BILAG 1 KRAVSPESIFIKASJON SLAMBEHANDLING Innhald 1 inndeling i kontraktar...1 2 Kontraktsavfall (Slam og silgods) og slambehandling...1 3 Vilkår for mottak...2 4 Rapportering...4 5 Informasjon om bilag 3...5 5.1 BILAG 3A GRUNNLAGSDATA OG AVFALLSMENGDER...5 5.2 BILAG 3B INKLUDERT I EININGSPRISENE...5 5.3 BILAG 3B UTFYLLING AV PRISSKJEMA...5 1 INNDELING I KONTRAKTAR Denne konkurransen omfattar følgjande separate kontraktar: Kontrakt A: Mottak og behandling av avvatna slam frå private og kommunale renseeiningar i kommunane Fjell, Sund og Mengda avvatna slam utgjer ca. 1.500 tonn/år med TS-innhald på ca. 18 %. Kontrakt B: Mottak og behandling av silgods frå mekaniske reinseanlegg i Fjell, Sund og Øygarden, som utgjer ca. 255 tonn/år og vert levert i konteinarar med storleik frå 4 6 m3. Silgodset vert pressa til ca. 20 % tørrstoff i reinseanlegget. Det kan gjevast tilbod på begge kontraktar, eller berre den eine. Innsamling og avvatning av slam og konteinartransport av silgods vert utført av J.Birkeland & Sønner etter ei eiga kontrakt om dette, og denne vil halde fram ut kontraktstida for denne kontrakten. Fram til no har Øygarden kommune ikkje hatt silgods. Det er usikkert om dette vert endra i kontraktsperioden. 2 KONTRAKTSAVFALL (SLAM OG SILGODS) OG SLAMBEHANDLING Slammet vert samla inn perioden januar oktober. Frå private skjer innsamlinga i hovudsak kvart 2.år, men nokon har også kvart 4.år. Kommunale renseeiningar kan tømast så ofte som kvar veke. Silgodset vert levert over heile året, men det kan vere fleire dagar mellom kvar konteinar som vert levert. Det oppstår lett lukt frå silgodset, slik at levert mengde såleis må gå rett til behandling utan mellomlagring. Mengdefordelinga levert til behandling er vist i bilag 3a. Kontraktsavfallet (slam og silgods) vil ha innhald og variasjon som kan forventast ut frå typane kjelder som nemnt over. Det kan likevel påreknast at kontraktsavfallet som vert levert tilfredsstiller "kvalitetsklasse III" i Gjødselvareforskrifta (FOR-2003-07-04-951) med omsyn til tungmetallinnhald. Med dette som grunnlag har Leverandøren risikoen for kvaliteten på kontraktsavfallet med mindre heilt spesielle tilhøve skulle tilseie noko anna. Albaran AS Side 1 av 5
Det kan nemnast at det i dei siste 5 åra ikkje har vore avviksmeldingar frå behandlingsanlegget på grunn av kvaliteten på kontraktsavfallet. Fram til no har mengdene vore behandla ved rankekompostering. Kontraktsavfallet skal behandlast ved kompostering, eventuelt inkludert produksjon av biogass, og der bioresten / komposten frå behandlinga vert utnytta på ein tilfredsstillande måte. Eventuell brennbar andel som vert sortert ut ved forbehandlinga, skal gå til forbrenning med energigjenvinning. Behandlingsmåte og omtrentleg utsortert mengde (rejekt) og skal rapporterast, jfr. punkt 0. Anlegget der behandlinga vert gjennomført skal ha akseptabel standard, både med omsyn til miljø- og ressursbruk. Leverandøren er vidare pliktig til å syte for lovleg sluttbehandling av alt kontraktsavfall, også delmengder som ikkje kan gå til kompostering/biogassproduksjon. Einingsprisen for behandling skal såleis inkludere alle netto kostnader ved behandling av kontraktsavfallet, inkludert eventuelle leveringsavgifter til forbrenning/deponi. Leverandør er ansvarlig for alle dokument/søknader det er krav om ved transport og eventuell grensekryssing, og ved avsetnad av sluttprodukt. Leverandør har rett til å skifte mottak-/transport- og/eller behandlingsløysing i løpet av kontraktsperioden. Vilkåret for dette er likevel at løysinga ikkje skal medføre meirarbeid eller ekstrakostnader for oppdragsgjevar, og at miljøkvaliteten til løysinga totalt sett ikkje er vesentleg dårlegare enn løysinga skissert i tilbodet og som danna grunnlaget for kontraktstildeling, jf. vilkåra for tildeling av kontrakt i konkurransegrunnlaget. Oppdragsgjevar kan nekte leverandør å ta i bruk alternativ løysing som ikkje tilfredsstiller vilkåra nemnt over. Dersom leverandør likevel ikkje finn ei tilfredsstillande alternativ løysing, gjev dette oppdragsgjevar rett til å heve kontrakten. 