Styreleders tale. Norges Skogeierforbund Årsmøte 2015 Clarion Gardermoen Airport Hotel - 26. mai 2015



Like dokumenter
Hvorfor. SKOG Norge. Skog og Tre 2014 Olav Veum, Styreleder Norges Skogeierforbund

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

AT Skog SA Årsmøte 2017.

DB

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Tømmer og marked - industriutvikling. Regionalt Bygdeutviklingsprogram for Vestfold og Telemark, Bø 28. februar 2018

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Styreleders tale Årsmøte i Norges Skogeierforbund 2016

Vika skogsveg i Åkra, bygd i 1999 Foto: Anbjørn Høivik. Hovedplan skogsveier Kvinnherad kommune

Mulighetene for å reise skogeierkapital

Brukarrettleiing. epolitiker

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Team Hareid Trygg Heime

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Forslag frå fylkesrådmannen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk


Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Årsmelding et år med relativt høye priser og god avsetning på alt tømmer

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Frå novelle til teikneserie

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Brukarrettleiing E-post lesar

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Forum Reiseliv arrangerast om lag 6 gongar i året. Synest du dette er

Rektorforum 15. april

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Til deg som bur i fosterheim år

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»


Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

IKT-kompetanse for øvingsskular

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

Motivasjon for læring og meistring. Volda Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy ivar.orstavik@heroy.kommune.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Bioøkonomi Telemark Grunnlag for grøn næring Klimakonferansen Telemark. 18. januar 2017 Olav Veum

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

SKOG 22 SKOGINDUSTRIELLE MULIGHETER KAN VI NÅ MÅLENE? KOLA VIKEN, 3. november. Olav Veum Norges Skogeierforbund og AT SKOG

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

MEF temadag skog. Oslo, 10. november 2018

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

ehandel og lokalt næringsliv

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Jon Fosse. For seint. Libretto

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Styreleders tale til AT Skogs representantskap 2011

mmm...med SMAK på timeplanen

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Brødsbrytelsen - Nattverden

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Lotteri- og stiftingstilsynet

Klyngeutvikling. som bidrag til styrka konkurransekraft, økt aktivitet og verdiskaping

Virkesanalyse for Hedmark og Oppland

6. trinn. Veke 24 Navn:

Støtteordningar og søknader

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Transkript:

Norges Skogeierforbund Årsmøte 2015 Clarion Gardermoen Airport Hotel - 26. mai 2015 Styreleders tale Møteleder, årsmøte, gjester gode skogvenner! Det er med stor glede eg kan ønske velkommen hit til årsmøte i Norges Skogeigarforbund. Skognæringa er inne i ei skjebnetid. På mange vis er det vel alltid slik at vi har store utfordringar. Men i dag, ved årsmøtet 2015, opplever eg at både vi som organisasjon og vår næring, står framfor større moglegheitar enn på lenge. Skogeierforbundet på offensiven Vi skal behandle styrets årsberetning for 2014, og det er naturlig med eit tilbakeblikk på året som har gått. Når vi sto her i fjor, hadde vi nyleg tilsett ny administrerande direktør. Vi la fram eit årsresultat for 2013 med eit vesentleg underskot. Vi har i mange år hatt ein utfordrande situasjon med å tilpasse kostnadsnivået til den økonomien Skogeierforbundet må leve med etter bortfall av finansinntekter. Dei siste 6-7 åra har vi hatt relativt store årlege underskot, og egenkapitalsituasjonen har vore pressa. Det er derfor ei stor glede, men også heilt nødvendig å kunne melde, at vi er forbi botpunktet. Styret legg fram eit årsresultat for 2014 som ligg tett opp mot eit null-resultat. Rekneskap og prognoser for 2015 viser klare plusstal. Vi har fått kontroll på kostnadene, og ligg for framtida godt an til å drive denne organisasjonen med eit sunt positivt resultat. Dette har tatt tid, og det har kosta. Særleg for våre tilsette. Vi har gjort viktige grep med tanke på pensjonsordningar. Vi har nedbemanna. Vi har flytta hovudkontoret som både har medført samlokalisering med andre skogfolk, men også vesentleg lågare kostnader. Vi har effektivisert og endra måten vi driv på, som har skapt grunnlag for større eksterne inntekter. Mykje av dette har skjedd fordi vi har dyktige og engasjerte medarbeiderar. Skogeierforbundet står no svært godt rusta. Vi er og skal vere skogeigarens viktigaste verktøy for å skape betre rammevilkår og sikre ei god framtid for skognæringa i Norge. For fyrste gong på lenge skal vi nå tilsette fleire medarbeiderar. Det betyr ikkje at vi går vekk frå ein tydeleg kostnadskontroll, men det viser at vi satsar offensivt innanfor dei rammene vi har. Så lenge eg har vore ein del av dette systemet har vi som eigerar vore særleg opptatt av to ting. Gjennomslag for viktige politiske saker og auka synlegheit. Eg vil derfor berømme vår gode administrerande direktør for å ha tatt oss opp i ein ny divisjon. Vi har aldri hatt så mange treffpunkt med dei viktigsaste beslutningstakerane for vår næring. Vi har heller aldri hatt større gjennomslagskraft i media med våre saker. Men la meg også raskt skyte til dette er ingen one man show. Skogeigarforbundet har i dag nasjonal ekspertise på fleire viktige felt. Skog, biomangfold og klima der Nils og Svein er i særklasse. Samferdsel og infrastruktur der Dag er heile næringas ekspert. Sertifisering og FoU med Thomas som ein nøkkelperson. Europeiske spørsmål, tomtefeste og konsesjonslov med Ellen som stødig fagperson. Ein offensiv mediestab, men Norges desidert største skogfaglege tidsskrift SKOG der Åsmund, Inge, Anders og Trond gjer ein kjempejobb. Ikkje minst Øyvind, Unni og Lene

