ArcMap ArcPad - GPS. Versjon 2.2. Av Jo Tore Kristoffersen



Like dokumenter
Begge metodene har som utgangspunkt at du har lagt inn et ortofoto av feltet eller en skannet tegning i Intrasisprosjektet eller ArcMap-fila.

Brukarrettleiing E-post lesar

Konvertering av kulturminnedata Visualisering med rutenett ArcGis 9.X

Brukarrettleiing. epolitiker

Sognefrukt Medlemsportal - Introduksjon

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

Noen ArcGIS-operasjoner

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon

Lingspeak Lingit AS

Manual oppdatering av nettsider Sogndal idrettslag

Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2)

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Installasjonsrettleiing

Konvertering av kulturminnedata Kernel density-analyser ArcGis 9.X

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Informasjon og brukarrettleiing

Brukarmanual.

Kopier heile katalogen Metxxxxx inn i Weatherlink-katalogen (eller i ein underkatalog).

1. Velg «DataImport» i menyen på venstre side i brukergrensesnittet: 2. Velg «Hente inn data»:

Ein kort introduksjon til Fylkesatlas

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Rettleiar til Partiportalen for Fylkesparti

Askeladden Release-logg 30. august 2012

Frikart til Garmin. Manual for Frikart til Garmin GPS

Opprydding i mapper og filer

Veileder. Digitalisering og stedfesting av innfallsporter i QGIS

Klare mål hyppig rettleiing

Layout og publisering

Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016

Universell Utforming-App Bruksanvisning. Innhold. Versjon 1.5,

Ein kort introduksjon til Fylkesatlas

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Trinn for trinn -Legge inn arrangementsøknad i Sportsadmin. -Ta ut påmeldingsfiler for import i FriRes. -Resultat/rapportering på mindre stevne.

Installasjon av talemeldinger

Gå til sida Klikk Esc. Skriv inn brukarnamn og passord.

GlitreTid versjon 6.1, endringar

Veileder ArcPad innsjekk gammel feltsamlerskjema

Kom i gang med emedia

PGS - EKSAMEN BRUKARRETTLEIING FOR SKOLEN

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Kom i gang med LibreOffice. Kapittel 14 Tilpass LibreOffice

Veileder i bruk av GoodReader

Emneregistrering i Studentweb, Historiestudiet ved Høgskulen i Volda

Rettleiar til Partiportalen for kommune- og fylkesparti (også fylkesungdomsparti)

Hvordan overføre en referanseliste fra et Word- eller PDF-dokument til EndNote

Humanware. Trekker Breeze versjon

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Kom i gang med SKYLAGRING. Frå Serit Fjordane IT

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Elektronisk palliativ plan innføring og bruk i Acos CosDoc

2. Beskrivelse av installasjon av SQL Server 2005 og hvordan lage databasen som trengs av administrasjonsprogrammet:

Installasjonsrettleiing for antivirusprogram Avast!

Installasjon av SK Admin 6.11

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

Oppgradering av Viva. Versjon 4.0

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Landbruksregisteret Rettleiing for installasjon og bruk av dokumentmalar for endringsblankettar

Hvordan bestille digitalt kartverk fra Lørenskog kommune i Infoland.

Endringslogg. Fleire måtar å importere løparar på, direkte import frå Excel fil. Endring på seedingtrekning.

estil, Altinn og RMP-kart Nytt i 2014 Tips og triks

Brukerveiledning for SMS fra Outlook

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Windows 7. Nedlasting av program (appar) på PC

Askeladden Brukerveiledning Saksbehandler i kommunen

EndNote Online. Kom i gang (Windows)

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Veileder for opplasting av AKTIV sporlogg til PC

NOTUS PORTAL 1. BRUK AV NOTUS PORTAL FOR TILSETTE/VIKARAR:

Store dokument i Word

Byggeweb Prosjekt Brukerveiledning Arbeidsområdet

Du må ha tilgang til trådlaust nettverk (wifi) eller mobilt datanettverk for å kunne laste ned saker.

Kom i gang med Zotero

Skriv ordbøker og litteratur på Tegnspråk med en nett-tjener i lommeformat! For ivrige Tegnskrift (SignWriting )- brukere!

