Halvårsplan i kroppsøving 9. trinn våren 2017 Halvårsplan utarbeida av Per-Magne Sørdal og Silje Ruud. Redigert av Ole Martin Brudevoll for skuleåret 2016-2017. Faglærar: Ole Martin Brudevoll VEKE AKTIVITET KOMPETANSEMÅL 1-3 Aktivitet i snø Symjing - øve på symjeartane Styrke- og spenstrening 4-6 Symjing - øve på symjeartane Volleyball og basketball - repetisjon av reglar, teknikk og taktikk 7 ARBEIDSVEKE 8 VINTERFERIE 9-11 Symjing - øve på symjeartane, livberging Dans Turn Sjå mål 10 Sjå mål 3 Sjå mål 13 Sjå mål 3 Sjå mål 10 Sjå mål 2 Sjå mål 3 og 4 Sjå mål 5, 6 og 7 Sjå mål 1 og 2 13-14 Ballspel Sjå mål 1 og 2 15 PÅSKEFERIE 16-19 Friidrett - Storerunda, 60m Ballspel 20-25 Diverse uteaktivitetar - Friidrett - Sandvolleyball - Uteleikar som t.d. slåball, badminton - Fotball - Orientering Sjå mål 1 og 2 Sjå mål 1 og 2 Sjå mål 10 og 11 Sjå mål 13
Kompetansemål i kroppsøving etter 10. årstrinn Idrett og dans Mål for opplæringa er at eleven skal kunne 1. vere med i eit breitt utval av idrettar 2. utøve tekniske og taktiske ferdigheiter i utvalde lagidrettar, praktisere nokre individuelle idrettar og gjere greie for treningsprinsipp for desse idrettane 3. symje på magen og på ryggen og dukke 4. forklare og utføre livberging i vatn og livbergande førstehjelp 5. danse dansar frå norsk kulturtradisjon og andre kulturar 6. skape dans og delta i dansar som andre har laga 7. utføre dansar frå ungdomskultur 8. planleggje og leie idrett- og danseaktivitetar saman med medelevar 9. vurdere erfaringar frå aktivitetar i idrett og dans Friluftsliv Mål for opplæringa er at eleven skal kunne 10. praktisere ulike former for friluftsliv i ulike naturmiljø 11. orientere seg ved hjelp av kart og kompass i variert terreng, og gjere greie for andre måtar som ein òg kan orientere seg på 12. planleggje og gjennomføre turar til ulike årstider Aktivitet og livsstil Mål for opplæringa er at eleven skal kunne 13. nytte ulike treningsformer med utgangspunkt i kjende aktivitetar 14. planleggje, gjennomføre og vurdere eigentrening over ein periode, og nytte digitale reiskapar i arbeidet 15. gjere greie for samanhengar mellom ulike fysiske aktivitetar, livsstil og helse Grunnleggjande ferdigheiter I kroppsøving forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg i kroppsøving handlar mellom anna om å kunne formidle inntrykk og opplevingar frå ulike aktivitetar. Ein uttrykkjer seg munnleg i utforminga av reglar for leik, ulike typar spel og anna samhandling. Å kunne skrive i kroppsøving handlar for det meste om skriftleg framstilling av aktivitet og vurdering. Å kunne lese i kroppsøving handlar om å kunne hente, tolke og forstå informasjon frå fagtekstar. Det handlar òg om å kunne tolke kart og forstå symol. Å kunne regne i kroppsøving inneber mellom anna å kunne måle lengder, til og krefter. Å forstå tal er naudsynt når ein skal planleggje og gjennomføre treningsarbeid. Å kunne bruke digitale verkty i kroppsøving er viktig når ein skal hente inn informasjon for å planleggje aktivitetar, dokumentere og rapportere. Kompetansemål Mål for opplæringa er at eleven skal kunne dugleikar i utvalde lagidrettar, individuelle idrettar og alternative rørsleaktivitetar dugleikar i utvalde lagidrettar og alternative rørsleaktivitetar (delmål som fokuserar på kva elevane skal trene mot, og kva som krevjast for å bruke dugleikar på ein god måte) Delmål Elevane skal kunne Ha forståing for grunnleggjande reglar i fotball Ha forståing for grunnleggjande reglar i volleyball Ha forståing for grunnleggjande reglar i basketball Trene på, og bruke taktiske og tekniske dugleikar i fotball Trene på, og bruke tekniske og taktiske dugleikar i volleyball Trene på, og bruke tekniske og taktiske dugleikar i basketball Målkriterium Elevane skal kunne Forklare reglar for offside, corner, innkast og talet på spelarar Forklare reglar, slagbegrensingar, kva som gir poeng, antal poeng og sett som gir siger, spelarar på bana, kva kroppsdelar som kan brukast Forklare skrittregel, trglar om berøring og poeng Utføre langpasning Utføre kortpasning og enkle mottak Skjerme ball Skyte med strak vrist og innside av fot Utføre finter Hedde ballen i ei bestemt retning Samhandle med medspelarar Utføre fingerslag Utføre begerslag Utføre underarmserve Utføre overarmserve Utføre blokk åleine eller saman med medspelar Utføre grunnskot Utføre sprettpasning
