Kvam herad. Eigedomsskatt på faste eigedommar i heile kommunen



Like dokumenter
Informasjon om eiendomsskatt i Nordre Land. Synnfjellporten

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

SAMLET SAKSFRAMSTILLING. Saksbehandler: Børge Jacobsen Arkiv: /16 FORMANNSKAPET /16 KOMMUNESTYRET

MØTEBOK Tysnes kommune

NOTAT. Til skilnad frå andre skatteinntekter går eigedomsskatt direkte til Kvam herad, og er ikkje samordna med rammetilskotet.

Kvam herad. Arkiv: N-146 Objekt: Aksjeselskapet Sandven hotel - Søknad om endring av lånevilkår

Adgangen til å benytte differensierte skattesatser ved utskriving av eiendomsskatt

Kvam herad. Kvam heradsstyre /09 HIAN

KOMMUNESTYRETS ÅRLIGE EIENDOMSSKATTEVEDTAK. - hvor kommunen har innført eiendomsskatt tidligere

NAUSTDAL KOMMUNE SAKSUTGREIING

Kvam herad. Innløysing av grunn til gangveg i Norheimsund - Strandvegen

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt: Retningsliner for inntektsgradert foreldrebetaling i barnehagane i Kvam

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Kvam herad. Arkiv: N-391 Objekt:

Ved alternativ votering mellom framlegg frå Margit Smeland og formannskapet si tilråding, vart Margit Smeland sitt framlegg samrøystes vedteke.

April Veileder om bunnfradrag

Utvalgssaksnr. Utvalg Møtedato 16/103 Formannskapet /67 Kommunestyret

Utvalg Utvalgssak Møtedato. Økonomi- og planutvalget 97/ Kommunestyret 81/

Videreføring og utskriving av kommunal eiendomsskatt i 2016 for Stor-Elvdal kommune

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

I samband med budsjetthandsaminga fro 2014 K-sak 185/13 vart det gjort slikt vedtak i pukt 24:

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /06 RUVI

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Kvam herad. Endra drift resulterer ikkje i auka driftskostnadar for Kvam kulturskule. Sjå vedlegg for fullstendig tekst i den nye serviceerklæringa.

Kvam herad. Søknad om løyve til tiltak på gnr. 136 bnr. 7, Dysvik. Flytebryggjer. Søknad om disp. frå LNF-føremålet og pbl. 17-2

Første gangs utskrivning av kommunal eiendomsskatt i 2015 for Stor-Elvdal kommune

Ullensvang herad Heradsstyret. Møteprotokoll

For bustader/fritidsbustader med tomt til desse, samt ubebygde tomter til dette formål, settast eigedomsskatten til 3,5 promille, jfr eskl 12.

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 BJVI

Adgangen til å benytte differensierte skattesatser ved utskriving av eiendomsskatt

Verdal kommune Sakspapir

Namsos kommune. Saksframlegg. Økonomisjef i Namsos. Namsos kommune - eiendomsskattevedtak 2013

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Utvalg Utvalgssak Møtedato Namsos formannskap Namsos kommunestyre

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/

Bunnfradrag for boligeiendommer og fritidseiendommer

MØTEINNKALLING FOR KOMMUNESTYRET

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmer som ikkje møtte: Navn Funksjon Representerer Heidi Strand MEDL H

KVAM HERAD - BUDSJETT 2012

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /08 JONE

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

Møtestad: Hareid rådhus Dato: onsdag, Tid:11:00

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Utvalg Utvalgssak Møtedato. Økonomi- og planutvalget 103/ Kommunestyret 99/

Kvam herad. Fykse og Innstranda skule - etterbruk av skulane. Arkiv: N-132 Objekt: Avgjerd av: heradsstyret Saksh.: Jan Tjosås.

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 ASFL

RAMMER OG RETNINGSLINER FOR TAKSERING AV BUSTAD- OG FRITIDSEIGEDOMMAR NAUSTDAL KOMMUNE

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD. Møteinnkalling

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /05 RUVI

Oslo kommune Kemnerkontoret

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

RAMMER OG RETNINGSLINER FOR TAKSERING AV BUSTAD- OG FRITIDSEIGEDOMMAR NAUSTDAL KOMMUNE

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: 139/09 09/661 Sluttrekneskap fleirbrukshall og del av fellesareal Saften AS

Ordføraren bad om gruppemøte. Etter gruppemøtet vart det lagt fram 2 framlegg til vedtak. Administrasjonssjefen trekte sitt framlegg.

