HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 12.05.2015 028/15 Gjøsund Hege Avgjerd av: Fast utval for plansaker Arkiv: L12, 2014004 Arkivsaknr 14/107 Nordøyvegen - Massetak på Bjørnøya - offentleg ettersyn Framlegg frå Rådmannen: Fast utval for plansaker godkjenner at Detaljplan for massetak på Bjørnøya med tilhøyrande dokument vert sendt på offentleg ettersyn i samsvar med plan og bygningslova 12-10. Før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn skal: - Støysoner etter støykartlegging påførast detaljplanen - Massetaket og drifta sine verknadar på fuglefredingsområdet Gamlesundet og eventuelle avbøtande tiltak må kome tydelegare fram i planomtalen. - Det skal leggast ved eit eksemplar av detaljplan i målestokk 1:1000 i A3 utskriftsformat Behandling i Fast utval for plansaker den 12.05.2015: Ordførar Bjørn Sandnes,H som er styreleiar i Nordøyvegen AS ba om å få vurdert sin habilitet. Formannskapet fann samrøystes at han var habil. Ved røysting vart rådmannen sitt framlegg samrøystes vedteke. UPL-028/15 Vedtak: Fast utval for plansaker godkjenner at Detaljplan for massetak på Bjørnøya med tilhøyrande dokument vert sendt på offentleg ettersyn i samsvar med plan og bygningslova 12-10. Før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn skal: - Støysoner etter støykartlegging påførast detaljplanen - Massetaket og drifta sine verknadar på fuglefredingsområdet Gamlesundet og eventuelle avbøtande tiltak må kome tydelegare fram i planomtalen. - Det skal leggast ved eit eksemplar av detaljplan i målestokk 1:1000 i A3 utskriftsformat
Vedlegg: Oversending av reguleringsplan Planhefte massetak Bjørnøya Saksutgreiing: Fast utval for plansaker hadde ikkje merknader til at det vart starta opp reguleringsplanarbeid for massetak på dei omsøkte områda på Lepsøya og Bjørnøya. den 04.02.2014 i UPL- sak 007/14. Formålet med detaljplanen er at Statens Vegvesen treng eit området som kan dekkje behov for plastringsstein til arbeidet med Nordøyvegen. Ulike område har vore vurdert, og området på Bjørnøya er det som vert arbeidd vidare med i reguleringsprosessen. Område på Lepsøya (Glettehaugen) har ein gått bort ifrå, då terrenginngrepa ville vorte for omfattande. Planområdet ligg i Flesborvikane på Bjørnøya. Det omfattar arealet mellom sjøen og kommunevegen til Bjørnøya. Området er på ca. 50 dekar og delar av området har også tidlegare vore nytta til massetak, utan reguleringsplan. Plansituasjon: Det aktuelle området på Bjørnøya er ikkje regulert. I kommuneplanen er området vist som LNF-område (landbruks-, natur- og friluftsområde). Området som skal regulerast grensar mot areal bandlagt etter naturvernlova, der friluftsliv er dominerande, men går ikkje inn på dette bandlagte området. Vedvarsel om oppstart kom det inn nokre merknadar: Mynde Merknad Kommentar Fylkesmannen i Møre og Romsdal Natur og miljøvern: Støytilhøva må avklarast. Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging T-1442 skal leggast til grunn for all arealplanlegging. Der er vedlagt ei støyprognose til planheftet. Denne gjev ikkje eit tilstrekkeleg bilete av støy frå massetaket og anleggstrafikk. Der bør lagast ei støykartlegging og støysonene skal påførast plankartet, jf. T- 1442. Det bør settast krav til når massetaket skal vere endeleg avslutta og korleis området då skal framstå. Det bør settast krav til driftstid (kvardagar og tidsrom) Der er i planomtalen oppgjeve 6 års drift frå anleggsstart. Det er også i føresegner og planomtale gjort greie for at området skal fyllast att med pukk og matjord, for å kunne restaurerast som fullverdig landbruksareal. Det er vist til om massetaket skal vere knuseverk samt siktestasjon som produserer Planomtalen opplyser at der ikkje skal knusast masser på
