Jorunn Veiteberg Ei samling restar - ein serie om strikk Ein ruin, ikkje av steinar, men av strikk: Stablar av plagg lagt tett i tett slik at dei dannar ein mur. Det var synet som møtte dei besøkande på Kari Steihaug si separatutstilling på Vestlandske Kunstindustrimuseum i 2007, ei utstilling som innleia temaåret deira om strikk. Ruin hadde ho sett som tittel på installasjonen, og den mjuke muren såg ut til å kunna rasa saman når som helst. Om han var meint å vera ein skulptur eller ein fillehaug, eit byggverk eller ein ruin, eit monument eller eit anti-monument, er ikkje godt å seia. Like ustabilt som verket var reint fysisk, like rørleg er tydinga. Dette er karakteristisk for ruinen, og kan forklara kvifor kunstnarar i fleire hundre år har blitt dregne mot dette motivet. 1 Fragmentert som ruinen er, står den fram som både open og sårbar. Samstundes uttrykkjer han forandring: i går var han noko anna enn det han er i dag, og den prosessen vil halda fram. Det at ingenting er fast, men er i ei stadig omforming, er typisk for det moderne livet. Filosofen Walter Benjamin framhevar difor ruinen som eit framifrå allegorisk emblem, og som Craig Owens har peika på, heng dette saman med at eit karakteristisk trekk ved allegorien er eit ønske om å trekkja fortida med seg i notida. 2 Lest som ein allegori, rommar ruinmotivet ei spenning: Her finst både ein impuls til å samla inn og ta vare på, og ei dragning mot krafta som finst i det fragmentariske og uperfekte. Dette perspektivet gir meining i møte med Ruin. Over 800 handstrikka plagg utgjer byggesteinane i dette verket. Kven som har strikka dei, er ikkje kjent. Kunstnaren har kjøpt plagga på loppemarknader, som ein redningsaksjon. Men ein gong har nokon lagt ned tid og arbeid i å strikka desse kleda; og ein gong har nokon brukt dei av praktiske eller andre grunnar. No er deira tid ute, i alle fall fyller ikkje desse plagga lenger nokon funksjon for eigaren. Ved å byggja ein ruin av dette materialet, har Kari Steihaug skapt ei allegorisk forteljing om ein handarbeidskultur i endring. Delane som har rasa ut, kan tyda på at forfall og oppløysing truar, og mørke fargetonar er med til å underbyggja ei slik dyster tolking. Men samstundes gir fargebruken ruinen tyngde. Han strekkjer seg ut i rommet og skapar ei tydeleg grense som kan tena både som hindring og vern. Opptrekte trådar ligg som eit spindelvevsnett over det heile. Dei kan like gjerne markera byrjinga til noko nytt som avsluttinga på noko gamalt. Ein kultur i endring kan handla om det som har forsvunne og gått tapt, eller det som lever vidare i nye former. Når det gjeld strikking, er det såleis stadig fleire som hevdar at det er i ferd med å skje ei oppbløming. 3 I så måte plasserer Ruin seg som eit fleirtydig verk i spennet mellom det forgjengelege og varige, det som var og det som skal bli, slit og lyst, sorg og glede. Det er tema som går som raude trådar gjennom Kari Steihaug sin kunstnarlege produksjon. Opphoping Mengda talar sitt eige språk i Ruin. Vi ser ikkje dei einskilde plagga, for dei er filtra