som sikrar god økonomistyring og effektiv praktisk drift. Tusen takk alle saman, eg trur vi har mykje spennande i vente! Men og det er eit men vi kan ikkje lene oss tilbake med dette. Som eg sa innledningsvis er vi inne i ei skjebnetid. At vi har fått Skogeigarforbundet i ein offensiv posisjon er i grevens tid. For fyrste gong på mange år virkar det som om Norge har vakna litt frå det eg vil kalle ein oljedøs. Alle er enige om at ein av dei viktigaste vegane framover for nasjonen Norge er gjennom det grønne skiftet. Vår oppgåve er å sikre at denne vegen også går gjennom skogen! SKOG 22 For oss som skogeigerar og skogbrukerar er fotosyntesa eit kjent begrep. Vi har lært det, fortalt om denne fantastiske mekanisma, og satsa på at fleire med oss skal sjå at dette er grunnlag for ei bærekraftig lønnsom utvikling. Vi har lenge snaka om olje på land. Nå er det på tide å bruke denne langt meir aktivt. Vi var derfor svært fornøygde med at både den Raudgrøne regjeringa foreslo å lage ein nasjonal strategi for skog- og trenæringa, og at Høgre / FrP regjeringa følgde det opp. SKOG 22 og har prega mykje av arbeidet i Skogeierforbundet i 2014. Vi har fått ein offensiv strategi. Ambisjonen er ein firedobling av omsetningsverdien i sektoren, 30-50 % auke i avvirkninga og 20 % reduksjon av klimagassutslepp. Rapporten er tydeleg på kva slags tiltak som må til, og relativt tydeleg på kva næringa sjølv bør bidra med. Arbeidet har blitt eit referansearbeid og dokumenterar skogens potensielle rolle i det grønne skiftet. Flott - vi har ein rapport! Men det hjelper nesten ingen ting. SKOG 22 har ingen verdi med mindre vi klarer å følge han opp både frå styresmaktenes side og ikkje minst som næring. Og la meg vere veldig tydeleg på dette. Vi kan ikkje rekne med at framtida for vår næring skal komme seglande inn på sølvfat bare vi får staten til å gjere sitt. Eksportandelen av norsk tømmer er rekordhøg. Vi går med store skritt mot ein situasjon der vi blir råstoffeksportørar. I det korte bildet kan det vere OK. Men på lang sikt er verdien på vårt råstoff avhengig av at vi har ein moderne, lønsam industri som lagar dei mest verdifulle produkta av vårt råstoff, og som ligg slik til at transportkostnadene for både tømmer og ferdigprodukt er lågast mogleg. Arbeidet med SKOG 22 viser at norske skogeigerar har under halvparten i nettofortjeneste på tømmeret samanlikna med våre svenske venner. Råstoffkostnaden til industrien er imedan ganske lik. Prisen på tømmer er i all hovudsak bestemt i ein internasjonal konkurranse. Skogeigaren har i veldig stor grad tatt kostnaden med å sikre skognæringa konkurransekraft. Dette kan ikkje halde fram. Vårt fokus må derfor være å redusere kostnadane mellom skog og marked, samt bidra til at verdien på dei produkta som kan lagast av tre får høgare verdi. Skog 22 peikar på mange konkrete tiltak. Både innanfor samferdsel, industrielle rammevilkår, energipolitikk, skatteordningar og byggforskrifter. Skogeigarforbundet jobbar med dette kvar dag, og interessa er stor. Utredninga er gjort tiltaka er gryteklare.

