Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 23.02.2017 Møtetid: 16.30 Sak nr: 015 027/17 Austevoll kommune Møteprotokoll Formannskapet Følgjande medlemmar møtte Håvard Endre Waage Renate Møgster Klepsvik Grethe Drønen Ringdal Joon Raymond Haugland Liv Bente Fagerbakke Storebø Morten Storebø Audun Instefjord Parti Ap FrP H H H H KrF Forfall meldt Parti Varamedlemmar møtte Parti Anja Heggholmen Ap Sigve Drønen H Helge Andre Njåstad FrP Edvard J. Stangeland Sp Møteleiar Frå adm. møtte Utlevert i møtet Orientering Merknader Innkalling Morten Storebø Rådmann Helge Skugstad, kommunalsjef Liv Margareth Østervold og kommunalsjef Ruth Larsen. Astrid Norunn Fagerbakke møtte som sekretær. Ordførar orienterte om at vedtak i kommunestyret i sak om Måsedalen kan vere i strid med formålsparagrafen i plan- og bygningsloven. I vedtaket seier kommunestyret at ordførar og rådmann blir bedne om ikkje å blande saman kommunen si rolle som planmynde, og samfunnsutvikling. Plan- og bygningsloven seier at dette nettopp skal «blandast saman» og sjåast i samanheng. Ordførar oppfattar vedtaket i same sak som kritikk mot rådmann og ordførar. Kritikken er heilt grunnlaus for rådmannen sin del, og det er svært uheldig og alvorleg at kommunestyret kritiserer forhold som på ingen måte er kritikkverdige. I denne saka har rådmannen gjort jobben sin, mellom anna knytt til juridiske avklaringar. Kommunestyret meiner òg saka ikkje er ei «plansak». Det er avklart i saka at det er ei plansak. Ingen merknader
Morten Storebø Ordførar Grethe Drønen Ringdal Liv Bente Storebø Joon Raymond Haugland Håvard Endre Waage Renate Møgster Klepsvik Audun Instefjord Sigve Drønen Edvard J. Stangeland
Sakliste Sak nr. Sakstittel 015/17 Godkjenning av møtebok 19.01.2017 016/17 Politisk kvarter 017/17 Referatsaker 018/17 Rekneskapsrapportar 2017 - Januar 019/17 Finansforvaltning, status pr 31.12.2016 020/17 Ekstern høring - utkast til Nasjonal faglig retningslinje om demens 021/17 Høyring endring av forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager 022/17 Uttale til ny ressurs- og miljøstrategi for SIM 023/17 Rapport for sjukefråvær 4. kvartal 2016 024/17 Søknad om fritak som meddommar til Nordhordland tingrett/val av ny meddommar 025/17 Søknad om tilskot til prosjektstilling - psykolog for personar over 18 år 026/17 Disponering av midlar til investering i idrettsanlegg 2017 027/17 Finansiering av førarkort til flyktningar
015/17: Godkjenning av møtebok 19.01.2017 Formannskapet - 015/17 Møteboka frå møte i formannskapet 19.01.2017 vert godkjent slik ho ligg føre. 016/17: Politisk kvarter Formannskapet - 016/17 Spørsmål frå Edvard Johannes Stangeland, Sp: Miljø- og strandrydding er i vinden for tida. Korleis kan Austevoll kommune ta ei koordinerande rolle for austevollingar som ynskjer å bidra i oppryddinga? Kan formannskapet setja av eit lite beløp til dette formålet? Svar frå ordføraren: Arbeidet og planlegging av aksjonsdager er i gang frå kommunen si side. Kommunen vil ha ei koordinerande rolle i arbeidet, og serve dei som gjer dette frivillig. Kommunen har kontakt med SIM, som vil ta imot avfallet gratis. Må meldast inn til Sim så det vert registrert. Får rette typer sekker på stasjonen i Porsdalen Austevoll kommune må byrje å kjeldesortere boss. Problemet med mikroplast er veldig alvorleg vår del pga. fisk/oppdrett, så for Austevoll kommune er dette ei stor sak. Framlegg frå Edvard Johannes Stangeland, Sp: Austevoll formannskap set av inntil kr 50.000 av formannskapet sin ymsepost der føremålet er tilskot til lag og organisasjonar som driv med rydding av strandsone og friluftsområde. Rådmannen får fullmakt til å tildele midlar. Framlegget vart samrøystes vedteke. Orientering frå ordførar: Ordførar har bede rådmannen fremje sak om sambuargaranti. Denne vert ein del av ei ny kommunal forskrift for eldreomsorg. Sambuarerklæring vil sei at ektepar og sambuarar skal få bu i lag på pleie- og omsorgsenteret, anten på same rom eller i same avdeling. Vert lagt ved møteboka.
