Kommentarar til innkomne merknader - Avgrensa høyring Detaljreguleringsplan for hyttefelt Trønskenes, Skånevik Oversikt merknader: Nr Avsendar Dato Offentlege instansar - statleg/ kommunal 1. NVE e-post 20.04.2017 2. Hordaland Fylkeskommune e-post 26.04.2017/05.05.2017 3. Fylkesmannen i Hordaland e-post 28.04.2017 Private/lag 4. Cecilie Ohm e-post 04.04.2017 5. Håvard Hakestad e-post 08.04.2017 6. Advokatfirmaet Harris på vegne av Grete Kolstad e-post 10.04.2017 7. Arne Bjørn Svendsen e-post 03.05.2017 1. NVE, 20.04.2017 Skriv at grunnlaget for motsegna deira var at potensiell fare for skredfare mot planlagd byggjeområde ikkje var tilstrekkeleg utgreidd. Dette er no vurdert for dei områda som skal byggjast ut med bustader/fritidsbustader og konklusjonane frå kartlegginga er teke inn i plankart og føresegner. Vidare skriv dei at for område 3 har Kon-Sul rådd til å utsette vurdering av reell skredfare mot tilkomstvegen fordi nye inngrep knytt til utbetring vil påverke skredfaren. NVE er ikkje samd med Kon-Sul i at kartlegginga av reell skredfare i område 3 skal utsetjast til vegen er opparbeidd. Dei meiner skredfare bør kartleggjast også i dette området og at eventuelle sikringstiltak bør innarbeidast i planen. Det kan bety at planområdet må utvidast for å fange opp dei områda som eventuelle sikringstiltak må gjennomførast i. NVE rår kommunen til å følgje opp dette. Etter ei samla vurdering, finn dei likevel at arbeidet har kome så langt at grunnlaget for motsegna ikkje lenger er til stades. Dei trekk difor motsegna til planen. Planleggjar har vore i kontakt med Kon-Sul for å høyre om dei kan kome med ein kommentar til merknaden frå NVE. Ein fekk då dette svaret frå sivilingeniør Reidar Belsvik: Skredfarevurderingen i forhold til vegen vil omfatte dels risiko for steinsprang m.v. fra eksisterende og ny vegskjæring, men også risiko for skred fra naturlig terreng ovenfor/utenfor planområdet. Vårt utgangspunkt var at sikringstiltak i eksistrende vegskjæringer, f.eks. bolting og steinsprangnett, ville være uhensiktsmessig dersom det skulle foretas en breddeutvidelse av vegen etterpå. Eventuelle tiltak for å sikre mot skred fra områder utenfor planområdet kunne da vurderes i sammenheng med øvrige tiltak. En utredning av eventuell skredfare, sett i forhold til vegvesenet sine akseptkriterier som ble omtalt i rapporten fra Kon-Sul AS, vil kreve en nærmere undersøkelse. Ut i fra oppdragssituasjonen har vi dessverre ikke mulighet til å gjennomføre en slik kartlegging på kort sikt, men vi kan eventuelt legge dette inn i programmet etter sommerferien. Gøtz AS er ueinige med NVE, og meiner det er naturleg at dette vert teke i samband med prosjektering og utbetring av krysset og vegen. Som Kon-Sul skriv, så vil det også då vere naturleg å sjå på om det er naudsynt med sikring mot skred frå område utanfor planområdet.
Gøtz AS har også drøfta dette med Etne kommune. Kommunen ynskte også at ein la dette inn som eit rekkefølgjekrav i reguleringsføresegnene. Dette har ein gjort. Vidare viste kommunen til at det er fullt mogleg å byggjemelde tiltak som går på skredsikring i områda utanfor plangrensa dersom ein skulle finne dette naudsynt etter kartlegginga. 2. Hordaland fylkeskommune, 26.04.2017 Skriv at det automatisk freda kulturminnet (Askeladden id. 170469) no er sikra godt vern i den framlagde planen. Dei er nøgde med presise føresegner knytt til meldeplikta etter kulturminnelova. Fylkeskonservatoren har ingen vidare merknader i saka. Ingen kommentar. 