Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Formannskapet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:30. Følgjande medlemar møtte

Like dokumenter
MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad Gloppen ungdomsskule - GU-salen Dato Tid Kl. 12:45-12:50. Følgjande medlemar møtte

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Ein grønare Nordfjordregion

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Valstyret Møtestad: I Trivselshagen på Sandane (kulturdelen) Dato: Tid: Kl.

NORDFJORDRÅDET MØTEINNKALLING. Møtedato: Møtestad: Gloppen hotell Møtetid: Kl. 10:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:15. Følgjande medlemar møtte

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Stryn vidaregåande skule i Stryn Dato: Tid: Kl.

NORDFJORDRÅDET MØTEINNKALLING. Møtedato: Møtestad: Kommunehuset Smia i Hornindal Møtetid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Stryn kulturhus. Tingsalen Dato: Tid: Kl. 10:00 15.

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Nordfjordeid, Eid vgs Dato: Tid: Kl. 10:00

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:30. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Selje, Åhjemsbuda i Selje sentrum Dato: 13. mars 2017 Tid: Kl.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Synfaring Sandane skule kl 09 / Heradshuset etterpå Dato Tid Kl.

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Merk oppstart av møte er 09.30! Sakliste

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Valstyret Møtestad Formannskapssalen Dato Tid Kl. 09:00-09:20. Følgjande medlemar møtte

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langlo MEDL AP

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 13:00

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Margrete Bjerkvik Medlem KRF Anders Egil Straume Medlem KRF

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Møtebok. Kontrollutvalet i Lærdal kommune. Møtedato: Møtetid: 12:30 15:30. Møtestad: Møterom 2. etasje Saksnr.

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Gunn Sande

MØTEPROTOKOLL VOLDA KOMMUNE HORNINDAL KOMMUNE

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:30. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: På søreide Dato: Tid: Kl. 14:00

Nordfjordrådet. Møteinnkalling

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Anne-Grete Gjerdevik Ap Ingen

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 14:30. Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.

Møteinnkalling. Rådmannen tek også sikte på å legge fram att saka om Elvaneset, men har ikkje fått avklara om utbyggar/kjøpar kan møte denne dagen.

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Dato: Tid: Kl. 12:00-13:00

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Møtebok. Følgjande medlemmer møtte Johan Kroken, Mathias Drage, Gunnhild Solheim, Helga Swensen, Svein Hansen. Følgjande medlemmer møtte ikkje

NYE VOLDA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:30. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

MØTEPROTOKOLL. Desse medlemene møtte ikkje: Parti: I staden møtte: Parti: Aadland, Nils A Boge, Harald A

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Frå kl var det synfaring og omvising på Åheim barnehage og Åheim skule. Ordinært møte vart sett kl

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer. Brynhild Lund Notøy. Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Gloppen heradshus - kantina Dato Tid Kl. 09:00-09:50

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

Før møtestart vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad for kontrollutvalet.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. KONTROLLUTVALET Fylkeshuset, Hermansverk. Møtestad: Møtedato: Tid: 10:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Gloppen opplæringssenter Dato: Tid: Kl. 09:00

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

MØTEBOK. Leikanger - Fylkeshuset, møterom Sygna. Møtedato Kl. 11:30 12:45

EID KOMMUNE Helse-og sosialutval. Møteinnkalling

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 17:55-19:15 Møtestad: Kommunehuset

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Møteleiar: Jan Vidar Smenes

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

MØTEPROTOKOLL. Forfall og møtande varamedlemer: Atle Kvåle, Ap hadde forfall. For han møtte Gustav Folkestad, V, som vararepresentant.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Audun Mundal Kent Øystein Hjelle Edgar Kvernevik Jan Asle Rustøen Mariel Eikeset Koren

Møteinnkalling for Formannskap

Selje kommune. Møtebok. Utval: Råd for eldre og funksjonshemma Møtestad: Kommunehuset 3. etg Dato: Tid: Kl. 14:00-15:00

