Vald og trakassering av undervisningspersonalet ved vidaregåande skolar



Like dokumenter
Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Arbeidsmiljøloven Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv.

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder


Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

RETNINGSLINJE FOR HANDTERING AV KONFLIKT

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Arbeidsmiljøloven. En oversikt over relevante paragrafer i lovverket relatert til sakkyndig kontroll og sertifisert sikkerhetsopplæring.


Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Gina Beate Holsen SAKA GJELD: HMS strategi i Helse Vest

Arbeidsbok (mal for eigenprodusert HMS-dokumentasjon)

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

FYLKESKOMMUNENS KUNST FYLKESREVISJONEN

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den

Vold og trusler på arbeidsplassen

Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune

Utdrag fra Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. Innhold

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Tilgangskontroll i arbeidslivet

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet

Hmt- handbok for. Sotra vgs.

Skjema for HMS-GJENNOMGANG I BALESTRAND KOMMUNE Godkjent av: Arbeidsmiljøutvalet i møte XXXXX, sak XXXX. UTKAST AV

Forskrift om ordensreglement for skolene i Tysfjord kommune

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Endret ved lov 19 juni 2009 nr. 39 (i kraft 1 jan 2010 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 822).

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Eva Marie Halvorsen (arbeidsgjevar), Åse Løkeland (1. vara arbeidsgjevar) 1/ / Godkjenning av innkalling og sakliste 2

Forsand kommune Personalkontoret

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HELSE MILJØ OG TRYGGLEIK I FLORA KOMMUNE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Psykologisk førstehjelp i skulen

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

KRISTIANSUND KOMMUNE RYGGOMBUD

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Kvalitetsplan mot mobbing

Generelt om lover og forskrifter vedr ansvar for HMS

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

ARBEIDSMILJØLOVEN. HMS-rådgiver Silvia Stranden Møre og Romsdal Fylkeskommune, / SIDE 1

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Kvinnherad kommune Sekretariat for kontrollutvalet

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen FOT2003 Yrkesutøving / Yrkesutøvelse. Programområde: Fotterapi og ortopediteknikk.

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Plan for forvaltningsrevisjon

Lønnsundersøkinga for 2014

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Engasjements- og eigarskapskontroll i Møre og Romsdal fylkeskommune

HMS-rapportering 2012

Olav Trandal, verneombod for tilsette på nedre bygget, Karin Hånes, verneombod for driftspersonalet

Hovedkontormodell og HMS

Praktisk konflikthåndtering: Arbeidsmiljøloven som rettesnor. Professor Ståle Einarsen Universitetet i Bergen Arbeidsmiljøspesialistene

Byggherreforskriften Kursdagene 8. januar 2009

IA-webinar. Systematisk arbeidsmiljøarbeid. NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. 24. Mai 2017 v/henny Oxholm

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

KRAVSSPESIFIKASJON BEDRIFTSHELSETENESTE

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Arbeidsgivers og arbeidstakers plikter og Verneombudets arbeidsoppgaver og plikter. Hovedverneombudet i Kristiansund

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM PÅLEGG ÅRNES SKOLE. Vi viser til tilsyn gjennomført ved Årnes skole i Nes kommune den

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

IA-webinar. Systematisk arbeidsmiljøarbeid. NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. 8. Mars 2017 v/henny Oxholm

Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter

Fysisk arbeidsmiljø og kontorarbeidsplasser

Arbeidsmiljø Utdanningsforbundet Akershus. May-Britt Heimsæter

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Konflikthandtering og arbeid med personalsaker

Informasjon til elevane

Du må tru det for å sjå det

Til deg som bur i fosterheim år

Styresak. Administrerande direktør Hege Fjell Urdahl Berit Berntsen/Anne. M. Reksten Status avvik Helse Miljø og tryggleik (HMT) og sjukefråvær

Transkript:

Vald og trakassering av undervisningspersonalet ved vidaregåande skolar Fylkesrevisjonen Forvaltningsrevisjonsrapport 7/2005

Innhald 1. INNLEIING... 1 1.1. Heimel... 1 1.2. Bakgrunn og formål for prosjektet... 1 1.3. Problemstillingar... 1 1.4. Revisjonskriterium... 1 1.5. Metode... 2 1.6. Avgrensing... 2 2. FAKTAGRUNNLAG OG REVISJONENS VURDERINGAR... 2 2.1. Første problemstilling: I kva grad er vald og trakassering av undervisningspersonalet ved dei vidaregåande skolane eit problem?... 2 2.1.1. Nærare om det psykososiale arbeidsmiljøet.... 2 2.1.2. Resultat frå spørjeundersøkinga vedk. vald og trakassering... 3 2.1.3. Resultat frå HMT-rapportane vedk. vald og trakassering... 5 2.1.4. Fylkeshovudverneombodet sin rapport... 5 2.2. Andre problemstilling: I kva grad og på kva måte har fylket/dei vidaregåande skolane utarbeidd planar og tiltak for å førebyggje og handtere dette problemet?... 6 2.2.1. Planar og tiltak ved skolane... 6 2.2.2. Fylket sine plikter som arbeidsgjevar... 6 2.2.3. Generelle planar og tiltak i fylket... 6 2.3. Tredje problemstilling: Korleis er meldte/rapporterte tilfeller av vald m.m. blitt takla av fylket/skolen?... 8 2.3.1. Skolane si handtering av meldte/rapporterte tilfeller av vald og trakassering.... 8 2.3.2. Fylket si handtering av rapporterte tilfeller av vald og trakassering... 9 3. HØYRINGSFRÅSEGNER TIL RAPPORTEN... 9 3.1. Høyringsinstansar... 9 3.2. Høyringsmøte... 10 3.3. Samandrag av innkomne høyringsfråsegner... 10 3.4. Høyringsfråsegnene sin verknad for utforming av endeleg rapport... 11 4. FYLKESREVISJONENS KONKLUSJONAR OG ANBEFALINGAR... 12 4.1. Konklusjonar... 12 4.2. Anbefalingar... 12 VEDLEGGSOVERSYN... 13 Vedlegg 1 Utdrag av forskrifter til arbeidsmiljølova (Internkontrollforskrifta)... 13 Vedlegg 2 Utdrag av ny arbeidsmiljølov... 15 Vedlegg 3 Generell informasjon vedk. HMT-systemet... 17 Vedlegg 4 Spørjeundersøkinga... 18 Vedlegg 5 Høyringsfråsegn frå Fylkeshovudverneombudet... 24 Vedlegg 6 Høyringsfråsegn frå Tingvoll vidaregåande skole... 25 Vedlegg 7 Høyringsfråsegn frå administrasjonsavdelinga og utdanningsavdelinga... 26 Vedlegg 8 Høyringsfråsegn frå Hovudsamarbeidsutvalet... 29

