Saksframlegg. Regional plan for folkehelse SAKSFRAMSTILLING

Like dokumenter
Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Planutvalet, 27. november 2013

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Frå planlaging til planlegging Kva skapar handling? Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff Sogn og Fjordane fylkeskommune

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda

INTERNASJONAL STRATEGI

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Planprogram for revisjon av regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Skodje kommune Teknisk avdeling

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Regional planstrategi

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Kommunedelplan for oppvekst

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Handlingsprogram

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Handlingsprogram for Regional plan for vassforvaltning Hordaland vassregion

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Handlingsprogram Høyringsperiode 1. april 30. juni Regional plan for vassforvaltning Foto: Merete Farstad

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

SAKSFRAMLEGG. Revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel for Fitjar kommune. Oppstart av Planprogram.

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

MØTEBOK. Leikanger - Fylkeshuset, møterom Sygna. Møtedato Kl. 11:30 12:45

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

MØTEBOK. Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtedato Kl. 10:

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

Jølster kommune Saksutgreiing

Regional planstrategi - RPS

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Frivilligpolitisk plattform

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Melding om vedtak / særutskrift Regional plan for vassforvaltning i Vassregion Vest-Viken

REGIONAL PLANLEGGING. Rev

Framlegg til Handlingsprogram

Radøy kommune Saksframlegg

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Saksnr. Utval Møtedato 042/12 Formannskapet Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/ K1-145 Jan Olav Møller,

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE


HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

Regional Planstrategi

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Regional plan for vassregion Hordaland utsending på 2. gongs avgrensa høyring

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/187 RAMMEAVTALE MELLOM HELSE FØRDE OG BALESTRAND KOMMUNE

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

MØTEINNKALLING. FYLKESRÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Fylkeshuset - Leikanger Møtedato: Tid: 10:30

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Fylkesplan er utarbeid i samarbeid og samhandling med mange aktørar.

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

DATO: SAKSHANDSAMAR: Bolstad SAKA GJELD: Strategiplan for Sjukehusapoteka Vest

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Frå plan til handling

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Innovasjonsmetoden vår

MØTEBOK. Hovudutval for plan og næring. Møtedato Kl. Kl 10:30 14:00

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

Elev- og lærlingombod i HFK

Transkript:

Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Svein Arne Skuggen Hoff, Plan- og samfunnsavdelinga Sak nr.: 13/2377-41 Regional plan for folkehelse 2015-2025 Fylkesrådmannen rår hovudutvalet for plan og næring til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: 1. Regional plan for folkehelse 2015 2025 vert vedteken slik han ligg føre, jf. vedlegg 1. 2. Handlingsprogrammet for 2015 2018 vert vedteke slik det ligg føre. Dette programmet vert rullert årleg, parallelt med budsjettprosessen, som eit fireårig dokument. Vedlegg: 1. Regional plan for folkehelse 2015 2015 Plandokument 2. Vedlegg A Bakgrunn 3. Vedlegg B Planprosessen 4. Regional plan for folkehelse Handlingsprogram 2015-2018 5. Høyringsuttalane (5 stk.) Andre dokument som ikkje ligg ved: SAKSFRAMSTILLING 1. Samandrag Regional plan for folkehelse og handlingsprogram, vert lagt fram for FT til endeleg vedtak. Plan og handlingsprogram har vore på høyring. Det er ikkje kome merknader til dei store linene i Det har kome innspel som gjer at plan/handlingsprogram er endra på nokre punkt. Den største endringa vi gjer framlegg om, er lengda på planperioden. Planen bør ha eit 10-års perspektiv, med eit tilhøyrande 4-årig handlingsprogram. Planperiode og handlingsprogram gjeld frå og med inneverande år, av di gjennomføringa har starta opp - som del av planprosessen. 2. Bakgrunn for saka I regional planstrategi for 2013 2016 ligg at vi skulle utarbeide ein regional plan for folkehelse. Planarbeidet er no avslutta og saka skal til endeleg handsaming i FT i juni, i tråd med vedteken framdrift. Historikk - tidlegare vedtak Regional planstrategi vart vedteken som sak 48/12 i møte 16.10.12, der vedtak om Regional plan for folkehelse var ein av planane i perioden 2013 2016. Planprogram for utarbeiding av planen vart lagt ut på høyring (FU 02.04.14, sak 30/14), og vedteke av FU som sak 81/14 i møte 18.06.14. Planutvalet har handsama arbeidsdokument for folkehelseplanen i møta 08.04.13, 27.11.13, 26.02.14 og 28.01.15. Utkast til plan og handlingsprogram vart lagt på høyring av FU i møte 25.03.15, med høyringsfrist 15.05.15.

