SJØTROLL HAVBRUK AS AVD JAKTA STAMFISK Bekkjarvik 5397 BEKKJARVIK Dykkar ref: Vår ref: 2016/192099 Dato: 15.12.2016 Org.nr: 985399077 SJØTROLL HAVBRUK AS - LOKALITET 28516 SALTVERKET OG 28517 KALVEHAGEN - VEDTAK OM GODKJENNING Mattilsynet viser til søknad frå Sjøtroll Havbruk AS angåande tilknyting av stamfiskkonsesjonane H- OR-017 og H-L-022 for stamfisk i sjø til lokalitet Kalvehagen og Saltverket. Søknaden er oversendt frå Hordaland Fylkeskommune. Saka gjeld 28517 - KALVEHAGEN, Lokalitetsnummer 28517 28516 - SALTVERKET, Lokalitetsnummer 28516 Vedtak om godkjenning Mattilsynet godkjenner samlokalisering av stamfiskløyva H-OR-17 og H-L-22 på lokalitetane 28517 Kalvehagen og 28516 Saltverket i Osterøy kommune. Denne godkjenninga er ikkje gyldig før Fiskeridirektoratet har gjeve dispensasjon frå laksetildelingsforskrifta 32 og Hordaland Fylkeskommune har gjeve sitt løyve etter Akvakulturlova. Vedtaket er fatta med heimel i forskrift om utvidelse av akvakulturanlegg mv 5 Krav om godkjenning Saksopplysningar: Sjøtroll Havbruk AS har per dags dato setjefiskløyve (H-OR-028 og H-OR-029) på lokalitet Kalvehagen og Saltverket. Desse to lokalitetane vert brukt som ein del av stamfiskproduksjonen av regnbogeaure i verksemda. Verksemda har i dag to stamfiskløyve i sjø, godkjend for produksjon av stamfisk av regnbogeaure. Desse to løyva (H-OR-017 og H-L-022) er knytt til lokalitet 13566 Storskrebukti i Lindås kommune, og 12077 Tveitnesvik i Kvinnherad. Stamfisk av regnbogeaure har vorte sett i sjø vår partal og vår oddetal, og står i sjø fram til november månad året etter. På denne tida vert stamfisk utsortert, og sett i kar på land på Kalvehagen og Saltverket, og vert her gåande i ferkvatn fram til fisken vert mogen og klar for stryking. Verksemda ynskjer no å knyte dei to stamfiskløyva i sjø til dei to landlokalitetane. Søknaden gjeld endring i registrerte akvakulturløyve på lokalitetane. Ei klarering vil ikkje føre til endringar i drift, vassforbruk eller areal på lokalitetane. Mattilsynet Region Sør og Vest Saksbehandlar: Kristina Birkeland Tlf: 22 40 00 00 / 22778545 E-post: postmottak@mattilsynet.no (Hugs namnet på mottakaren) Postadresse: Felles postmottak, Postboks 383 2381 Brumunddal Telefaks: 23 21 68 01
Dykkar ref: Vår ref: 2016/192099 Dato: 15.12.2016 Verksemda har sendt inn risikoanalysar, beredskapsplanar og IK-system for dei to landlokalitetane. Mattilsynet har kjennskap til at all fisken vert landsett og stroke på Kalvehagen slik rutinane er i dag, og rogn vert etter kvart overført frå Kalvehagen til Saltverket (og andre klekkeri) og klekka der. Yngel som vert klekt på Saltverket vert levert vidare til setjefiskanlegg ved høveleg storleik. På Kalvehagen er det klart skilje mellom kara der stamfisken oppheld seg, og rognavdelinga. Det er smittesluse mellom dei to områda (klesbyte, desinfeksjon osv.). På Saltverket har det berre stått rogn og yngel i nyare tid. Her er det også sett opp smittesluse med klesbyte og desinfeksjon før ein kjem inn til avdelinga der det står rogn og yngel. Mattilsynet vurderer dette slik: Mattilsynet har vurdert om det å knyte stamfiskløyva i sjø til dei to landlokalitetane med bakgrunn i kva dette kan få å sei for fiskehelse- og velferd, samt smittehygiene på dei to aktuelle lokaltietane. Me har godt inntrykk av at både helse, velferd og smittehygiene vert ivareteke på Kalvehagen og Saltverket, og dersom drifta føregår slik ho allereie er lagt opp i dag, har me ingen kommentarar til å knyte stamfiskløyva i sjø til dei to landanlegga. Det er likevel nemnt i søknaden at stamfisk vert sett i kar på Saltverket - dette har ikkje vore den vanlege praksisen på denne lokaliteten dei siste åra. Dersom verksemda skal landsetje fisk på Saltverket, er det viktig at anlegget er utforma slik at det er klare smittehygieniske skilje mellom den landsette stamfisken og rogn/yngelavdelinga. Dette er ein føresetnad for å kunne ta inn stamfisk på lokaliteten. Mattilsynet vil vurdere å trekkje godkjenninga tilbake dersom de ikkje overheld vesentlege forhold i vilkåra for godkjenninga, eller dersom de ikkje oppfyller vesentlege krav i regelverket. De plikter å halde Mattilsynet orientert om kven som er ansvarleg for verksemda. Sjå regelverk og rettar. Med helsing Odd Tøsdal seksjonssjef Dette dokumentet er elektronisk godkjent og blir sendt utan signatur. Dokument som må ha signatur blir i tillegg sendt i papirversjon. Kopi til: HORDALAND FYLKESKOMMUNE REGIONALAVDELINGA, Postboks 7900, 5020 BERGEN FISKERIDIREKTORATET REGION VEST, Postboks 185 Sentrum, 5804 BERGEN Fylkesmannen i Hordaland - Landbruksavdelinga, PB. 7315, 5020 Bergen Side 2 av 3
