ÅRSMELDING 2008 FOR BOKN KOMMUNE



Like dokumenter
ÅRSMELDING 2007 FOR BOKN KOMMUNE

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Oversyn over økonomiplanperioden

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Tertialrapport 2 tertial 2015

ÅRSMELDING 2010 FOR BOKN KOMMUNE

ÅRSMELDING 2006 FOR BOKN KOMMUNE

ÅRSMELDING 2009 FOR BOKN KOMMUNE

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

10/60-14/N-211//AMS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

ÅRSMELDING 2011 FOR BOKN KOMMUNE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Handlingsprogram og økonomiplan

VEDTEKT av februar 2007

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Lønnsundersøkinga for 2014

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Til veljarane i Tysnes

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Sandeid skule SFO Årsplan

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

ÅRSMELDING 2013 FOR BOKN KOMMUNE

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

NOTAT. Frå: Rådmannen. Saka gjeld:

Balestrand kommune Sagatun skule

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

BOKN KOMMUNE FOR 2010 KONTROLLUTVALET BOKN KOMMUNE

Team Hareid Trygg Heime

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Til deg som bur i fosterheim år

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Folketalet har gått noko opp sidan årsskiftet, men er framleis noko under målsettinga.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

HORDALANDD. Utarbeidd av

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Forslag frå fylkesrådmannen

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Transkript:

ÅRSMELDING 2008 FOR BOKN KOMMUNE 1

2

ÅRSMELDING 2008 1 RÅDMANNENS KOMMENTARAR: Generelt 6 Investeringar 7 Driftsresultat/rekneskapsmessig mindreforbruk 7 Lånegjeld og fond 7 Inntekter 8 Sjukefråveret 8 Likestilling / deltidsstillingar 8 Vegen vidare 9 BEFOLKNINGSUTVIKLING I BOKN 2002 2008 10 RAMMEOMRÅDE 1 - Sentraladministrasjonen Innleiing 11 Ressursbruk; 11 Resultatvurdering 12 Teneste 1000 Politisk styring og kontroll 12 Teneste 1200 Administrasjon 13 Teneste 1202 Økonomitenester 16 Teneste 1203 HMS / arbeidsmiljø 17 Teneste 3250 og 3251 Næring og landbruk 17 Teneste 3900, 3920 og 3930 Kyrkja og andre religiøse formål 18 Utviklinga framover 18 RAMMEOMRÅDE 2 SEKSJON KULTUR, SKULE OG BARNEHAGE Innleiing 20 Ressursbruk 20 Resultatvurdering 23 Teneste 2010 Bokn barnehage 24 Teneste 2020 Bokn skule 25 Teneste 2110 Styrking av barnehagetilbodet 37 Teneste 2130 Vaksenopplæring 37 Teneste 2150 Skulefritidsordninga 37 Teneste 2210 og 2220 Reinhald i barnehagen og skulebygget 38 Teneste 2210 og 2220 Barnehagebygget og skulebygget 38 Teneste 2221 Skuleskyss, Bokn skule 38 Teneste 2310 Aktivitetstilbod barn og unge, inkl. Kyrkjebygd aktivitetshus 38 Teneste 3350 Parkar, plassar og torg 39 Teneste 3600 Naturforvaltning 40 Teneste 3700 Bibliotek 40 Teneste 3730 Kino 41 Teneste 3750 Museum 41 Teneste 3770 Kunstformidling 41 Teneste 3830 Musikk og kulturskular 42 Teneste 3850 Andre kulturaktivitetar 42 Utviklinga framover 43 3

RAMMEOMRÅDE 3 SEKSJON HELSE, SOSIAL OG BARNEVERN Innleiing; 45 Ressursbruk; 46 Resultatvurdering; 48 Teneste 2310 Aktivitetstilbod barn og unge 49 Teneste 2320 Førebuing, skule og helsestasjon 49 Teneste 2330 Førebyggjande arbeid 52 Teneste 2340 Aktivisering Eldre Og Funksjonshemma 53 Teneste 2410 Diagnose, behandling og rehabilitering 55 Teneste 2420 Sosial rådgjeving og veiledning 57 Teneste 2440 Barnevern 58 Teneste 2510 Barneverntiltak i familien 58 Teneste 2520 Barneverntiltak utafor familien 58 Teneste 2530 Pleie, omsorg, hjelp i institusjon 58 Teneste 2540 Pleie, omsorg, hjelp i heimen 59 Teneste 2810 - Økonomisk sosialhjelp 62 Teneste 2850 - Ambulanseteneste 63 Teneste 3100 Husbanken sine støtteordningar 63 Utviklinga framover; 63 Årsmelding for Bokn Senior/Brukarråd 2008 68 RAMMEOMRÅDE 6 - SEKSJON TEKNISK -2008 Innleiing; 69 Ressursbruk 69 Resultatvurdering 70 Kommunale bygg, anlegg og kyrkjegard. 71 Utleigebustader 71 Teneste 3400 Vassverk: 71 Teneste 3500 og 3530 Avlaup - kloakk 72 Teneste 3550 Renovasjon 72 Teneste 3380 og 3390 Brann og feiarvesen. 72 Teneste 3010-3030 Kartverk, Oppmåling og Planar 72 Teneste 2650 og 3150 Bustadfelt og bustader. 73 Teneste 3330 og 3340 Vegar og gater, Trafikksikring. 73 Teneste 3600 - Naturforvaltning 73 Utviklinga framover; 74 4