Mynde Merknad Kommentar pukk, sand og singel, vil dette vere omfatta av forureiningslova kap. 30. støvdempande tiltak, utslepp til vatn. området, så der vert avgrensa mengde støv og avrenningpartiklar frå området. Flesborvikane: Store delar av området er kystlynghei med stor regional verdi. Området for tiltak består hovudsakleg av dyrkamark og eksisterande massetak. Marginalt med kystlynghei vert råka. Ikkje merknader ut frå biologisk mangfald. Glettehaugen ikkje teke med, sidan det utgår. Ok Møre og Romsdal Fylkeskommune Landbruk: Flesborvikane: der er ein stor teig fulldyrka jord. Teigen er ein del av driftsgrunnlaget for eit bruk med kjøttproduksjon på Bjørnøya. Ber om at der finnast steinsreserver som ikkje kjem i konflikt med dyrkajord. Planfagleg vurdering: I Flesborvikane er massetaket heilt nede med sjøen, innanfor strandsone 100 metersbelte. Forhold for ferdsel og opphald i strandsona under drift og særskilt etter avslutning av massetaket bør vurderast i planen. Det er mogeleg av drifta vil merke redusert andel landbruksjord, ved at den omtalet teigen skal nyttast til massetak i ein avgrensa periode. Haram kommune ser det som positivt, at det etter enda anleggsperiode og tilstelling vert meir landbruksareal enn der er pr. i dag. Det er viktig at den fulldyrka jorda vert teken vare på og mellomlagra på eit høveleg vis, slik den kan tilbakeførast på arealet. I driftsperioden vil der vere lite hensiktsmessig å legge til rette for ferdsel, då folk kan kome til skade. Etter endt driftsperiode, og etter tilstelling av området, vil ferdsel og friluftsliv i strandsona vere betre enn den er i dag. Tiltaket vil soleis vere positivt for strandsona og ferdsel der på sikt. Automatisk freda kulturminner: I Flesborvikane ligg der automatisk freda kulturminne/gravminne. Også vest for vegen ligg der freda gravminne. Det er kjende automatisk freda kulturminne i Tiltakshaver vil søkje dispensasjon frå kulturminnelova og få minna utgravd. Dette er opp til kulturavdelinga på fylket.
Mynde Merknad Kommentar Aasta Farstad Larsen Eigar gbnr 18/9 umiddelbar nærleik til massetaket, og det må gjennomførast arkeologisk registrering for utvidinga av massetaket. Glettehaugen utgår. merknad gjeld massetak på Glettehaugen på Lepsøy Merknad utgår, då Glettehaugen ikkje lenger er relevant som tiltaksområde for massetak Vurdering: Forslagstiller har vurdert om tiltaket skal KU utgreiast. Tiltaket omfattar eit areal på 50 dekar, og medfører eit planlagt uttak på om lag 100 000 mᵌ plastringsstein. I planomtalen som med følgjer saka er tiltaket vurdert etter gamal KU-forskrift. 1.1.2015 trådde ny forskrift for konsekvensutgreiingar i kraft. I ny forskrift er tiltaket ikkje innanfor Vedlegg 1 tiltak, - som alltid skal KU-utgreiast (alltid KU for tiltak som omfattar ei flate på minst 200 dekar eller uttak av meir enn 2 millionar mᵌ masse). Tiltaket kjem soleis inn under reglane for Vedlegg 2 tiltak, - planar etter 3 som skal vurderast etter vedlegg iii (= vurdering av vesentlege verknadar for miljø og samfunn), punkt 2. utvinningsindustri, mineraluttak. Forslagstiller konkluderer i planomtalen at massetaket ikkje vil ha verknadar for miljø og samfunn, men vurderingane av bokstav a-k i forskrifta er ikkje synleggjort i planomtalen. Haram kommune si vurdering av tiltaket i forhold til forskriftas vedlegg III: Vedlegg III. Vurdering av vesentlege verknadar for miljø og samfunn Planer etter 3, jf. vedlegg II, som kan få vesentlege verknadar skal handsamast i tråd med føresegnene i forskrifta. Det skal vurderast om planar kan få vesentlege verknadar etter tredje ledd dersom det er sannsynlig at planen vil kunne komme i konflikt med eller medføre; a) område som er verna, midlertidig verna eller foreslått verna etter naturmangfaldslova kap. V eller etter markalova 11. Det omsøkte tiltaket er ikkje innanfor område som er verna, men grensar til verneområdet Løvsøyrevet. Dette er eit området verna av naturvernlova, der det inngår fuglefredingsområde og dyrelivsfredingsområde. Hensikta er å ta vare på våtmarksområde med livmiljø, fugleliv og anna dyreliv. Der gjeld ei eiga forskrift for vern av Løvsøyrevet fuglefredingsområde med tilgrensande dyrelivsfreding: https://lovdata.no/dokument/mv/forskrift/1988-05-27-396 Det foreslegne massetaket grensar mot dyrelivsfredingsområdet Løvsøyrevet, samt tilkomsten til området, grensar til fuglefredingsområdet i Gamlesundet. I Forskrift om vern for Løvsøyrevet fuglefredningsområde er der forbod mot unødig forstyrring mm. Dette gjeld området i Gamlesundet. Anleggstrafikk og støy frå sprenging bør avklarast i forhold til kva verknadar dette kan ha for bruk av dette området. Særleg rundt hekkesesong og myting. Føresegnene for dyrelivsfredingsområdet