1. INNLEIING 1.1. Heimel Kontrollutvalet har som ei av sine lovpålagte oppgåver å sjå til at det blir utført forvaltningsrevisjon, jf. Kommunelovas 77 nr 4 og 78 nr 2 jf. Forskrift om kontrollutval kap 5 og revisjon i kommunar og fylkeskommunar m.v. kap 3. Kontrollutvalet vedtok i sak Ko-39/04 at fylkesrevisjonen skulle gjennomføre eit forvaltningsrevisjonsprosjekt som tar for seg planar og tiltak for å motverke vald og trakassering av undervisningspersonalet ved dei vidaregåande skolane i fylket, og bestillinga/problemstillingane for prosjektet vart samstundes presisert. I tillegg er prosjektet ein bestilling frå fylkestinget, jf. "Plan for verksemda i perioden 2004-2007" - sak T-73/04. 1.2. Bakgrunn og formål for prosjektet Det har i ymse samanhengar kome fram at det er eit aukande problem at undervisningspersonalet ved dei vidaregåande skolane opplever valdeleg, truande eller krenkjande åtferd frå elevar på arbeidsplassen og i fritida. Som yrkesgruppe er lærarar spesielt utsette for dette. Vald m.m. er eit arbeidsmiljøspørsmål og skal handterast av leiinga etter reglane i arbeidsmiljølova. Prosjektet skal belyse på kva måte vald og krenkjande åtferd mot undervisningspersonalet artar seg og konsekvensane av dette for den tilsette og for skolen. Det skal giast eit oversyn over moglege åtgjerder for å handtere problemet. Med bakgrunn i innhenta materiale skal førekomsten av vald m.m. ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylke omtalast og vurderast, m.a. korleis meldte tilfelle er blitt handtert. Prosjektet skal vidare gjere greie for kva plikter fylket som arbeidsgivar har for å førebyggje og handtere slik åtferd. Prosjektet skal undersøkje korleis fylket sine plikter er ivareteke ved den enkelte skole. 1.3. Problemstillingar Med bakgrunn i formålet for prosjektet er det sett opp følgjande problemstillingar: 1. I kva grad er vald og trakassering av undervisningspersonalet ved dei vidaregåande skolane i fylket eit problem? 2a. I kva grad og på kva måte har fylket/dei vidaregåande skolane utarbeidd planar for tiltak for å førebyggje og handtere dette problemet? 2b. Korleis er rapporterte/meldte tilfelle av vald m.m. blitt takla av fylket/skolen? 1.4. Revisjonskriterium Revisjonskriteria kan definerast som dei forventningane eller krava vi har som utgangspunkt for å vurdere funn som undersøkinga i eit forvaltningsrevisjonsprosjekt har avdekka. I vårt prosjekt er revisjonskriteria følgjande: Lov om arbeidsvern og arbeidsmiljø m.v (aml.) 7. Generelle krav. 1. Arbeidsmiljøet i virksomheten skal være fullt forsvarlig ut fra både en enkeltvis og samlet vurdering av de faktorer i arbeidsmiljøet som kan ha innvirkning på arbeidstakernes fysiske og psykiske helse og velferd. 12. Tilrettelegging av arbeidet. 1. Generelle krav. Teknologi, arbeidsorganisasjon, utførelse av arbeidet, arbeidstidsordninger og lønnssystemer skal legges opp slik at arbeidstakerne ikke utsettes for uheldige fysiske eller psykiske belastninger, eller slik at deres mulighet for å vise aktsomhet og ivareta sikkerhetshensyn forringes. Nødvendige hjelpemidler for å hindre uheldige fysiske belastninger skal stilles til 1

arbeidstakernes disposisjon. Arbeidstakerne skal ikke utsettes for trakassering eller annen utilbørlig opptreden 14. Arbeidsgiverens plikter. Arbeidsgiveren skal sørge for at virksomheten er innrettet og vedlikeholdt og at arbeidet blir planlagt, organisert og utført i samsvar med bestemmelsene gitt i og i medhold av denne lov, jfr. særlig 7-13. Den 17.06.05 var det vedtatt ei ny lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern som i hovudsak vil bli iverksett frå 01.01 2006. Arbeidstakarane si helse og tryggleik ser ut til å vere eit overordna omsyn i den nye arbeidsmiljølova. Vi vurderer likevel funna i rapporten opp mot gjeldane lov, men legg inn dette som ei opplysning om kva ein må førehalde seg til i framtida. Det er i vedlegg 2 tatt med utdrag av ny arbeidsmiljølov og dei paragrafar som er vesentleg for dette forvaltningsrevisjonsprosjektet. Vi viser elles til utdrag til forskrifter til gjeldande arbeidsmiljølov i vedlegg 1 (Internkontrollforskrifta). Kvalitetssystemet for helse, miljø og tryggleik i fylket (HMT). Grunnlaget for kvalitetssystemet er gitt i ei eiga Forskrift om systematisk helse- og miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskriften). Ideen med kvalitetssystemet for HMT er at driftseiningane pliktar å sørgje for systematisk oppfølging av gjeldande krav som er fastsett i m.a. arbeidsmiljølova. Vi viser til vedlegg 3. 1.5. Metode Som metode for prosjektet har vi valt m.a. ei anonym spørjeundersøking som vart gjennomført i april 2005, og som omfatta 1259 tilsette av undervisningspersonalet ved dei vidaregåande skolane i fylket. Oversyn over undervisningspersonalet var basert på tilsendte e-postlister frå skolane sine Itansvarlege. I tillegg til analyse av spørjeundersøkinga har dokumentanalyse og intervju vore brukt som metode. Vi har intervjua leiinga ved enkelte skolar og HMT-koordinator i fylket. 1.6. Avgrensing Vald og trakassering i skolen omfattar mange aktørar. Kontrollutvalet har avgrensa omfanget av prosjektet til å gjelde berre undervisningspersonalet ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylke. Det er forståing for at også tilsette som assistentar og elevassistentar kan vere utsette for vald og trakassering i sitt arbeid ved skolane. Likeeins kan dette gjelde reinhaldarar, vaktmeistrar, adm. personalet etc. Men dersom det på bakgrunn av undersøkinga/prosjektet vert sett i verk tiltak mot vald og trakassering mot undervisningspersonalet ved skolane, vil det vere naturleg at desse tiltaka inkluderar dei tilsette elles. Vi har avgrensa oss til å sjå på vald og trakassering dei siste to åra ved dei vidaregåande skolane i fylket. 2. FAKTAGRUNNLAG OG REVISJONENS VURDERINGAR 2.1. Første problemstilling: I kva grad er vald og trakassering av undervisningspersonalet ved dei vidaregåande skolane eit problem? Vi kjem nedanfor til å sjå nærare på det psykososiale arbeidsmiljøet, og deretter tek vi med ein definisjon på omgrepa vald og trakassering. Vidare kjem vi til å sjå på i kva grad spørjeundersøkinga, fylkets HMT-rapportering og rapportering frå fylkeshovudvernombodet har vist om dette er eit problem. 2.1.1. Nærare om det psykososiale arbeidsmiljøet. Det har dei siste åra vore eit auka fokus på det psykososiale miljøet og korleis dette kan påverke dei tilsette ved verksemda. Til samanlikning trådde kapittel 9a om elevane sitt skolemiljø i opplæringslova i kraft 1. april 2003. Dette kapitlet omhandlar retten til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. 2