017/17: Referatsaker Formannskapet - 017/17 Framlegg frå Morten Storebø, Høgre Nytt vedtakspunkt: Ordførar og gruppeleiarane får fullmakt til å utarbeide brev mot samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane, utan Rogaland. Framlegget vart samrøystes vedteke. Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre med følgjande tillegg: Ordførar og gruppeleiarane får fullmakt til å utarbeide brev mot samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane, utan Rogaland. 018/17: Rekneskapsrapportar 2017 - Januar Formannskapet - 018/17 Austevoll kommunestyre tek rekneskapsrapport for januar 2017 til orientering. 019/17: Finansforvaltning, status pr 31.12.2016 Formannskapet - 019/17 Austevoll kommunestyre tek finansforvaltning, status pr 31.12.2016 til orientering 020/17: Ekstern høring - utkast til Nasjonal faglig retningslinje om demens Formannskapet - 020/17
Austevoll formannskap godkjenner høyringsuttale som gjeld utkast til Nasjonal faglig retningslinje om demens som den ligg føre. 021/17: Høyring endring av forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager Formannskapet - 021/17 Austevoll formannskap støttar dei foreslåtte endringane i Lov om barnehager i 9, 17 og 18 og sender inn høyringssvar med kommentarar i samsvar med rådmannen sine vurderingar. 022/17: Uttale til ny ressurs- og miljøstrategi for SIM Formannskapet - 022/17 Tilleggsframlegg frå Renate Møgster Klepsvik, Frp: Austevoll formannskap ber om at det SIM startar innsamling av plastavfall frå hushaldningar i Austevoll. Rådmannen si tilråding og framlegget frå Renate Møgster Klepsvik vart samrøystes vedteke. Austevoll kommunestyre gir si tilslutning til ny ny ressurs- og miljøstrategi for SIM. Austevoll formannskap ber om at SIM starter innsamling av plastavfall i Austevoll kommune. 023/17: Rapport for sjukefråvær 4. kvartal 2016 Formannskapet - 023/17
Rapport for sjukefråvær 4. kvartal 2016 vert teke til orientering. 024/17: Søknad om fritak som meddommar til Nordhordland tingrett/val av ny meddommar Formannskapet - 024/17 Framlegg frå Høgre v/liv Bente Storebø: 2. Austevoll kommunestyre veljer Regina Njåstad Vestrheim som meddommar til Nordhordland tingrett for resten av perioden 01.01.17-31.12.2020. Framlegget vart samrøystes vedteke. 1. Austevoll kommunestyre gjev Ingunn Anne Berge Vik fritak som meddommar til Nordhordland tingrett for resten av perioden 01.01.2017 31.12.2020. 2. Austevoll kommunestyre veljer Regina Njåstad Vestrheim som meddommar til Nordhordland tingrett for resten av perioden 01.01.17-31.12.2020. 025/17: Søknad om tilskot til prosjektstilling - psykolog for personar over 18 år Formannskapet - 025/17 Austevoll formannskap vedtek at ei medfinansiering på kr 150 000 for ei 100% prosjektstilling for psykolog til personar over 18 år, vert innarbeid innanfor gjeldande budsjett for 2017 og vidareført så lenge tilskotsmidlar ligg føre frå Helsedirektoratet. 026/17: Disponering av midlar til investering i idrettsanlegg 2017 Formannskapet - 026/17 Austevoll kommunestyre løyvar inntil kr 2,8 millionar frå budsjettpost Investering
idrettsanlegg til å oppgradere kunstgrasbanen og ballbingen ved Selbjørn idrettsanlegg. 027/17: Finansiering av førarkort til flyktningar Formannskapet - 027/17 Framlegg frå Frp og Sp v/renate Møgster Klepsvik: 1. Austevoll kommunestyre har vurdert finansiering av førarkort til flyktningar, og ser ikkje at dette er ei ordning kommunestyret kan gå inn for slik det ligg i saka. 2. Austevoll kommunestyre meiner at integrering er viktig,men ser ikkje at eit slikt diskriminerande tiltak kan bidra til det., når kommunen har andre innbyggjarar som òg kan trenge og ynskje slik hjelp til finansiering av førarkort. 3. Austevoll kommunestyre synar og til at førarkort berre er ein liten del av kostnaden for å bli meir mobil: ein annan viktig føresetnad er at sjåføren faktisk disponerer køyretøy. Det vart røysta over tilrådinga frå tenesteutvalet og framlegget frå Sp og Frp. Tilrådinga frå tenesteutvalet fekk 7 røyster og vart vedteke (Høgre, Ap og Krf). Framlegget frå Sp og Frp fekk 2 røyster og falt (Renate Møgster Klepsvik og Edvard Johannes Stangeland). Austevoll kommunestyre vedtek ordninga med yting knytt til førarkort, og ser på dette som eit integreringstiltak som er svært viktig i ein kommune som Austevoll med spreidd busetning, svakt kollektivtilbud og spreidd arbeidsmarknad. Ytinga blir dekka innanfor integreringstilskotet kommunen mottek i samband med busetjing av flyktningar. For mange dreiar det seg oppgradering til norsk førarkort. Dette ligg til grunn: Ein per familie kan søka om stønad på inntil 25 000 kr Den som mottek stønaden må delta på ulike integreringstiltak/ frivillig arbeid i regi av flyktningtenesta, minimum 50 timar ila året. (fellesturar, undervisning i skular, messer/stand, arbeid med eldre mm). Personen må vera over 18 år når ein kjem til kommunen. Personen må vera ein del av introduksjonsprogrammet til Austevoll kommune.ha tileigna seg tilstrekkeleg norskkunnskap til å gjennomføra trafikalt grunnkurs. Når førarkort er motteke fell stønaden til busskort bort. Austevoll kommunestyre oppmodar om å tilstreba kjønnsbalanse i tildelinga av tilskota.