(grensar til område for massetak) er mindre strenge. I forskrifta for Løvsøyrevet står der også jf. Punkt V, 5. at føresegnene ikkje er til hinder for bygging av fastlandssamband over Løvsøyrevet. Der i forskrifta opna for fastlandssamband, men konsekvensar for fuglefredingsområdet, og eventuelle avbøtande tiltak må komme tydlegare fram i planomtalen. b) kulturminner eller kulturmiljø som er freda, midlertidig freda eller foreslått freda etter kulturminnelova eller verna etter plan- og bygningslova, eller der det finnast eller er stort sannsyn for å finne automatisk freda kulturminne som inngår i et kulturmiljø med stor tidsdjupne. Der er registrert 3 kulturminner innanfor planområdet. Dette er gjort greie for i planomtalen. Massetaket vil vere i direkte konflikt med desse minna, og forslagstiller vil søkje dispensasjon frå kulturminnelova. Fylkeskommunen si kulturavdeling må då avgjere om det skal utførast arkeologisk utgraving, slik kulturminna sin kunnskapsverdi vert sikra. c) laksebestandar i område som er omfatta av ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar. Det er ikkje kjent at tiltaket vil kome i konflikt med laksevassdrag. d) ein førekomst av ein utvald eller trua naturtype, verdifull naturtype av verdi A eller B, trua eller prioritert art, eller mot økologisk funksjonsområde for en prioritert art. Tiltaket vil grense mot naturtypen Kystlynghei, som er registrert som B (viktig) på grunn av at det er lyngheiområde i tidleg attgroing. Bevaringsverdien er stor på fylkesplan, middels på landsplan. Registrert kystlynghei er på motsett side av kommunal veg i forhold til det planlagde massetaket. Dersom all aktivitet skjer på det regulerte området, er tiltaket vurdert til å lite verknad på utbreiing av kystlyngheia. e) naturområde som er særlig viktige for utøving av friluftsliv. Området på Bjørnøya er viktig i friluftslivsamanheng, då særleg området som inneheld krigshistoriske minner, bunkarar og kanonstillingar. Området for massetak er ikkje vurdert som særleg viktig i friluftslivsamanheng, då det i dag ikkje innbyr til aktivitet og opphald. Det omsøkte tiltaket, med plan om attfylling
og restaurering av vegetasjon, kan medføre betre forhold for friluftsliv i etterkant av tiltaket. f) særlig verdifulle landskap, store samanhengande naturområde med urørt preg eller verna vassdrag. Det omsøkte området inngår ikkje i denne naturkategorien. g) utøving av samiske utmarksnæringar, eller er lokalisert i reindrifta sine særverdiområde eller minimumsbeiter og vil kunne komme i konflikt med reindriftsinteresser. Ikkje relevant for tiltaket. h) større omdisponering av landbruks-, natur- og friluftslivsområder eller områder som er regulert til landbruk og som er av stor betydning for landbruksverksemd. Innafor planområdet er der i gårdskart.no registrert om lag 14 daa fulldyrka jord. Dette er den andel fulldyrka jord som vil bli omdisponert til massetak. Planomtalen syner at der er ein plan for tilstelling av massetaket etter enda uttak. Då skal området fyllast igjen og verte toppa med matjord, slik området vert tilbakeført som landbruksjord. Det er soleis viktig at der er ein plan for mellomlagring av den fulldyrka jord på området, slik at dette kan tilbakeførast etter uttak av masse. Det synast som om dette er sikra i føresegnene for detaljplanen, jf. 4 områdeføresegner. Tiltaket, vil ved sluttføring, vere positiv for landbruk. i) vesentlig auka belastning av luftforureining, støy eller lukt, eller vesentlig forureining til vann, grunn eller sedimenter eller vesentlig stråling. Der vil vere støy frå området for massetak, både ved anleggstrafikk, sprenging og handsaming av steinmassane. Dette med støy er også gjort greie for i planomtalen, og at støyen vil variere gjennom anleggsperioden på 6 år. Det er ikkje laga støysonekart, der gul og raud sone er synleggjort på kart. Det bør lagast støysoner, som også syner på reguleringskartet, slik det lettare visuelt kan avgjerast kvar støy vert eit problem for folk eller fuglefredingsområdet. Her bør det også gjerast vurdering av støy frå anleggstrafikk. Der er i planomtalen omtala forureining som støv,, og avrenning frå området til sjø. Det er forslag om avbøtande tiltak som skal avgrense avrenning til sjø, men at der likevel vil vere ei viss avrenning av finmateriale og næringssalt.