RingAccess en innføring

Brukerveiledning Løypelegging i Ocad v.9 Skrevet av Arvid Mølnvik for Spkl. Freidig

I denne Knarrhultguiden skal vi se nærmere på hvordan man lager en varslingsfil for sortering av søyer før lamming. Det er laget fire forskjellige

Før du starter, del 2

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Brukerveiledning for Web-ADI

MyLocator2 Brukermanual v1.6 ( ) Utdrag av vlocpro2/vlocml2 brukermanual

TERA System Quick Start Guide (Norsk)

Ajourhold av DMK i NGIS med FYSAK F2.6 Kokebok Norsk institutt for skog og landskap, Steinkjer

Brukerveiledning. Dette er en innføring i funksjonene på nordatlas.no. Oppdatert

Installasjonsveiledning DDS-CAD 7.3

Legg til rette for å lese politiske saksdokument på ipad

PC-AXIS Brukerveiledning for tabelluttak og bearbeiding av data

Installasjonsveiledning. DDS-CAD ByggMester

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Bruksanvisning for Blekkspruten koblingsboks

Importere referanser fra databaser

Kontaktinformasjon: Tone R. Knutsen og Trond Rolland Fylkesmannen i Vestland. Torgeir Opeland Røthe Sogn og Fjordane fylkeskommune

INNHOLDSFORTEGNELSE. Side 1 av 6

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Automatisk kartsalg Infoland ( Hvordan bestille digitalt kartverk fra en av kommunene i Valdres gjennom Infoland?

Brukerdokumentasjon for LabOra portal - forfattere

Humanware Companion.

Transkript:

ArcMap ArcPad - GPS Versjon 2.2 Av Jo Tore Kristoffersen

Innhold 1. ArcMap 10.1... 3 1.1 Hent in prosjekt... 3 1.2 Overføring frå ArcMap til ArcPad... 3 2. Målebok pc... 6 2.1 Kopier prosjekt frå Q katalogen til målebok... 6 3. ArcPad... 6 3.1 Bruk ArcPad på målebok... 6 3.2 Bruk av GPS og ArcPad... 9 3.3 Digitalisering i ArcPad med bruk av GPS... 11 3.4 Avslutt bruka av GPS utstyr... 13 4. Lag kart til rapport... 15 4.1 Hendt prosjekt frå målebok... 15 4.2 Sjekk inn sjakte og anna registreringar... 15 4.3 Lag kartlayout i ArcMap... 17 5. Legg inn enkeltminne/lokalitet i Askeladden... 20 6. Kontrollregistrering... 23 7. Lag filer ved hjelp av ArcMap... 24 7.1 Ny shape fil i ArcMap... 24 7.2 Legg til felt i shape-fil... 27 7.3 Lag shape-fil av koordinat... 29 8. Sosi Shape... 32 8.1 Sosi to Shape... 32 8.2 Shape to Sosi... 34 2

1. ArcMap 10.1 1.1 Hent in prosjekt Start ArcMap 10.1 frå «Start» - «Alle programmer» - «ArcGis» - «ArcMap 10.1» På Q:\GISDATA\Prosjekt\Kulturavdelinga ligg det eit prosjekt som heiter «FKB_geodata.mxd». Dette prosjektet skal brukas som grunnlag når ein skal ta uttrekk frå ArcGis til ArcPad. Prosjektet er bassert på ein geodatabase med alle FKB data for fylket. Prosjektet er skrivebeskytta så det gå ikkje å lagre dette. Skal ein ta vare på utsnittet ein har laga så må ein lagre prosjektet som eiget prosjekt på: Q:\GISDATA\Prosjekt\Kulturavdelinga\Kartprosjekt. Prosjektet er klassifisert med LYR filer så ein treng ikkje å endre på fargar og utsjåande. Ein kan slå av og på tema alt etter kva for tema ein vil ha med i karte. Ein god hugseregel er jo færre tema ein har med jo raskare vil karte teiknast opp i prosjektet. I prosjektet er det ei fil som heiter «Flater». Denne fila er ein database som alle sjakter og andre registreringar som ikkje skal inn i Askeladden skal lagrast i. Sidan dette er ein database kan ein sjekke ut data og så sjekke inn data slik at alle sjakter og andre ting, blir lagra i ein fil. I tillegg er det punkt og linje fil. Dei bør ein også sjekke ut slik at ein kan registrere prøvestikk og andre strukturar. 1.2 Overføring frå ArcMap til ArcPad Verktyet «ArcPad Data Manager» må være aktivert og henta fram. Verktyet ser slik ut: Klikk på «Get Data For ArcPad» knappen så får du opp føljande dialog meny: 3

