To do or not to do! www.kvam.no. - Rapport frå eit rusførebyggjande program gjennomført i Kvam herad hausten/vinteren 2007-2008

Like dokumenter
To do or not to do! Rapport frå eit rusførebyggjande program gjennomført i Kvam herad skuleåret

T: F: E: Kvam herad.

Kvam herad. TO DO OR NOT TO DO! Rapport frå eit rusførebyggjande program gjennomført i Kvam herad skuleåret

To do or not to do! Rapport frå eit rusførebyggjande program gjennomført i Kvam herad skuleåret

To do or not to do! - Rapport frå eit rusførebyggjande program gjennomført i 9. klassane i Kvam herad skuleåret

To do or not to do! - Rapport frå eit rusførebyggjande program gjennomført i 9. klassane i Kvam herad skuleåret

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til deg som bur i fosterheim år

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage


Gjennomføring av foreldresamtale klasse


Psykologisk førstehjelp i skulen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Informasjon til elevane

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kvalitetsplan mot mobbing

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

IKT-kompetanse for øvingsskular

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

«Ny Giv» med gjetarhund

Rapport frå evaluering av Fryspunkt, hausten 2001.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Informasjonshefte Tuv barnehage

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Valdres vidaregåande skule

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Rapport Camp Svalbard vinter 2015

Frå novelle til teikneserie

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Med god informasjon i bagasjen

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse


Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Frå tre små til ein stor.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Psykologisk førstehjelp i skulen

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

mmm...med SMAK på timeplanen

Ungdataundersøkinga. Skuleleiarkonferansen Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Loen, 4.oktober

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Transkript:

T: 56553000 F: 56553001 E: postmottak@kvam.kommune.no To do or not to do! - Rapport frå eit rusførebyggjande program gjennomført i Kvam herad hausten/vinteren 2007-2008 www.kvam.no

Innleiing Denne rapporten omhandlar og evaluerar gjennomføringa av det rusførebyggjande programmet «to do or not to do» i skuleåret 2007 2008 i Kvam Herad. Rapporten er bygd på kursleiarane sine erfaringar gjennom heile prosjektet samt evalueringsskjema som 9. klassane og formidlarane har fylt ut før og etter programmet vart gjennomført på skulane. Om to do or not to do To do or not to do er eit rusførebyggjande program utvikla av Stiftelsen Bergensklinikkane. Programmet er retta mot elevar i 9. klasse. Målsetningane med programmet er: Betre ungdom sine kunnskapar om risiko og skader ved bruk av rusmidlar. Avdekkje myter og misforståingar om ungdom sin bruk av rusmidlar. Arbeide med ungdom for å finne fram til måtar å meistre situasjonar kor det er rusmidlar. Programmet er bygd opp etter ung til ung metoden. Dei to vanligaste forklaringane på kvifor ein skal nytta ung til ung formidling er: 1. Denne tilnærminga er hensiktsmessig når det gjeld å nå målgrupper som elles kan vera vanskeleg å nå. 2. Dess likare avsendar og mottakar av eit bodskap er dess større er sjansen for at bodskapet treff målgruppa og bodskapet vert vurdert som meir truverdig. Andre fordelar med metoden er: Ungdom identifiserer seg i størst grad med andre som har same kjenneteikn og preferansar som dei sjølve. Desse verkar meir pålitelege kjelder til informasjon, uavhengig av informasjonen sin innhaldsmessige sanningsgrad. Mange unge vil oppleve det som mindre truande å få informasjon frå andre unge i nærmiljøet enn å snakke med ein vaksen fagperson om for eksempel rus og seksualitet. Formidlarane kan og skape normer om rusbruk, og om alternativ til rusbruk som også andre kan nytta seg av for å skapa sin eigen aktivitet. Ung til ung formidling skapar ein større varigheit i kontakten og kontakt på fleire arenaer over tid mellom formidlarane og målgruppa. Dette skil ungdom frå vaksne førebyggjarar som berre er tilstades til bestemte tider på avgrensa offentlege arenaer. Ung til ung formidling vert og rekna som å vera ei kostnadseffektiv førebygging. Ofte vil større ung til ung prosjekt vera kostnadskrevjande i oppstartsfasen. Men når prosjektet fyrst er etablert vil det kunna nå store grupper unge ved hjelp av frivillige medarbeidarar. Ungdom som deltek som formidlarar i ung til ung prosjekt, rapporterer om personleg vekst på bakgrunn av sitt engasjement og arbeid. Ein ungdom sine negative erfaringar med rusmidlar kan i slike prosjekt vendast om til ein ressurs som gjer at nettopp denne ungdommen godt egna som formidlar til anna ungdom. Ein annan fordel er at det ikkje så lenge sidan formidlarane sjølv gjekk i 9. klasse, så dei veit