j) vesentleg auking av utslipp av klimagassar. Det vil vere ein kortsiktig auke i utslepp av klimagassar, med auka trafikk, men ikkje av vesentleg karakter. k) risiko for alvorlige ulykker, ras, skred eller flom, Det er ikkje kjend at området som skal regulerast er særleg utsett for ras, skred eller flom. Det inngå ikkje i skrednett sine naturfarekart, som dekker snøskred, steinsprang, jord/flom skred mm. Sjølve masseuttaket i anleggsperioden må sikrast med gjerde etc., dette er omtala planomtalen og føresegner. Sjølve sprengingsaktiviteten, kan ved uhell, vere eit faremoment, dette må sikrast gjennom driftsplan og anna lovverk. l) konsekvensar for befolkninga si helse eller helsens fordeling i befolkningen. Ikkje relevant for tiltaket. m) vesentleg påverknad av miljø messig sårbarhet, naturen si tålegrense eller områder der fastsette grenseverdiar er overskride. Det er ikkje kjent at slike naturforhold finnast i området. n) omfattande bruk av eller bandlegging av naturressursar eller medføre store mengder avfall. Ikkje relevant for tiltaket. o) vesentlige miljøverknadar i en annen stat Ikkje relevant for tiltaket p) vesentlege konsekvensar for befolkninga sitt tilgjenge til uteområder, bygningar og tenester, eller Ikkje relevant for tiltaket.
q) statlige planretningslinjer, statlige planbestemmelser eller regionale planbestemmelser gitt i medhold av lov 27. juni 2008 nr. 71 eller gjeldande rikspolitiske bestemmelser eller rikspolitiske retningslinjer gitt i medhald plan- og bygningsloven av 14. juni 1985. Det er ikkje kjent at tiltaket kjem i konflikt med statlege planretningslinjer eller rikspolitiske retningslinjer, anna enn at det kan vurderast til å kome i konflikt med forskrift for Løvsøyrevet fuglefredningsområde og føresegnene der. Ved vurdering av om en plan kan få vesentlige verknadar skal det visast til tiltaket sin størrelse, plassering eller eigenskapar, samvirke med andre gjennomførte, vedtekne og planlagde tiltak, og verknadane sitt omfang, kompleksitet, varigheit, frekvens og reversibilitet. Det omsøkte tiltaket er vurdert til å vere av moderat/mindre størrelse (sett i forhold til andre massetak), plasseringa er relativt skjerma frå busetting, og nærme der uttatt stein skal nyttast (kortar ned fraktdistansen). Det er godt plassert i forhold til Nordøyvegen og det tiltaket massetaket skal forsyne og fungere saman med. Verknadane er relativt avgrensa og oversiktlege, og vil vere av ei avgrensa varighet (6 år totalt, med varierande støy gjennom anleggsperioden). Graden av reversibilitet er stor, då der er krav om å ta vare på fulldyrka jorda, og stelle til området i etterkant, slik det i heilskap går tilbake til landbruksdrift. Tiltaket i heilskap er vurdert til å ikkje utløyse konsekvsenutgreiing, men der er likevel eit forhold av verknadar som er lite synleggjort. Verknadar av støy og anleggstrafikk på fuglefredingsområdet som ligg langs nordre del av molovegen ut til Bjørnøy må avklarast. Massetaket og drifta sine verknadar på fuglefredingsområdet og eventuelle avbøtande tiltak må kome tydelegare fram i planomtalen. Støy I plandokumenta er der vedlagt ei støyprognose. Den er vanskeleg å tolke og ikkje lett å sjå kvar støy eventuelt kan bli eit problem. Der er lite støysensitiv busetting i nærleiken, men der bør likevel gjennomførast ei støykartlegging, der støy frå massetaket kartfestas, med raud og gul sone (jamfør Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging T-1442/2012). Der er fleire kjelder til støy ved drifta av eit massetak, boring, graving, knusing, sprenging, anleggstrafikk. Alle desse vil ha ulike nivå av LwdBA, og lyden vil spreie seg ulikt avhengig av landskap og terreng. Over sjø/vatn vil ein kunne anta at lyd bevegar seg meir uhindra. Der er busetting på motsett side av fjorden, sett frå massetaket (ca 1000 meter). Det kjem ikkje godt nok fram korleis lyd vil spreie seg over sjøen og om/i kva grad denne busettinga vil verte utsett for støy frå massetaket. Støy kan også tenkast å ha noko å seie for fuglefredingsområdet i nærleiken, då både drifta og anleggstrafikk. Rådmann
Gjøsund Hege