KOMMUNESEKTORENS ORGANISASJON The Norwegian Association of Local and Regional Authorities. Bruk av skattesatser ved utskriving av eiendomsskatt

Kvam herad. Eigedomsskatt på faste eigedommar i heile kommunen - fritak etter 7

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 ASFL

Kvam herad VALNEMND. Møteinnkalling

Kvam herad. Hardinghuset - vidare arbeid. Arkiv: N Objekt: Avgjerd av: Saksh.: Lars Erik Klafstad. Arkivsaknr 08/122

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Sirikit Bakke Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 13/688. Utvida grense for eigedomsskatt Val av takseringsprinsipp

Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskap 91/ Kommunestyret 83/

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VESTNES KOMMUNE

Følgjande bruksareal og vassforbruk skal leggjast til grunn for stipulert forbruk:

Martin Kjøpstad (V) sette fram følgjande framlegg til vedtak frå AP,Sp,Kr.f.,V Framlegg I

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE

Kvam herad. Sakspapir

TAKSERING AV EIENDOMMER I RINGERIKE KOMMUNE - EIENDOMSSKATT

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VESTNES KOMMUNE

Rett utrekning går fram av saksframlegget til dette ekstraordinære møtet

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utvalg Møtedato Formannskapet Kommunestyret

Kvam herad. Sakspapir

Frosta kommune Arkivsak: 2013/672-13

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

EIENDOMSSKATT I SØR-AURDAL RAPPORT FRA ARBEIDSGRUPPE

Kvam herad. Arkiv: N-634 Objekt: Uttale frå Kvam herad i samband med søknad om ny lokalitet for oppdrett av matfisk av laks og aure ved Tveitnes

Inntekter. Utgifter. Saksprotokoll i Kommunestyret Vedtak:

Kvam herad. Budsjettvedtak punkt 5 og 6. Barnehageutbygginga i Kvam

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 HMAA

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Kvam herad. Sakspapir

Utvidelse av utskrivningsområdet for eiendomsskatt

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Tittel

Budsjettforslaget fra H, SP, V og KrF ble delt ut i møtet (arkivref. 2013/ )

KAP. I SAKKUNNIG NEMND OG KLAGENEMND

Møteprotokoll for Formannskapet

MØTEINNKALLING SAKLISTE 7/11 10/582 PROTOKOLL: SØKNAD OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT - DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM

Eigedomsskatt på faste eigedommar i heile Vik kommune

MØTEINNKALLING TILLEGG SAKSLISTE DØNNA KOMMUNE. Utvalg: KOMMUNESTYRE Møtested: Storstua, Dønna omsorgssenter Møtedato:

Kvam herad. Arkiv: N-614 Objekt: Løyve til sal av alkoholholhaldig drikk i butikkar for perioden

SAKSDOKUMENT. Årsbudsjett Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt

Saksframlegg med vedtak

2. gongs handsaming av framlegg til reguleringsplan for gang- og sykkelveg - Ungdomsheimen - NAF

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Utvidet eiendomsskatt i Sør-Aurdal. Sør-Aurdal kommune

Transkript:

Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam eldreråd 20.11.2009 039/09 POET Kvam formannskap 24.11.2009 057/09 POET Kvam heradsstyre 15.12.2009 123/09 POET Avgjerd av: Saksh.: Per Øyvind Tveiten Arkiv: N-111.2 Objekt: Arkivsaknr 09/872 Eigedomsskatt på faste eigedommar i heile kommunen Samandrag: Heradsstyret vedtok mars 2009 å gjennomføra allmenn taksering av eigedomar i kommunen, for å ha grunnlag for å gjera budsjettvedtak for 2010. Ein reknar med at taksering er gjennomført innan fristen, slik at skattelistene kan leggjast ut seinast 3 veker før 1.mars. All taksering er ikkje gjennomført, men ut frå dei takstane som er førebels godkjende ser det ut for at samla skattegrunnlag for bustaddelen vil bli omkring 6 600 mill.,- ved 3 promille skatt slik føreslege i budsjett vil det bli ei inntekt på omkr. 20 mill. Det må takast atterhald om at endelege takstar ikkje ligg føre enno, og justeringar kan bli gjort ved endeleg vedtak. Forutsett at skattøyre på 7 promille blir vidareført for andre eigedomar (verk og bruk, næring) vil samla inntekter då bli omkring 30 mill. Botnfrådrag vil gå til frådrag frå dette, likeeins vil fritak etter Eskl. 7 gå til frådrag. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kvam heradsstyre godkjenner: Eigedomsskatt 2010 a) Med heimel for utskriving i medhald av Eigedomsskattelova 2 og 3 vert eigedomsskatten i 2010 utvida til å gjelda heile heradet. b) Eigedomsskattesatsen i 2010 vert 7,0 promille i samsvar med eigedomsskattelova 13.

c) Differensiering: I medhald av eigedomsskattelova 12 a vert skattesatsen (skattøyre) for bustader og fritidshus sett til 3,0 promille. d) Botnfrådrag: Det vert gjeve/ikkje gjeve botnfrådrag på kr... for bustaddelen i eigedomar/fritidseigedomar. e) Fritak for eigedomar etter eigedomsskattelova 7 vert gjeve for eigedomar som fell inn under 7 a (Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten) og 7 b (Bygning som har historisk verde). f) Administrasjonen vil leggja fram for heradsstyret lister med forslag til kva konkrete eigedomar som skal ha fritak for eigedomsskatt med heimel i eskl. 7. Lista vert lagt fram etter at det er gjort eit prinsippielt vedtak om at Kvam herad skal ha unntak med heimel i 7 bokstav a og b. 24.11.2009 Kvam formannskap Framlegg til vedtak Martin Vik, Sp som rådmannen sitt framlegg til vedtak med tillegg: g) Nyoppført bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære vert friteken etter eigedomsskattelova 7 bokstav c i 5 år frå den tida bygningen vart ferdig eller heradsstyret endrar eller opphevar fritaket. Framlegg til vedtak Lars Ragnvald Djupevåg, V: Venstre vil vidareføre eigedomsskatteordninga slik ho er i dag med 7 på verk & bruk og gjeldande takstar. Ny taksering av verk & bruk skal vurderast i 2012. Framlegg til vedtak Nils Drage, Ap som rådmannen sitt framlegg til vedtak med endring av pkt. d): Botnfrådrag: Det vert gjeve botnfrådrag på kr. 250 000 for bustaddelen i eigendomar/ fritidseigedomar. Røysting: Lars Ragnvald Djupevåg, V sitt framlegg til vedtak fekk 1 røyst og vart ikkje vedteke. Det var Lars Ragnvald Djupevåg, V som røysta på dette framlegget. Martin Vik, Sp sitt framlegg til vedtak fekk 7 røyster og vart vedteke. Desse røysta for framelegget: Martin Vik, Sp Marie Fraas Aksnes, Sp Harald Kjosås, Krf Arild Berge, DU Nils Drage, Ap Even Øyri, Ap Ordførar Astrid Farestveit Selsvold Desse røysta mot framlegget:

Lars Ragnvald Djupevåg, V Oddvar Brakestad, H Rådmannen sitt framlegg til vedtak fekk 2 røyster Nils Drage, Ap sitt framlegg til vedtak fekk 7 røyster og vart vedteke. Desse røysta for framlegget: Ordførar Astrid Farestveit Selsvold Even Øyri, Ap Nils Drage, Ap Martin Vik, Sp Harald Kjosås, Krf Marie Fraas Aksnes, Sp Arild Berge, DU Desse røysta mot framlegget: Lars Ragnvald Djupevåg, V Oddvar Brakestad, H Sakførar: Lars Ragnvald Djupevåg vart valt til saksførar FSK-057/09 Tilråding: a) Med heimel for utskriving i medhald av Eigedomsskattelova 2 og 3 vert eigedomsskatten i 2010 utvida til å gjelda heile heradet. b) Eigedomsskattesatsen i 2010 vert 7,0 promille i samsvar med eigedomsskattelova 13. c) Differensiering: I medhald av eigedomsskattelova 12 a vert skattesatsen (skattøyre) for bustader og fritidshus sett til 3,0 promille. d) Botnfrådrag: Det vert gjeve botnfrådrag på kr 250 000 for bustaddelen i eigedomar/fritidseigedomar. e) Fritak for eigedomar etter eigedomsskattelova 7 vert gjeve for eigedomar som fell inn under 7 a (Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten) og 7 b (Bygning som har historisk verde). f) Administrasjonen vil leggja fram for heradsstyret lister med forslag til kva konkrete eigedomar som skal ha fritak for eigedomsskatt med heimel i eskl. 7. Lista vert lagt fram etter at det er gjort eit prinsippielt vedtak om at Kvam herad skal ha unntak med heimel i 7 bokstav a og b. g) Nyoppført bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære vert friteken etter eigedomsskattelova 7 bokstav c i 5 år frå den tida bygningen vart ferdig eller heradsstyret endrar eller opphevar fritaket. Protokolltilførsel frå Oddvar Brakestad, H: Auke i samla drift og lønnskostnader i Kvam herad, med tillegg av kapitalutgifter er ikkje i samsvar med inntektsutviklinga. Samla auke i behov for nye inntekter eller redusert kostnader er i størrelsen 30 mill. per år for driftsbudsjettet. Dersom ikkje eigedomsskatt skal innførast i samsvar med rådmannen sitt forslag til budsjett for 2010, må nye inntekter for 2010 tilførast med kr. 16 mill. Heradstyregruppa til Høgre legg fram endeleg forslag til økonomisk inndekning i Heradsstyremøte 15. desember 2009.

20.11.2009 Kvam eldreråd Framlegg til endring pkt. d: Det vert gjeve botnfrådrag for bustaddelen i eigedomar/fritidseigedomar Røysting: Samrøystes vedteke Framlegg frå rådmannen med endring av pkt. d Røysting: Samrøystes vedteke KER-039/09 Tilråding: Kvam heradsstyre godkjenner: Eigedomsskatt 2010 a) Med heimel for utskriving i medhald av Eigedomsskattelova 2 og 3 vert eigedomsskatten i 2010 utvida til å gjelda heile heradet. b) Eigedomsskattesatsen i 2010 vert 7,0 promille i samsvar med eigedomsskattelova 13. c) Differensiering: I medhald av eigedomsskattelova 12 a vert skattesatsen (skattøyre) for bustader og fritidshus sett til 3,0 promille. d) Det vert gjeve botnfrådrag for bustaddelen i eigedomar/fritidseigedomar e) Fritak for eigedomar etter eigedomsskattelova 7 vert gjeve for eigedomar som fell inn under 7 a (Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten) og 7 b (Bygning som har historisk verde). f) Administrasjonen vil leggja fram for heradsstyret lister med forslag til kva konkrete eigedomar som skal ha fritak for eigedomsskatt med heimel i eskl. 7. Lista vert lagt fram etter at det er gjort eit prinsippielt vedtak om at Kvam herad skal ha unntak med heimel i 7 bokstav a og b. Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn5/wfinnsyn.aspx?response=journalpost_sok&simple=false x