Klikk på det første tema du vil eksportere. Vel «Export to background data (to Shapefile)» og «Make read only». Gjør det same for alle filene du vil ha med over i ArcPad prosjektet. For fila «Flate» skal ein velja «Checkout Data for disconnected editing in ArcPad Data based on defined extent». Ved og velje dette, kan ein «sjekke» inn data tilbake til databasen når ein har gjort registreringar. Når du er ferdig skal det sjå noko sånt ut: Klikk neste. På neste bilde kan ein legge til felt for bilde for tema. Dette brukar ikkje vi. Klikk «Neste». Føljande bilde kjem opp: Dei første vala skal du la stå som det er. Den gjer at prosjektet blir laga for det utsnittet du hadde i kartet. Gi namn på mappa som prosjektet skal lagrast i. Bruk plassering i folder som vist i bildet over. Gi namn til apm-fila. (Det er det namnet som er synleg i ArcPad når du skal hente det opp). Klikk «Neste». 4

La det stå avkryssa slik det er føreslege. Klikk «Fullfør» Programmet brukar litt tid, så kjem den opp med ein meny som fortel om jobben var vellykka. Klikk «OK» Skal du bruke ArcMap prosjektet til å lage kart seinare må du lagre prosjektet på: Q:\GISDATA\Prosjekt\Kulturavdelinga\Kartprosjekt. Lag eigen mappe der dine prosjekt skal ligge. Når du har avslutta ArcMap kan ein sjekke at det er blitt oppretta ein katalog i mappa vi valde. Sjekk også at den inneheld data. For å kunne registrere kulturminne som skal inn i Askeladden, må vi ta med oss filer for dette. Tomme filer som skal brukast til registrering finn ein her: 5

Q:\GISDATA\Prosjekt\Kulturavdelinga\Registreringsfiler_RA_Sone 32 Kopier alle filene i katalogen og lim dei inn i mappa der du lagra prosjektet. Start opp prosjektet i ArcPad på pc. Klikk på «Innholdsfortegnelse» knappen Legg til dei filene du skal bruke til oppmåling ved og klikk på «Add layers» knappen prosjektet ditt og hak av for dei tema du skal bruke. Klikk «ok». Finn Klikk «ok» på neste bilde. No har vi eit heilt ferdig prosjekt som er klart til å bruke saman med oppmålingsutstyret. Klikk «Lagre kart» og steng prosjekt. Prosjektet er no klart til og kopierast over til målebok. 2. Målebok pc 2.1 Kopier prosjekt frå Q katalogen til målebok Prosjektet finn du på Q:\GISDATA\Prosjekt\Kulturavdelinga\ArcPad prosjekt 2014 og kopier din katalog over til: C:\ArcPad prosjekt\2014 3. ArcPad 3.1 Bruk ArcPad på målebok Det kan være lurt å teste prosjektet på målebok før ein reiser ut i felt. Start målebok. 6

Start ArcPad frå «Start ArcPad 10 Klikk på «Velg kart som skal åpnes» Finn ditt prosjekt, merk det og klikk «OK» 7

Slik vil det då sjå ut: Sjekk at filer for lokalitet og enkeltminne er lagt inn riktig. Lagre prosjektet og steng ArcPad. 8

3.2 Bruk av GPS og ArcPad Slå på C-pos antenna. Eit grønt lys vil først blinke kjapt, så vil det blinke meir jamt. Slå på målebok. Klikk «Start» og «AltusConnect» Klikk «Koble til RKT». Det vil begynne og lys eit blått lys for bluetooth på antenna. Når den er tilkoblet ser du dette vindauge: Etter ei stund vil «RKT» lampa blinke jamt. Då er antenna kopla opp riktig mot kartverket og vi er klar til å bruke den sama med ArcPad. Steng «AltusConnect» programmet ved og klikk «Avslutt» Start ArcPad. Opne prosjektet ved og velje «Opne siste brukte prosjekt». Klikk på «GPS aktiv» knappen. Eit nytt vindauge kjem opp nede på skjermen. Denne viser din posisjon og nøyaktigheit. Oppsette på målebok er laga slik at ein ikkje får registrere vist ein ikkje har cm nøyaktigheit. Har du ikkje god nok fri bane mot satellittane eller at det ikkje er GSM dekning i område så vil du få opp varsel om det i form av ein pling og ein beskjed på skjermen. For å slå av varsel og kunne registrere utan fast RTK dekning må ein gå inn på knappen under og velje «GPS-innstillinger». Under fana «Kvalitet» skal det sjå sånn ut: 9

