Øystre Slidre kommune

Like dokumenter
Øystre Slidre kommune

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1

Særutskrift - 112/17 - deling av eigedom - Dimmelsvik - Per Harald Lunde

Utvalg Utvalgssak Møtedato

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

Særutskrift - 194/6 - ny grunneigedom - Sæbøvik - Fredrik Johan Øvrevik

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 82/5, 4 - deling - Rosendal - Jens Bjørnar Alsterberg og Anne-Marie Alsterberg Handeland

Jordlova. Lov om jord, 12 mai 1995 Sist endret: LOV fra , LOV fra

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

Fagdag for folkevalde i landbruks-, areal- og miljøsaker. Jordvern og jordlova

FORMANNSKAP Rådmannens forslag til VEDTAK:

FORMANNSKAP VEDTAK:

Øystre Slidre kommune 2940 Heggenes

Verdal kommune Landbruk, miljø og arealforvaltning

Lars Martin Julseth landbrukssjef i Follo

Saksframlegg. Behandling etter jordloven 12 - Fradeling - GB 19/3 Føreid

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

Endringene i jordloven

Særutskrift - Omdisponering - 82/16 - areal til kårhus - Joar Tveito

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

SAKSFRAMLEGG. I tillegg til den jorda som ønskes kjøpt fra bnr. 5, leies det også areal fra bnr. 18.

Rasjonalisering deling av landbrukseigedommar

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Klage Behandling av søknad om frådeling - 145/22 - Sunde -Gundesø/ Svein Røssland

Vår ref. 2016/ Særutskrift - 90/2 - deling av eigedom - Seimsfoss - Merete Guddal

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Svein Åsen Sluttbehandlende vedtaksinstans (underinstans): Formannskap Dok. offentlig: x Ja Nei. Hjemmel: Klageadgang:

FORMANNSKAP VEDTAK:

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Hovedutvalg teknisk, miljø og naturforvaltning

Vår ref. 2016/ Særutskrift - Konsesjon - fallrettar - Tverrelva - Tverrelva Kraftverk AS

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 244/2 - deling av grunneigedom - Utåker - Egil Heimvik

Saksframlegg. Jordlovsbehandling - Fradeling av 2 boligtomter GB 75/2

Jordlovsbehandling - søknad om deling av grunneiendom gbnr 12/98 med driftsbygninger

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

FORMANNSKAP Dersom deling ikke er rekvirert innen tre år etter at samtykke til deling er gitt faller samtykke bort.

Stadfesting av vedtak - Kvinnherad - Gnr 64 Bnr 16 - Rosendal - Deling av grunneigedom etter jordlova

Saksframlegg. Utvalg Utvalgssak Møtedato Komite plan

Om ny delingsbestemmelse etter jordloven

Møteinnkalling for Formannskapet

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Balsfjord kommune for framtida

Øystre Slidre kommune

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Møteprotokoll for Utval for plan og utvikling

Møteprotokoll for Utval for plan og utvikling

Om ny delingsbestemmelse etter jordloven. Fagsamling i Trondheim v/seniorrådgiver Anne Pernille Asplin

Vår ref. 2016/ Særutskrift - 119/3 og 119/4 - deling av grunneigedom - Uskedalen - Peder Ljosnes

Deanu gielda - Tana kommune Arkiv: 15/55 Arkivsaksnr: 2016/ Saksbehandler: Merete Sabbasen Helander

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Jordloven og kommunen

Formannskap - Næringssaker

Gnr 2 bnr 26 - Søknad om omdisponering og deling etter jordloven 9 og 12.

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

DØNNA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jørn Høberg Arkiv: GNR 1/8 Arkivsaksnr.: 12/100

Saksframlegg. Sakshandsamar: Cornelis Erstad Arkiv: MTR 81/53 Arkivsaksnr.: 16/320-10

Austevoll kommune. Innkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

DØNNA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jørn Høberg Arkiv: GNR 16/1 Arkivsaksnr.: 12/27

Side 2 av 16 TILLEGGS-SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 039/13 13/259 Konsesjon GBNR 41/3 og 9 - landbrukseig

Deanu gielda - Tana kommune Arkiv: 12/7 Arkivsaksnr: 2012/720-2 Saksbehandler: Terese Nyborg

Møteprotokoll for Utval for plan og byggesaker

Deanu gielda - Tana kommune Arkiv: 12/22 Arkivsaksnr: 2010/632-2 Saksbehandler: Terese Nyborg

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

Stryn kommune Servicekontoret

Transkript:

Øystre Slidre kommune 2940 Heggenes Nemnda for kultur, utvikling og næring Møteinnkalling Møtedato: 29.06.2006 Møtestad: Tingvang Møtetid: Kl. 10:00 Sakliste: Sak nr. Sakstittel 040/06 Referatsaker 041/06 Delegasjonssaker 042/06 Rovvilt- og skadesituasjon i Øystre Slidre - kommunen sin rolle 043/06 Søknad om kommunalt tilskott til utvikling av Huldrestølen på S. Trollåsen 044/06 47/17 Deling av eigedomen Bakkene, salg av landbruksareal i rasjonaliseringsøyemed Orientering: Ormtjernkampen melding om oppstart Jordbruksfondet Sandvatnet Tildelt SMIL-midlar for 2005 VA i hytteområde Retningsliner for dispensasjonspraksis for fritidsbygg i stølsområda Med helsing for leiaren

