Presentasjon 12. November 2007
Pkt 1 Det skal gjennomførast ein moglegheitsstudie for heile området (sjå vedlagd kart). Studiet skal visa kva potensiale som ligg i området i høve til framtidig bustadbygging, slik at det kan utviklast til å verta eit fyrtårn i Kvam. Pkt 2 I oppdraget skal området visast som ein heilskap i frå straumbrua til småbåthamna. Samstundes er det viktig å få fram dei moglegheitene som ligg på dei ulike eigedomane på strekkja. I oppdraget er det difor viktig å få bryta ned moglegheitene, til å gjelda innafor mindre område. Det kan gjelda innafor ein eller fleire eigedomar, avhengig av kva som er praktisk funksjonelt mogleg åfåtil. Oppgåva Pkt 3 Hovudtema i oppdraget er a) Visualisering b) Høgder på bygg c) Utnyttingsgrad d) Strandsone ferdsle e) Park, leikeområde, møteplassar f) Parkering g) Riksveg h) Utfylling i sjø
Kommuneplanen
Det som skil Hardangerfjorden frå dei andre fjordane i Noreg er den endelause frukthagen, var det ein som sa til meg. Eldre besøkande fortel om frukthagane på Norheim og Tolo som kjære barndomsminne. Dei gamle frukt hagane har gjennom dei siste 50 åra forsvunne. Den siste veldrivne frukthagen på Norheim/Tolo er avhenging av kor lenge pappen vil driva på. Norheimsund er den første staden me møter Hardangerfjorden om ein kjem frå Bergen. Når ein går på kaien i Grova ser ein Norheim og Tolo. Tettstaden Norheimsund burde vera omkransa av folk (bustader), frukthagar, fjord og fjell. Idē
Norheimsund Folka, frukthagen, fjorden og fjella lage ei ramme rundt tettstaden Norheimsund. Konsept
Utsikt til tettstaden frå Rv 7 ved Gardsenden Utsikt til tettstaden frå Rv 7 på Tolo Fjordfronten på Norheim og Tolo skal styrkja sentrum -Me vil sjåsundet og sentrum frå riksvegen på Tolo og Norheim. - Opningar i bygningsmassen sett frå Rv 7 mot sentrum bør bevarast opne. Grep 1
Grøne område på Norheim og Tolo vert trekt ned til stranda - Bakkar og frukthagar i tilknyting til restar av gamle tun på Norheim og Tolo vert dregne ned mot stranda. - Det skal etablerast opphaldsareal for fritid i tilknyting til desse. - Båthamna får rom for utviding i sundet. Grep 2
Fortetting skal skje i allereie utbygde område. - Opne for å omdisponere næringsareal til bustadareal. - Legge strukturar i front av allereie tette store strukturar. - Nye opne strukturar som gjev smett og sikt mot sundet. Grep 3
Kommunikasjon - Området frå Straumen til og med båthamna på Tolo kan leggjast til rette for gåande med strandveg/fortau og gode plassar ved sjøen. - Strandvegen kan verta ei utviding av strandvegen planlagd frå Fartøyvernsenteret til Straumen - - Folk kan gå vekselvis framom og bakom bygg langs stranda. Strandvegen knyt seg til plassar/hagar der dei grøne aksane når sjøen. - Det er vist punkt for nye trafikksikre avkjøringar frå Rv 7 til strandområda som tilretteleg for fortetting og utbygging. - Det kan verta rom for parkering under dei grøne hagane. Grep 4
Pir Rampe i frukthagen Nedtrapping mot sjøen Sitteplass i frukthagen Strandveg under nye bygg. Frukthagane møte med fjorden
Utforming
Utforming
Prinsipp snitt
Prinsipp snitt
Prinsipp planløysingar
Skisse av fjordfront
sett frå Sandvenlia
Tolo fjordfront
Norheim fjordfront