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

MØTEPROTOKOLL Arkivsak: 14/709-2 Løpenummer: 14/4868 Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 16:00-20:30

Desse medlemmene møtte: Hege Inderberg Kari Jordanger Jan Erik Mardal Øystein Rinde

SELJE KOMMUNE Kontrollutvalet. Møteprotokoll. Møtedato: 12. JUNI 2017 Møtetid: Kl. 15:55 16:45. Møtestad: SRR, møtelokale. Saksnr.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

Møteprotokoll for Formannskapet

Transkript:

Gloppen kommune Utval Formannskapet Møtestad Søreide Dato 06.11.2017 Tid Kl. 09:00-11:30 Møtebok Følgjande medlemar møtte Leidulf Gloppestad Magni Aa Berge Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnfinn Jørgen Brekke Arnar Hans Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Frå SP SP SP KRF KRF KRF AP SD V Andre som møtte Hege Lothe, SV under orienteringa om 2018-budsjettet Dagfinn Nyhammer, H (i stden for Anniken Rygg) under orienteringa om 2018-budsjettet Birte Fossheim, rådgjevar i sak 103/17 Jan Kåre Fure, rådmann ikkje i sak 104/17 Knut Roger Berge Nesdal, næringssjef i sak 103/17 Møteleiar: Leidulf Gloppestad Underskrift: Leidulf Gloppestad Sakliste Sak nr. Sakstittel 101/17 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste 102/17 Referat og orienteringssaker 103/17 Drøftingssak: Grøn næringsutvikling - kva kan kommunen si rolle vere? Ny behandling 104/17 Fastsetting av ny løn til rådmannen frå 01.07.2017

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/13247 Saksbehandlar: Anvor Hauge Saksnr. Utval Møtedato 101/17 Formannskapet 06.11.2017 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste Vedlegg i saka: 16.10.2017 Protokoll - Formannskapet - 16.10.2017 Ordføraren si tilråding: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå møtet den 16. oktober 2017 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 6. november 2017. Møteprotokollen frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. Formannskapet 06.11.2017 Behandling FOR- 101/17 Vedtak 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå møtet den 16. oktober 2017 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 6. november 2017. Vedtaket var samrøystes. Side 2

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/13628 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 102/17 Formannskapet 06.11.2017 Referat og orienteringssaker Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Orienteringssaker: Budsjett 2018 Rådmannen vil orientere finansutvalet (formannskapet + gruppeleiarane i dei partia som ikkje sit i formannskapet) om arbeidet med 2018-budsjettet. Stisykling på Vereide Ei oppdatering i saka. Politikardag på fylkeshuset 17. november Førebuing. Ordet fritt... Formannskapet 06.11.2017 Behandling Hege Lothe (SV) og Dagfinn Nyhammer (H) møtte under orienteringa om 2018-budsjettet. Om stisykling Ordføraren refererte frå møtet på folkehøgskulen den 2. november i år. Arbeidet med å gjennomføre prosjektet held fram, og formannskapet vil få avtalen med Opplysningsvesenets fond til behanding så snart som råd. Om politikardagen på fylket 17. november Ordføraren bad om at fleire representantar frå dei folkevalde i Gloppen blir med. Svein-Ottar Sandal og Gunnvor Sunde melde seg på møtet til å vere med. Fleire vurderer å reise. Ei hovudsak for Gloppen er ei løysing for gang- og sykkelveg frå Vonheim og sørover langs fv 615. Kan vi få til ei løysing som er billigare enn dei planane som no ligg føre? Midtvegen 615 AS møter og snakkar om fv 615 gjennom Hyen. Om Nordfjord Havn IKS Nye vedtekter må utarbeidast etter at Eid kommune har meldt seg ut. Nordfjord Havn har invitert til eit møte den 9. november i Måløy for å drøfte saka. Svein-Ottar Sandal kan truleg bli med på møtet Side 3

sidan både ordføraren og varaordføraren er opptekne på anna hald. Under ordet fritt... Bernt Reed tok opp framlegget i statsbudsjettet om å auke grunnrenteskatten på kraftverk og bad om alle arbeider for å stoppe dette framlegget. Svein-Ottar Sandal stilte spørsmål om - kva som er gjort for å betre tilbodet på Sandane lufthamn. Er det gjort noko med den evalueringa som vart teken opp i interpellasjonen om saka i kommunestyre? - vi har uttalt oss om redusert rutetilbod på Volda-Folkestad - vi er involverte i statsministeren sitt besøk i morgon (den 7. november). Ordføraren følgjer opp spørsmåla. FOR- 102/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 4