Endre ein til «Ingen advarsler», kan ein registrere sjølv om ein ikkje har full dekning. Ver OBS på at ein må inn og setje denne kvaliteten tilbake til «Obligatorisk advarsel» og «RTK (fast) før du avsluttet prosjektet. Då er utstyret riktig sett opp til neste gongs bruk. Under er eit bilde som syner at vi noe er koblet opp til GPS og det er klart til registrering av enkeltminne, lokaliteter, sjakter eller anna. 10

3.3 Digitalisering i ArcPad med bruk av GPS For og velje kva for tema som skal brukast til digitalisering klikkar ein på symbolet «Askeladden-spesifikk» og så klikkar ein på «Start/stopp redigering». som er Det er tre ulike flatefiler. Ein kan berre digitalisere på eit flatetema tema av gongen. Skal ein digitalisere enkeltminne eller Lokalitet kan ein også bruke knappane som er laga til for det. L = Lokalitet, E = Enkeltlokalitet. No skal ein stille seg der ein vil måle første punkt og klikk «Legg til knekkpunkt ved bruk av GPS», den finn ein på underste linja nede på skjermen. Flytt deg til neste punkt og klikk på same knapp igjen. 11

Når ein har sett inn siste punkt klikkar ein på den grøne pila ned på linja. Når ein trykker på den avsluttar ein digitaliseringa og registreringsskjema kjem opp. Sjå under. For utfyllande forklaring til felt og liknande med registreringsskjema, sjå kapittel om «Nyregistrering i felt» i «Nyregistrering-feltversjonskrives_ut_som_booklet.pdf» er utarbeid av Riksantikvaren. 12

Fyll ut det som skal fyllast ut og klikk «ok». Har du gjort alt rett skal det sjå ut som på bilde under. No er det berre og følje same prosedyre for neste registrering. 3.4 Avslutt bruka av GPS utstyr Når ein skal avslutte registrering ved hjelp av GPS, starter ein alltid med å lagre prosjektet ein har på ArcPad. Klikk på «Lagre kart» knappen. 13

Klikk så på «Opne kart» nedtrekkslista» og vel «Avslutt». Ein treng ikkje gjere noko meir på felt pc for å slå av kobling mot GPS. Slå av målebok. Slå av GPS antenne ved og halde inne av/på knappen i ca. 3 sekund. NB!!! Ein skal berre bruke fingeren til å trykke på antenna knappen. Ikkje bruk penn eller noko anna spist, då det kan skade plasttrekket som beskyttar knappen. Ta batteri ut av antenne og oppbevar dei i kofferten, når dei ikkje er i bruk. Står dei i antenna mens det ikkje er i bruk vil dei sakte tappast ut og miste effekten sin over tid. 14

4. Lag kart til rapport 4.1 Hendt prosjekt frå målebok Kopiere frå målebok til felt pc. Finn mappe på felt pc og kopier heile mappa. Lim den inn og erstatt prosjektet du hadde lagra på Q- katalogen. 4.2 Sjekk inn sjakte og anna registreringar Start opp ArcMap. Du kan enten velje og opne det prosjektet du lagra tidligare, eller du kan velje å bruke eit prosjekt som har ferdig bakgrunnskart frå Kartverket. Ferdig kart med bakgrunnskart frå Kartverket finn du her: Q:\GISDATA\Fylkeskart.mxd Prosjektet er skrivebeskytta, så skal du bruke det så må du lagre det på eigen katalog. Eksempel på bakgrunnskart frå Kartverket. Klikk på symbolet «Get Data From ArcPad» 15