3. Fylkesmannen i Hordaland, 28.04.2017 Skriv at dei er informert om at NVE vil trekkje motsegna si. Vidare finn dei at kommunen no har lagt fram eit planforslag som kjem dei statlege interessene knytt til strandsona og naturmangfald i møte på ein slik måte at dei ikkje lenger ser trong for å ha motsegn til planen. Dei viser til dei råda som NVE gjev i sin uttale, og rår til at kommunen arbeider vidare med planen etter desse. Utover dette har dei ikkje merknader til at kommunen kan vedta planen slik han no ligg føre. Viser til merknad under pkt. 1 (NVE sin merknad). 4. Cecilie Ohm, 04.04.2017 Presiserer tidlegare innsend merknad, kor dei antek at kommentar frå planleggjar om tilkopling til nye tekniske anlegg betyr at dei skal kople seg på ny infrastruktur for veg, straum, vatn, kloakk m.m.. Dei har lagt ved ein situasjonsplan frå Etne Bygningsråd datert nov. 1968 som viser dagens løysing. Dei presiserer at dagens vassleidning ligg i reguleringsområdet, nedgraven frå dagens snuplass og delvis gjennom nye tomtar og i området elles. Vidare går straum i luftspenn over nye hyttetomter. Dreneringsgrøft og spillvassgrøft, samt septiktank ligg i grøntområde/ veg utanfor tomt 130/42. Når feltet blir bygd ut så vil det kome vass- og spillvassløysningar her som er betre enn den dei har no, og det vil bli mogleik til å kople seg på dette. Dei vil også kunne få køyreveg heilt fram til tomta og ein rår til at dei gjer ein avtale med utbyggar for å få ein avtale om begge desse tinga. Ved utbygging her vil straumen bli lagt i grøft og i samband med det så blir det ei omkopling. Så lenge dei ikkje ynskjer noko anna løysing på straum enn det dei har i dag, så vil det ikkje bli utgift på det. 5. Håvard Hakestad, 08.04.2017 Har nokre nye merknader etter dei framlagde endringane: 1. Ber om at kommunen ivaretek underteikna sitt eksisterande båtutdrag, dvs. der båten alltid har lege på tau på blåse ut frå eigen kai. Dette kan kome i konflikt med
innseglinga til båthamna. Alternativt at kommunen finn/ tillet eit tilfredsstillande alternativ. 2. Ynskjer at utbyggjar legg til rette for tilknyting til vatn og avlaup til eigedomen. 3. Ynskjer at utbyggjar legg til rette for moglegheit for å etablere privat parkeringsplass på anten P3, P4 eller P5 for eigedomen. 1. Dersom ein ser på flyfoto over området, så ser ein at det eine båtutdraget ligg rett innanfor plangrensa og at det andre ligg utanfor planområdet. Ein kan ikkje sjå at desse kjem i konflikt med innseglinga til den nye båthamna, og meiner at den løysinga som no er føreslått er ei god løysing. I prosessen med å få Fylkesmannen til å trekke motsegna, kutta ein også to båtplassar lengst aust slik at det no er større avstand til båtplassen enn ved tidlegare utkast. Den planlagde moloen i samband med småbåthamna er også med på å skjerme dei eksisterande nausta og båtplassane i aust, så sjølv om det vert meir aktivitet i området, så er det også positive sider ved den planlagde utbygginga her. 2. Det vil verta mogleg å kjøpe seg inn i, og kople seg på nytt anlegg etter avtale med utbyggjar. 3. Det vil vere mogleg å inngå avtale med grunneigar om bruk eller evt. kjøp av parkeringsplass innanfor områda som er avsett til parkering. Dette er privatrettslege ting som lyt ordnast mellom grunneigarar. Hakestad må evt. syte for at han har naudsynt gangvegrett frå parkeringsplassen over 130/1. 6. Advokatfirmaet Harris på vegne av Grete Kolstad, 10.04.2017 Skriv at dei representerer eigar av gnr. 130 bnr. 11 og 43. Vidare skriv dei at det er mykje bra med det nye forslaget, men at det er behov for nokre justeringar. Når det gjeld opplysninga om at det ikkje føreligg byggjeløyve for naust på eigedomen, så skuldast nok dette at bygningen vart oppført før denne typen tiltak var søknadspliktige.
