Kommunestyret Sak nr 24/10 FELLES BIBLIOTEKSYSTEM FOR KOMMUNANE SOLA, TIME OG KLEPP

Like dokumenter
NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

HØYRING - NOU 2006:2 - STATEN OG DEN NORSKE KYRKJA

Utval Saksnummer Møtedato Plan- og økonomikomiteen 082/ Time kommunestyre 040/

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Regional plan for bibliotek til offentleg høyring og ettersyn

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

2 av 6 disponering av midlane kommunen får tildelt gjennom ordninga med Den kulturelle spaserstokken, og utvalet krev å bli tatt med i drøftingar når

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi?

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

SAKSLISTE Saksnr. Tittel side: 1/17 MØTEPROTOKOLL GODKJENNING 2

Behandla i: Møtedato: Sak nr: Hovudutval for lokal utvikling /11. Kommunestyret /11

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

HARAM KOMMUNE Sakspapir

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

2 av 6 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 069/12 12/689 Faste saker 070/12 12/659

Brukarrettleiing E-post lesar

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

Austevoll kommune. vår re Arkivkode Dykkar ref. Dato. 07/ /LEH L UTREDNING OM BETALING FOR BRUK AV AREAL I KYSTSONA.

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 5/15 Tjenesteutvalget Formannskapet Kommunestyret

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: UTV.SAKSNR.

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Ekstern revisor - opsjon og ny konkurranse

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksframlegg. Arkivsak: 14/ Sakstittel: KOMMUNEREFORMA. K-kode: 001 &25

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Tilleggsinnkalling av Kommunestyret

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Bibliofil til vgs i Møre og Romsdal

FELLESNEMND FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Fellesnemnd Ullensvang kommune

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 027/2016 Formannskapet PS /2016 Kommunestyret PS

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 45/10 08/189 ENERGI- OG KLIMAPLAN FOR BALESTRAND KOMMUNE, HØYRINGSUTKAST

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKSLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 37/10 10/382 INNKJØP AV ALARMSENTRAL/ALARMER MEHAMN HELSESENTER

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0216/04 03/01610 PROFILERINGSPROSJEKTET I OS KOMMUNE

Vågsøy kommune Rådmann

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet AVTALAR MED TILTAK SOM GJELD OVERGREP, VALD OG LIKNANDE

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 231 Arkivsaksnr.: 18/1343. Betalingssatsar og tilbod i 2019 for barnehage og SFO

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

Sakliste: Saknr. Sak 32/12 Godkjenning av innkalling og sakliste MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

ULSTEIN KOMMUNE Ulstein eigedomsselskap KF

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 009/15 Bystyret PS /15 Bystyret PS

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

SAKSDOKUMENT. Årsbudsjett Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0135/05 05/00117 PORTEFØLJESTATUS AUGUST

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

02. MAI ,Oo S 2. Seljord kommune. Kuhur Seljord. Kultur- og kyrkjedepartementet Pb Dep, 0030 OSLO

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Saksnr. Arkivkode Saksh. Dykkar ref. Dato 16/309-3 / U43/ Aina Tjosås ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Samnanger kommune Møteprotokoll

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Transkript:

Klepp kommune Postboks 25 4358 Kleppe Tlf 51 42 98 00 SÆRUTSKRIFT AV MØTEBOK Kommunestyret Sak nr 24/10 Behandla i : Kommunestyret Hovudutval for lokal utvikling Møtedato: 18.05.10 06.04.10 Sak nr: 24/10 35/10 Saksbehandler: Elisabeth Kolstø Arkiv: C61 Arkivsak: 09/43-10 Møtedato: 18.05.2010 FELLES BIBLIOTEKSYSTEM FOR KOMMUNANE SOLA, TIME OG KLEPP INNLEIING Det siste året har folkebiblioteka i dei tre kommunane gått saman om eit prosjekt for å samordna publikumstenester, samlingsutvikling og medieflyt. Målet er at dei tre folkebiblioteka skal kunna fungera som eitt bibliotek når det gjeld publikumstenester som utlån, innlevering, lånarregistrering og nett-tenester. Biblioteksjefane i dei tre kommunane har arbeidd med dette prosjektet sidan hausten 2008, og Time kommune har fått skjønstilskot på kr 150 000 frå Fylkesmannen i Rogaland for gjennomføring av prosjektet i samarbeid med Klepp og Sola. BAKGRUNN FOR SAKA / SAKSOPPLYSNINGAR Bakgrunnen for prosjektet er at folkebiblioteka på Jæren har samarbeidd om ulike tiltak gjennom fleire år, utan at ein har sett i verk mange praktiske tiltak. Tre ordningar fungerer per i dag: 1) Ei transportordning som med utgangspunkt i Gjesdal reiser rundt frå Randaberg i nord til Hå i sør og tek med seg bøker og andre media mellom biblioteka to gonger i veka. Alle folkebiblioteka og universitetsbiblioteket er med på denne ordninga, som er eit spleiselag mellom dei som er med. Ordninga er særs viktig for servicen til brukarane. 2) Tre biblioteksjefmøte kvart semester med Gjesdal, Hå, Klepp, Sola og Time med fokus på utveksling av røynsler og planar. 3) Ein felles bokvurderingsblogg for ungdom, http://ungdomsboka.blogspot.com der ungdomsbibliotekarar i Gjesdal, Hå, Klepp, Sola og Time melder bøker for ungdom. Folkebiblioteka i Sola, Time og Klepp ønskjer no å ta eit steg vidare. Gjennom å slå saman biblioteksystema (katalog, lånarregister og websøk) ønskjer rådmannen å auka samarbeidet mellom dei tre biblioteka. Brukarane får betre tenester, det interne arbeidet vert effektivisert og samstundes får ein utnytta ressursane i samlingane betre enn i dag. Dei tre biblioteka vil i praksis fungere som likeverdige avdelingar der lånarane får høve til å nytta heile breidda av samlingane i dei tre biblioteka. 1

Rådmannen ser at slike tankar òg er med i St.meld. 23 (2008-2009) Bibliotek: kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid. I kapittel 9.8 er eitt av tiltaka: Kultur- og kyrkjedepartementet vil stimulere til samarbeids- og samordningsløysingar i biblioteknettverket lokalt og regionalt. Målet er å prøve ut ulike organisasjonsmodellar, og gje rom for kreativ og fleksibel utprøving med basis til dømes i vertskommunemodellen. Framlegget om felles biblioteksystem i Sola, Time og Klepp stettar dette, og vil auka tilgongen til bibliotektenester for alle som bur i dei tre kommunane. Etter kvart vil det vera aktuelt med tilsvarande samarbeid for heile Jærregionen, og då vil etableringa av dette samarbeidet vera ein spydspiss og modell for ei seinare utviding. Prosjektet baserer seg på at alle tre bibliotek nyttar biblioteksystemet Mikromarc 2, levert av Bibliotekenes IT-senter AS (BIBITS). Rådmannen vil skissera nokre skilnader på korleis systemet fungerer i dag kontra det som er målet med samarbeidet. Innkjøp/katalogisering I dag gjer biblioteka dette kvar for seg. I tilfelle der alle biblioteka kjøper same bok, må alle operasjonane gjerast tre stader: bokval, registrering, bestilling, mottak og ferdig katalogisering. Med samanslegen katalog skal bokval, bestilling og mottak framleis skje på kvar plass. Ferdig katalogisering skal gjerast ferdig av det fyrste biblioteket som får boka. Etter at dette har fungert ei tid, vil ein vurdera om det er mogleg å samarbeida nærmare om medieinnkjøp òg, slik at dei tre biblioteka til saman får ei breiare samling enn ein har i dag. Det er kanskje ikkje særs mykje arbeid å spara på dette, men kvaliteten vil verta høgre og tilbodet betre. Lånarflyt I dag er ganske mange brukarar registrerte ved fleire av biblioteka, særleg gjeld dette Time og Klepp. Desse må i dag forholde seg til fleire ulike system for å ha oversyn over låna sine. Dei må gå inn på to eller tre nettsider og sjekka alle sine lån, fornya, reservera/bestilla og så vidare, ev. ringja fleire bibliotek for å fornya. Ved å slå saman lånarregistra vil brukarane ha fullt oversyn over kva dei har lånt, lånetid, reserveringar osb. hjå alle dei tre biblioteka på ein stad. Lån ved alle tre bibliotek kan fornyast ved å ta ein telefon i staden for to eller tre. Medieflyt I dag er det som tidlegare nemnt, ein transport som går mellom biblioteka på Jæren. Dette er praktisk for biblioteka, og gjer at utvekslinga av fjernlån går snøggare og billigare enn om ein skulle nytta posten. Likevel er det framleis tungvint dersom ein lånar i Klepp ynskjer ei bok som Klepp bibliotek ikkje har, men som fins hjå Time eller Sola. I dag vert dette gjort slik: Lånaren tek kontakt med Klepp bibliotek som registrerer dette som eit fjernlånsønske. Ein bibliotekar på Klepp tingar frå Time. Så må Time låna ut til Klepp og sende med boktransporten til Klepp. Deretter må Klepp registrera boka som motteken og senda melding til lånaren om at boka er komen. Når lånaren er ferdig med boka, må han 2