Arbeidsmiljøet i ei verksemd er ikkje berre avhengig av ulike fysiske arbeidsmiljøfaktorar, men i høg grad også av dei mellommenneskelege tilhøva innan verksemda. Den enkelte arbeidstakar skal personleg utføre arbeid, noko som i dei aller fleste tilfelle inneber eit meir eller mindre samarbeid med andre arbeidstakarar eller med arbeidsgjevaren sjølv. Når det gjeld undervisningstilsette ved skolane inneber dette også kontakt med elevar. For den enkelte arbeidstakar sin trivsel på arbeidsplassen vil desse mellommenneskelege tilhøva, som gjerne omtalast som dei psykososiale tilhøva, ha vel så mykje å seie som det fysiske arbeidsmiljøet. Reguleringa av dei psykososiale tilhøva er vesentleg meir avgrensa enn dei fysiske tilhøva. Dette heng saman med at dei mellommenneskelege relasjonar i langt mindre grad er egna til å bli regulert ved rettsreglar. Dei mellommenneskelege relasjonar baserar seg i større grad på uskrivne sosiale normer for korleis menneske føreheld seg til kvarandre. Det følgjer likevel uttrykkeleg av aml. 12 nr. 1 m.a. at verksemda skal leggast opp slik at arbeidstakarane ikkje blir utsett for uheldige psykiske belastningar, og ikkje utsettast for trakassering eller anna utilbørlig opptreden. Det er såleis ikkje eit krav at tilsette er påført psykiske skadar som følgje av uheldige psykiske belastningar. Definisjonar på vald og trakassering m.m. Definisjoner (http://www.utdanningsforbundet.no/udftemplates/page.aspx?id=8334) Vold: Enhver fysisk eller psykisk skade på en person. Vold er også skadeverk på inventar og bygning. Aktiv fysisk vold: Å bruke fysisk kraft mot eller holde en person fast ved for eksempel slag, spark, skalling, dytting, holding, lugging, kloring, biting, kvelertak, knivstikking, stikking med spiss gjenstand, kasting av gjenstand mv. Aktiv psykisk vold: Verbale krenkelser, maktutøvelse, systematisk fornedring, ydmykelse i samvær med andre, trusler om fysisk vold, annet. Trusler: Verbalt angrep eller fysiske handlinger som tar sikte på å skremme eller skade en person. Dette kan være i direktekontakt, pr. telefon på arbeid eller privat, tekstmeldinger, e- post mv. Trakassering: Utsette noen for plaging, sjikane, ubehageligheter, forfølge med krangel og lignende Begrepet brukes ofte i sammenhenger der person blir utsatt for mer systematiske ubehageligheter. Trakassering kan også være skade på ansattes eiendom for eksempel stikke hull på den ansattes bil- eller sykkeldekk, riping i billakken til den ansattes bil mv. 2.1.2. Resultat frå spørjeundersøkinga vedk. vald og trakassering For å kartlegge omfanget av problemet, valte vi å sende ut ei spørjeundersøking til tilsette av undervisningspersonalet ved dei vidaregåande skolane i fylket. I spørjeundersøkinga spurde vi m.a. om den einskilde har vore utsett for vald og trakassering frå elevar dei siste to åra i sitt yrke som lærar. Spørjeundersøkinga vart gjennomført anonymt og ved hjelp av internettverktøyet questback. Undersøkinga fikk ei samla oppslutning på 54,8%, dvs. totalt 693 av dei 1259 svarte på spørjeundersøkinga. Sjølve spørjeundersøkinga er lagt ved rapporten som vedlegg 4. 5. Spm. 3 Har du i løpet av dei to siste åra vore utsett for fysisk vald frå elevar? (Slag, spark, dytting, lugging etc.) Ja 16 2,3% av total 693 Nei 677 97,7% av total 693 Det er ein relativt låg del av undervisningspersonalet som har blitt utsett for fysisk vald. Vi bad dei som svarte ja til dette spørsmålet om å gje ei nærare skildring av valden. Skildringa av valden går i stor grad ut på slag, spark og lugging. Elles nemner nokon kvelartak som var direkte ubehageleg. 3

Spm. 7 Har du i løpet av dei siste to åra vore utsett for psykisk vald frå elevar? (Systematisk øydelegging av undervisninga, dagleg bråk, sabotasje, sjikanering, mobbing etc.) Ja 121 17,5% av totalt 693 Nei 572 82,5% av totalt 693 Langt fleire opplever at dei er utsett for psykisk vald enn fysisk vald. Men ut i frå kommentarane er det forskjell i kor alvorleg dei ulike hendingane er. Det er alt frå mykje generell uro til utskjelling på det grovaste. Mange av utsegna går på bråk og uro i timane, og systematisk sabotasje av undervisninga. Det blir nemnt at noko bråk og uro må ein til dels forvente i yrket som lærar, men det kan i lengda slite psykisk. Døme på kommentarar: Hånelig, latterlig gjøring i undervisningsistuasjonen. Sabotasje av undervisningen med å ødlegge undervisningstiden med tilrop og baksnakking. manipulering, baksnakking, forsøk på å bryte deg ned som enkeltmenneske Bråk og prating, bevisst sabotasje, forsøk på bevisst avsporing, plaging av andre elever i form av å skape dårlige arbeidsforhold. brev fra elever med negative og krenkende innhold. Leie, trøtte, umotiverte elever kan opptre med bråk og boikott, etter min vurdering, UTEN selv å betrakte dette som psykisk vold mot lærer. Men det er jo i realiteten det. Spm. 11 Har det i løpet av dei siste to skoleåra blitt gjort skade/utført hærverk på din eigedom (bil, sykkel, klede, bøker etc.) som kan relaterast til ditt yrke som lærar? Ja 24 3,5% av totalt 693 Nei 669 96,5% av totalt 693 Det som går igjen her som den vanlegaste skaden er skade på bil. Det kan vere lakkskadar, bulking, flytting av bil og punktert dekk. Døme på kommentarar: Striper i lakk på bil, påkjørsel etter avmelding om rusmisbruk. ødelagt motorantenne bil verdi kr4000,- Spm. 15 Har elevar ved din skole i løpet av dei siste to åra kome med truslar mot deg? Ja 38 5,5% av totalt 693 Nei 655 94,5% av total 693 Det varierar også kor alvorleg truslane er, men det går m.a. på truslar om at vedkomande veit kvar du bur og truslar om valdsbruk. Gjennomgangen av spørsmåla ovanfor frå spørjeundersøkinga syner at enkelte av undervisningspersonalet ved dei vidaregåande skolane er utsett for problem som vald og trakassering. Flest føler dei har blitt utsett for psykisk vald, og heile 17,5% av totalt 693 svarer ja til dette. 4

2.1.3. Resultat frå HMT-rapportane vedk. vald og trakassering Fylket har utvikla eit system for rapportering og oppfølging innan HMT-området, som omfattar fysiske, psykiske, sosiale og organisatoriske tilhøve på arbeidsplassen. Fylket tek pulsen på arbeidsmiljøet gjennom fastsetting av HMT-kodar for dei viktigaste HMT-faktorane. HMT-kodane skal dokumentere avvik frå dei standardane som er sett med basis i lover, forskrifter og eigne standardar/prosedyrar, jf vedlegg 1. Ein av HMT-faktorane er andre risikofaktorar, og her har skolane høve til å m.a. rapportere om tilfeller av vald og trakassering. Rapportane skulle såleis kunne gje oss eit svar på i kva grad vald og trakassering er eit problem ved dei vidaregåande skolane i fylket. I årsrapporten for HMT 2004 blir det peika på at det ser ut til å vere ein aukande tendens til denne type problem. 17 % av driftseiningane har knytt kode 2 til andre risikofaktorar. Dette er ein auke frå 12 % i 2003. Det blir i årsrapporten for 2004 vist til at dette gjeld t.d. utagerande ungdom som kan påføre personalet både fysiske og psykiske skadar, oppbevaring av farlege kjemiske stoff og farlege maskinar og utstyr som må oppgraderast. Ein skole har til dømes rapportert inn følgjande under sjukefråvær (den same skolen rapporterte inn dette i årsrapporteringa for 2003): Krav om å vere ein inkluderande skule og for elevar med relativt store åtferdsavvik og integrerte elevar i saman- slåtte klassar stiller store krav til det pedagogiske personalet. Vi veit at nokre sjukmeldingar kan ha samanheng med at læraren slit med den belastninga dette medfører. Tolegrensene her er individuelle og aldersrelaterte, men likevel allmenne nok til at dette er eit problemområde skulen og skuleeigaren bør sjå nærare på. 2.1.4. Fylkeshovudverneombodet sin rapport Fylkeshovudverneombodet gjennomfører årleg ein rapport over yrkesskadar ved dei vidaregåande skolane, og i perioden 01.11.03-31.10.04 er det registrert 10 påførte valdsskadar og 1 trussel om vald. Det blir i rapporten vist til at dette er ein vesentleg auke og stadfestar tendensen som ein ser elles i andre delar av landet. Hovudsamarbeidsutvalet vart orientert om denne rapporten over yrkesskadar i sak SAM-7/05. Til samanlikning viste rapporten over yrkesskadar ved dei vidaregåande skolane i perioden 01.11.2002-31.10.2003 til 3 påførte valdsskadar. Oversikta omfattar skadar som gjeld både elevar og tilsette ved skolane, men i følgje fylkeshovudverneombodet er dette rapporterte yrkesskadar forhold elevar mellom, men viser til at det truleg er store mørketal i høvet til forhold også mellom lærar og elev. (Sjå høyringsfråsegn i vedlegg 6). Revisjonens vurdering: Gjennomgangen av spørjeundersøkinga syner at skolane i fylket står overfor problem som vald og trakassering frå elevar retta mot lærarar. Det ser ikkje ut til at vald og trakassering mot undervisningspersonalet ved dei vidaregåande skolane i fylket er eit stort og utbreidd problem. Men det førekjem, og det er opplevast svært alvorleg for fleire av dei som er råka av dette. Til dømes synest omfanget av fysisk vald å vere relativ låg (2,3% av 693), medan psykisk vald synest å vere eit meir utbreidd problem (17,5% av 693). Tilsette ved skolane har rett til vern mot slike urimelege belastningar i sitt daglege arbeid ved skolane. Kva som er uheldige belastningar, kan vere vanskelig å avgrense. Det er noko som må oppfattast som «normale» belastningar i eit yrke. Slike belastningar vil lova ikkje skjerme mot. For den enkelte vil det i stor grad vere eit subjektivt skjønn kva som er belastande. Sjølv om ein til dels må forvente noko bråk og uro i yrket som lærar, kan det i lengda slite psykisk. I arbeidet med det psykososiale arbeidsmiljøet er det viktig å leggje vekt på den enkeltes oppleving. Det som kan føre til belastningar for nokon, treng ikkje føre til belastningar for andre. Det skal elles ikkje høyre med til jobben til nokon av lærarane å bli utsett for t.d. slag, spark, lugging eller kvelartak. Leiinga ved skolen bør derfor ta ansvar for å sette problemet på dagsorden, og sjå til at det herskar ein open kultur ved skolen for at tilsette kan ta opp denne type problem. Både HMT-rapportane frå skolane og rapporten frå fylkeshovudverneombodet byggjer under opplysningane i spørjeundersøkinga om at enkelte av dei tilsette ved dei vidaregåande skolane står overfor problem som vald og trakassering. Men samanlikna med spørjeundersøkinga kan det sjå ut til at det er ein fare for underrapportering i HMT-rapportane vedk. vald og trakassering. HMTrapporteringane syner å vere eit eigna verktøy for å registrere dette, men det bør kome tydelegare fram kvar i rapporteringa ein har høve til å rapportere om tilfeller av vald og trakassering. 5