Side 2 av 6 Helseovervaking Status og utvikling i helsetilstand og andre indikatorar for folkehelsearbeidet, ligg til grunn for arbeidet, og er dokumentert gjennom eit eige helseovervakingsdokument, Kunnskapsgrunnlag Oversikt over helsetilstanden i Sogn og Fjordane. God oversikt over helse og påverknadsfaktorar vert sett på som ein føresetnad for å beskrive utfordringar for folkehelsearbeidet, og naudsynt for å planlegge og gjennomføre tiltak. Sentrale problemstillingar Planprogrammet tek utgangspunkt i overvakingsdokumentet som viser situasjon og utvikling av sentrale indikatorar for folkehelsa. For å kunne møte den konkrete situasjonen og bidra til betre folkehelse, vart det konkretisert 6 utfordringar i samfunnet som folkehelsearbeidet må bidra til å løyse i åra framover: Integrere folkehelse i alle politikkområde Forbetre og auke samordning og samhandling Betre kunnskap og forståing om eiga helse blant innbyggjarane Strategiar for korleis møte endra demografi Auka toleranse, aksept og inkludering. Eit samfunn som gjev hjelp når ein treng det. Gjennom planprosessen vart ein einige om å nytte desse som tverrgåande perspektiv inn i dei satsingsområda som no ligg i Satsingsområda i plan og handlingsprogram er: 1. Lærande organisasjonar i plan og samfunnsutvikling 2. Gode bu- og nærmiljø 3. Helsefremjande barnehagar og skular 4. Trivselsfremjande fritid 5. Helsefremjande arbeidsliv. 3. Vurderingar og konsekvensar Regional plan for folkehelse har hatt fokus på å få til dialog mellom ulike aktørar og peike ut dei store utfordringane vi må handtere for å styrkje folkehelsearbeidet og skape betre helse for innbyggarane. Planen har difor ikkje gått inn og vurdert alle små og store tiltak som vert gjennomført av ulike aktørar og som har eller kan ha konsekvensar for folkehelsa. Planen sin føresetnad er at ansvars- og oppgåvefordeling ikkje er endra. Folkehelseplanen har peika på dei område der det er behov for sterkare samhandling mellom aktørane, der det er behov for at einskildaktørar endrar eigne arbeidsmåtar og område der det er særleg viktig å styrke innsatsen. Økonomi- og budsjettkonsekvensar Det er ein føresetnad for gjennomføring av planen og einskildtiltak, at desse vert knytt til økonomiplan og ressursar hjå den einskilde aktør. Der det er behov for finansiering mellom fleire aktørar, bør dette kunne skje gjennom direkte avtalar og samarbeid mellom desse. Personalpolitiske konsekvensar Planen har ingen personalpolitiske konsekvensar. Visjon, hovudmål og framtidsbilete Med visjonen: «Saman for god helse og trivsel», peikar planen mot det som har vore hovudfokus i planarbeidet; samarbeid mellom aktørane og utvikling av strukturar og felles handlingar. Ordet trivsel er teke med for tydeleg å vise at folkehelse ikkje handlar om helsetilstand isolert, men i like stor grad om opplevd trivsel. Hovudmåla er på same måte bygd opp rundt samhandling og å få til strukturelle grep som fører folkehelsearbeidet meir systematisk inn i samfunnsaktørane sitt daglege virke. Framtidsbilete teiknar eit scenario fram mot 2025, som ein inspirasjon til arbeidet, og for å gje retning på kva for samfunn vi vil vere med å skape. Om planprosessen