kva utfordringar denne aldersgruppa står ovanfor når det gjeld rus. Andre metodar som vert nytta i dette programmet er: Rollemodell/ pyramide læringsmodell. Repetisjon av nøkkeltema. Øvingar, leikar og diskusjonar. Ha det moro. Trenarane (lærarar/ Utekontakt) har fylgjande oppgåver: Planleggje den praktiske gjennomføringa av programmet Møte med rektorar i ungdomsskulane. Rekruttere ung til ung formidlarar. Opplæring av ung til ung formidlarar 2 formidlarar pr 9. klasse. Avtale datoar for foreldremøte og samlingar med ungdomsskulane. Planleggingsmøte med klasselærarane i ungdomsskulane. Oppsummeringssamling med ung til ung formidlarane. Koordinere evaluering av programmet. Formidlarane skal ha fylgjande undervisningsprogram: Eit foreldremøte. ( 1 skuletime) Ein innleiande samling i 9. klasse ( 1 skuletime) Tre samlingar i 9. klasse ( 6 skuletimar) Totalt 8 skuletimar. Samling 1: Fyrste møte med klassen elevane skal verta kjent med formidlarane. Samling 2: Kunnskapar: To know or not to know Samling 3: Forståing: To think or not to think. Samling 4: Mestring: To do or not to do.

Tidlegare erfaringar To do or not to do har vorte gjennomført på to skular i Bergen tidlegare. Prosjektet har vore drevet gjennom stiftelsen Bergensklinikkane, Utekontakten i Bergen, og lærarar ved dei vidaregåande skulane. Stiftelsen Bergensklinikkane har utarbeidd rapportar frå gjennomføringa av programmet ved desse skulane, og resultata har vore svært positive. Det er no andre gong programmet har vorte gjennomført i Kvam. Frå byrjinga av var det Gro Valestrand som starta å jobbe med prosjektet medan ho jobba som utekontakt i kommuna. Ho reiste til Bergen og Sandsli vidaregåande skule saman med representantar frå Øystese Gymnas for å sjå korleis dei jobba med prosjektet der. Etter besøk i Bergen og møter med Bergensklinikkane bestemte Kvam Herad seg for å gjennomføre to do or not to do i skuleåret 2006-2007. Utekontakten stod då som koordinator for arbeidet, og samarbeidde med dei tre vidaregåande skulane i kommuna: Øystese Gymnas, Norheimsund Vidaregåande og Framnes Vidaregåande skule. Prosjektet fekk støtte frå Arbeidsgruppa for Rusførebyggjande arbeid i Kvam, og vart gjennomført i 9. klasse ved alle ungdomsskulane i kommuna. I evalueringa etter gjennomføringa av programmet 2006-2007 kom det fram at både elevar og formidlarar hadde auka sitt kunnskapsnivå når det gjeld rusmidlar og konsekvensar av desse. Det kom òg fram at elevane var blitt meir bevisste på eigne haldningar i forhold til illegale rusmidlar, der det var ein nedgang i ynskje om å bruke dette etter at dei hadde gjennomført programmet, i forhold til kva som kom fram i undersøkingane på førehand. Noko som kom tydeleg fram i gjennomføringa av to do or not to do 2006-2007 var at programmet hadde liten eller ingen effekt i forhold til rusmidlet alkohol. Det er ikkje lett å sei kva som er årsaka til dette, men dette la grunnlag for at vi ville ha eit større fokus på holdningar til alkohol og konsekvensar av bruken av dette i gjennomføringa av to do or not to do 2007-2008. «To do»-trenarar Siriann Lillevik frå utekontakten, May Britt Almeland frå Øystese Gymnas, Bente Ervik frå Norheimsund Vidaregåande skule og Jeanine Heide frå Framnes Vidaregåande skule fekk opplæring / trening i programmet av Jane Monteney og Randi Vartdal Knoff ved Bergensklinikkane før det vart iverksett i Kvam i 2006-2007. Med unntak frå Jeanine Heide, som vart erstatta av Kjell Dysvik frå Framnes, var desse trenarar for to do or not to do 2006-2007. Desse fortsette som trenarar også i år, i tillegg til at Britt-Tone Skeie og Birte Brakestad ved Utekontakten har delteke i opplæringa og utføringa av programmet. Det har dessverre vore ein del skadar og sjukdom blant trenarane i løpet av opplæringa og gjennomføringa, noko som har budd på ein del praktiske utfordringar. Puslespelet har likevel gått opp, og vi kan ikkje sei at desse utfordringane har hatt noko negativ innverknad på gjennomføringa.

«To do»-formidlarar Erfaringar frå i fjor tilsa at det kunne vere lurt å ha litt fleire enn akkurat to formidlarar til kvar klasse. Slik vart det tatt høgde for at nokon ville trekkje seg undervegs, utan at dette ville hemme gjennomføringa av programmet. Det var difor 19 vidaregåande elevar som takka ja til å vere med i prosjektet i år. Av desse trakk ein seg under opplæringa, slik at det var 18 formidlarar som hadde undervisning i dei åtte 9. klassane. På same måte som i fjor nytta dei tre vidaregåande skulane i Kvam ulike metodar når det gjaldt å rekruttere formidlarar til prosjektet. Øystese Gymnas og Framnes vidaregåande skule gav tilbod til alle elevane som går i sosialfag klassen tredje året. Øystese Gymnas fekk så mange som hadde lyst til å vera med på dette prosjektet at dei måtte ha loddtrekning for å avgjere kven som skulle få vera med. Framnes vidaregåande fekk akkurat 6 stk til å melde seg frivillig. Ein av desse trakk seg frå prosjektet rett før oppstart av opplæring grunna eit anna tilbod som gjekk samstundes. På Norheimsund vidaregåande vart 5 elevar plukka ut av administrasjonen til å delta på eit informasjonsmøte saman med Utekontakten og Bente Ervik. Her fekk dei ein kort informasjon om programmet og ein oversikt over korleis vi hadde tenkt å gjennomføre det. Alle dei som deltok på informasjonsmøtet ville vera med på prosjektet og alle gjennomførte opplæringa. Ein av elevane frå Norheimsund Vidaregåande skule var også formidlar i «to do or not to» i fjor. Ho har difor hjelpt til i opplæringa av dei andre formidlarane, og i tillegg har ho stilt velvillig opp som vikar når dette har vore naudsynt i dei andre teama. Denne formidlaren har vore ein viktig og svært positiv ressurs for oss gjennom heile prosessen!

