saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 27.06.2014 44653/2014 Anita Steinbru Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 02.09.2014 Regionale utviklingsmidlar til ulike program og prosjekt i kunnskapsparkane i Møre og Romsdal 2014 - tilskott til FoUinkubatorar i 2014 Bakgrunn I sak RN 43/14 Regionale utviklingsmidlar 2014 tilskott til drift av FoU-inkubator, vedtok Regional- og næringsutvalet å utsette saka til neste møte. Grunnen til dette var eit behov for å vite meir om det er grunnlag for å differensiere tilskottet til dei to kunnskapsparkane i fylket. Utvalet ba difor om fleire opplysingar om totalverksemda ved dei to miljøa i fylket. Fylkesrådmannen ønskjer med denne saka å gi ei oversikt over tildelingane til Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) og Molde Kunnskapspark (MKP), og kva program, prosjekt og aktivitetar fylkeskommunen er med på å finansiere i desse miljøa. Fylkeskommunen støttar og samarbeider med dei to kunnskapsparkane både om ulike prosjekt og fou-inkubatorane, og industri-inkubatorane knytt til ÅKP. Det har vore praksis at fylkeskommunen har bidratt med årlege tilskott også til inkubatorane, sjølv om det ikkje er formelt avtalefesta i utgangspunktet. Det er ikkje høve til å gje reine driftstilskott som vil vere konkurransevridande, midlane skal gå til bedriftsretta tenester, ifølge ESA sine retningsliner. Årleg støtte i programperioden, som det er snakk om i denne saka, er statstøtte etter gjeldande norsk lovgiving og kjem inn under notifiseringa av innovasjonsprogramma til SIVA. Støtte til desse programma er godkjende i høve til reglane i ESA om støtte til forsking, utvikling og innovasjon. Deltakarar i inkubatorprogrammet til SIVA er Nordre Sunnmøre Industriinkubator (Haram) og Søre Sunnmøre Industri-inkubator (Ulstein) som begge er drifta frå Ålesund kunnskapspark. Dessutan deltek SIV industri-inkubator (Surnadal) og Knudtzonsenteret (Kristiansund), i tillegg til FoU-inkubatorane ved kunnskapsparkane i dette SIVA-programmet. Det fylkeskommunale årlege bidraget til alle desse miljøa har vore på om lag halvparten av det SIVA bidrar med. Med knappare rammer til kap. 551.60, kan det bli vanskeleg å halde oppe den fylkeskommunale finansieringsdelen, sjølv om innovasjon er sterkt prioritert i Handlingsplan for Verdiskaping. Siva er eigar i innovasjonsselskap og driv det nasjonale inkubatorprogrammet. Inkubatorar er verkty for utvikling av nye vekstbedrifter eller for å utløyse vekst i eksisterande bedrifter. I ein inkubator får gründarar tilgang til profesjonelle forretningsutviklarar, kapital og nettverk. Inkubatorane skal bidra til auka vekstkraft i bedriftene og fleire levedyktige bedrifter. Inkubatoren er knytt til større industribedrifter, universitet eller høgskolar. Dei ulike inkubatorane spenner breidt, både geografisk og bransjemessig. Industriretta inkubatorar er knytt opp mot ein eller fleire større industribedrifter, FoU-retta inkubatorar er knytt opp mot universitet og høgskolar. Inkubatoren skal bidra til vekst, knoppskyting og i omstillingsprosesser. Eit mål er at lokalsamfunnet skal få ein breiare
næringsstruktur, og verksemdene eit profesjonelt reiskap for utvikling av nye bedrifter og forretningsområde. Industri-inkubatorane på Sunnmøre er knytt til den maritime industrien i regionen, Knudtzonsenteret er knytt til petroleumsverksemda i Kristiansund og SIV Inkubator er knytt til bedrifter på indre Nordmøre. Dei FoUretta inkubatorane er knytt til bedrifts- og FoU-nettverket til kunnskapsparkane/ høgskolane. Næringshageprogrammet på si side skil seg ut ved at fylkeskommunane her er programeigar saman med kommunal og moderniseringsdepartementet, medan SIVA er operatør. Dette gjer at fylkeskommunen har eit større ansvar og plikter i høve til dei fire næringshagane som no er tekne opp i programmet 2011-21 enn vi formelt sett har til inkubatorprogrammet og generell støtte til drift av kunnskapsparkane. Medfinansiering er fastsett i avtalen mellom SIVA og fylkeskommunen i næringshageprogrammet. I Møre og Romsdal er Bølgen næringshage, Aura næringshage (Sunndal og Nesset), Føniks næringshage (Vestnes) og Sunnmøre kulturnæringshage med i dette programmet. Hoppid.no-kontora i kommunane utgjer førstelinetenesta og ein viktig del av gründeroppfølging og vidaretilvising til 2.linetenesta i dette innovasjonssystemet. Hoppid-kontora er oppretta og blir støtta i eit samarbeid mellom kommunane, Innovasjon Norge og fylkeskommunen. Begge kunnskapsparkane er viktige støttespelarar og samarbeidspartar både for hoppid-kontora, inkubatorane og næringshagane, og styrking av desse relasjonane gjer det SIVA-støtta innovasjonssystemet i regionen meir robust og berekraftig. Finansiell støtte til SIVA-miljøa i fylket har vore ein tydeleg prioritering i Handlingsplan for Verdiskaping i heile perioden. Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) Innovasjonsselskapet Ålesund Kunnskapspark AS er eit regionalt senter for næringsutvikling, innovasjon og samfunnsbygging. Eigedom-selskapet vart skilt ut i 2003. ÅKP blir eigd i fellesskap av private bedrifter og kommunar i regionen, Møre og Romsdal Fylkeskommune og SIVA. Målet er å bidra til å skape arbeidsplassar for framtida og ein attraktiv bo- og arbeidsregion. Innovasjonsselskapet Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) AS er oppretta av og arbeider for næringslivet på Nordvestlandet, og er lokalisert i NMK-senteret på Nørve i Ålesund med 12 medarbeidarar. Ålesund kunnskapspark har hatt ei svært positiv utvikling dei siste åra og fått ein sterk posisjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Dei har utvida si portefølje både når det gjeld rollar, oppgåver og nettverk, ein strategi som er utvikla spesielt for å møte dei globale utfordringane næringslivet no står overfor. Aktiviteten er organisert innanfor områda nyskaping (hoppid.no, industri- og fouinkubatorar), ulike klyngeprogram og prosjekt, samt forvalting av kommunale næringsfond for Sula, Skodje og Ålesund kommunar. Det er særleg status som Norwegian Centre of Expertise (NCE) som har gitt økonomiske ressursar og nasjonalt og internasjonalt nettverk til å utvikle seg til ein stor aktør i høve til det maritime miljøet i regionen, Høgskolen i Ålesund og universitetsmiljø i inn- og utland. ÅKP var på vegne av den maritime klynga eit av to miljø som oppnådde status som Global Centre of Expertise for sitt program GCE Blue Maritime som vil fokusere på potensialet havrommet i eit globalt perspektiv. Dette er det høgaste nivået i klyngeprogrammet til Forskingsrådet, SIVA og Innovasjon Norge. Som følgje av dette vil løyvinga frå fylkeskommunen bli auka frå 2,5 mill. kroner til 4 mill. kroner til den maritime klyngesatsinga, tilsvarande auken i støtta frå Innovasjon Norge.
Ålesund kunnskapspark er prosjekteigar og fasilitator for den maritime klynga NCE, som i juni 2014 oppnådde status som Global Centre of Expertise (GCE) Blue Maritime. LegaSea, som er eit marint klyngeprosjekt, er organisert som ein del av kunnskapsparken, medan Norwegian Rooms AS driv klyngeprosjektet Arena Møbel som er samlokalisert med ÅKP og får støttetenester herifrå. Kunnskapsparken driftar dessutan to industri-inkubatorar og ein FoU-inkubator. Ein industri-inkubator er lokalisert i Haram og ein er lokalisert i Ulstein. Begge desse er knytt til den maritime næringa i regionen, og dei to daglege leiarane er tilsett i ÅKP. Fylkeskommunen bidrar med støtte til alle desse satsingane, jamfør oversikta under. Tildeling frå Kunnskapsparken i Ålesund Kr Aktivitet/Finansiering Møre og Romsdal fk Innovasjon Norge SIVA Norwegian Centre of Expertise)* årleg 5 år 2 500 000 6 000 000 LegaSea (2013-15) Arenaprogram 500 000 2 000 000 Industri - inkubator Ulstein (2011-16)- årleg 300 000 710 000 Industri - inkubator Haram (2011-16) - årleg 300 000 710 000 FoU-retta inkubator (2011-16) årleg 600 000 1 200 000 SUM 4 200 000 8 000 000 2 400 000 *Med endring frå NCE- til GCE-status vil løyvinga frå MRFK til klyngeprogrammet bli auka frå 2,5 mill. kroner til om lag 4 mill. kroner årleg i fem år frå 2015, og frå Innovasjon Norge til 8-10 mill. kroner årleg. 