Møteprotokoll Nærøyfjorden verneområdestyre Utval: Møtestad: e-post, Fjordsenteret, Aurland Dato: 14.05.2014 Tidspunkt: 09:00 Følgjande faste medlemmar deltok: Namn Funksjon Representerer Noralv Distad Leder AUR Hans Erik Ringkjøb Nestleder VOSS Eva Hage Solstad Medlem SFFK Aslaug Hellesøy Medlem HOFK Merknadar Møtet vart gjennomført med svar på e-post. Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Anbjørg Nornes Sekretær Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at det som er ført på dei sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Saksliste Utvalssaksnr ST 18/14 ST 19/14 Innhald Lukka Arkivsaksnr Godkjenning av innkalling og dagsorden Fråsegn til restaureringsplan for Nærøyfjordområdet frå Nærøyfjorden verneområdestyre 2014/1778
NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE Saksframlegg Arkivsaksnr: 2014/1778-0 Saksbehandlar: Anbjørg Nornes Dato: 02.05.2014 Utval Utvalssak Møtedato Nærøyfjorden verneområdestyre 19/14 14.05.2014 Fråsegn til restaureringsplan for Nærøyfjordområdet frå Nærøyfjorden verneområdestyre Innstilling frå forvaltar Nærøyfjorden verneområdestyre er positiv til arbeidet med restaureringsplanen, og støttar framlegget til restaureringsplan for Nærøyfjordområdet med dei merknader forvaltar har i saksutgreiing. Saksprotokoll i Nærøyfjorden verneområdestyre - 14.05.2014 Handsaming i møte Vedtak i samsvar med innstilling frå forvaltar. Vedtak Nærøyfjorden verneområdestyre er positiv til arbeidet med restaureringsplanen, og støttar framlegget til restaureringsplan for Nærøyfjordområdet med dei merknader forvaltar har i saksutgreiing. Saksopplysningar Høyringsframlegg til restaureringsplan for Nærøyfjordområdet, 16.04.2014 Nærøyfjorden verdsarvpark har laga eit utkast til restaureringsplan for Nærøyfjordområdet. Arbeidet er gjort på oppdrag frå Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap. Restaureringsplanen er oppfylging av planlagt tiltak i forvaltningsplan for
Vestnorsk fjordlandskap delområde Nærøyfjorden, kapittel 4.3 Kulturminne og kulturmiljø; «Utarbeide statusoversikt over kulturminne og kulturmiljø i området og arbeide for å sikre at eit representativt utval vert teke vare på for framtida. Arbeidet skal skje i samarbeid med kulturavdelinga i Fylkeskommunen». I tillegg er restaurering av kulturminne og kulturmiljø eit av satsingsområda i parkplanen for Nærøyfjorden verdsarvpark. I forvaltningsplanen vert det trekt fram at det i særleg grad bør gjerast ein innsats for bygningsmiljø som er eksponert mot fjorden, både nede ved sjøen og hyllegardane. Styringsgruppa for planarbeidet er samansett av representantar for Riksantikvaren, Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar, Aurland kommune og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Huseigarar og grunneigarar har vore invitert til å koma med innspel til arbeidet gjennom opne bygdamøte. Sivilarkitekt Jarle Sandvik har utarbeidd planen, og Gry Mørk, parkforvaltar i Nærøyfjorden Verdsarvpark har vore forfattarar av kapittelet om restaureringsrettleiar. I planen er det berre verneverdige bygningar i verdsarvområdet som er teke med, og ikkje andre kulturminne. Bygningane er i hovudsak frå før 1900, men det er teke med nokre bygningar frå tida etter 1900 for å få med bygningar som har særleg opplevingsverdi eller historisk verdi. Det er berre bygningar i Aurland kommune som er med, med unntak av Sivlesøy som ligg i Voss kommune. Det står vidare at i kommunane Vik og Lærdal er det ikkje registrert verneverdige ståande bygningar innanfor verdsarvområdet. Registrering av bygningar er gjort ved synfaring og fotografering av fasadar og typiske deltaljar. Berre i nokre få tilfelle er det utført tilstandsanalysar. I tillegg er det henta inn informasjon frå eigarar og ved opne folkemøte (Bakka, 13.09.11, Undredal 14.09.11, Gudvangen 12.10.11). Prioritering for utvelging er gjort ut frå 3 kriteria: Kunnskapsverdi, opplevingsverdi og bruksverdi/ressursverdi. «..ta vare på bygningar og bygningsmiljø som har potensiale for verdiskaping og næringsutvikling, bruksverdi (tradisjonell eller ny bruk), heilskaplege bygningsmiljø, miljø som anten er synlege frå fjorden eller ligg inntil andre ferdselsområde offentlege vegar eller turstiar/ -område. Det er vidare lagt vekt på å ta vare på eit representativt utval av bygningstypar og bygningsmiljø, og bygningar som har stor grad av autentisitet» (utdrag frå restaureringsplan for Nærøyfjordområdet). Det er i tillegg teke omsyn til prioriteringane for å oppretthalda kulturlandskapet og opplevinga av verdsarven, som er gjort i Kulturminneplan for Aurland kommune. Planen skal rullerast kvart 5. år. Frist for å koma med uttale til planen er 16. mai 2014. Vurdering Det er positivt at det er laga ein restaureringsplanen for verdsarvområdet, delområde Nærøyfjorden. Restaureringsplanen gjev ein bra oversikt over verneverdige bygningar og bygningsmiljø, men det hadde vore ynskjeleg med oversikt over alle bygningar i verneområda. Totalregistrering av alle bygningar er uansett veldig interessant for verneområdeforvaltninga. SNO og forvaltar kan vera behjelpeleg med fotografering for å få med alle bygningar innanfor verneområda. Oversikt over alle bygningar kan
leggjast inn ved revidering av planen. Det bør gjerast ei ny vurdering av prioriteringar etter revidering. Planen vil vera eit godt oppslagsverk som styrkjar kunnskapsgrunnlaget for vurdering av bygningstiltak i området. Forvaltar har nokre merknader til planen: Kapittel 2. Målsetjing. Arbeidet med å sikre at eit representativt utval av verneverdige bygningar vert teke vare på bør vera i samarbeid med Nærøyfjorden verneområdestyre og eigarane i tillegg til fylkeskommunane, kommunen og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Kapittel 3. Forvaltning og lovverk. I saker der tiltaket ligg innanfor eit av verneområde i Nærøyfjorden, skal som hovudregel Nærøyfjorden verneområdestyre behandla sakene fyrst. Kapittel 4.4. Praktisk handling. I planen står det at Ved vern må det takast omsyn til kva som er den viktigaste verneverdien ved eit objekt. Det bør i tillegg vera med omsyn til landskapet det er ein del av. Uteløene er døme på bygningar som har ein stor verdi som del av landskapet, både som opplevingsverdi og historisk verdi. Uteløa på Klungrenes er døme på ein viktig bygning i landskapsbildet langs fjorden. Kapittel 7.6. Naust og sjøbuer. Alle bygdene hadde fjorden som viktig ferdselsåre, men for Dyrdal, Styvi, Stigen, Nedbergo og Breisnes er fjorden fortsatt den viktigaste ferdselsåra. Kapittel 8 har god utgreiing om den tradisjonelle byggeskikken opp gjennom historia, og er nyttig i arbeidet med restaurering og vedlikehald av bygningar. Kapittel 9.11. Dyrdal og Drægo Dyrdal - Utmarksløer. Uteløa i Jeiskali er ikkje under oppattbygging, slik det står i planen. Restar av bygningen er tatt vare på av grunneigar på Jeiskali. Kapittel 10. Restaureringsrettleiar. Oversikt over handverkarar, kompetansesentra, nettstader o.a. bør vera eit vedlegg til planen. Det bør kommenterast at lista ikkje er komplett. Lista vil truleg kunne utvidast med fleire namn, og det kan vera namna som går ut av lista. Leige vekk eller selje restaureringsobjekt?: I planen vert det vist til ulike løysingar for å restaurere ein bygning, mellom anna står det «..Alternativt kan ein selje bygningen, om utleige ikkje er aktuelt». I fylgje jordlova, er det strenge reglar for sal av bygningar som er ein del av ein landbrukseigedom, og vil berre unntaksvis vera aktuelt. Denne setninga bør difor ut av planen. Riving av bygningar: Det må søkjast verneområdestyret om riving av bygningar innanfor verneområda, i tillegg til søknad til kommunen. Om å søkje tilskot til restaurering: Nærøyfjorden verneområdestyret har ikkje tilskot til investeringar i bygningar. Unntaksvis kan det nyttast tiltaksmidlar til restaureringsprosjekt når bygget er ein viktig del av verneverdiane i området, og når bygningen har ein stor verdi for landskapsopplevinga.
Forvaltningsstyret for Nærøyfjorden verneområde heiter Nærøyfjorden verneområdestyre. Dette må rettast opp fleire stader i dokumentet.