REGULERINGSPLAN TOFTEVÅGEN SØR, GNR. 198 BNR. 2, KVINNHERAD KOMMUNE PLANUTGREIING ROS-ANALYSE REGULERINGSFØRESEGNER
2 PLANUTGREIING 1.0 BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET. Planarbeidet er starta opp på initiativ av grunneigar Audun Hvidevold vinteren 2010, som ynskjer å byggja ut eigedommen med hytter, naust og småbåthamn, for å styrka innteksgrunnlaget på gardsbruket. 2.0 PLANOMRÅDET. 2.1 Lokalisering. Planområdet ligg i Toftevågen på Halsnnøy. 2.2 Areal. Planområdet utgjer i alt ca. 10 da. 2.3 Eigedomstilhøve. Innan planområdet er det i dag 2 eigedommar: Gnr. Bnr. Grunneigar 198 2 Audun Hvidevold 198 4 Amanda Serine Eintveit 198 79 Statens Vegvesen 199 10 Edvard N. Landa 2.4 Landskapsvurdering. Planområdet heller frå Fylkesvegen i vest ned mot sjøen mot aust. Sentralt i området er ein markert knaus. Området er nytta til beite, og er difor granskledd. Mot sjøen er svaberg. I sør renn ein markert bekk, der sidene er sikra med nedsett stein. 2.5 Funksjonell strandsone. Det er ca. 100 m strandline innanfor planområdet. I sør er utløpet av ein bekk. I samme området ligg hovudsvassledning (sjøledning) til Høylandsbygd. Vidare mot nord er det svaberg. Lengst mot nord er det ei strand, med ei gammal brygge. Her står også grunnmurane til eit eldre naust. 2.6 Eksisterande bygningar. Innan planområdet er det ingen bygningar, men grunnmuren etter ei eit eldre naust (sjå bilete). Dette er eit verdfullt kulturminne, som tiltakshavaren ynskjer å restaurere.
3 3.0 PLANSTATUS. 3.1 Kommunedelplan. I gjeldande kommunedelplan for Halsnøy er området vist som fritdshus (5 hytter), og naust mot sør. Sjøområdet er vist som FFNF: Ferdsel-, Fiske-, Natur- og Friluftsområde. 3.2 Gjeldande reguleringsplanar. Området er ikkje omfatta av gjeldande reguleringsplanar. 3.3 Planprosess for ny reguleringsplan. Oppstartmøte med Kvinnherad kommune vart halde i mai 2010. Oppstart av planarbeid vart kunngjort 15.06.10. 3.4 Merknader til oppstartmelding. Innan fristen har vi motteke i alt 7 merknader, sjå vedlagde kopier. Til merknadene har vi fylgjande kommnetarar: Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga. Fylkesmannen har ikkje andre merknader enn dei går fram av Fylkesmannen si temaside om planlegging. Hordaland Fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga. Fylkeskommunen viser til regional arealplanlegging. Dette er ivareteke, då planforslaget er i samsvar med ny kommunedelplan. Dei kjenner ikkje til automatisk freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne i området. Kulturavdelinga ynskjer likevel ei synfaring på staden, for å vurdera om det er naudsynt med arkeologisk registrering. Statens Vegvesen. Vegvesenet viser til at området får avkjørsle til Fv. 63. Avkjørsla skal opparbeidast i samsvar med Vegnormalene. Kystverket. Dei viser til at tiltak i sjø som kjem inn under Havne- og farvannslova skal godkjennast av Kystverket. Dette er teke inn i føresegnene. Fiskeridirektoratet. Dei opplyser at det er låssettingsplassar i nærleiken av planområdet. Difor må det ved eventuell sprenging visast varsemd dersom det er steng i låssettingsplassane. Dette er teke inn i føresegnene.