Opplæring av formidlarane Opplæringa av formidlarane vart lagt opp slik at dei skulle gjennomgå 22 timar med opplæring av trenarane. Som stiftelsen Bergensklinikkane har anbefalt, og som vi gjorde i fjor, tok vi med alle formidlarane på ei «Kick Off» samling, denne gongen til Sportellet i Strandebarm. Dette var ein overnattingstur der vi vart kjend med og byrja med opplæringa av formidlarane. Det var lagt opp til ti timar med opplæring. Dette vart ti intense timar, der formidlarane lærte mykje. Både formidlarar og trenarar tykkjer turen var svært vellukka. Den var lærerik og ein god måte å verte godt kjend med kvarandre på. I tillegg til «Kick Off»-turen vart det lagt opp to seminardagar med til saman 12 timar undervisning på rådhuset i november. Under seminardagane vart formidlarane godt trent i å framstå som gode rollemodellar, og dei øvde seg på kvarandre på korleis dei skulle gjennomføre dei ulike delane av opplegget i 9. klassane. Formidlarane vart spesielt utfordra rundt emnet alkohol desse dagane. Også desse dagane var intense, men svært vellukka! Gjennomføring av programmet i 9. klassane Under gjennomføringa av programmet skulle formidlarane dekkje fire ungdomsskular:ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Etter erfaringar frå i fjor, og av praktiske omsyn med tanke på at formidlarane ikkje skulle gå glipp av for mykje undervisning, vart det bestemt at utekontakten skulle ha i oppgåve å transportere formidlarane til og frå skulane. Utekontakten var då til stades på skulen og tilgjengeleg for formidlarane dersom det var noko dei lurte på under vegs, eller om det skulle dukke opp problem i undervisninga. Formidlarane var inne i klassene og hadde to samlingar før jul og to samlingar etter jul. I gjennomføringa av opplegget vart det fyrst og fremst teke omsyn til 9. klassene. I tillegg måtte det takast omsyn til formidlarane og deira skulesituasjon, samt Utekontaktane som skulle køyre. Det vart eit puslespel, men vi klarte stort sett å få bitane på plass! I somme tilfelle har formidlarane måtta vere vikar for kvarandre på grunn av sjukdom. Det har òg vore naudsynt å bytte om innbyrdes på eit par team, men dette har både formidlarar og 9.klassingar takla veldig bra! Formidlarane har gitt positive tilbakemeldingar frå undervisninga i klassene. Sjølv om utekontaktar har vore tilgjengelege i undervisningstida, har ingen hatt behov for å ha oss til stades i undervisninga. I tillegg har klassekontaktane vore viktige samarbeidspartnarar for formidlarane, som fekk møte desse i forkant av undervisninga. Av desse fekk dei eit innblikk i korleis klassene deira er som gruppe samt at også desse har vore tilgjengelege for formidlarane dersom det skulle vere noko dei undra på eller trong hjelp til undervegs. Fleire formidlarar har i etterkant fortalt at dei tykte det var kjekt å undervise i klassene, og at dei kunne tenkt seg fleire timar saman med elevane. Dette både fordi at dei opplevde at kontakten med elevane vart betre etter kvart som dei vart betre kjend, og fordi dei følte at dei kunne trengd betre tid til å gjennomføre sjølve undervisningsprogrammet.