Øystre Slidre kommune Saksbehandlar: Liv Bodil Tyskeberg Moen Saksframlegg Arkivsaksnr: 06/894 Arkiv: Behandla av: Møtedato Saksnr: Nemnda for kultur, utvikling og næring 29.06.2006 040/06 Referatsaker Nr Dok.ID T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 06/2179 U 20.06.2006 Rogne Idrettslag; ØSIL / Rogne Fotballgruppe Søknad om midler til drift og vedlikehald av fotballbaner Protokoll frå forrige møte. Rådmannen legg saka fram med slikt forslag til vedtak: Protokoll godkjent utan merknad. Sakene vert teke til etterretning. Rett møtebok:

Øystre Slidre kommune Saksbehandlar: Liv Bodil Tyskeberg Moen Saksframlegg Arkivsaksnr: 06/893 Arkiv: Behandla av: Møtedato Saksnr: Nemnda for kultur, utvikling og næring 29.06.2006 041/06 Delegasjonssaker DKUN. 096/06: 3/915 Oppføring av bustad. Guri Grønolen og Jo Audun Øverby. DKUN. 106/06: 51/42 Tilbygg driftsbygning. Norodd Furulund DKUN. 115/06: 3/454/0/15 Oppføring av fritidsbustad.. Tore Ødegård - Furudammen. DKUN. 117/06: 43/171 Oppføring av hytte. Kåre Rasmussen - Hestekampen. DKUN. 118/06: 43/172 Oppføring av hytte. Marius og Ole-Christian Brettville. Hestekampen DKUN. 119/06: 9002/5/11 Flytting av badstu på Hagastølen DKUN. 120/06: 35/1 Søknad om frådeling av bustadtomt A DKUN. 121/06: Oddvin Engen - lokal godkjenning av foretak DKUN. 122/06: Ola Veltun lokal godkjenninga av foretak DKUN. 123/06: Byggteknikk Valdres - lokal godkjenninga av foretak DKUN. 124/06: Bjørn Haakon Nilsen - lokal godkjenning av foretak DKUN. 125/06: Fjellvang Maskin - lokal godkjenning av foretak DKUN. 126/06: Hålimoen Bygg - lokal godkjenning av foretak DKUN. 127/06: Ove Brenden - lokal godkjenning av foretak DKUN. 128/06: Bergheim Maskin - lokal godkjenninga av foretak DKUN. 129/06: Kjell Erik Paulsrud - Lokal godkjenning av foretak

DKUN. 130/06: 35/1 Søknad om frådeling av bustadtomt B DKUN. 131/06: 35 117 Reguleringsplan H10 Moane nordvest Frådeling av tomt nr 9 DKUN. 132/06: 11/4 U06 Javnlia Søknad om frådeling av tomt nr 136 A DKUN. 133/06: Fagernes anlegg as Søknad om lokal godkjenning DKUN. 134/06: Drammens hus& hytter AS Søknad om lokal godkjenning DKUN. 135/06: AS Multitre/Arkitektkontoret Næss&Næss Søknad om lokal godkjenning DKUN. 136/06: Byggesaksservice Søknad om lokal godkjenning DKUN. 137/06: Odd Blomlie ingeniør Søknad om lokal godkjenning DKUN. 138/06: Timberland Tradisjonslaft AS Søknad om lokal godkjenning DKUN. 139/06: Beito Graveservice. Søknad om lokal godkjenning DKUN. 140/06: Olav Bleka Søknad om lokal godkjenning DKUN. 141/06: Si Scandia consulting INT Søknad om lokal godkjenning Rådmannen legg saka fram med slikt forslag til vedtak: Delegerte vedtak vert teke til etterretning.

Øystre Slidre kommune Saksbehandlar: Ola Hålimoen Saksframlegg Arkivsaksnr: 06/858 Arkiv: K47 Behandla av: Møtedato Saksnr: Nemnda for kultur, utvikling og næring 29.06.2006 042/06 Rovvilt- og skadesituasjon i Øystre Slidre - kommunen sin rolle Vedlegg: - Oversikt over timeforbruk og andre kostnader i samband med fellingsløyve på jerv hausten 2005. - Brev frå Skaget Bitihorn sankelag dat. 27.10.2005. - Registrerte rovviltskader for Oppland pr. 02.12.2005. Bakgrunn for saka: Skaget Bitihorn sankelag har i brev dat. 27.10 uttrykt bekymring for utvikling i skadesituasjon i område Skaget Bitihorn. Det blir etterlyst større innsats frå rovviltjaktlag og kommunen elles. Det er motteke timeliste og oversikt over andre kostnader frå rovviltjaktlaget i samband med fellingsløyve på jerv hausten 2005. Saksopplysningar: I samband med dokumenterte jerveskader vart det gjeve skadefellingsløyve på 1 jerv i området Skaget Gråhø 29.08.2005. Kommunen sitt rovviltjaktlag gjennomførte fellingsforsøk 29.08 04.09 uten å lykkas. I etterkant kom det kritiske merknader i m.o.t. til jaktlaget sin innsats. Samtidig med fellingsforsøket vart det organisert tidlegsanking for all sau nord for Vinstern. Rovviltjaktlaget og viltforvaltningen har i etterkant evaluert jakta og konkludert med at ma. værtilhøva (svært sterk vind) gjorde jakta vanskelig. Erfaring frå andre kommuner med mange fellingsforsøk viser også at denne type jakt er svært vanskelig, og har svært små sjanser for å lukkas. Det vart også konkludert med at det var ønskelig med skolering både av rovviltjaktlaget og lisensjegerar, og gjerne eit felles møte med beitelaga før beiteslipp. Tilskott mottatt i samband med fellingsforsøk (kr 15 000,-) og som ikkje kan nyttas som lønn til rovviltjaktlaget er prioritert kursing/opplæring av rovviltjaktlag og lisensjegerar. Rapport frå SNO for sesongen 2005 (dat. 02.12.2005) syner 23 saker for Ø. Slidre, og 11 dyr er dokumentert/antatt jervedrept. Ved årskiftet vart det frå rovviltnemda lagt fram høyringsutkast for rovviltplan for Oppland.

