Antikvaskrifta sine versalar

Like dokumenter
antikvaskriftens versaler ann-kristin torgeirsen typografihistorie høsten hbmeda

Antikvaskriftens versaler. Rune Simensen, 04hbmeda Typografihistorie Høgskolen i Gjøvik, høsten 2005

Høgskolen i Gjøvik Bachelor i Mediedesign Typografi-historie Høst ANTIKVASKRIFTENS VERSALER Malin Milder

antikvaskr if ten s VERSALER

Versalenes opphav og utvikling

utviklinga til versalane i Antikvaskrifta

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Fem geometriproblem frå arkitekturen

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

MINNELUND NORD ETNEDAL - FLEIRE FORSLAG - UTDJUPING

Refleksjon og skriving

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

TEIKNINGAR KVA VERT KRAVD?

TEIKNINGAR KVA KREVST?

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Elevundersøkinga 2016

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

1T eksamen hausten 2017 Løysing

Brukarrettleiing E-post lesar

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Informasjonsgrafikk, Essay 1. The Visual Display of Quantative Information Håvard Hvoslef Kvalnes, 13hbmeda,

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Eksamen 1T, Hausten 2012

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Biletbruk på nettet 1 2

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Åkra ungdomsskole- Helårsplan matematikk 2016

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Matematikk 1, MX130SKR-B

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Matematikk, ungdomstrinn 8-10

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Vintervèr i Eksingedalen

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

6-åringar på skuleveg

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Klassebreidda er på og tolkinga er at dei fleste flakskred førekjem mellom og.

Å løyse kvadratiske likningar

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

REVIDERT Årsplan i matematikk, 8. klasse,

Skuleåret 2017/2018.

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Halvårsplan i matematikk fellesfag; Notodden voksenopplæring våren 2013

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

I dette undervisningsopplegget skal elevene bruke forhold og kunnskap om geometriske figurer til å innrede en vegg med plakater og ei dartskive.

Daguerrotypi og visittkortet sin funksjon og oppbygging Håvard Hvoslef Kvalnes, 13HBMEDa,

Eksamen matematikk S1 løysing

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

[2017] FAG - OG VURDERINGSRAPPORT. Matematikk. 10a & 10b. For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time. 40 elevar. Lye ungdomsskule

IMT2312 Typografihistorie

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Årsplan Matematikk 8. trinn

Læringsressurser Arbeidsmåter og tilpasset opplæring egnet til å nå kompetansemålene

SUPERSPINNER AV ALUMINIUM

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

1P eksamen hausten 2017

RAPPORT. Øye stavkyrkje. - Dokumentasjon av stavkyrkjeprogrammet

Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

UNIVERSITETET I OSLO

Fag: Matematikk. Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter. emner

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Fag: Matematikk. Underveisvurdering Tverrfaglige emner. Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter

Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd. Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra og

Fra Forskrift til Opplæringslova:

ÅRSPLAN FOR 9. TRINN

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Uretta grafar (1) Mengde nodar Mengde kantar som er eit uordna par av nodar

Fag: MATEMATIKK Årstrinn: 10.klasse Skoleår: 18/19

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Enkel veske med fotostoff på kvar side som blikkfang.

ÅRSPLAN Øyslebø oppvekstsenter. Fag: Matematikk Trinn: 10. Lærere: Siri Trygsland Solås, Trond Ivar Unsgaard og Unni Grindland

Skoleåret 2015/16 UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Naturlige tall. Primtall. Faktorisering. Hoderegning. Desimaltall. Overslagsregning.

Rapport/notat etter skader i klokketårnet etter angrep av skadedyr

Å byggje utviklingskompetanse for framtidas barnehage. Erfaringar frå prosjektet «barnehagen som lærande organisasjon» Aud Marie Stundal 12.