Etterarbeid Som i fjor tok utekontakten på seg å skrive rapport i etterkant av programmet, slik at både dei vidaregåande skulane, ungdomsskulane og andre interesserte skulle få ei tilbakemelding på korleis gjennomføringa av programmet har gått. I dette arbeidet har evalueringsskjemaene vore viktige verktøy. Formidlarar og elevar har svart på slike evalueringsskjema både i forkant og etterkant av programmet. På grunn av misforståingar har dessverre ikkje alle 9. klassingane fått svare på desse skjemaene. Difor er det litt svikt i talet på besvarte skjema, spesielt i forkant av programmet. Rapporten legger likevel dei svara vi har fått inn til grunn, og satsar på forbetringar på dette området ved evt ny gjennomføring av programmet! Utekontakten har òg lagt fram resultat frå prosjektet i arbeidsgruppa for rusforebyggjande tiltak i Kvam. Desse stiller seg positive til at vi gjennomfører prosjektet i 2008 2009. Resultat Ut i frå undersøkingane (sjå vedlegga under) kan vi sjå at «to do or not to do» har ført til at både formidlarar og 9. klassingar har auka kunnskapsnivået når det gjel rusmidlar og konsekvensar ved bruk av desse. Undersøkingane viser liten effekt i å redusere ynskje om å bruke illegale rusmidlar etter programmet. Likevel svarar nær 100 % at dei ikkje vil nytte slike rusmidlar innan eit år. Når det gjeld sovetablettar og beroligande midlar ser vi at tendensen er at mange har gått frå å svare at det er lite sannsynleg at dei vil bruke beroligande midlar innan eit år, til at dette ikkje er sannsynleg i det heile tatt. Når det gjeld tobakk og alkohol ser vi liten eller ingen effekt av programmet. Kva som er årsaka til dette er vanskeleg å sei, men vi håpar og trur at noko av årsaka er at ikkje alle fekk svare på underøkingane på førehånd. På ei anna side er alkohol og tobakk «lovlege» rusmidler for dei over 18, og det er meir allmennt akseptert at ungdommar nyttar desse rusmidlane. Vi trur at det må fokuserast meir på desse og over ei lengre tidsepoke før vi kan sjå haldningsendringar hos ungdommane. Dette vert berre synsingar frå vår side, men vi ser at alkohol og tobakk er noko som vi må fortsette å fokusere på og jobbe vidare med før vi evt gjennomfører programmet i 2008-2009. 9. klassene fekk komme med eigne kommentarar om programmet i undersøkinga, og her er eit utval av kommentarar som gjekk mykje igjen: Kva som var bra med programmet Lærte masse! Øvelsane var kjekke At vi hadde ulike aktivitetar Eg likte at det er ungdommar som har programmet, og då veit ei meir kva dei unge går gjennom. At presset er stort. Bra at det var ungdommar som underviste Gode lærarar og kjekt program. At vi hadde øvelsar om gruppepress og snakka om det Fekk svar på spørsmål og «opplevde» forskjellege ting i rollespel At ein får lære mange konsekvensar At vi slapp vanlege skuletimar Vi lærte om korleis vi kan motstå gruppepress, og det kan vere nyttig i framtida

Kva elevane ynskje seg meir av Øvingane Fleire timar Skulle ønska at det var meir skodespel og drama, slik at vi på ein måte fekk oppleve litt og vere i same situasjon Litt meir om konsekvensar Få folk til å godta at nokon ikkje vil drikke Meir fakta Kva elevane ikkje likte med programmet Likte omtrent alt, men teori er alltid kjedeleg Skulle vert oftare Meir informasjon For masse skriving Det kan bli for mykje om rusmidlar av og til Andre kommentarar frå elevane Veldig bra OK prosjekt Eg har lært mykje og tar det svært alvorleg og seriøst. Dette programmet gjorde meg meir trygg, har allereie klart å takle ulike situasjonar grunna denne undervisninga Det er kjempebra at skulane får denne undervisninga. Eg har lært mykje meir enn eg visste frå før Ut i frå desse kommentarane, samt skjema om uttalelsar om programmet (sjå vedlegg) kan vi sjå at 9. klassingane sjølve har ei forståing av at dei har hatt godt utbytte av programmet, både i forhold til kunnskapar og sjølvtillit i situasjonar der rusmidlar vert aktuelt. Ungdommane gir tilbakemelding på at dei tykkjer det er bra at vi tek opp gruppepress som tema, då mange tykkjer dette er ei vanskeleg problemstilling. Flesteparten anbefalar også at alle elevar på deira alder får ung til ung undervisning. Dette er tilbakemeldingar vi vil ta med oss i diskusjonen om vi skal gjennomføre to do or not to do i Kvam 2008-2009. Til slutt vil vi på vegne av trenarane takke Stiftelsen Bergensklinikkane ved Jane Monteney og Randi Vartdal Knoff, som har vore positive, tilgjengelege og gode støttespelarar gjennom heile prosessen. Vi vil òg takke Øystese Gymnas, Framnes Kristne Vidaregåande skule og Norheimsund Vidaregåande skule for at dei også i år var villige til å delta i prosjektet. Både trenarar og elevar frå desse skulane har gjort ein veldig god jobb med «to do or not to do»! Utekontakten vil også takke studenten vår, Britt Tone Skeie, som har gjort ein god innsats både i opplæringa og gjennomføringa av programmet! Utekontakten i Kvam herad ser fram til eit nytt skuleår med «to do or not to do»! 8. mai 2008 Siriann Lillevik og Birte Myhre Brakestad Utekontakten i Kvam Herad