Side 3 av 6 Prosessen med å utforme planprogram og den endelege planen har i seg sjølv vore viktig for å nå måla med Planprosessane skulle medverke til å: Etablere forankring og eigarskap til innhald og prosess blant partnarar og brukarar som planen skal gjelde for. Utvikle betre kunnskap i samarbeid med partnarskapen om årsak/verknad i høve helseovervakinga. Utvikle betre kunnskap om kva for tiltak og løysingar som møter dei definerte utfordringar og behova, og korleis vi skapar dei. Få fokus på handling og oppgåver i gjennomføringa av planen som ein avgjerande faktor, og at partnarar og brukarar har eit ansvar og eigarskap til desse. Planprosessen har sikra deltaking. Dette har bidrege til å forankre tankegodset i planen hjå mange aktørar. Prosessen har og sikra at dei ulike aktørane vil kjenne seg att i strategiane og handlingane i Plandokumentet Planen er bygd opp omkring 5 satsingsområde der fire av dei er knytt opp til viktige arena for å bygge samfunnet og drive eit aktivt folkehelsearbeid. Ved å nytte arena som satsingsområde vert det og tydeleg kven som er aktuelle aktørar med ansvar og roller inn i folkehelsearbeidet, og korleis desse arenaene kan utvikle seg ut frå eit perspektiv om å vere helsefremjande. Det er eit siktemål at plandokumentet skal bli nytta som eit aktivt verkty for den einskilde aktør til å ta val og prioritere verkemidla for å bidra til å få dei effektane på folkehelsa vi ynskjer å sjå. Satsingsområda er: 1. Lærande organisasjonar i plan og samfunnsutvikling 2. Gode bu- og nærmiljø 3. Helsefremjande barnehagar og skular 4. Trivselsfremjande fritid 5. Helsefremjande arbeidsliv Handlingsprogrammet Tiltaka i handlingsprogrammet er utarbeida i samarbeid med aktørane og gjennomføringa skal skje innafor dei økonomiske rammene som til ei kvar tid ligg i den einskilde organisasjon. Handlingsprogrammet er ikkje eit komplett sett av tiltak innan folkehelseområdet, men er ei konkretisering av nokre få tiltak der det er tydelege aktørar og tydelege behov for å gjere nye grep. Det er difor viktig å nytte den årlege rulleringa av handlingsprogrammet til ei målretta evaluering som samtidig peikar på nye tiltak som er viktig for å føre arbeidet i riktig retning. Handlingsprogrammet er bygd opp som eit skjema med faste element for å gjere elementa i handlingsprogrammet tydeleg. Høyringa og merknadane til plan og handlingsprogram Planen og handlingsprogram vart sendt på høyring med 6 vekers frist, i tråd med reglane i planog bygningslova. Det kom inn 5 høyringsinnspel som er presentert i tabellen nedanfor. Instans Merknadar Kommentar Endringar i plandokumenta Trygg Trafikk Har framlegg om å ta med eit mål om at dei fleste kommunane skal bli godkjende som Trafikksikre kommunar Sogn og Fjordane idrettskrins Idrettskrinsen ber om å få kompensasjon for å utføre koordinatoroppgåver knytt til satsingsområde: Trivselsfremjande fritid. Vi meiner dette er dekt av satsingsområde 2, Bu og nærmiljø, men at det kan være behov for å konkretisere dette nærare. Det er ikkje avtalt kompensasjon. Dette bør være ein del av forhandlingane knytt til bruk av midlar i avtalen mellom idrettskrinsen og FK og bruk av budsjetterte midlar til folkehelse. Det er lagt inn eit eige punkt i plandokument, satsingsområde «Bu og nærmiljø» som eit punkt satsingsområdet skal bidra til. Det er ikkje gjort endringar i plandokumenta. Folkehelseplanen må omtale frivillig innsats som eige punkt (synleggjere og Det er viktig å synleggjere frivillig arbeidd, og det er difor satt gang Vi tek med eit eige pkt. om frivillig innsats

