Publiseringsavtale. Tittel på norsk: Vegen mot meistring av stemmer. Kandidatnummer: 122. Forfatter(e): Miriam Refvik.



Like dokumenter
Om å høyre meir enn dei fleste

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Til deg som bur i fosterheim år

Minnebok. Minnebok NYNORSK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral


Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Psykologisk førstehjelp i skulen

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Psykose NYNORSK. Psychosis

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

Informasjon til elevane

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Informasjon til pasientar og pårørande

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Med god informasjon i bagasjen

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Med tre spesialitetar i kofferten

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.


SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Psykologisk førstehjelp i skulen

Refleksjon og skriving

Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

8 tema for godt samspel

6. trinn. Veke 24 Navn:

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Om vestibularisnevritt

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Brukarrettleiing E-post lesar

Motivasjon for læring og meistring. Volda Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy ivar.orstavik@heroy.kommune.

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

mmm...med SMAK på timeplanen

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

KOR Klient og resultatstyrt praksis

Jon Fosse. For seint. Libretto

Metodiske verktøy ved kursleiing

Samansette tekster og Sjanger og stil

Valdres vidaregåande skule

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Team Hareid Trygg Heime

Å løyse kvadratiske likningar

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

God barndom = god helse i vaksen alder?

Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående?

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Kjeldebruk og referanseteknikk

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Transkript:

Publiseringsavtale Tittel på norsk: Vegen mot meistring av stemmer Kandidatnummer: 122 Forfatter(e): Miriam Refvik Årstall: 2010 Fullmakt til elektronisk publisering av oppgaven Forfatter(ne) har opphavsrett til oppgaven. Det betyr blant annet enerett til å gjøre verket tilgjengelig for allmennheten (Åndsverkloven. 2). Alle oppgaver som fyller kriteriene vil bli registrert og publisert i Brage Haraldsplass med forfatter(ne)s godkjennelse. Oppgaver som er unntatt offentlighet eller båndlagt vil ikke bli publisert. Jeg/vi gir herved Haraldsplass diakonale høgskolen en vederlagsfri rett til å gjøre oppgaven tilgjengelig for elektronisk publisering: ja nei Er oppgaven båndlagt (konfidensiell)? ja nei (Båndleggingsavtale må fylles ut) - Hvis ja: Kan oppgaven publiseres når båndleggingsperioden er over? ja nei Er oppgaven unntatt offentlighet? ja nei (inneholder taushetsbelagt informasjon. Jfr. Offl. 13/Fvl. 13) Dato: 07.mai 2010 Underskrevet fullmakt er arkivert på studentmappen

VEGEN MOT MEISTRING AV STEMMER The process to managing voices Kandidatnummer: 122 Bacheloroppgåve i sjukepleie Antal ord: 10 453 Haraldsplass Diakonale Høgskule Bergen, 19.03.10 2

Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar hjelpe unge vaksne med schizofreni under opphald i institusjon i forhold til å meistre sin kvardag med hørselshallusinasjonar? Problem formulation: How could a nurse help young adults suffering from schizophrenia under their stay in an institution in relation to manage their hearing hallucinations in daily living? 3

Jeg kavet for å komme meg løs og tilbake til glasskårene, Kapteinen og de andre stemmene brølte i hodet mitt, rasende, og jeg visste at jeg nå ville måtte slåss med dem inne på rommet mitt en god stund, som straff for forspilte sjanser. (Lauveng, 2006, s. 84) 4

Samandrag Denne oppgåva tar for seg korleis sjukepleiar kan hjelpe schizofrene pasientar med hørselshallusinasjonar for å kunne meistre sine stemmer i kvardagen. Stemmehøyraren vil vere busett i ein institusjon. Framgangsmåten oppgåva blir sett ut i frå er metoden Hearing voices av Romme og Escher, nederlandske psykiatrar. Oppgåva tar utgangspunkt frå startfasa i denne prosessen, der målet er at sjukepleiar og stemmehøyrar skal utforske nærveret av stemmene og korleis kvardagen kan leggjast til rette for at stemmehøyraren skal meistre sine stemmer. Litteraturen som vil bli nytta er basert på pensumlitteratur, fagbøker om hørselshallusinasjonar, og eigne bøker om metoden Hearing voices og av grunnleggjarane Romme og Escher. Det vil i litteraturgjennomgangen bli sett på dei ulike delane av startfasa, men og på kva hørselshallusinasjonar og schizofreni er. Oppgåva vil bli sett i lys av Joyce Travelbees sjukepleieteori. Det vil bli lagt vekt på korleis kartleggingsarbeid, tid, omgivnadar, livshistorie og kjensler kan påverke stemmene, og vidare drøfta kva sjukepleiar bør ta omsyn til i forhold til desse faktorane for på den måten gjere at stemmehøyraren har mindre dominerande, negative stemmer. Oppgåva drar ikkje nokon avgjerande konklusjonar angåande resultat av metoden, men viser at det er viktig at stemmehøyraren møter sine stemmer og ser på faktorar i livet som påverkar dei. Det kjem fram at ved å bruke svara sjukepleiaren og stemmehøyraren finn kan sjå måtar å leggje kvardagen til rette på slik at stemmepåverknaden blir mindre. Nøkkelord: hørselshallusinasjonar, schizofreni, Hearing voices, meistring. 5

Abstract This paper will discuss how nurses can help patients suffering from schizophrenia with their hearing hallucinations. The voice hearer will be living in an institution. The aim is to help voice hearers manage hallucinations in their daily living. The paper will approach from the method Hearing voices by the Dutch psychiatrists, Romme and Escher. The focus will be placed on the startling phase where the nurse and the voice hearer will explore the presence of the voices. They will concentrate on how the voice hearer can learn to manage his voices in his daily living. The literature the paper is based on will be course literature for nurses, books specific about hearing hallucinations and about Hearing voices, and literature written by Romme and Escher. In the literature review it will be written about the startling phase in Hearing voices, hearing hallucinations and schizophrenia. The paper will be seen in the light of Joyce Travelbees theory about nursing. Focus will be placed on questions related to mapping, time, surroundings, life history and feelings that can have impact on the voices and to use these results to make the dominating and negative voices less attendant. The paper will not come with any decisive conclusions about the results of the method, but shows us the importance of the relation the voice hearer has to his voices and the factors which affect them. It appears that by using answers the nurse and voice hearer find to questions they will be able to see ways of making the voices influence smaller. Key words: auditory hallucinations, schizophrenia, Hearing voices, manage. 6

Innhald_Toc256593960 Samandrag... 5 Abstract... 6 Innhald... 7 1.0 Innleiing... 9 1.1 Val av tema... 10 1.2 Problemstilling... 10 1.3 Avgrensing og utdjuping... 10 1.4 Oppgåvas oppbygging... 12 2.0 Metode... 13 2.1 Litteratursøk... 13 2.2 Val av litteratur... 14 2.3 Metode og kjeldekritikk... 15 2.4 Etiske vurderingar... 16 3.0 Teori... 17 3.1 Schizofreni og hørselshallusinasjonar... 17 3.2 Hearing voices... 18 3.2.1 Startfasa... 19 3.3 Meistring... 20 3.4 Joyce Travelbees sjukepleieteori... 20 3.4.1 Humanistisk eksistensiell filosofi... 22 4.0 Drøfting... 23 4.1 Intervju og kartlegging... 23_Toc256593983 4.1.1 Krav til sjukepleiar... 24 4.2 Tid... 25 4.2.1 Omsyn til stemmehøyrar... 25 4.2.2 Sjukepleiars ansvar... 26 7