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Transkript:

Antikvaskrifta sine versalar IMT 2312 Typografihistorie Haust 2014, IMT, Høgskulen i Gjøvik havard.kvalnes@hig.no Oppgåvetekst Grei ut om ulike teorier og synspunkter gjennom historien om hvordan antikvaskriftens versalar har blitt til eller bør konstrueres. Innleiing I dette essayet vil eg sjå på utviklinga av antikvaskrifta sine versalar gjennom historia til dei vi brukar i dag. Eg vil belyse to av hovudteoriane om kva som er opphavet til seriffane og strekkontrasten vi kjenner frå dagens antikvaskrifter: meiselteorien og penselteorien. Eg vil òg skrive om nokre teoriar om korleis versalane bør konstruerast. Tidlege romerske innskrifter Alfabetet til romerane, slik vi kjenner det i dag, har sitt opphav frå det greske alfabetet. Romerane la til nokre nye bokstavar, som G, Y og Z (Anderson 1969, s. 43 46). Dei første steinhoggarane nytta seg av porøse steintypar som sandstein, og dette gjorde det vanskeleg å jobbe med detaljar. Tidlege innskrifter har difor ofte monolineære bokstavar laga av tilnærma geometriske figurar, og kutta var djupe og firkanta. Romerske innskrifter frå den republikanske æraen (509 27 fvt.) fortsette i same stil som innskrifter frå antikken i ein monolineær stil. Det er først i ein innskrifter datert til år 216 fvt. at vi finn tendensar til eit duolineært skriftbilde, sannsynlegvis som eit resultat av ein firkanta penneeller penseltupp. Innskrifter frå det andre århundret før år null synte meir og meir hint til seriffaktige endingar på «strøka» i bokstavane som vist i figur 1 (Anderson 1969, s. 45). Overgangen til eit forholdsvis hardt og meir homogent subtrat som marmor gjorde det og mogleg å arbeide meir med detaljar. Steinhoggarane tok i bruk ein flat meisel og laga v-kutt på strekane til bokstaven. Dette v-kuttet danna ein skuggeeffekt som får fram bokstaven på ein heilt annan måte enn det tidlegare u-kuttet. Figur 1. Utviklinga frå monolineær stil i den republikanske æraen til duolineært med seriffar, strekkontrast og nye, meir individuelle bokstavformar i den keisarlege æraen (Paul Stiff). Side 1! av 5!

Seriffen Eit av hovudkjenneteikna til antikvaskrifta er seriffen. I dei aller fleste innskriftene me undersøkte under studieturen vår i Roma, hadde bokstavane seriffar og strekkontrast slik vi kjenner dei igjen i dag. Men kva som er bakgrunnen til at seriffen som kan verka som «unødvendig» dekorasjon for nokon vart ein del av versalane som er hugga inn i innskriftene er uviss. Det er to hovudteoriar som diskuterer kva som kan vera årsaka bak seriffane: Meiselteorien Steinhoggaren som laga innskriftene nytta hammar og meisel i sitt arbeid. Fleire meiner at meiselen sin naturlege eigenskap som eit flatt verktøy gjorde seriffen eit naturleg biprodukt av steinhogginga, og som seinare vart ein standard i bransjen. Det er i hovudsak tre teoriar som byggjer rundt dette (Catich 1968, s. 22 43): Nokon meiner at seriffen stammar frå steinhoggaren som benytta seg av «retningslinjer» både over og under versalane for å sikre ein uniform tegnhøgde (figur 2). Det er tydelege spor etter slike linjer på fleire av innskriftene som er funnen i det gamle romarriket (Susini 1973, s. 23). Steinhoggaren kunne så sørgje for at dei rette linjene på versalane nådde desse hjelpelinjene, og laga seriffar slik at skugge-effekten frå desse markerar start og slutt på streken. Figur 2. Retningslinjer i innskriftene (Foto: Håvard H. Kvalnes). Andre meiner at seriffen vart til for å skape ein meir konsistent avslutning på bokstavane, slik at avslutningane på alle strekane vart sjåande like ut. Ein tredje teori hevdar at seriffen kun er eit produkt av estetikk, som følgje av steinhoggarane sin eigen yrkesstolthet i å laga noko fint og tiltalande. Ikkje alle er einige i meiselteorien, og Edward M. Catich (1968) kjem med nokre argument til kvifor desse ikkje kan stemme: Om hjelpelinjene står bak seriffen, så skulle alle seriffar vore heilt rette og følgd linjene konsekvent. Det viser seg derimot at det er fleire innskrifter der seriffane er skrånande, og går over/under hjelpelinjene. Fleire av dei har og svake kløfter mellom dei to sidene av seriffen, nærmast som ein liten fiskehale. Det er òg mangel på seriffar i til dømes bokstavane N, M og V i dei spisse endane i fleire innskrifter, sjølv om det hadde vore like naturleg å ha seriffar som start/ stopp-merker der. Penselteorien Tilhengjarane av penselteorien meinar at dei som skreiv bokstavane som skulle bli rissa inn i steinflata hadde sitt opphav frå skribentar. Anten var dei skribentar sjølve, eller hadde gått i opplæring hjå nokon av dei. Skribentar som nytta seg av mjuke substrat på den tida brukte som regel eit skrivereiskap laga av siv, ein sivpenn. Denne var kutta på ein slik måte at dersom den vart holdt med ein vinkel på rundt 25 30 grader, så vil den naturleg lage slik strekkontrast vi kjenner frå antikvaskriftene i dag. Side 2! av 5!

