Vik kommune Sakspapir «Sgr_Beskrivelse» «Spg_Beskrivelse» Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse 08.12.2014 073/14 Kommunestyret 18.12.2014 Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Marit Andersen K1-143 14/696 Kommunedelplan helse og omsorg handsaming etter høyring Rådmannen si tilråding Styringsgruppe kommunedelplan helse - 003/14 delhel - vedtak: Saka blir lagt fram for kommunestyret med fylgjande framlegg til vedtak: I medhald av plan og bygningslova 11.2 vert kommunedelplan for helse og omsorg 2015 2026 med handlingsdel for 2015 2018 godkjent med dei endringar som er tilrådd i saksutgreiinga frå Rådmannen, med tillegg av punkta nedanfor; Reglane om evaluering og revidering i Plan og Bygningslova skal følgjast. Dette bør synleggjerast betre i plandokumentet. Pkt 4.2. Handlingsdelen, Psykisk helse og rus, nytt punkt: «Vurdere behovet for kommunepsykolog i Vik, eventuelt i samarbeid med andre kommunar eller instansar».
Kommunestyret - 073/14 Under handsaminga vart det gjort fylgjande endringar i høve til framlegget frå styringsgruppa: I plandokumentet: Side 13 øverste strekpunkt skal endrast og lyda slik: "Tilrettelagde bustader og institusjon skal liggja sentralt i bygdelaga og hovudsoknet slik at bebuarane kan få eit forsvarleg tilbod der." I vedtaksformuleringa: Siste kulepunkt skal endrast og lyda slik: "Pkt. 4.2. i Handlingsdelen under psykisk helse og rus, skal det føyast til eit nytt punkt: "Rådmannen skal greia ut trongen for tilsetjiing av psykolog i den kommunale tenesta. Utgreiinga skal ha slik framdrift at saka kan avgjerast politisk innan søknadsfristen for statleg tilskot til ordninga."" KS - vedtak: Side 13 i plandokumentet øverste strekpunkt skal endrast og lyda slik: "Tilrettelagde bustader og institusjon skal liggja sentralt i bygdelaga og hovudsoknet slik at bebuarane kan få eit forsvarleg tilbod der." I medhald av plan og bygningslova 11.2 vert kommunedelplan for helse og omsorg 2015 2026 med handlingsdel for 2015 2018 godkjent med dei endringar som er tilrådd i saksutgreiinga frå Rådmannen, med tillegg av punkta nedanfor: Reglane om evaluering og revidering i Plan og Bygningslova skal følgjast. Dette bør synleggjerast betre i plandokumentet. Pkt. 4.2. i Handlingsdelen under psykisk helse og rus, skal det føyast til eit nytt punkt: "Rådmannen skal greia ut trongen for tilsetjiing av psykolog i den kommunale tenesta. Utgreiinga skal ha slik framdrift at saka kan avgjerast politisk innan søknadsfristen for statleg tilskot til ordninga." Samrøystes.
Vedlegg Felles høyringsuttale frå rådet for funksjonshemma og eldrerådet til kommunedelplanen for helse og omsorg Uttale til kommuneplan helse og omsorg Uttale til kommunedelplan helse og omsorg Høyringsdokument kommunedelplan helse og omsorg (L)(164317) 14 10 2014 Kort samandrag Framlegg til kommunedelplan for helse og omsorg 2015 2016 i Vik kommune vert lagt fram til handsaming etter offentleg høyring. Rådmannen tilrår at nokre av merknadene som er kome inn under høyringa vert teke til fylgje. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Plan og Bygningslova Sektorlover Saksopplysningar Kommunedelplan for Helse og Omsorg 2015 2026 i Vik kommune ligg føre til endeleg handsaming. Planen er utarbeidd som følgje av retningslinene i vedteken kommuneplan 2013 2024. Prosessen med utarbeiding av planen har følgd reglane i plan og bygningslova. Planen skal vera overordna evetuelle temaplanar / fagplanar i sektoren. Vik kommunestyre har vore prosjekteigar og planen skal leggast fram for kommunestyret til endeleg handsaming. Politisk Styringsgruppe valt av formannskapet har vore orientert undervegs og gjort vedtak om prosess. Rådmannen har vore prosjektansvarleg. Omsorgssjefen har leia administrativ prosjektgruppe som starta arbeidet juni 2014. Ressurssenteret for omsorgstenester (RO) var engasjert som prosesshjelp. Prosjektgruppa utarbeidde framlegg til plan. Styringsgruppa handsama denne og la ut planen til offentleg høyring i 6 veker med frist for innspel 1.12.14. Høyringa var kunngjort i Sogn Avis, Vik kommune si heimeside og utsendt til vedtekne høyrings instansar. Innan fristen er det kome inn tre innspel til planen. Felles for alle innspela er at planen er god og gir tydeleg retning for helse og omsorgstenester i Vik kommune i framtida. Visjonen er positiv og god retning for vidare arbeid. Vurdering av dei ulike innspela: Uttale frå Vik Eldreråd og Råd for funksjonshemma: Råda peikar på at det er viktig med frivillig arbeid i kommunen, men dette må vera som eit supplement til kommunal teneste. Koordinering av frivillig arbeid er avgjerdane og råda tilrår
konkretisering ved oppretting av ein frivillighetssentral. Råda bed også om at tiltak i handlingsdelen: Styrke/ vidareutvikle helsestasjon/skulehelseteneste vert prioritert i 2015 Vurdering: Tiltak i handlingsdelen som omhandlar «dagtilbod og andre møteplassar» foreslår oppretting av ein koordinatorfunksjon. Ein vurderer med dette at råda sin merknad om koordinering av frivillig arbeid er ivareteken i planen. Rådmannen foreslår at styrkje av helsestasjon/skulehelseteneste vert prioritert i 2015. Uttale frå Vik Røde kors besøksteneste. Det er gledig at frivillig arbeid har fått så stor plass i planen. Røde Kors vil bidra til at dette skjer og støttar opp om etablering av ei koordinerande funksjon / koordinator for frivillige tenester. Røde Kors besøksteneste etterlyser punkt i planen om evaluering og rullering både av plan og tenester. Vurdering: Rådmannen vurderer innspelet frå Røde kors besøksteneste som positivt og at dei støttar opp om tiltaka i planen. Rullering av planen skal skje i tråd med føresetnader i plan og bygningslova. Handlingsplanen er eit styringsverktøy som skal rullerast etter 4 år. Vurdering av måloppnåing skal gjerast årleg. Rådmannen tilrår at dette vert presisert under pkt 4.2 i planen. Uttale frå NFU Vik og Balestrand lokallag Laget presiserer kva som er viktig for dei brukarar dei representerer. Dei peikar på verdien av medverknad, openheit, kompetanse, teneste i bustad tilpassa enkeltindividet sitt behov, aktivitetstilbod og tilrettelagt arbeid. Dei peikar også på at det er viktig å styrkje skulehelsetenesta. Vurdering: Rådmannen vurderer at dei tema som er omtala i uttalen er teken omsyn til i planen. Økonomiske konsekvensar Vurdering