Gloppen kommune Arkiv: FA - U01 JournalpostID: 17/13623 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 103/17 Formannskapet 06.11.2017 Drøftingssak: Grøn næringsutvikling - kva kan kommunen si rolle vere? Ny behandling Rådmannen si tilråding Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Saksutgreiing Frå tidlegare behandling: Bakgrunn for saka På møtet i Nordfjordrådet sist vart det bestemt at arbeidsgruppa for grøn næringsutvikling skulle formulere eit notat som rådmennene kunne bruke lokalt opp mot politikarane og administrasjonen for å forankre og avklare ambisjonsnivået for miljø og klima i kommunane. Diskusjonsnotat I Nordfjordrådet sin strategi- og handlingsplan 2016-2017 er det definert 4 satsingsområde for rådet sitt arbeid. Det eine er: Samspel mellom næringsliv, offentleg sektor og FoU-miljø for å skape vekst og utvikling i nye og grøne næringar. Nordfjordrådet ønskjer å vere ein pådrivar for grøn og kunnskapsbasert næringsutvikling ved å legge til rette for kompetanseheving og samarbeid mellom kommune, FoU-miljø og bedrifter. Strategien tek utgangspunkt i at dette både er viktig for miljøet og samtidig inneber eit stort potensiale for bedrifter i Nordfjord som kan utvikle løysingar som kan brukast i andre marknadar. På tvers av sektorar har vi mange «framoverlente» bedrifter som ønskjer å ta posisjonar både nasjonalt og internasjonalt. Prosjekt «Grøn næringsutvikling» i regi av Nordfjordrådet Nordfjordrådet har hyra inn Trond Haavik frå Segel til å leie eit forprosjekt for «grøn næringsutvikling» i Nordfjord. I samband med prosjektet er det etablert ei arbeidsgruppe med tre ordførarar, rådmann og sekretær for Nordfjordrådet som jobbar tett opp mot prosjektleiar. I denne første fasen er det to hovudarbeidsoppgåver: Gjennomføre kartlegging av kva som skjer av «grøne initiativ» i regionen både i offentleg og privat regi Invitere næringslivet og andre aktørar til ein felles workshop der ein får fram korleis kommunane kan medverke til auka satsing på grøn næringsutvikling i regionen. Målet med forprosjektet er å generere nye konkrete grøne utviklingsprosjekt i regionen som vil bli gjennomført av ulike aktørar (kommunar og private). Ein ønskjer og at ein kan medverke til at pågåande prosjekt blir vellukka og gjerne duplisert av andre/andre stadar (lære av dei gode Side 5