Saksopplysningar: Heradsstyret sitt budsjettarbeid for 2010-vedtak om Eigedomsskatt 1.1 INNHALD I VEDTAKET. 1.1.1 Kort oppsummering av rolledelinga: Kommunestyret har ansvar for Vedtak om innføring av eigedomsskatt Vedta vedtekter Velja medlemmer i sakkunnig nemnd og sakkunnig ankenemnd Vedta eventuelt botnfrådrag Vedta skattesats (2-7 promille) Vedta eventuelle skattesoner/differensiering Vedta evt.reduksjonsfaktor Vedtak om eventuelle fritak i samsvar med Eskl. 7 (almennyttige, historiske, husvære < 20 år,deler av kommunen ) Formannskapet: Klagerett på vedtak i sakkyndig nemnd. Sakkunnig nemnd skal: Finna antatt marknadsverdi Sikra likehandsaming, ved å Velja takseringsmetode Vedta Takseringsprinsipp, rammer og retningslinjer Kontroll og revisjon Vedtak av takstar. 1. Sakkunnig ankenemnd: 1. Handsama klager frå eigarane. 1.1.2 Ved budsjetthandsaminga skal såleis heradsstyre ta stilling til flg.: 1.Innføring av eigedomsskatt: Eskl. 2: kommunestyret avgjer om det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen. Det skal takast stilling til o -om det skal innførast eigdeomsskatt o -kva omfang eigedomsskatten skal ha: 1. Eigedomsskatt for heile kommunen 2. Eigedomsskatt i områder utbygd på byvis 3. Eigedomsskatt i områder utbygd på byvis og verk og bruk 4. Eigedomsskatt berre på verk og bruk. Kvam har i dag e-skatt etter alt.3, noko som gjev betydelege inntekter,særleg frå kraftproduksjon. Aktuelle alternativ vil vera alt.1 med innføring av eigedomsskatt for heile kommunen, eller å vidareføra dagens ordning (alt.3) 2.Skattesats Eskl. 10: kommunestyret fastset kvart år i samband med budsjettet kva satsar og reglar som skal nyttast ved utskriving av eigedomsskatt for det komande skatteåret Eskl. 11: Eigedomsskatten skal vera minst 2 kr. og ikkje meir enn 7 kr. for kvar kr.1.000 av takstverdet. Etter Eskl. 13, 2.ledd, vil kommunar som har e-skatt på førehand kunna velja å nytta same skattesats som før utvidinga (dvs. 7 promille for Kvam).

Differensierte satsar: Etter 12 er det mogeleg å fastsetja ulike skattøyre - i lovteksten slik formulert: Kommunestyret kan fastsetja ulike skattøyre for: a) Bustaddelen i eigedomar med sjølvstendige bustaddelar. b) Grunneigedomar som det står hus på, og huslause grunneigedomar. c) Bygningar og grunn. d) Avgrensa område som nemnde i 3. e) Verk og bruk i område som ikkje er utbygd på byvis, jf 4, andre leden, andre og tredje punktum. Merknad til punkta: Ad a): Høgare eller lågare sats for bustad/fritid kan nyttast. Det kan ikkje gjerast forskjell mellom bustad og fritid. Ad b):tomter og eigedomar med hus får ulik takst- kva som er høgast/lågast kan veljast. Ad c):ulik sats for bygningar og grunn vil krevja at dei blir taksert kvar for seg- ikkje samla slik den valde metoden går ut frå. Ad d):avgrensa område må definerast klart. Takstobjekt som går over fleire soner (t.d. teleanlegg) må skattleggjast med ulik sats og må takserast for kvar sone. Ad e) Vil gjelda ein annan (lågare) sats for verk og bruk som er utanom bymessig strøk. Finansdep. har i uttale av 8.5.07 uttalt at dette ikkje kan nyttast når det blir skrive ut skatt for heile kommunen. (.... Etter departementets vurdering vil det være i strid med likhetsprinsippet at verk og bruk utenfor bymessige strøk skal kunne ha en lavere skattesats enn verk og bruk i bymessige områder ved utskriving i hele kommunen. På denne bakgrunn legger departementet til grunn at eiendomsskatteloven 12 bokstav e ikke gjelder når kommunen skriver ut skatt i hele kommunen. ) Bruk av 12 a og fastsetjing av eit lågare skattøyre for bustad, derunder fritidsbustad, kan såleis gjerast. 2.3.Botnfrådrag Kommunestyret kan iht. eskl. 11.,2.ledd fastetja botnfrådrag for bustad-og fritidseigedomar. Botnfrådraget må gjerast i samband med budsjetthandsaminga. Eigedomar i næringsverksemd, derunder verk og bruk, blir ikkje omfatta av ordninga. Botnfrådraget kan fastsetjast som kronebeløp eller % av eigedomsskattetaksten. Botnfrådraget skal tilordnast kvar einskild bueiining., også i eigargardar. I ot.prop.nr.12(1992-93) er gitt visse kriterier og retningslinjer for kva som er bueining. (eks.godkjent til varig opphald,utgang til ytre rom, eige kjøkken m.v). KS har utarbeidd veileder for bunnfradrag, som går nærare inn på problemstillingen. Dersom ein vil innføra botnfrådrag vil det vera føremålsteneleg å utarbeida reglar for tilordning av botnfrådrag. Døme på slike, henta frå veiledaren: Eksempel på regler for tilordning av bunnfradrag 1. Enebolig Enebolig skal ha bunnfradrag. Enebolig med hybelleilighet/sokkelleilighet: Som hovedregel tilordnes ikke hybel eller sokkelleilighet bunnfradrag, idet det oppfattes som urimelig at slike eiendommer kan få to bunnfradrag. Regelen om at det ikke gis bunnfradrag for sokkelleilighet/hybelleilighet skal også gjelde for alle andre boligtyper med slike leiligheter. Våningshus og kårbolig tilordnes bunnfradrag. 2. Tomannsbolig Tomannsboliger tilordnes ett bunnfradrag for hver boenhet. 3. Rekkehus, kjedehus og andre småhus Rekkehus mv tilordnes bunnfradrag for hver boenhet.