Vidare skriv dei at bnr. 43 er ein nausteigedom, og at det difor ikkje skulle vere naudsynt å la delar av eigedomen framstå som LNFR- eigedom. Dei skriv så at reguleringsplanen bør legge opp til at det kan etablerast kai i forkant av tenkt naust på den aktuelle eigedomen. Dei har lagt ved eit vedlegg som syner korleis dette er tenkt. Kolstad ynskjer også at det vert tilkomst med bil og hengar til bnr. 49 slik at båtar kan fraktast landevegen. Ho er klar over at køyrevegrett må skaffast gjennom dialog med tiltakshavar. For å realisere dette bør naustrekkja trekkjast noko lengre sør. Ein har snakka med grunneigar, og han meiner at det aldri har vore noko naust på denne tomta. Det har berre vore eit bølgjeblikkskur over ei snekke. Det har heller ikkje vore søkt om, eller vorte gjeve dispensasjon til bygging av naust tidlegare. Dette betyr derimot ikkje at det kan gjevast byggjeløyve for naust her i framtida. Det at delar av eigedomen no ligg som grøntområde i reguleringsplanen, er etter krav frå Fylkesmannen i Hordaland. Overordna retningslinjer seier at ein ikkje skal byggje ned heile strandsona. Her har ein også lagt vekt på å bevare eksisterande terreng, og ein ynskjer å unngå større og uønskte terrenginngrep i dette området. Gjeldande føresegner for naust, seier at maks bruksareal skal vere 40 m2. Området som er avsett til naust innanfor tomtegrensa er på 103 m2, så ein meiner området er stort nok til dette formålet. Når det gjeld ynskja kai i front, så har ein hatt fleire rundar med Fylkesmannen i Hordaland for å få dei til å trekkje motsegna si. Ein har no kome fram til ei løysing som Fylkesmannen kan godta, og dette var utan ynskja kailøysing på 130/43. Slik ein vurderer det, så er den ynskja kaien stor, og ei løysing som Fylkesmannen ikkje vil godkjenne. I dialog med kommunen, har ein kome fram til at dette eventuelt er noko ein kan søkje om på eit seinare tidspunkt, for eksempel i samband med søknad om bygging av naust på tomta. Ein lyt då eventuelt søkje om dispensasjon for å få godkjent tiltak for å skjerme vika. Vidare har ein fått tilsend eit konsesjonsvedtak som er datert 12.04.1976. Dette er ein avtale mellom eigar av 130/43 og eigar av hovudbruket. Her står det heller ingenting om rett til molo eller kai. Vidare står det i pkt. 12 i avtalen at dei berre har rett til gangsti over hovudbruket si utmark, og dette etter anvisning frå grunneigar. Pr. i dag har dei altså heller ikkje køyrevegrett for å få byggje noko på tomta. Då i så fall berre frå sjø. Det at det no vert lagt til rette for køyreveg, vil heve verdien på nausttomta. Men eigar av 130/43 har altså ikkje rett til å krevje at det vert lagt til rette for tilkomst med bil og hengar. Dersom det planlagde fellesnaustet skal flyttast lengre sør, vil dette gå på bekostning av den planlagde parkeringsplassen, f_p4. Slik reguleringsforslaget føreligg, er det ca. 2,9m frå naustveggen på f_n2 til formålsgrensa mot F5. Det vil altså i realiteten bli mogleg å køyre forbi her med bil. 7. Arne Bjørn Svendsen, 03.05.2017 Skriv at dei fekk parkeringsløyve av grunneigarane, og at dette er kompensert for. Dette er ikkje tidsavgrensa på nokon måte, og det dreier seg om 2 p-plassar som gjeld totalt for begge tomter. Når det gjeld gangrett, så er eigedomen tinglyst med gangrett, og det var ingen kommentarar på dette når bnr. 40 vart delt. Vidare skriv han at det er dumt å lage ein stor plan utan å ha tilkomst frå veg til alle gnr/bnr. Han skriv at dersom tilkomst skal gå over annan privat eigedom, så vil dette kunne skape usemje ved evt. nye eigarar. Han viser til at han har sendt inn merknad på dette tidlegare. Føreslått plassering av tilkomst til 130/92 er mellom H6 og H9, og at ein då flyttar den tilkomsten som er vist til 130/40 slik at begge eigedomane får tilkomst. Han skriv at det i utgangspunktet berre er 130/92 som ikkje har tilkomst i denne reguleringsplanen. Han vonar ein kan kome fram til ei løysing på dette og er open for forslag frå utbyggjarane.
Svendsen kjem ikkje med nye moment i høve til det han har sendt merknad på tidlegare i prosessen. Grunneigar står fast på at tilkomst må ordnast over eiga tomt (130/40). Pr. i dag er det Svendsen som står som eigar av både bnr. 40 og bnr. 92. Det er altså ikkje noko som står i vegen for å lage og tinglyse ein avtale som seier at bnr. 92 skal ha gangvegrett over bnr. 40. Ein ser altså ikkje at reguleringsplanen skal skape usemje i området, slik som Svendsen fryktar. Grunneigar meiner det er feil at ein tilkomst til ei frådelt tomt skal stele areal frå planlagde tomter i bakkant. Ein har lagt til rette for at det no kan etablerast køyreveg fram til bnr. 40, noko som vil auke verdien på denne fritidsbustaden. Vidare har ein tidlegare kommentert at parkering kan skje på for eksempel f_p1 etter avtale med grunneigar. Denne parkeringsplassen vil då liggje nærare fritidsbustadane enn dagens parkeringsplass, og vil såleis betre situasjonen for Svendsen. Det er heller ikkje tilfelle at det berre er 130/92 som ikkje har direkte tilkomst i reguleringsplanen. Ein viser til at dette også gjeld for gnr. 130 bnr. 25, 28, 30, 38, 39 og 41. Det er altså fleire andre grunneigarar i området som har private avtalar om gangvegrett over andre eigedomar. Ein er ikkje kjend med at det er noko usemje knytt til desse avtalane i dag. 19.05.2017