levera på Klepp bibliotek som så sender boka med boktransport til Time. Dersom lånaren leverer på Time sjølv, vert det sendt purring frå Klepp. Med det nye samarbeidet vil same operasjon gjerast slik: Lånaren går inn på felles websøk for Klepp, Sola og Time og tingar boka. Samstundes vel han at han vil henta boka på Klepp. Då får Time melding om at boka skal sendast til Klepp, og sender boka med boktransporten. Når boka blir motteken på Klepp sender Klepp bibliotek melding til lånaren. Når han er ferdig med boka, kan han levera kvar han vil. På denne måten vert lånarane meir sjølvhjelpte, og heile prosessen bli mindre byråkratisk for både lånarane og biblioteka. Som ein del av prosjektet er det etter kvart identifisert fleire område som treng politisk handsaming i dei tre kommunane. Biblioteka har ulik praksis rundt purringar, gebyr, lånetider og reglement, noko som må samkøyrast dersom dette skal fungera godt. Det har vore inngåande kontakt med Datatilsynet for å sikra at personvernet til lånarane vert teke vare på. Konklusjonen til Datatilsynet er at sidan heile bibliotektenesta ikkje vert slått saman, bør kommunane ha eit felles behandlingsansvar etter Personopplysningslova. Dette bør delegerast til ein av biblioteksjefane. Det vanlege i tilsvarande samarbeid er at biblioteksjefen ved det største biblioteket får tillagt dette ansvaret. VURDERING Som nemnt over har biblioteka ulik praksis rundt purringar, gebyr, lånetider og reglement. Skal eit slikt samarbeid fungera godt, må det vera sams regelverk på alle biblioteka. Ved ulik praksis og gebyr kan brukarane verta freista til å velja bibliotek ut frå storleiken på gebyra, ulik lånetid på dei ulike media m.m. Gebyr Dersom ein lånar ikkje leverer tilbake materiale i rett tid, har ein i dag desse purregebyra (kronebeløp) i dei ulike kommunane (totalsum i parentes): Sola Klepp Time 1. purring 10 10 20 2. purring 10 (20) 20 (30) 30 (50) 3. purring 10 (30) 60 (110) Erstatnings krav 60 (90) 50 (80) 0 (110) Gebyra i Sola og Klepp er ikkje regulert på årevis, medan Time auka gebyra i 2009. Det er òg ulik praksis ved at Klepp sender to purringar føre det vert sendt erstatningskrav, medan Sola og Time sender tre purringar føre erstatningskravet vert sendt. Lånarar med registrert e-post eller mobilnummer får no ei gratis påminning om at utlånsdatoen nærmar seg. Dette gjer det enklare å halda greie på kva lån ein har, og det vert lettare å overhalda ansvaret om å levera til rett tid. Difor meiner rådmannen at det bør halda med to purringar før erstatningskravet. 3

