SUND KOMMUNE Dok.dato: 18.05.2017 Vår Ref: 17/1067-1 Arkiv: INFORMASJON OM TRAFIKKAVVIKLING FOR SUND KOMMUNE KNYTT TIL SYKKEL VM Innhald Dok.dato: 18.05.2017 Vår Ref: 17/1067-1 Arkiv:... 1 Informasjon om trafikkavvikling for Sund kommune knytt til sykkel VM... 1 1. Innleiing... 2 2. Generelt... 2 3. Løypeprofil... 3 4. Stenging av veg... 3 4.1 Stengetid:... 3 4.2 Stengde vegar:... 3 5. Skilting og informasjon om parkeringsplassar... 3 5.1 Skilting... 3 5.2 P-Plassar... 4 6. Transporttilbod... 4 6.1 Bussar... 4 6.2 Båt... 5 7. Legevakt... 5 8. Politi... 5 9. Moglege endringar i trafikkavvikling og supplerande informasjon... 5 10. Vedlegg... 5 Side 1 av 5
1. INNLEIING Sykkel-VM 2017 vert halde i perioden 16.-24.sept, men det er berre avslutningshelga 23.- 24.sept at rittet skal gå gjennom Øygarden og Fjell kommune, med den konsekvens at også Sund kommune vert råka. Det er viktig å vere merksam på at det vert ekstraordinær trafikkavvikling for Bergen/ Bergensområdet under heile arrangementet. Trafikkflyten i Bergen og områda rundt (det inkluderer Sund), vert difor påverka i heile arrangement perioden, men det blir ikkje gjort greie for i dette dokumentet. For meir informasjon gå til: www.bergen2017.no. Fjell og Øygarden kommunar er medarrangør av sykkel VM og er difor aktiv deltakande med m.a. å organisere arrangement langs løypene 23. og 24. sept. Vidare har Fjell kommune utarbeidd ein trafikkavviklingsplan (vedlegg) og det er gjeve ut eit kjerneinformasjonsskriv frå Fjell og Øygarden kommune (vedlegg). Sund er ikkje medarrangør og har ikkje sett av nokon ressursar til dette arbeidet. Sund sin involvering avgrensar seg til å informere Sund kommune sine innbyggjarar om trafikkavvikling 23. og 24 sept. Informasjonen er i hovudsak basert på Fjell kommune sin trafikkavviklingsplan og Fjell og Øygarden sin kjerneinformasjon. 2. GENERELT Dette informasjonsskrivet har som føremål å forklare avviklinga av trafikken 23 og 24 sept. Skrivet er utarbeidd med utgangspunkt i Fjell kommune sin trafikkavviklingsplan og kjerneinformasjon frå Øygarden og Fjell kommune. For meir utfyllande informasjon vert det vist til denne planen (vedlegg) og kjerneinformasjon (vedlegg) og til informasjon på www.sykkelivest.no Dei stadane som vert mest råka er områda i og rundt Ågotnes, Kolltveit og Straume, der det også vert fleire arrangement. Noko av det viktigaste er at utrykkingskøyrety kjem seg fram utan hinder. Difor vert enkelte «flaskehals-veger» stengd, i same tidsrom som løypetraseen. Det er viktig at køyrande reiser i god tid før vegar vert stengd, for å unngå at det oppstår kø langs dei ulike vegane i Fjell kommune. Det er lagt opp til at flest mogleg nytter kollektivtransport, syklar eller går. Ved å la bilen stå reduserer vi faren for kø, sikrar beredskap og gode forhold for naudetatane. Det er planlagd ekstra buss-avgangar frå Skogsskifte terminal desse to dagane. Etter at sykkelryttarane har passert er det viktig at bussar får prioritet ut på vegnettet før personbilar. Skilt om stenging vert sett ut seinast 14 dagar før sykkel-vm Side 2 av 5
