REGIONRÅDET NORDHORDLAND IKS STRATEGISK PLAN 1
INNHALD 1. INNLEIING 3 2. DET SOM ER MOGELEG OG DET SOM UTFORDRAR 5 3. FØREMÅLET MED REGIONRÅDET 6 4. STRATEGISKE VAL 7 4.1 MARKNADSFØRING AV REGIONEN.... 7 4.2 Å BETRA KOMMUNIKASJONANE... 8 4.3 NÆRINGS- OG ARBEIDSPLASSUTVIKLING... 8 4.4 MEIR EFFEKTIV KOMMUNAL FORVALTNING OG TENESTEPRODUKSJON.. 9 5. ORGANISASJON 9 2
1. INNLEIING Regionrådet Nordhordland IKS har behov for ein strategisk plan for arbeidet sitt. I 2008 starta vi ein diskusjon om innhald og organisering av det regionale samarbeidet. Same året blei det gjennomført ei utgreiing med slik tilråding: Regionrådet bør arbeida vidare med spørsmåla om kva det er til for, og kvar det ønskjer å gå vidare. Dette bør gjerast gjennom å setja meir fokus på strategiske tiltak som fremjar regionen Nordhordland. Regionrådet bør utarbeida ein visjon for regionrådet og arbeida strategisk i forhold til utvikling av regionen.(.) Det bør gjerast ein gjennomgang av føremålet med regionrådet opp mot kva regionrådet er for deltakarkommunane i dag, og det dei ønskjer å vera for deltakarkommunane i morgon. Kvifor har vi eit regionråd og kva skal vi bruka det til? Det er hevda at ei viktig oppgåve for regionrådet er å skapa ein felles identitet gjennom felles portal Nordhordlands ansikt mot verda - gjennom å byggja opp merkevara Nordhordland. Mange regionråd har gjort dette, og i kombinasjon med strategisk tenking kan dette gjera regionrådet i Nordhordland til eit dynamisk regionråd. Styret vedtok 6. juni 2008 slik tilråding til vedtak i representantskapet: 1. Styret for Regionrådet Nordhordland IKS skal ha 3 medlemer 2 ordførarar og 1 rådmann med personlege varamedlemer. 2. Det blir etablert eit rådgjevande organ til styret, beståande av ordførarar og rådmenn i medlemskommunane, med eit særskilt ansvar for strategisk utvikling av regionen. 3. Representantskapet gjev prinsippiell tilslutning til desse endringar og ber styret leggja fram endeleg innstilling vedlagt strategidokument, ny selskapsavtale, avtalar for rolledeling mellom styre og ordførarforumet, etc., til vedtak på representantskapsmøte i løpet av hausten 2008. 4. Endringar i selskapsavtalen som fylgje av vedtak knytta til organisasjonsprosjektet vert gjort gjeldande frå 01.01.2010. I møtet 13.juni 2008 drøfta representantskapet saka og det var ikkje ønskjeleg med prinsipiell tilslutning til styret sitt forslag til vedtak. Ein ville venta på ei drøfting av strategisk plan for det interkommunale samarbeidet i Nordhordland. Representantskapet ønskte å bli involvert i arbeidet på overordna nivå. Styret fremja deretter slikt forslag til vedtak: Representantskapet tar saka til orientering, og ber styret leggja fram endeleg innstilling vedlagt strategidokument, ny selskapsavtale, avtalar for rolledeling mellom styret og eit eventuelt ordførarforum, etc. til vedtak på representantskapsmøte i løpet av hausten 2008. Forslaget blei samrøystes vedteke.. 3
Det ein vil med planen Føreliggjande plan skal vera ein overordna styringsreiskap for regionrådet sitt arbeid. Planen viser regionrådet sitt føremål og val av overordna satsingsområde. Planen har ei sterk forankring hos rådet sine eigarar (kommunane) og er tufta på selskapet sine vedtekter. Oppbygging og rullering av planen Planen har to deler: er det føreliggjande dokumentet. Det legg dei langsiktige strategiane for organisasjonen. I tillegg til dette vil det bli utvikla årlege Handlingsprogram. Det er ei målsetjing å rullera overordna strategisk plan kvart andre år i ein brei prosess med eigarkommunane. Prosessen legging handlar om leiing. Det er gjennomført eit opplegg som har involvert selskapet sitt styre, representantskap og daglege leiing. I tillegg har rådmennene i eigarkommunane vore invitert inn i prosessen. Då planen var ferdig, var det gjennomført følgjande strategimøte: Styret, administrasjonen og rådmennene hadde ein innleiande strategidag 21.november 2008 Dei som er nemnde, diskuterte val av strategiar saman med representantskapet på ei samling 15. januar.2009 Styret, administrasjonen og rådmennene diskuterte utkast til dokument i møte 19.februar og 6.mars. Styret vedtok sitt framlegg til strategisk plan på møte 20.mars 2009 4