Misforstå meg rett. Det er veldig positivt at vår landbruks- og matminister ønskjer å lage ei eiga skogmelding. Ho meiner vår næring fortjener eit spesielt fokus og eg er einig. Men la det ikkje bli ei sovepute for å vente ytterlegare eit år med å ta tak i dei konkrete utfordringane. For krisa er på ingen måte over. Vi malte eit ganske skremmande bilde av næringas utfordringar når Tofte vart lagt ned. Året etter i 2014 opplever vi rekordhogst. Superaktivitet. Optimisme. Flott! Men kva har skjedd. Jo, vi fekk ein vesentleg styrka konkurransekraft både for tømmer og trebaserte produkt på grunn av ei svekka norsk krone. Vi fekk ein viss oppgang i etterspørsel etter trelast, og ein vesentleg vekst i særleg den svenske produksjonen. Og som nevnt stadig større volum er flytta over på langdistansetransport som tog og båt. Nå i våres har delar av verdikjeda stoppa opp. Det er formidable lager av massevirke og flis på sagbruka. Prisen er svært låg, enkelte stader dekker ikkje massevirkeprisane driftskostnaden. For energivirke er reknestykket mange stader direkte negativt. Så la meg oppsummere SKOG 22. Strategien er god. Ambisjonsnivået og potensialet burde vere svært interessant både for investorar, næringa sjølv og samfunnet. Men det må handlast. Vi treng ikkje fleire strategiar men konkrete prosjekt og etableringar. Eg er derfor veldig glad for at vi seinare i dag skal få ein presentasjon av eit knippe heilt konkrete prosjekt for ny trebasert foredling. Det skapar framtidstru og optimisme men det kjem også til å stille oss ovanfor ein del valg. Skogeigarar og industri Eg er ein av dei som meiner at skogeigerar har særleg stor interesse og evne til å bidra til styrking av eksisterande og etablering av ny industri. Vi har ei særleg interesse i å skape avsetning for tømmer som opprettheld verdien av vår skog. I samarbeid med andre interesser både frå industri- og kapitalsida, bør vi legge til rette for ny nasjonal skogindustri. I tillegg bør staten sjå på dette som ei god investering. Næringsnøytralitet blir naivt. Skogressursen er eit komparativt fortrinn for Norge. Det må vi utnytte slik at vi kan sikre høg verdiskaping, sysselsetting og vekst for landet. For ganske nøyaktig eit år sidan la Skogeierforbundet fram eit forslag til ein modell som skulle gjere det mogleg å omplassere skogfondskapital til investeringskapital. Dette er ei direkte oppfølging av eit forslag som er formulert i regjeringserklæringa. Forslaget er drøfta i SKOG 22 og er anbefalt som tiltak. Vi har nyleg jobba vidare med modellen. Det er opplagt utfordrande å røre ved skogfondsordninga, det skal vi vere forsiktige med. Eit foredla forslag går nå ut på at ein etablerar ei separat ordning som gir moglegheit for ein skogeigar til å gjere ei skattefri avsetning frå ei tømmerdrift til industriellt formål. Beløpet blir som skogfond untatt beskatning, ved at det settast av i eit fond som kan disponerast til utvikling av foredlingsindustri. Avkastning og/eller realisering vil medføre skatteplikt. Ordninga inneber med andre ord ikkje skattefritak men ein skattekreditt. Vi har ennå ikkje alle detaljar på plass, men eg håpar dette er ei ordning vi i fellesskap kan få til, som eit tiltak for å gjere den samla skogkapitalen meir verdt, både for skogeigerar og samfunn. Diskusjonen om foredling bringer meg over på eit anna tema.