Som oppfølging av St. meld. nr. 15 /(2003-2004) rovviltmeldinga og Inst. S.nr. 174 skal rovviltnemnda med heimel i 6 i rovviltforskrifta i kvar region utarbeide forvaltningsplan for rovvilt for sin region. Planen legg opp til ein arealdifferensiert forvaltning, dvs. at omsynet til rovvilt og utnytting av utmarksressursane skal vektleggast forskjellig i ulike delar av region og eventuelt for ulike rovviltartar. Vidare skal planen syne korleis nemnda ynskjer å fordela midlar til førebyggande og konfliktdempande tiltak, jfr. prinsippet om arealdifferensiert forvaltning. Kommunen v/viltnemnda gav slik uttale til planutkastet i sak 03/06: Nemnda går inn for alternativ A for geografisk sonering for ynglande jerv og gaupe. Arbeidet med å få utarbeida mest mogleg korrekte bestandsoverslag bør få høgare prioritet. Staten bør i større grad bidra med midlar til regulering av bestandane til vedtake bestandsmål. Dette gjeld både skadedyrfelling og lisensjakt. Alternativ A betyr at det ikkje skal vera ynglande bestandar av jerv og gaupe i Ø. Slidre. Planen vil bli svært sentral i høve til både bestandsforvaltning og førebyggjande tiltak. Planen er framleis ikkje vedteke. Kommunen har i samband med planlegging av kurstilbod og uttale til rovviltplan hatt kontakt med kommunar som over fleire år har hatt store jerveskader (Lesja og Skjåk). Erfaringane er at det er svært små sjansar for å felle jerv i samband med skadefellingsløyve. Så langt er berre eit dyr felt trass i stor innsats der det også har vore forsøk med full dekning av lønn og andre utgifter for ettersøksjegerane. Konklusjon var at godt planlagt lisensjakt var mest effektiv i høve til å ta ut dyr. I samarbeid med BU-ordninga har kommunen tilbode 90 % finansiering av forsøk med radiobjøller sesongen 2006. Det blir utprøvd i alt 30 radiobjøller med kostnad på kr 2000,- pr bjølle. Kommunen vil vera ansvarleg for oppfølging av forsøket i 2006. Det er rekna med at bjøllene vil ha ei levetid på 3-5 år. I samband med beiteutvalsmøte 13.06.06 var næringa også samd i at å bruke store summar på fellingsforsøk sannsynlegvis ikkje var mest kostnadseffektivt. Det var støtte til å gjennomføra regionalt/lokalt kurs for lisensjegerar til hausten. Det vart også understreka behov for beredskapsareal (inngjerda) for flytting av flokkar som kjem under rovdyrangrep. M.a. i den samanheng var det ønskje om at kommunen etablerar eit beredskapsfond som kan nyttast i krisesituasjonar. Frå fjelloppsynet vart det opplyst at det var observert spor etter 1 jerv i områda rundt Skaget i løpet av vinteren, dvs. ca. same aktivitet som dei føregåande åra. Vurdering: Dersom rovviltplanen for Oppland blir i tråd med høyringsutkast skal det ikkje vera ynglande gaupe eller jerv i Ø. Slidre. Det er særleg etablering av ynglande jerv i Gråhøområdet som er mest sannsynleg, og som kan forverre dagens skadesituasjon. Plassering i sone A i forvaltningsplan bør gjeva eit godt grunnlag for uttak av dyr både som skadefelling og i samband med lisensjakt. Endeleg vedtak av plan vil avklare kva for medverknad som kan ventast frå statleg side. I tillegg til kan ein ikkje sjå bort i frå at det streifdyr av bjørn og ulv kan føre til tap/krisesituasjonar. Kommuen har som pilotprosjekt i samarbeid næringa lokalt og Sau og Geit sentralt utarbeida Beredskapsplan for beitedyr i utmark. Etter rådmannen sin vurdering er denne