Ein sivpenn vil derimot ikkje kunne holde nok farge til å klare å overføre tilstrekkeleg med farge over på harde og ru subtrat, og det vart behov for eit anna verktøy. Den naturlege overgangen var å lage ein pensel med hard bust og som vart kutta på tilsvarande måte som ein sivpenn. Denne penselen vil då kunne overføre nok farge til å feste seg på ei ru overflate, og vil følgje same skrivestil som med ein sivpenn. For å skrive ein bokstav med så stor storleik som det var behov for, kunne ein ikkje bruke penselen på same måte som ein skriv med sivpenn. Det var to naturlege måtar å skrive så stort på, anten ved å bruke noko som kvilestand for armen medan ein skriv, eller å halde i enden av penselen og nytte den som ei forlenging av armen sin medan ein nyttar rørsle i nær heile kroppen til å skrive. Ved så store bokstavar vert det behov for å nytte meir enn eitt strøk for kvar bokstav. Som vist i figur 3, vil dei naturlege penselrørslene, med same hellingsvinkel som om ein skulle brukt sivpenn, skape små «halar» på bokstavane som følgje av måten penselstrøket vert avslutta på. Catich meinte at versalane så vart finpussa av steinhoggaren, og dei små halane vart grunnlaget til seriffane (Hochuli 1973, s. 76 85). Figur 3. Penselstrøka som i følgje Catich kan vera opphavet til seriffane (Hochuli 1973, s. 85). Trajaninnskriften Innskriften ein kan sjå på den trajanske søyla i Roma er i store delar av den engelskspråklege verda rekna som det ultimate innen romersk skriftkunst. Den er datert til år 113 evt., og var ei minnestøtte for keiser Trajan sine sigrar i erobringskrig. Det har vorte laga fleire kopiar og avstøypingar av innskriften, men fleire av dei ber preg over forvrengning av nokre av bokstavane. Likevel er det desse kopiane, som gjerne heng på museum rundt om i verda, som var grunnlaget til mykje av forskninga på bokstavane sidan dei var lettare tilgjengeleg enn å skulle dra til Roma for å sjå innskriften in situ (Anderson 1969, s. 47). Renessansen Idealet i renessansen var antikken, og var inspirert av antikken sin litteratur, filosofi, arkitektur, skripter og skrifter. På midten av 1500-talet var Roma prega av reformasjonen der protestantane braut med den katolske kyrkja, og pavekyrkja reagerte med ein motreform. Der protestantane tok opp antikken sine idear om verdiane i kvart individ, valde pavekyrkja å vektlegge den antikke kunsten for å skape ei samling i folket. Det vart satt i gang eit enormt arbeid med å gjenbyggje Roma, inspirert av ideala frå antikken. Ansvarleg for utsjånaden på innskriftene vi ser i dag er i stor grad Giovanni Francesco Cresci, som eg vil skrive meir om seinare. Det Roma vi ser i dag er Side 3! av 5!

