Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2013/2866 Løpenr.: 17426/2016 Arkivkode: K01 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 21.09.2016 16/125 Sakshandsamar: Signe Vinje Høyringsutkast tilretningsliner for motorferdsel i utmark Vedlegg: 1 Høyringsutkast til retningsliner for motorferdsel i utmark Dokument i saka: Motorferdselslova Forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag Forskrift om bruk av vannscooter og lignende Gamal motorferdselsplan for Vinje Bakgrunn: I denne saka skal plan- og miljøutvalet ta stilling til retningsliner for motorferdsel i utmark. Retningslinene skal sendast til relevante aktørar til uttale og leggjast ut på heimesidene til kommunen før dei blir endeleg vedtekne. Prosess Retningslinene skal: Avklare korleis motorferdselslovverket kan tilpassast til lokale tilhøve Vera ei rettesnor for handsaming av søknader om motorferdsel i utmark Vera ei rettesnor for dei som ønskjer å søke om motorisert ferdsel i utmark Plan- og miljøutvalet vedtok 29. juni 2016 oppstart av endring av motorferdselsplanen. Det blei vedteke at: Motorferdselsplanen skal erstattast av retningsliner Retningslinene skal avklare kva vilkår kommunen kan sette i samband med handsaming av søknader om køyreløyve, og avklare tilhøvet mellom transportløyve og hytteløyve
Snøskuterklubbar, hyttevelforeiningar som me har kontaktinformasjonen til, personar med transportløyve, politi, SNO og fylkesmannen skal involverast i prosessen Det skal ikkje settast i gong arbeid med forskrift om faste helikopterlandingsplassar utanfor Hardangervidda nasjonalpark. SNO og lensmannen har fått høve til å koma med tilbakemelding før handsaminga. Det har ikkje kome innspel, men dei vil få eit nytt høve under høyringa. I kommunen har næringskontoret og Tenestetorget vore involvert i utarbeidinga av retningslinene. Anna oppfølging Saman med nye retningsliner blir det også arbeidt med betra informasjonsløysingar på nett og nye digitale søknadsskjema. I tillegg blir det utarbeidd nye malar for køyreløyve. Vurdering: Oppbygging av retningslinene Retningslinene er bygd opp med utgangspunkt i lover og forskrifter om motorferdsel, i tillegg er fleire av punkta frå den tidlegare motorferdselsplanen vidareført. Nytt for alle retningslinene er at dei presiserer kva ein søknad må innehalde, kva eining som skal handsame søknadene og det kjem tydlegare fram kva juridisk heimel løyvet kan bli gitt etter. UTDJUPING OG GRUNNGJEVING AV HOVUDPUNKTA I RETNINGSLINENE Felles retningsliner for alle løyve Definisjonar Fellesreglar Klage Viser kva som er meint med ulike omgrep. Vilkår som gjeld alle typar løyve. Retningslinene er i stor grad vidareført frå den gamle motorferdselsplanen, men køyretid mellom kl. 06 og 24 er nytt. Dette er det same som for fritidsløypenettet. Retningslina viser til forvaltingslovas klageparagraf, og er meint som opplysing. Løyve til bruk av snøskuter Ikkje behov for søknad Lista er ei oppsummering frå motorferdselslovverket. Forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark etc. seier at hytter som ligg meir enn 2,5 km frå brøytt bilveg kan få løyve, så sant det ikkje er tilbod om transportløyve i området. Dette gjeld rundt 600 hytter. Dette løyvet er godt etablert i Vinje. Hytteløyve Dersom alle hyttene skal dekke transportbehovet med leigetransport, vil det i helger og høgtider ikkje vera nok leigetransportørar. Ein kan derfor hevde at tilgangen til leigetransportørar ikkje er tilfredstillande til ei kvar tid. Sidan hyttene ligg spreitt, og transporttilbodet kan variere frå år til år, har retningslinene lagt opp til eit tak på turar per hytte. Alternativet var å dele
kommunen opp i geografisk avgrensa område, men dette viste seg å vera vanskeleg å gjennomføre. Retningslinene legg derfor opp til eit tak på 10 turar per hytte under 1000 meter over havet, og 5 turar per hytte over 1000 meter over havet. For Songa, Bordalsvatn og Bitdalsvatn gjeng grensa ved demningane, sjølv om vatnet ligg på under 1000 meter over havet. Ved Falkeriset gjeng grensa litt over 1000 meter for å inkludere hyttene ved Mariroe. Transportbehov utover dette må nytte seg av leigetransport. Med dette vonar me at bruken av snøskuterar i større grad blir prioritert til transport av varer og bagasje til og frå hytta, og ikkje til andre småturar. Før turen startar må datoen og turen førast på løyvet. Dette skal visast fram ved kontroll. Det er sett vilkår