Me gir oss ikkje - Nei, sa eg! Aldri i livet. Her på garden har det aldri vore noko bikkje, og ikkje skal det bli nokon heller. Send den skitne, fæle kjøteren tilbake der de fann han, eg vil ikkje ha ein slik sint, gneldrande hannhund blant dei fredelege husdyra våre. - Jammen, far Fem par bedande småguteauge stirra trist på han. - Ikkje noko jammen. Sjå til å jage det møkkete beistet vekk. Eg vil ikkje ha han her, sa eg. Slike hannhundar stikk berre av og går langs vegane, og får dei teften av ei tispe, så er dei over alle haugar. 1
Faren tok lykta og subba bort til døra, medan dei fem ungane blei ståande og følgje han skuffa med auga. - Det er dårleg gjort. Kåre stirra opprørt etter far sin. - Og stakkar Prins, som ikkje har noko heim, kom det betutta frå Svein. - Utmagra er han, skiten i pelsen og redd som ein hare. Eg er heilt sikker på at noko har vore stygg med han. Kåre nikka Me kan ikkje berre sleppe han ut i skauen og la han klare seg sjølv. Ulven kan ta han. Gaupa kan rive han i filler. Dessutan så klarer ikkje ein hund å finne seg mat sjølv. Dei andre stirra på han. - Kva skal me gjera? Kåre tenkte seg om. Han var den eldste av gutane, og den som hadde størst ansvar. - I paragraf sju i Bygdalova står det: «Sjølv om du ikkje har rett, så skal du ikkje gi deg.» Denne lova har far lært oss. Altså: Me gir oss ikkje. Dei andre såg heller himmelfalne ut. - Men far sa jo nei, kom det forskrekka frå den yngste. Kåre nikka. Men han treng ikkje få beskjed om at me tar oss av Prins ei lita stund. Det er me som fann han, og det er vårt ansvar å hjelpe han. Så snart far har dratt av garde til skogs for å hente meir ved, så skundar me oss og 2
hentar Prins inn på låven. Der kan me lage til ein fin liten binge til han innerst i kroken. Kvar morgon før mor og far står opp, listar me oss ut med mat og vatn til han. Alle klappa i hendene. Som sagt, så gjort. Kvar morgon var ungane ute på låven med mat og vatn til Prins. Til å byrje med låg han heilt i ro, han var alt for trøtt til å røre på seg, det var berre så vidt han tok litt av maten. Men for kvar dag som gjekk, kvikna han til, og han byrja ete meir. 3
Ein morgon dei kom ut på låven, møtte han dei med logrande hale, pipande av glede over å sjå dei. Han kasta seg over maten, og åt opp alt i nokre få jafs. Etter berre nokre dagar byrja han leggje på seg. - Han byrjar nesten å bli tjukk, sa Svein glad. - Nå er det på tide å gi han eit bad, meina Kåre. Dei andre stirra forskrekka på han. - Eit bad? gjentok dei i kor. Kåre nikka. Alle gutar og hundar med respekt for seg sjølv må ha eit julebad. - Det er ikkje jul ennå, protesterte Svein. Som gutar flest likte han ikkje badestampen. Med ein gong julebadet var over bruka dei leggje høy i stampen og hadde han som ei sklie. Dei pleidde skli ned loftstrappa og hamne rett i høyet, i stampen. Sjølv dei eldste syns dette var kjekt. - Hugs at me må gjera det før me sjølv skal bada, forklarte Kåre. Det er berre ei veke igjen til jul. Nølande gjekk dei tilbake til huset sitt. Korleis skulle dei klare å lura badestampen ut på låven utan at mor eller far ville oppdaga det? Når dei kom inn på kjøkenet, fekk dei seg ei fin overrasking. Mor var travelt opptatt med å pakke lefser og pepparkarer i ei stor korg. - I dag må alle klare seg sjølv, ungar. Me skal til dei gamle med ved og mat. Gutane såg på kvarandre. Dette gjekk betre enn dei hadde våga håpa på. 4
