PROSJEKT TURISTTAVLER HORDALAND Prosjektansvarlig (PA): Hordaland fylkeskommune v/kjartan Pettersen Prosjektleiar (PL): Hordaland Reiseliv v/anne Grethe Bakke Start: 24.11.2006 Slutt: 30.06.2008 Bakgrunn I fylket er det stort behov for nye turisttavler. Det fins ei rekke tavler som ikkje har vore oppdatert på fleire år. Ein del av informasjonen er såleis feil, mangelfull eller forelda. Plassering er heller ikkje alltid optimal da trafikkstraumen har endra seg. Det er gjennomført ei stor kartlegging av behovet for skilt og tavler. I februar 2006 vart det sendt ut brev til reiselivslag, destinasjonsselskap og kommunar med spørsmål om å sende inn behov for skilt i sitt område. Det var stor respons og mange tilbakemeldingar. Gjennom eit arbeid utført i dei ulike destinasjonsområda har regionane Nordhordland, Sunnhordland og Hardanger meldt inn sine ynskjer/prioriteringar. Sjå vedlegg. Parallelt med dette arbeidet er det ei satsing i Hardanger som inkluderar informasjonsskilt som del av prosjektet Nasjonale turistvegar. Finansiering av dette prosjektet var i utgangspunktet tenkt med kompensasjonsmidlar. Arbeidet var derfor retta mot dei aktuelle regionane. I Forum Reiseliv Hordaland var det eit ynskje om å utvide prosjektet til heile Fylket. Det er avsett kr 750.000 frå kompensasjonsmidlar bransjesatsing reiseliv til turisttavlene. Det i tillegg vedteke å bruke RUP midlar slik at heile Hordaland kan inkluderast i prosjektet. Hovudmål Forbetre informasjonen langs dei viktigaste vegane og knutepunkt i Hordaland ved å setje opp nye tavler der dette er mogeleg. God informasjon påverkar stoppeffekten og aukar omsetnaden ved verksemdene. Aktivitetar i prosjektet Kravspesifikasjon/val av leverandør. Då verdien av innkjøp i dette prosjektet vil vere over kr 500.000, og fylkeskommunen finansierer prosjektet, må ein lyse ut innkjøp i Norsk lysingsblad sin database, i tråd med Hfk sine reglar. Vi må lage ein spesifikasjon over leveransen og over dei kriteria som gjeld i vurdering av dei ulike tilboda. Standard dokument kan nyttas. Definere innhald på tavlene. Tavlene skal vere regiontavler med hovudvekt på godt kart samt opplevingar. Der et er hensiktsmessig og praktisk mogeleg, er det ynskjeleg å nytte materialar som Hordaland er kjent for. Profil. Fjord Noreg sin profil inkl. logo skal nyttas. Kartgrunnlag: Øyvind Høines (Hfk) har meldt tilbake at dei har tilgang til alle nasjonale kartseriar i ei rammeavtale karta kan derfor brukas vederlagsfritt i eige informasjonsarbeid. Krav: Fylkesvåpenet må inn på kartet saman med namn på kartkjelda. Hordaland kartet på tavlene si bakside må vurderas der dette er mogleg og 1
hensiktsmessig. Rådgjevar for Statens Vegvesen, Arne Sivertsen, har vore inne i prosessen. Han har kome med nyttige innspel sjå vedlegg. Avtale om rettar til det materialet som vert utvikla samt legge til rette for vidareutvikling. Andre kommunar etc må ha høve til å sette opp tavler med same profil for eigen rekning Prioritere plassering av 25 30 tavler. Dette må skje i samarbeid mellom regionane. I Hardanger, Nord- og Sunnhordland er slik prioritering gjort. Dialog og konkrete avtaler med Statens Vegvesen, grunneigarar og kommunar. Søknad om oppsett av forvarsel i- skilt langs vegen Oppsett av skilt. Graving, støyping og oppsett av skilt er ein stor kostnad dersom prosjektet må leige eksterne til å gjere arbeidet. Ei løysing er å søke eit samarbeid med den kommunen, evt. det regionrådet der skilt skal oppom prosjektet kan nytte kommunen sine ressursar på teknisk avd. til det fysiske arbeidet med å få skilt på plass. Alternativ kan vere Mesta. Avklare spørsmål om vedlikehald med regionråda. Utforme og inngå avtalar om slik vedlikehald. Det vil vere behov for både vedlikehald av tavlene men og rydding rundt skilta. Tilbod ut til kommunane/regionane om å sette opp fleire tavler dersom dei tar kostnadene. Informasjon om at det fins ein mal for skilt som er tilgjengelige for andre som har behov for slik informasjon. Hordaland