Symje på magen, ryggen og kunne dykke Praktisere fair play ved å bruke eigne dugleikar og kunnskapar til å gjere andre gode Forklare og utføre livberging i vatn Forklare og utføre livbergande førstehjelp Utføre løp for å kome seg fri frå motstandarar Utføre driblingar, finter Utføre enkle former for sone- og personleg forsvar Trene på, og bruke Utføre sprintstart dugleikar i ulike friidrettsøvingar Utføre hensiktsmessig løpsteknikk på sprint, mellomdistanse og lenger distanse Utføre enkel floppstil i høgde Støte kule med hinke- eller rotasjonsteknikk Kaste ein ball med spydtilløp dugleikar i turnøving Utføre forlengs rulle Utføre hovud/handståande, slå hjul, utføre salto ved hjelp av trampett og tjukkematte Symje på magen Symje med brystteknikk, Symje på rygg eventuelt krawlteknikk Dykke Symje vanleg ryggsymjing eller ryggkrawl Halde hovudet under vatn Dukke med hovudet først Kunne finne og plukke opp gjenstandar frå botnen Praktisere fair play ved å Oppmuntre medelevar, bruke eigne dugleikar og gjere sitt beste, søke kunnskapar til å gjere andre jambyrdige konkurrentar og gode følgje reglane så godt ein kan Utføre livberging i vatn Forklare og utføre prinsipp for ilandføring og ilandberging Utføre, og forklare hjartekompresjon og fullstendig hjarte- og lungeredning Skjekke om pasienten reagerer på tilrop/forsiktig risting. Visst ikkje, rop etter hjelp Skjekke om pasienten pustar normalt Legge pasienten i stabilt sideleie dersom pusten er normal Ringe 113 dersom pasienten ikkje pustar normalt eller sluttar å puste normalt Utføre hjarte- og lungeredning Halde fram til der kjem hjelp
Trene på, og utøve dansar frå ungdomskulturen og andre kulturar, og saman med medelevar skape enkle dansekomposisjonar Praktisere friluftsliv i ulike naturmiljø, og gjere greie for allemannsterreng Bruke leik og ulike treningsformer for å utvikle eigen kropp og helse Forklare og praktisere grunnleggjande prinsipp for trening Forklare samanhengen mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse Forklare korleis ulike kroppsideal og ulik bevegelseskultur påverkar trening, ernæring, livsstil og helse Førebyggje og gi førstehjelp ved idrettsskadar Trene på, og utføre dansar frå norsk kulturtradisjon Trene på, og utføre dansar frå andre kulturar Skape enkle dansekomposisjonar Praktisere vandrefriluftsliv i ulike naturmiljø Gjere greie for allemannsretten Nytte intervall som treningsform med utgangspunkt i leik Nytte kontinuerleg arbeid som treningsform Nytte fartsleik som treningsform Nytte treningsformer for å utvikle koordinasjon Praktisere grunnleggjande prinsipp for trening Forklare grunnleggjande prinsipp for trening Skilje mellom ulike typar helse Namngje to livsstilsjukdomar som vi har mykje av i Noreg, og forklare kvifor dei har fått dette namnet Forklare kvifor fysisk aktivitet vil verke positivt inn på den totale helsesituasjonen til eit menneske Forklare skilnaden mellom ulike kroppsideal og ulike bevegelseskulturar Danse runddans og folkedans Danse reinlender og polka Framvise rytme, innleving og samhandling med eventuelt partnarar Sette saman ein enkel dansekomposisjon Praktisere fotturar og skiturar der opplevinga er sentral Gjere greie for kva allemannsretten er, og kva rettar og plikter som er knytt til han Nytte aktivitetar som hauk og due, stiv heks osv ved intervalltrening Joggeturar ved kontinuerlig arbeid som treningsform Bruke ulike sistenvariantar Nytte danse- og aerobicøvingar og songleikar som utgangspunkt for trening av koordinasjon Praktisere ulik trening gjennom bruk av treningsprinsippa progressivitet, kontinuitet, spesifisitet og variasjon, og kunne forklare desse prinsippa Forklare uttrykka fysisk helse og psykisk helse Forklare bakgrunnen for- og hyppigheita av diabetes 2 og fedme i Noreg Forklare kva fysisk aktivitet kan gjere med fysisk og psykisk helse Forklare kvifor slanking og doping vert brukt av personar som søkjer etter spesifikke kroppsideal, og gjer kort greie for uheldige følgjer av slanking og dopingbruk Førebyggje idrettsskadar Gje døme på korleis ein kan førebyggje idrettsskadar
