Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Oktober 2015
LOVGRUNNLAG Opplæringslova 9a 3 andre ledd plikta til å undersøkje, varsle og gripe inn Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Regelen slår fast at alle som er tilsette ved skulen, har ei handlingsplikt som inneber - plikt til i å gjere undersøkingar, - plikt til å varsle rektor og - plikt til å gripe inn når det er naudsynt og mogleg. Handlingsplikta gjeld for alle som er tilsette ved skulen ved at dei har eit tilsetjingsforhold/ein arbeidsavtale med skuleeigar. I tillegg til undervisningspersonalet på skulen kan dette til dømes vere vaktmeister, assistentar, kontor- og reingjeringspersonale. I rapport etter tilsynet, datert 5. desember 2012, konkluderar Fylkesmannen: Dei tilsette ved Alversund skule er kjent med plikta til å undersøke, gripe inn og varsle når det oppstår krenkjande åtferd. Det er likevel dokumentert at det er skilnad på korleis, om og når dei vaksne grip inn overfor elevar med utagerande åtferd. Dei tilsette oppfyller dermed ikkje heile handlingsplikta etter 9a 3 andre ledd. (Tilsynsrapport side 7) I etterkant av tilsynet har skulen sett i verk fleire tiltak for å sikre betre rutinar for korleis og korti tilsette grip inn i høve til utagerande åtferd. Ein har mellom anna sett det som viktig å sikre gode rutinar for korleis dei tilsette skal følgje opp handlingsplikta. Handlingsplakaten oppsummerar og er retningsgjevande for korleis vi ønskjer at dei vaksne på skulen skal opptre i høve til handlingsplikta. Til grunn for Handlingsplakaten ligg programmet Systematisk tilsyn og veiledning 1 som er utarbeidd ved Åtferdssenteret i Stavanger. På same måte som dei tilsette skal følgje handlingsplikta heile skuledagen, så gjeld også Handlingsplakaten for heile skuledagen; - i undervisninga, i friminutta, før og etter skuletid og på SFO. Både elevar, tilsette, skuleleiing, Samarbeidsutval og Skulemiljøutval har vore involvert i arbeidet med å utforme Handlingsplakaten. 1 Systematisk tilsyn og veiledning er eit rettleiingsprogram som viser korleis skulen kan arbeide for å skape eit trygt og positivt miljø på skulens sitt uteområde og fellesareale. Programmet er utarbeidet ved Universitetet i Oregon, USA, i samarbeid med Iris Media. Det er tilrettelagt med norsk tekst av Atferdssenteret.
Mål for planen Alversund skule har felles forventningar til kva åtferd vi vil sjå. Vi er opptekne av å fremje og kommentere positive handlingar, og er bevisst på at dei vaksne opptrer konsekvent og samkøyrt. Handlingsplakaten skal vere ein reiskap i arbeidet med å nå måla vi har sett oss for det psykososiale skulemiljøet. Handlingsplakaten er primært utforma med tanke på tilsyn ute i friminutta og i overgangar mellom undervisningstimer /friminutt / sfo. Dette er situasjonar som gjerne er prega av usystematiske aktivitetar, mange barn og få vaksne. 3 hovudkomponentar Handlingsplakaten peiker på 3 hovudkomponenter for det systematiske arbeidet: - Bevegelse og scanning - Positiv involvering og oppmuntring - Å handtere problemåtferd Bevegelse og scanning Dei vaksne som har utevakt skal vere aktive på sin post. Ved å vere i bevegelse vil vi oppdage ulike problem som oppstår på eit tidlegare tidspunkt enn om ein står fast på ein post. Gjennom å bevege seg rundt i uteområdet vil dei vaksne kome tettare i kontakt med fleire barn ute, og barna vil i større grad få ei oppleving at dei vaksne er overalt. Utevaktene må vere særleg merksam på utsette område. Scanning nyttast for å sjå eller høyre etter aktivitetar utanfor det umiddelbare området utevakta er i. Teikn på uønska aktivitet kan vere leik som brytar opp utan særleg grunn, ein elev som er aleine eller hurtig utagerande åtferd. Positiv involvering og oppmuntring Irettesetting og negativt tilsnakk utgjer ein stor del av kommunikasjon ute mellom vaksne og barn. Samtidig viser forsking at når hovudfokus blir retta mot negativ åtferd, så kan det i seg sjølv vere med å forsterke negativ åtferd. Vi ønskjer difor å ha fokus på positiv involvering og samhandling. Utevaktene er vennlege, hjelpsame og opne. Dei tar ofte kontakt med elevane, og tiltalar gjerne grupper med elevar i staden for enkeltelevar. Kontakten varar kort (5-10 sekunder), og er gjerne knytte til generelle hendingar eller oppførsel. Dei vaksne nyttar oppmuntring og positivt tilsnakk for å fremme positiv samhandling og halde fokus på spesifikk målsett åtferd. Å handtere problemåtferd. Når uønska åtferd oppstår er det viktig med tidleg involvering frå den vaksne si side. Ein søkjer snarast å få oversikt over situasjonen, definerer problemet og gjer ein god beskjed som korrigerar åtferda. Når eleven/elevane følgjer tilsnakket, følgjer den vaksne opp med positiv kreditt for at dei følgjer beskjeden.