Reiseliv må ha alle rettar til informasjonen som vert produsert. Tids- og ressursplan PL utarbeider ein tids- og ressursplan når aktivitetane er klart definert i prosjektgruppa. Organsiering Styringsgruppa har ansvar for at prosjektet vert gjennomført i tråd med prosjektplan. Tids- og ressursplanen vert lagt fram for PA for godkjenning. PL rapporterer til PA ved kvar milepæl i denne perioden. Ei prosjektgruppe deltar på vegne av regionane - i det konkrete arbeidet med kvalitetssikring av informasjon på tavler samt plassering av tavler og er kontaktpersonar til kommunar /grunneigarar. Styringsgruppe Kjartan Pettersen, Anne Marie Reistad, Helge Møller, Gro Røhne Andersen, representant frå Bergen Reiselivslag og Anne Grethe Bakke 2
Prosjektgruppe Reisemål Hardangerfjord Nordhordland Reiselivslag Samarbeidsrådet for Sunnhordland Bergen Reiselivslag Osterfjord Reiselivslag Voss kommune Askøy kommune Sotra/Øygarden Bjørnefjorden Bergen kommune/teknisk Nasjonale Turistvegar Helge Møller Anne Marie Reistad Gro Røhne Andersen Inger N. Balean John Rørnes Budsjett og finansiering Kostnader Utforming kreativt arbeid kr 50.000 Bilete, kartmateriale m.v. kr 50.000 Tavler og tavlemateriell ferdig montert *) kr 1.200.000 rekvisita, adm.utg. m.v. kr 20.000 Prosjektleiing kr 100.000 Reiser/møter kr 40.000 Uforutsett kr 40.000 Sum kostnader **) kr 1.500.000 *) 30 tavler à kr 40.000 inkl. oppsett. NB. Krav om at pris er inkl. mva frå leverandør då prosjektet ikkje får refusjon for mva. **) Evt. overskot går til kommunane som ynskjer eigne tavler som eit tilskot. Finansiering Tilskot kompensasjonsmidlar kr 750.000 Tilskot RUP kr 750.000 Sum kr 1.500.000 3
Vedlegg 1: Innspel om plassering av tavler frå 3 regionar: Hardanger: 4 tavler E-134 Aksdal og Seljestad Rv 13 Ryfylke. Flere steder men samordnes med turistvegprosjektet Rv 7 Hagafoss (Hol kommune) E 16 Litt før Voss, for eksempel Vinje og rasteplassen på Kvaal Nordhordland: 5 tavler 1. Knarvik v/ Turistinformasjonen - E 39 2. Fergestrekningen Oppedal - Lavik.(over Sognefjorden) - E 39 (Sognsiden) Turisttavle på fergeleiet Lavik, Sognefjord siden. 3. Fergestrekningen Sløvåg - Leirvåg (over Fensfjorden) - RV 57 (Sløvågsiden) Turisttavle på fergeleiet Sløvåg. 4. Trengereid. 5. Shellstasjonen v/krysset til Breistein evt. På vektstasjonen ved Hylkje Sunnhordland: 7 totalt Haukeligrend - felles Odda Aksdal Krokeide Ferjekai Halhjem Ferjekai Mundheim/Gjermundshamn Bjørkheim Vedlegg 2 Arne Sivertsen - Generelt: Dette er et godt utgangspunkt - ryddig og greit og med vekt på kartet. Det er viktig fordi vi vet at det er det viktigste informasjonselementet i på en slik tavle. Konkrete kommentarer og innspill: - Lag en link mellom bilder og kart ved å bruke en referanse på kartet som folk kan finne igjen under bildene. På den måten stedfestes bildene slik at folk kan bruke kartet aktivt der og da. - Savner et referansekart som forteller om hvor meland kommune ligger i forhold til andre steder som er litt mer kjent (f.eks Bergen...) Mao ta inn et lite kartutsnitt i et hjørne som viser hvor i regionene/eller landet man er. - Regner med at tegnforklaringen skal inneholde andre og mer spennede tema for turisten enn folketall pr m og delområde osv. - Vurder om dere trenger tysk tekst. De fleste kan engelsk etter hvert og eldre tyskere som ikke kan engelsk leser mindre på slike tavler enn de andre målgruppene. På den måten blir det 4
plass til å fortelle om flere spennende ting, eventuelt ta med flere bilder, lage litt plass rundt elementene. - Bildene kunne godt fått litt større plass, de er viktige blikkfang. - Det må jobbes en del for å gjøre kartet spennende og intuitivt forståelig - Ville anbefale større fokus på naturlige regioner /turistområder i stedet for kommunefokuset, det er litt gammeldags. Det færreste turister bryr seg om den enkelte kommune. De ønsker vel egentlig ekte opplevelser basert på natur/kultur og et reiselivsprodukt som henger sammen -- uavhengig av kommunegrensene? 5