Klikk på symbolet og naviger deg til ditt prosjekt. Finn fila «Feltdata_gdb.axf» og klikk «Åpne». Kryss av for det som skal inn i databasen. Det skal sjå noko slik ut: Klikk på «Check in». Du vil få ein advarsel, klikk «Ja» på den. Når den er ferdig med å sjekke inn få du opp dette vindauge: På linje to kan du sjekke at det ble lagt inn i basen. Den linja skal avslutte med «Feltdata_gdb.axf were successfully checked in.» Steng vindaug for «Get Data From ArcPad» 16

Etter kvart vil denne databasen bli fylt opp av alle sjakter og andre registreringar som alle felt arkeologane har gjort. 4.3 Lag kartlayout i ArcMap Dersom ein ynskjer å ha anna utsjåande på sjakter eller anna registrering kan ein klassifisere data slik ein vil. Dobbeltklikk på tema du skal setje farge/symbol på eller høgreklikk og vel «Properties». Dette vindauge kjem då opp: Vel «Symbology» fana. 17

Er det fleire klasser for tema så vel «Categories». Dei fleste tema klassefiserar vi på «Objekttype» Sjå eksempel: Lag det utsnittet av kartet du vil bruke i rapporten. Klikk «Layout view» knappen nede i bilde, som vist under. 18

Legg til Tittel, teiknforklaring, målestokk og nordpil frå «Insert» menyen på verktylinjen. Kartet er klart til og skrivast ut til skrivar, pdf eller ein kan eksportere kartet som ein jpg-fil. Skal du lagre fil som jpg-fil går ein på «Fil» - «eksport map» Føljande dialog kjem opp: 19

Vel filplassering. Vel at «filtype» skal være «*.jpg» og gi kartet eit namn. «Resolution» må du ikkje sette til over 250, då det er ei grense for kor god oppløysning Kartverket tillèt å skrive ut i. Blir bilde berre kvitt utan sjølve kartet så har du brukt for høg oppløysning og du må eksportere kartet på nytt med mindre «resolution» Hugs å lagre kartprosjektet på din pc før du stenger ned prosjektet. 5. Legg inn enkeltminne/lokalitet i Askeladden For og leggje inn enkeltminne/lokalitet i Askeladde må ein pakke filene i ein zip-fil. Merk filane slik som vist under. (dbf-, prj-, shp- og shx-fil) Høgreklikk og vel «Send til» - «Komprimert (zippet) folder» 20

Gi zip-fil eit forståande namn. Til test brukar ein Espen (vi brukar dette på kurset) For å legg inn reelle data så skal ein logge inn på Askeladden Klikk på symbolet «Dataimport» Klikk på «Legg til fil for import» Følgjande boks kjem opp: Klikk på «Last opp zip fil» Finn fila du pakka som zip-fil. 21

Klikk «Åpne» Denne boksen kjem opp vist det er data i zip-fila. Klikk på «Overfør gyldige kulturminne til Askeladden» Følgjande boks kjem opp: Klikk «Lukk» Klikk på symbolet «Dataimport» Klikk på «Vis alle åpne prosjekt» Vindauge for «Søk etter Import prosjekt» 22

På toppen av lista vil ditt siste prosjekt visast. Under «lagre status» vil «Lagring ferdig» visast når Askeladden har oppretta lokaliteten og enkeltminne. Ved å trykke på «ID-koblinger» vil ein laste ned et Excel-regneark, der alle lokalitetane og enkeltminner du lasta opp med deira nyoppretta Askeladden-ID vises. Dersom du importerte fleire lokaliteter kan du kopiere listen med ID`er og søke dei opp i Askeladden via «Søk i liste» som du finn under «Avanser søk» Har du berre importert ein lokalitet kan du søke opp ID`en i «Søk». Sjå over lokalitet og enkeltminne i Askeladden sjekk at alt stemmer. Registrering er fullført. For meir info om registreringskjema og import sjå «Brukarveiledning for feltsamleren ArcPad fra nedlasting til opplasting» http://www.riksantikvaren.no/norsk/askeladden/veiledninger/ Her finn du alle andre veiledarar som RA har laga om Askeladden. Link til andre grunnkart som ein kan bruke som WMS tenester frå kartverket: http://status.kartverket.no/tjenester/openwms.py 6. Kontrollregistrering Kontrollregistrering av innlagte kulturminne i Askeladden er godt skildra i dokumentet «Brukerveiledning for feltdatasamleren ArcPad 10.0.4 frå nedlasting til opplasting» utarbeid av Telemark fylkeskommune og Riksantikvaren. Sjå side 35. Ein kan lage seg eige prosjekt slik det er skildra tidligare i dette dokumentet. Det einaste ein ikkje treng å ta med då er registreringsfiler for nyregistrering. Lagre prosjektet og ta inn filene ein har pakka ut frå zip-fil, som skildra i dokumentet. Lagre prosjekt og kopier det over på minnepinne. Overfør til målebok. Test at det fungerer som det skal på målebok. Du er klar for kontrollregistrering. Følg oppskrift som skildra i «Brukerveiledning for feltdatasamleren ArcPad 10.0.4 frå nedlasting til opplasting» 23