4 SKL Nett AS. Ingen merknader. Gunhild Eintveit, på vegne av Amanda Eintveit. Dei ynskjer meir opplysningar om utforming av planen. Dette blir fylgt opp. 4.0 PLANFORSLAGET. 4.1 Forslagsstillar. Audun Hvidevold, grunneigar av gnr. 198 bnr. 2. 4.2 Plangrenser. Plangrensene fylgjer vestsida av Fv. 63 mot vest, eigedomsgrenser for gnr. 198 bnr. 2 mot sør og nord, og føremålsgreser for sjøområdet mot aust. I tillegg er planområdet strekt langs fylkesvegen mot sør og nord, for å få med heile frisiktsona. 4.3 Planstatus. Reguleringsplanen er utarbeidd i samsvar med 12 i Plan- og bygningslova. Endeleg utforming og plassering av bygningar vert fastsett av Kvinnherad kommune. 4.4 Plamlagde bygningar. Området er planlagt utbygt med 5 nye fritidsbustader og 3 nye naust. I tillegg vert det gamle naustet planlagt sett i stand i si opphavelege form. 4.5 Arealbruk. Pbl. 12-5. Arealføremål i regulerigsplan: 1. Bygningar og anlegg - Fritidsbustader 3,1 da. 2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur - Veg 1,3 da. - Gangveg 0,1 - Kai 0,01 - Parkering 0,1 - Annan veggrunn 0,4 3. Grøntstruktur - Friområde 3,1 da.
5 4. Landruk-, natur og friluftsområde samt reindrift - Landbruk 0,4 da. 5. Bruk og vern av sjø og vassdrag - Småbåthamn 0,6 da. - Naust 0,2 - Badeområde 1,2 SUM: 10,7 da. 4.6 Fritidsbustader. Området for fritidsbustader er trekt mot nordaust, slik at strandsona og området ved bekken i sør ikkje vert rørd. Knausen sentralt i området skal ikkje fjernast. 4.7 Naust. I kommunedelplanen er naustområdet plassert mot sør ved bekken/vassleidningen. Dette er uheldig, og i planen er difor naust trekt mot nord, ved den gamle naustmuren. Nye naust er planlagt med grunnflate 40 m2. 4.8 Kai / småbåthamn. I kommunedelplanen er sjøområdet vist som FFNF-område, Dette er misvisande, då det er ei eksiterande brygge i området (sjå biletet). Det er føresett i planen at brygga blir rusta opp, og det vert etablert smaåbåthamn på innsida av brygga, og framfor det gamle naustet, 4.9 Veg / parkering. Området får ny avkjørsle frå Fv. 63. Felles parkeringsplass er planlagt på ein flate sentralt i området. Det er elles føresett gangvegar til hyttene og til strandsona. 4.10 Tekniske anlegg. Heile planområdet vert føresett tilknytt vassverket i området. Avløpsanlegg skal byggjast i samsvar med krav frå kommunen. Feltet skal knytast til Fjelberg Kraftlag sitt straumnett i området.