om at all transport skal skje med slede. Grunnen til dette er at løyvet blir gitt til transport av varer og bagasje. Då må ein ha slede. Transportløyve Utmarksnæring for fastbuande Transport av materiell og utstyr for utmarksnæring Funksjonshemma Gruppeturar Vedtransport Formuleringane frå motorferdselsplanen er i hovudsak vidareført, med nokre nye vilkår. For å sikre at transportløyva blir delt ut til vinbyggjar som ønskjer ei tilleggsnæring, er det sett krav om organisasjonsnummer. I tillegg er det eit krav om at køyreboka skal vera med på alle transportar. Det må rapporterast minst 8 oppdrag i året for at løyvet skal kunne fornyast. Retningslina opnar likevel for at ein kan grunngje i søknaden kvifor ein ønskjer fornying av løyvet sjølv om ein rapporterte under 8 oppdrag førre sesong. Retningslina vidarefører i hovudsak reglane i forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark ect. Løyvet kan gjelde for 3 år om gongen. Retningslina gjeld både for snøskuter og barmark. I hovudsak er innhaldet henta frå forskrift for bruk av motokjøretøy i utmark etc. Det er ingen særskilte tilpassingar til lokale tilhøve. Klima- og miljødepartementet vurderer å endre heimelsparagrafen til også å gjelde persontransport. Dette kan mellom anna opne for at kommunen kan gje løyve til organiserte turar utanfor fritidsløypenettet (til dømes over Songa). Innhaldet i retningslina er i hovudsak henta frå motorferdselslovverket. Det fører likevel til at praksisen om tildeling av løyve til funksjonshemma blir noko stramma inn, mellom anna ved større krav til dokumentasjon av helsetilstand. I samråd med kommuneoverlegen er det utforma eit skjema som skal fyllast ut av lege og leggjast ved søknaden. Innhaldet i retningslina er henta frå motorferdselslovverket. Det er ingen lokale tilpassingar, men det blir presisert kven som får løyvet, krav om dokumentasjon av trasé og innhald i søknaden. Innhaldet i retningslina er henta frå motorferdselslovverket. Det er ingen lokale tilpassingar, men det blir presisert eit krav om at søknaden og løyvet skal vise hovudtrasé.
Fritidskøyring Utkøyring av jervbåsar Innhaldet i retningslina viser til kommunens forskrift om fritidsløypenettet, og presiser enkelte reglar om tildeling av løyve. Retningslina viser til innhaldet i motorferdselslovverket Bruk av ATV og andre barmarkskøyretøy Ikkje behov for søknad Bruk av båt og luftfartøy Ei oppsummering frå motorferdselslovverket Båt Viser til og oppsummerer motorferdselsregelverket Vasskuter Luftfartøy Viser til og oppsummerer forskrift for bruk av vasskuter, og korleis dette slår ut i Vinje (vasskuter berre er lovleg Totak, Møsvatn og Songa) Viser til og oppsummerer motorferdselsregelverket. Det blir også presisert helikoptertransport. Dispensasjonar Retningslina vil føre til ei endring av praksis, fordi tidlegare handsamingar av søknader ikkje alltid har samsvar med lovverket. Det blir gjort tydeleg at dispensasjonane skal vedtakast politisk, og kva motorferdselslovverket set krav om av vurderingar. Snø og barmark Luft og vatn Retningslina presiserer lokale behov som er kurante å gje dispensasjon til. Det gjeld køyring i samband med idrettsarrangement som Helterennet og næringar som ikkje gjeng under definisjonen utmarksnæring, til dømes handverkarar. Dispensasjonar til ATV-køyring skal vurderast meir restriktivt enn snøskutertransport for å verne om biologisk mangfald. Dette har blitt praktisert i Vinje til no, og no blir denne praksisen nedfelt i retningslina. Denne retningslina viser til motorferdselslova. Av lokale tilpassingar er punktet om at løyve til å lette og lande i samband med storviltjakt kan gjelde i opptil 5 år om gongen. Endringar av eksisterande praksis: Grunneigarløyve har blitt gitt til grunneigarar som til dømes skal ta seg inn til sin eigen støyl. Det er gitt få føringar for bruken av grunneigarløyva. Denne praksisen er vanskeleg å finne ein heimel til i motorferdselslovverket. Ein støyl som ikkje blir nytta i samband med gardsdrift blir sett på som hytte. Grunneigarar som før har fått grunneigarløyve må no søke om hytteløyve. Næringsløyve har blitt gitt til næringar som har hatt oppdrag i utmark, til dømes handverkarar som er på vedlikehaldsoppdrag på hytter. Lovverket understrekar at berre utmarksnæring kan få køyreløyve, men handverkarar kjem ikkje under definisjonen som ei utmarksnæring. Desse næringane må frå no av søke dispensasjon for å få køyreløyve.