5

RÅDMANNENS KOMMENTARAR: Generelt Drifta av ein kommune er i stor grad styrt av økonomiske rammevilkår vedtekne av Stortinget. Kommunebudsjettet for 2009 - er som budsjettet for 2008 - svært stramt. Som fylgje av finanskrisa har kommunane i 2009 fått ekstraordinære statlege løyvingar for mellom anna å dempa den aukande arbeidsløysa. Tal frå kommunane viser at løns- og prisstigning det siste året førte til ei større utgiftsenn inntektsvekst. Som kommunane hadde frykta blei lønsoppgjeret i 2008 dyrt. Sørheimutvalet sitt framlegg til endring av inntektssystemet ville ført til ei sterk reduksjon i rammetilskott for små distriktskommunar. Heldigvis vant ikkje dette forslaget fram ved Stortinget si behandling. Det nye inntektssystemet som vart vedteke av Stortinget opprettheld småkommunane sine inntekter på tilsvarande nivå som tidlegare. Kommunesektoren har dei siste åra gjennomført ei effektivisering og tenestetilpassing som vi truleg ikkje har opplevd i tidlegare periodar.. Sjølv om ein i dag som fylgje av finanskrisa ser ei aukande arbeidsløyse, trur ein likevel Norge på sikt vil ha eit stramt arbeidsmarked. Det vil difor fortsatt vere viktig å ha fokus på auka effektivisering og tenestetilpassing. Ifylgje tal og komentarar frå Kommunenes Setralforbund, KS, er rekneskapsresultata for 2008 rekordsvake og mange kommunar slit med underskott. Tala viser at i gjennomsnitt for landet ekskl. Oslo, var eit netto driftsresultat for 2008 på 0,7%. Netto driftsresultat for Bokn blei kr. 2.788.000,- ekskl. eigedomsskatt for gasskraftverket på kr. 773.500,-. Nettodriftsresultat berekna ut frå driftsinntektene vart då 3,65 %. Eigedomsskatten frå gasskraftverket er ikkje inntektsført då Naturkraft har påklaga innkrevjinga. Budsjettet for 2008 er som tidlegare år basert på målsettingar i kommuneplanen om: Styrka oppvekstvilkår for born og unge Legga til rette for etablering av unge familiar Marknadsføra kommunen som ein god stad for busetting og etablering Gjennomføra planar for funksjonshemma Skapa eit differensiert omsorgstilbod Driva ein aktiv næringspolitikk Delta aktivt i regionalt samarbeid I budsjett for 2006 og kommuneplan blei det gjort vedtak om å satse sterkt på ei utvikling av kommunen gjennom eit eige prosjekt Kjekt på Bokn. Prosjektet har langsiktige perspektiv med mål om å skapa nye møteplassar, etablere fleire arbeidsplassar, ta i bruk den flotte Bokna-naturen og sette i verk helseførebyggande tiltak for boknarar i alle aldrar. Ei føresetnad for god framdrift av prosjektet har vore tilsetting av ein prosjektleiar. Fyrst på slutten av 2008 fekk ein prosjektleiar på plass, noko som har gitt flotte resultat så langt i 2009. 6

Inntektsutviklinga i kommunane er sterkt knytt til folketalsutviklinga. Både når det gjeld rammetilskott og når det gjeld fordeling av inntekt frå gassbasert industri mellom Tysvær og Bokn. For Bokn er det viktig at ein ikkje har ei alt for skeiv befolkningsutvikling i forhold til Tysvær då dette vil redusera Bokn kommene sin del av desse inntektene. Befolkningsutviklinga for Bokn var god både i 2006 og 2007, mens ein i 2008 har hatt ei lita tilbakegang frå 823 til 811. Bokn kommune er godt stelt med kvalifisert personell i nøkkelstillingar. Kommunen har hatt full dekning i alle fag, men har mangla sjukepleiar med godkjend spesialutdanning innan psykiatri og helsesøster. Kommunen har frå midten av februar 2008 hatt tilsatt lege i 100% stilling. Kommunen har svært stabile, dyktige og godt kvalifiserte medarbeidarar - noko som er ein føresetnad for god kvalitet på dei kommunale tenestene. Sjølv om me i dag i all hovudsak er dekka med kvalifisert personal er det tydelege signal både nasjonalt og regionalt om at det vil bli eit aukande problem å få kompetente personell til å søkje kommunale stillingar. Dette gjeld stillingar på alle nivå. Det interkommunale samarbeidet på Haugalandet er sprett over eit vidt spekter av tenester. Ein ser det interkommunale samarbeidet som svært viktig i framtida, både når det gjeld arbeidet med å rekruttera nye medarbeidarar og ikkje minst som eit godt alternativ i forhold til å tilsette eigne medarbeidarar innanfor spesialisttenestene. Pågangen etter bustadtomter i Bokn har vore låg i 2008. Kommunen skal i 2009 regulera og legga til rette for nye bustadtomter på Alvestad noko ein håper vil føra til auka etterspurnad. Rekneskapen viser at det i 2008 har vore noko overforbruk i forhold til budsjettet sjølv om det samla resultet er bra. Det vises til kommentarane under det enkelte rammeområde. Investeringar Dei samla investeringane i 2008 utgjer ca. 3,1 mill. kroner. Dei to største oppgåvene var utvikling av næringsområdet i Føresvik og nærområde Føresvik. Driftsresultat/rekneskapsmessig mindreforbruk Brutto driftsresultat 2008 rekneskap/budsjett: kr 1.725.399,- / kr. -2.878.695,- Brutto driftsresultat 2007: kr. 4.913.267,- Netto driftsresultat 2008 rekneskap/budsjett: kr. 2.788.762 / kr. -2.659.795,- Netto driftsresultat 2007 kr. 5.449.725 Rekneskapsmessig mindreforbruk 2008 kr. 2.940.608,- Brutto og netto driftsresultat viser at Bokn kommune har hatt ein god økonomisk situasjon også i 2008 sjølv om overskotet er mindre enn dei to siste åra. Overskot i 2008 på 2,94 mill. kroner. Lånegjeld og fond Rekneskapen for 2007 viser at langsiktig lånegjeld er redusert frå kr. 41.892.650,- i 2007 kr. til kr. 40.583.058,- i 2008. 7

