D/S Stord 1 Månadsrapport oktober - desember 2010 Hardanger Fartøyvernsenter Åsmund Kristiansen 1
I oktober 2010 starta det neste delprosjektet i Stord 1-prosjektet opp igjen for vårt vedkommande. Målet no er å legge dekk rundt lasteluka på hovuddekk, legge dekk og innreie siderom i samme område (2. klasse spisesalong og lugarar). Vidare bygge trappa opp til shelterdekket og kle skutesidene framme i salongen. Denne månadsrapporten tek for seg arbeidet i perioden frå oktober til og med desember 2010. Før vi kunne gå i gang med trearbeidet var det ein del stålarbeid som måtte utførast. Bildet til venstre viser Socon Norheimsund Sveis i gang med å brenne vekk ei visirplate i forkant av lasteluka, på hovuddekk. Vi hadde ein runde med avklaring på forhånd om det var antikvarisk forsvarleg å fjerne plata. I følge dokumentasjonsrtapporten som HFS utarbeidde i 1994 skulle plata vere der, fordi ho etter opplysningar den gang skulle ha kommet dit i samband med forlenging i 1931. Men ein i Stiftelsen D/S Stord 1 meinte at plata kom opp i samband med ei fallulykke. Undersøkingar viste at plata var sveist på, og dette tok vi som ein god nok indikasjon på at plata kom opp seinere.dessutan viste teikninga frå ombygginga i 1931 at det ikje var sett opp nokon plate. Under ser vi sveisesømmane oppe og nede. 2
Rennesteinene framme i området for annen plass salong var ikkje gjort ferdige då dekket var lagt. Dekksarbeidet var gjort for fl eire år sidan, og den nye rennesteinsvinkelen var ikkje festa skikkeleg. Dessutan var det ein del hol i stålet. Den opphavelege rennesteinen ser vi restane av heilt ut mot spanta. Det var altså berre ein smal rennestein. Vinkelen vart festa og hola tetta, før vi gjekk i gang med støyping Frosten kom tidleg, men vi rakk såvidt å støype i rennsteinen framme før det kom kuldegrader. Vi spikra saman eit enkelt kar der betongbilen kunne levere varene sine. Betongen bar vi om bord i bøtter. Arne Jostein Jensen stryk ut betongen med i fjøl tilpassa formålet. 3
Smeden Seppe Lehembre sveiser boltane til tredekket. Sidan det er lagt heildekkande ståldekk må boltane sveisast. Vi har vald å gjere dette ved å først legge ut heile dekket og tilpasse det. Så borar vi for boltane og setter eit merke i ståldekket med boret. Dermed veit vi kor boltane kjem når vi fjerne tredekket. Deretter legg vi dekket ut att, trær plankane over boltane. Så vert dei festa med mutter og over kjem det ein trepropp (karpun). Etter som ståldekket er ujamnt er det naudsynt å rette det av med lekter. Når plankane kjem på legg vi ein masse mellom treverk og stål. Dette er for å hindre fukt og kondens på stålet. Her bruker vi ei blanding av rå linolje, kritt og leca-kuler. Arno Theunissen har lagt ferdig dekket og er i ferd med å drive det. 4
I desember gjekk vi i gang med å sette opp spikarslag på spanta framme i salongområdet. Arne Jostein Jensen utfører arbeidet her. Heilt framme er det litt fasong i skutesida. Men vi har lagt opp til eit plan med beine spikarslag oppe, og litt avrunda nede. Spikarslaga er kilt mot spanta med horisontale lekter. Dette er den tradisjonelle metoden. Dei tre bilda over er frå babord side, dette er frå styrbord. Og her er underpanelen kommen på plass. Det er ikkje kledd i eit parti nede i akterkant. Her skal det byggjast noko ut. Her kjem det til slutt sofabenker, og dei skal ikkje ha rygger som er for mykje svøydd. Meir om dette i neste månad. 5
Arno har laga dørkarmer og førebudd dørane. Men dei er ikkje ferdige. Vi har no konsentrert oss om arbeidet om bord, og vil gjere ferdig dørane når det kjem meir folk på prosjektet. Her ser vi starten på dekket som skal leggjast i lasteområdet. Det er lagt opp reier, oppå påforingane på ståldekket, til hjelp for å få eit jamnt underlag for dekket. Det må og liggje slik at det vert eit fi nt spring og bjelkebukt. Derfor er det viktig å legge litt arbeid i denne opprettinga. Teamet på prosjektet i denne perioden: Arne Jostein Jensen, Åsmund Kristiansen og Arno Theunissen. Etter kvart vil det kome fl eire handverkarar inn. 6