saman og stabla i haugar. Ei slik samling av ting, som ikkje er ordna etter deira bruksfunksjon, men dannar ei opphoping, er utbreidd i dagens skulptur eller installasjonskunst. Kunsthistorikaren Lise Skytte Jakobsen framhevar at det som skjer ved bruk av dette organiseringsprinsippet, er ei dekontekstualisering av tinga: Tingene bliver simpelthen til noget andet ved at blive organiseret på denne måde. Ophobningen truer med andre ord objekternes selvberoende identitet og deres stabile betydning. 4 Vi erfarar også denne typen skulpturar annleis enn den klassiske, slutta skulpturen. Dels krev den at vi går og står på nye måtar alt etter kor omfangsrik installasjonen er, og dels oppmodar den ikkje til berøring i form av klapp og stryk. I staden brukar ein i møtet med opphopinga fingrane (i tankane) til å pilla, lirka, omplassera og føya til. 5 At det i det heile kunne oppstå kunst som byggjer på opphoping (og masse, som er eit anna typisk organiseringsprinsipp for kunsten det siste hundreåret), heng saman med danninga av eit nytt postmoderne kunstomgrep. Der den klassiske kunsten byggjer på ei forståing av verket som eineståande og originalt, skapt som det er av ein genial kunstnar, så inneber opphopingar ofte ein direkte eller indirekte kritikk av eit slikt auratisk kunstomgrep. Materiala som dannar opphopinga, er gjerne produserte av ulike personar eller verksemder. Kunstnaren si rolle er å samla, arkivera, arrangera og presentera dei på nye måtar. Det særlege ved Ruin er at byggesteinane ikkje utgjer industrielt framstelte, masseproduserte ting eller kopiar, men mengder av handlaga strikk som ber med seg si eiga folkelege kulturhistorie. Lise Skytte Jakobsen koplar opphopingsprinsippet til tema som samling, minne og historie. 6 Tre emne som er dekkjande for Kari Steihaug sin kunst, og som alle møtest i det aktuelle prosjektet Arkiv; De ufullendte. I motsetning til i Ruin er opphoping ikkje nytta som organiserande prinsipp. Snarare er dette verket prega av eit anna moderne organiseringsprinsipp, serien. Materialet er strikketøy som kunstnaren har samla. Nærare bestemt handlar det om påbegynte plagg som folk (les: kvinner) har hatt liggjande og av ulike grunnar aldri har fått gjort ferdige. Det er både underhaldande og tankevekkjande å lesa grunnane til at dei har gitt opp. For strikkeforsøka er presenterte saman med ein kort tekst som er basert på opphavskvinnene sine forklaringar, men skrive ned og redigert av kunstnaren. I valet av material og metode insisterer Arkiv; De ufullendte på autentisitet: Dette er verkelege saker frå det verkelege livet. Strategien kan samanliknast med den vitskaplege tilnærminga musea brukar når dei skal bestemma ein gjenstand sin proveniens og historie. Og dermed blir denne forma for kunstnarleg realisme også ein katalysator for dei involverte sitt eige minnearbeid. Men denne realismen er berre ei side ved dette komplekse verket. Når ein ting blir detaljert skildra, blir den også på forunderleg vis mindre familiær. Ved at den ikkje lenger berre blir tatt for gitt, får den ein aura av noko gåtefullt over seg. Frå å representera noko trivielt, blir strikketøya ved at kunstnaren vel ut, samlar, klassifiserar og ordnar dei i eit system, rett og slett uvanlege. Samling I meir enn ti år har Kari Steihaug samla på uferdige og mislukka plagg. Kjeldematerialet ho har å ausa av, er mykje meir omfattande enn det som førebels er blitt formidla i kunstnarleg form i Arkiv: De ufullendte. På Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga) i 2009 viste ho sytti utvalde døme. Alle var fotograferte kvar for seg, men presentert i same storleik og i lik innramming, tett i tett i fire rekkjer. Slik skapte ho eit nytt system for dokumentasjon og formidling av samlinga. Som kunstnar nærmar ho seg samlaren