Kommunen sine fond pr. 31.12.2008: Bundne driftsfond kr. 3 792 365,- Ubundne kapitalfond kr. 4 834 024,- Bundne kapitalfond kr. 163 746,- Disposisjonsfond kr. 8 068.496,- inkl. Haug.Rådet sitt fond på ca 3. mill. Sum fond er auka frå kr.16.075.985,- til kr. 16.858.632,-. Dei kommunale fonda er auke med kr. 782.645,-. Inntekter Kommunens driftsinntekter 2008/2007, eks. renter: kr. 67.280.529,- / kr. 61.645.006,- Driftsinntektene er samansett av : Skatteinntekter 2008/2007 (inkl. eig.skatt) kr. 21.659.684,- / kr. 22.128.129,- Rammetilskott 2008/2007 kr.21.707.053,- / kr.19.163.398,- Andre inntekter 2008/2007 kr. 22.726.792,- / kr. 20.353.479,- Samla hadde kommunen ei auke i inntekter på ca. 4,4 mill. kroner frå 2007 til 2008. Eigedomsskatten utgjorde i 2008 kr. 6.568.635,-. Det meste skriv seg frå den gassbaserte industrien på Kårstøanlegget. Eigedomsskatten var ca. kr. 150.000,- lågare i 2008 enn i 2007, noko som delvis skuldast folketalsforskyving Tysvær og Bokn imellom til fordel for Tysvær. I tillegg vil ein peike på at inntektene er vesentleg lågare enn budsjettert, pga usemje om innkrevjing av eigedomsskatt frå gasskraftverket. Sjukefråveret Bokn kommune har frå 2002 vore ein IA bedrift. Sidan 1. januar 2005 har ein hatt avtale med Haugaland HMS-senter om regelmessig gjennomgang og kartlegging av arbeidsmiljøet mellom anna som eit tiltak for å få redusert sjukefråværet. I 2007 ar det gjennomført kartlegging av arbeidsmiljøet i barnehage og helse, og i 2008 blir det gjennomført kartlegging av dei resterande avdelingane Totalt ligg sjukefråværet i Bokn kommune lågt med 4 % (5,3 i 2006 og 4,4% i 2005) men det er fortsatt stor forskjell frå avdeling til avdeling. På landsbasis var fråversprosenten 6,8% i 2006. Sjukefråværet er nærare omtalt hos kvar enkelt seksjon. Likestilling / deltidsstillingar Bokn kommune har, likt andre kommunar, skeiv fordeling av kvinner og menn i mange av yrkene. Innan helse, barnehage og skule har vi ei overvekt av kvinner og i teknisk er det overvekt av menn. I mellomleiar stillingar er det fleire kvinner enn menn, medan den administrative toppleiinga er meir balansert med 3 menn og 2 kvinner. Utfordringa er å rekruttere fleire menn til stillingane i helse, skule og barnehage. Kommunen har også mange deltidsstillingar, spesielt innan omsorg. Målet er å auka desse stillingane og få fleire stillingar med 100%. Små stillingar er ei ulempe for både tilsette og brukarar, men ofte kan det vera vanskeleg å få turnusen til å gå opp når antal personar vert redusert. 8