planen det beste verktøyet også for å etablere og vidareutvikla ein samordna strategi i høve til rovviltskader. Med bakgrunn i utviklinga etter at planen vart vedteken (2002) vil rådmannen peike på fyljande tiltak: - Kursing av lisensjegerar og rovviltjaktlag for å auka effektivitet i samband med uttak av dyr både i samband med lisensjakt og skadefelling. - Arbeide vidare i høve til beredskapsareal og rutinar for flytting av dyr i samband med krisesituasjonar. - Vidareføre forsøk med radiobjøller som verkemiddel i det førebyggande arbeidet. Med omsyn til etablering av beredskapsfond vil det vera naturleg for midlar ut over det som nemnda forvaltar til næringsføremål å ta dette opp som ein del av komande budsjettprosess. Frå og med 2006 er det sett av vel 200 000 til næringsformål/næringsstøtte. I og med at støtte til utgifter i samband med fellingsforsøk ikkje kan hentast frå andre støtteordningar, vil rådmannen tilrå at det blir løyvd kr 4560,- til dekning av direkte utgifter i samband med fellingsforsøket hausten 2005. Rådmannen legg saka fram med slikt forslag til vedtak: - KUN-nemnda vurderar Berredskapsplan for beitedyr i utmark som det beste verkemiddelet for å utarbeide og vidareutvikla ein felles og heilskapleg strategi og handlingsplan mot rovviltskader. Det er viktig at handlingsplan blir oppdatert både i høve til sentrale rammevilkår og rovviltsituasjon. - Kun-nemnda løyver kr 4560,- til roviltjaktlaget til dekning av direkte utgifter i samband med fellingsforsøket hausten 2005. Beløpet belastast kto 1470 410 4100. *** Rett møtebok:

Øystre Slidre kommune Saksbehandlar: Ola Hålimoen Saksframlegg Arkivsaksnr: 06/722 Arkiv: 43/33, 223 Behandla av: Møtedato Saksnr: Nemnda for kultur, utvikling og næring 29.06.2006 043/06 Søknad om kommunalt tilskott til utvikling av Huldrestølen på S. Trollåsen til utvikling av Huldrestølen på S. Trollåsen Vedlegg: Prosjektbeskrivelse Huldrestølen Andre saksdokument (ikkje vedlagt): Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 I 29.05.2006 Knut Oddvar Rogne Utvikling av prosjektet Huldrestølen på Sørre Trøllåsen Bakgrunn for saka: Knut Oddvar Rogne,2943 Rogne har ved søknad datert 29.mai 2006 søkt om støtte frå dei kommunale tiltaksmidlane til prosjektutvikling av Huldrestølen. Saksopplysningar: Garden Fjellhaug gnr 43/33 i Øystre Slidre ynskjer i samband med planar om nybygging av støl på Sørre Trøllåsen å leggje forholda til rette for ei tilleggsnæring innan stølsopplevingar, reiseliv og friluftstilbod. Hovudmål er ei omsetning pr år 300.000.- innan 3 år og eit overkot på 50.000.- innan 2 år. Prosjektet har fått namnet Huldrestølen. Stølsdrift med opplevingstilbud er eit av temaene. Der vert satsa på norske dyr med vekt på gamle dyreraser, stell og pass av dyr. Aktuelle aktivitetstilbod: Temadagar med onnearbeid, ysting, tjærebrenning m.m. Alt utført etter gamle arbeidsmetodar. Friluftstilbod med guida turar, kjøre og rideturar med hest, sykkelturar, fisking er nokre av tilboda. Kulturkveldar med stølskost og formidling av lokalhistorie og ymse andre kulturinnslag. Fri aktivitet for barn og unge inneber t.d. ballspel, bading, bygge demming i bekk og bålbrenning i store kyrkja i Klukkarberget.

Handlingsplan viser at søkjaren i ei utviklingsfase vil ta kontakt med liknande prosjekt og innhente deira erfaring. Det gjeld Langedrag naturpark, Gard imillom i Gudbrandsdalen og Eventyrsmak i Sigdal. Av det kan ein utvikle ideen vidare. Søkjaren meiner prosjektet vil vera til fordel for fleire.til dømes :sumarjobbar til ungdom, nabostølar som ynskjer bidra med overnatting, dyr og anna. Stølsvegen vil få auka inntekter med bompengar. Samarbeid med turistbedrifter som Vangsjøen og Beitostølen m.fl. Øystre Slidre kan få fleire arbeidsplassar innom auka turisme og kultur. Samarbeid om tilbod og marknadsføring vil vera med å gje auka næringsverksemd for andre i kommunen. Nasjonalt ynskje om tilleggsnæringar innan landbruket med vekt på stølsprosjekt som stølsopplevingar med formidling av historie og kulturarv gjer at tidspunktet for å begynne eit slikt tilbod synes å vera rett. Målet er å søkje om areal til prosjektet våren 2006 i tilknyting til nydyrkingsfelt (vel 61 da) på sørsida av stølsvegen. Vidare å utarbeide fullstendig forretningsplan og søkje godkjenning vinteren 2006/07. Budsjett for marknadsundersøkinga er kalkulert til kr 20.000 og skal utførast juli/august 2006. Søknadsbeløp er på kr 12.000.- Vurdering: Søkjaren har søkt om BU-midlar til prosjektet. Regionale BU-midlar gjev ikkje støtte til utviklingsfasen i eit prosjekt. Alternative tilskotsordningar i utviklingsfasen av prosjekt er dermed kommunalt næringstilskott, evt. for større prosjekt Innovasjon Noreg. KUN-nemnda vedtok slike retningsliner for kommunalt næringstilskott i sak 025/06: 1. Søknader om tilskott til næringsføremål skal behandlast to gonger i året, d.v.s. kvart halvår. Om lag 50 % av summen kan fordelast kvar gong. 2. Alle søknader skal behandlast av KUN nemnda. 3. Tiltak som er berettiga andre former for tilskott ( t.d. Smil og BU støtte) skal ikkje prioriterast. 4. Avløysarlaget og forsøksringen skal prioriterast for tilskott. Ut frå dette fyller søknaden kriteria for tilskott frå kommunale tilskottsmidlar. Prosjektet er i samsvar med prioriteringar både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå i høve til utvikling av tilleggsnæring innanfor landbruket., jfr. også Landbruk Pluss. Kommunen har tidlegare gjennomført prosjekt knytt til det å realisera noko av det utviklingspotensialet som ligg i samarbeid mellom landbruk og reiseliv. Vidare har stølsprosjektet hatt som viktig delmålsetting og leggja til rette for utvikling av tilleggsnæring knytt til dei mange opplevingsverdiane som ligg i stølsområda. Prosjektet er tenkt lokalisert til S. Trollåsen, og som rapporten frå stølsprosjektet syner har dette området mange kvalitetar som gjer området egna som utgangspunkt for utvikling av denne type tilleggsnæring. I og med at prosjektet også er eit pilotprosjekt og samtidig vektlegg samarbeid både mot reiselivet og andre stølseigar vil rådmannen tilrå at det blir løyvd kr 5 000,- i støtte frå kommunale tilskotsmidlar til utviklingsfasen.

