STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

Like dokumenter
Samla oversikt over talet på innbyggjarar og befolkningsutvikling i kommunane i Helse Fonnaområdet:

2 8 SEPT, behgl-p KVINNHERAD KOMMUNE. Adressatar i følgje adresseliste. Utgreiing av føretaksgrensar i indre Hardanger

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Styresak. Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Kenneth Eikeset Oppfølging av Plan for psykisk helsevern

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Olav Klausen SAKA GJELD: Rapport frå prosjekt Odda sjukehus

Møteinnkalling Formannskapet

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Reidun R. Mjør SAKA GJELD: Utviklingsplan Helse Fonna HF

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE FONNA HF. Haugesund sjukehus 6.etg MØTETIDSPUNKT: kl Styremøte var ope for publikum og presse

Styresak. Opptrappingsplanen for psykisk helse utløpar ved utgongen av neste år.

BrukerPlan. Kommuner i Helse Fonna HF-regionen. Kartlegging 2016

Protokoll frå styremøte i Helse Fonna HF

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

OVERORDNA AVTALE OM SAMHANDLING MELLOM DET KOMMUNALE BARNEVERNET OG DET STATLEGE BARNEVERNET I REGION VEST

BrukerPlan. Helse Fonna. Kartlegging 2017

Utgreiing av føretaksgrenser i indre Hardanger. Tilråding til Helse Vest RHF frå styringsgruppa

Kommunikasjonsplan for arbeidet med utviklingsplan. Helse Fonna HF

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Olav Klausen. Prosjekt Stord og Odda sjukehus STYRESAK: 078/16

Overrca avtale samhandling mellom det kommunale barnevernet i omrle Fonna cget statlege barne i Region Vest

Vår ref. 2016/ Høyring - Prosjekt Stord Sjukehus i lys av Nasjonale føringar - Kvinnherad kommune

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Klinikk for psykisk helsevern Evaluering av Folgefonn DPS. Arbeidsgruppa si sluttrapport.

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE BERGEN HF

Plan for psykisk helsevern i Helse Fonna - Høyringsuttale

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

Styresak. 1. Opptrappingsplanen for psykisk helse mål for tilbodet til barn og unge

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Rapportering frå verksemda per november og desember Vedlegg

TABELLOVERSIKT. Kapittel 3. Mål og utfordringar. Kapittel 4. Tenester til barn og unge. Vedlegg 1. Endring

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

Avtale om hospitering

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

Notat. Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Samhandlingsutvalet. Referat. Tid og stad: Onsdag 18.sept kl Haugesund rådhus

Internrevisjon av bruk av tvang i psykisk helsevern Andre oppfølging av status


Pasientens helseteneste. Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE FONNA HF

Dei fire hovudoppgåvene

DATO: SAKSHANDSAMAR: Kjell Inge Solhaug SAKA GJELD: Internrevisjon - Planlegging for gevinstrealisering i byggeprosjekt

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Ingebjørg Kismul

Styresak Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Høyring-prosjekt Odda sjukehus i lys av Nasjonale føringar

Helse Vest RHF har med innspel frå helseføretaka utarbeidd ein halvårleg rapport for utvikling av tal lærlingar.

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Ingebjørg Kismul

Plan for psykisk helsevern

Helsetorgmodellen. Et samhandlingsverktøy for å løse utfordringene i Samhandlingsreformen

Kvam herad. Sakspapir

Styresak. Leif Terje Alvestad Idéfaserapport Haugesund sjukehus. Styresak 80/14 A Styremøte vedlegg

ÅRSMELDING 2015 BRUKARUTVALET I HELSE BERGEN

colourbox FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

Styresak. Dato skriven: Sakshandsamar: Hans Stenby Saka gjeld: Samordning av sjukehusa i hovudstadsområdet - høyring

Programmet Helse Førdes tilbod til psykisk sjuke pasientar ute i kommunane

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Børge Tvedt/Vidar Vie SAKA GJELD: Budsjettoppfølging 2017