Vegen vidare Bokn kommune har eit høgt nivå på dei kommunale tenestene - både når det gjeld kvalitet og kvantitet. Kommunen har fram til no hatt barnehageplass til alle som har søkt innan søknadsfristen. Ei auka i antal søkjarar siste åra gjer at kommunen må vurdera å byggja ut eller byggja ny barnehage. Etterspurnaden etter sjukeheimsplassar har dei siste åra vore større enn kapasiteten. I 2008 har det vore betre samanheng med tilbodet og etterspurnaden. Bokn har ein god skule tilknytta flott bibliotek. Kommunen må i dei kommande åra likevel ta høgde for at det vil kunne vere trong for å byggje ut fleire av dei kommunale byggja/tenestetilboda som fylgje av ein forventa folketalsutvikling ikkje minst som fylgje av T-forbindelsen som vert starta opp i 2009 og dei framtidige Rogfastplanane. Utfordringar for kommunen dei kommande åra vil difor både vere å skaffe byggeklare bustadtomter, kunne dekke behovet for sjukeheimsrom, omsorgsbustader, barnehageplassar og gode og funksjonelle klasserom. I tillegg vil det som tidlegare, vere å få fleire unge barnefamiliar til å busette seg i Bokn. Ein av dei den største utfordringen i kommunesektoren framover vil vere å rekruttere folk til å jobbe i kommunesektoren. Både innan dei store og viktige sektorane som utdanning og helse/omsorg er det få som tar utdanning i forhold til det behovet for arbeidskraft ein har innan desse sektorane. Kommunar og næringsliv på Haugalandet er difor i saman om eit prosjekt som skal betre regionens omdømme. Sjølv om lånegjelda er på veg nedover gjer store kapitalutgifter at Bokn fortsatt i ein del år framover vil slite med høge finanskostnader. Den rentenedgangen som me såg i slutten av 2008 og som har fortsatt inn i 2009, vil ha positive konsekvensar for økonomien vår. Økonomi er ein viktig innsatsfaktor når det gjeld kvalitet og kapasitet på kommunale tenester, men det vikitgaste er likevel fyrst og fremst dyktige medarbeidarar. Bokn kommune har heldigvis mange dyktige medarbeidarar som gjer ein god jobb og gjennomfører dei oppgåver dei blir pålagt på ein god måte. Sentralt som Bokn ligg, nært opp til arbeidsmarknader både sør og nord for Boknafjorden, er det mange kommunar som konkurrerer om denne arbeidskrafta. Det er derfor viktig å ta vare på denne ressursen gjennom ein personalpolitikk som gjer oss konkurransedyktige i forhold til andre kommunar både når det gjeld løn og andre arbeidgjevarpolitiske tiltak. Som ein liten distriktskommune har kommunen tatt sitt ansvar som samfunnsutviklar på alvor. Både når det gjeld saker internt i kommune, men også når det gjeld saker som er viktige for regionen. Bokn kommune ser på det interkommunale samarbeidet som viktig, og deltar i mange større samarbeidsprosjekt som BAS barnevernsamarbeid på Haugalandet, Innkjøpssamarbeidet, Haugaland Vekst næringsutviklingsselskap, Haugalandrådet, Interkommunalt renovasjonsselskap HIM, Nord-Rogaland og Sunnhordland Friluftsråd for å nemne noen av dei mest sentrale samarbeidsområda. Gjennom Haugaland Vekst IKS har Bokn kommune frå 1. januar 2006 hatt ansvaret for sekretariatsfunksjonen for Haugalandrådet. Bokn, april 2009 Jan Erik Nygaard Rådmann 9

BEFOLKNINGSUTVIKLING I BOKN 2002 2008 ÅR 2003 2004 2005 2006 2007 2008 Fødde 17 11 6 13 5 12 Døde 3 2 10 7 2 12 Fødselsover-skott 14 9-4 6 3 0 Innflytting 29 33 30 36 47 27 Utflytting 41 40 25 19 20 39 Netto flytting -12-7 5 17 27-12 Bef. vekst 2 2 1 23 30-12 Sum innbyggjarar 767 769 770 793 823 811 1000 800 600 400 200 0 2003 2004 2005 2006 2007 2008 Ved årsskifte 2007/2008 var folketalet på Bokn auka til heile 823 personar, ei auke på heile 30 i forhold til 2007. I 2008 har folketalet gått ned til 811. Målet om befolkningsvekst som var sett i kommuneplanen, vart med den veksten kommunen hadde i 2006 og 2007 oppnådd. Det er eit mål at folketalet no må stabilisera seg godt over 800. 10

RAMMEOMRÅDE 1 - Sentraladministrasjonen Innleiing Sentraladministrasjonen omfattar dei politiske og administrative tenestane i kommunen. Dei administrative einingane er rådmann, data, servicetorg og økonomiavdeling. Tenestane som dette rammeområdet omfattar er politisk aktivitet og overordna administrasjon av kommunen som utgjer 39% av utgiftene på rammeområdet. Resten av utgiftene 61% gjeld fellesutgiftene til tenesteproduksjon. (jmf. Resultatvurdering, andre tenester) Rådmannen; Overordna styring og kontroll, juridisk bistand, interkommunalt/regionalt arbeid, beredskap, sekretærfunksjon for formannskap og kommunestyre, næringsarbeid og data. Servicetorg; Kundemottak, sentralbord, post, arkiv, felles innkjøp, sekretæriat for politiske utval og interne merkantile tenester til og for seksjonane. Økonomiavdelinga; Økonomistyring, budsjett, innkjøpsavtalar, rekneskap, lønn, fakturering, skatteinnkrevjing, generell personalpolitikk, HMS/arbeidsmiljø. Ressursbruk; Driftsresultat Rekneskap 2007 Budsjett 2008 Rekneskap 2008 Avvik frå Budsjett 2008 Brutto utgifter 11.851 17.270 14.884 2.386 Brutto inntekter -4.811-4.389-5.382 983 Netto utgift 7.040 12.881 9.502 3.379 Rekneskapet for 2008 viser at drifta er ca 3,3 mill lågare enn budsjettert. Mindreforbruket / overskotet skuldast; Unytta løyving reserverte bevilgningar; 2,2 mill Unytta prosjektleiing Kjekt på Bokn 0,6mill Overskot Haugalandrådet kr.280.000 Mindreforbruk pensjonskostnader kr. 220.000 Budsjettet for Haugalandrådet utgjer 3,4 mill. Bemanning 2003 2004 2005 2006 2007 Årsverk rådmann/edb 1,8 2,0 2,0 2,0 2,0 Årsverk økonomiavdeling 2,6 2,6 2,6 2,6 2,73 Årsverk servicetorg 2,1 2,1 2,1 2,1 1,75 Stillinga som IT-konsulent er 100% men 20% er knytta opp mot arbeid for Utsira kommune og vi får refundert lønskostnadene frå Utsira. Økonomiavdelinga har ein auke på 13% som skuldast frikjøpt tid til tillitsvalgtarbeid. Denne st.andelen er knytta opp mot 11