både i måten ho organiserer materialet sitt på, og i interessa for variantar og variasjonar. Men i Arkiv: De ufullendte er rekkjene med eksempel ikkje fullstendige. I den siste har ho late to plassar stå tomme, som ein indikator på at meir materiale kan koma til. Forteljinga om dei uferdige plagga er tilsynelatande ikkje slutt. Som filosofen Jean Baudrillard har vore inne på, er det dette som garanterer serien liv. Å fullenda ein serie er å døy, medan mangelen garanterer liv. 7 Det er ein velkjent påstand at samlingar seier meir om samlaren enn om den som har laga tinga. Når ting, eller som her fragment av plagg, er tatt ut av sin naturlege samanheng, fungerer dei ikkje lenger som eit bindeledd mellom opphavspersonen og omverda. Definert av ramma som samlinga utgjer, peikar dei i staden tilbake på samlaren. 8 I Arkiv: De ufullendte er strikkefragmenta å rekna som orda i kunstnaren sitt vokabular, og då spelar det ingen rolle at ho ikkje har strikka dei sjølv. Som med samlingar flest tener også denne fleire formål: opplysing og oppseding er mellom dei mest opplagte, 9 men samstundes stadfestar Arkiv: De ufullendte kunstnaren si forankring i ein tekstil tradisjon. Strikk som handarbeid og strikk som kunstkonsept er her ikkje motsetningar, men sameint i eitt og same verk. Samlinga som samling er likevel berre eit underordna tema i dette samansette verket. Meir påtrengjande er spørsmål som har med sjølve materialet å gjera: strikka plagg. Kva er det å strikka? Kvifor strikka? Kven strikkar? Strikking Folkestrikk eller heimestrikk, kallar kulturhistorikarane vanlege folk sine strikkeplagg. Det er slike produkt Kari Steihaug har samla på. Det er uklart når strikking blei vanleg i Norge, men frå 1700-talet veit vi at strikking var ein del av handarbeidsopplæringa for jenter i fattigskulen, og på 1800-talet var strikking blitt vanleg for kvinner i alle lag av folket. Som Eilert Sundt skriv i 1865: Det er vel ingen kvindelig gjerning eller husflidsart, som i den grad er fælles for det hele kjøn. 10 Sidan dess har strikking blitt oppfatta som ein typisk kvinnesyssel, ein lågkulturell, marginalisert amatøraktivitet heilt utan status som kunstnarleg medium før feministiske kunstnarar på 1970-talet begynte å stilla spørsmål ved hierarkiet som rådde rundt valet av material og medium. På utstillinga Kvinnfolk på Kulturhuset i Stockholm i 1975 var Slithögen eit av dei mest minneverdige monumenta: Ein gigantisk haug med strikka sokkar og andre klede som kravde stopping og lapping, prega som dei var av bruk og slitasje. Om ho kan strikka eller ei, veit tilskodaren at det har tatt tid å strikka og stoppa alle desse strømpene, slik det også har tatt tid å slita dei ut. Haugen tente som ei påminning om kvar kvinner sine skapande evner tradisjonelt har blitt kanaliserte. Andre kunstnarar, frå Sheila Hicks til Christian Boltanski, begynte å bruka kledeplagg som metaforar for menneskekroppen. Med det grepet var dei med til å opna for den postmoderne holdninga som er rådande i dag, at alle slags materialar kan vera relevante i kunstnarleg samanheng. Det er på skuldrene til desse pionerane Kari Steihaug står, når ho no samlar inn kvinner sine avbrotne strikketøy og løftar fram historiene som ligg bak. Teknisk vurdert er grunnprinsippet i strikking enkelt, og mest alle kan meistra å leggja opp ei maske. Likevel er det få som er i stand til å avlesa korleis ein genser er laga, kva slags garn som er brukt, korleis mønsteret er konstruert eller kva slags tekniske (strikkefaglege) problem som har blitt løyste undervegs. Sjølv om ikkje Arki: De ufullendte går i detalj om dette, handlar fleire av forteljingane om slike spørsmål. Myten