eksempla). Kommunane i Nordfjord si rolle Kommunane i Nordfjord har ei viktig rolle i å gjere regionen vår fornybar, ved å utfylle eller forsterke satsinga frå andre aktørar innanfor grøn næringsutvikling (næringslivet, Innovasjon Norge, fylkeskommunen m fl). Arbeidsgruppa definert følgjande roller for kommunane: Innovativ innkjøper Setje tydelege klimaambisjonar Tilretteleggar i form av organisering av møteplassar for kompetansepåfyll Definere evt grøne næringsfond (t.d. at ein del av kommunale næringsfond blir sett av til grøne prosjekt) Utfordring til kommunane frå Nordfjordrådet Nordfjordrådet inviterer næringslivet og kommunane i Nordfjord og andre til ein felles workshop om grøn næringsutvikling den 23. januar 2018 på Eid. For å få godt utbyte av ein slik workshop for næringslivet sin del, er det viktig for bedriftene å vite kva som er realistisk for dei å vente av kommunane når det gjeld ambisjonsnivå for miljø og klima. Kva er interessante område å drive utviklingsarbeid på sett frå kommunane si side? Arbeidsgruppa utfordrar i den samanheng kommunane i Nordfjord til å drøfte og ta stilling til følgjande problemstillingar før vi samlar næringslivet til ein felles workshop: 1. Skal vår kommune vere ein innovativ innkjøper? Viss ja, kva betyr dette med omsyn til: Vilje til å sjå på andre innkjøpsprosedyrar enn totalentreprise? Døme frå andre stadar viser at meir innovative og grønare løysingar er blitt valt ved bruk av t.d. «samspelkontraktar». Innovasjon Norge er og med på trepartssamarbeid med delfinansiering mellom dei, bedrift og offentleg kunde. Ved nybygg og rehabilitering av eksisterande bygg, skal vår kommune vurdere løysingar som er meir ambisiøse m.o.t. miljø (inkl. energi) enn gjeldande byggforskrift? Konkret kva skal vere avgjerdskriterie? lågast investeringskostnad lågast livsløpskostnader (LCC), dvs tek med investering og driftskostnader lågast CO2 fotavtrykk (LCA), dvs tek med miljøkonsekvensane frå «vugge til grav» Ved innkjøp av bilar/transportmidlar til kommunen, skal ein ha føringar m.o.t. miljø? På kva andre område kan kommunen vere ein innovativ og «grøn» innkjøpar? 2. Skal vår kommune setje tydelege klima-ambisjonar? Er vi prinsipielt villig til å ligge i forkant av forskriftskrav på energibruk (bygg og transportmidler) og at dette er vårt bidrag til å nå nasjonale klimamål, samtidig som vi medverkar til ei grøn næringsutvikling i regionen? Er det vilje til å starte ein prosess på dette? 3. Øyremerking av næringsfondet? Er det aktuelt for vår kommune å t.d. øyremerke delar eller heile Næringsfondet til «grøne prosjekt», evt legge dette inn som eit prioriteringskriterium? 4. Er det andre område vår kommune kan medverke til ei grønare næringsutvikling i Nordfjord? Med tanke på vidare arbeid med prosjektet og workshopen som Nordfjordrådet skal arrangere i januar, så håpar vi kommunane kan handsame og drøfte desse spørsmåla i politiske fora i løpet av oktober 2017. Vi ser fram til å høyre kva dei ulike kommunane meiner om saka, og ønskjer både politikarar og administrasjon velkomen til workshop om «grøn næringsutvikling» den 23. januar Side 6

2018. --- Rådmannen inviterer formannskapet til å drøfte dei problemstillingane som arbeidsgruppa tar opp. Rådmannen si tilråding Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Formannskapet 16.10. 2017 Behandling Saka var dessverre ikkje tilgjengeleg i møteportalen i forkant av møtet. Tema som vart omtala: - Tiltaka i klima- og energiplanen - Hydrogenprosjektet - Konkretisere og systematisere det vi alt gjer/har gjort vedtak om - Vassboren varme i heradshuset. Formannskapet ber om å få saka tilbake på neste møte. FOR-100/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtaki saka. Formannskapet 06.11.2017 Behandling Rådgjevar Birte Fossheim og næringssjef Knut Roger Nesdal var med på behandlinga av saka. Formannskapet gjekk gjennom spørsmåla som Nordfjordrådet har bede om innspel på. Frå diskusjonen: Spm. 1 - korleis vere ein innovativ innkjøpar? - handle lokalt - vurdere livsløpskostnader - ha kompetanse på innkjøp - stille miljøkrav og vektlegge dette ved innkjøp og investeringar. Spm. 2 - klimaambisjonar? - vidareføre pott til ENØK-tiltak i budsjettet - er med i "grønt skifte-prosjektet" og knyter dette til samfunnsdelen i kommuneplanen - vedtak om å vere med i eit sentralt arbeid om kommunale klimabudsjett. Spm. 3 - øyremerking av næringsfond? - fondet er så lite og har alt så mange føringar at dette har lite føre seg - kan ta klimaomsyn ved bruk av fondet sjølv om det ikkje følgjer direkte av retningslinjene. Spm. 4 - andre område? - prosjektet til Nordfjord Miljøverk - hydrogenprosjektet: samarbeidet mellom Tine Meieriet og Byrkjelo kraft - landbruk og turisme - miljøfag i skulen Side 7