7. Lag filer ved hjelp av ArcMap 7.1 Ny shape fil i ArcMap Har ein behov for å lage nye filer for å digitalisere i, kan ein lage det i ArcMap. Klikk på ArcCatalog knappen enten på høgre side eller i menyen på toppen Naviger til mappa du vil legge fila i. Høgreklikk på mappa og vel «New» - «Shapefile» Denne dialogboksen kjem opp: Gi namn, Vel «Polygon» og trykk på «Edit» for å velje koordinatsystem. Vi brukar WGS_1984_UTM_Zone_32N (Projected UTM WGS 1984 Northern Hemisphere) 24

Klikk «Ok» For å digitalisere i fila bruker ein «Editor» menyen. Vist den ikkje er synleg så finn ein den ved å høgreklikke på verkty linja oppe i ArcMap. Klikk på Editor» - «Start Editing» Vel din fil: 25

Klikk «Ok» Klikk «Editor» - «Editing windows» - «Create Features» Klikk på fila din. No kan ein bruke verkty for digitalisering. For eksempel rette linjer Klikk for og start, avslutt polygon ved å dobbelklikke på endepunkt. 26

Vi ein endre på ei flate så kan ein dobbeltklikke på flata. Då får ein opp knekkpunktane. Dei kan ein flytte på, slette eller legge til nye. Høgreklikk på linje for å legg til nytt punkt. Når ein er ferdig med all digitalisering klikkar ein på «Editor» - «Save Editing» så «Editor» - «Stopp editing» Ein kan legge til felt i fila slik at ein kan klassifisere det ein legg inn og kan ha ulik farge på flatane. 7.2 Legg til felt i shape-fil Høgreklikk på din fil. Vel «Open Attributt Table» Klikk «Table option» knappen og vel «Add field» Vel for eksempel eit namn for klassifisering og at det skal være tekst type. 27

Klikk ok. Du har no laga eit felt du kan skrive i for å lage klassar. For å kunne skrive i feltet må du være i «Editing» modus. Klikk «Editor»-«Start editing» og vel din fil. Høgreklikk på fila og vel «Open Attributt Table» Skriv inn i feltet. Klikk «enter» for å registrere det. Når du er ferdig kan du stenge tabellen og lagre editering slik som skildra over. No har du ein fil du kan klassifisere med det feltet du laga til og setje farge alt etter kva klasse det er. Eksempel på klassifisering: 28

7.3 Lag shape-fil av koordinat Dersom ein har koordinat som skal symboliserast på kartet, kan ein få det til ved å først lage ei Excel fil med koordinat, så ta denne inn som fil, så lagre den som shapfil. Opne excel og lag dei ei fil med følgjande kolonnar. Namn, ost, nord. Lag eventuelt eit felt for klassifisering og anna som du vil ha med. Eksempel på excel fil: 29

Lagre fila med eit passande namn og i ein passande katalog. Bruk ArcCatalog. Finn fila du lagra og opne fana i excel fila og høgreklikk. Vel «Create Feture Class» - «From XY Table» Vel «ost» for «X Field og «nord» for «Y Field». Sett koordinatsystem til WGS 1984 UTM Zone 32N. Klikk «Ok» Hent inn fila med og opne ArcCatalog finn fila og dra den inn i kartet. 30

Punkta skal no visast i kartet. Ein kan symbolisere dei ved å bruke eit av felta i tabellen. 31