4.3 Omgivnadar... 27 4.4 Livshistorie... 29 4.4.1 Samarbeid mellom sjukepleiar og stemmehøyrar... 29 4.4.2 Krevjande sjukepleiefagleg arbeid... 31 4.5 Tema og kjensler... 31 4.5.1 Å utforske kjensler... 31 4.5.2 Tema i hallusinasjonane... 32 5.0 Avslutning... 34 Litteraturliste... 36 8

1.0 Innleiing Å hørselshallusinere vil seie at ein høyrer ei eller fleire stemmer gjerne like klart som eit vanleg hørselsinntrykk, men som det ikkje finst noko ytre årsak til som kan forklare hørselsinntrykket (Hummelvoll, 2004). Dette er eit fasinerande fenomen som ein lenge trudde bare var psykiatriske pasientar som opplevde, men som det ved seinare undersøkingar har vist seg å ramme friske menneskjer og (Romme og Escher, 2000). Det visar seg at berre 1/3 av dei som høyrer stemmer er i psykiatrien, men at det av desse er mange som har diagnosen schizofreni. Medikament har lenge blitt brukt som behandlingsmetode. Det urovekkande med denne behandlinga er at 40% av dei som blir behandla ikkje blir noko betre av medikamenta og dermed er like mykje, om ikkje meir, plaga av stemmer enn før på grunn av biverknadar som kjem i tillegg (Falloon og Talbot, 1981, Fowler et al. 1995, referert i Romme og Escher, 2000, s. 16). Frå forsking har det kome fram at sjukepleiarars kunnskapar for å hjelpe stemmehøyrarar er avgrensa til medisinering, tilgang på psykiater og forsøk på rådgjeving. Stemmehøyrarar etterlyser alternativ hjelp (Coffey og Hewitt, 2008). Eg har sjølv erfart at eg i møte med stemmehøyrarar hadde lite kunnskapar om korleis eg skulle møte dei. Sjukepleiarar ønskjer å yte hjelp, men har sett sine avgrensingar her. Korleis kan vi hjelpe stemmehøyrarane med sine stemmer? Hørselshallusinasjonar er eit aktuelt tema. Nyleg fekk ein forskar ved Haukeland universitetssjukehus, Kenneth Hugdahl, støtte for å forske på korleis stemmesenteret i hjernen blir påverka ved hørselshallusinasjonar, for deretter å finne medikament som kan verke på dette (Norges rikskringkasting [NRK], 2009). Det var lenge ikkje noko framgang i å finne metodar som kan hjelpe mot stemmehøyring forutan medikament. Ei årsak til dette er at ein ikkje trudde det hadde noko hensikt sidan schizofreni blei sett på som ein biologisk liding og dermed ikkje ville ha verknad av behandlinga (Westacott, 1995). Det er no blitt noko betre, men fleire gjev uttrykk for at det er behov for meir forsking på kva behandlingsmåte som er hensiktsmessig (England, 2006). Å høyre stemmer har lenge vert eit tabubelagt område som mange ikkje ønskjer å sei at dei gjer fordi dei då blir sett på som galne (Borg, 2003). Det trengs derfor å rettast merksemd mot det å høyre stemmer og korleis ein kan hjelpe stemmehøyrarar å meistre desse. Og sjukepleiarar treng meir kunnskap for å kunne møte stemmehøyrarane. 9

1.1 Val av tema Eg har valt hørselshallusinasjonar ved schizofreni som tema i mi problemstilling. Det var frå praksis innan psykisk helsevern eg fekk interesse for dette, då eg der møtte pasientar med både schizofreni og hørselshallusinasjonar. Eg fekk sjølv sett i praksis at stemmene tok mykje tid hjå enkelte pasientar. På institusjonen fekk eg låne ei bok av Geir Margido Fredriksen om Marius Rommes Hearing Voices, som er ein framgangsmåte for arbeid med stemmer. Etter å ha lese denne og sett stemmehøyrarar i praksis fekk eg auga opp for problematikken, og fekk då interesse og lyst til å setje meg inn i korleis ein kan hjelpe pasientar til å meistre stemmer. Ut frå det eg har erfart og opplev er det lite kunnskapar om korleis ein skal møte pasientar som er mykje prega av hørselshallusinasjonar. Det er lite klart kva framgangsmåte som er hensiktsmessig og som vil gje resultat. Problematikken er relevant for sjukepleiarar ut i frå at arbeidsarenaen til ein del sjukepleiarar er innan psykisk helsevern og at dei der vil kome i kontakt med stemmehøyrarar. Likevel vil sjukepleiar kunne treffe stemmehøyrarar i andre institusjonar og arbeidssituasjonar sidan ikkje alle som høyrer stemmer er psykiatriske pasientar (Romme og Escher, 2000). Det er desse sjukepleiarane som skal møte stemmehøyrarane. Eg ønskjer derfor å bruke denne oppgåva til å belyse startfasa i ein metode og korleis sjukepleiar kan bruke denne for å hjelpe stemmehøyrarar til å meistre stemmene. Ved å få kunnskap om stemmehøyring og metodar for meistring kan sjukepleiarar møte pasientar som høyrer stemmer med kunnskapar og forståing, og dermed vere i stand til å hjelpe dei til å meistre sine stemmer. 1.2 Problemstilling Ut i frå tankane eg gjorde meg om stemmehøyring har eg formulert denne problemstillinga: Korleis kan sjukepleiar hjelpe unge vaksne med schizofreni under opphald i institusjon i forhold til å meistre sin kvardag med hørselshallusinasjonar? Problemstillinga er formulert for å rette merksemd mot det å høyre stemmer og korleis sjukepleiarar kan hjelpe pasientar med dette. Målet her er at sjukepleiar skal få større kunnskap til å møte denne pasientgruppa og stå betre rusta til å forstå stemmehøyraren og hjelpe han med behovet han har for hjelp i forhold til å meistre stemmene. 1.3 Avgrensing og utdjuping Eg vil i oppgåva ta for meg unge vaksne, i alderen 20-35 år, som har vert plaga med hørselshallusinasjonar og hatt diagnosen schizofreni i nokon år. Denne gruppa valde eg fordi schizofrene har større sjanse for å bli råka av hørselshallusinasjonar enn andre menneskjer og 10