VEDLEGG Prosjekt «to do or not to do» 2007 / 2008

Formidlarar før programmet: 19 formidlarar har svart på spørjeskjemaet Har du vore to do or not to do ung til ung formidlar tidlegare? Ja: 1 Nei: 18 Kor sjølvsikker føler du deg akkurat no i nevnte situasjonar? Sjølvsikker Litt sjølvsikker Ikkje sjølvsikker Diskusjonar om rus: 7 12 0 Presentere info om rus: 8 10 0 Halda øvingar i klassa: 12 7 0 Kontroll i klassa: 6 10 3 Vise / diskutere lysark: 7 7 1 Å bruka manualen: 4 10 3 Påstandar om rus: Ja Nei Veit ikkje Flerie menneske døyr som fylgje av lovlege rusmidlar enn ulovlege rusmidlar: 14 3 2 Bruk av ecstacy kan føre til alvorlege psykiske problem: 17 0 2 Det er god grunn til å stole på alt media seier og skriv om ungdom og rusmidlar: * 1 19 0 Du vert fullare av å blande ulike typar alkoholhaldige drikkar enn om du held deg til ein type: 6 9 4 Ei jente og ein gut som veg like mykje, toler ikkje like mykje alkohol: 15 2 2 Heroin forårsaker dei fleste helseskadar i Noreg når det gjeld rusmidlar: 3 8 8 Dei siste målingane visar at narkotikabruken blant unge i Noreg har gått tilbake: 3 9 7 Å drikke svart kaffi eller ta ein kald dusj kan hjelpe ein til å verte edru: 5 14 0 * Ein person har svart både ja og nei på denne påstanden : = rett svar

Kor mange elevar i ei typisk 8.klasse i Bergen med 30 elevar trur du gjer fylgjande: 1 elev el færre 2-3 elevar 4-6 elevar 10-12 elevar 18-20 elevar Røykjer dagleg: 5 6 7 1 0 Har vore full: 3 6 9 1 0 Har brukt cannabis: 14 4 1 0 0 Har du nokon gong brukt fylgjande rusmidlar? Aldri 1 gong 2-3 gonger Meir enn 3 gonger Sigarettar 8 3 1 7 Alkohol 0 1 1 17 Cannabis 19 0 0 0 Amfetamin 19 0 0 0 Heroin 19 0 0 0 Ecstacy 19 0 0 0 Sovetabl. / Beroligande 19 0 0 0 Som ein ser av tabellen har vi hatt med formidlarar med ulike erfaringar med rusmidlar. Ein viktig faktor for Stifteslen Bergensklinikkane i denne samanheng er å nytta gjennomsnitssungdom som formidlarar. Dette har med truverd å gjera når det gjeld ung til ung metodikk. Men det var viktig for Stiftelsen Bergensklinikkane at vi ikkje nytta ungdom som var brukarar av illegale rusmidlar. Kor sannsynleg er det at du vil bruka dei rusmidler som er lista opp innan eit år frå no? Sannsynleg Usannsynleg Ikkje i det heile Sigarettar 7 4 8 Alkohol 18 1 0 Cannabis 0 2 17 Amfetamin 0 2 17 Heroin 0 1 18 Ecstacy 0 1 18 Rohypnol 0 1 18

Formidlarar etter programmet: 15 formidlarar har svara på spørjeskjemaet Kor sjølvsikker føler du deg akkurat no i nevnte situasjonar? Sjølvsikker Litt sjølvsikker Ikkje sjølvsikker Diskusjonar om rus: 12 3 0 Presentere info om rus: 9 6 0 Halda øvingar i klassa: 12 3 0 Kontroll i klassa: 7 8 0 Vise / diskutere lysark: 10 5 0 Å bruka manualen*: 12 4 0 *Ein formidlar har svara både sjølvsikker og litt sjølvsikker Påstandar om rus: Ja Nei Veit ikkje Flerie menneske døyr som fylgje av lovlege rusmidlar enn ulovlege rusmidlar: 13 1 1 Bruk av ecstacy kan føre til alvorlege psykiske problem: 15 0 0 Det er god grunn til å stole på alt media seier og skriv om ungdom og rusmidlar: 0 15 0 Du vert fullare av å blande ulike typar alkoholhaldige drikkar enn om du held deg til ein type: 1 14 0 Ei jente og ein gut som veg like mykje, toler ikkje like mykje alkohol: 13 2 0 Heroin forårsaker dei fleste helseskadar i Noreg når det gjeld rusmidlar: 1 14 0 Dei siste målingane visar at narkotikabruken blant unge i Noreg har gått tilbake: 13 0 2 Å drikke svart kaffi eller ta ein kald dusj kan hjelpe ein til å verte edru: 0 15 0

Kor mange elevar i ei typisk 8.klasse i Bergen med 30 elevar trur du gjer fylgjande: 1 elev el færre 2-3 elevar 4-6 elevar 10-12 elevar 18-20 elevar Røykjer dagleg: 13 2 0 0 0 Har vore full: 4 7 4 0 0 Har brukt cannabis: 15 0 0 0 0 Har du nokon gong brukt fylgjande rusmidlar? Aldri 1 gong 2-3 gonger Meir enn 3 gonger Sigarettar 7 1 0 7 Alkohol 0 0 1 14 Cannabis 15 0 0 0 Amfetamin 15 0 0 0 Heroin 15 0 0 0 Ecstacy 15 0 0 0 Rohypnol 15 0 0 0 Kor sannsynleg er det at du vil bruka dei rusmidlar som er lista opp innan eit år frå no? Sannsynleg Usannsynleg Ikkje i det heile Sigarettar 5 6 4 Alkohol * 15 1 0 Cannabis 0 0 15 Amfetamin 0 0 15 Heroin 0 0 15 Ecstacy 0 0 15 Sovetabl. / Beroligande 0 0 15 *Ein formidlar har svart både sannsynleg og usannsynleg