2.2. Andre problemstilling: I kva grad og på kva måte har fylket/dei vidaregåande skolane utarbeidd planar og tiltak for å førebyggje og handtere dette problemet? Vi kjem nedanfor til å gå igjennom både dei tiltaka skolane har utarbeidd for å førebyggje problem som vald og trakassering av undervisningspersonalet, og sjå nærare på kva fylket sine plikter som arbeidsgjevar er, og kva som er gjort i samband med dette. 2.2.1. Planar og tiltak ved skolane Det vart i spørjeundersøkinga spurt om dei tilsette kjente til planar eller tiltak ved skolen, som er utarbeidd for å førebyggje eller handtere problem som vald og trakassering av undervisningspersonalet. Tilbakemeldingane vart som følgjer: Spm. 22 Kjenner du til planar eller tiltak ved din skole som er utarbeidd for å førebyggje og handtere problem med vald eller trakassering av undervisningspersonalet? Ja 63 9,1% av totalt 693 Nei 630 90,9% av totalt 693 Vi bad dei som kjente til slike planar eller tiltak om å gi ei nærare skildring av desse. Skildringane gjekk m.a. på HMT-arbeid, arbeidsmiljøundersøking, plan for handtering av slike tilfeller og skolereglement. Døme på kommentarar: Psyko-arbeidsmiljø er fokusert - jfr HMS-arbeid Det er ved ett spesielt tilfelle utarbeidet dataljert liste over hva som er akseptabel og ikke akseptabel adferd, og hva konsekvensene blir for brudd på dette Skulen har utarbeidd ei "Skulestartmappe". Denne inneheld mellom anna "PLAN FOR Å UNNGÅ MOBBING - FOREBYGGING". Dette er ein systematisk plan som med tidfesta tiltak i skuleåret Etter en rekke episoder er det nå blitt tatt tak i dette problemet og avdelingen jobber med tiltak for å håndtere slike problemer Elles har det kome fram opplysningar om tiltak i tillegg til dette gjennom samtalar med enkelte leiarar ved dei vidaregåande skolane i fylket. Tiltaka er m.a. medarbeidarsamtalar, bedriftshelseteneste, arbeidsmiljøkartlegging og bruk av verneombod. I tillegg blir det peika på verdien av å arbeide i team, der ein kan oppleve å få tettare og ein meir open kontakt mellom dei tilsette ved skolen. 2.2.2. Fylket sine plikter som arbeidsgjevar Etter aml. 14 er arbeidsgjevar forplikta til å sjå til at verksemda er innretta og halde vedlike i høve til dei krav som er fastsett i arbeidsmiljølova, og at arbeidet vert planlagt, organisert og utført i samsvar med lova, jf. særleg aml. 7-13 og dei forskrifter som er gitt med heimel i arbeidsmiljølova. Arbeidsmiljølovas 14 fastsett til dels detaljert korleis omsynet til dei tilsette sin tryggleik, helse og velferd skal takast i vare. Internkontrollforskrifta er viktig i samband med dette, særleg 5 krav til dokumentasjon punkt 4-8. (Sjå vedlegg 1). Også arbeidstakarane er forplikta etter arbeidsmiljølova til å medverke ved gjennomføringa av dei tiltaka som settast i verk, for å skape eit sunt og trygt arbeidsmiljø. Likeeins er plikta til å sjå til at reglane om internkontroll blir følgt, eit ansvar for alle tilsette innan verksemda, jf. forskriftas 4, men leiinga har eit særleg ansvar. 2.2.3. Generelle planar og tiltak i fylket Fylket har utarbeidd ein mal for HMT-arbeidet, i denne inngår mellommenneskelege forhold, og tilhøva på arbeidsplassen. Det er 40 driftseiningar som leverar inn slik årsrapportering, derav 25 vidaregåande skolar. I rapporteringa blir det m.a. spurt om dei driv systematisk HMT-arbeid, t.d. skal det rapporterast inn måloppnåing i høve til fylkesdirektøren sine fem overordna mål og det skal registrerast avvikskodar til 7 arbeidsmiljøfaktorar. Tilfelle av vald og trakassering retta mot tilsette ved skolen kan rapporterast inn under andre risikofaktorar. Skolen må t.d. i tilfelle HMT-kode 1 (lik 6