Rådmannen legg saka fram med slikt forslag til vedtak: KUN-nemnda løyer kr 5000.- i tilskott i samband med utviklingsfasen for prosjektet Huldrestølen v/ Knut Oddvar Rogne, 2943 Rogne. Beløpet vert belasta kto. 1470 411 4111. Kommunen kan i etterkant krevja å sjå rekneskapet. Dersom dette i vesentleg grad skil seg frå opplysningane i søknaden kan tilskotet heilt eller delvis bli trekt attende. *** Rett møtebok:

Øystre Slidre kommune Saksbehandlar: Sten Erik Knive Saksframlegg Arkivsaksnr: 06/209 Arkiv: 47/17, L33 Behandla av: Møtedato Saksnr: Nemnda for kultur, utvikling og næring 29.06.2006 044/06 47/17 Deling av eigedomen Bakkene, salg av landbruksareal i rasjonaliseringsøyemed Vedlegg: Andre saksdokument (ikkje vedlagt): Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 I 04.05.2005 Magnhild Nielsen; Trygve Kolstad 47/17 Søknad om deling av eigedomen Kolstadbakken, salg av landbruksareal i rasjonaliseringsøyemed 47/17 Deling av eigedomen Kolstadbakken - midlertidig svar 2 U 10.02.2006 Magnhild Nielsen; Trygve Kolstad 3 I 17.04.2006 Trygve Kolstad Vedr. grenser på skogteig Bakgrunn for saka: Magnhild Nielsen og Trygve Kolstad har ved søknad datert 04.05.2005 søkt om frivillig fråsal av landbruksareal på eigedomen gnr 47 bnr 17, Bakkene. Saksopplysningar: Opplysningar frå søkjarane: Frå brev som følgde med søknaden går det fram at søkjarane ønskjer å halde att skogteig ved Nedrevatn, støl som hytte ved Mellsenn og støl som hytte(r) med tomt på Turrsjøen. Etter seinare kommunikasjon med søkjarane, har denne opphavlege modellen blitt noko endra, slik at søkjarane no ønskjer å sitte att med: a) Tunet heime på garden med ca 5 daa areal rundt. b) Stølen på Mellsennheimstølen, omgjort til fritidseigedom (jordet vert selt). c) Heile stølsteigen på Turrsjøen, delt opp til to fritidseigedomar på ca 3 daa kor. Det er opplyst om at ein nabo er interessert i å kjøpe jorda i bygda og skogen, men at denne naboen har stølar frå før, og dermed ikkje er interessert i å kjøpe stølane frå gnr 47 bnr 17, Bakkene. Det er og opplyst at Geir Evensen ønskjer å kjøpe stølsjordet på Mellsennheimstølen som tilleggsjord.

Våre opplysningar om eigedomen: Trygve Kolstad og Magnhild Nielsen er i GAB registrert som heimelshavar på gnr 47 bnr 17, Bakkene. I Landbruksregisteret til Statens Landbruksforvaltning er garden registrert med 33 daa jordbruksareal og 66 daa skogareal. Etter kartoppgåvene basert på ØK, er garden registrert med 21,6 daa jordbruksareal, 69,4 daa skogbruksareal og 134,8 daa anna areal. I tillegg kjem ein skogteig med usikre grensar på om lag 8 daa, totalt om lag 233,8 daa. Plasseringa av teigane er skissert på figur 1 nedst på sida. Kor einskild teig er vist på figur 2-10 på dei neste sidene. På figur 11 er det vist arealet søkjar ønskjer å sitte att med rundt tunet. Teigane har om lag denne oppdelinga: Teig 1 - gardstunet og dyrka mark, totalt 12,9 daa. (7,1 daa dyrka, 4,4 daa beite, 1,4 daa tun) Teig 2 - dyrka mark, totalt 9,4 daa. (6,3 daa dyrka, 0,4 daa beite, 2,7 skog M-bonitet) Teig 3a - skog, 7,1 daa (hovudsaklig L-bonitet) Teig 3b - skog, 16,4 daa (hovudsaklig L-bonitet) Teig 4 - skog, 6,6 daa (hovudsaklig L-bonitet) Teig 5 - skog, 9,7 daa (hovudsaklig L-bonitet) Teig 6 - skog, 123,5 daa (uprod. skog 83 daa, grunnlendt mark/fjell 40,4 daa) Teig 7 - skog, 20,7 daa (hovudsaklig L-bonitet) Teig 8 - heimstøl Mellsenn, 5,9 daa. (1,2 daa tun, 1,3 daa beite, 1,4 daa L-bonitet skog) Teig 9 - langstøl Turrsjøen, 6,3 daa (mesteparten overflatedyrka) Teig 10 - skog, 14,6 daa (hovudsaklig L-bonitet) Teig 11 - skogteig, usikre grenser ca 8 daa. (hovudsaklig L-bonitet) figur 1). Plassering av teigane 1-11 på bruket gnr 47 bnr 17, Bakkene.