To do or not to do har tre målsetjingar i forhold til rus blant unge. Etter di meining, i kor stor grad er desse oppfylt? Oppfylt Delvis oppfylt Ikkje oppfylt Å auka unge sine kunnskapar om risiko /skadar ved bruk av rusmidlar: 14 1 0 Å oppklare mytar/misforståingar om bruk av rusmidlar blant unge: 10 5 0 At unge kan tileigne seg nye strategiar for å meistre situasjonar der rusbruk føregår: * 10 4 1 * Ein formidlar har svart både delvis oppfyllt og ikkje oppfyllt Formidlaren si oppleving av programmet: Meget tilfreds Litt tilfreds Ikkje tilfreds... med di eiga deltaking i programmet: * 11 6 0... med opplæringa i programmet: 13 2 0... med antall samlingar med opplæring: * 10 7 0 * to formidlarar har svart både meget tilfreds og litt tilfreds

Diverse skriftlege kommentarar frå formidlarane: Kva ville du hatt meir av i opplæringsprogrammet? Endå meir fakta om kor farleg det er å bruke rusmidlar, men eigentleg var programmet svært bra! Fakta, slik at me blir meir trygg på vår eigen kunnskap Skremselspropaganda Fleire samlingar og meir tid til å bli kjent med elevane Meir konsekvensar om røyk og snus Øvingar og rollespel Meir tid med alle temaene Meir gjennomgåing av stoffet, fleire historier om familier som har hatt rusmisbrukere i familien, rusmisbrukere selv og venner av rusmisbrukere Kva ville du hatt mindre av i opplæringsprogrammet? Syns det var bra som det var Så mange lysark å forholde seg til Mindre tavleundervisning Andre kommentarar: Veldig kjekt, og veldig kjekke trenarar! Dette har vore kjempekjekt Hatt samlingar i eit kortare tidsrom, nærare kvarandre Eg trur dei har minst like lyst til å prøve rusmidlar no, desverre... Bra opplegg! Ung til ung programmet gjorde meg mye mer bevisst på påvirkningskraften og innflytelseskraften jeg har på de yngre.... jeg er mer bestemt på å drikke lite.

9. klasse før programmet 81 elevar har svara på spørjeskjema Er du gut eller jente? Gut: 35 Jente: 40 Ikkje svart: 6 Påstandar om rusmidlar: Einig Ueinig Veit ikkje Flerie døyr som fylgje av lovlege rusmidlar enn ulovlege rusmidlar: 50 14 17 Bruk av ecstacy kan føre til alvorlege psykiske problem: 46 3 32 Det er god grunn til å stole på alt media seier og skriv om ungdom og rusmidlar: 9 50 22 Du vert fullare av å blande ulike typar alkoholhaldige drikkar enn om du held deg til ein type: 45 16 20 Ei jente og ein gut som veg like mykje, toler like mykje alkohol: 8 52 21 Heroin forårsaker dei fleste helseskadar i Noreg når det gjeld rusmidlar: 29 15 37 Dei siste målingane visar at narkotikabruken blant unge i Noreg har gått tilbake: * 18 32 32 Å drikke svart kaffi eller ta ein kald dusj kan hjelpe ein til å verte edru: 27 24 30 *Ein person har svart både einig og veit ikkje på denne påstanden Kor mange elevar i ei typisk 8.klasse i Bergen med 30 elevar trur du gjer fylgjande: 1 elev el færre 2-3 elevar 4-9 elevar 10-17 elevar 18-30 elevar Røykjer dagleg: * 6 31 33 4 5 Har vore full: 5 10 29 30 6 Har brukt cannabis: 44 27 3 1 5 Ein person har ikkje svart på desse spørsmåla * ein person har ikkje svart på denne påstanden

Har du nokon gong brukt fylgjande rusmidlar? Aldri 1 gong 2-3 gonger Meir enn 3 gonger Sigarettar 57 13 5 6 Alkohol 40 19 6 16 Cannabis* 78 0 1 1 Amfetamin* 78 0 0 1 Heroin* 78 1 0 1 Ecstacy* 77 0 1 2 Sovetabl. / Beroligande 64 8 1 8 *Ein person har ikkje svart på dette punktet Kor sannsynleg er det at du vil bruka dei rusmidler som er lista opp innan eit år frå no? Ikkje i det heile Lite sannsynleg Sannsynleg Sigarettar 66 13 2 Alkohol 26 28 27 Cannabis 79 1 1 Amfetamin 79 1 1 Heroin 79 1 1 Ecstacy 79 1 1 Sovetabl. / Beroligande 52 20 9