mykje grunna arbeidet som vart lagt ned under 1500-talets renessansen og 1600-talets barokken (Mosley 1997). Gjenskapinga av versalane Konstruksjonen av romerriket sine versalar vart gløymd etter fallet av romerriket. I renessansen vart dei lærde meir interesserte i korleis ein skulle konstruere dei klassiske bokstavane som hadde holdt stand på monumenter og bygninger. Felice Feliciano tok utgangspunkt i Trajansøyla og skissa opp slik han meinte at versalane måtte vera konstruerte. Han gjekk ut ifrå den gamle teknikken ved å nytte seg av geometriske figurar som rundingar og firkantar, og lot trykket i runde bokstavar vera 45 grader. Han nytta passar og linjal, samt målingar av bokstavar frå innskrifter i Roma for å rekonstruere versalane, som vist i figur 4. (Mosley 1964, s. 18). Antikvaversalar vart meir og meir brukte i bøker, og dei lærde som skreiv bøkene meinte dei var kapable til å lære frå seg korleis ein skulle konstruere versalane, sjølv om det ikkje nødvendigvis var tilfelle. Ein av desse, Giovanbattista Palatino, hadde ei større interesse for innskriftskrifter enn kva dei skriftene han brukte i sine bøker skulle tilseie. Han gav ut eit stor samling av bokstavar, som no befinn seg på Kunstmuseum i Berlin. Samlinga inneheld eit alfabet som har grundige instruksjonar for korleis ein skulle konstruere desse geometrisk. Modellen bak dette alfabetet er hevda å vera henta frå Ludovico degli Arrighi sin Il modo te temperae le penne, ei bok som inneheld eit alfabet med antikvaversalar på like under ein tomme høgde og kutta ut i kvitt på svart bakgrunn. Palatino var ein dyktig utøvar av den vinkla cancellaresca corsiva-skrifta, som har sitt opphav frå Papal Chancery, og var ein populær måte å skrive på i mange land. I samband med at det på midten av 1500-talet vart skifta skrivereiskap til å bruke ein tynnare og meir fleksibel penn, endra skrifta seg gradvis til ein meir ellipsekurva skrift med klubbeforma overlengder. Ut frå dette vart skriftstilen cancellaresca testeggiata utvikla. Kalligrafen som fekk æra for denne forandringa, var Giovanni Francesco Cresci. Giovanni Francesco Cresci meinte at den geometriske konstruksjonen som Feliciano og Palantino var tilhengjar av, ikkje holdt mål når ein samanlikna dei konstruerte bokstavane mot originalane. Cresci hadde Trajaninnskriften som eit ideal, og råda sine studentar til å teikne av bokstavane derifrå så ofte som dei kunne, for å bli kjend med linjene i kvar enkelt bokstav. Palantino på si side hevda mellom anna at Cresci sine bokstavar vart for tilfeldige, «utan reglar» og longt ifrå den «sanne geometrien» som bokstavane bygde på. Figur 4. Felice Feliciano, ca. 1463 (Mosley 1964, s. 18) Mange av dei romerske innskriftene har bokstavar med ein forholdstal på 1:8 (grunnstrek:høgd), men det var og vanleg med 1:7.5, 1:9 eller 1:10, avhengig av storleiken til Side 4! av 5!

bokstaven, høgda dei skulle plasserast på og kor stor plass dei hadde tilgjengeleg. Dei som insisterer på å konstruere desse bokstavane med passar og linjal vil i følgje Cresci få problemar ved at bokstavane vert uproporsjonerte og utan den same elegansen som originalane. Rette bokstavar, som E, I, L og liknande, vil ein kunne konstruere med hjelp av passar og linjal, men kurva bokstavar kan ein berre få til ved å bruke handa og auga som måleinstrument (Mosley 1964, s. 20 22). Referanseliste Anderson, D.M., The art of written forms (New York, 1969) Catich, E.M., The origin of the serif: brush writing and roman letters (Davenport, Iowa, 1968) Hochuli, J., Review of E.M. Catich, The origin of the serif. Visible Language, vol. 7, no. 1, (1973), s. 76 91 Mosley, J. Trajan revived, Alphabet, (1964), s. 17 36 Mosley, J. The Baroque inscriptional letter in Rome, Printing historical bulletin, no. 43, (1997), pp. 1 4 Stiff, P., Illustrasjon av utviklingen til bokstavformer fra republikanske perioden til keiserlige perioden, hentet fra heftet «Studietur til Roma» (2014) Susini, G., The Roman Stonecutter: an introduction to Latin epigraphy (Oxford, 1973) Side 5! av 5!