2011-14 Andre tildelingar frå Møre og Romsdal fylkeskommune Kr Hoppid verktøyutvikling prosjekt 2011 200 000 Hoppid Ålesund, Sula, Skodje 2013-15** 255 000 Byen som motor i regionen (2011) 178 000 Prosjekt Ålesund som lokomotiv (2012) 300 000 Prosjekt Biomarine næringar Nordvest (2011) 300 000 SUM 1 233 000 ** her skjer tildelinga til kommunane som betalar ÅKP for oppgåvene. Kunnskapsparken i Molde (MKP) Molde Kommune, Molde Næringsforum, Høgskolen i Molde, Møreforsking i Molde og Møre og Romsdal fylkeskommune tok initiativet til å etablere ein kunnskapspark i Molde i 2002. Kunnskapsparken i Molde er det geografiske området rundt Campus Høgskolen i Molde og Møreforsking, og er ei samlokalisering av bedrifter innan logistikk, helsefag, IT og IKT, forskings- og utdanningsinstitusjonar og andre bedrifter. Kunnskapsparken Eiendom AS er eit eigedomsselskap i SIVA lokalisert i Molde. Selskapet bygg, driv og leiger ut næringsbygg i nærleik av Høgskolen i Molde. Molde Kunnskapspark AS utgjer saman med Møreforsking Molde AS og Høgskolen i Molde Kunnskapsparken i Molde. MKP har no fire medarbeidarar, og planar om utlysing av ein ny stilling. Målet er å utnytte den krafta som utviklinga av teknologiorientert undervisning, forsking og næringsverksemd i Romsdal representerer, og bidra til innovasjon gjennom bygging av gjensidige koplingar mellom næringsliv, forsking og undervisning. MKP samarbeider tett med Arena-prosjektet Ikuben som er ei klynge og ein samhandlingsarena for internasjonalt orienterte industribedrifter i Romsdal og på Nordmøre. Dei fleste klyngebedriftene leverer system, komponentar,
tilstandsinspeksjon og systemvedlikehald innan maritim sektor og olje- og gassektoren. Molde kunnskapspark driv ein FoU-retta inkubator i SIVA-programmet, på same måte som ÅKP. MKP har gjennomført eit prosjekt Utvikling av innovasjonsverktøy for knoppskyting i samarbeid med Ikuben, og har no sett i gang eit LEAN-nettverk for bedrifter i fylket. Dagleg leiar til Arena Ikuben, som er eit klyngeprosjekt for bedrifter i Romsdalsregionen er no tilsett i MKP og leigd ut til Arena-prosjektet. Dette er gjort for å gjere Ikuben meir robust, og styrke miljøet i kunnskapsparken. Dessutan driv MKP hoppid-kontoret for Molde kommune utan økonomisk støtte og forvaltar det kommunale næringsfondet for Molde kommune. Kunnskapsparken i Molde Aktivitet/finansiering Årleg - kr Møre og Romsdal fylkes-kommune SIVA FoU-retta inkubator (2011.16) årleg 600 000 1 200 000 Andre tildelingar frå fylkeskommunen Kr 2011-14 Hoppid verktøyutvikling (2011) 200 000 Knoppskytingsprosjektet (2011-14) 1 125 000 Prosjekt Etablering av Lean Forum MR (2014-15) 250 000 SUM 1 575 000 Vurdering Dei to kunnskapsparkane i Møre og Romsdal er viktige kunnskapsmiljø og motorar for regional næringsutvikling. Dei er svært viktige medspelarar i mykje av det arbeidet fylkeskommunen gjer for å styrke regional utvikling i fylket. Både ÅKP og MKP speler viktige rollar i samarbeidsprosjekt med næringshagar og andre inkubatorar i fylket. Deltaking i innovasjonsnettverk er ein viktig arbeidsmåte i dette systemet, og robuste miljø som kunnskapsparkane blir viktige støttespelarar for dei mindre og meir sårbare einingane, både inkubatorar og næringshagar i systemet. Sjølv om det ikkje ligg føre formelle avtalar for fylkeskommunalt tilskott til inkubatorane eller kunnskapsparkane, slik det gjer for næringshageprogrammet, er det ein føresetnad at det blir gitt regional medfinansiering i dette programmet. At fylkeskommunen vurderer dei aktuelle miljøa som robuste og støtteverdige er viktig i SIVA si vurdering av berekraft og grunnlag for støtte. I praksis har fylkeskommunen bidratt med årlege tilskott i inkubatorprogrammet i storleik om lag halvparten av tilskottet SIVA gir. Fylkeskommunen har dessutan i sak om støtte til GCE Blue Maritime gjort vedtak om at ein er innstilt på å auke støtta tilsvarande auken i tilskottet frå Innovasjon Norge. Som oversiktene viser, er dei to kunnskapsparkane ulike både når det gjeld aktivitetsomfang og rollar. Ålesund Kunnskapspark har opparbeidd ein stor portefølje av klyngeprogram, prosjekt og aktivitetar. Kunnskapsparken har dessutan tatt på seg oppgåver med hoppid og drifting av kommunale næringsfond for Ålesund, Sula og Skodje kommunar. Molde kunnskapspark spelar og ein aktiv rolle i høve til næringslivet i sin region, og samarbeider mellom anna tett med ARENA IKuben. MKP driftar også hoppid-kontoret og administrerer næringsfondet for Molde kommune.