3 VILKÅR FOR MOTTAK Leverandøren skal etablere eit mottak der oppdragsgjevar kan levere kontraktsavfallet. Dette vil seie at leverandøren overtek eigedomsretten og ansvaret for kontraktsavfallet etter at det er tippa på tilvist plass ved mottaket til leverandøren. Leverandøren står fritt til å vurdere om mottaket skal samlokaliserast ved behandlingsanlegget eller ikkje. Leverandøren står fritt til å bestemme lokalisering av mottaket, men dersom anlegget er lokalisert utanfor visse soner vil oppdragsgjevar få ekstrakostnader på grunn av ekstra transport for innsamlingsaktøren. Tabell 1 på neste side viser sonene og eventuelle ekstrakostnader. Eventuelle ekstrakostnader for oppdragsgjevar på grunn av lokaliseringa vert teken omsyn til ved evaluering, jf. vilkåra for tildeling av kontrakt i konkurransegrunnlaget. NB! Eventuelle ekstrakostnader frå tabell 1 skal såleis ikkje inkluderast i tilbodsprisen. Desse vert rekna ut av oppdragsgjevar ved evaluering. Alle kostnadane i tabell 1 er utan meirverdiavgift. Elles er bompengar pr. 1.september 2012 inkludert i kostnadane for sone 0, 1a og 1b. For sone 2 kjem bompengar/ferjeutgifter i tillegg til ekstrakostnaden i tabell 1, og vert rekna ut spesielt ut frå lokaliseringa til mottaket og køyreruta til innsamlar fram til mottaket. Ved utrekning av avstand for sone 2 vert kvart minutt ved overfartstid på ferje vert rekna som 1,5 km. Albaran AS Side 2 av 5
Tabell 1: Soner for lokalisering av mottak og eventuelle ekstrakostnader Sone 0 Sone 1a Sone 1b Sone 2 Avstand ein veg langs køyreveg frå Lonavegen 20, 5353 Straume 0-20 km 20,1-45 km Maksimalt 45 km Meir enn 45 km Tilleggskrav: Køyrevegen frå Lonavegen 20 og lokaliseringa skal vera i kommunane Fjell eller Sund. Køyrevegen frå Lonavegen 20 og lokaliseringa skal vera i kommunane Fjell, Sund eller Utanfor kommunane Fjell, Sund eller Utanfor kommunane Fjell, Sund eller Ekstrakostnad avvatna slam for oppdragsgjevar (kontrakt A): Kr. 0,- 85 kr/tonn 85 kr/tonn 2,05 kr/(tonn*km) 1 Ekstrakostnad silgods for oppdragsgjevar (kontrakt B): Kr. 0,- 700 kr/tonn 700 kr/tonn 50 kr/(konteinar*km) 2 Om ikkje anna er avtalt skal oppdragsgjevar kunne levere mellom kl. 07 15, måndag fredag. Mottaket bør ha vekt, og vektregistreringa ved levering til mottaket skal danne grunnlaget for fakturering og rapportering. Partane kan bli samde om andre punkt for vektregistrering, men då er det eit krav at kontraktsavfallet skal handsamast separat og ikkje bli tilført anna materiale eller væske. M.a. skal mellomlagra kontraktsavfall som ikkje er vektregistrert, bli skjerma for nedbør. Ved mottak nytta som omlastingsstad vert naboklager på grunn av lukt som skuldast for mykje kontraktsavfall på lager, lite føremålstenleg lagringsmåte el.l, rekna som kontraktsbrot, noko som gjev oppdragsgjevar rett til å krevje dagmulkt, eller ved stadige tilfelle, rett til å heve kontrakten, jfr. Bilag 2, punkt 13 og 14. Dersom mottaket avtalt i kontrakt må stengjast mellombels eller permanent, er leverandøren pliktig til å straks syte for eit alternativt mottak, og dekke eventuelle ekstrakostnader for oppdragsgjevar som dette medfører. Ved behov for transport mellom mottaket og behandlingsstaden er leverandøren pliktig til å sikre lasten m.a. slik at transporten ikkje medfører spill/søl. 1 Ved ein avstand på 50 km, vert ekstrakostnaden 102,50 kr/tonn. 2 Ved ein avstand på 50 km, vert ekstrakostnaden 2.500,- kr/konteinar. Det må reknast berre 1 stk konteinar pr. tur. Albaran AS Side 3 av 5