stemmene desse har er ofte av meir aggressiv og dominerande karakter (Snoek og Engedal, 2008). Fokuset er lagt på unge vaksne fordi desse ikkje har vert sjuke over for lang tid utan å ha fått behandling, og derfor har større mogleik til betring av stemmene. Dei har føresetnadar for å kunne gå inn i stemmene sine. Metoden eg tar for meg i oppgåva er likevel overførbar i forhold til andre grupper menneskjer som høyrer stemmer. Eg tar utgangspunkt i at stemmene er av den dominerande og aggressive typen, då det er desse som er til mest bry for stemmehøyrarar og det er ofte dei som ønskjer hjelp for stemmene sidan dei kan påverke kvardagen negativt og legge store avgrensingar for dei. Som nemnd i problemstillinga vel eg å sjå behandlinga ut frå institusjon, og eg tar utgangspunkt i at dei er midt i opphaldet og dermed kjent med avdelinga og behandlingspersonellet. Tillitsforholdet tar eg derfor forgitt. Dette fordi eg ønskjer å rette fokus mot behandlinga og meistring, og korleis ein kan leggje til rette for det. Institusjonen går eg ut frå er døgnbemanna, og at stemmehøyraren i utgangspunktet skal bu der resten av livet. Når eg i oppgåva skriv om leilegheiter, vil desse inngå som ein del av institusjonen saman med fellesareal og arbeidsrom for personale. Eg ønskjer å rette fokus mot korleis sjukepleiar kan hjelpe pasienten og leggje til rette for at han kan meistre stemmene. Dette vil eg sjå på ut i frå Rommes metode Hearing voices og kartleggingsarbeidet han brukar i denne for å oppnå meistring. I denne oppgåva vil eg ikkje presentere heile metoden, men fokusere på startfasen, då eg ønskjer å rette fokus mot kartlegginga som dannar grunnlaget for det vidare samarbeidet, og for å oppnå resultat med meistring av stemmer. Metoden vil eg sjå mot korleis sjukepleiar og stemmehøyrar sjølv kan dra nytte av det dei får fram i samtalen. Hovudfokuset vel eg å leggje på spørsmål frå metoden som omhandlar intervjuet, tid, omgivnadar, livshistorie, og tema og kjensler knytt til stemmene, då det er desse som utgjer hovudelementa i startfasa, og som det er av stor betyding for personen å finne svar på før han skal bevege seg vidare mot organiseringsfasa. Når eg i teksten skriv ho, er det berekna som sjukepleiaren, medan han er stemmehøyraren. Oppgåva kan somme tider grense mot psykiatrisk fagfelt, men eg forsøker å unngå dette då det hamnar utanfor sjukepleiars kompetanseområde. Eg vil i oppgåva ta med meg sjukepleieteorien til Joyce Travelbee, og sjå denne opp mot Hearing voices, for å sjå kva styrkje hennar teori kan gje prosessen mot meisting av stemmer. 11

1.4 Oppgåvas oppbygging Oppgåva er blitt delt inn i underkapittel for å gjere den meir oversiktleg for deg som lesar. I det vidare vil det komme ein metodedel, litteraturgjennomgang, drøftingsdel og ei avrunding til slutt for å avslutte og samle trådane. Drøftingsdelen vil utgjere den største delen av oppgåva då det er denne delen som blir hovudfokuset ut frå mi problemstilling. 12

2.0 Metode I dette kapittelet vil eg gjere greie for framgangsmåten min i arbeidet med å finne relevant littaratur, korleis eg har arbeida med den og eliminert det som ikkje har vert relevant for oppgåva eller ikkje er tilstrekkeleg valid for denne type oppgåve. 2.1 Litteratursøk Å samle inn relevant litteratur er tidskrevjande, men ein viktig del av å skrive oppgåva. Temaet hørselshallusinasjonar, som eg har valt, er det ikkje skrive så mykje om på norsk. Dette har prega mi søking etter litteratur. Framgangsmåten eg har brukt i innsamlinga er helsebiblioteket.no, der eg har søkt etter artiklar og forskingsartiklar som kan belyse tema. Eg starta søket i SweMed+ for å finne Mesh-termar for vidare søking, og eventuelle skandinaviske artiklar. Her var det få resultat, og ingen som eg fann relevante for min tekst. Deretter har eg arbeidd meg vidare med enkeltsøk og samsøk i Amed, British Nursing, Embase, Ovid Medline, Ovid Nursing, PsychInfo, Cochrane Library og PubMed. Søkjeorda har eg gjentatt i dei ulike søkjebasane for å samanlikne kva resultat eg fekk, og for å sjå om resultata blei betre i ein annan database. Orda eg har brukt i søk er stort sett engelske. Eg har brukt søkjeorda; hallucinations, hearing, auditory hallucinations, schizophrenia, manage, experience, institution, adult, Romme, Marius Romme, voice, efficiency, treatment, treatment outcomes, therapy, individual, self-help method og quality of life. Desse orda har eg kombinert i ulike variantar for på den måten spesialisere søket mitt til det meir konkrete eg var ute etter. Eksempel på det er hearing og hallucinations, og vidare kombinert det med experience eller schizophrenia. Somme tidar gav dei avanserte søka få resultat, og resultat som eg ikkje fann relevante for mi oppgåve. Men det var ved hjelp av spesialiserte søk med fleire søkjeord eg fekk dei beste resultata, og som eg har gått vidare med å lese artiklar frå. Nokon av desse har eg valt å nytte i oppgåva for å gje eit breiare syn på meistring av stemmer. I tillegg til å søkje i helsebiblioteket har eg søkt i google scholar og i bibsys for å finne artiklar og bøker. I google scholar fann eg ikkje noko meir av interesse i forhold til det eg fann i helsebiblioteket. Bibsys nytta eg for å leite fram til artiklane eg fann i helsebiblioteket og etter bøker eg kjende namn eller forfattar på, for på den måten finne ut kva bibliotek eg kunne få tak i denne litteraturen frå. Forutan søk på nettet har eg tatt i bruk ein del pensumlitteratur, deriblant Helt- ikke stykkevis og delt av Hummelvoll, og Psykiatri av Snoek og Engedal. Eg har vert på biblioteket på Haraldsplass og andre i Bergen, som blant anna Haukeland sjukehus og det psykologiske 13

fakultet på Universitetet i Bergen for å sjå etter bøker som kunne vere av interesse. Her har eg fått god hjelp av bibliotekarar med mykje kunnskap i leitinga etter fagstoff. Frå ein institusjon i psykisk helsevern har eg fått låne boka av Fredriksen som eg har nytta til store delar av Bacheloroppgåva, og som eg er veldig takknemleg for å ha fått låne. 2.2 Val av litteratur Det er mykje å ta omsyn til når ein skal velje ut kva litteratur som er relevant for ei oppgåve. I oppgåva vil eg blant anna ta i bruk erfaringsbasert kunnskap og humanvitskap for å belyse emnet oppgåva belyser. Av litteratur har eg har valt å leggje stort fokus på Fredriksens bok Mestringsbok for stemmehørere, sidan eg vil skrive ut frå denne teknikken og følar at den blir godt presentert i denne av ein psykiater med erfaring innan feltet. I boka blir det presentert korleis kartleggingsarbeidet på Hearing voices går føre seg. Eg meinar denne er eit godt grunnlag for å belyse ein framgangsmåte for meistring då grunnleggjarane Marius Romme og Sandra Escher har arbeida lenge og fått god erfaring i forhold til kva som er ein hensiktsmessig framgangsmåte for å hjelpe stemmehøyrarar til meistring av stemmer. I tillegg har eg lese to bøker skrive av Romme sjølv for å få innsikt i korleis han starta arbeidet med metoden og kva som ligg til grunn for at denne framgangsmåten skal gje gode resultat. Desse bøkene, saman med Fredriksens, vil derfor bli nytta som hovudlitteratur og eg vil supplere med annan litteratur for å få breidde i forståinga for korleis ein kan meistre stemmer og kva som er viktig å ta omsyn til i prosessen. Noko av litteraturen eg har valt er begynt å bli noko gamal. Eg har likevel valt å ta med denne då noko av den er grunnleggjande for å forstå samanhengen bak metoden Hearing voices og noko for å belyse andre områder i oppgåva. Litteraturen ser eg som valid fordi den og i dei siste år er brukt som referanse i annan litteratur om hørselshallusinasjonar og fordi det ikkje har vert skrive så mykje om temaet. Illustrasjonen på framsida er sjølvlaga. Dette fordi eg ved søk på bilete ikkje fann eit eg meinte illustrerte stemmehøyring slik eg ønskte. Eg meiner denne illustrasjonen gjev eit bilete på korleis stemmehøyrar kan oppleve sine negative og dominerande stemmer. Sitatet på side 3 er tatt frå Arnhild Lauvengs (2006) bok I morgen var jeg alltid en løve, der ho har skrive om si oppleving med helsevesenet og si tid som schizofren pasient. Hennar utsegn meinar eg beskriv godt korleis stemmene kan opplevast for ein stemmehøyrar. 14