- sentrumsutvikling med vektlegging på fortetting og mindre bilbruk. FOR- 103/17 Vedtak Formannskapet viser til dei innspela som kom fram på møtet og ber rådmannen lage ei tilbakemelding til Nordfjordrådet med bakgrunn i desse. Vedtaket var samrøystes. Side 8

Gloppen kommune Arkiv: FE - 515 JournalpostID: 17/12901 Saksbehandlar: Leidulf Gloppestad Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet 06.11.2017 Fastsetting av ny løn til rådmannen frå 01.07.2017 Ordføraren si tilråding Formannskapet fastset den nye årslønna til rådmannen i Gloppen til kr. 900.000. Ny løn blir utbetalt med verknad frå 1. juli 2017. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Formannskapet skal årleg vurdere og fastsetje løn til rådmannen ihht lønspolitisk plan. Fakta i saka Resultatet av dei sentrale forhandlingane mellom KS og forhandlingssamanslutningane hadde ei økonomisk ramme på 2,4%, i tråd med resultatet for Frontfaget. Tilsvarande ramme var utgangspunktet for lokale forhandlingane for kap. 3 og 5 som vart gjennomført i oktober. Resultatet for leiarane i dei lokale forhandlingane vart årslønsvekst på 2,45% for sektorleiarane og 3,66% for einingsleiarane. Bakgrunnen for at kommunen ikkje klarte å holde ramma for einingsleiarane var ei gradvis tilpassing av rektorlønene til nivået i andre kommunar i Nordfjord. Dette fekk også utslag for andre einingsleiarar for ikkje å auke lønsforskjellane blant einingsleiarane. Rådmannen i Gloppen hadde pr august lavaste årsløna (kr 842.000) av alle rådmennene i Sogn og Fjordane. Gjennomsnittleg årsløn var kr. 947.000. Nest lavaste årsløna hadde rådmannen i Hornindal med kr. 850.000, den er no justert opp til kr. 900.000. Stryn kommune har fastsett ny løn til rådmannen til kr. 1.025.000, ein auke på kr. 30.000. Den vart også forhandla under tilsetting tidlegare i år. Eid, Selje og Vågsøy har ikkje fastsett ny løn til rådmannen pr no. Rådmannen blir ikkje til stades under behandling av saka. Ordføraren vil be om at møtet blir lukka i medhald av kommunelova 31, nr 3. Økonomiske konsekvensar for kommunen I tillegg til lønsauke kjem sosiale kostnadar (arbeidsgjevaravgift og pensjonskostnadar) Ordføraren si vurdering Det må vere eit mål å auke lønsnivået til rådmannen i Gloppen, i første omgang til gjennomsnittet for rådmennene i Nordfjord som før årets justering var kr. 916.000. Då lønsforskjellen er stor vil det vere fornuftig å gjere ei gradvis tilpassing over eit par år. Ordføraren foreslår å auke årslønna med kr. 58.000 til kr. 900.000 med verknad frå 1. juli 2017. Årslønsveksten blir då 4,28%. Formannskapet 06.11.2017 Behandling Side 9

Rådmannen var ikkje til stades under behandling av saka. Møte vart lukka i medhald av 31 nr 3 i kommunelova. FOR- 104/17 Vedtak Formannskapet fastset den nye årslønna til rådmannen i Gloppen til kr. 900.000. Ny lønn blir utbetalt med verknad frå 1. juli 2017. Vedtaket var samrøystes. Side 10