om at strikking er enkelt, blir punktert, og det er eit aspekt ved Arkiv: De ufullendte som gjer prosjektet interessant også for kulturforskarar. Som ekspertar på strikking har framheva, er korkje det å læra å strikka eller gleda ved å strikka, særleg godt dokumentert. 11 Dei utvalde eksempla viser kor mangfaldig strikkekulturen er, og kor mange ulike grunnar det er for å strikka. For dei fleste er strikkinga ein hobby, noko ein driv med for kosen og avkoplinga si skuld. Samstundes er det ofte eit nytteaspekt involvert. Eit nytt skjerf, vottar eller genser, gjerne tiltenkt ein annan person, er planen. Strikking er noko ein gjer for andre og ikkje berre seg sjølv. Mange lærer å strikka medan dei er gravide, for å produsere klede til det komande barnet. Eller plagget skal brukast som gåve til ein kjærast, ektefelle eller barn. Mange draumar og voner er såleis nedfelte i strikketøyet, og forklarar ofte kvifor plagget ikkje blei fullført: Kjærleiken tok slutt før plagget blei ferdig, eller barnet vaks fortare enn strikketøyet. Sorg og sinne avløyste stundom lysta og gleda som i utgangspunktet hadde motivert arbeidet. Sjølv om det aldri blei eit ferdig resultat, er tida som er gått med og kjenslene som er investert, med til å gi arbeidet verdi. I valet av garn og mønster, har kvinnene lagt eit personleg engasjement, sjølv om også skiftande trendar spelar inn. Kombinasjonen av tid, omtanke og kjærleik, kort sagt alle dei gode intensjonane, har rett og slett gjort det vanskeleg å kvitta seg med desse restane. I staden har dei blitt stuva bort til Kari Steihaug fekk tak i dei og gav dei eit nytt liv som kunst. Minneberarar Dei strikka fragmenta i Arkiv: De ufullendte demonstrerer det designhistorikaren Judy Attfield har halde fram som karakteristisk for materiell kultur: dei representerer på ei og same tid både noko handgripeleg og noko uhandgripeleg; noko fysisk og materielt så vel som noko sosialt og emosjonelt. 12 At dei ikkje er blitt kasta, er det tydelegaste provet på at dei rommar noko viktig. Interessant nok gir mange av bidragsytarane uttrykk for stor lette over at Kari Steihaug kan bruka strikketøya deira. Det lyder nærast som ei bør blir tatt frå dei, og at ho med handlinga si frir dei frå banda som tinga representerer. Flyttinga frå den private og heimlege til den offentlege kunstkonteksten, innleier eit nytt kapittel i desse strikketøya sin biografi. I større grad enn før lever dei sitt eige liv, og minna som dei er berarar av, kan bli gjenkjent og verdsett av andre. Vi tolkar klede som uttrykk for personen som har laga eller brukar dei, og for kulturen dei er oppstått i, men plagg kommuniserer meir underforstått og mindre openlyst enn verbalspråket. Som antropologen Grant McCracken minnar om, er det svært avgrensa kva klede kan kommunisera, og med kva retorisk kraft dei kan gjera det. 13 I endå større grad gjeld det for klede som berre eksisterer som fragment. Styrken, i tydinga evna til å formidla meining, er difor i Arkiv: De ufullendte knytt til mengda og den serielle organiseringa som skapar ein samanheng og ei tolkingsramme, samstundes som humoren og sjølvironien i forteljingane blir løfta fram. Minneberarane i Arkiv: De ufullendte er restar; det som er blitt igjen og som dei fleste finn verdilaust fordi det har utspilt sin rolle, eller aldri fikk den rollen det var tiltenkt. 14 Å retta merksemda mot arbeidsmåtar og dygder som tidlegare stod høgt i kurs, men som i dag har tapt terreng, står alltid i fare for å hamna i nostalgien. Når Arkiv: De ufullendte unngår det, heng det saman med at desse plagga er uferdige og uperfekte, for ikkje å seia direkte mislukka. Det er eit påfallande trekk ved mykje av den samtidskunsten som baserer seg på funne materiale, at det ofte er det kasserte, som blir
