidet i utvalet og bruken av midlane skal vurderast innan utgangen av 2017 før det blir tatt stilling til eventuell vidareføring. 4. Kontaktinformasjon og lenkjer For ytterlegare informasjon, sjå http://www.hordaland.no/tenester/tilskot/naring/tilskot-til-omstilling-innanfor-petroleumsindustrien/. Kontaktpersonar i Hordaland fylkeskommune: Arthur.Kristian.Arnesen@hfk.no, tlf. 97 09 30 86 Hans.Inge.Gloppen@hfk.no, tlf. 97 41 40 40 Torill.Monstad@hfk.no, tlf. 98 84 01 12

Strategi for omstilling innanfor petroleumsindustrien i Hordaland 10 Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Agnes Mowinckels gate 5 Postboks 7900 5020 Bergen Telefon: 55 23 90 00 E-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no Januar 2016