9. klasse etter programmet 118 elevar har svara på spørjeskjema Er du gut eller jente? Gut: 62 Jente: 51 Ikkje svart: 5 Påstandar om rusmidlar: Einig Ueinig Veit ikkje Flerie døyr som fylgje av lovlege rusmidlar enn ulovlege rusmidlar: 81 21 16 Bruk av ecstacy kan føre til alvorlege psykiske problem: * 103 4 10 Det er god grunn til å stole på alt media seier og skriv om ungdom og rusmidlar**: 3 108 5 Du vert fullare av å blande ulike typar alkoholhaldige drikkar enn om du held deg til ein type***: 33 76 10 Ei jente og ein gut som veg like mykje, toler like mykje alkohol: 11 106 1 Heroin forårsaker dei fleste helseskadar i Noreg når det gjeld rusmidlar: 30 58 30 Dei siste målingane visar at narkotikabruken blant unge i Noreg har gått tilbake: * 74 23 20 Å drikke svart kaffi eller ta ein kald dusj kan hjelpe ein til å verte edru: 11 97 9 *Ein person har ikkje svart på denne påstanden *To personar har ikkje svart på denne påstanden *Ein person har svart både einig og ueinig på dennne påstanden Kor mange elevar i ei typisk 8.klasse i Bergen med 30 elevar trur du gjer fylgjande: 1 elev el færre 2-3 elevar 4-9 elevar 10-17 elevar 18-30 elevar Røykjer dagleg: 57 49 10 1 1 Har vore full: 18 54 36 9 1 Har brukt cannabis: 108 7 2 0 1

Har du nokon gong brukt fylgjande rusmidlar? Aldri 1 gong 2-3 gonger Meir enn 3 gonger Sigarettar 82 17 5 14 Alkohol 64 21 11 22 Cannabis 116 1 0 1 Amfetamin 117 1 0 0 Heroin 117 0 0 0 Ecstacy 115 1 2 0 Sovetabl. / Beroligande* 98 5 3 11 *Ein person har ikkje svart på dette spørsmålet Kor sannsynleg er det at du vil bruka dei rusmidler som er lista opp innan eit år frå no? Ikkje i det heile Lite sannsynleg Sannsynleg Sigarettar 86 26 6 Alkohol* 39 40 40 Cannabis 115 3 0 Amfetamin 114 4 0 Heroin 116 2 0 Ecstacy 114 3 1 Sovetabl. / Beroligande** 91 13 13 *Ein person har svart både lite sannsynleg og sannsynleg på dette spørsmålet **Ein person har ikkje svart på dette spørsmålet

Uttalelsar om to do or not to do: Sterkt einig Einig Ueinig Sterkt ueinig Veit ikkje To do har lært meg mykje om risiko og skader ved bruk av rusmidlar: 47 62 2 0 7 Eg har blitt meir klar over kva som er sant / usant når det gjeld ungd. Sitt rusbruk: 57 55 1 0 5 Eg har blitt meir klar over forskjeller mellom gutar og jenter sin rusbruk: 30 67 8 0 13 Eg stolar meir på media si framstilling av ungdom og rusvaner no enn tidlegare: 4 13 38 47 16 Eg føler meg meir sjølvsikker til å meistre situasj. kor eg blir tilbode rusmidlar:* 43 52 7 0 17 *Ein person har svart både sterkt einig og einig på dette spørsmålet Påstander om to do or not to do: Einig Ueinig Veit ikkje Ung til ung formidlarane var svært gode til å undervise i dette programmet: 98 5 11 Eg vil anbefale at alle elevar på min alder får undervisning i ung til ung frå eldre ungdommar: 101 5 8 *Fire personar har ikkje svart på desse spørsmåla

RESULTAT I PROSENT: Rette svar før og etter programmet: Formidlarar: Einig, ueinig, veit ikkje Før: Etter: Fleire mennesker døyr som fylgje av bruk av lovlege rusmidlar enn ulovlege (riktig): 73,7 % 86,7 % Bruk av Ecstacy kan føre til alvorlege psykiske problem (riktig): 89,5 % 100 % Det er god grunn til å stole på alt media seier om ungdom (feil): 95,0 % 100 % Du vert fullare av å blande ulike typar alkoholhaldige drikkar, enn om du berre held deg til ein type (feil): 47,4 % 93,3 % Ei jente og ein gut som veg like mykje, tåler ikkje like mykje alkohol (riktig): 78,9 % 86,7 % Heroin forårsaker dei fleste helseskader i Noreg når det gjeld rusmidlar (feil): 42,1 % 93,3 % Dei siste målingane viser at narkotikabruken blant unge i Noreg har gått tilbake (riktig): 15,8 % 86,7 % Å drikke kaffi eller ta ein kald dusj kan hjelpe ein til å verta edru (feil): 73,7 % 100 % Kor mange elevar i ei typisk 8. klasse med 30 elevar i Bergen trur du gjer fylgjande: Før: Etter: Røykjer dagleg: 26,3 % 86,7 % Har vore full: 15,8 % 26,7 % Har brukt cannabis: 73,4 % 100 %