2. Det mogelege og det utfordrande. Arbeidet i regionrådet baserer seg på ei vurdering av kva sterke og veike sider vi har, kva som er mogeleg og kva som utfordrar oss. Vi ser at vi har sterke sider som må utviklast vidare og veike sider vi må kompensera for, om vi skal få den utviklinga vi ønskjer. Dette er ei kort oppsummering av det viktigaste som gjer mangt mogeleg og det som er utfordrande for oss: Nærleiken til Bergen Dette gjer mangt mogeleg: - Næringslivet i regionen har god tilgang til marknader, kompetansemiljø og infrastruktur - Mens bynære næringsareal i Bergen er under sterkt press, kan Nordhordland tilby ledige lokale og areal. Utfordringane: - Utan at regionen maktar å marknadsføra kor gode lokaliseringstilhøve og andre føremoner som finst her, vil bedrifter heller bli verande i Bergen. Eit anna framtidsbilete er at bedrifter i regionen vil velja å flytta til sterkare næringsmiljø nærare Bergen. Ein sterk industriregion Dette gjer mangt mogeleg: - Nordhordland har fleire sterke industrimiljø. Mongstad-området med oljeraffineri og tilknytte verksemder står i ei særstode også i nasjonal samanheng. Men vi har også fleire svært levedyktige industritiltak i kommunane. Utfordringane: - Industriregionar må leva med at dei er sårbare i forhold til nasjonale og internasjonale konjunkturar. Og det vil alltid vera sterke krav til omstilling og til lønnsam produksjon, noko som gjer at sysselsetjinga til tider kan vera varierande. Ein attraktiv bustadregion Dette gjer mangt mogeleg: - Regionen har sterke kvalitetar for busetjing; god offentleg service, gode bustadområde, stolt kultur og attraktive fritidstilbod. Nærleiken til Bergen gjer at dei mest bynære områda er ein del av byen sine vekstområde. Avstandane til denne store arbeidsmarknaden er så korte, at det er mogeleg å bu i regionen mens ein arbeider i Bergen. Utfordringane: - For regionen sett under eitt er det ønskjeleg å trekkja til seg fleire innbyggjarar. I nordlege område har vi problem med minkande folketal. - Regionen treng eit komplett vidaregåande skuletilbod. Stort behov for betre kommunikasjonar - Gjennom dei siste åra er kommunikasjonane betra i deler av regionen. Likevel er det eit stort behov for å betra kommunikasjonane internt i regionen og mellom regionen og omlandet. 5
3. FØREMÅLET MED REGIONRÅDET Nordhordland er ein region som byggjer på ein felles og langsiktig regional ide, og eigarkommunane har mange felles utfordringar. Det formelle grunnlaget for selskapet kjem til uttrykk i føremålsparagrafen: Driva evaluering og utviklingsarbeid for å identifisera samarbeidstiltak som medverkar til å sikra ein effektiv kommunal tenesteproduksjon med høg kompetanse Regionrådet er kommunen sitt samarbeidsorgan og er etablert fordi ein ser seg tent med felles innsats framfor at kvar kommune arbeider åleine. Regionrådet har ein relativt liten organisasjon og ei avgrensa ressursramme og er ein av mange samfunnsaktørar i regionen. Regionrådet skal fremja eigarkommunane sine felles ambisjonar for samfunnsutviklinga i regionen. Dette skal skje både gjennom eigeninnsats og ved at ein påverkar andre aktørar i offentleg og privat sektor. Eit så omfattande føremål, som det føremålsparagrafen skildrar, krev presiseringar for at organisasjonen skal kunna arbeida effektivt. Desse presiseringane kjem til uttrykk i dei strategiane som er valde. 6
4. STRATEGISKE VAL har valt å konsentrera si verksemd om 4 hovudstrategiar: MARKNADSFØRING AV REGIONEN Å BETRA KOMMUNIKASJONANE NÆRINGS- OG ARBEIDSPLASSUTVIKLING MEIR EFFEKTIV FORVALTNING OG TENESTEPRODUKSJON 4.1 Marknadsføring av regionen Nordhordland har mange føremoner som gjer vekst i både folketal og næringsliv mogeleg. Det er ei utfordring å gjera marknaden kjend med alt som er mogeleg, når det gjeld lokalisering og tilflytting. Derfor vil ein i komande periode leggja meir vekt på profesjonelt marknadsarbeid. Regionen vil venda seg til to hovudmarknader: Bedriftsmarknaden Mens sentrale deler av Bergensregionen