6 RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE (ROS) Utført iflg. rundskriv frå Fylkesmannen i Hordaland datert 26.05.09. Nyttar 4 x 4 matrise. Nr. Tema Sannsynleg Konsekvens Risiko Merknad / tiltak Ras/skred/flom/grunn 1 Masseras/skred/skrentar/stup 1 1 Ferdsel langs sjøen med varsemd 2 Snø/isras 3 Flaum/springflo 2 2 Nye naust over høgaste springflo 4 Elveflom 2 3 Ingen bygging ved bekken 5 Tidevassflaum 2 2 Sjå pkt. 3 6 Radongass 2 3 Tiltak iflg. byggeforskrifter Vær og vindeksponering 7 Vindutsette område 8 Nedbørutsette område 3 2 Etablering av tette flater medfører auka nedbørsavrenning Natur- og kulturområde 9 Sårbar flora 10 Sårbar fauna/fisk/vilt 11 Verneområde 12 Vassdragsområde 2 3 Sjå pkt. 4 13 Fornminne 2 3 Må vurderast nærare 14 Kulturminne/miljø 2 2 Naust blir rusta opp. 15 Område for idrett/leik 16 Park/rekreasjonsområde 17 Friluftsområde 3 2 Utbygging vil redusera friluftsområde Infrastruktur 18 Veg, bru, knutepunkt 19 Hamn, kaianlegg 2 2 Kai blr rusta opp 20 Sjukehus/-heim, kyrkje 21 Brann/sløkkevatn, politi 3 2 Utbygging krev sløkkevatn 22 Forsyning, kraft, vatn 3 2 Utbygging krev ektra kapasitet 23 Tilfluktsrom Ingen krav Forureiningskjelder 24 Industri 25 Bustad/fritid 26 Landbruk 3 2 Utbygging vil redusera landbruksområde 27 Akutt forureining 28 Støv og støy industri 29 Støv og støy trafikk 2 2 Utbygging medfører auka trafikk 31 Støy andre kjelder 32 Forureining i sjø 2 3 Spillvatn må reinsast 33 Forureina grunn 34 El. forsyning Andre farlege / spesielle område / forhold
7 35 Industriområde 36 Høgspentline 37 Risikofylt industri 38 Avfallsbehandling 39 Oljekatastrofeområde 40 Spesielle fohold ved utbygging Transport 41 Ulykker med farleg gods 42 Vær/føre avgrensar tilgjenge til området 43 Ulykker i avkjørsler 2 2 Avkjørsler må ha frisikt 44 Ulykker med gåande/syklande 2 2 Kan førekomma 45 Andre ulykkespunkt 2 2 Kan førekomma Konsekvens: 1. Ubetydeleg 2. Mindre alvorleg 3. Alvorleg 4. Svært alvorleg Fare: 4. Svært sannsyleg 3. Sannsyleg 8,,17,21,22,26 2. Lite sannsyleg 3,5,14,19,29,43, 4,6,12,13,32 44,45 1. Usannsyleg 1 Hendingar i raudt felt: Hendingar i gult felt: Hendingar i grønt felt: Tiltak er naudsynt. Tiltak må vurderast nærare. Minimumstiltak bør gjennomførast.
8 REGULERINGSFØRESEGNER 1 REGULERINGSFØREMÅL. 1.1 Det regulerte området er vist på planen med plangrense. 1.2 Arealet innanfor plangrensa er regulert fylgjande føremål: 12-5. Arealføremål i reguleringsplan. BYGNINGAR OG ANLEGG - Fritidsbustader frittliggjande SAMFERDSELSANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR - Kjøreveg - Gangveg - Kai - Parkeringsplasser - - Annan veggrunn GRØNTSTRUKTUR - Friområde LANDBRUKS-, NATUR OG FILUFTSOMRÅDE SAMT REINFDRIFT - Landbruk - BRUK OG VERN AV SJØ OG VASSDRAG - Småbåthamn - Naust - Badeområde 12-6. Hensynssoner i reguleringsplan. - Frisikt 2 FELLES FØRESEGNER 2.1 Desse føresegnene kjem i tillegg til Plan- og bygningslova, og gjeldande vedtekter i Kvinnherad kommune. 2.2 Etter at desse føresegnene er gjort gjeldande, er det ikkje høve til å inngå privatrettslege avtalar som strir imot føresegnene til planen.