dårlegaste kode for delfaktorane) sette i verk tiltak for å få retta opp forholda, og helst på lågast mogleg nivå og innan eige budsjett. Som nemnt vart det i årsrapporteringa for 2004 vist til ein auke i kode 2 under andre risikofaktorar. Det har og vert rapportert inn problem som dette under ein av dei andre delfaktorane. HMT-systemet sett også krav til at det skal utarbeidast ein årleg handlingsplan for betring av arbeidsmiljøet. Avvik som er registrerte skal danne grunnlaget for ein slik handlingsplan, og om skolane har gjennomført dette, kjem fram i årsrapporteringa til fylket. Tilsette ved dei 40 driftseiningane har høve til å delta i grunnopplæring i arbeidsmiljø, og det er stor interesse frå dei tilsette ved skolane for å delta ved desse kursa. Opplæringa har som mål å utvikle forståing for eit heilskapeleg HMT-arbeid, der menneske i samspel står i sentrum. Kursleiarane legg vekt på at lærestoffet skal springe ut frå deltakarane sin kvardag, og alle arbeider med lokale problemstillingar i mellomperiodane. I år var det svært mange som ønska temaet vald og trakassering ved skolen. Det vart sett av ein halv dag til å ta opp dei juridiske sidene ved dette temaet, og rektor ved Fannefjord vidaregåande skole delte sine erfaringar med resten av gruppa. Tingvoll vidaregåande skole har eit godt fungerande HMT-arbeid ved sin skole, og deira erfaring vart derfor brukt i samband med opplæringa av kursdeltakarane. Revisjonen har fått opplysningar om at det vil bli fokusert på temaet også ved neste års samling i grunnopplæringa i arbeidsmiljø. Kvar driftseining har eitt eller fleire verneområde. Til kvart verneområde skal det vere valt eit verneombod (VO) med stadfortredar. Verneombodet sine oppgåver går fram av aml. 26 med forskrifter. Det er valt eit hovudverneombod for Møre og Romsdal fylke, som i samsvar med forskriftene om verneombod og arbeidsmiljøutval 4, punkt. 5, har ansvar for å samordne verneomboda sin funksjon. I det daglege vil hovudverneombodet ha nemninga fylkeshovudverneombod, og er representert i Hovudsamarbeidsutvalet for Møre og Romsdal fylke. Fylkeshovudverneombodet er frikjøpt i 60% stilling, der 10% av dette er frikjøp for byggjeprosjekt i skolesektoren. Denne stillingsprosenten har vore uendra sidan før sjukehusa vart statlege. Fylkeshovudverneombodet gjennomfører m.a. årleg ein rapport over yrkesskadar ved dei vidaregåande skolane i fylket. Rapporten over yrkesskadar har dei siste to åra blitt behandla i Hovudsamarbeidsutvalet. For nokre område i fylket der det ligg føre særlege samordningsbehov (mange verneområde/verneombod), kan det veljast eit verneombod som har tilsvarande samordningsfunksjon for det aktuelle området som hovudverneombodet har for heile Møre og Romsdal fylke. Hovudsamarbeidsutvalet i fylket har blitt orientert om både HMT-årsrapporten og rapporten frå fylkeshovudverneombodet som viste til ein auke i problem som utagerande elevåtferd og vald. Utvalet drøfta i sak SAM-5/05 m.a. behovet for å opprette ei sentral ressursgruppe som kan støtte skolane både med rådgjeving i førebyggande tiltak og kvalitetssikring i høve til reaksjonar på enkelttilfelle av uakseptabel elevåtferd. Ingen av tiltaka vart vedteke i møtet, men Hovudsamarbeidsutvalet tok HMTrapporten for 2004 til vitande. Revisjonens vurdering: Det går fram av svara på spørjeundersøkinga at skolane har ei rekkje tiltak som kan vere med på å førebyggje og handtere problem som vald og trakassering mot dei tilsette ved skolen. Likeeins kom det fram gjennom samtalar med skolane andre viktige tiltak i dette arbeidet. Likevel er det 90,9% av 693 spurte som ikkje kjenner til slike planar eller tiltak. Vi vurderer det derfor slik at skolane bør ta ansvar for at dei tilsette er kjent med kva for system det blir arbeidd ut i frå i ein slik samanheng, og såleis unngå at den enkelte oppfattar dette som eit privat problem. Fylket har som nemnt tiltak som kan vere viktig i samband med dette (HMT-systemet, grunnopplæringa i arbeidsmiljø og verneteneste). Vidare bør det vere eit mål for fylket å få problemområdet tydelegare inn i det ordinære HMT-arbeidet ved skolane. HMT-systemet ser ut til å vere eit eigna verktøy til å kunne fange opp problem som dette, og ein del av mørketala i høve til rapportering av vald og trakassering retta mot undervisningspersonalet, kan også skuldast feil eller mangelfull bruk av HMT-systemet. Men i hovudsak vurderer vi det slik at det bør kome tydelegare fram i HMT rapportane kvar det er høve til å melde i frå om dette. Sjølv om det er eit mål at desse utfordringane skal løysast på lågast mogleg nivå, i dette tilfelle ved skolane, bør det vere av interesse for fylket å følgje utviklinga frå år til år gjennom rapporteringane frå skolane. Ei slik tydeleggjering av vald og trakassering i HMT- rapporteringa kan også vere viktig i samband med arbeidsgjevars plikter og krav til dokumentasjon, jf. Internkontrollforskriftas 5 punkt 6 og 7. 7

Grunnopplæringa i arbeidsmiljø synest også å vere eit svært viktig tiltak i samband med problem som vald og trakassering retta mot undervisningspersonalet ved skolane, og vi ser derfor positivt på at dette vil bli tatt opp ved neste års samling. Likeeins vil det vere positivt dersom Hovudsamarbeidsutvalet vurderer på nytt dei tiltaka som vart nemnt i sak SAM-5/05. 2.3. Tredje problemstilling: Korleis er meldte/rapporterte tilfeller av vald m.m. blitt takla av fylket/skolen? Det vart i spørjeundersøkinga spurt om kva for tiltak som vart satt i verk ovanfor utøvar og den valdsutsette, og respondentane vart bedt om å gje ei nærare skildring av desse tiltaka. Det er ikkje alle som har meldt frå til overordna om at dei har vorte utsett for vald og trakassering. Nedanfor kjem vi til å gå gjennom tala på dei som har eller ikkje har meldt i frå om eventuell vald og trakassering. Vidare kjem vi til å sjå nærare på korleis skolane har handtert dei meldte/rapporterte tilfella av vald m.m. 2.3.1. Skolane si handtering av meldte/rapporterte tilfeller av vald og trakassering. Spm. 5 Har du meldt i frå til overordna om den fysiske valden? Ja 15 93,8% av totalt 16 Nei 1 6,3% av totalt 16 Som det går fram av tabellen, er det berre ein som ikkje har meldt i frå om den fysiske valden som han har blitt utsett for. Bakgrunnen for dette var at vedkomande følte det var eit enkelttilfelle som ikkje var meint å vere brutalt. Spm. 9 Har du meldt i frå til overordna om den psykiske valden? Ja 92 78,0% av totalt 118 Nei 26 22,0% av totalt 118 Her er det 22% av dei som har vert utsett for psykisk vald som ikkje har meldt i frå til overordna. Kva som er årsaka til dette varierer, men det går m.a. på at dette er vanleg og at hendingane ikkje er alvorleg nok til å gå vidare med til øvste hald ved skolen. Men det er nokre som seier dei ikkje tør å melde i frå om dette i frykt for å få kjensle av å ikkje meistre jobben sin som lærar. Elles er det dei som prøver å handtere situasjonen på eiga hand og meinar det er inga vits å melde i frå. Spm. 13. Har du meldt i frå til overordna om skadane/hærverk på eigendom Ja 9 37,5% av totalt 24 Nei 15 62,5% av totalt 24 Her er det i motsetning til dei andre svara vedk. vald og trakassering, ei overvekt av dei som ikkje har meldt i frå til overordna om skadane/hærverk dei har fått gjort på deira eigedom. To av respondentane peikar på at dei har meldt forholdet til politi i staden. Dei andre er usikker på kven som står bak skadane, og finn det derfor vanskeleg å forfølgje saka. Spm. 17 Har du meldt i frå om trugsmåla til overordna? Ja 22 59,5% av totalt 37 Nei 15 40,5% av totalt 37 Dei som ikkje har meldt i frå til overordna om trugsmåla dei har blitt utsett for, ser ikkje på truslane som alvorlege nok. 8