2.3 Metode og kjeldekritikk Ved val av litteratur har eg stilt meg kritisk både til kva som er skrive om tema, men og til mitt arbeid i utveljinga av litteratur. Eg ser det som viktig å vere kritisk til seg sjølv, då det eg vektlegg vil prege utveljinga og at eg dermed kan ha gått glipp av relevant litteratur ettersom andre kanskje ville sett noko anna som viktig å leggje fokus på. Det at eg har valt å fokusere på ein metode kan vere både positivt og negativt, då eg får retta fokus på ein måte og lesarar av denne oppgåva får større innsikt i ein denne. På den andre sida kan det vere negativt av den grunn at ein ikkje får sett ulike metodar og kva som er positivt med desse, og dermed kunne skape større grunnlag for å avgjere kva framgangsmåte som er mest hensiktsmessig å nytte. Samtidig er Romme ein psykiater som både har arbeida med og forska innan faget og med stemmehøyrarar, og dermed sit med mykje kunnskap om korleis ein best mogleg kan hjelpe stemmehøyrarar. Likevel hadde det vert interessant om det hadde vert forska på effekten denne metoden har for stemmehøyrarar. Å velje ein sjukepleieteoretikar som ser problemområdet eg har valt å skrive om har vert ei utfordring. Etter å ha studert kva dei ulike teoretikarane ser sjukepleie som, kom eg fram til at Joyce Travelbees teori er den som treff mi oppgåve best. Det at ho ser på menneskje til menneskje forholdet, betydinga av kommunikasjon og meistring av sjukdom som viktig har eg sett på som relevant. Likevel har denne teorien nokon svakheitar, som betydinga av omgivnadar og at den ikkje legg så stor vekt på familien (Kirkevold, 1998). Eg meiner at omgivnadane til pasienten er ein viktig faktor i denne settinga, og ser det derfor som ein svakheit for hennar teori at dette ikkje blir vektlagt. Ved val av artiklar har eg nytta artiklar av forfattarar eg har fått kjennskap til gjennom referansar frå annan litteratur og frå kritisk utveljing i helsebiblioteket. Desse har vist seg å gje gode resultat som har belyst tema godt og eg ser dei som truverdige ut frå referansane og framgangsmåten som er nytta. Frå tidsskriftet Journal of clinical nursing har eg funne ein kvalitativ forskingsartikkel som tar opp korleis sjukepleiarar og stemmehøyrarar opplev den hjelpa dei gjev og får i forhold til hørselshallusinasjonar. Framgangsmåten er intervju med 20 pasientar og 20 sjukpleiarar, og resultata er tatt frå svara som er komne frå desse. Eg meiner denne gjev eit godt bilete på korleis hjelpa til stemmehøyrarar er ut frå spørsmål som blir stilt og at den nyttar erfaringar deltakarane sit med. Likevel har denne forskingsartikkelen nokon svakheitar. Intervjuet har på nokon spørsmål fastlagte svaralternativ slik at deltakarane ikkje får mogleik til å riktig svare det dei gjerne meinar. I tillegg gjev den resultat berre frå eit lite 15

tal pasientar og sjukepleiarar og ein får dermed bare resultat frå korleis ei lita gruppe menneskjer opplev dette, noko som kan vere avvikande frå andre grupper. 2.4 Etiske vurderingar Det vil i oppgåva bli nytta nokon pasient- og sjukepleieerfaringar. Desse munnlege kjeldene vil bli anonymisert for å ivareta personvernet og integriteten til pasientar og sjukepleiarar, og oppretthalde teieplikta ein som sjukepleiar er underlagt. Eg vil gjerne rette ein takk til desse som har medverka med gode innspel for å sette problemet i eit praktisk lys. Forfattarar av litteratur vil bli kreditert for sine verk. 16

3.0 Teori I det vidare vil eg her skrive om den teorien mi oppgåve skal byggje på for å setje deg som lesar inn i problemområdet og teorien som er relevant for å belyse temaet. Eg vil kort gjere greie for kva schizofreni og hørselshallusinasjonar er. Deretter vil eg skrive om metoden Hearing voices. Her vil eg utdjupe kva startfasa i denne metoden går ut på, ettersom dette er den delen eg vil gå djupare inn på i drøftinga. Så vil eg skrive litt om kva meistring er for til slutt å presentere sjukepleieteoretikaren, Joyce Travelbees teori og vitskapen, humanisme og eksistensialisme, som denne er sett i. 3.1 Schizofreni og hørselshallusinasjonar Schizofreni er ei liding som høyrer til under alvorlege psykiatriske lidingar. Den blir rekna som den vanlegaste typen psykose, og det spesielle med denne er at den ofte rammar tidleg. Dei fleste som blir sjuke blir det i alderen 18-28 år (Snoek og Engedal, 2008). Symptoma kjem ofte snikande så det er ikkje så lett å merkje at ein person er sjuk før det har gått noko tid. Affektavflatning, assosiasjonsforstyrringar, ambivalens og autisme er grunnsymptoma. I tillegg er det nokon randsymptom som det krev at ein må ha fleire av for at diagnosen skal stillast. Nokon av desse er tankeforstyrringar, konsentrasjonsforstyrringar, hallusinasjonar, vrangførestillingar, tilbaketrekking frå kontakt, tap av tiltakslyst, mangel på sjukdomsinnsikt og unormale stemningar. Tilstanden er i dei fleste tilfeller kroniske, med gode og dårlege periodar og tilbakefall (Snoek og Engedal, 2008). Som schizofren kan pasienten ha hallusinasjonar og av desse finst det ulike typar. Ein av dei er hørselshallusinasjonar. Det som kjenneteiknar hallusinasjonane er at personen høyrer stemmer utan at det er noko ytre stimuli som kan forklare dei, sjølv om han sjølv opplev det som det (Hummelvoll, 2004). Å høyre stemmer er ei personleg erfaring (Fredriksen, 2007). Stemmene kan opplevast som langt i frå eller nære, og kan vere tydelege eller uklare. Nokon opplev å høyre bare ei stemme, medan andre har mange som kjempar om merksemda. Dei kan blande seg inn i det stemmehøyraren gjer (Fredriksen, 2007). Det er ulikt for stemmehøyrarane kvar dei opplev at stemmene kjem frå. Nokon opplev at dei kjem innanfrå hovudet, frå øyrene eller kroppen, andre at dei kjem frå utsida av hovudet. Stemmene kan og opplevast som at dei er eins eigne, medan andre opplev at det er frå andre menneskjer (Romme og Escher, 2000). Å forstå kva stemmene vil kan vere vanskeleg sjølv om dei snakkar om noko som angår stemmehøyraren, for dei seier det ikkje direkte (Fredriksen, 2007). Det er og ulikt korleis stemmene opptrer, som om dei er vennlege og gjev råd, eller om 17