9 2.3 Transformatorkioskar, kabelskap, vatn- og avløpsanlegg o.l. kan oppførast i planområdet etter nærare godkjenning i kommunen. 2.4 Ved alle byggje- og anleggsarbeid skal det takast mest mogeleg omsyn til terreng og vegetasjon. Bygningar og anlegg skal tilpassast terrenget. Skjemmande terrenginngrep er ikkje tillete. Større tre som ikkje er i konflikt med bygningar og anlegg skal ikkje fellast. 2.5 Det kan vera uregistrerte fornminne i området. Dersom det i samband med gravearbeid kjem fram funn eller konstruksjonar, må arbeidet straks stansast og Fylkeskonservatoren få melding for ei nærare gransking på staden, jfr. Kulturminnelova 8, 2. ledd. 2.6 Alle bygningar og anlegg skal utformast etter prinsippa for universell utforming, så langt råd er. 2.7 Ved sprengingsarbeid skal det takast omsyn til eventuell låsseting i nærleiken. 3 BYGNINGAR OG ANLEGG. 3.1 OMRÅDE FOR FRITIDSBUSTADER. 3.1.1 Endeleg plassering av bygningar vert fastsett av kommunen. 3.1.2 Uteareala skal ha preg som naturtomt. Ubygde deler av tomta skal ikkje nyttast til lagring. 3.1.4 Fritidsbustader skal vera frittliggjande bygningar, tilpassa terrenget. Materialbruk skal tilpassast oomgjevnadene. 3.1.5 Maks. grunnflate er 120 m2. Det kan byggjast maks. 2 høgder. Maks. gesimshøgde er 3 m. Maks. mønehøgde er 6 m. 3.1.6 Det skal nyttast saltak, med takvinkel mellom 27 og 45 grader. 3.1.7 Det kan ikkje leggjast inn vatn i fritidsbustadene, før det er etablert avløpsanlegg godkjent av kommunen. 4.0 SAMFERDSELSANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR 4.1 VEGAR OG PARKERINGSPLASSER
10 4.1.1 Vegar og parkeringsplasser skal byggjast i samsvar med tekniske planer godkjent av Kvinnherad kommune. 4.1.2 Vegar skal vera tilgjengeleg for ålmenta, som gangvegar. 4.2 KAI 4.2.1 Området kan nyttast til lending for småbåtar. 4.2.2 Utviding av eksiksterande kai skal godkjennast av Kystverket. 5.0 GRØNTSTRUKTUR 5.1 FRIOMRÅDE 5.1.1 Innan området kan det ikkje etablerast bygningar eller anlegg av noko slag. Felling av tre er ikkje tillete. 5.1.2 Friområdet skal vera tilgjengeleg for ålmenta. 6.0 BRUK OG VERN AV SJØ OG VASSDRAG 6.1 OMRÅDE FOR SMÅBÅTHAMN. 6.1.1 Innan området kan det etablerast brygger og båtfeste, flytande eler faste installasjonar. 6.1.2 Installasjonar som kjem inn under Havne- og farvannslova, skal godkjennast av Kystverket. 6.2 OMRÅDE FOR NAUST 6.2.1 Eksisterande naust skal byggjast oppatt i si opphavelege form. 6.2.2 Nye naust skal førast opp med maksimalt bruksareal (T-BRA) på40 m2. Mønehøgd skal vere under 5 m, målt frå terrengnivå under bygning. Utforming og materialbruk skal vera i samsvar med tradisjonell byggeskikk for naust. 6.2.3 Bygningar i strandsona må plasserast slik at golvnivå kjem over høgaste springflo.
11 6.3 BADEOMRÅDE 6.3.1 I området kan det ikkje etablerast naturinngrep eller anlegg av noko slag. 6.3.2 Området skal vera tilgjengeleg for ålmenta. 7.0 HENSYNSSONER I REGULERINGSPLAN 7.1 FRISIKTSONER 7.1.1 Frisiktsoner vil vera kombinert med andre reguleringsføremål. 7.1.2 Innan frisiktsoner skal det ikkje vera sikthinder som er høgare enn 0,5 m over kjørebana. 8.0 REKKEFYLGJEKRAV 8.1 Fylgjande skal vera opparbeiddd før det vert gjeve byggeløyve for fritidsbustader i området: - Vegar og felles parkeringsplassar. - Vatn- og avløpsanlegg. Stord, 08.09.10 rev. 18.03.11 J. TUFTELAND AS