Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 18.06.02 064/02 TUBO Avgjerd av: Dette utvalet Saksh.: Turid Børve HST sak 064/02 Referatsaker Arkiv: Objekt: Arkivsaknr 2002000857 Framlegg til vedtak: Referatsakene vert tekne til vitande slik dei ligg føre. Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 2001011 706 2 2002005 385 3 2002008 361 I 10.07.01 avd. Voss Arbeidstilsynet 8.distrikt I 18.03.02 avd. Voss Arbeidstilsynet Pålegg frå Arbeidstilsynet Vedkomande interkontrollrevisjon 25 og 26.04.2001 8.distrikt X 15.05.02 Heradsstyret Orientering om arbeidet med prosjekt Tilbake til bygdene
125
126
127
NOTAT Til Dato: 15.05.02 Heradsstyret Frå Gunnar Dolve Vår ref: 2002000294-5/673//GDOL Orientering om arbeidet med prosjekt Tilbake til bygdene Viser til vedtak i Heradsstyret 13.02.02, der Komitè for utvikling vart beden om å arbeida vidare med prosjekt Tilbake til bygdene. Sak skulle leggjast fram for heradsstyret i 1. halvår 2002. Det vert her gjeve ei kort orientering om framdrifta i saka. Framlegg til prosjektplan med konkret handlingsplan og budsjett vil verta lagt fram som sak hausten 2002. Fylgjande er utført: * Har teke kontakt med jordbrukssjefar i dei andre Hardanger-kommunane. Det viser seg at det er stor interesse, både administrativt og politisk, til å arbeida aktivt for å få folk til å bu i hus som i dag står tomme, anten ved at dei vert selde eler leigde ut. I fyrste rekkje vert det fokusert på landbrukseigedomar med buplikt, men det ligg også eit potensiale i andre eigedomar der det ikkje bur folk. * Har teke kontakt med Fylkesmannen i Hordaland, landbruksavdelinga, som er inne i tiltaksfasen i prosjektet Rekruttering til landbruket i Hordaland. Det er gjeve lovnad om at me kan vera ein del av prosjektet, i fyrste omgong ved at det vert gjennomført ei kartleggjing av kor stor interessa for utleige/sal er hjå dei som eig dei aktuelle eigedomane. Vidare arbeid for å bearbeida eigarane, eller å konkret tilby hjelp med gjennomføring av ei eigedomsoverdraging ligg ikkje inne i prosjektet. Sannsynlegvis vil prosjektmedarbeidar Lars-Helge Ljone orientera Hardangerrådet om det som er sett i verk i Granvin og Ulvik (kopi av utsendt brev ligg ved dette notatet). * Førebels ser det ut for å vera grunnlag for å arbeida vidare med eit regionalt prosjekt som dekkar alle Hardanger-kommunane. Gunnar Dolve Landbrukssjef Vedlegg: 128
Brev som er sendt ut til eigarar i Granvin og Ulvik Ulvik / Granvin d.m.å. Til eigar av gardsbruk i Ulvik og Granvin Kartlegging av aktuelle bruk i Ulvik og Granvin. I 1998 vart det treårige prosjektet "Rekruttering av ungdom til landbruket" sett i gang i Hordaland i regi av Fylkesmannen si landbruksavdeling. Det er diverre eit faktum at landbruket har eit problem når det gjeld nyrekruttering. Målet med dette prosjektet var å granska årsaker til at ungdom sviktar landbruket, og koma med idear til alternative strategiar. Prosjektet er no kome over i ein tiltaksfase. Ulike tiltak skal no gjennomførast, og faglaga i landbruket saman med m.a. landbrukskontor, landbruksskular og Fylkesmannen si landbruksavdeling er ansvarlege for at tiltaka kjem i gang. Eitt av desse tiltaka er å registrera fråflytte gardsbruk som kan vera eigna for sal eller utleige. Prosjektarbeidet synte nemleg at der finst eit rekrutteringspotensiale til landbruket. Ansvarleg for dette registreringsarbeidet er Hordaland Bonde- og Småbrukarlag saman med dei lokale landbrukskontora og Fylkesmannen si landbruksavdeling. Både Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og herada ser på alle bruk som viktige ressursar for bygda. Det er vår målsetjing å oppretthalda eit levande landbruk og livskraftige lokalsamfunn i Hardanger. For å oppnå dette må ressursane nyttast og utviklast. I heradsplan for Ulvik 1999-2009 står det om landbruk: "Heradet ynskjer å halda oppe tal bruk, og ser på dette som viktig for busetnaden i bygda." Vidare står det : "Bu- og driveplikta bør handhevast strengt, med unntak for Bagnstrond som ikkje har tilknyting til veg" Dette brevet vert sendt til alle som har overteke gardsbruk i Ulvik eller Granvin etter at lov om bu- og driveplikt vart innført (1974), og som ikkje bur på bruket. Me vonar på eit konstruktivt samarbeid med omsyn til desse problemstillingane, og vonar de tek dykk tid til å svara på spørsmåla som ligg ved på eige ark. Viser elles til vedlagte skriv om "Møteplassen - ledige gardsbruk på nett". Her kan du lese meir og elles få tips til sal eventuell utleige av gardsbruk. Dersom du lurar på noko, kan du venda deg til Lars-Helge Ljone, 5730 Ulvik, tlf. 56 52 65 97 fax: 56 52 64 17 eller straumpost: l-hljone@online.no. Du kan òg venda deg til dei lokale landbrukskontora. Med helsing 129
Hordaland Bonde- og Småbrukarlag Ulvik herad Granvin herad 130
Spørsmåla me ynskjer svar på: o Kjem nokon til å busetja seg på bruket innan to år? o Dersom det er dårlege hus på bruket; vil dette problemet verta løyst medan du har utsetjing på bu- og driveplikta? o Kva planar har du når det gjeld framtidig jordbruksproduksjon på bruket? o Kva planar har du når det gjeld utnytting av skogen? o Dersom korkje du eller andre i familien din har konkrete planar om busetjing på bruket innan to år, kan det då vera aktuelt å selja (evt. leige) bruket til nokon som er interesserte i å driva det? På førehand takkar me for at du tok deg tid til å svare på spørsmåla. Det er fint om du sender oss svarbrevet innan dd.mm.åå. Med helsing Hordaland Bonde- og Småbrukarlag Ulvik herad Granvin herad Dette svararket sender du til: Hordaland Bonde og småbrukarlag, v/ Lars-Helge Ljone, 5730 Ulvik. 131