Mange peikar på at skolen har ikkje sett i verk tiltak etter episodane av vald og trakassering retta mot undervisningspersonalet. Men det blir også i skildringa av tiltaka nemnt t.d. samtalar med kollegaer og teammøte der problema vert drøfta. Det er diverre fleire som har varsla at dei kjem til å bli sjukmeldt dersom ikkje forholda vert betra. Døme på tiltak: Tatt opp i teammøte. Dette har blitt tatt hand om av skuleleiinga og situasjonen har vorte avklara og betra seg. Elev har vorte flytta til anna undervisningsgruppe. Skolen eg arbeider ved, har rapport før og etter undervisningstid. Dette som ein debriefing av dagen. I tillegg har ein daglege møter med andre yrkesgr der hendingar på skolen vert diskutert. Fysisk vald vert i tillegg skriftleggjort. Det er også mange som melder i frå om at ingen tiltak er sett i verk ovanfor utøvaren. Men det er dei som kan vise til tiltak som utvisning både for ein dag og resten av skoleåret, og nedsetting av orden og åtferdskarakter. Utøvar blir kalla inn til samtale med t.d. rektor, rådgjevar eller avdelingsleiar, der eleven vert orientert om kva for reglar han må rette seg etter dersom han skal fortsette som elev ved skolen. Elles er det tiltak som tettare oppfølging av eleven (utøvaren), gjennom anten samarbeid med heimen til eleven eller anna meir direkte oppfølging av eleven. PP-tenesta eller andre hjelpeetatar kan òg bli kalla inn ved behov. 2.3.2. Fylket si handtering av rapporterte tilfeller av vald og trakassering Problem som vald og trakassering retta mot undervisningspersonalet ved skolane er forholdsvis nye opplysningar for fylket. Det er først fjorårets HMT-rapportering som peika på slike problem. Det vart under andre risikofaktorar vist til ei auke i kode 2 avvik. I tillegg viste rapporten frå fylkeshovudverneombodet til ein auke i utagerande elevåtferd og vald. Vi har fått opplysningar om at på bakgrunn av desse opplysningane vil temaet bli følgt opp framover gjennom m.a. neste års samling i grunnopplæring i arbeidsmiljø. Revisjonens vurdering: Vi vurderer det slik at fylket er bevisst på at skolane står ovanfor utfordringar som vald og trakassering av undervisningspersonalet ved skolane i fylket, men bør sjå nærare på korleis dei best mogleg kan møte utfordringane. T.d. bør fylket sjå nærare på korleis HMT-systemet betre kan fange opp slike problem og korleis fylket kan følgje utviklinga framover. Utfordringa for både skolane og fylket er også å få fram opplysningar om tilfella av psykisk vald retta mot undervisningspersonalet. Psykisk vald er ofte meir usynleg og terskelen for å melde i frå kan dermed bli høgare. For skolane sin del er det viktig å vere tydeleg på kva som vil vere konsekvensane for elevar som utsett andre ved skolen for vald og trakassering, og at ein har eit velfungerande system som kan nyttast dersom ein kjem ut for slike problem. Alt dette kan spele ei viktig rolle i høve til eit tryggare og meir forutsigbart læringsmiljø og hindre at arbeidstakarane blir utsett for uheldige fysiske eller psykiske belastningar, jf. Aml. 12. 3. HØYRINGSFRÅSEGNER TIL RAPPORTEN 3.1. Høyringsinstansar Rapportutkastet har vore sendt til fylkesdirektøren, administrasjonsdirektør, fylkesutdanningsdirektør, dei vidaregåande skolane i fylket og fylkeshovudverneombod for uttale. I tillegg er rapportutkastet sendt til utdanningsforbundet i Møre og Romsdal til orientering og med høve til å gje fråsegn til rapporten. Det er også gjennomført eit høyringsmøte med representantar frå administrasjonsavdelinga og utdanningsavdelinga, der dei fekk høve til å gje oss tilbakemelding på deira vurderingar kring innhaldet i rapportutkastet. 9

3.2. Høyringsmøte I høyringsfasen for rapportutkastet er det halde eit høyringsmøte med representantar frå administrasjonsavdelinga. I høyringsmøte er rapportutkastet blitt gjennomdrøfta, og det er gjort nokre få justeringar i høve til den endelege rapporten. 3.3. Samandrag av innkomne høyringsfråsegner Rapportutkastet vart sendt på høyring onsdag 10.08.05, og ved utgangen av høyringsfristen 06.09.05 hadde vi motteke svar frå fylkeshovudsamarbeidsutvalet, Tingvoll vidaregåande skole, ein felles uttale frå administrasjonsavdelinga og utdanningsavdelinga, og Hovudsamarbeidsutvalet. Fylkeshovudverneombod i Møre og Romsdal Fylkeshovudverneombodet har følgd denne undersøkinga med stor interesse og er glad for at kontrollutvalet har sett behovet, og gitt fylkesrevisjonen i oppgåve å gjennomføre dette forvaltningsrevisjonsprosjektet. Undersøkinga viser at det er relativt få som blir utsett for direkte fysisk vald. Noko som også stemmer med inntrykket som fylkeshovudverneombodet har. Det aller meste av det fylkeshovudverneombodet blir gjort kjend med, er dei ulike formene for psykisk vald, - slik denne undersøkinga også viser. Elles blir det vist til at det er særs viktig at skolane driv førebyggande og haldningsskapande arbeid blant dei unge, og at dei får trening i å løyse konfliktar utan å ty til fysisk eller psykisk vald. Eit systematisk HMT-arbeid ved skolane vil vere med på å redusere desse problema. Det er i høyringsfråsegna ein kommentar til faktadelen i rapporten vedk. fylkeshovudverneombodet sin rapport for perioden 01.11.03 31.10.04, som viser 10 registrerte påførte valdsskadar og eit tilfelle av trussel om vald. Fylkeshovudverneombodet meiner å hugse at alle desse rapporterte yrkesskadane gjaldt elevar mellom. Men fylkeshovudverneombodet er ikkje det minste tvil om at det her er store mørketal i høve til same problem mellom elevar og tilsette. (Sjå vedlegg 5). Tingvoll vidaregåande skole Tingvoll vidaregåande skole sluttar seg til fylkesrevisjonen sine førebelse konklusjonar og anbefalingar, og meiner at skolane gjennom eit langsiktig og målretta HMT-arbeid kan førebyggje vald og trakassering. Dei vil også understreke verdien av å sette i verk tiltak ved den enkelte skole som har som formål å utvikle ein positiv og inkluderande skolekultur, der kvar enkelt elev blir sett og behandla med respekt av medelevar og tilsette. Slik leggast eit grunnlag for ein positiv omgangstone mellom elevar og tilsette. Tingvoll vidaregåande skole har erfart at fokus på eit psykososialt arbeidsmiljø og aktiv elevmedverknad gjennom fleire år, har gitt eit svært lågt konfliktnivå og god dagleg kommunikasjon mellom elevar og tilsette. (Sjå vedlegg 6). Felles høyringsfråsegn frå administrasjonsavdelinga og utdanningsavdelinga Det blir her vist til at rapporten speglar ein utviklingstrend som også er fanga opp av HMTårsrapporteringa (jf HSAMU-sak7/05) og fylkeshovudverneombodet sin rapport om yrkesskadar for 2004. Forvaltningsrevisjonsrapporten blir sett på som eit nyttig innspel i fylket sitt arbeid med å få ein oversikt over omfanget av vald og trakassering i skolane. Vidare har dei merka seg revisjonen sine vurderingar og konklusjonar, og vil sjå nærare på anbefalingane om forbetring av system og rutinar for å førebygge og handtere vald og trakassering av undervisningspersonalet. Elles blir det oppsummert kva fylket i den vidare oppfølginga spesielt vil vurdere i høve til forbetringar, sjå høyringsfråsegn i vedlegg 7. Hovudsamarbeidsutvalet Hovudsamarbeidsutvalet behandla rapporten i møtet 20.09.05, sak SAM 18/05, og vedtaket er referert i høyringsfråsegna. Av vedtaket går det fram at Hovudsamarbeidsutvalet meiner rapporten er eit nyttig innspel i arbeidet med å førebygge og handtere vald og trakassering av tilsette i skolane, og dei tilrår fleire tiltak for forbetring av HMT-systemet og rutinar for å førebygge og handtere vald og trakassering (sjå vedlegg 8). 10

3.4. Høyringsfråsegnene sin verknad for utforming av endeleg rapport Dei fråsegnene som er gitt til rapporten støtter i all hovudsak dei vurderingane, konklusjonane og anbefalingane som er gitt i rapporten. Fylkeshovudverneombodet påpeikte i si fråsegn at dei registrerte valdsskadane og trussel om vald som vi viser til i kap. 2.1.4, truleg gjeld forholdet elevar mellom. Vi har teke omsyn til dette, og trekt dette tydeleg inn under kap. 2.1.4. Det har elles ikkje kome fram andre merknader frå høyringsinstansane som gir grunnlag for endringar av innhaldet i rapporten. 11