vervet som tillitsvalt og er ikkje ein fast ressurs i økonomiavdelinga. Stillingsandelen på fast tilsette i Servicetorget er 1,75 årsverk. I tillegg har kommunen ein avtale med SRbank om tenesteyting, berekna til ca. 0,5 årsverk. Sjukefråver i administrasjonen sjukefråver 2004 2005 2006 2007 2008 I % 3,54 % 5,14% 6% 0,5% 0,5% Kortidsfråver dagar 3,6 dg. 7 dg 18dg 12dg 11 Langtidsfråver dg. 63,4 dg. 89 dg. 75dg 0 0 2008 har vore eit år utan langtidsfråver og fråversprosenten er nå vært låg. Resultatvurdering Året 2008 har generelt vore svært arbeidskrevjande fordi vi i fleire månader var utan seksjonsleiar i helse, og det vart deretter også brukt mykje ressurser på opplæring av nytilsette. Dette har særleg vore merkbart for rådmann og økonomiavdelinga. Fyrste halvår var det økonomisjefen som i tillegg ivaretok driftsansvaret for pleie og omsorg, og i ei tid med mange vakante stillingar pga permisjonar samtidig som det var overbelegg på sjukeheimen og mange tunge brukarar, var utfordringane til tider store for å få drifta til å gå rundt. Dei ordinære driftsoppgåvene for administrasjonen har ikkje endra seg i forhold til tidlegare år, og årsmeldinga inneheld difor mykje av dei same opplysningane som tidlegare berre justert med endringar og nøkkeltal. Teneste 1000 Politisk styring og kontroll Ved kommunevalet 2007 vart det mange nye lokalpolitikarar og utgiftene til kurs/ opplæring har vore høgare enn budsjettert i 2008. Budsjettet var på 20.000 og forbruket har vore 80.000. Oversikten over aktiviteten i dei ulike utvala kan ein finna på slutten av dette dokumentet. Kostratala frå dei 4 siste åra viser fylgjande utvikling; Brutto driftsutgifter til funksjon 100, i kr. pr. innb 2005 2006 2007 2008 1783 1941 1666 1985 12

Barnekoret, eit fast innslag på 17.mai Teneste 1200 Administrasjon Rådmann, datakonsulent, personal, servictorg og økonomi (teneste 1202) er alle definert som administrasjon dvs. funksjon 120 ihht. KOSTRA. KOSTRA tala frå tidlegare år har vist at vi hadde høge kostnader til administrasjon, samanlikna med andre kommunar. Ein av årsakene til dette er at vi av praktiske årsaker fører ein del fellesutgifter som administrative utgifter og det er vanskeleg å fordele kostnadene nøyaktig etter forbruk i den enkelte driftsavdeling.. Både Servicetorg, Økonomiavdelinga og rådmann bruker mykje av arbeidstida til å utføre oppgåver som er ein del av tenesteproduksjonen i andre seksjonar. Kartlegging viste at av dei 6,7 årsverka som er tilsette i sentraladministrasjonen utfører 2,5 årsverk direkte tenesteproduksjon. Dei resterande 4,2 årsverka i administrasjonen utfører tenester som betjener hele den kommunale organisasjonen dvs. rekneskap, lønn, personalpolitikk, HMS, sentralbord, post/arkiv, politisk sekretariat, datadrift og overordna administrasjon og leiing (funksjon 120) Kostratala frå dei 4 siste åra viser fylgjande utvikling; 2005 2006 2007 2008 Brutto driftsutgifter til funksjon 120, i kr. pr. 3716 3865 4076 innb 3873 13

Driftsutgifter for rammeområde 1 2003-2007 mill. 8 7 6 5 4 3 2 1 0 2004 2005 2006 2007 2008 Andre tenester Administrasjon Data: Våren 2005 la vi om nettverket og skifta ut serverane til VMware løsning som har fungert optimalt med svært liten nedetid. Kjøpet vart tatt som finansiell leasing over 4 år og med ca. 150.000 i årlege utgifter. Leasingperioden vert avslutta i 2009. VMware løsninga omfattar 11 ulike server einingar. Datasikkerhet Kommunen tar fysisk backup av alle data, og backup serveren er plassert i anna bygg enn hovudserver. Backup vert kjørt både til disk og tape. Begge serverane er stasjonert i eigne avlåste rom, og rom for hovudserver er også sikra med kjøling / ventilasjon. Ny brannmur vart installert i 2008 fordi kapasiteten på den gamle var sprengt, noko som førte til driftsproblem (treghet/henging). Brannmuren er installert slik at vi har sikre soner for sensitiv informasjon ihht datatilsynet sine krav. Kommunen har godkjente lisensar for programvare og antivirusprogram på alle PCèr og servere. PC er Pr. dags dato er det 170 PC er og 11 servere i drift i Bokn kommune. I 2008 vart det kjøpt inn 10 nye pcèr og 10 vart utskifta pga alder/dårleg kapasitet. Totalt har vi 80 bærbare og 90 stasjonære Pcèr i nettverket. Skulen har ca 65 av dei bærbare, og 45 av desse er mobile klassesett. Behovet for utskifting av Pcèr aukar stadig fordi utviklinga i programvare fører til behov for større kapasitet på maskinane. 14