Så snart mor og far var vekke, henta dei badestampen og bar han mellom seg ut på låven. Deretter måtte dei koke vatn og bære den eine bøtte etter den andre. Dei var nesten heilt utsletne når dei var ferdige. Inne i bingen stod Prins og følgde dei spent med augo. Dei hadde tenkt at han var like lite glad i vatn som dei sjølv, men merkeleg nok gjekk han rett bort til stampen, stod ei lita stund og kikka over kanten, og før dei fekk sukk for seg, gjorde han eit byks og hoppa oppi. Gutane klappa i hendene, jubla og lo. Med skurekost, såpe og vaskefille gned dei ham over heile kroppen, deretter tok dei ei bøtte med reint vatn og skylte av han såpa. Prins måtte ha forstått at julebadet var over, for han hoppa opp av stampen igjen og rista seg så alle gutane blei klissvåte. Dei hyla og lo og syntes aldri dei hadde hatt det så kjekt. Til slutt sprong dei tilbake til huset og tok med seg alt dei fann av undertrøyer, lange underbukser og mor sine dukar, og skunda seg tilbake for å tørke Prins. Det måtte så mykje klede til for å få han tørr, så stor som han var. Dei trudde ikkje sine eigne auge når dei var ferdige. Nå først såg dei kva fine fargar hunden hadde. Han var kritkvit både på labbane, på halsen og midt i fjeset, elles var han gyldenbrun og svart. Aldri hadde dei sett ein så fin hund. - Hadde far sett han nå, ville han sagt noko anna, meinte Svein bestemt. 5
Kåre sendte nokre tankefulle blikk til Svein, så rista han på hovudet. Faren ville ikkje ha ein hannbikkje, ikkje eingong ein som var rein. Nei, dei måtte nok innsjå at dette ikkje ville gå. Ein dag måtte nok Prins forlate dei. Då dei to morgonar seinare kom inn på låven og sprong bort til bingen, bråstoppa dei. Prins var ikkje der! Dei stirra inn i bingen, på kvarandre og på bingen igjen. - Han har reist, kom det trist frå Svein. Dei andre nikka med gråten i halsen. - Me redda livet hans, sa Kåre i håp om å tøyste både dei andre og seg sjølv. - Hadde me ikkje gitt han mat og stell, ville han ikkje ha klart å hoppe over bingen, skyve opp den tunge døra og springe avgarde. Nå er han sikkert på veg heim. - Heim? Svein såg på han med tårer i augo. Til dei som var stygge mot han? Kåre svara ikkje, berre svelgde klumpen han hadde i halsen. Brått høyrde dei ein uvanleg lyd. - Kva er det? Minste guten såg seg skremd omkring. - Det var berre ei mus, kom deg roleg frå Kåre. - Nei, sa Svein. Det høyres ut som kattungar. Eg trur det må vera Mira som har fått noko. Kom! Me går og leitar i høyet. Kanskje det vil hjelpe å få noko anna å tenkje på, tenkte Kåre. I alle fall for ei lita stund. Snart var alle i gang med å leite. Då høyrde dei eit gips frå Svein. Han hadde stoppa brått, og stod og stirra på noko nede i høyet. Alle dei andre flokka seg rundt han. 6
Framfor dei, i ei grop i høyet, låg Prins med fem, nyfødte valpar rundt seg. Etter ei langt stund kom det glad frå den yngste: - Ein unge til kvar av oss! - Og ei tispe til far, la Kåre overvelda til. - Ikkje Prins, men Prinsesse, lo Svein glad. Same dag fortalte dei far og mor om den store overraskinga. Far stod fyrst ei lang stund og såg på dei med rare auge, i tvil om han skulle gi dei kjeft eller ikkje, så tok han fjøslykta i handa og blei med dei ut på låven. Då han fekk sjå den skinnande reine Prins med alle dei flotte valpane, sette han straks i gang med å byggje hundehus. 7
Ei lita stund krangla gutane om det skulle stå Prins eller Prinsesse på huset, men dei blei til slutt einige om at det var Prins ho heitte. Far sette seg ned på huk og klappa den snille hunden. - Ja, du var litt av ein fin presang, du, sa han med eit bredt smil. 8