Side 4 av 6 som ressurs) eit prosjekt for å kvantifisere effekten av frivillig arbeid. Støttar at dette er eit viktig element. under satsingsområde 2 «Trivselsfremjande fritid». Under Helsefremjande arbeidsliv: Arbeidsgjevarane motiverer for og legg til rette for fysisk aktivitet for arbeidstakarane. Vi støttar at dette er eit viktig ansvar for næringslivet. Vi tek med eit punkt om at arbeidsgjevarane legg til rette for fysisk aktivitet, under satsingsområde 5. NJFF Sogn og Fjordane Helse Førde Vi må definere kva vi legg i omgrepet «samarbeid» Ønskjer to satsingsområde tekne med i planen: Jakt og Fiskeskule og Friluftsleirar for barn og unge Utvikling av mål og strategiar framover må vere kunnskapsbasert. Samhandlingsbarometeret bør vere det felles verktøyet som samlar all relevant folkehelseinformasjon i fylket (komme fram under «Lærande organisasjonar i plan og samfunnsutvikling» og konkretiserast i tiltak B i handlingsprogrammet). Prioritere den etablerte samhandlingsstrukturen i SF og ikkje etablere nye forum (jf kap. 3.1 og tiltak A i handlingsprogrammet). På s.3 «Framtidsbilete Sogn og Fjordane år 2015» bør helse- og omsorgstenestene nemnast (i 8. kulepunkt). Ber om å få med eit punkt om korleis organisere helse- og omsorgstenestene til dei (multisjuke) eldre som vil verte ei veksande gruppe i åra som kjem (ernæring, tannhelse, fysisk aktivitet og læring/mestring) Vi har nytta både ordet samarbeid og samhandling utan å definert desse nærare. Med omgrepa har vi lagt ei forståing der vi konkret gjennomfører aktivitetar saman, men og at alle gjer sin del av jobben og gjer andre betre. Dette er gode friluftslivstiltak som er opne for alle barn og unge. Planen tek ikkje føre seg slike konkrete einskildtiltak, og bør ikkje være ein del av Gjennomføring av denne type einskildtiltak vil bli ein del av evalueringa/rulleringa av Handlingsprogrammet. Mål og strategiar er kunnskapsbasert og er ein klar føresetnad for arbeidet. Vi oppfattar dette som ei presisering av det som alt er gjort. Fylkeskommunen har ei klar plikt når det gjeld helseovervaking og eigendokumentasjon. Samhandlingsbarometeret reflekterer somatisk og psykisk helsetilstand. Folkehelse er mykje meir omfattande. I handlingsprogrammet ligg det inne eit tiltak om å få til ein samarbeidsavtale om statistikk/analyser. Forum for helse. Omsorg og folkehelse (HOF) vil framleis vere eit sentralt samhandlingsorgan. Planen legg opp til ei evaluering av om dette fora tilfredsstiller behova for eit forpliktande samarbeid, og tek ikkje for gitt at vi skal etablere nye fora. Helse- og omsorgstenesta er ein viktig del av dei kommunale tenestene som kan påverke folkehelsa. I eit framtidsbilete blir det litt mykje å ramse opp alle institusjonar og organisasjonar som kan bidra, men vi kan gjere omtalen generell. Dette kan vere ei delvis relevant problemstilling av di organisering av tenestene kan bety ein del for i kva grad dei førebyggande aspekta Vi har ikkje gjort endringar knytt til dette i plandokumentet. Det er ikkje gjort endringar i plan eller handlingsprogram. planen Framtidsbilete er endra noko ved at 8. kulepunkt er gjort litt meir generelt (ingen nemnt, ingen gløymt).