Kjøp av tenester Økonomi programma har sidan årskiftet 05/06 vore drifta av eit privat selskap i Sykkylven, og alle kommunane (4stk) som er med i dette samarbeidet har vore svært nøgde med oppetid og service. Hausten 08 begynte vi å få problem med at vi ofte falt ut, og etter ein del testing vart det i 2009 konkludert med at det var behov for oppgradering og re-innstallasjon av programma på ny server. Etter et denne oppgraderinga vart gjort har drifta stabilisert seg igjen. Internett tilgang Internett tilgangen vi har er sårbar med trådlaus link via eit privathus i Tysvær til ein sendar på Karmøy og deretter på fast linje. Båndbredden er på 6 MB. Både den tekniske løysinga og båndbredden skulle vore betre, men det er vanskeleg å finne alternative løysingar til ein akseptabel pris. Dette er eit område som vi må arbeide vidare med i tida framover. Trådløst nett Boknatun, skole og biblioteket er nå dekka av tre trådlause nett: lærer, elev og publikums-nett. Det er satt opp 5 access-punkt som dekker heile skulebygget samt store deler av Boknatun. It-drifta i kommunen er stabil med små driftsproblem. Ein stor del av arbeidet er knytta til skule og installering av nye program samt årleg oppgradering av alle elev pcàr. Ikt ansvarleg har eit nært samarbeid med fagpersonell i andre kommunar og OleBrumm nettverket har samarbeidsmøter ca 3-4 gonger i året. Servicetorg Samlokalisert med Bank, Servicetorg, NAV kontor og sosial- og barnevernskontor har fungert sidan hausten 07. Etter avtale med Banken, betjener personalet i det nye kundesenteret både Bank og kommune, og dei tilsette i banken skal utføre ein del arbeidsoppgåver for kommunen etter nærare avtale. Denne arbeidsfordelinga er ennå ikkje heilt på plass og tilbakemeldingane frå banken er at det er ein del unytta kapasitet. Brukarane / publikum er godt nøgd med denne løysinga som mellom anna fører til at banken i Bokn har 5 dagars opningstid kvar veke. Dei ordinære oppgåvene for servicetorget er sentralbord/skranke, postmottak og postfordeling, arkivansvar og enkelte interne fellesfunksjonar til dømes innkjøp av kontorrekvisita, reisebestilling, booking av møterom og liknande. I tillegg har Servicetorget ansvar for utsending av sakspapir til kommunale styrer, råd og utval og nødvendig etterarbeid etter desse møtene. Servicetorget utfører og enkelte oppgåver for seksjonane og har i tillegg eit særleg ansvar når det gjeld generell info på kommunen si heimeside. Servicetorget har fortsatt avtale med likningsetaten om å utføra ein del tenester. Særleg i perioden for innlevering av sjølvmeldinga merker ein dette meirarbeidet. Kommunen sine postlister og møteplan/saksliste for politiske utval ligg på Internett. Innsyn i dokumenter har ein valt å ta vekk inntil vi er meir sikre på systemet og ein har 15

fått god kompetanse og gode kontrollrutinar som sikrar at ikkje sensitive/graderte data vert offentlege. Personalfunksjonen Personalpolitisk plan og andre personalreglement er under revisjon, men vart ikkje ferdig revidert i 2008 fordi ein i staden måtte prioritere drifta av helseseksjonen. Hausten 2007 starta arbeidet med ein lønspolitisk plan som vart ferdig til tariffoppgjeret våren 2008. Revisjon av dei gamle planane/personalreglementa vil fortsetja 2009. Kommunane på Haugalandet deltek i eit rekrutteringsprosjekt for distriktet saman med næringslivet og dette arbeidet starta opp hausten 2007. Kommunane har i tillegg eit eige 2 årig prosjekt (ut 2009) kor ein viktig del av prosjektet har vore å få til eit nært samarbeid med utdanningsinstitusjonane i nærmiljøet for å utvikle attraktive grunn- og vidareutdanningstilbod innan dei faga som kommunane har behov for. Høgskulen HSH har utarbeidd 2 nye studietilbod kommunal saksbehandling og leiing som nå har starta opp, og det vert arbeidd med å få til fleire studietilbud innan tekniske områder og pleie/omsorg. Kommunen har dei siste åra arrangert ein felles julelunsj for alle tilsette og på dette arrangementet vert det også utdelt gratiale for tilsette med 15 eller 25 års teneste. Tilbakemeldingane er et dette arrangementet er svært positivt. Teneste 1202 Økonomitenester Økonomi. Dei ordinære oppgåvene innafor økonomi er budsjettering, økonomistyring, kommunal bokføring, skatterekneskap, mottak/scanning av inngående faktura, utgåene fakturering og lønn. I tillegg har avdelinga fokus på at vi kan utføre tenester for seksjonane på områder kor det er behov for fagkompetanse innan økonomi- /personal. Økonomiavdelinga har i 2008 utarbeidd nye rutiner for økonomirelaterte saksbehandlingsprosedyrer i seksjon helse, og har også overtatt en del oppgåver som effektiviserer og kvalitetssikrar saksbehandlinga. Skatteoppkrevarkontoret: I 2008 blei det innfordra 61 mill. kroner i skatter og avgifter. Kommunen sin andel av dette utgjorde ca. 15 mill. kroner. Kommunen hadde ei reduksjon i skatteinngangen på 2%. Innfordringa og restansesituasjonen er fortsatt tilfredsstillande. Det var i 2008 ein liten oppgang i restansane på ca. 4%. Det var ingen restanser på arbeidsgjevaravgift og skattetrekk. Mykje av ressursane til skatteoppkrevarkontoret blei i 2008 brukt til innføring og opplæring i samband med overgang til nytt skattesystem ( SOFIE ) som vart innført i desember 07. Bokn kommune deltar Haugaland interkommunale Arbeidsgiverkontroll saman med 9 andre kommunar. 16