begynner å merka mangel på areal, er det tilgang på godt høvelege næringsareal i vår region. Vi ser at vi har utfordringar i å strukturera og gjera informasjon om areal og lokale effektivt tilgjengeleg. Det gjeld også informasjon om bedriftsmiljø og tilgjengelege verkemiddel for bedrifter som vil etablera seg her. Personmarknaden Vi er stolte over å bu i Nordhordland og meiner at regionen har rom for fleire tilflyttarar. For å nå denne målgruppa må vi gjera ein felles marknads- og informasjonsinnsats, der vi fortel om mogelege jobbar, bustader, skular, barnehagar og andre offentlege tilbod. Vi vil leggja vekt på å marknadsføra kulturregionen Nordhordland. Vi vil prioritera Å laga ein overordna marknadsplan med analyse av målgrupper, bodskap frå regionen og marknadskanalar, og kva marknadsoppgåver som regionrådet og dei respektive kommunane kvar for seg må ivareta. Å tilretteleggja informasjon for tilflyttarar på nett. Å tilretteleggja informasjon om næringsareal på nett Å samordna marknadsinnsatsen med Business Region Bergen as (BRB), som Regionrådet Nordhordland IKS er medeigar i. 7
4.2 Å betra kommunikasjonane Med kommunikasjonar meiner vi både infrastruktur for klassisk samferdsel; veg, bru, tunnelar og kollektivtilbod på land og sjø. I tillegg legg vi vekt på elektronisk kommunikasjon. Regionrådet Nordhordland IKS har tatt initiativ til ein omfattande samferdselsstrategi for Nordhordland. Det er store behov for utbetringar og nyanlegg på transportnettet i regionen. Tiltak er viktige for at Nordhordland framleis skal vera ein konkurransedyktig region med eit aktivt og velfungerande næringsliv, og slik ha eit godt grunnlag for å halda oppe busetjingsmønsteret. Dei statlege løyvingane gjennom Nasjonal transportplan strekk ikkje til for å realisera nødvendige tiltak. Regionen har ei rimeleg god dekning (over 90 %) når det gjeld breiband. Det er fullført fleire større prosjekt de seinaste åra, finansiert med midlar frå Høykom og kommunane. Desse prosjekta vil bli avslutta i 2009. Framover vil vi oppleva nye utfordringar som eit resultat av den teknologiske utviklinga. Vi vil prioritera: Utbygging av vegnettet i regionen Utbygging av hamnefunksjonar Utbygging av meir effektive kollektivtilbod Framtidige IKT- prosjekt med regional verknad 4.3 Nærings- og arbeidsplassutvikling Regionen arbeider for etablering og utvikling av fleire private bedrifter uavhengig av bransje, men også for etablering av fleire offentlege verksemder som kan gi arbeidsplassvekst. Dette krev innsats på fleire område. Innsatsen vil utfordra regionen på felles arealplanarbeid når det gjeld næringsareal, bustadområde, miljøplanlegging m.v. Det vil også krevja at regionen legg godt til rette for å rettleia nyetablerarar og andre bedrifter som vil etablera seg og veksa i regionen. Vi vil prioritera: Utvikling av ein eigen strategisk næringsplan for Nordhordland, som vil detaljera strategiar og prosjekt, under dette planar for utvikling av reiselivet Forstudie på felles arealplanarbeid for å finna føresetnadene for samarbeid på området. Etablerarrettleiing og -opplæring Strategisk satsing på næringsutvikling i samband med ilandføring av gass på Mongstad, bygging av varmekraftverk og handtering av CO². Samarbeid med BRB 8
4.4 Meir effektiv kommunal forvaltning og tenesteproduksjon Kommunane har stort behov for å finna fleire felles løysingar for effektivisering av forvaltning og tenesteproduksjon, utan at det skal gå ut over fagleg kvalitet. I dag samarbeider ein på fleire felt. Innan denne strategien skal regionrådet si rolle avgrensast til å vera tankesmie og å utgreia fellestiltak. Ein kan vidare ta oppdrag med å driva pilotprosjekt i ein tidleg fase. Men som hovudregel skal ikkje regionrådet vera driftsorganisasjon for interkommunale tiltak. Vi vil prioritere: Samarbeid om arealplanlegging Pilotprosjekt for utvikling og evaluering av nye samarbeidstiltak for samordning av felles forvaltning og tenesteproduksjon. Målet er ei meir effektiv kommunal drift. 5. ORGANISASJON Skildra i eige notat, vert innarbeidd i planen etter vedtaksprosessen. 9