ULSTEIN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen, Ulstein rådhus Dato: 03.10.2017 Tid: 14:00 15.40 Faste medlemmer som møtte: Navn Funksjon Representerer Karin Ertesvåg Medlem Ulstein Pensjonistlag Eli Skaatun Nestleiar Vestre Sunnmøre lokallag for NFU (Norsk forbund for menneske med psykisk utviklingshemning) Anne Karin Dalehamn Medlem Ulstein Pensjonistlag Janlaug Dimmen Medlem Ulstein Revmatikarlag Ottar Kaldhol Leiar Kommunestyret Inger Marie Kleiven Medlem Ulstein/Hatlø Pensjonistlag Faste medlemmer som ikkje møtte: Navn Funksjon Representerer Roar Øvrebøe MEDL HLF - Hørselshemmedes Landsforbund Varamedlemmer som møtte: Navn Møtte for Representerer Frå administrasjonen møtte: Navn Leif Ringstad Inger Lise Kaldhol Marit Botnen Verner Larsen Knut Erik Engh Stilling Kultursjef Kommuneoverlege Kommunalsjef omsorg Rådmann, kst. Ordførar Møtesekretær Permisjonar/Ugildskap Roar Øvrebøe var ikkje til stade. Han hadde ikkje meldt fråfall i førekant av møtet. Det var difor ikkje kalla inn vararepresentant.
SAKLISTE Saksnr Tittel Arkivsaknr PS 17/21 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE PS 17/22 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE PS 17/23 MELDINGSSAKER PS 17/24 VERTSKOMMUNEAVTALE OM FELLES NAV KONTOR FOR 2017/2083 KOMMUNANE HAREID OG ULSTEIN ORIENTERING: Jf. sak PS 17/24 Vertskommuneavtale om felles NAV kontor for kommunane Hareid og Ulstein. NAV-leiar Anders Hammer orienterte om NAVs verdsanalyse og lokale utfordringar. Ein tek sikte på at større NAV-kontor skal styrke fagmiljøa og legge til rette for kompetanseutvikling og meir målretta tenester. Brukaropplevingane skal bli betre og ein skal prioritere ungdom, innvandrarar og langtidsledige. Den norske velferds-modellen skal sikrast. Digitalisering gir auka moglegheiter, tilsette i NAV skal bli meir mobile med nye digitale løysingar. Dei store linjene er fleire i arbeid, betre brukarmøter og auka kompetanse. Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol, orienterte om prosjektrapporten for ny, framtidig legevaktordning på Søre Sunnmøre. Leif Ringstad, kultursjef, informerte om status Ulstein Arena, og då spesielt med fokus på tilrettelegging for funksjonshemma i bassenget, varmbadet, toalett og garderobar. Janlaug Dimmen kom med innspel om at der må kome benkar med armlene. Leif Ringstad skulle ta dette innspelet med seg vidare. Fellesrådet etterlyser skriftlege, dokumenterande svar på tilbakemeldingar som er gitt. SYNFARING: Varsla synfaring på USAS vert utsett til neste møte. Ulsteinvik, 03.10.2017 Ottar Kaldhol Leiar Møtesekretær Janlaug Dimmen Eli Skaatun
PS 17/21 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Innkallinga og sakslista vert godkjende. PS 17/22 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE Protokollen frå møtet 29.08.2017 vert godkjend. PS 17/23 MELDINGSSAKER [Ingen meldingssaker].
PS 17/24 VERTSKOMMUNEAVTALE OM FELLES NAV KONTOR FOR KOMMUNANE HAREID OG ULSTEIN Uttale frå fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, 03.10.2017: Vertskommuneavtale om felles NAV-kontor mellom Hareid og Ulstein kommunar vert godkjent som den ligg føre og med verknad frå 1. januar 2018. Ulstein kommunestyre delegerer til rådmanen i Ulstein mynde etter punkt 4.1. i vertskommuneavtalen. Rådmannen delegerer dette vidare til rådmannen i vertskommunen. Fellesrådet vil be NAV om å sikre at menneske som ikkje brukar digitale tenester til ei kvar tid får dei tenestene dei har bruk for. Fellesrådet peikar vidare på punkt 12, andre avsnitt. Fellesrådet vil og peike på at brukarutvalet må takast i bruk. Handsaming: Tilråding frå rådmannen: Vertskommuneavtale om felles NAV-kontor mellom Hareid og Ulstein kommunar vert godkjent som den ligg føre og med verknad frå 1. januar 2018. Ulstein kommunestyre delegerer til rådmanen i Ulstein mynde etter punkt 4.1. i vertskommuneavtalen. Rådmannen delegerer dette vidare til rådmannen i vertskommunen. Fellesframlegg: Fellesrådet vil be NAV om å sikre at menneske som ikkje brukar digitale tenester til ei kvar tid får dei tenestene dei har bruk for. Fellesrådet peikar vidare på punkt 12, andre avsnitt. Fellesrådet vil og peike på at brukarutvalet må takast i bruk. Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vert vedteken med 6 mot 0 røyster. Fellesframlegget vert vedteke med 6 mot 0 røyster.
-----------o---------- Lenke vert sendt til: 1. Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. 2. Rådmannen 3. Servicetorget 4. Kommunerevisjonen 5. Vest Kontroll v/jostein Støylen 6. Kontrollutvalet m/vara Ulstein kommune Politisk sekretariat 03.10.2017