06/03/2017 Folgefonna nasjonalpark Rapport
Rapport 06/03/2017 2 Innhald 1 Målsetjing og forventingar... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Prosjektmål... 4 1.3 Definisjonar... 4 2 Kunnskapsgrunnlag... 5 3 Interessentar... 6 4 Metodikk og medverknad... 6 5 Organisering og roller... 7 6 Tidsplan og milepelar... 8 7 Finansieringsplan... 9 8 Kritiske suksessfaktorar... 9 9 Vidare arbeid... 10
Rapport 06/03/2017 3 1 Målsetjing og forventingar Føremålet med å ha ein besøksstrategi er å få ein samla besøksforvalting for verneområda rundt Folgefonna nasjonalpark. Gjennom arbeidet skal ein sikre naturverdiane og kulturverdiane i verneområda, samtidig som ein tek vare på busetnad nær verneområda og besøkande. Det auka fokuset på besøksforvalting skal ha som mål å gje ein betre oppleving for besøkande. Dette kan samla sett vere med å bidra til fleire moglegheiter for lokal verdiskaping knytt til verneområda. 1.1 Bakgrunn Med aukinga i interessa for naturbasert turisme som bakteppe har Klima- og miljødepartementet vedteke at alle nasjonalparkar i Noreg skal ha eigne besøksstrategiar innan 2020. Nasjonalparkstyret si primære oppgåve er å sikre ei god forvalting av dei verna områda for å ta vare på naturverdiane og opplevingsverdiane på lang sikt. Besøksstrategien er ein plan for korleis forvaltingsmynda skal gjennomføre tiltak for dei besøkande i verneområda. Besøksstrategien skal vise tiltak som er naudsynte for å Ta vare på verneverdiane i verneområda og natur- og kulturverdiane i randsona Gje dei besøkande ei god oppleving Legge til rette for verdiskaping i lokalsamfunna rundt verneområda Miljødirektoratet har laga ein vegleiar for besøksforvalting i norske verneområde. Planen er at besøksforvalting skal vere eit verktøy som forvaltinga brukar for at naturverdiane vert teke vare på og forstått, samtidig som besøkande til verneområda skal få ei best mogleg oppleving og lokal verdiskaping vert størst mogleg. Ein effektiv besøksstrategi føreset at forvaltingsmynda ser verneområda i samanheng med områda rundt og stettar opp om og rådgjer i satsingar for reiselivet. Forvaltingsplanen for Folgefonna nasjonalpark vart godkjent i 2010 og besøksstrategien kjem til å bygge på denne planen. Besøksstrategien skal bygge på den nye merkestrategien til norske verneområde. Dette vil prege all bruk av informasjonsmateriell og tilrettelegging for besøk i verneområda.
Rapport 06/03/2017 4 1.2 Prosjektmål Mål for verneverdiane - Styrke og ta vare på verneverdiane - Ta vare på og synleggjere utvalde kulturminne i verneområda - Ta vare på næringsutøving som landbruk, jakt og fiske i verneområda Mål for reiselivet og besøkande - Auke kvaliteten på besøksforvaltinga - Gjere reiselivet og besøkande meir medvitne om verneområda - Legge til rette for betre samhandling mellom reiseliv og forvaltinga Mål for lokalsamfunna - Oppretthalde busetnad for fastbuande rundt verneområda - Skape stolthet og begeistring for verneområda hjå lokalbefolkinga - Bidra til å kunne auke lokal verdiskaping i bygdene rundt verneområda - Implementere merkestrategien for Norges nasjonalparker Definisjonar Besøksforvaltning Å legge til rette for og styre bruken av en nasjonalpark slik at opplevelsen for de besøkende og den lokale verdiskapingen blir størst mulig, forståelsen for vernet økes og verneverdiene ivaretas. Besøksstrategi En besøksstrategi er en plan for hvordan forvaltningsmyndigheten vil gjennomføre besøksforvaltning for verneområdet. Besøksstrategien skal vise hvilke tiltak (informasjon, fysisk tilrettelegging, sonering, oppsyn etc.) som er nødvendige for å balansere verneverdier, besøkende og lokal verdiskaping i et verneområde, slik at en oppnår størst mulig nytte for alle tre interesser. Prinsipp Dersom det er motstridende målsettinger mellom ivaretakelse av verneverdiene, tilrettelegging for de besøkende og lokal verdiskaping, skal ivaretakelse av verneverdiene tillegges størst vekt. Definisjonar frå Miljødirektoratet sin vegleiar, 1.3