Songaisen har vore transportåre til hyttene Fjarefit (15 km i luftline frå Trolldalsdammen), Smerheller (10 km luftline) og Berunuten (6,5 km luftline). Desse hyttene er eigd av Vinje kommune, og er tilgjengelege for ålmenta. I den gamle motorferdselsplanen var traseen inn til hyttene knytt til løypenettet, men snøskuterkøyringa over Songa måtte vera knytt til bruken av hyttene eller til fiske. Då den tidlegare forsøksordninga blei oppheva gav kommunen hytteløyve, dvs 4 turar i året, til dei som søkte. Grunngjevinga var at innbyggjarar i Vinje kommune kunne bli sett på som eigarar av hyttene, sidan hyttene er kommunale. Vinteren 2015 blei det løyvd mellom 50 og 60 løyve til Songa, vinteren 2016 var talet på løyve dobla til rundt 120. Ein av grunnane til det høge talet kan vera usikkerheit rundt løypenettet. Rundskriv t-1996-1, som utdjupar motorferdselslovverket, poengterer at besøkande på foreiningshytter ikkje kan nytte hytteløyvet, og at eit eventuelt løyve må handsamast som ei dispensasjonssak. Dersom ein ser på kommunehyttene som foreiningshytter, er det sterk tvil om tildelinga av hytteløyve er i tråd med intensjonen i lovverket. Det er mogleg å gje dispensasjon til motorferdsel etter skriftleg søknad. Vilkåret er at søkaren må ha eit særleg behov som ikkje er turkøyring og som ikkje kan bli dekt på annan måte ( 6 i forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark etc.). Transport over Songa er både transport til hytter, men gjev òg høve til å fiske på isen. Det er derfor eit definisjonsspørsmål om turen er knytt til turkøyring (får ikkje dispensasjon) eller transport til hytte (kan få dispensasjon). Det finst òg tilbod om leigekøyring i området, så behovet kan bli dekt på ein annan måte. Me har ikkje oversikt over kor stort det reelle brukartalet av hyttene er, eller kor mange av turane til leigekøyrarane som har gått inn til kommunehyttene. Me kan derfor endå ikkje seie noko om behovet kan bli godt nok dekt av leigetransport. Kommunehyttene er eit tilbod som blir nytta av alle, men kanskje særleg av innbyggjarar i Haukeli/Edland, Arabygdi, Rauland og andre vinbyggjar. Moglegheita for å køyre snøskuter inn til hyttene har gjort dei meir tilgjengelege også om vinteren. Det er ikkje uvanleg å bruke hyttene som eit utgangspunkt for lengre skiturar i høgfjellet eller isfiske. Då kommunen overtok eigedomen var eit av vilkåra at området, både hytter og andre ressursar, skulle vera tilgjengelege for ålmenta. Samstundes vil ei transportåre også føre til ein auka risiko for at fleire blir freista til å køyre lenger inn til fjells. I følgje SNO er ikkje dette eit stort problem til no. Dei fleste som køyrer over Songa held seg til traseen på isen, og dei som køyrer vidare har stort sett løyve til dette. Her som alle andre stader finst det unntak, men området har til no ikkje utmerka seg som eit utfordrande område knytt til ulovleg køyring. Songa ligg innanfor villreinens leveområde i Regional plan for Hardangervidda. Til no har dette området ikkje blitt mykje brukt av villreinen om vinteren. Reinens beite- og levemønster endrar seg over tid, slik at området rundt Songa kan koma til å bli viktigare for villreinen om nokre år, og såleis meir påverka av snøskutertrafikk. Kor lang tid det er snakk om veit me ikkje. For å oppsummere, så er tilgangen til kommunehyttene langs Songa eit gode som innbyggjarar i Vinje nyttar seg av, og som er positivt mellom anna i eit folkehelseperspektiv. Til no har me ikkje grunn til å påstå at snøskuterkøyring over Songa har ført til store
negative konsekvensar. Det er ønskjeleg, men vanskeleg, å finne ein heimel som på ein god måte gjev folk tilgang til kommunehyttene om vinteren, og samstundes er i samsvar med lovverket. Administrasjonen må nytte høyringsperioden til å avklare om det finst gode løysingar som held juridisk. Vurdering av naturmangfald Retningslinene dekker heile kommunen. Dei er så langt som mogleg tilpassa behova, samstundes som det skal vera vanskelegare å berre skaffe eit løyve berre for å ha eit løyve. Det er derfor vurdert at desse retningslinene ikkje fører til ein høgare trafikk enn det motorferdselsplanen la opp til. Naturmangfaldet vil derfor ikkje bli meir belasta. Med dette er prinsippa i naturmangfaldslova vurdert oppretthalde. Rådmannens framlegg til vedtak: Forslag til retningsliner for motorferdsel blir sendt på høyring og lagt til offentleg ettersyn. Rådmannen, Jan Myrekrok, rådmann /s/