Innkjøpssamarbeidet på Haugalandet Innkjøpssamarbeidet på Haugalandet fungerer slik at Haugesund og Karmøy har saksbehandlarar som utfører alt arbeid med vurdering av grenseverdiar og utlysning av anbud i Norge eller EØS-området. Vi andre kommunane i samarbeidet kjem med i arbeidet når vi skal vurdera dei innkomne tilboda og foreta eit val av leverandør. Teneste 1203 HMS / arbeidsmiljø Sjukefråveret i kommunen har store endringar frå år til år. I 2006 var fråværet på 877 dagsverk, dette vart redusert til 489 dagsverk i 2007, men auka til 741 dagsverk i 2008. Totalt for kommunen var sjukefråværet på 4% i 2008 som er vesentleg betre enn SSB sin statistikk kor Rogaland har det lågaste fråveret med 5,9% i 2008. Omrekna til stillingar vil dette utgjera i underkant av 3 årsverk. Kommunen har ein avtale om inkluderande arbeidsliv som betyr at vi forpliktar oss til å ha ei tett oppfylgjing av dei sjukemeldte og tilrettelegga arbeidet slik at dei kan fortsette i jobben. Kommunen har eit internettbasert HMS system kor både reglar, rutiner, skjema etc skal vera tilgjengeleg for alle. HMS-systemet omfattar også meldingsrutinar for avvik og risikovurdering. Leiarar, tillitsvalgte og verneombud har fått opplæring i programmet og utfordringa er å utvikla dette systemet til eit godt verktøy i HMS arbeidet. Arbeidsmiljøutvalet har hatt 2 møter. HMS-senteret har vore ein aktiv medspelar i HMS arbeidet. Anna kvart år skal alle tilsette gjennom ein arbeidshelseundersøkelse. I 2008 var det helse og barnehage som vart tatt. Resultatet viser kva dei tilsette opplever som positivt og negativt i arbeidsmiljøet / på arbeidsplassen. Dei aktuelle seksjonane bruker resultata saman med personalet og vurderer kva som kan gjerast for å betre arbeidsmiljøet. Kommunen har også deltatt på HMS konferansen i Haugesund, der vi fekk mykje god og nytting informasjon og inspirasjon. Velferdsutvalet gjennomførte i 2008 et julebord for tilsette Attføringsutvalet har ikkje hatt saker til behandling i 2008. AKAN. Ingen saker har blitt tatt opp med Akan-kontakten i året som gjekk. Teneste 3250 og 3251 Næring og landbruk Bokn kommune var saman med Haugesund og Tysvær med på etableringa av Haugaland Vekst IKS hausten 2005. I tillegg gjekk Utsira inn i Haugaland Vekst IKS i 2008, mens dei andre kommunane i regionen har vald å stå utanom. Gjennom Bokn kommune har Haugaland Vekst fått tillagt sekretariatsfunksjonen for Haugalandrådet. Haugaland Vekst er samlokalisert i tidlegare Meieribygget i Haugesund saman med mellom anna Kunnskapsparken, HSA, Destinasjon Haugesund og Haugalandet AS, Rogalands-forskning, Haugesundregionens Næringsforening. 17

Haugaland Vekst IKS har i 2008 i enda større grad profilert seg som kommunens næringsapparat, med ei klår uttalt vilje til å vera kommunens næringssjef. Landbrukstenesta er som tidlegare organisert med Tysvær som vertskommune der både Tysvær, Haugesund og Bokn no knytt til dette felles landbrukskontoret. Som tidlegare år har kommunen gitt tilskott til Bokn Næringsforum og Destinasjon Haugesund og Haugalandet as. Det er utarbeidd service-erklæring for tenesta. Intensjonen og målsettinga i serviceerklæringa legges til grunn for kontakten mellom kommunen og næringslivet. Bokn kommune fekk i 2008 tildelt næringsfond frå Rogaland Fylkeskommune på kr. 200.000,-. Midlane blei etter vedtak i formannskapet tildelt 4 verksemder frå Bokn som alle hadde svært gode prosjekt. Teneste 3900, 3920 og 3930 Kyrkja og andre religiøse formål I budsjettet vart det vedtatt at overføringane til desse tenestane skulle videreførast på same nivå som tidligare, men på grunn av ytterlegare reduksjon av statlege overføringar til kyrkja vart det også i 2008 gitt ei tilleggsløyving til kyrkja på kr. 35.000,-. I budsjettet for 2008 vart overføringane til kyrkja totalt kr. 812.600.-. (inkl 100.000,- til vedlikehald) av dette kjøper kyrkja økonomi/lønn- og vaktmester tenester frå kommunen for kr. 84.000 100.000,- til vedlikehald/reparasjon av kyrkjebygget vart løyvt i 2004, og reparasjonsarbeidet starta opp i 2005. I åra 2006-2009 er det lagt inn 100.000 kvart år for vidare vedlikehald av bygget. Andre tenestar Ca. 4,2 mill. (60%) av sentraladministrasjonen sine kostnader gjeld driftsutgifter for andre, dvs Haugalandrådet (ca 1,6mill) og seksjonar; bl.a. innkjøp av kontorrekvisita, post, forsikringar, felles data program/linjer, telefon og løn for dei driftstenestane som vert utført for andre. (gjeldsrådgivning, vederlagsberekning, drift av datanett/maskinar i seksjonane m.m.) Utviklinga framover Nå når samarbeidet kommune & bank er etablert har banken hovudansvar for kundemottak og sentralbord. I tida framover må vi ha fokus på ytterlegare opplæring av bankpersonalet for å nytte denne ressursen, samt effektivisering og kvalitetssikring av arbeidsoppgåvene. Vi vil vidareføre målet om at seksjonane skal prioritere tenesteproduksjonen og kontinuerleg vurdera om det er arbeidsoppgåver som kan samordnast og/eller effektiviserast ved at sentraladministrasjonen utfører desse, f.eks rapportering, personalsaksbehandling, økonomikontroll m.m. 18