Dykkar ref: Vår ref: 2016/192099 Dato: 15.12.2016 Vedlegg: Regelverk og rettar Melding om rett til å klage over forvaltningsvedtak Side 3 av 3
Dykkar ref: Vår ref: 2016/192099 Dato: 15.12.2016 Regelverk og rettar Heimel for tilsyn Mattilsynet har i samsvar med matlova 23 og dyrevelferdslova 30 heimel til å føre tilsyn og gjere nødvendige vedtak for gjennomføring av det som er bestemt av lova. Du har rett til å få veiledning om regelverket Dette betyr at du kan kreve å få vite kva for regelverk som gjeld, kvar du finn regelverket og korleis ein skal forstå regelverket. Mattilsynet kan ikkje gje konkrete råd om korleis du skal oppfylle regelverket. Plikt til å rettleie følger av forvaltningslova 11. Klagerett Det er klagerett på enkeltvedtak. Fristen for å klage er tre veker etter at de har fått informasjon om vedtaket, jf. forvaltningslova 28 og 29. De finn meir informasjon om klageretten i vedlegget Melding om rett til å klage over forvaltningsvedtak. Aktuelt regelverk: FOR 2008-06-17 nr 823: Forskrift 17. jun. 2008 nr. 823 om etablering og utvidelse av akvakulturanlegg, zoobutikker m.m (forskrift om utvidelse av akvakulturanlegg mv ) Lov 19. des. 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv (matloven ) FOR 2008-06-17 nr 822: Forskrift 17. jun. 2008 nr. 822 om drift av akvakulturanlegg (akvakulturdriftsforskriften ) Lov 19. jun. 2009 nr. 97 om dyrevelferd (dyrevelferdsloven )
Avsendar Mattilsynet Avdeling Bergen og omland Felles postmottak, Postboks 383 2381 Brumunddal Melding om rett til å klage over forvaltningsvedtak (Forvaltningslova (fvl) 27) Mottakar (namn og adresse) Dato Klageinstans SJØTROLL HAVBRUK AS AVD JAKTA STAMFISK Bekkjarvik 5397 BEKKJARVIK 15.12.2016 Mattilsynet, hovudkontoret Denne meldinga gjev viktige opplysningar dersom De ønskjer å klage over vedtak De har fått melding om. Klagerett Kven kan De klage til Frista for å klage Rett til å krevje grunngjeving Innhaldet i ei klage Utsetjing av vedtaket Rett til å se dokumentene i saka og til å krevje rettleiing Kostnader ved klagesaken Klage til Sivilombudsmannen De har rett til å klage over vedtaket. Klaga skal først sendast til avsendaren av denne meldinga. Dersom dette organet ikkje endrar vedtaket som følge av klaga, vil ho bli sendt vidare til klageinstansen for avgjerd. Klagefrista er 3 veker fra den dagen dette brevet vart motteke. Det er nok at klaga er postlagt innan fristen løp ut. Dersom De klagar så seint at det kan være uklårt for oss om De har klaga i rett tid, burde De gje opp datoen når denne meldinga vart motteke. Dersom klaga vert sendt for seint, kan ein sjå bort fra ho. Om De har særskilt grunn til det, kan De likevel søkje om å få forlenga klagefrista. De bør da i tilfelle nemne grunnen til forseinkinga. Dersom De ikkje allerede har fått grunngjeving for vedtaket, kan De sette fram krav om å få det. Slikt krav må setjast fram i løpet av klagefristen. Klagefristen vert i så fall broten av, og ei ny frist tek til å løpe fra det tidspunktet De mottek grunngjevinga. Klagen skal nemne vedtaket som det blir klaga på, og den eller de endringane som er ønska. De bør også nemne grunngjevinga Dykkar for å klage og eventuelle andre opplysningar som kan ha innverknad på vurderinga av klaga. Klaga må være underteikna. Sjølv om De har rett til å klage, kan vedtaket vanlegvis bli gjennomførd straks. Men De har rett til å søkje om å få utsatt iverksettinga av vedtaket inntil klagefrista er ute eller klagen er avgjort. Med visse avgrensingar har De rett til å se dokumenta i saka, jf fvl 18 og 19. De må i slike høve vende Dykk til det forvaltningsorganet som har sendt denne meldinga. Der kan De også få nærmare rettleiing om retten til å klage, om framgangsmåten ved klage og om reglene for sakshandsaminga ellers. De kan søkje om å få dekka utgifter til naudsynt advokathjelp etter reglane om fritt rettsråd. Her gjeld det normalt visse inntekts- og formuesgrenser. Fylkesmannens kontor eller advokaten kan gje nærmare rettleiing. Det er og særskilt høve til å krevje dekning for vesentlige kostnader i samband med klagesaka, til dømes til advokathjelp. Dersom vedtaket er blitt endra til gunst for klagaren, er det etter fvl 36 og høve til å søkje dekning for vesentlige kostnader i samband med saka. Klageinstansen vil om nausynt orientere Dykk om retten til å krevje slik dekning for sakskostnadar. Det er og høve til å klage til Stortingets ombudsmann for forvaltninga (Sivilombudsmannen). Mattilsynet Region Sør og Vest Saksbehandlar: Kristina Birkeland Tlf: 22 40 00 00 / 22778545 E-post: postmottak@mattilsynet.no (Hugs namnet på mottakaren) Postadresse: Felles postmottak, Postboks 383 2381 Brumunddal Telefaks: 23 21 68 01