Side 5 av 6 Fylkesmannen Sogn og Fjordane Planen må syne betre samanhengen mellom utfordringsbilete og val av strategiar, satsingar og tiltak i handlingsprogrammet. vert tillagt vekt. Folkehelseplanen har ikkje gått inn og vurdert konkrete organiseringar for å løyse dei ulike utfordringane. Dette må kome som ein dialog gjennom rullering av handlingsprogrammet Det er ikkje konkretisert kva som er uklart når det gjeld samanhengen i Det er såleis vanskeleg å ta tak i dette punktet utan meir klargjering. planen eller handlingsprogram. Gjennom rullering av handlingsprogram kan FM spele inn konkretisering av satsingar og tiltak. Bør samarbeide/samordne datainnsamling og -tilgang med Helse Førde/ Samhandlingsbarometeret. Viser til kommentar på same innspel frå Helse Førde. Bør halde på HOF som eit samarbeidsforum i staden for å etablere eit nytt samhandlingsforum/nettverk for folkehelse. HOF vert framleis eit sentralt nettverk for folkehelsearbeidet, men Handlingsprogrammet opnar opp for å evaluere dagens ordning og supplere den om det er felles ynskje om det. planen Viktig at fleire sektorar er involverte når det gjeld oppfølging av planen, t.d. ei arbeidsgruppe samansett av ulike sektorar på regionalt nivå. Gruppa består mellom anna av dei ansvarlege koordinatorane på dei ulike satsingsområda. Eit organ, utanom HOF, bør opprettast for å følgje opp og rullere handlingsprogrammet og planen, men med representasjon av HOF medlemmar. Det er tanken at ei slik gruppe skal opprettast. Korleis denne organiseringa skal verte, heilt konkret, er ikkje ferdig handsama. planen Trivselsfremjande fritid; KA bør heller vere koordinator enn idrettskrinsen. Godt argument ved at KA kan femne vidare som koordinator, enn idrettskrinsen. Idrettskrinsen er førespegla denne rolla og har sagt ja til den. Oppfølginga vil vise om vi bør endre dette. plandokumenta Det må løftast fram i planen at kommunane er hovudaktør i folkehelsearbeidet. Det er innforstått at kommunane er hovudaktør i folkehelsearbeidet. I innleiinga til satsingsområda (kap. 3), er dette no presisert. Funksjonsperiode for plan og handlingsprogram Det er opp til planmynda å avgjerda kva for tidsperiode eit plandokument skal gjelde for. Det er ikkje gjort noko generelt vedtak om dette i samband med vedteken planstrategi. I arbeidet med rullering av handlingsprogram til andre regionale planar, har det vist seg å være ei utfordring når planhorisonten vert for kort. Tradisjonelt hadde regionale planar (fylkesplanar) eit 10-års perspektiv, dersom dei ikkje var knytt opp til spesifikke statlege planprosessar. Eit slikt utgangspunkt gjer at ein står friare til å vurdere planane, og behovet for ny planlegging, gjennom dei fireårige planstrategiane. Ved å gjennomføre rulleringar av handlingsprogramma kvart år vil aktørane og sikre at oppfølging av planen er i tråd med nye føresetnadar, samtidig som ein har eit langsiktig fokus på dei resultata ein vil nå. 4. Konklusjon Fylkesrådmannen ser Regional plan for folkehelse som eit godt grunnlag for aktørane i fylket til å gjere nye grep og til å styrke samhandlinga mellom aktørane. Samtidig ser fylkesrådmannen at

Side 6 av 6 arbeidet med folkehelse utviklar seg over tid og at planen difor fyrst og fremst gir retning for samarbeidet vidare, utan å konkludere korleis dette i praksis skal utvikle seg. Gjennom høyringa har det ikkje kome fram synspunkt som gjev grunn til å endre vesentlege sider ved planen og handlingsprogrammet. Gjennom den årlege rulleringar av handlingsprogrammet, vil tiltaka bli evaluert og nye tiltak fasa inn som ein del av budsjettprosessen. Fylkesrådmannen rår til at planperioden for folkehelseplanen vert utvida til å gjelde for ein 10 års periode, og at handlingsprogrammet gjeld for 4 år med rullering kvart år. Fylkesrådmannen rår til at framlegg til Regional plan for folkehelse med handlingsprogram, vert vedteke slik det ligg føre, med dei endringane som er innarbeida etter høyringa.