4. FYLKESREVISJONENS KONKLUSJONAR OG ANBEFALINGAR 4.1. Konklusjonar Denne spørjeundersøkinga er gjennomført med det formål å vurdere i kva grad undervisningspersonalet ved dei vidaregåande skolane i fylket er utsett for vald og trakassering, i kva grad det er utarbeidd planar for tiltak for å førebyggje og handtere problemet, og korleis fylket har takla meldte tilfelle av vald m.m. Når tilsette blir utsett for vald og trakassering, er det ikkje lenger eit privat problem, men skolen sitt kollektive ansvar. Tilsette ved skolane har rett til vern mot uheldige belastningar i sitt daglige arbeid og rett til vern mot vald, jf. Aml. 12. Spørjeundersøkinga vi gjennomførte viste at enkelte av undervisningstilsette i Møre og Romsdal fylke har ein tøff kvardag, der dei opplever å bli utsett for vald og trakassering frå sine elevar. Dette er ei slik belastning for desse at det kan bryte med arbeidsmiljølova si målsetting om å sikre eit arbeidsmiljø som gir arbeidstakarane full tryggleik mot psykiske skadeverknadar. Både spørjeundersøkinga og samtalane med skolane viste til viktige tiltak i arbeidet mot vald og trakassering. Likevel var det 90,9% av dei spurte i spørjeundersøkinga som ikkje kjente til slike planar eller tiltak. Både HMT-systemet og grunnopplæringa i arbeidsmiljø synest å vere viktige tiltak i samband med problem som dette. Men særleg HMT-systemet bør tydelegare ta opp temaet i rapportane frå skolane. Ved å trekke dette inn i rapportane kan fylket og skolane m.a. få inn opplysningar om hendingane og følgje utviklinga av problemet frå år til år. Fylket har ikkje tidlegare gjennom HMT-rapportane frå skolane blitt kjent med at vald og trakassering var eit problem for enkelte tilsette ved dei vidaregåande skolane i fylket. Men det ser ut at fylket no er bevisst på problemet, og at temaet vil bli følgt opp i tida framover gjennom m.a. neste års samling i grunnopplæring i arbeidsmiljø. Skolane har sett i verk ulike tiltak for å handtere dei meldte tilfella av vald m.m. Men det er dei som har svart i undersøkinga at dei ikkje kjenner til planar eller tiltak, eller som ikkje har meldt i frå i det heile. Spesielt synes psykisk vald å vere ei utfordring å få meldt inn. 4.2. Anbefalingar Det er liten tvil om at vald og truslar verkar inn på det psykososiale miljøet på ein arbeidsplass. Det er derfor naturleg å utarbeide retningslinjer for å motvirke slik åtferd, både som ein del av personalpolitikken og som eit ledd i HMT-arbeidet. Det er naivt å tru at ein kan bli kvitt all vald og trakassering ved skolane, men det å få inn opplysningar om hendingane vil kunne gjere det lettare å utarbeide eit system som kan ivareta både offer og utøvar. Det er viktig at skolen og fylket får kjennskap til problema, slik at dei kan ta ansvar for sine tilsette. At det herskar ein open kultur for å ta opp slike problem, er eit ansvar for leiinga. Vald og trakassering er ikkje ein privatsak, men eit arbeidsplassproblem som skal handterast deretter. Førebygging og handtering av problem som vald og trakassering av undervisningspersonalet handlar ikkje åleine om utarbeiding av planar og tiltak, men sjølvsagt om verdiar. Det er også lite hjelp i planar og tiltak dersom desse er ukjent for dei tilsette. Men ein skole der ein lærar blir utsett for vald har eit arbeidsmiljøproblem, og leiinga ved skolen bør derfor ha eit kjent system og gode rutinar for korleis dette skal førebyggast og handterast. HMT-rapporteringa synest å vere eit eigna verktøy for å registrere dette, men det bør òg kome tydeleg fram at vald og trakassering høyrer med i ei risikokartlegging av skolen sitt arbeidsmiljø. På den måten kan ein i enda større grad vere trygg på at HMT-systemet sikrar eit arbeidsmiljø som gjev arbeidstakarane tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader. Fylket har som nemnt fått signal om at dei tilsette ved skolane i fylket står ovanfor problem som vald og trakassering, og vi vil derfor anbefale at det blir sett nærare på dagens HMT-system, korleis dette kan forbetrast og på ein sikrare måte fange opp problem som vald og trakassering. Molde, august 2005 Jannicke Solem Eirik Jenssen 12

VEDLEGGSOVERSYN Vedlegg 1 Utdrag av forskrifter til arbeidsmiljølova (Internkontrollforskrifta) Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (Internkontrollforskriften). Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (Internkontrollforskriften). Fastsatt ved kgl.res. 6. desember 1996 med hjemmel i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. 16a jf. 2 nr. 8, lov 21. mai 1971 nr. 47 om brannfarlige varer samt væsker og gasser under trykk 14, lov 14. juni 1974 nr. 39 om eksplosive varer 14, lov 5. juni 1987 nr. 26 om brannvern m.v. 4, lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall 52b, lov 11. juni 1976 nr. 79 om kontroll med produkter og forbrukertjenester 8, lov 17. juli 1953 nr. 9 om sivilforsvaret 41 jf. 48, lov 24. mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr 3 jf. 9 og lov av 2. april 1993 nr. 38 om framstilling og bruk av genmodifiserte organismer (genteknologiloven) 17 annet ledd. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. Endret 17 des 1999 nr. 1352, 9 mars 2000 nr. 270 (hjemmel), 1 feb 2002 nr. 127, 19 des 2003 nr. 1599, 8 okt 2004 nr. 1395, 28 jan 2005 nr. 51. 1. Formål Gjennom krav om systematisk gjennomføring av tiltak, skal denne forskrift fremme et forbedringsarbeid i virksomhetene innen - arbeidsmiljø og sikkerhet - forebygging av helseskade eller miljøforstyrrelser fra produkter eller forbrukertjenester - vern av det ytre miljø mot forurensning og en bedre behandling av avfall slik at målene i helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen oppnås. 4. Plikt til internkontroll Den som er ansvarlig for virksomheten skal sørge for at det innføres og utøves internkontroll i virksomheten og at dette gjøres i samarbeid med arbeidstakerne og deres representanter. Arbeidstakerne skal medvirke ved innføring og utøvelse av internkontroll. 5. Innholdet i det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet. Krav til dokumentasjon 13

Internkontrollen skal tilpasses virksomhetens art, aktiviteter, risikoforhold og størrelse i det omfang som er nødvendig for å etterleve krav i eller i medhold av helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen. Internkontroll innebærer at virksomheten skal: Dokumentasjon 1. sørge for at de lover og forskrifter i helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen som gjelder for virksomheten er tilgjengelig, og ha oversikt over de krav som er av særlig viktighet for virksomheten - 2. sørge for at arbeidstakerne har tilstrekkelig kunnskaper og ferdigheter i det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet, herunder informasjon om endringer - 3. sørge for at arbeidstakerne medvirker slik at samlet kunnskap og erfaring utnyttes - 4. fastsette mål for helse, miljø og sikkerhet må dokumenteres skriftlig 5. ha oversikt over virksomhetens organisasjon, herunder hvordan ansvar, oppgaver og myndighet for arbeidet med helse, miljø og sikkerhet er fordelt må dokumenteres skriftlig 6. kartlegge farer og problemer og på denne bakgrunn vurdere risiko, samt utarbeide tilhørende planer og tiltak for å redusere risikoforholdene må dokumenteres skriftlig 7. iverksette rutiner for å avdekke, rette opp og forebygge overtredelser av krav fastsatt i eller i medhold av helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen må dokumenteres skriftlig 8. foreta systematisk overvåkning og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at den fungerer som forutsatt må dokumenteres skriftlig Internkontrollen skal dokumenteres i den form og det omfang som er nødvendig på bakgrunn av virksomhetens art, aktiviteter, risikoforhold og størrelse. Dokumentasjon som følger av krav i eller i medhold av helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen, for eksempel instrukser, tillatelser, kompetansebevis, sertifikater o.l. skal inngå. Skriftlig dokumentasjon etter denne forskrift skal minst omfatte annet ledd nr. 4) til og med nr. 8) i denne paragraf. Frivillige sertifikater kan også inngå som en del av dokumentasjonen. 14