figur 2). Teig 1 og 2 figur 3). Teig 3a og 3b figur 4). Teig 4 figur 5). Teig 5 og 6 figur 6). Teig 7 figur 7). Teig 8

figur 8). Teig 9 figur 9). Teig 10 figur 10).Teig 11, omtrentleg plassering fig. 11). Resttun som omsøkt (6,4 daa) fig. 12). Resttun alt. A (2,3 daa) fig. 13). Resttun alt. B (4,4 daa)

Etter det vi veit, har bruket Bakkene ikkje vore i sjølvstendig drift på mange år. Dyrka marka er i dag leigd ut til naboar, og driftsbygningen på tunet vert ikkje vurdert som egna til dagens driftsmåtar. Bakkene har heimstøl på Mellsennstøladn (figur 7) og langstøl på Turrsjøen (figur 8). I Kollstad, Melby, Liekren sameige (gnr 9002 bnr 9), er gnr 47 bnr 17 Bakkene registrert med 1/42 ideell del. På Mellsenn er sjølve heimstølstunet og fjøset registrert i SEFRAK-registeret. Tunet har fått verneverdi låg som eigenverdi og middels som del av miljø, medan fjøset har fått verneverdi middels både som eigenverdi og del av miljø. Fjøset er i følgje registreringa prega av begynnande forfall. Stølslaget Turrsjøen har i samband med stølsprosjektet i Øystre Slidre blitt registrert med mjølkeproduksjon på 2 stølar og til saman 21 mjølkekyr i 2005. Stølslaget har fått ein kulturminneindeks på 1,9 (middels høg), og ligg i eit større samanhengande stølsområde som i Temaplan for stølsområda har blitt definert som Stølsmiljø sone A (særs verdifullt stølsområde). Ein har ingen konkret informasjon om bygningsmassen på stølen påturrsjøen. Vurdering: Om Bakkene: Garden Bakkene kan utifrå dagens areal karakteriserast som eit under middels stort bruk etter Valdremålestokk. Bruket må likevel, med eksisterande arealgrunnlag, stølar og rettar, kunne seiast å ha eit visst ressurspotensiale i tillegg til annan inntektsskilde utom bruket. Om jordlova: Jordlova har mellom anna som føremål å leggje tilhøva slik til rette at jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til (arealressursane), kan verte brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket. Arealressursane bør disponerast på ein måte som gir ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området, og med hovudvekt på omsynet til busetjing, arbeid og driftsmessig gode løysingar, jfr 1. Ein samfunnsgagnleg bruk inneber at ein tek omsyn til at ressursane skal disponerast ut frå framtidige generasjonar sine behov. Jordlova sin 9 inneheld eit generelt forbod mot å a) nytte dyrka jord til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon og b) disponere dyrkbar jord slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida. Dyrka og dyrkbar jord skal ha eit sterkt vern. Ein må ta i betraktning at jordvern er ein nasjonal interesse og eit landbrukspolitisk hovedsatsningsområde. Det er eit nasjonalt og overordna mål at den årlege omdisponeringa av jord skal halverast innan 2010. Jordlova sin 12 inneheld eit generelt forbod mot å dela eigedomar som er eller kan nyttast til jord eller skogbruk. Samtykke til deling kan gis dersom ein av følgjande to vilkår vert oppfylt: 1. Samfunnsinteresser av stor vekt taler for det, eller 2. Deling er forsvarleg ut frå omsynet til den avkastning eigedomen kan gi.