Konkurranse og struktur blant aktørane i virkesmarkedet Som eg innleda med er vi inne i ei tid med klare signal om endring. Vi har lenge hatt sterk konkurranse mellom aktørane i salget av tømmer, men vi har den siste tida fått vesentleg sterkare konkurranse i innkjøpet av tømmer. Også mellom andelslaga. Konkurranse er sunt og utviklar. Men vi må samtidig stille oss spørsmålet kva konkurransen oss imellom fører til. Til nå er det ein konkurranse i lågast mogleg tømmermargin. Prinsippet om lik pris levert bilveg er mange stader ein saga blott. Vårt prinsipp om lik prispolitikk kom for alvor i forbindelse med etableringa av felles industri. Ein kunne lokalisere industrien der forholda låg best til rette. Gjennom å tilby relativt like vilkår til alle skogeigerar var det mogleg å sikre ein forutsigbar råstofftilførsel og unngå utmattande lokaliseringsdiskusjonar. Dersom vi som skogeigerar skal reise industri på ny må vi tenke nøye gjennom korleis vi skal løyse denne utfordringa. Vi må vere tydelege på å skille leverandør- og eigarrolla. Samtidig vil det nok vere vanskeleg å få ein skogeigar i ein del av landet til å vere med på ei investering langt unna, dersom ikkje vedkommande har glede av dette i form av lønsam avsetning. Skal vi som verktøy for våre skogeigerar kunne bidra til ny nasjonal foredling, må vi evne å samarbeide om desse sakene. Eg er redd for at ein vidareføring av norgesmeisterskapen i lågast mogleg margin ikkje vil gjere oss i stand til det. For det fyrste vil vi ikkje ha kapital, for det andre vil vi aldri bli einige om kor fabrikken skal ligge. Av fleire årsaker, men også denne, meiner eg derfor at det som nå skjer i skogeigarsamvirket på struktursida er bra. Viken AT Market er eit døme. Dette er med på å skape større proffesjonalitet i eit internasjonalt marked, og vil kunne føre til samarbeid om infrastruktur og foredling. Fusjonen i Vest likedan. Ei nødvendig styrking. I Mjøsen har ein gått så langt som å gjere eit årsmøtevedtak på å etablere eit nasjonalt skogeigarsamvirke. I Havass og Glommen signaliserar ein ønske om å starte samtalar med tilgrensande aktørar. I Allskog er ein avventande til prosessen i Sør-Norge, men har signalisert at dette er eit viktig og nødvendig tema. Vi er med andre ord i bevegelse. Så er det viktig for meg på talarstolen i Skogeierforbundets årsmøte, å understreke at dette ikkje fyrst og fremst er ei sak for forbundet. Dette er opp til kvart enkelt andelslag. Men eg dristar meg likevel til følgjande vurdering: Skogeigarsamvirket er den desidert største aktøren i skogenden av den norske verdikjeden. Vi representerer over 80 % av tømmeromsetninga og nær 36.000 skogeigerar. Skal målsetninga i SKOG 22 innfris tur eg at både vi og heile næringa er avhengig av at vi evnar å samarbeide om dei store spørsmåla framover. Utover bare det som handlar om rammevilkår. Dette må ikkje gå utover vårt arbeid med å bli endå meir konkurransedyktige og rasjonelle, men evnar vi å samle kreftene vil vi klare meir enn kvar for oss. Eg helsar derfor velkommen den debatten vi no er midt inne i. Dette kjem frå grasrota, frå skogeigarane. Det er vår plikt som tillitsvalde å møte desse ønska samtidig som vi må vise lederskap. Så er de fleire enn oss som skal meine noko om dette, men SKOG 22 rapporten har peikt på nettopp dette som eit nødvendig tiltak.