løfta fram. Ved å rette merksemda mot det som aldri blei ferdig eller enda som mindre vellukka, får Kari Steihaug fram ei side ved det å strikka som sjeldan er blitt fortalt. Vanlegvis skjuler vi uhell og fiaskoar, men når ho ønskjer at fleire skal få del i slike erfaringar er det fordi ho veit at mange vil kjenna seg att i desse forteljingane. Plagga som Kari Steihaug samlar på og som ho brukar som kunstnarleg råmateriale, står utanfor det verdisystemet og den logikken som pregar kapitalistisk vareproduksjon. Dei er ikkje blitt til for å tena pengar, men representerer meiningsfullt arbeid eller tidsfordriv. Verdien deira er korkje knytt til førestellingar om perfeksjon, effektivitet eller marknadspris, men til at dei er unike og personlege. Antroplogen Igor Kopytoff har peika på at i komplekse samfunn som fløymer over av kommersielle tilbod, eksisterer det ein djup lengsel etter det eineståande og særlege. 15 Å produsera salsvarer og skapa noko eineståande, er for han ei motsetning. Ved å løfta fram handarbeidet som produksjonsform og samla døme på klede tiltenkt familie og venner, synleggjer Kari Steihaug andre krinslaup for utveksling av ting og tenester enn dei som fyller næringslivssidene i avisene. Hennar kunstnarlege produksjon kan såleis både i valet av materiale og tematisk innhald (samt i kraft av å vera kunst), seiast å representera ei motkraft til vareøkonomien og kommersialiseringa som pregar stadig fleire sider ved samfunnet og kulturen. Arkiv: De ufullendte handlar om alternative praksisformer og tenkjemåtar, og prosjektet viser med det at strikking er mykje meir enn ein teknikk. Det er ein kulturell praksis med ei rik historie, der mykje enno ventar på å bli undersøkt og fortalt. Notar 1. Maria Fabricius: Ruinbilleder. København: Tiderne Skifter 1999. 2. Craig Owens: The Allegorical Impulse: Toward a Theory of Postmodernism, Beyond Recognition. Representation, Power, and Culture. Berkeley: University of California Press 1992, s. 53. 3. Joanne Turney: The Culture of Knitting. Oxford: Berg 2009, s. 216. Sjå også Sabrina Geschwandtner (red): KnitKnit. Profiles + Projects from Knitting s New Wave, New York: Stewart, Tabori & Chang 2007, og Jessica Hemmings (red.): In the Loop. Knitting Now, Oxford: Berg 2010. 4. Lise Skytte Jakobsen: Ophobninger. Moderne skulpturelle fænomener. København: Revens Sorte Bibliotek 2005, s. 11. 5. Ibid., s. 13. 6. Ibid., s. 18. 7. Jean Baudrillard: The System of Collecting. I: John Elsner og Roger Cardinal (red.): The Culture of Collecting. London: Reaktion Books 1994, s. 13. 8. Susan Stuart: On longing. Narratives of the Miniature, the Gigantic, the Souvenir, the Collection. Durham/London: Duke University Press 1993, s. 162. 9. Mieke Bal: Telling Objects: A Narrative Perspective on Collecting. I: John Elsner og Roger Cardinal (red.): The Culture of Collecting. London: Reaktion Books 1994, s. 105. 10. Eilert Sundt: Om husfliden i Norge, Oslo: Gyldendal 1975 [1867/68], s. 239. 11. Mary M Brooks: The flow of action : Knitting, making and thinking. I: Jessica Hemmings (red.): In the Loop. Knitting Now. Oxford: Berg 2010, s. 35. 12. Judy Attfield: Wild Things. The Material Culture of Everyday Life. Oxford: Berg 2000, s. 48, 256-61.
13. Grant Mc Cracken: Culture and Consumption. Bloomington: Indiania University Press, 1988/1990, s. 68 69. 14. Kari Steihaug: Arkiv: De ufullendte og tingenes bakside, sjølvpresentasjon, Kunsthøgskolen i Bergen 19. mars 2010. 15. Igor Kopytoff: The Cultural Biography of Things: Commoditization as Process. I: Arjun Appadurai (red.): The Social Life of Things. Cambridge: Cambridge University Press 1986, s. 80.