Om ingen av vilkåra er oppfylt, må søknaden nektast. Er derimot eit eller begge vilkår oppfylt, gir ikkje dette søkjaren noko absolutt krav på å få delingssamtykke, jfr. rundskriv M- 34/1995 LD. Avkastninga, eller driftsgrunnlaget i høve til jordlova sin 12 er eigedomen sine totale ressursar i form av areal og rettar (sameige / jakt / fiske) og bygningar som kan nyttast til jordbruk eller skogbruk. Forbod mot deling i 12 skal hindre at eit bruk blir stykka opp eller på annan måte får redusert resursgrunnlaget. Dette gjeld altså også jakt- fiske- og sameigerettar. I samsvar med Stortingsprop. nr.8, Om jordbruk i utvikling er det eit samfunnsmål å skaffe tilleggsareal til nabobruk med trong til areal. Det sentrale ved delingsavgjerda er likevel om eigedommens avkastningsmuligheiter på kort og lang sikt reduserast, jfr. rundskriv M-34/1995 LD. Delingsløyve kan gjevast om det ikkje oppstår vesentlege ulempar, eller det oppstår eigedomstilhøve som ikkje er gagnlege for samfunnet eller dei som har yrket sitt i landbruket, jfr 1 i jordlova. Eit grunnleggjande prinsipp for å gå inn for rasjonalisering, er at dette gjeld heile bruk. Restareal som eigar skal behalde eller areal som blir liggjande som urasjonelle teigar utan tilknyting til landbrukseigedom er som regel ikkje akseptabelt. Stølane ligg i LNF(landbruk- natur- og friluft) -område i kommuneplanen sin arealdel. Stølsområda er der særskild ivareteke for å hindre endra preg av kulturlandskapet og auka bruk til fritidsformål som kan vera til hinder eller mogleg ulempe for landbruksaktivitet. Dette gjeld også moglegheitene for framtidig landbruksaktivitet. Ei eventuell omdisponering til fritidsføremål vil krevje dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel. Kommunen sitt planutval tek avgjerd i spørsmålet om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel. KUN-nemnda har etter delegasjon kompetanse til å ta avgjerd i saker etter jordlova. Om delinga av garden gnr 47 bnr 17 Bakkene: Ein vil i utgangspunktet leggje vekt på at eigedomen med sine ressursar samla sett vurderast som ein, etter lokal målestokk, under middels stor landbrukseigedom, som likevel kan gje ein viss næringsinntekt i tillegg til anna lønna arbeid utanom garden. Totalt sett vert det rekna som positivt at nabobruka får styrkt sine ressursgrunnlag ved kjøp av tilleggsareal. Ved eit fråsal er det særs viktig at fordelinga av landbruksarealet vert gjennomført til nabogard(ar) i aktiv drift på ein slik måte at det vert oppnådd arronderingsmessig gode løysingar og i minst mogleg grad påreknelege drifts- og miljømessige ulemper utover de som eventuelt allereie er til stades med dagens drift. Resultatet av omsøkt deling vil være oppretting av ei ny bustadeigedom og tre fritidseigedomar, i tillegg til at nabogardane får styrkja sitt arealgrunnlag. Ein sit med andre ord ikkje att med ein redusert landbrukseigedom, og delinga vert å sjå på som eit frivillig fråsal av alt landbruksareal. Føresetnaden for dette er at delinga ikkje førar til påreknelege drifts- og miljømessige ulemper i samband med landbruksdrifta, at opprettinga av tunet ikkje førar til unødig omdisponering av dyrka mark til bustadformål, og at verdifulle stølsmiljø ikkje vert belasta med oppretting av fritidseigedomar. Om areal og ressursar søkar blir sitjande att med blir monaleg større enn argumentert for over, vil eigedomen kunne karakteriserast som eit småbruk med drastisk redusert ressursgrunnlag. I eit slikt tilfelle kan ein på ingen måte sjå at delinga er forsvarleg ut frå omsynet til avkastninga eigedomen kan gi.

Ein vanleg praksis i saker med frivillig fråsal av alt landbruksareal, er at storleiken på tunet som vert halde att blir bestemt av arronderingsmessige omsyn, og berre sjeldan går over 5 daa. Slik det er skissert i søknaden (figur 11), ønskjer søkjar å sitte att med eit tun som samla blir 6,4 daa. Av dette er det berre 1,4 daa som kan reknast for å være tun pr. i dag, slik at den omsøkte løysinga vil medføre at 5 daa fulldyrka areal vert omdisponert. Tunet på garden har ein noe inneklemt plassering i forhold til den fulldyrka marka på same teig. Ova vegen er det 4 daa med fulldyrka areal, og neda tunet er det 3 daa med fulldyrka, før teigen går over i bratt beitemark. Det er gjeve sterke føringar frå sentralt hald om at omdisponering av dyrka mark skal halverast i løpet av de dei næraste åra. Ved omdisponering av gardstunet til bustadtomt kan ein ikkje sjå arronderingsmessige forhold som talar for at eit bør omdisponere eit så stort areal med dyrka mark som det er søkt om. Rådmannen ser for seg to andre moglege alternativ for grensene på gardstunet eigarane skal sitte att med. Alternativ A (figur 12) gjev eit resttun på 2,3 daa, med behov for omdisponering av i underkant av 1 daa fulldyrka mark. Alternativ B (figur 13) gjev eit resttun på 4,4 daa, med behov for omdisponering av 3 daa dyrka mark. Ut frå det overordna omsynet til jordvernet og arronderinga i kring tunet, meiner Rådmannen at eit resttun som i alternativ A (figur 12) gjev den best akseptable løysinga. Ein ønskjer likevel at nemnda skal ta nærare stilling til oppdelinga av tunet ved synfaring. Ei eventuell frådeling og omdisponering av stølane på garden, er i strid med arealdelen av kommuneplanen, og er isolert sett negativt i høve til dei landbruksinteresser jordlova skal ivareta. I Øystre Slidre kommune kan det også tenkjast at stølane i framtida kan nyttast til gardsturisme eller annan tilleggsnæring, og på den måten medverke til avkastninga på eit bruk. Det har, både frå politisk og administrativt hald, vore gjeve sterke signal om at ein ønskjer å ta vare på stølsmiljøet i kommunen. Når det gjeld heimstølen på Mellsenn, ligger denne i et område som pr. i dag ikkje har annan landbruksdrift enn beiting og slått. Området er også i stor grad prega av ein blanding av heimstølar og fritidsbustader. Restarealet etter evt. oppdeling er så lite at heimstølen vurderast som ikkje lenger å være tilknytt ein landbrukseigedom. Samla sett, mellom anna då også sett i lys av at stølen ligg i eit område med stor blanding av hytter og stølar og ikkje i eller inntil aktivt stølslag, finn ein difor å kunne fråvike det generelle forbodet mot frådeling av støl til hytte. Vilkåret for dette er at søkjar berre får sitte att med dei 1,2 daa rundt stølstunet som er vist med grått på fig. 7, og at resterande areal på teigen vert selt til stølsnabo som skissert i søknaden. Ein lyt sørgje for at kjøpar av restarealet får avtalt rasjonell vegtilgang til arealet. Stølslaget Turrsjøen (fig. 8) har framleis aktiv støling (2 stølar med mjølkeproduksjon i 2005), og ligg i eit større samanhengande område av stølslag med aktiv og omfattande stølsdrift. Søknaden inneber ein omdisponering av om lag 6 daa (overflate)dyrka areal til fritidsformål. Det er tenkt oppretta to store fritidseigedomar på 3 daa kor, om lag midt i stølslaget. Ut frå omsyna til både jordvern, stølslaget isolert sett og det samanhengande stølsområdet totalt sett, vil det ikkje være forsvarleg med ein slik omdisponering av dyrka mark og oppretting av fritidseigedomar. Stølseigedomen på Turrsjøen representerar monalege landbruksmessige verdiar både i samband med den dyrka marka på eigedomen og i samband med bygningsmassen og potensialet for å utnytte denne i tilleggsnæring. Når det gjeld stølen på Turrsjøen finn ein difor ikkje å kunne fråvike det generelle forbodet mot frådeling av støl til hytte. Om delinga av garden gnr 47 bnr 17 skal kunne tillatast, må dermed stølen på Turrsjøen seljast som tilleggsresurs til anna bruk som har støl på Turrsjøen. I forhold til denne konkrete delingssaken vil ein konkludere med at samfunnsinteresser av ein viss vekt talar for deling, dersom dette fører til styrking av nabobruk. Det er derimot til dels sterke samfunnsinteresser som talar imot omdisponering av dyrka mark og oppretting av