Rette svar før og etter programmet: 9. klasse Einig, ueinig, veit ikkje Før: Etter: Fleire mennesker døyr som fylgje av bruk av lovlege rusmidlar enn ulovlege (riktig): 61,7 % 68,6 % Bruk av Ecstacy kan føre til alvorlege psykiske problem (riktig): 56,8 % 88,0 % Det er god grunn til å stole på alt media seier om ungdom (feil): 61,7 % 93,1 % Du vert fullare av å blande ulike typar alkoholhaldige drikkar, enn om du berre held deg til ein type (Feil): 19,8 % 63,8 % Ei jente og ein gut som veg like mykje, tåler like mykje alkohol (feil): 64,2 % 89,8 % Heroin forårsaker dei fleste helseskader i Noreg når det gjeld rusmidlar (feil): 18,5 % 49,2 % Dei siste målingane viser at narkotikabruken blant unge i Noreg har gått tilbake (riktig): 22,0 % 63,2 % Å drikke kaffi eller ta ein kald dusj kan hjelpe ein til å verta edru (feil): 29,6 % 82,9 % Kor mange elevar i ei typisk 8. klasse med 30 elevar i Bergen trur du gjer fylgjande: Før: Etter: Røykjer dagleg: 7,6 % 48,3 % Har vore full: 6,3 % 15,3 % Har brukt cannabis: 55,0 % 91,5 %

Før program: Formidlarar: Etter program: Formidlarar Har du nokon gong brukt fylgjande rusmidlar? Har du nokon gong brukt fylgjande rusmidlar? Aldri: 1 gong: 2-3 gonger: meir enn 3 g.: Aldri: 1 gong: 2-3 g: meir enn 3 g.: Sigarettar: 42,1% 15,8% 5,3% 36,8% Sigarettar: 46,6 % 6,7 % 0 % 46,6 % Alkohol: 0% 5,3% 5,3% 89,5% Alkohol: 0 % 0% 6,7 % 93,3 % Cannabis: 100% 0% 0% 0% Cannabis: 100 % 0 % 0 % 0 % Amfetamin: 100% 0% 0% 0% Amfetamin: 100 % 0 % 0 % 0 % Heroin: 100% 0% 0% 0% Heroin: 100 % 0 % 0 % 0 % Ecstacy: 100% 0% 0% 0% Ecstacy: 100 % 0 % 0 % 0 % Rohypnol: 100% 0% 0% 0% Rohypnol: 100 % 0 % 0 % 0 % Kor sannsynleg er det at du vil bruke fylgjande rusmidlar innan eit år frå no? Sannsynleg Usannsynleg Ikkje i det heile Sannsynleg Usannsynleg Ikkje i det heile Sigarettar: 36,8% 21,1% 42,1% Sigarettar: 33,3 % 40 % 26,7 % Alkohol: 94,7% 5,3% 0% Alkohol: 93,75 % 6,25 % 0 % Cannabis: 0 % 10,5% 89,5% Cannabis: 0 % 0 % 100% Amfetamin: 0 % 10,5% 89,5% Amfetamin: 0 % 0 % 100% Heroin: 0 % 5,3 % 94,7% Heroin: 0 % 0 % 100% Ecstacy: 0 % 5,3% 94,7% Ecstacy: 0 % 0 % 100% Sovetabl./berol.: 0 % 5,3% 94,7% Sovetabl./berol.: 0 % 0 % 100%

Før program 9. klasse: Etter program 9. klasse: Har du nokon gong brukt fylgjande rusmidlar? Har du nokon gong brukt fylgjande rusmidlar? Aldri: 1 gong: 2-3 gonger: meir enn 3 g.: Aldri: 1 gong: 2-3 gonger: meir enn 3 g.: Sigarettar: 70,4 % 16 % 6,2% 7,4 % Sigarettar: 69,5% 14,4% 4,2% 11,9% Alkohol: 49,4 % 23,5 % 7,4% 19,8% Alkohol: 54,2% 17,8% 9,3% 18,6% Cannabis: 97,5 % 0 % 1,25% 1,25% Cannabis: 98,3% 0,8% 0% 0,8% Amfetamin: 97,5 % 1,25 % 0% 1,25% Amfetamin: 99,2% 0,8% 0% 0,8% Heroin: 97,5 % 1,25 % 0% 1,25% Heroin: 99,2% 0% 0% 0% Ecstacy: 96,25 % 0 % 1,25% 2,5% Ecstacy: 97,5% 0,8% 1,7% 0% Sovetabl./berol.: 79,5 % 9,9 % 1,25% 9,9% Sovetabl./berol.: 83,8% 4,3% 2,6% 9,4% Kor sannsynleg er det at du vil bruke fylgjande rusmidlar innan eit år frå no? Ikkje i det heile Lite sanns. Sannsynleg Ikkje i det heile Lite sanns. Sannsynleg Sigarettar: 81,5% 16,5% 2,5% Sigarettar: 72,9% 22% 5,1% Alkohol: 32,1% 34,6% 33,3% Alkohol: 32,8% 33,6% 33,6% Cannabis: 97,5% 1,2% 1,2% Cannabis: 97,5% 2,5% 0% Amfetamin: 97,5% 1,2% 1,2% Amfetamin: 96,6% 3,4% 0% Heroin: 97,5% 1,2% 1,2% Heroin: 98,3% 1,7% 0% Ecstacy: 97,5% 1,2% 1,2% Ecstacy: 96,6% 2,5% 0,8% Sovetabl./berol.: 64,2% 24,7% 11,1% Sovetabl./berol.: 77,8% 11,1% 11,1%