Utviklingsplanen Helse Møre og Romsdal HF

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2017

Pasientens helseteneste Helse Førde Utviklingsarbeid for framtidas spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE FONNA HF

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per august 2010

Protokoll frå styremøte i Helse Fonna HF

Tenesteavtale 6. Mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Stavanger HF. Innhald

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Protokoll frå styremøte i Helse Fonna HF

Styresak. Admininstrerande direktør Olav Klausen Oppfølging av risikovurdering 1.tertial Helse Fonna HF

Administrerande direktør. Olav Klausen Orientering om Odda sjukehus. Styremøte vedlegg

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Journaldato: , Dokumenttype: I,U, Status: J,A, Arkivdel: SAK2 - Saksarkiv for Helse Fonna HF. Dok.dato: Klassering: KI-FØDE

Tenesteavtale 3. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF

Denne rapporten er unntatt offentlighet fram til offentliggjøring av fellespresentasjonen for alle kommuner i Helseforetak-området på «rusdagen»

Føretaka har etter dette innlemma tiltaka i sitt arbeid med bierverv. Sjå tabell med oversikt over tiltak og oppfølging i Helse Fonna HF, vedlegg 1.

Transkript:

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Fonna HF DATO: 21.04.17 SAKSHANDSAMAR: Kenneth Eikeset SAKA GJELD: Evaluering av endringar ved Folgefonn DPS STYRESAK: 39/17 STYREMØTE: 28.04.17 FORSLAG TIL VEDTAK 1. Styret i Helse Fonna HF tar saka til orientering 2. Styret i Helse Fonna HF ber administrerande direktør følgje opp tilrådingane i saka

Bakgrunn for saka Føringar i Plan for psykisk helsevern 2012-2020 la opp til ei evaluering av døgntilbodet ved Folgefonn DPS (FDPS). Hausten 2014 vart det gjennomført ei evaluering av behandlingstilbodet ved Folgefonn DPS sin 5-døgns post i Odda. Det blei gjennomført ei open høyring i Odda 01.10.14. Sluttrapporten og den opne høyringa viste at det var behov for ei breiare evaluering av heile tenestetilbodet ved FDPS. Dette vart ytterlegare understreka av SAMDATA rapporten for 2013 samt DPS rapporten for 2013 som indikerer ulik ressursbruk på DPS-nivå i Helse Fonna HF. Det vart difor satt ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på organisering, dimensjonering og innhald i dei polikliniske og døgnbaserte tenestene ved FDPS. Arbeidsgruppa var breitt samansett og bestod av leiararar i Klinikk for psykisk helsevern, spesialister ved FDPS, tillitsvalde, verneteneste og brukarar. Det deltok to kommunale representantar (Odda og Kvinnherad). Arbeidsgruppa konkluderte med at kapasiteten innanfor døgnbehandling var større ved FDPS enn ved andre DPS i føretaket og at det var behov for å utvikle dei polikliniske og ambulante tenestene, spesielt i Indre Hardanger. Konkret tilrådde gruppa nedtak av døgnplasser ved 5-døgns post i Odda og etablering av ambulant team i same region. Tilrådinga vart støtta av brukarrepresentant og kommunal representant frå Kvinnherad kommune. Fagforbundet og kommunal representant frå Odda kommune var ikkje eining i gruppas tilrådingar. Deira tilrådingar vart i sin heilheit tatt inn i rapporten. Evalueringsrapporten blei lagt fram for styret i Helse Fonna sak 63/15 O. Det vart gjort følgjande vedtak: 1. Styret i Helse Fonna HF tar evalueringsrapporten til orientering 2. Styret i Helse Fonna HF ber administrerande direktør sende rapporten på høyring til kommunar og brukarutval 3. Styret i Helse Fonna HF ber administrerande direktør samle høyringsinnspela og legge rapporten fram for styret med tilrådingar etter høyringa Evalueringsrapporten blei sendt ut på høyring til alle kommunar i Helse Fonna HF samt brukarutvalet i Helse Fonna 25.09.15 med frist 27.11.15. Styret vedtok 21.12.15 i sak 88/15 A: 1. Styret i Helse Fonna HF tek tilrådingane i evalueringsrapport Folgefonn DPS til etterretning 2. Styret i Helse Fonna HF ber administrerande direktør tilpasse døgntilbodet og det polikliniske og ambulante tilbodet i Folgefonn DPS sitt opptaksområde til befolkninga sitt behov i tråd med tilrådingane i saka. 3. Styret i Helse Fonna HF ber administrerande direktør setje desse i verk i dialog og samarbeid med medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta på ein slik måte at arbeidsmiljø og krav til kvalitet blir ivaretatt. 4. Styret i Helse Fonna HF ber om å bli informert om framdrifta i saka. Gjennomføring av endringsprosessen Endringsprosessen vart gjennomført i perioden 15.01.15 01.04.16 i tråd med Helse Fonna sine vedtekne rutinar for endringsprosessar. Det var brei involvering frå verneteneste og tillitsvalde. Informasjon til medarbeidarar og eksterne samarbeidspartar vart sikra gjennom eigen kommunikasjonsplan. Det polikliniske og ambulante tilbodet ved FDPS Odda vart tilført 3,82 årsverk høgskuleutdanna og fagarbeidarar frå døgnposten som blei lagt ned. BUP Stord fikk tilført 0,5 årsverk med plassering Odda. 1 årsverk vart midlertidig plassert ved LAR utlevering Karmøy DPS etter frivillig avtale for å opparbeide kompetanse på framtidig LAR behandling og LAR utlevering ved FDPS Odda. Psykologspesialist-ressursen ved døgnpost vart vidareført i poliklinikk. I tillegg vart poliklinikken styrka med 0,5 årsverk overlege. Endringsprosessen la opp til at det skulle etablerast lokal leiing på 4.nivå. Lokal leiing på 4 nivå kom først på plass i september 2016. 2