Rapport 06/03/2017 5 2 Kunnskapsgrunnlag Ein viktig føresetnad for arbeidet med besøksstrategi er å skaffe god nok kunnskap om kor sårbar områda er for bruk. Kunnskapen må vere av ein kvalitet som gjer informasjon om eit områda kan brukast og om bruken må endrast i tid eller rom. Om det kjem fram behov for differensiering bør ein lage ein plan for slik tilpassing som ein del av besøksstrategien. Parallellt med besøksstrategi bør ein lage bevaringsmål som kan nyttast som ein del av overvakinga av vernevediane over tid for å sikre kontroll over utviklinga av naturtyper eller artar som kan vere utsette for øydelegging pga ferdsel/ aktivitet. Kunnskap om verneverdiane, reiselivsnæringa og dei besøkande er eit viktig grunnlag for å kunne utarbeide ein besøksstrategi. I tillegg er kulturminne ein del av verneføremålet, så kunnskap om desse vil vere eit naudsynt grunnlag for ein besøksstrategi. Tabellen under syner kva kunnskapsgrunnlag vi treng: Tema Skildring Status Ansvar Brukarundersøking Enkel kartlegging Sluttført Nasjonalparkforvaltar gjennomført i 2016 Behov for vidare undersøking? Sårbarhetsvurdering Sårbarhetsvurdering av Sluttført Nasjonalparkforvaltar vegetasjon nær dei mest brukte ferdselsårene Oversikt over tal på besøkande Overnattingar på turisthytter Passeringar på Ikkje gjennomført Nasjonalparkforvaltar, saman med SNO Kartlegging av reiselivet Kartlegging av kulturminne Oversikt over tilrettelegging for friluftsliv ferdselsteljarar og liknande. Oversikt over - Overnattingsbedriftar - Aktivitetsbedriftar Samanstille eksisterande kunnskap og peike på sårbare område og verdifulle kulturminne med skjøtselsbehov og moglege informasjonsbehov. Innfallsportane våre Turisthytter Stiar Ikkje gjennomført Ikkje gjennomført Nasjonalparkforvaltar Saman med besøkssenter Nasjonalparkforvaltar, saman med fylkeskommunen og kommunane Nasjonalparkforvaltar Naturfagleg kunnskap Mange forskjellige rapportar i samband med verneprosessen Må samanstillast Nasjonalparkforvaltar
Rapport 06/03/2017 6 3 Interessentar Når det gjeld forvalting av norsk natur er det mange aktørar inne i biletet. Vi finn mange aktørar både i det private og offentlege. Ein besøksstrategi vil ofte bli betre og fleire vil føle eigarskap til planen om alle partar vert med på prosessen. Vi meiner følgjande interessentar må involverast i arbeidet med besøksstrategien: Grunneigarar og rettighetshavarar Kommunane Frivillige organisasjonar innan jakt, friluftsliv og naturvern Reiselivsaktørar og -organisasjonar Næringsliv Den norske turistforeining Statens naturoppsyn Fylkeskommunar og fylkesmenn Folgefonnsenteret/besøkssenter Ulike faginstitusjonar 4 Metodikk og medverknad Medverknad frå lokalsamfunn (grendemøter, folkemøter) Samarbeid med nasjonalparksenter Samarbeid med fagleg rådgjevande utval Involvering av reiselivet (eigne møter) Bruke eksisterande grupper og etablerte organisasjonar
Rapport 06/03/2017 7 5 Organisering og roller Prosjektansvarleg Folgefonna nasjonalparkstyre Styringsgruppe Folgefonna nasjonalparkstyre Mandat: overordna ansvar for prosjektet og prosjektresultatet. Prosjektleiar Astrid Bakke Haavik, nasjonalparkforvaltar Mandat: ansvarleg for gjennomføring og utarbeiding av besøksstrategi, sekretær for styringsgruppa. Prosjektleiar planlegg og gjennomfører naudsynte møte og anskaffingar ved behov. Prosjektleiar rapporterer til nasjonalparkstyret ved årsslutt. Om det kjem ny kunnskap og prosjektplanen treng justeringar vil prosjektleiar informere nasjonalparkstyret om dette. Referansegruppe Fagleg rådgjevande utval for nasjonalparkstyret Administrativt kontaktutval for nasjonalparkstyret Fylkesmannen i Hordaland Mandat: delta i drøfting og gje innspel slik at arbeidet som vert utført er relevant, fagleg forankra og riktig prioritert i høve til prosjektet sitt mål. Ressursar Olaf Bratland, Statens naturoppsyn Miljødirektoratet Fylkesmannen i Hordaland Folgefonnsenteret