Kunnskapsparkane har nettverk og kompetanse som er sentrale i høve til dei utfordringane nærings- og kunnskapsmiljøa i regionen har. Det er difor viktig at fylkeskommunen spelar saman med både Ålesund Kunnskapspark og Molde Kunnskapspark i utviklinga av dei ulike rollane dei har saman med nærings-og kunnskapsmiljø i sin region. Samtidig er det viktig å halde oversikt over kva ordningar fylkeskommunen er involvert i og kva plikter det medfører både økonomisk og administrativt frå fylkeskommunal side. Samla sett bidrar fylkeskommune i stor grad til det arbeidet som vert drive i regi av kunnskapsparkane både i Ålesund og Molde. Det er viktig at ein ved tildelingar er tydeleg på kva ein ventar av oppdraget og at ein følger opp krav til rapportering, slik at ein får tydelig fram kva aktivitetar og resultat ulike tilsegn bidrar til. Fylkesrådmannen meiner det er viktig å støtte kunnskapsparkane ved å vere ein tydeleg oppdragsgivar, støtte fagleg og finansielt og bidra til å evaluere samarbeidet kontinuerleg i samarbeid med miljøa sjølve og andre oppdragsgivarar som departement, Innovasjon Norge og SIVA. Ein må skilje mellom aktiviteten i kunnskapsparken som totalverksemd og dei ulike aktivitetane vi gir støtte til. ÅKP har lagt inn vel to årsverk i budsjettet som dei delvis finansierer sjølve, og resultattal i rapporten til SIVA viser at ÅKP sin FoUinkubator har fleire nyetableringar, fleire bedrifter i preinkubasjon og med avtale om inkubasjon enn MKP (sjå vedlegg). Dette har ikkje gitt grunnlag for større løyving frå SIVA så langt. Ålesund Kunnskapspark og Molde Kunnskapspark får lik løyving til FoU-retta inkubator frå SIVA. SIVA opplyser at dei neste år vil utarbeide ein modell for differensiering av støtte til ulike inkubatorar ut frå aktivitet og berekraft for å styrke dei mest robuste miljøa. Fylkeskommunen har såleis ikkje grunnlag no for å vurdere ei differensiering av tilskottet før SIVA som programeigar kjem med ein modell for dette. Fylkesrådmannen ser difor ingen grunn til å differensiere tildelinga til dei fou-retta inkubatorane ved dei to kunnskapsparkane i 2014, og vil difor oppretthalde framlegget til vedtak. Forslag til vedtak: 1. Regional- og næringsutvalet tek orienteringa til vitande. 2. Regional- og næringsutvalet løyver inntil kr 600 000 frå dei regionale utviklingsmidlane, kap 551.60 i statsbudsjettet til dei FoU-retta inkubatorane ved Ålesund Kunnskapspark og Molde Kunnskapspark for 2014. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Vedlegg 1 Regionale utviklingsmidlar 2014 - tilskott til drift av fouinkubator 2 Søknad frå Molde Kunnskapspark - FOU-inkubator 2014 3 Søknad frå Ålesund Kunnskapspark - FOU-inkubator 2014 Frank Madsøy ass. regional- og næringssjef