Vidare var det lagt opp til at etter sluttført endringsprosess skulle 2017 nyttast til å sikre nødvendig kompetanseheving hjå medarbeidarar som fekk nye arbeidsoppgåver i poliklinikk og ambulant verksemd. Følgjande kompetansehevande tiltak vart sett i verk: - Det vart etablert fadderordning der erfarne polikliniske terapeuter fulgte opp nye medarbeidere - Individuell opplæringsplan utarbeidd. Sjå vedlegg. - Kursrekkje i Traumebehandling i regi av RTVS frå hausten 2017 med varighet 1 år. - Opplæring EPJ/DIPS for poliklinikk. - 30% psykologspesialist-ressurs satt av til fagutvikling. - Hospitering/opplæring LAR utlevering og LAR-behandling for ein medarbeider ved KDPS. - Hospitering i Odda kommunale rusteneste for ein medarbeidar - Diverse fagkurs t.d. Opplæring i Samhandlingsmodell etter C- flex modell, Recovery, Rusbehandling - Internundervisning Evaluering Evaluering vart gjennomført i mars 2017. Kommunane i FDPS sitt opptaksområde vart invitert til evalueringsmøte 24.03.17 samt til å komme med skriftlege innspel. Evalueringa tok utgangspunkt i målsetjingane for endringsprosessen samt hadde fokus på vidare utvikling av tenestene. I eige møte same dag vart det gjennomført evalueringsmøte med medarbeidere, tillitsvalgte, verneteneste samt leiing. I evalueringsmøte med medarbeidere hadde ein i tillegg fokus på arbeidsmiljø. Som det går fram av oversikt over forbruk av døgntenester og polikliniske tenester per kommune (tabell 1-4) låg Odda kommune i 2015 klart over andre kommunar i høve til liggedøgn. Ullensvang herad hadde lågast forbruk. Frå 2015 til 2016 er det ein klar nedgang for Odda kommune i bruk av liggjedøgn til eit nivå på linje med andre samanliknbare kommunar i Helse Fonna HF. Samtidig er det ein klar auke i forbruk av polikliniske tenester frå 2015 til 2016. Endringa i bruk av døgntilbod kan knytast både til avvikling av 5-døgns tilbodet i Odda og endringar i det kommunale tilbodet gjennom etablering av eit 24/7 døgntilbod i Odda i 2016. Endringane viser at målsetjing for endringsprosessen, styrkje det polikliniske og ambulante behandlingstilbodet samt sikre ein meir lik ressursbruk mellom DPS-a i Helse Fonna HF, er nådd Tilbakemelding frå kommunane er at dei opplever god samhandling med FDPS rundt kjente pasientar, men at det er større utfordringar knytt til pasientar som ikkje er kjent ved DPS. Spesielt er det utfordrande i høve pasientar med rusproblematikk. Kommunehelsetenesta har forventningar til at fleire pasientar med rusliding kan få døgnbehandling ved FDPS. Utfordringa her er at det er fleire private aktørar som gjennom avtale med Helse Vest har ansvaret for behandlingstilbodet til denne pasientgruppa. Klarare ansvarslinjer og informasjon om dette må på plass. I evalueringsmøte med medarbeidarar, verneteneste og tillitsvalde var hovudfokus i forhold til arbeidsmiljø og korleis den einskilde medarbeidar vart ivareteken i endringsprosessen og etterpå. Vidare hadde ein fokus på vidare utvikling av tenestetilbodet. Lokal leiar ikkje kom på plass før i september 2016. Dette medførte ein utfordring med omsyn til informasjon og oppfølging av medarbeidarar i nye roller som polikliniske behandlarar. Samtidig vart utviklingstiltak i poliklinikken satt på vent grunna Prosjekt Odda sjukehus. Dette medførte mellom anna at endelege kontorfasilitetar ikkje blei avklart. Etter at ny leiar var på plass frå september 2016 har det vore ein positiv utvikling. I forhold til etablering av LAR behandling og utlevering samt gruppetilbod er ein i prosess. Vidare utvikling av tenestetilbodet I forhold til vidare utvikling av tenestetilbodet ved FDPS Odda vart det vektlagt vidare satsing på FACT og Samhandlingsteam. Dette er eit godt tilbod som ivaretek ei sårbar pasientgruppe med alvorleg psykisk liding og rusavhengigheit som ein ikkje når gjennom ordinære tilbod i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Vidare er det ynskjeleg å få etablert utedagar for DPS på NAV. DPS vil då kunne bidra med einskild vurderingar 3