SKOG Norge - Samarbeid i Verdikjeden Ei av dei vansklegaste og viktigaste sakene for Skogeierforbundet i 2014 var SKOG Norge prosessen. Saka hadde sin bakgrunn i vårt ønske om å skape ein sterkare og meir omforent næringspolitisk organisasjon. Skogeigarane treng ein kraftfull nasjonal næringspolitisk spydspiss. Vårt næringspolitiske felt er smalt og dess betre vi klarer å forene kreftene og jobbe saman som næringspolitiske aktørar, dess meir vil vi oppnå. Skogeierforbundet inviterte åpent til ei samling under paraplyen SKOG Norge. Fokus var inn mot skogdelen av skognæringa, men med klar ambisjon om eit tett alliansesamarbeid med resten av verdikjeden. Målet av at 1+1 skulle bli meir enn 2. I ettertid kan vi konstatere fleire ting. For det fyrste kan det sjå ut som vi ikkje er like einige om dei viktigaste sakene som vi trudde. Eller for å sei det på ein anna måte, vi er ueinige om kva som er viktigast. Vi ser også ulikt på verdien av fleire mindre aktørar kontra ein stor og slagkraftig. Vi hadde denne saka oppe til drøfting på lederkonferansen i november 2014. Vår organisasjon meinte ei utvikling av ein sterkare allianse der ein kunne samle og styrke kreftene i det næringspolitiske arbeidet var viktig, men det kunne sjølvsagt ikkje skje med mindre aktørane sjølv ville. Ein ville derfor avvente å sjå korleis ein konkret skulle følge opp SKOG 22, før ein konkluderte. I verdikjedesamarbeidet som består ev dei fleste sentrale aktørane i skog-og trenæringa, fremma også Skogeierforbundet eit ønske om å samle ressursane og satse i fellesskap bl.a. gjennom ein felles sekretariatsfunksjon. Ikkje som eit alternativ til SKOG Norge, men for å sikre at næringa var betre rusta til å følge opp SKOG 22 som ei samla næring. I tillegg var det fleire nye aktørar som ønskte å gå inn, både med kapasitet og ressursar. Heller ikkje her var det konsensus om å utvide og formalisere for å få meire kraft. Dagens verdikjedesamarbeid for skog og trenæringa er verdifullt, men vil i mindre grad enn om vi hadde satsa meir i fellesskap, evne å samle og spisse budskapet og med det sikre gjennomslag for dei tiltaka vi har omtalt i SKOG 22. Det er synd. Skogeierforbundet bidrar vesentleg inn i dette samarbeidet og kjem til å fortsette med det. Vi trur likevel at næringa ville stått seg på å bruke meir ressursar i fellesskap og tydeleggjere budskapet, slik vi mellom anna ser at maritim sektor har gjort med hell. Vår tanke om eit meir koordinert og samordna initiativ for å oppnå saker i fellesskap har likevel fått ei god løysing. Vi lykkast no i utgangen av april å få til eit 3 årig samarbeid på dei viktigaste felta med aktørane NHO Mat- og Drikke/SL, Statskog og Norskog. Samarbeidet er formulert som eit treårig prosjekt. Statskog og NHO MD bidrar med vesentlege økonomiske ressursar, medan Skogeierforbundet og Norskog skal stå for det operative arbeidet. Skogeierforbundet har ansvaret med å samordne satsinga. Med dette samarbeidet har vi langt på veg lykkast med det som var grunnintensjonen med SKOG Norge. Vi har like mange aktørar som før, men vi evnar å samle ressursane på fem viktige fagfelt der vi i fellesskap kan jobbe fram eit solid grunnlag for den næringspolitiske jobben. Samarbeidet vil vere eit vesentleg faglig bidrag inn i verdikjedesamarbeidet. Så får vi bare konstatere at tida ikkje var mogen for eit meir formalisert samarbeid. Vi har vore veldig opne på vårt forslag men kan ikkje legge premissar for andre. Eg er imedan sikker på at Skogeierforbundet både gjennom den styrkinga og veksten vi får i eigen regi, men også