4 RAPPORTERING I tillegg til faktura og kopi av vegesetlar skal leverandøren kvar månad levere elektronisk (i Excel - format) statistikk i samsvar med tabellen under: Tabell 2: Krav til rapportering (felles for begge kontraktar) Månadsrapport (12 gonger årleg): Mengdestatistikk Grunnlag for avtalt miljøkvalitet 3 For kvar levering: Tidspunkt for levering, registrert vekt, type (slam eller silgods), evt tal konteinarar og kommune der kontrakstavfallet er henta. Evt. spesielle tilhøve / avvik. Månadsrapport: Totalvekt levert frå oppdragsgjevar fordelt på kommune og type (slam eller silgods). Omtrentleg andel rejekt av total levert mengde (%) og behandlingsmåte for dette. Resultat frå eventuelle testar for TSinnhald og klassifisering. Mengde (tonn) og køyrde km frå mottak til behandling og euroklasse for kjøretøy. Mengde (tonn) kompost/biorest og køyrde km behandlingsanlegg til lokalitet for avsetnad og euroklasse for kjøretøy. Evt. mengde (kwh) biogass produsert, fordelt på type avsetnad (straum, varme, drivstoff). Årsrapport for kalenderåret: Totalvekt pr. månad (kg/måned) levert frå oppdragsgjevar fordelt på kommune og type (slam eller silgods). Omtrentleg andel rejekt (% av tonn/månad) og behandlingsmåte for dette. Oppsummerte resultat frå eventuelle testar for TS-innhald og klassifisering Mengde (tonn/mnd) og køyrde km/månad frå mottak til behandling og euroklasse for kjøretøy. Mengde (tonn/mnd) kompost/biorest og køyrde km/månad frå behandlingsanlegg til lokalitet for avsetnad og euroklasse for kjøretøy. Evt. mengde (kwh/mnd) biogass produsert, fordelt på type avsetnad (straum, varme, drivstoff). Statistikken skal førast på rekneark i eit format som oppdragsgjevar bestemmer. Arket skal være tilgjengeleg for oppdragsgjevar på kort varsel (4 dagar). Årsrapporten for kalenderåret skal leggjast ved fakturaen for desember. Ved siste faktura for kontrakten skal det i tillegg til månadsrapport og årsrapport, leggjast ved ein sluttrapport som gjev ei tilsvarande oppsummering for heile kontraktperioden inndelt i kalendarår. 3 Rapporteringsplikta vert i praksis justert for omfanget som er avtalt i kontrakten. Albaran AS Side 4 av 5
5 INFORMASJON OM BILAG 3 5.1 Bilag 3a Grunnlagsdata og avfallsmengder I vedlagte regneark under fliken "bilag3a" er det gjeve mengder levert slam og silgods pr. månad til behandling dei siste åra. Mengdene slam pr. månad vil variere med innsamlingsplanen for dei ulike kommunane. Leverandøren må såleis ta høgde for endringar i avfallsmengdene, både over året og frå år til år, jf. bilag 2, kap. 11 og punkt 5.2. 5.2 Bilag 3b Inkludert i einingsprisene Alle einingsprisar skal inkludere alle kostnader til leverandøren i samband med gjennomføring av oppdraget, inkludert men ikkje avgrensa til - materiell/utstyr, forbruksmateriell, generalkostnader (inklusive administrasjon og arbeidsleiing), skatter, avgifter og forteneste. Tilbydar må såleis inkludere alle kostnadene sine, sjølv om ikkje alle kostnadselement og arbeid / ytingar er nemnt i detalj i tilbodsgrunnlaget. Tilbyder skal fylle ut alle postar i tilbodet som gjeld kontrakten/-ane det vert gjeve tilbod på. Prisane skal være i kroner (NOK) utan meirverdiavgift. Det er alltid einingsprisane i avtalen som skal leggjast til grunn ved avrekning. Einingsprisane gjeld: Uavhengig av mengda kontraktsavfall gjennom av kalenderåret. Uavhengig av forventa variasjonar kvalitet og TS-innhald på slammet. Uavhengig av tidspunktet på døgnet som arbeida vert gjennomført. Uavhengig av vekedag eller når på året arbeida vert utført. Lista er ikkje uttømmande. 5.3 Bilag 3b Utfylling av prisskjema Vedlagte prisskjema i excel-format kan fyllast ut manuelt eller i excel. Det er berre dei gule felta som skal fyllast ut. Utskrift av skjema skal leggjast ved tilbodet. Det vert teke atterhald om feil i formlar / referansar i pristabellane. Ved eventuelle feil er det dei oppgjevne einingsprisane som vert lagt til grunn. Eventuelle feil som tilbydaren oppdagar skal straks meldast til oppdragsgjevar, slik at prisskjemaet kan korrigerast før tilbodsfrist, jf. punkt 1.7 i konkurransegrunnlaget. Tal, verdiar og annan informasjon utfylt av oppdragsgjevar skal ikkje endrast av tilbydarane. Det vert tilrådd at siste motteken versjon vert lagra urørt av tilbydar, og at all utfylling skjer på ein arbeidskopi. Ved eventuelle feil i utfyllinga kan ein då gå tilbake til originalkopien. Albaran AS Side 5 av 5