som hjelper kommunehelsetenesta med omsyn til tilrettelegging av oppfølgingstilbod. I forhold til LAR behandling er det ynskjeleg å få etablert eit lokalt fagmiljø ved Folgefonn DPS Odda for å sikre betre oppfølging og behandling av LAR pasientar. I dag er LAR-behandling lagt til Seksjon spesialisert behandling Haugesund sjukehus og den geografiske avstanden representerer ein utfordring i rehabilitering og behandling av denne pasientgruppa. For å sikre eit berekraftig fagmiljø ved Folgefonn DPS Odda er det vesentleg at både LARbehandling og utlevering skjer i spesialisthelsetenesta. Vidare vil ein slik organisering av tenestene gje ein heilt annan moglegheit til å følgje opp pasientane gjennom dagleg kontakt og arbeide med rusmeistring og rehabilitering. I forhold til sistnemnte påpeikte Helse- og sosialsjef i Odda kommune at dette er ei teneste som Odda kommune i dag har ansvar for og som fungerer særs godt og at eit langvarig opparbeida tillitsforhold, mellom utdelar og pasient er hovudårsaka. Det er viktig med ein god prosess i overføringa viss /når det skjer. Oppsummering og tilråding Målsetjing for endringsprosess i form av å styrkje behandlingstilbodet innan psykisk helsevern og TSB i Indre- Hardanger gjennom å byggje opp det polikliniske og ambulante behandlingstilbodet i forhold til befolkninga sitt behov og sikre ein meir lik ressursbruk mellom DPS-a i Helse Fonna HF er nådd. Oppfølging av medarbeidarar i endringsprosessen har ikkje vore god nok med omsyn til informasjon, opplæring og tildeling av nye arbeidsoppgåver. Administrerande direktør tilrår at kompetanseutvikling og rekruttering i psykisk helsevern i indre Hardanger får eit sterkt fokus og vil avklare bygningsmessige tilhøve. Administrerande direktør tilrår at det blir etablert LAR behandling og utlevering samt utvikling av gruppetilbod i regi av spesialisthelsetenesta i indre Hardanger, for å leggje til rette for gode tenester for befolkninga og sikre eit berekraftig fagmiljø. 4