Vedlegg 2 1-1. Lovens formål Lovens formål er: Utdrag av ny arbeidsmiljølov a) å sikre et arbeidsmiljø som gir grunnlag for en helsefremmende og meningsfylt arbeidssituasjon, som gir full trygghet mot fysiske og psykiske skadevirkninger, og med en velferdsmessig standard som til enhver tid er i samsvar med den teknologiske og sosiale utvikling i samfunnet, 2-2. Arbeidsgivers plikter overfor andre enn egne arbeidstakere (1) Når andre enn arbeidsgivers egne arbeidstakere, herunder innleide arbeidstakere eller selvstendige, utfører arbeidsoppgaver i tilknytning til arbeidsgivers aktivitet eller innretning, skal arbeidsgiver: a) sørge for at egen virksomhet er innrettet og egne arbeidstakeres arbeid er ordnet og blir utført på en slik måte at også andre enn egne arbeidstakere er sikret et fullt forsvarlig arbeidsmiljø, 2-3. Arbeidstakers medvirkningsplikt (1) Arbeidstaker skal medvirke ved utforming, gjennomføring og oppfølging av virksomhetens systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid. Arbeidstaker skal delta i det organiserte verne- og miljøarbeidet i virksomheten og skal aktivt medvirke ved gjennomføring av de tiltak som blir satt i verk for å skape et godt og sikkert arbeidsmiljø. (2) Arbeidstaker skal: d) sørge for at arbeidsgiver eller verneombudet blir underrettet så snart arbeidstaker blir kjent med at det forekommer trakassering eller diskriminering på arbeidsplassen, melde fra til arbeidsgiver dersom arbeidstaker blir skadet i arbeidet eller pådrar seg sykdom som arbeidstaker mener har sin grunn i arbeidet eller forholdene på arbeidsstedet, Kapittel 3 Virkemidler i arbeidsmiljøarbeidet 3-1. Krav til systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid (1) For å sikre at hensynet til arbeidstakers helse, miljø og sikkerhet blir ivaretatt, skal arbeidsgiver sørge for at det utføres systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid på alle plan i virksomheten. Dette skal gjøres i samarbeid med arbeidstakerne og deres tillitsvalgte. (2) Systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid innebærer at arbeidsgiver skal: a) fastsette mål for helse, miljø og sikkerhet, b) ha oversikt over virksomhetens organisasjon, herunder hvordan ansvar, oppgaver og myndighet for arbeidet med helse, miljø og sikkerhet er fordelt, c) kartlegge farer og problemer og på denne bakgrunn vurdere risikoforholdene i virksomheten, utarbeide planer og iverksette tiltak for å redusere risikoen, d) under planlegging og gjennomføring av endringer i virksomheten, vurdere om arbeidsmiljøet vil være i samsvar med lovens krav, og iverksette de nødvendige tiltak, 15

e) iverksette rutiner for å avdekke, rette opp og forebygge overtredelser av krav fastsatt i eller i medhold av denne lov, f) sørge for systematisk arbeid med forebygging og oppfølging av sykefravær, g) sørge for løpende kontroll med arbeidsmiljøet og arbeidstakernes helse når risikoforholdene i virksomheten tilsier det, jf. bokstav c, h) foreta systematisk overvåking og gjennomgang av det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet for å sikre at det fungerer som forutsatt. (3) Departementet kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om gjennomføringen av kravene i denne paragraf, herunder om krav til dokumentasjon av det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet. Kapittel 4 Krav til arbeidsmiljøet 4-1. Generelle krav til arbeidsmiljøet (1) Arbeidsmiljøet i virksomheten skal være fullt forsvarlig ut fra en enkeltvis og samlet vurdering av faktorer i arbeidsmiljøet som kan innvirke på arbeidstakernes fysiske og psykiske helse. Standarden for sikkerhet, helse og arbeidsmiljø skal til enhver tid utvikles og forbedres i samsvar med utviklingen i samfunnet. 4-3. Krav til det psykososiale arbeidsmiljøet (1) Arbeidet skal legges til rette slik at arbeidstakers integritet og verdighet ivaretas. 3) Arbeidstaker skal ikke utsettes for trakassering eller annen utilbørlig opptreden. 16

Vedlegg 3 Generell informasjon vedk. HMT-systemet Kap.0 Kvalitetssystemet - ein del av styringssystemet Helse, miljø og tryggleik er knytt til kvaliteten på tenestene i Møre og Romsdal fylke og den viktigaste produksjonsfaktoren vår - dei tilsette i organisasjonen. For at brukarane våre skal få kvalitativt gode tenester i trygge omgivnadar, er det viktig at vi trivst med jobben og kan stole på at vi har eit trygt og godt arbeidsmiljø. Helse, miljø og tryggleik skal inngå i alle aktivitetar i Møre og Romsdal fylke, frå langtidsplanlegginga til den daglege drifta. I Møre og Romsdal fylke skal arbeidet med helse, miljø og tryggleik (HMT) vere eit klart definert leiaransvar som skal kanaliserast mest mogleg gjennom kvalitetssystemet for HMT. Denne HMT-systemhandboka er ein del av kvalitetssystema vi har i Møre og Romsdal fylke. Den fortel korleis vi handterer området helse, miljø og tryggleik. Boka beskriv korleis det systematiske arbeidet med helse, miljø og tryggleik er ein del av styringssystemet i fylket. Med andre ord gir boka ei ramme for korleis ein arbeider lokalt på den einskilde skolen, avdelinga eller tannhelsedistriktet/- klinikken (driftseiningsnivå) når det gjeld HMT. Vi er framleis opptekne av å halde papirmengda så liten som råd. Difor vil denne systemhandboka ikkje vere større enn at ho skal vere lett å finne fram i. Saman med systemhandboka er det ved alle driftseiningar ei HMT-arbeidsbok som er inndelt etter dei same kapitla som denne boka. Arbeidsboka inneheld den naudsynte HMT-dokumentasjonen for di driftseining. Her skal du til dømes finne lokale resultatmål og handlingsplan for å betre arbeidsmiljøet og gjere det sikrare, og du skal finne kven som har ansvaret for at dette vert gjort. Du skal også finne kva HMT-forskrifter og prosedyrar som gjeld for din arbeidsplass i denne arbeidsboka. Til kvart kapittel i arbeidsboka er det lista opp kva dokument som skal vere der, denne lista bør ikkje utvidast meir enn det er behov for. Arbeidsbøkene bør ikkje fyllast med dokument som eigentleg ikkje har noko der å gjere, eller som er blitt uaktuelle. Kapitla i systemhandboka og arbeidsboka er sett opp slik at dei oppfyller minimumskrava etter internkontrollforskriftene for helse- miljø og tryggleik. Dersom ein ser bort frå systemet, må vi for å forvalte arbeidsmiljøet og tryggleiken på arbeidsplassen på ein god måte: o o o o ha mål for arbeidet ha ansvaret for at dei ulike HMT-områda er klarlagt og beskrivne ha ei kartlegging av korleis det verkelege arbeidsmiljøet fungerer ha ein oversikt over kva standardar som gjeld for tryggleiken og helsefaktorane på arbeidsplassen vår. Kvalitetssystemet sikrar at dei naudsynte oppgåvene blir gjort, og det gir råd om korleis det kan gjerast på ein enkel måte som heile vegen kan dokumenterast. Dei nødvendige HMT-dokumenta kan som kjent gjerast relativt kortfatta, men det er ønskeleg at alle tilsette skal vere involverte i HMT-arbeidet. Dei tilsette bør t.d. ha høve til å delta i kartlegginga av arbeidsmiljøet. Dei bør ha høve til å bli kjent med og evt. kommentere mål og handlingsplan. Dei skal kjenne til kven som er ansvarleg på dei ulike områda. Leiaren må sjølv finne den rette balansen mellom ein enkel og handterbar arbeidsmåte, samstundes som dei tilsette blir involvert i tilstrekkeleg grad. 17

Vedlegg 4 Spørjeundersøkinga 18