Rapport 06/03/2017 8 6 Tidsplan og milepelar FASE 1 FASE 2 FASE 3 Kva Kor tid Kven Gjennomføring OPPSTART Vedta prosjektplan 20.03.2017 Nasjonalparkstyret HENTE KUNNSKAP Sårbarhetsvurdering September Nasjonalparkstyret Utmarksressurs AS 2016 Spørjeundersøking August 2016 Besøkssenter/ Nasjonalparkstyret Besøkssenter/ Nasjonalparkstyret Tolke data frå 2016/2017 Nasjonalparkstyret NPF spørjeundersøking Hente inn besøkstal frå 2017 Besøkssenter/turistinfo Besøkssenter reiselivsorganisasjonar Kunnskapsgrunnlaget Vår 2017 NPF Naturverdiar Reiseliv Naturbasert næring Besøkande Kartlegge kulturminne 2017 Nasjonalparkstyret Ekstern aktør Ferdselsteljarar 2009 - SNO SNO 2017 Hente innspel frå Vår 2017 Nasjonalparkstyret NPF Reiselivsorganisasjonar Grunneigarar Kommunane Andre? Møte med fagleg Vår 2017 Nasjonalparkstyret rådgjevande utval Samanstille kunnskap om områda Haust 2017 Forvaltar NPF UTARBEIDE STRATEGI Forenkla høyring Involvering og forankring eksternt Møter og synfaringar Lage tiltaksplan 2017/2018 Forvaltar Kommunikasjonsplan 2017/2018 Nasjonalparkstyret Besøkssenter 2017/2018 NPF Vedta besøksstrategien 2018 Nasjonalparkstyret Prosjektere og gjennomføre konkrete tilretteleggingstiltak Samarbeid mellom forvalting og reiseliv 2016-2020 Nasjonalparkstyret Eksterne konsulentar Overvake tiltak og bruk 2018- Forvaltar/SNO
Rapport 06/03/2017 9 7 Finansieringsplan AKTIVITET/TILTAK 2016 2017 2018 2019 2020 Brukarundersøking 20 000 50 000 Sårbarhetsvurdering 56 000 Kartlegge kulturminne 50 000 Møteverksemd 20 000 50 000 Innfallsport i Etne - Forprosjektering 50 000 - Gjennomføring Innfallsport Buer * - Oppgradere sti - Toalettfasilitetar i løa - Utvida parkeringsplass - Bord og benker 70 000 300 000* x xx 250 000 Tilrettelegging på andre 70 000 200 000 200 000 innfallsportar Oppdatere 50 000 100 000 100 000 100 000 informasjonspunkt Totalt 146 000 590 000 350 000 350 000 300 000 * søkt om verdiskapingsmidlar gjennom kommunen, i 2017. x stipulert kostnad til 1,1 millionar, skal delvis finansierast sjølv av tiltakshavar/odda kommune xx - stipulert kostnad 200 000 8 Kritiske suksessfaktorar Årlege budsjettprioriteringar frå Miljødirektoratet/Klima- og miljødepartementet til gjennomføring og utarbeiding av besøksstrategi og til tiltak i tiltaksdelen av besøksstrategien. o Tiltak: God forankring i prosjektplanen og besøksstrategien Godt kunnskapsgrunnlag (høg kvalitet på data) o Om naturgrunnlaget og om sårbare lokalitetar og artar o Om kulturminne og kulturmiljø o Om dei besøkande og om potensielle nye gjester o Om reiselivsaktørane og andre næringsdrivande Leveranse av mål, malar og verktøy til besøksstrategi og merkestrategi frå Miljødirektoratet. o Tiltak: God samhandling og dialog mellom dei ulike ledda i naturforvaltninga.
Rapport 06/03/2017 10 Prioritering av midlar i nasjonalparkstyret o Tiltak: God forståing om prosjektet og kunnskap i styret Tilretteleggingstiltaka treffer målgruppene (brukargrupper), og har ønska effekt. o Tiltak: Tett dialog med reiselivsnæringa og andre brukargrupper for å definere ønskje og behov hjå utvalde målgrupper. Arbeidskapasitet hjå forvaltar, prioritering i høve andre faste arbeidsoppgåver. Samarbeid med andre aktørar (kommunane, fylkeskommunen, reiselivet, grunneigarar, andre brukarinteresser, lokalbefolkning, konsulentar, etc.). 9 Vidare arbeid Endeleg vedteken besøksstrategi vil vere førande for alt arbeid framover med besøksforvalting i Folgefonna nasjonalpark og kringliggande landskapsvernområde. Tiltak knytt til besøksstrategi vil i nokre tilfelle verte sett i verk før strategien er vedteken. Dette skuldast eit stort etterslep når det gjeld behov for tilrettelegging i forhold til det raskt aukande besøkstalet på nokre av våre innfallsportar. Etter besøksstrategien er vedteken vil det verte eit aukande behov for tiltaksmidlar både til tilretteleggingstiltak og informasjonstiltak. Tiltaksplanar vert utarbeidd med eit fireårsperspektiv og rullerast årleg på bakgrunn av besøksstrategien og andre skjøtselsbehov. Både tiltaksplanar og besøksstrategi er viktige delar av forvaltingsplanen og vil flettast inn i denne ved neste rullering. Når det gjeld informasjonsdelen av besøksstrategien vil det vere eit tett samarbeid med Besøkssenteret for Folgefonna nasjonalpark.
Rapport 06/03/2017 11 Folgefonna nasjonalpark Kontaktinformasjon Folgefonna nasjonalparkstyre v/ nasjonalparkforvaltar Astrid Bakke Haavik Telefon: E-post: Nett: Post: Besøksadresse: 55 57 21 35 fmhoabh@fylkesmannen.no www.nasjonalparkstyre.no/folgefonna Postboks 7310, 5020 Bergen Skålafjæro 17, 5470 Rosendal