8. Sosi Shape Sosi er eit utvekslingsformat for kartdata. Det er utarbeid sosi-standard for dei fleste karttema. Kartverket brukar sosi når dei distribuerer data. Mange mottakarar av kartdata ynskjer og å få kartdata i dette formatet slik at dei kan konvertere det over til sitt eige format ved hjelp av ulike program. Vi lastar ofte ned kartdata som Sosi og konverterer det til vårt kartformat som er Shape. 8.1 Sosi to Shape For å konvertere Sosi til Shape må ein bruke programmet SOSI-Shape v3.0.0, er ikkje programmet installert så finn ein det på Q:\GISDATA\ArcGis_10_update\ Køyr fila SOSI-Shape_v3.0.0(2010-03-05)_no_password.msi for å installere. Start programmet. Klikk på ikonet og bla deg fram til fila du skal konvertere. Klikk «Undersøk» Programmet vil då finne ut kva typar geometri som er i fila. I eksemplet under er det linje og punkt fil som vil bli oppretta ved konvertering. Klikk på for ut fil og gi filnamn. I eksemplet vil det li laga ei fil med ending l og ei med ending p for det namnet du ga på utfila. Det er for å skilje om at det er linje og punkt fil. Klikk «Konverter» Det går raskt og konvertere. Konverteringa er ferdig når «Vis loggfil» er blitt aktiv. No har vi to filer som er konvertert frå sosi til shape. Det som manglar no er å legge til projeksjon til filene slik at kart programmet skjønne kva koordinatsystem fila er i. Dette må vi gjøre i ArcMap. Før ein går inn i ArcMap må ein notere ned kva koordinatsystem sosi fil hadde. Opne sosi fil i eit 32

tekstbehandlingsprogram som for eksempel Notisbok. I fila er et eit «Hode» der informasjonen om koordinatsystem står. Sjå etter KOORDSYS. I eksemplet under står det KOORDSYS 22 Det betyr at fila er i WGS 1984 UTM Zone 32. Hadde det stått KOORDSYS 23 hadde det vore i WGS 1984 UTM Zone 33. Start ArcMap og hent inn filene som er blitt konvertert. Du vil då få opp ein åtvaring om at fila manglar «Spatial Reference». Klikk «OK» på den åtvaringa. Opne ArcToolbox Datamangement Tool Projections and Transformations Define Projection. Vel fil du skal legge til koordinatsystem for. Klikk for å få opp Spetial Reference Properties. Opne «Projected Coordinate System» - «UTM» - «WGS 1984» - «Northen Hemisphere» og «WGS 1984 UTM Zone 32N» klikk OK No klikkar ein OK for å køyre verkty. Det verktyet gjør er å legge til ein pjr-fil som fortel ArcMAp kva koordinatsystem fila er i. Gjør det same for den andre fila også. No har du ferdige filer som kan brukast saman med dei andre kartfilen vi bruker. For å spare tid til seinare kan det vere lurt og legge koordinatsystem som favoritt inne i «Spatial Refrence Properties». Det gjer ein ved å gå den stien som er vist til over, når ein står på den så klikkar ein på oppe til høgre. Då vil ein finne igjen favoritt i første bilde for «Spatial Refrence Properties» slik som vist under. 33

8.2 Shape to Sosi Når vi skal levere frå oss kartdata krev ofte dei vi skal levere til at dei får data i Sosi format. Då må vi gå andre vegen med programmet og konvertere frå Shape til Sosi. Bruk programmet SOSI-Shape v3.0.0. Klikk på Inn for Shape. Vel fil som skal konverteras. Klikk på «Info hode». Fyll inn KOORDSYS og..eier, la resten stå som det er. 34

I eksemplet over skal vi konvertere den same fila som vi laga i sted. Koordsys er då 22 fordi det er i WGS 1984 UTM Zone 32N. Er det vi som har laga fila så skal det stå det i ruta for EIER. Klikk «OK». Klikk for Ut fil og gi det eit namn. Klikk «Konverter» Sidan ArcMap og Shape fomat berre kan handtere ein type geometri i same fila, så fekk vi ut to filer, eit for punkt og eit for linje. Når ein konverterer tilbake til Sosi, så kan ein legge inn begge filene og få det som ei Sosi fil. Gjør det seme som over, men legg til både linje og punkt fil i Inn feltet for «Valgte filer» Gi det namn og konverter. Då få ein ei fil med begge geometriane. 35