4. Leiligheter I bygårder, leilighetskomplekser og lignende tilordnes ett bunnfradrag for hver boenhet, herunder for hver leilighet i borettslag/boligaksjeselskaper/eierseksjonssameier. 5. Bofellesskap/studentboliger For bofellesskap og studentboliger som har felles kjøkken mv, gis det ett bunnfradrag for hver fellesavdeling med kjøkken. Er det ordinære leiligheter skal hver boenhet gis bunnfradrag. 6. Fritidsbolig Fritidshus mv skal ha bunnfradrag. Anneks og tilsvarende tildeles som hovedregel ikke bunnfradrag. 7. Koie, seterhus mv. Koie og seterhus mv som inngår som en del av driftsdelen på bruk som ikke ilegges eiendomsskatt. Koie og seterhus mv. som brukes som fritidseiendom, tilordnes bunnfradrag. 8. Kombinerte bygninger For bygninger som består av en eller flere boenheter og en eller flere næringsenheter, tilordnes hver boenhet et bunnfradrag. 9. Utleieboliger Retningslinjene ovenfor gjelder også for utleieboliger. 10. Avgrensning av hva som utgjør en selvstendig boenhet som tilkommer bunnfradrag Tvilstilfelle med hensyn til om det foreligger en selvstendig boenhet avgjøres på grunnlag av skjønn. Ved den skjønnsmessige vurdering legger kommunen bl.a. vekt på følgende forhold: Hvorvidt vedkommende bygningsareal er godkjent for varig opphold, om arealet har egen utgang til ytre rom, og om det foreligger eget bad og wc. Frittliggende fritidsbolig anses uten videre som en selvstendig boenhet. 11. Klage Klage over vedtak om bunnfradrag behandles av overskattetakstnemnda/sakkyndig ankenemnd. Botnfrådrag vil vera eit adminstrativt meirarbeid, men kan vera eit verkemiddel til å styra skattebelastninga mot eller frå spesielle eigedomstypar. (Jfr. punkt i Heradsstyret sitt vedtak 016/09: 3.I etterkant av utredningen og før eventuell innføring,fastsetter Heradsstyret skatteøre og sosialpolitisk/differensiert profil på eiendomsskatten ) 2.4.Reduksjonfaktor: Heradsstyret kan vedta reduksjonsfaktor, dvs.at takstverdiane blir redusert frådrag i den takserte eigedomsverdi, jfr. Finansdepartementet sitt brev av 9.11.95. Slik reduksjon vil vera ein reduksjon av skattegrunnlaget i heile takstperioden (10 år). Tilsvarande gjeld ikkje for botnfrådrag det blir ikkje sett som ein del av taksten: Reduksjonfaktor blir frårådd. 2.5.Skattesoner: Etter Eskl. 12d, jfr. 3, er det høve til å ha ein annan (lågare) sats til områder med klårt mindre bypreg enn andre område. Dei same forholda vil gjelda for slike differnsieringar som for unntak av områder etter 7d (. fritak for bygning og grunn i visse luter av kommunen ) :