fritidseigedomar i aktive stølslag som det er søkt om i delinga. Om delinga vert gjennomført slik at omdisponeringa av dyrka mark vert vesentleg mindre enn i søknaden og også stølen på Turrsjøen vert selt som landbruksareal, vil eigedomen som søkjar sitt att med kunne karakteriserast som ein bustadeigedom med hytte, og ikkje eit ressursvakt småbruk/landbrukseigedom. Når det då ikkje lenger er landbrukseigedom, vil det ikkje være aktuelt å ta stilling til om delinga er forsvarleg ut frå omsynet til den avkastning eigedomen kan gi. Rådmannen vil oppsummere med at det er sterke jordverninteresser som talar mot omdisponering av dyrka mark, at kommunen ønskjer å føre ein streng politikk med omsyn til oppretting av fritidseigedomar i aktive stølsområde, samt at samfunnsinteresser av ein viss vekt talar for ei oppdeling om den vert gjennomført som skissert i innstillinga. Samla sett ligg difor til rette for å løyve oppdeling av garden gnr 47 bnr 17 Bakkene med ein noko endra løysing i forhold til det som er skissert i søknaden. I ein såpass omfattande oppdeling av areal som dette vil medføyre, ser ein det som naturleg at endeleg fastsetting av grenser og fordeling av fiske-, jakt-, og sameigerettar vert avgjort ved jordskiftesak. Dersom grensene for teig 11 framleis skulle være uklare, er det viktig at desse vert bestemt ved jordskiftesaka. Rådmannen legg saka fram med slikt forslag til vedtak/innstilling: Nemnda for kultur, utvikling og næring finn i samsvar med delegasjon etter jordlova 1, 9 og 12 å kunne godkjenne frivillig fråsal av alt landbruksareal frå gnr 47 bnr 17, Bakkene, på følgjande vilkår: 1) Eigarane kan sitte att med eit resttun på inntil 2,3 daa slik som vist i alternativ A på fig.12, der heile tunet, inkludert i underkant av 1 daa dyrka mark, vert omdisponert til bustadføremål. 2) Eigarane kan og sitte att med heimstølen på Mellsenn med inntil 1,2 daa tomt, som vist med grått på fig. 7. 3) Alt anna areal på garden, inkludert stølen på Turrsjøen og areal på Mellsennheimstølen merka med oransje og grønt på fig 7, vert selt som tilleggsareal til nabobruk i aktiv drift. Fordelinga av landbruksarealet skal gjennomførast på ein slik måte at det vert oppnådd arronderingsmessig gode løysingar og i minst mogleg grad påreknelege drifts- og miljømessige ulemper utover de som eventuelt allereie er til stades med dagens drift 4) Det er ein føresetnad at stølen på Turrsjøen og arealet på Mellsennheimstølen vert selt til gardar i drift som frå før har støl i dei respektive stølslaga. 5) Endeleg fastsetting av grenser og fordeling av fiske-, jakt-, og sameigerettar skal avgjerast ved jordskiftesak. Dersom grensene for teig 11 framleis skulle være uklare, er det viktig at desse vert bestemt ved jordskiftesaka. *** Vi gjer merksam på at det er høve til å klage på vedtaket, jamfør Forvaltningslova. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunktet meldinga om vedtak er kome fram til klagar. Evt. klage skal setjast fram skriftleg til Øystre Slidre kommune, vise kva for vedtak det klagast over og kva for endring ein ynskjer i vedtaket. Kommunen kan gje nærare rettleiing om framgangsmåten ved klage. Partar har rett til å sjå dokumenta i saka, jamfør Forvaltningslova 18 og 19

Rett møtebok:

Side 1 av20