dei er aggressive og nedlatande. Ofte har dei negative stemmene større innverknadskraft på stemmehøyraren, og er i følgje Rommes (1989) spørjeundersøkingar vanskelegare å meistre. Forsking tyder på at det er ein samanheng mellom disponible faktorar til å utvikle hørselshallusinasjonar og situasjonsfaktorar (Romme og Escher, 1993, referert i Coffey og Hewitt, 2008, s. 1592). For dei som har langvarige hørselshallusinasjonar så ser desse ut til å vere meir uklare i forhold til situasjonar enn akutte, som ofte er knytt til spesielle hendingar i livet (Cullberg, 2005). Forsking visar og at 70% av stemmehøyringa kan knytast opp mot traumatiske hendingar (Romme og Escher, 2000). 3.2 Hearing voices Tidlegare var det slik at om ein stemmehøyrar byrja å snakke om stemmene sine, så skulle ein ikkje gå inn i illusjonen, men avlede han frå emnet (Baker, 2000). Nokon sjukepleiarar har lært dette under utdanning og utførte i staden ein vent og sjå politikk om at stemmene då ville forsvinne eller gå tilbake til eit normalt nivå (Coffey og Hewitt, 2008). Men denne framgangsmåten har ein no gått vekk frå etter at ein har oppdaga at det er lite skadeleg å engasjere seg i stemmene, og at det i tillegg kan føre til betring (Romme og Escher, 2000). Marius Romme er professor i psykiatri og har arbeida med stemmehøyrarar i over 20 år. Det var etter at han hadde ein pasient med hørselshallusinasjonar som ikkje blei betre av medikament han ville prøve noko anna for at denne pasienten skulle bli mindre plaga av stemmer. Saman med Sandra Escher har han arbeida med finne ut korleis stemmehøyarar meistrar sine stemmer og laga ein framgangsmåte på dette. Arbeidet har han kalla Hearing voices. Metoden skal hjelpe stemmehøyrarar til å meistre sine stemmer, kunne leve godt med dei eller bli kvitt dei (Fredriksen, 2007). Metoden bør nyttast av ein sjukepleiar, og ein psykiater, hjå ein stemmehøyrar for å få kontinuitet og tryggleik i prosessen. Metoden dei kom fram til romma ut i tre fasar; startfasa, orienteringsfasa og stabiliseringfasa. I startfasa kartlegg ein stemmene. Organiseringsfasa skal brukast til å finne nye meistringsstrategiar ved hjelp av individuell terapi og vegleiing. I stabiliseringsfasa skal stemmehøyraren ha opparbeida eit stabilt forhold til stemmene sine og vidare arbeide med traumar. Det sosiale nettverket skal innlemmast og målet er at stemmehøyraren skal kunne leve eit meiningsfylt liv i forhold til hørselshallusinasjonane (Fredriksen, 2007). Kor lang tid stemmehøyaren vel å bruke på dei ulike fasane varierar etter kva behov han har. Oppsettet i fasane visar korleis ein bør gå fram. Dei to siste fasane vil eg ikkje gå inn på i denne oppgåva. 18

Metoden Hearing voices er ein eigen framgangsmåte, men kan likevel settast i samanheng med andre terapiar som er nytta til stemmehøyrarar. Desse likskapane ser ein mest i dei to siste fasane der ein tar i bruk meistringsstrategiar. I forhold til psykoterapi, som er ei samling av ulike terapiar, er den lik blant anna fordi ein ser på korleis ein kan behandle psykologisk ubehag. Dynamisk psykoterapi meinar at ubevisste prosessar i individet kan liggje til grunn for dei psykiske problema (Hjertø, Våpenstad og Lid, 2010), noko Romme og Escher (2000) og går ut i frå. Meininga med denne terapien er og at pasienten sjølv skal utforske stemmene sine (Hjertø, Våpenstad og Lid, 2010). Kognitiv terapi er til dømes å ignorere eller høyre på stemmene (Westacott, 1995) og rettar seg mot tankane og kjenslene ein har til dei psykiske problema (Snoek og Engedal, 2008). 3.2.1 Startfasa I denne første fasa er stemmehøyraren overvelda av stemmene sine, ofte redd dei og situasjonen kan opplevast som så ukjent at han blir forvirra (Romme og Escher, 2000). Stemmehøyraren kan ha vanskar med å snakke om stemmene sine (Fredriksen, 2007). Dette kan komme av frykt og redsle for å gjere mot stemmene. Startfasa er som nemnd fasa for kartlegging av stemmene. Stemmehøyraren og ein sjukepleiar han stolar på skal arbeide saman for å finne ut korleis stemmene er hos denne personen. Stemmehøyraren må arbeide med stemmene sine ikkje mot dei. Framgangsmåten som blir nytta er intervju og samtale om stemmene (Romme og Escher, 2000). Målet med denne fasa er at stemmehøyraren skal distansere seg frå stemmene, arbeide med dei og oppleve at han har meir kontroll over dei (Romme og Escher, 2000). Behandlinga treng ikkje ta sikte på at ein skal få fullstendig bortfall av stemmene, men at stemmehøyraren får hjelp til å meistre dei (Romme, 2000). Korleis stemmehøyrarar er i forhold til stemmene sine varierar frå menneskje til menneskje. Nokon snakkar med dei, medan andre prøvar å unngå dei ved hjelp at ulike strategiar som å nynne, synge, slå med dører og halde seg for øyrene. Å høyre stemmer kan for nokon opplevast som trygt, for dei hugsar ikkje korleis ei verd utan stemmer er (Fredriksen, 2007). Andre er redde fordi stemmene er truande og seier dei vil gjere andre vondt om han ikkje lyttar. I denne første fasa i meistring av stemmer skal stemmehøyraren prøve å hugse tilbake til første gong han høyrde stemmer. Deretter skal opplevinga og stemmene beskrivast så nøye som mogleg, gjerne det som eigentleg ikkje høyrast så viktig ut og. Det skal komme fram om stemmene er positive eller negative, og kva kjensler stemmehøyraren har i forhold til 19