Når det gjeld økonomien i gebyrsaka, styrer datasystemet det slik at purringane vert sende frå biblioteket lånaren har lånt frå, ikkje biblioteket som eig eksemplaret. Det same gjeld her som for bøker: lånaren vel sjølv kvar han vil betala. Framlegg til felles gebyr i dei tre kommunane vert såleis: 1. purring: kr 20, 2. purring kr 30, erstatningskrav kr 50, til saman kr 100,-. Erstatning ved tap av lånekort vert kr. 20,-. Lånereglement Skal eit felles lånesystem fungera må det vera felles reglement. Vedlagt er framlegg til felles reglement for dei tre biblioteka. Felles køyrereglar er viktig slik at brukarane ikkje skal måtta forholde seg til ulike rutinar og reglar ved dei ulike biblioteka som er med. Biblioteka har i dag litt ulike lånetider på andre media enn bøker. Klepp og Time har fire veker på alt anna enn film og dataspel, der er det ei veke. Sola har ei veke på tidsskrift, film og dataspel og 8 veker på språkkurs. Vårt felles framlegg er at dette bør inn i lånereglementet: Normal lånetid er 4 veker. Film og dataspel 1 veke, tidsskrift 2 veker og språkkurs 8 veker. Rett lånetid står på kvitteringa. Grunnen til dette er at det er lurt å ha berre to veker lånetid på tidsskrift sidan fleire av tidsskrifta som vert lånte ut er vekeblad. Det er òg materiale som er lettare å få lese på to veker enn det som gjeld for bøker. Ei lånetid på åtte veker for språkkurs er fornuftig ut frå erfaringar om kor lenge folk faktisk treng å ha språkkursa for å koma gjennom dei. I tillegg praktiserer biblioteka kortare lånetid på bøker som har lange ventelister. Avtale Dette samarbeidet skal ikkje etablera eit nytt organ, men fungera som eit likeverdig samarbeid. Avtalen fastslår køyrereglar for samarbeidet, og definerer kva rettar og plikter kvart bibliotek har. Avtalen tek utgangspunkt i noverande budsjettrammer, og kjem ikkje til å få økonomiske konsekvensar. Kommunane blir ikkje bundne opp i nye utgifter, men dersom det vert gjort store kutt i innkjøpsbudsjettet til eit bibliotek, må kommunen samstundes trekkja seg frå samarbeidet. Biblioteksjefane må møtast jamleg for å drøfta spørsmål vedrørande samarbeidet. I tillegg er det i avtaleutkastet (pkt. 6.3) føreslått eit årleg møte med ein politisk representant frå kvar kommune der større endringar vert drøfta, t.d. endringar av lånereglementet. Eventuelle endringar av avtalen må godkjennast av kvar kommune. Økonomi Direkte kostnader med omleggingane blir dekka av skjønstilskotet. Når dei nye rutinane og systema er etablerte, reknar ein ikkje med ekstra kostnader for kommunane. 4

KONKLUSJON Rådmannen meinar at det føreslegne samarbeidet vil tena brukarane og biblioteka gjennom: Brukarane vil enkelt få nytta samlingane i alle kommunane. Synlegare og enklare digitale tenester til brukarane. Forenkling for dei som bruker fleire enn eitt bibliotek. Høgre kvalitet i det faglege arbeidet. Effektivisering av innkjøps- og fjernlånsprosessane. Biblioteka vil stå sterkare ved framforhandling av avtaler med leverandørar. Samordna og felles gebyr. Rådmannen tilrår at Klepp kommune sluttar seg til framlegg til felles biblioteksystem for kommunane Klepp, Sola og Time i tråd med vedlagt avtale og lånereglement. Rådmannen får fullmakt til å fastsetje dato det felles biblioteksystemet blir gjort gjeldande frå. Gebyra ved tap av lånekort og for sein innlevering vert samordna mellom kommunane i tråd med pkt. 3 og 10 i forslag til felles lånereglement. Justering av framtidige felles gebyr skal godkjennast av kommunane i behandlinga av økonomiplanane. Vedlegg: 1. Utkast til avtale mellom kommunane Klepp, Sola og Time om felles bibliotekkatalog. 2. Utkast til felles lånereglement for biblioteka i Klepp, Sola og Time. Innstilling: Rådmannen tilrår at saka går til kommunestyret med følgjande tilråding: 1. Klepp kommune sluttar seg til framlegg til felles biblioteksystem for kommunane Sola, Time og Klepp i tråd med vedlagt avtale og lånereglement. Rådmannen får fullmakt til å fastsetje dato når det felles biblioteksystemet blir gjort gjeldande. 2. Gebyra ved tap av lånekort og for sein innlevering vert samordna mellom kommunane i tråd med pkt. 3 og 10 i forslag til felles lånereglement. Justering av framtidige felles gebyr skal godkjennast av kommunane ved behandling av handlings-/økonomiplanane. 5

Hovudutval for lokal utvikling den 06.04.2010 sak 35/10 Samrøystes TILRÅDING: 1. Klepp kommune sluttar seg til framlegg til felles biblioteksystem for kommunane Sola, Time og Klepp i tråd med vedlagt avtale og lånereglement. Rådmannen får fullmakt til å fastsetje dato når det felles biblioteksystemet blir gjort gjeldande. 2. Gebyra ved tap av lånekort og for sein innlevering vert samordna mellom kommunane i tråd med pkt. 3 og 10 i forslag til felles lånereglement. Justering av framtidige felles gebyr skal godkjennast av kommunane ved behandling av handlings-/økonomiplanane. Kommunestyret den 18.05.2010 sak 24/10 KOMMUNESTYREVEDTAK: Med alle røyster vart vedteke: Hovudutval for lokal utvikling si samrøystes tilråding vart godkjent. Klepp kommune, 19.05.2010 Elfin Lea ordførar Wigdis B. Detlie formannskapssekr. Kopi til: Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne Sola kommune, Postboks 99, 4097 Sola 6