Når eleven/elevane ikkje følgjer beskjeden, gjentar den vaksne beskjeden roleg, og seier kva konsekvensen blir av valet å ikkje følgje beskjeden, - og av å følgje beskjeden. Dersom eleven/elevane ikkje følgjer beskjeden, gjennomførar ein konsekvensen. Generelt for handtering av problemåtferd gjeld at dei vaksne - opptre på ein respektfull måte. - snakkar med roleg stemme, og nyttar eit enkelt og direkte språk. - Fokuserar på den spesifikke negative oppførselen (ikkje på eleven) - konsentrerar seg om det aktuelle problemet - ordnar problemet på to-mannshand. Ein søkjer rask avklaring av problemåtferd, og går snarast tilbake på post når problemet er løyst. Utevakt melder frå til kontaktlærar om brot på skulen sine ordensreglar. Meldinga blir gitt skriftleg. Meldelappar er tilgjengeleg på kontoret og ved hovudinngangane. Reglar og forventningar For at dei vaksne skal kunne opptre konsekvent og samkøyrt er det også ei føresetnad at ikkje berre dei vaksne på skulen er godt kjende med reglar og forventningar i skulen. Dei vaksne på skulen har også ansvar for å lære elevane om dette, og dei vaksne må regelmessig gå gjennom reglane saman med barna. Færre problem oppstår når både vaksne og barn kjenner til reglane som gjeld. Kontaktlærarane skal gå gjennom skulen sine ordensreglar 2 saman med elevane ved oppstart av nytt skuleår. Dei skal også saman gå gjennom reglane som gjeld for uteområdet, opphald og ferdsel i gangar og garderobane, samt andre fellesareal på skulen. Klassane lagar i tillegg eigne klassereglar ved oppstart kvar haust. Generelt om opptreden: Utevaktene skal vere godt synlege og ber gule vestar. Vi har fokus på forventa oppførsel, uttrykt på ein positiv måte. Vi følgjer opp regler og forventningar og er konsekvente Vi tek barna på alvor når dei kontaktar oss Dei vaksne må ha kontakt med kvarandre Problemåtferd og uønska hendingar skal rapporterast til Kontaktlærar eller skuleleiinga. 2 Ordensreglane blir revidert ved oppstart kvart skuleår. Det er i tillegg utarbeidd ei internhandbok for oppfølging av ordensreglane.
Inspeksjonsplan Dei vaksne som har inspeksjon fordeler seg på utearealet ut frå ei områdeinndeling. Dei vaksne skal gå til dette området når dei kjem til inspeksjon, og skal få overblikk over elevgrupperingar og aktivitetar. Dei vaksne som har inspeksjon skal vera i bevegelse i sitt område, og også bevege seg inn i andre område dersom det er behov for dette. Dei vaksne har ansvar både for sitt område og for utearealet i sin heilheit. Dei områda som inspeksjonsplanen opererer med er: Ballbingen Utlånsboden og toaletta ved trimrom Fotballbana Fotballbana bakre del Området mellom inngang ved tannlegen og inngang uglevestibyle, samt toalett Haugen og inngang I Utevaktene skal vere på plass på sin post når friminuttet startar. Når friminuttet er over, skal dei vaksne sjå til at alle elevane går inn, og at innmarsj går føre seg etter gjeldande reglar. Internkontroll Skulen har rutinar for internkontroll i høve til Opplæringslova 9a. Det er utarbeidd ein eiga plan med retningslinjer og rutineskildring for Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Her står det at skulen gjennomførar internkontroll av mellom anna handlingsplikta og oppfølging av Handlingsplakaten kvart halvår (oktober og mars). I tillegg blir det jamleg gjennomført internkontroll ved at skuleleiinga følgjer opp episodar det blir varsla om. Dei vaksne sitt handlingsmønster blir målt opp mot gjeldande rutinar. Friminutt er lagt inn som fast post på team (møte kvar veke). Her kan lærarane ta opp episodar/saker frå friminutta. Det kan vere tilhøve ein må vere ekstra merksam på, elevar med særskilte behov eller annan praktisk informasjon. Lærarane bringer informasjon frå team vidare til assistentane gjennom teammøte på trinn. På denne måten held vi jamleg fokus på elevane sitt psykososiale skulemiljø, og ulike problemstillingar knytt til handlingsplikta.