Differensieringa vil vil føra til forskjellshandsaming i og utanfor området, og vil omfatta alle takstobjekt.-også næring og verk og bruk (m.a. kraftverk/kraftliner). Forskjellige skattesoner etter 12d blir frårådd. 2.6. Fritak etter 7: Objekt etter 5 er lovmessig fritekne for e-skatt, og er stort sett heller ikkje takserte. ( statseigedomar,kommunale eigedomar,kyrkjer, gards/skogbruk unnateke våningshus m.v.) Etter eskl. 7 kan det vidare gjerast slike fritak: Fritak etter 7 må vera konsekvente, og del av budsjettvedtak (evt.eige fritaksvedtak). 7a: gjeld alle juridiske personar der ingen har direkte eigarinteresser,- også aksjeselskap. Gjeld dersom eigedomen blir nytta i almennyttig samanheng. (sjekk: har verksemda eit økonomisk formål?) 7b:Skjønsmessig vurdering, evt.sakkunnig vurdering. 7c:Gjeld berre bustadeigedomar. Vesentleg at eit evt.slikt vedtak blir gitt for eitt år om gongen, - evt.inntil heradsstyret vedtek noko anna. Slikt fritak blir frårådd. 7d:gjeld områder, ikkje bestemte eigedomar. Her gjeld same vurderinga som for 12d (skattesoner),og blir frårådd. Aktuelle fritak etter 7 vil vera 7a og 7b. Fritak bør grunngjevast. 1.2 VERDIAR OG SKATTEINNTEKTER. Pr. 10.november er ein stor del av eigedommane (attstår oml.1000) i Kvam takserte (takstmenn har synfart eigedomen og sett eit takstframlegg til sakkunnig nemnd). Handsaming i sakkunnig nemnd ligg naturleg nok eindel etter, og førebels vedtak er gjort for 3814 eigedomar. Takstsummar for dette som er førebels handsama i nemnda er nytta som grunnlag for eit inntektsestimat. Type eigedom (hovedgrupper) førebels godkjende Takstsum 1000 kr. Heile heradet Estimert Takstsum e-skatt pr.promille Bustad 1245 1 441 450 2855 3 304 mill 3,3 mill. Fritidsbustad 1787 1 272 346 2583 1 838 mill 1,8 mill. Bustad landbruk* 41 41 737 628 628 mill. 0,6 mill Tomt bustad** 607 114 082 2501 469 mill 0,4 mill SUM : 3680 2 869 615 8567 6 680 mill 6,6 mill.

*: Nemnda har varsla nærare vurdering av takstnivå **:Gjeld ubebygde areal tilknytt bustad små og store grunnstykke, maks.takststorleik 2000 m2. Dersom ein legg dette til grunn vil inntektene for denne delen blir 2 promille: 13 mill 3 19 mill 4 26 mill 5 33 mill 6 39 mill 7 46 mill Noverande inntekt frå verk og bruk inkl. kraftverk reknar vi med blir om lag som no dvs. omkring 10 mill. (Verk og bruk er så langt ikkje re-taksert). Ut frå ei slik vurdering vil samla eigedomsskatt, litt avrunda, bli mellom om lag 30 mill. med 3 promille på bustad/fritid og 7 promille på næring/verk og bruk. Evt. Botnfrådrag vil redusera dette, - eit fast botnfrådrag på t.d. 250.000 pr. eigedom (fritid og bustad) vil redusera grunnlaget med 2 141 mill. Samla inntekter vil då bli omkring 25 mill., forutsett uendra verk og bruk/næring. 1.3 HANDSAMING AV VEDTAKET. Eskl.10 fastset at vedtak om eigedomsskatt skal gjerast kvart år i samband med budsjettet, og saka blir å handsama som del av den øvrige budsjetthandsaming. Utsetjing av avgjerd vedr.eigedomsskatt vil i liten grad vera mogeleg i alle høve må Eskl. sine krav i 14 og 15 om utskriving -og utleggingsfrist haldast.

Vurdering: x