stemmene. I tillegg til dette skal det kartleggjast djupare om når på døgnet stemmene er mest dominerande, til dømes morgon eller kveld, eller i forbinding med spesielle gjeremål i løpet av dagen. Kva tema dei snakkar om, og om dei er frivillige eller ikkje er og av interesse å finne ut av. Ein annan faktor som skal utforskast ved stemmene er i kvar stemmene oppstår, korleis omgivnadane rundt var og kva betyding dette gjev i forhold til stemmene. Denne kartlegginga skal gå over minimum 10 dagar (Fredriksen, 2007). Vidare skal ein i denne fasa kartleggje livshistoria til stemmehøyraren. Forsking av Romme og Escher (2000) visar at livshistoria har betyding for om eit menneskje høyrer stemmer. Mange stemmehøyrarar har opplevd ein eller fleire traumatiske hendingar i livet, og som eit resultat av dette starta å høyre stemmer. Hendingar både av nyare og eldre dato skal noterast. Historia hans kan gje forståing for kvifor han høyrer stemmer og det kan bli lettare å sjå samanhengar i det stemmene seier (Fredriksen, 2007). 3.3 Meistring Det er ikkje alltid hendingar i livet er av den art at vi menneskjer har kapasitet til å handtere dei slik vi vanlegvis gjer. Dette kan komme av at det er ein ny situasjon eller at ein situasjon har større belastning enn det ein vanlegvis møter i kvardagen. Det er når vi møter slike situasjonar vi har behov for meistringsstrategiar for å oppnå meistring. Meistring er når ein har evne til å møte større belastningar enn vanlege situasjonar (Nylenna, 2004). Omgrepet meistring blir ikkje sett opp mot sjukdom, men mot helse og korleis ein kan skape sunnheit, beskyttelse og motstandsdyktigheit. For å oppnå meistring treng ein stabile emosjonelle relasjonar og erfaringar (Snoek og Engedal, 2008). Hummelvoll (2004) meiner at det som er viktig for at ein stemmehøyrar skal meistre sine stemmer er at han trur at han kan det. 3.4 Joyce Travelbees sjukepleieteori I følgje Joyce Travelbee (1999) er sjukepleie ein mellommenneskeleg prosess. Det handlar alltid om menneskjer, anten direkte eller indirekte. Ho meiner at alle menneskjer er unike og at alle er forskjellige frå alle andre menneskjer. Menneskja er forma ut frå arv og miljø, men og hendingar frå livet påverkar korleis vi blir. Dette er grunnen til at Travelbee mislikar omgrepet pasient. Omgrepet meinar ho fører til at sjukepleiaren ser pasientar som like, og ikkje som det unike individet det er. Det at alle menneskjer er ulike førar til at opplevinga av sjukdom og liding er individuell. Sjukepleiaren si oppfatning av menneskje vil påverke hennar åtferd ovanfor dei ulike personane ho møter. Travelbee (1999) seier vidare at som menneskje er vi i stand til å knyte oss til andre menneskjer, men vi er og i stand til å støyte frå oss desse 20

når vi ikkje ønskjer kontakt. Når sjukepleiaren tilbyr hjelp og den sjuke ikkje tar i mot denne, er det måten sjukepleiaren tilbyr hjelp på som er feil, ikkje hjelpa i seg sjølv. Sjukepleiaren skal hjelpe pasienten slik at han kan førebyggje, meistre sjukdom og liding, eller oppretthalde helsetilstanden. Ho skal identifisere sjukepleiebehovet den sjuke har og planleggje tiltak for å betre dette (Travelbee, 1999). Det er ikkje sikkert det er sjukdom og liding personen treng hjelp for, men eit problem som treng sjukepleie. Ein skal som sjukepleiar hjelpe den sjuke med å minske hans plagar og gjere det lettare for han å handtere situasjonen, men ho kan ikkje meistre sjukdomen for han. Den sjuke kan føle lengsel etter å fungere normalt, kunne delta på aktivitetar som andre gjer. For å hjelp pasienten til å meistre sin sjukdom seier Travelbee (1999) at ein må etablere kontakt med den sjuke, setje seg inni hans situasjon og forstå han. Ho må bli kjent med han som individ og sjå korleis han taklar problem. På den måten kan sjukepleiaren yte hjelpe til den sjuke, og den sjuke kjenner seg ikkje aleine og kan søkje støtte i sjukepleiaren (Travelbee, 1999). I sin teori trekk Travelbee (1999) fram kommunikasjonen som eit viktig reiskap for å oppnå endring. Ho seier at kommunikasjon ikkje er eit mål i seg sjølv, men ein prosess for å nå målet. Det er fleire ulike måtar kommunikasjon kan gå føre seg for mellom sjukepleiar og pasient. Sjukepleiar kan motta informasjon gjennom utsjånad, åtferd, haldning, ansiktsuttrykk og gestar. På denne måten kan sjukepleiaren bli kjent med pasienten, og pasienten kan bli kjent med henne. Når sjukepleiaren ser at den sjuke er mottakeleg for behandling kan ho tilpasse terapien til han. Det Travelbee meinar er viktig når ein skal kommunisere med pasientar, og som eg ser som spesielt relevant til kommunikasjon med stemmehøyrarar, er at ein forstår når ein skal snakke og når ein må vere stille, og er var for tid og stad. Det er og viktig at ein ventar og tar prosessen i pasientens tempo. I kommunikasjonen med den sjuke er det det som formidlast som avgjer om ein oppnår kontakt, eller om ein øydelegg denne prosessen. Sjukepleiaren må vere interessert i det pasienten formidlar, om ho ikkje er det vil ho ubevisst formidle dette. Målet med interaksjonen er at sjukepleiaren skal kunne hjelpe pasienten til å nå sine mål og lære han å kjenne. Sjukepleiaren må bli kjent med pasienten fordi alle har ulike måtar å meistre sjukdom og liding på, og sjukepleiaren må bli kjent med kvar enkelts framgangsmåte for å kunne yte hjelp (Travelbee, 1999). Travelbees teori har nokon svakheitar. Det eine er at den tar lite omsyn til praktisk hjelp pasienten treng. Dette ser eg ikkje som negativt i denne oppgåva då fokuset her vil liggje på kommunikasjonen mellom sjukepleiar og pasient og prosessen for å oppnå meistring. Ein 21

annan svakheit med teorien er at den ikkje tar omsyn til omgivnadane, eller den sosiale og kulturelle samanhengen den sjuke er i (Kirkevold, 1998). Dette kan vere ein svakheit i forhold til stemmehøyrarar og korleis dei omgivnadane spelar inn på deira stemmer. Eg har på grunn av oppgåvas tilnærming til meistring, og fordi eg har tatt tillitsforholdet forgitt, unnlata å ta med kva meininga med sjukdom er og Travelbees fem fasar for å etablere menneskje til menneskje kontakt. 3.4.1 Humanistisk eksistensiell filosofi Teorien til Travelbee tar utgangspunkt i ein humanistisk eksistensiell filosofi. Dette inneber at sjukepleiarens mål er å hjelpe pasienten til å finne meining i situasjonen, noko ho kan gjere ved bevisst å bruke eit menneskje til menneskje forhold (Kirkevold, 1998). Ho vil setje fokuset på interaksjonen mellom menneskjer og kommunikasjon. I eksistensialismen legg ein vekt på enkeltindividet og det at alle er ulike. Subjektive erfaringar er viktigare enn objektive (Aadland, 1997). Den humanistiske tenkinga har likskapar med denne tradisjonen (Aadland, 1997). 22