gjennom det gode samarbeidet vi nå etablerar, vil evne å bli ein endå tydlegare og fagleg god aktør med større gjennomslagskraft. Styrken ligg i at vi i fellesskap som skogeigarsamvirke står bak vår eigen organisasjon. Med det har styret valgt å legge saka om SKOG Norge på is, og har ikkje valgt å legge saka fram for ytterlegare organisasjonsmessig behandling. Næringspolitiske saker Med det som bakteppe, la meg kort nevne nokre av dei viktigaste politiske sakene vi har jobba mykje med i 2014, og som blir viktige framover. Eiendomslovverket Heilt sidan regjeringsskiftet i 2013 har det vore varsla ei liberalisering av eigedomslovverket. Det har blitt skapt eit bilete av at skogbruk er hobby. At ein må vere proffesjonell skogeigar dersom ein skal nå målet om auka avvirkning. Og at det mest effektive virkemiddelet er å fjerne alle reglar kring eigedomsomsetning slik at alle kan kjøpe skog, alt frå utanlandske livselskap til skogeigaren på nabogarden. Regjeringa ønsker å fjerne heile konsesjonslova samt bestemmelsane om buplikt. Det må vi seie er radikalt. Kva så? For det fyrste. Det er ikkje slik at aktiviteten på ei eigedom bare er avhengig av størrelse. Mange små driv aktivt vi ser eksempel på store eigedommar som driv lite aktivt. Dernest kva meiner ein med ein proffesjonell skogeigar. Skal det vere ein skogeigar som lever av å vere skogeigar, som lever av å forvalte sine skogressursar. I så fall snakkar vi om eigedommar med ei årleg avvirkning på 30-50.000 m3. Dei skogeigarane som har eit slik ressursgrunnlag i Norge i dag driv heller ikkje sjølv. Dei fleste har folk til å forvalte dette. Dei leiger inn driftskapasitet, dei kjøper tjenester til skogkultur og planting, dei kjøper skogbruksplan frå eit planselskap. Akkurat som ein skogeigar med 200 mål skog. Det viktigaste er interessa til den som eig, og sjølvsagt at tømmeret har ein verdi som gjer den interessant til å forvalte og utnytte. Verdien med den norske eigedomsstrukturen er at mange eig og at vi med det er ei stor gruppe grunneigerar politikerane ikkje kan oversjå. Vår forvaltningsmodell med eit generasjonsbasert familieskogbruk, sikrar langsiktig forvaltning av ein ressurs som må skjøttast over mange tiår. Og så har vi nettopp skogeiersamvirka, som sikrar skogeigarane, store som små, tilgang på det mest effektive og mest proffesjonelle fagmiljøet både innanfor drift, skogkultur, marked og plan. Eit styrka skogeigarsamvirke vil vere garantisten for ein meir effektiv ressursutnyttelse! Skogeierforbundet meiner at skog bør bety meir for fleir. Det inneber at dei som er interessert i å drive bør få god moglegheit til det. Vi har derfor foreslått fjerning av gevinstbeskatning ved salg, slik regjeringa allerede har foreslått og som i dag virkar direkte hemmande. Vidare har vi foreslått å innføre ei tidsbegrensning for dødsbo som eigarform, vurdere grunnlaget for buplikt på reine skogeigedommar, forenkle prosessen rundt mindre eigedomstransaksjonar, forenkle praktisering av delingsforbodet samt fjerne prisreguleringa for skogeigendommar. Skogeierforbundet meiner det ikkje er rett å fjerne konsesjonslova slik forslaget inneber.