Grad av måloppnåing Kompetansemål dugleikar i utvalde lagidrettar, individuelle idrettar og alternative rørsleaktivitetar Symje på magen, ryggen og kunne dykke Praktisere fair play ved å bruke eigne dugleikar og kunnskapar til å gjere andre gode Forklare og utføre livergande førstehjelp Trene på, og utøve dansar frå ungdomskulturen og andre kulturar, og saman med medelevar skape enkle dansekomposisjonar Forklare og praktisere grunnleggjande prinsipp for trening Låg måloppnåing Karakterane 1 2 brukar ulike dugleikar i lagidrett, individuelle idrettar og rørsleaktivitetar Eleven viser forståing for reglane i enkelte av idrettane Eleven held seg flytande på mage og rygg på distansar mellom 10 og 25meter Eleven greier å halde hovudet under vatn Eleven kommuniserar med medelevar Eleven veit at hjarte- og lungeredning har med hjartekompresjonar og innblåsingar å gjere, og kan vise forsøk på å utføre dette prøver å utføre dansar på ein svært enkel måte Eleven kan gi korte døme på grunnleggjande prinsipp for trening Middels måloppnåing Karakterane 3 4 brukar ulike dugleikar i lagidrett, individuelle idrettar og rørsleaktivitetar. Dette skjer gjennom tidvis god innsats og ferdigheitene vert nytta bra funksjonelt Eleven har delteke i meir enn halvparten av idrettane og syner forståing for reglane i fleirtalet av idrettane Eleven er symjedyktig på distansar over 25 meter på både mage og rygg Eleven greier å dykke ned på botnen av bassenget Eleven er tidvis oppmuntrande mot medelevar, og følgjer vanlegvis reglar innan idrettane. Viser tidvis god innsats i aktivitetane Eleven forklarar hjarteog lungeredning med delvis rett framgangsmåte og utfører hjartekompresjon og innblåsingar delvis som føreskrive Eleven meistrar dei fleste av dei grunnleggjande trinna for dansane Eleven er delaktig i arbeidet med å skape dansar Eleven har gjennom aktivitet vist og forklart på ein tilfredsstillande måte at han forstår prinsippa innan dei ulike treningsformene Høg måloppnåing Karakterane 5 6 brukar ulike dugleikar i lagidrett, individuelle idrettar og rørsleaktivitetar. Dette skjer gjennomgåande med god innsats og på funksjonelle måtar Eleven har delteke i dei aller fleste idrettane, og viser god forståing for reglane i alle idrettane Eleven sym effektivt og med god teknikk både på mage og rygg Eleven kan dykke og hente opp ting frå botnen av bassenget Eleven oppmuntrar medelevar, og gjer gjennomgåande sitt beste, følgjer reglane i idrettane og tek omsyn til alle i gruppa Eleven både forklarar og utfører hjarte- og lungeredning med rett framgangsmåte, og utfører hjartekompresjon og innblåsingar som føreskrive Eleven viser svært god rytme, innleving og samhandling med dei andre Eleven er svært delaktig og kreativ når det gjeld å skape og gjennomføre dansar Eleven har gjennom aktivitet vist og forklart på ein veldig god måte at han forstår prinsippa innan dei ulike treningsformene
Forklaring samanhengen mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse Forklare korleis ulikekroppsideal og ulik bevegelseskultur påverkar trening, ernæring, livsstil og helse Eleven kan gi døme på livsstil som svekkjer helsa, og gi døme på fysisk aktivitet og livsstil som kan betre helsetilstanden Eleven kan delvis forklare kva som ligg i omgrepet kroppsideal Eleven kan på ein tilfredsstillande måte forklare førekomst og bakgrunn for livsstilsjukdomar som diabetes 2 og overvekt. Han kan også forklare korleis fysisk aktivitet påverkar desse sjukdomane Eleven kan forklare kvifor slanking og doping vert nytta av personar som søkjer etter spesielle kroppsideal, og kan gjere kort greie for uheldige følgjer av slanking og dopingbruk Eleven kan forklare førekomst og bakgrunn for livsstilsjukdomar på ein veldig god måte. Han kan også forklare korleis fysisk aktivitet og livsstil påverkar desse sjukdomane Eleven kan forklare kvifor slanking og doping vert nytta av personar som søkjer etter spesielle kroppsideal, og kan gjere grundig greie for uheldige følgjer av slanking og dopingbruk Eleven kan gi ulike og detaljerte døme på korleis ulike kroppsideal påverkar trening, livsstil og helse