4.0 Drøfting Den teorien eg no har gjennomgått vil eg vidare drøfte. Eg ønskjer å få fram kva sjukepleiaren og stemmehøyraren saman skal finne ut, og korleis sjukepleiaren kan leggje til rette for å få mest mogleg ut av samtalen når ho har fått denne kunnskapen frå stemmehøyraren. Når denne kunnskapen nyttast vil pasienten lettare kunne oppnå meistring av sine stemmer. Metoden Hearing voices er eit samarbeid mellom stemmehøyrar og fagfolk, men det går ikkje klart fram kven (Fredriksen, 2007). Eg meinar det er viktig at sjukepleiar kjenner sitt kompetaseområde og når ho beveger seg utanfor dette. I samtale med stemmehøyraren kan ho kome inn på vanskelege områder av pasientens liv som gjerne ikkje er arbeida med. Sjukepleiarar som arbeidar med denne metoden bør ha ein vegleiar, psykiater, som ho kan vende seg til når ho ikkje lenger strekk til. Dette fordi sjukepleiar må kjenne sitt kompetanseområde og søkje hjelp når ho ikkje lenger strekk til (Norsk sykepleierforbund, 2007). Vegleiaren må vere ein som kjenner pasienten, som pasienten har tillit til, og som kan gå inn og ta over samtalane når sjukepleiar ikkje har kompetanse nok. I tillegg må det vere mogleg for sjukepleiar å vende seg til denne psykiateren for å samtale og få råd om korleis dei vidare skal gå fram. Denne tverrfaglegskapen er viktig for at stemmehøyrar skal få best mogleg oppfølging i prosessen. 4.1 Intervju og kartlegging Hearing voices er ein prosess mot meistring av stemmer som kan ta lang tid (Fredriksen, 2007). For å få eit godt resultat er det betydingsfullt å ha lagt eit godt grunnlag frå byrjinga av. Dette inneberer sjølvsagt at sjukepleiaren og stemmehøyraren har eit godt tillitsforhold. Men som grunnlag i denne framgangsmåten er det og viktig med kartleggingsprosessen. Spørsmåla i intervjuet har ei rekkje gode hensikter, som å hjelpe pasienten til å komme over frykta for å snakke om stemmene sine, og skaffe han innsikt i kvifor stemmene er til stade i livet hans (Romme og Escher, 2000). Sjukepleiaren og stemmehøyraren bør ta dette intervjuet i fleire etappar, men ikkje overstige tre. Det skal helst ikkje vere for mange av den grunn at ein då ikkje får kontinuitet og for oppstykka datasamling (Romme og Escher, 2000). Nokon stemmehøyrarar opplev at stemmene set seg mot sjukepleiaren som intervjuar, og sjukepleiaren kan i slike tilfeller sei til han som høyrer stemmer at ho ikkje er der for å jage stemmene vekk, men for å bli kjent med dei (Romme og Escher, 2000). På den måten vil ein ikkje true stemmene og stemmehøyraren kan oppleve å få meir aksept for å snakke med sjukepleiaren om stemmene. 23

Å høyre stemmer har lenge vert eit tabuområde (Borg, 2003) og det har derfor ikkje vert lett for stemmehøyrarar å snakke om stemmene til andre. Dette kan vere ei årsak til at stemmehøyraren vegrar seg for å snakke opent om temaet. Dei er redde for ikkje å bli trudd. Forsking viser at sjukepleiarar skal utforske stemmene saman med stemmehøyrar, samanhengen stemmene har med fortida og interaksjonen dei har med stemmehøyraren sjølv (Coffey og Hewitt, 2008). For å forstå stemmene og i framtida meistre dei er det av betyding at stemmehøyraren sjølv tenkjer over kva som kan liggje til grunn, og at sjukepleiaren får vite dette for å vere i stand til å yte hjelp (Romme og Escher, 2000). Derfor er det viktig at sjukepleiar og stemmehøyrar arbeidar godt med starten av denne metoden slik at dei får fram all informasjonen som er naudsynt i prosessen og at stemmehøyrar ser at sjukepleiaren er ein som vil vere med å støtte heile vegen i arbeidet mot meistring. Eg meiner det er grenser for kven som kan delta på denne metoden. Stemmehøyraren må både ha vilje og evne til å gå inn på stemmene sine. Nokon schizofrene har ein djup psykose og har tankar som går i stå (Hummelvoll, 2004). Desse kan vere for sjuke til å kunne reflektere over sine stemmer og kan få det verre om dei går inni desse spørsmåla utan å vere i stand til å arbeide med resultata av dei saman med sjukepleiar eller psykiater. 4.1.1 Krav til sjukepleiar Det er nokon eigenskapar sjukepleiaren treng for å møte stemmehøyraren med respekt. Ho må forstå at stemmene er ekte for han og vere villig til å utforske desse saman med han. Romme og Escher (2000) seier som Travelbee (1999) at ein må vere ekte interessert i pasienten. I tillegg må ho vere tolmodig, sidan dette er ein langvarig prosess som ein gjerne ikkje ser framgang i ved oppstart (Fredriksen, 2007). Når sjukepleiaren samtalar med stemmehøyraren må ho la han få sei det han har på hjertet, det han har behov for å formidle. Det er han som sit med erfaringane og har kunnskap om korleis stemmene er for han. Sjukepleiaren si oppgåve er å stille spørsmål og undre seg over det pasienten seier, og dermed få pasienten til å reflektere over og på den måten bli i stand til på setje ord på korleis han opplev stemmehøyringa (Axelsen, 1997). Fokuset skal derfor gjennom heile intervjuet vere på stemmehøyraren og hans oppleving av stemmene (Romme og Escher, 2000). Intervjuaren skal prøve å ikkje tolke svara då det kan gje ei anna meining enn det stemmehøyraren sjølv legg i dei (Fredriksen, 2007). Sjølv om sjukepleiar har arbeida med andre som høyrer stemmer kan desse vere heilt ulike frå neste stemmehøyrar og ho kan derfor ikkje anta noko. 24

Ein kan stille spørsmål om sjukepleiar er kvalifisert til å hjelpe ein slik pasient tilstrekkeleg ved hjelp av denne metoden og sine kunnskapar. Når sjukepleiar ser at ho ikkje lenger strekk til må ho gje stemmehøyraren beskjed om at ho no ikkje er i stand til å yte god nok hjelp til han og informere om at psykiater vil komme og ta denne samtalen vidare. Denne psykiateren må vere ein stemmehøyraren kjenner og har tillit til. 4.2 Tid Som alle andre menneskjer er stemmehøyrarar forskjellige. Dei har ulike opplevingar av stemmer og stemmene kjem til ulike tider og i ulik grad. Kor stor påverknad hallusinasjonane har på den enkelte varierar derfor i forhold til dette. I startfasa skal ein undersøkje når stemmene kjem og kor ofte dei kjem (Fredriksen, 2007). 4.2.1 Omsyn til stemmehøyrar Det at stemmehøyrarar er ulike krev ulik tilnærming og tilpassing av terapi. Når på døgnet stemmene er mest intense kan variere, men frå der eg møtte stemmehøyrarar opplevde dei inga fast mønster på når stemmene oppstod på døgnet. Det er derfor vanskeleg å vite når ein skal leggje opp til ein samtale i forhold til nærveret av stemmene. Som ein sjukepleiar i feltet fortalde meg så valde ho ofte tidspunkt ut frå at ho etter samtalen hadde tid til å ta nokon spørsmål til, om stemmehøyraren fekk nokon fleire spørsmål eller hadde behov for å klarne tankane i etterkant av samtalen. Dette er ei god løysing då pasienten vil få god oppfølging frå ein og same personale, i staden for å måtte spørje nokon andre som kjem på vakt. I mange tilfeller opplev stemmehøyrarane tider på døgnet stemmene er meir intense (Lakeman, 2001), men i dei tilfella der det er vanskeleg å vite når personen er påverka av stemmer er det andre faktorar sjukepleiaren kan ta omsyn til. Dette kan vere om han er A eller B menneskje. Sidan eit B menneskje ikkje er like opplagt til samtale om morgonen, er det hensiktsmessig å leggje samtalen til seint på formiddag eller ettermiddag hos denne, og motsett til den andre. Når det er ulike tider på døgnet stemmehøyraren er meir påverka av stemmer, vil det vere hensiktsmessig å leggje samtalen til den tida då han har minst stemmer. Eksempelet over kan derfor og verke negativt i den grad at stemmehøyraren er for mykje påverka av stemmer akkurat når sjukepleiaren har sett av tid til samtale. Å arbeide med stemmer er ein langvarig og krevjande prosess. Det er opp til stemmehøyraren kor raskt det skal gå (Fredriksen, 2007). Han må få mogleik til å arbeide i det tempoet som er hensiktsmessig for han, noko Travelbee (1999) og gjev uttrykk for i sin teori. Det at han får vere med å bestemme og avgjere korleis han og sjukepleiaren skal gå fram i prosessen kan 25