Tomtefeste Ei anna sak som har prega vår organisasjon lenge er Tomtefestelova. Eg skal ikkje dra heile historikken, men vi kan konstatere at dersom det ikkje hadde vore for Skogeierforbundets innsats hadde dette ikkje vore ei sak. Dommen i EMK har bana veg for ei revurdering av grunneiers rett til å regulere leigeforholdet i tomtefestesaker jf 33. Vi har no fått eit forslag til ny lovtekst frå regjeringa som mellom anna gir bortfestar rett til å oppjustere festeavgifta til 2,5 % av marknadsverdi, dog med eit tak på ca 11.000 kroner. Tomtefestelova frå 2004 var eit regelrett ran og stor urett mot ei gruppe av bortfesterar. EMK konstaterte at det var brudd på menneskerettighetane, og påla norske styresmakter å bringe såkalla fair ballance inn i det nasjonale lovverket. Det er dette som nå skjer. Så er det forstemmande at enkelte miljø både næringspolitiske og politiske så til dei grader ikkje vil ta inn over seg at det er begått ein urett. Det er imedan svært interessant at dommen i EMK nå får konsekvensar for andre område enn 33. Styret i Skogeierforbundet fekk nylig ei orientering frå Advokat Flaaten om nye saker innan andre delar av tomtefestelovverket som no prøvast for høgsterett med utgangspunkt i krenking av grunneigarretten etter Lindheimdommen i EMK. Skogeierforbundet skal vere stolte av at vi som einaste organisasjon følgde denne saka heilt fram. Mange bidrar i oppfølgingsarbeidet om tomtefestesaka som no pågår, men vi hadde aldri fått fram at grunneigarretten er ein menneskerett som ikkje kan krenkast, utan at Skogeierforbundet hadde brukt til dels store ressursar på å fremme saka for EMK. Det er mange andre saker ein godt kunne ha snakka om. Vi har på trappen ei ny melding om biomangfald. Vi har skog- og klima, der bl.a vårt arbeid har ført til at Regjeringas klimamelding som kom i januar understreker skogens betydning i klimasamanheng. Vi kunne nevt arbeidet med samferdsel, frivillig vern der vi sikra tilstrekkelege økonomiske rammer. Ny PEFC standard. Vi kunne ha snakka om rammevilkår for biodrivstoff. Vi kunne ha snakka om skatt. Feltet er stort. Eg har lyst til å avslutte med eit blikk inn mot skogen og ut mot framtida. Det er veldig fort at vi gløymer det viktigaste i vårt næringspolitiske engasjement. Eg er opptatt av skogbruk av faget. Eg er bekymra for at vi ikkje driv eit fagleg sett godt nok skogbruk i Norge. Tilveksten har avtatt. Vi har vesentleg lågare investeringar i foryngelse og skogkultur enn kva vi burde hatt. Hogstmogen skog blir ikkje avvirka. Som ein avslutning på mitt innlegg vil eg oppfordre oss alle til å reise fana for eit meir aktivt skogbruk. Det leder meg over til noko av det mest gledelege for framtida. Ja vi opplever fokus frå politisk hald. Det snakkast om bioøkonomi og grønne skift. Det mest konkrete er likevel rekrutteringa til næringa. Ved Evenstad var det nå i vår rekordsøkning, og søkninga til NMBU auka med 159 %!! Vi har satsa offensivt lenge på VelgSkog og nå gir det resultat. Vi har også satsa lenge gjennom Trefokus på auka trebruk. Nyleg opna senter for Husdyrfag ved NMBU der det til saman var brukt 12.000 kubikk trevikre. I Bergen reiser verdens høgaste trehus seg. Vår næring har fått ei lissepasning. Moglegheitane er mange. Det er opp til oss om vi skal sette ballen i mål og med det bidra til ei god framtid for norske skogeigerar.

Til slutt vil eg takke. For det fyrste vil eg takke for at eg får lov til å vere tillitsvald og ha det privilegiet det er å lede Norges Skogeierforbund. Eg vil vidare rette ein stor takk til alle ansatte. De gjer ein formidabel innsats alle saman. Eg må særleg få takke deg Erik. Du skal få dele dine erfaringar etter eit år i vår bransje, men eg opplever som eg sa i starten at du har fått oss opp ein divisjon, og at vi nå har ein unik posisjon for det vidare arbeidet. La meg også takke mine gode kolleger i styret. Det er innimellom krevande å lede eit styre som bare består av styrelederar. Det synast eg går veldig bra, vi har gode diskusjonar og er eit sterkt kollegium. Takk også til andelslaga, både tillitsvalde og tilsette. Eg er overbevist om at vi bare har skrapt i overflata på måtar å samarbeide på framover. Vi har nå eit utruleg sterkt, framoverlent og offensivt verktøy i Norges Skogeierforbund, la oss beholde og videreutvikle det til beste for den norske skogeigaren. Takk! Olav A. Veum Styreleder, Norges Skogeierforbund