2015 VOP Liggedøgn Kommune Liggedøgn Innbyggere utskrevne >18 Pr 1000 innbyggere Haugesund 9025 28643 315 Suldal 151 2969 51 Sauda 755 3760 201 Bokn 57 661 86 Tysvær 620 7892 79 Karmøy 7922 31782 249 Vindafjord 1133 6668 170 Etne 412 3153 131 Sveio 821 4071 202 Bømlo 1791 8732 205 Stord 4842 14083 344 Fitjar 460 2333 197 Tysnes 442 2221 199 Kvinnherad 3330 10196 327 Jondal 295 882 334 Odda 3888 5625 691 Ullensvang 155 2693 58 Utsira 0 157 0 Eidfjord 0 775 0 Tabell 1 2015 VOP Poliklinikk Polikliniske Innbyggere Pr 1000 Kommune konsultasjoner >18 innbyggere Haugesund 7288 28643 254 Suldal 223 2969 75 Sauda 323 3760 86 Bokn 69 661 104 Tysvær 1109 7892 141 Karmøy 6704 31782 211 Vindafjord 633 6668 95 Etne 406 3153 129 Sveio 543 4071 133 Bømlo 1797 8732 206 Stord 4387 14083 312 Fitjar 335 2333 144 Tysnes 505 2221 227 Kvinnherad 4758 10196 467 Jondal 91 882 103 Odda 1562 5625 278 Ullensvang 263 2693 98 Utsira 32 157 204 Eidfjord 2 775 3 Tabell 3 2016 VOP Liggedøgn Liggedøgn Innbyggere Pr 1000 Kommune utskrevne >18 innbyggere Haugesund 8722 28997 301 Suldal 358 2973 120 Sauda 1398 3712 377 Bokn 79 652 121 Tysvær 1039 7956 131 Karmøy 7768 31847 244 Vindafjord 1123 6656 169 Etne 296 3133 94 Sveio 421 4155 101 Bømlo 2059 8708 236 Stord 4493 14117 318 Fitjar 329 2378 138 Tysnes 405 2228 182 Kvinnherad 3347 10170 329 Jondal 298 879 339 Odda 2198 5602 392 Ullensvang 209 2676 78 Utsira 0 155 0 Eidfjord 0 744 0 Tabell 2 2016 VOP Poliklinikk Polikliniske Innbyggere Pr 1000 Kommune konsultasjoner >18 innbyggere Haugesund 8314 28997 287 Suldal 211 2973 71 Sauda 262 3712 71 Bokn 95 652 146 Tysvær 1195 7956 150 Karmøy 10038 31847 315 Vindafjord 667 6656 100 Etne 336 3133 107 Sveio 602 4155 145 Bømlo 1898 8708 218 Stord 5160 14117 366 Fitjar 462 2378 194 Tysnes 572 2228 257 Kvinnherad 4409 10170 434 Jondal 95 879 108 Odda 1951 5602 348 Ullensvang 333 2676 124 Utsira 35 155 226 Eidfjord 1 744 1 Tabell 4 5