vere med på å auke meistringa, noko som i dette tilfellet gjeld over stemmene. Eg meiner at det å lytte til pasientens ønskje er av stor betyding for resultatet av samarbeidet, då ein nøgd pasient vil vere meir motivert og dermed gå inn med større iver for å arbeide med hallusinasjonane. Det at han får vere med å ta val gjev han større kontroll over livet og han ser at hans meining betyr noko. Dette styrkjar og hans autonomi (Eide og Eide, 2007). Det at pasienten har schizofreni i tillegg til å høyre stemmer inneberar at ein må ta ein del ekstra omsyn. Schizofrene stemmehøyrarar har ofte mange tankar og stemmer som sloss om merksemda og konsentrasjonen (Snoek og Engedal, 2008), og det kan derfor vere vanskeleg for personen som har det slik å fokusere på dei ytre omgivnadane. Pasienten er ikkje psykotisk til ei kvar tid, og i tillegg treng schizofrene lenger tid på tolke det som blir sagt (Hummelvoll, 2004). Dette kan vere eit problem når sjukepleiaren skal hjelpe stemmehøyraren som er prega av dominerande stemmer og seier at han ikkje skal høyre på det sjukepleiaren seier, men på stemmene. Sjukepleiaren må vere klar over dette fenomenet og gje pasienten tid. Det er ikkje alle som ved første anledning klarar å stå imot stemmene. Han kan vere redd fordi stemmene lenge har vert der og sagt kva han kan og ikkje kan, og at han tidlegare ikkje har motsett seg dette. Eg meiner derfor det er viktig at ein legg samtalen til ei tid då pasienten er opplagt og dermed får større sjanse til å få med seg det sjukepleiaren snakkar om og har overskot til å komme med sine erfaringar. 4.2.2 Sjukepleiars ansvar Sjukepleiaren kan somme tider sjå teikn på at pasienten er påverka av stemmer når ho er kjent med han og korleis han er når stemmene er til stade. Travelbee (1999) har stort fokus på menneskje til menneskje forholdet og det at ein blir kjent med pasienten. Sjukepleiaren kan ved å bruke forholdet dei har saman, og kunnskapen om pasienten tilpasse samtalen og tida for samtalen etter stemmenhøyrarens behov. I følgje Tveiten (2008) må sjukepleiaren prøve å leggje til rette for samtale når pasienten er best i stand til å motta denne hjelpa og dermed får større utbyte av samtalen. Det er ikkje alltid like lett sidan ho har andre arbeidsoppgåver som skal utførast og dermed må ta samtalen når ho har tid. Det at sjukepleiaren avgjer tida kan føre til at pasienten då må bruke mykje krefter på stemmene og ikkje klarar å konsentrere seg om samtalen han skal ha med sjukepleiaren. Ved å spørje stemmehøyraren på morgonen når det passar for han, eller finne ut når stemmene er mest plagsame kan ein prøve å leggje til rette for at samtalen blir lagt til denne tida, og gjere andre arbeidsoppgåver innimellom desse pasientsamtalane. 26

Pasienten må få vite at han kan ta kontakt for å få samtale når han har behov for det slik at han kan få best mogleg utbytte av samtalen. Sjukepleiaren kan gjere seg tilgjengeleg i miljøet, ved til dømes å vere i fellesareal når ho har fritid frå andre arbeidsoppgåver. Når pasienten ser at sjukepleiaren er tilgjengeleg er det lettare å ta kontakt fordi han då ikkje opplev at han forstyrrar. Dette er ein fordel med institusjon. Her er det døgnbemanning og det er derfor større mogleik for å få ein samtale når stemmehøyraren har behov for det enn når han bur i ein heim aleine og berre har sporadisk oppfølging. Tid er en vesentlig faktor. Tiden er å gi seg tid; og å gi en annen mer tid selv når en får ulike muligheter til å gå (Topor, 2003 s. 49). I samtalen kan det oppstå pausar. Denne stillheten er ein viktig del av samtalen. Sjukepleiaren må vere var for når ho skal snakke og når ho skal vere stille (Travelbee, 1999). Desse pausane kan det vere nyttig å la bli til stillhet av den grunn det er ein ypparleg anledning for stemmehøyraren til å få tenke over kva det er han vil formidle til sjukepleiaren. Likevel må ein vere merksam på at slike pausar ikkje blir unaturlege og for lange, då dette kan verke mot sin hensikt (Eide og Eide, 2007) og pasienten ønskjer at sjukepleiaren skal ta initiativ til å spørje om noko. Om det er mogleg er det best om samtalen kan vare så lenge som det er behov for det. Topor (2003) skriv at ein ikkje kan avbryte ein samtale etter ei viss tid. Det at samtalen blir avslutta etter eit visst tidpunkt kan gjere at stemmehøyraren ikkje får sagt det han ønskjer, kanskje fordi han treng lenger tid til å stå imot stemmenes krav om å tie. Då vil ein heller ikkje få fullt utbyte av samtalen. På den andre sida kan det vere lite hensiktsmessig å ha mykje tid, eller ikkje vite kor mykje tid ein har fordi ein då ikkje får strukturert samtalen og avgjort kor mykje ein har tid til å gå inn på temaet, før ein blir avbroten av andre oppgåver eller at samtalen sklir ut. Sjukepleiaren må sjå an stemmehøyraren og vurdere når det er på tide å avslutte samtalen (Tveiten, 2008). 4.3 Omgivnadar I samtale med stemmehøyrarar kan det har stor betyding kva omgivnadar samtalen blir halden i. Dette fordi det er visse omgivnadar som triggar stemmene meir enn andre (Lakeman, 2001), og som dermed kan gjere stemmene meir intense og dominerande. For nokon er dette i rom med mange menneskjer, medan det for andre kan vere i eit lite rom når dei er aleine. Når ein skal samtale med ein stemmehøyrar er det derfor viktig å finne ut kvar stemmene hans kjem og når dei er mest plagsame for han. I startfasa til Hearing voices skal sjukepleiaren spørje stemmehøyraren kvar han høyrer stemmer, og korleis denne staden var (Fredriksen, 2007). Ved å spørje spørsmål om dette kan 27