Utviklinga dei siste åra har vist at behovet for interkommunalt samarbeid er aukande. Ikkje bare for små kommunar som kan vere avhengig å kjøpa tenester frå andre, men sjølv store kommunar som Haugesund og Karmøy vil på fleire områder vere avhengige av gode interkommunale løysingar. Særleg vil det vere viktig at ein på Haugalandet står samla om nyrekruttering av kommunale arbeidstakarar mellom anna gjennom omdømmebygging og marknadsføring av regionen. Tiltross for at samarbeidsklimaet på Haugalandet må seiast å vere godt, er det ofte vanskeleg å få til eit samarbeid i store viktige saker. Dersom interkommunalt samarbeid skal kunne erstatte kommunesamanslutningar med oppbygging av einingar med brei kompetanse og stordriftsfordelar, må kommunane i regionen bli flinkare til å gjennomføra interkommunale samarbeidsprosjekt. Kommunen vil også i åra framover arbeide for å legge forholda til rette for utvikling av eit livskraftig lokalt næringsliv. Sjølv om det ikkje er store midlar å hente til næringsutvikling verken lokalt eller sentralt, er det svært gledleg at næringsfond på kr. 200.000,- er vidareført i 2009. For Bokn er det viktig at arbeidet i Haugaland Vekst IKS utviklar seg på ein god måte og ein ser det som ein stor fordel dersom fleire av kommunane etter kvart går inn i selskapet. For Bokn er det også viktig at ein lukkast med å få gjennomført industrietableringar i Gismarvik-området og ein ser difor svært positivt på Haugaland Kraft as har prioritert arbeidet med å utvikle dette næringsområdet. Som ein del av kommuneplanarbeidet har kommunen gjort prioriteringar som gjeld kva satsingsområder ein skal ha fokus på. Gjennom visjonen og prosjektet Kjekt på Bokn legges det opp til å utvikle Boknasamfunnet til å bli eit meir inkluderande samfunn. Prosjektet er prioritert økonomisk både i budsjett og langtidsbudsjett. Etter at kommunen ved årsskiftet 2008/2009 fekk inngått avtale om prosjektleiing, har Kjekt på Bokn hatt stor aktivitet og viser godt igjen gjennom forskjellige tilatk og prosjekt. Elles vil sentraladministrasjonen sitt fokus vera å videreutvikle gode interne rutiner og reglement, samt å finne fram til data og KOSTRA tal som kan brukast til styringsverktøy for kommunen. Vi vil også i stor grad samarbeide med andre kommunar for å utnytte felles kompetanse og ressurser. 19

RAMMEOMRÅDE 2 SEKSJON KULTUR, SKULE OG BARNEHAGE Innleiing Seksjon kultur, skule og barnehage omfattar Generelt kulturarbeid, kunstformidling, idrett og friluftsliv Bokn museum Bokn bibliotek Bokn kultur og musikkskule Bokn barnehage Bokn skule med barnesteg, ungdomssteg, team ekstra og reinhald Skulefritidsordinga (SFO) Vaksenopplæring etter Opplæringslova Pedagogisk psykologisk teneste Bygdabladet for Bokn Ressursbruk Ressursbruken (drift) innan seksjonen. Driftsresultat (heile tusen) Rekneskap 2007 Rev. Bud. 2008 Rekneskap 2008 Avvik rev. Bud. 2008 Brutto utgifter 20.299 21.352 22.713 1.361 Brutto inntekter - 7.336-7.866-8.870-1.004 Netto utgift 12.963 13.485 13.843 357 Drifts- og investeringsresultat fordelt på dei ulike tenestene: Driftsresultat 2008 Budsjett Rekneskap (heile tusen) Avvik frå Teneste Brutto utgifter Netto utgifter Netto utgifter rev. budsjett 2010 Barnehagen 4.182 245 78-167 2020 Grunnskulen 12.602 9.439 9.694 255 2110 Styrking av barnehagetilbodet 405 204 256 52 2130 Vaksenopplæringa, Opplæringslova 243 243 262 19 2150 Skulefritidsordninga 390 142 232 90 2210 Barnehagebygget, reinhald m.v. 187 182 230 48 2220 Skulebygget, reinhald m.v. 935 925 933 8 2221 Skuleskyssen 530 500 395-105 2310 Aktivitetstilbod barn og unge 103 103 18-85 2311 Kyrkjebygd aktivitetshus 6 6 1-5 3350 Parkar, plassar og torg 160 157 162 5 3600 Naturforvaltning 41 41 41 0 3700 Biblioteket 431 421 421 0 3730 Kino 15 15 21 6 3750 Museum 5 5 6 1 3770 Kunstformidling 38 38 3-35 3800 Idrett 0 0 2 2 3830 Musikk og kulturskulen 356 342 332-10 3850 Andre kulturtiltak 372 301 541 240 3850 Bygdabladet for Bokn 351 176 216 40 SUM 21.352 13.485 13.843 357 20