3. LØYPEPROFIL Sykkelryttarane vil starte i Rong, og deretter sykle sørover på FV 561 mot Ågotnes og Kolltveit. Ved rundkøyringa på Kolltveit skal syklistane svinge inn i Kolltveittunnelen på RV 555 og vidare aust mot Straume. Ved Straume vil ryttarane sykle inn i Straume sentrum, rundt Sartor senter via Grønamyrsvegen og Sartorvegen KV 1136 og FV 209. Deretter vil ryttarane fortsette ned på RV 555 igjen, sykle over Sotrabrua og vidare mot Bergen sentrum. 4. STENGING AV VEG 4.1 Stengetid: Laurdag: Utvalde vegar mellom klokka 08.30 11.30 Søndag: Utvalde vegar mellom klokka 09.30 12.30 4.2 Stengde vegar: Heile løypeprofilen vil vere stengd i ordinær stengetid (tre timar). Bildøyvegen (KV 1292) vil vere open for interntrafikk, men stengd i ordinær stengetid for anna trafikk. Vestsidevegen (FV 210) vil vere open for interntrafikk, men stengd i ordinær stengetid for anna trafikk. Veg sør for rundkjøring på Kolltveit mot kryss til Bildøybakken (FV 555) vil vere stengd i ordinær stengetid. Personar som bur på eller i Hjelteryggen, Valen, Arefjord, Foldnes, Straume, Brattholmen, Ebbesvika og Søre Bildøy vil ikkje kunne køyra ut av dessa områda i ordinær stengetida. Ingen anna trafikk enn utrykkingskøyretøy vil sleppast inn på vegane. Personar som bur sør, vest og nord for løypeprofilen på Straume vil ikkje ha mogeligheit til å køyre inn mot Straume i ordinær stengetid 5. SKILTING OG INFORMASJON OM PARKERINGSPLASSAR 5.1 Skilting Ekstra skilting vert sett opp i god tid omkring stengde vegar og moglege parkeringsplasser på Ågotnes, Kolltveit og Straume. Dette blir gjort for å kunne gje tilstrekkelig med informasjon til tilskodarar. Side 3 av 5
Oppsette skilt: Skilt markert med ein stor P syner moglege parkeringsplasser. I Fjell vil det stå vaktar med synleg vest på P-plassane for å få best flyt på parkering.. Opplysningsskilt gjev informasjon om stengde vegar, og vegar som er open for interntrafikk. Merk: I Sund vil det ikkje bli sett opp ekstra skilt. Informasjon om parkeringsplassar her vil til ei kvar tid ligge på heimesida til Sund kommune www.sundkommune.no I Sund blir det heller ikkje organisert vaktar på P-plassane. 5.2 P-Plassar Tilgjengelige P-plasser på Ågotnes, Kolltveit og Straume vil bli merka på kart. Parkeringsplassar i Sund kommune: Skogskiftet: - Sund kommune sine parkeringsplassar bak kommunehuset inkludert parkeringsplass som ligg like nord for kommunehuset. - Parkeringsplassar ved Sund vidaregåande skule. Klokkarvik: - Parkeringsplassar ved Klokkarvik Barnehage - Parkeringsplassar ved Klokkarvik Kyrkje Stranda: - Parkeringsplassar ved Stranda skule og ungdomskulen 6. TRANSPORTTILBOD 6.1 Bussar Rutebussar vil gå som normalt. Bussar som opphavleg skal gå i stengeperioden vil bli utsett til etter at sykkelryttarane har passert. Det vert sett opp ekstra busser frå utvalde stoppestader før og etter stengetid. På morgonen blir det satt opp ekstra busser til hovudområdane (Ågotnes, Kolltveit, Straume). Etter at ryttarane har passert vil dessa bussene gå vidare til Bergen sentrum. Om nødvendig vil desse bussane køyre fleire gonger mellom Fjell kommune og Bergen sentrum, då hovudsakeleg frå Straume. På ettermiddag og kveld vert det sett opp ekstra bussar frå Bergen sentrum mot Fjell kommune. Frå Skogskifte terminal er det planlagd 9 ekstra avgangar (linje 450), men det er ikkje bekrefta frå Skyss enda. Side 4 av 5
6.2 Båt Søndag 24.sept er det planlagd båt som skal gå frå Ågotnes til Bergen sentrum etter at sykkelryttarane har passert. Denne båten skal returnere tilbake til Ågotnes etter målgang i Bergen sentrum. 7. LEGEVAKT Legevakta vert oppretthalde som normalt og er tilgjengeleg til ei kvar tid. Dei som ringjer tlf. 116117, får informasjon om korleis dei kjem seg til legevakta. Pasientar som tek kontakt vert rettleia om kva legevakt dei skal reise til og korleis dei kjem seg dit. Ved privat-transport til legevakt, skal legevakt melde frå til samvirkesenteret om at det kjem private som må slusast gjennom evt sperringar. Samvirkesenteret gjev melding vidare til aktuelle vakt som opnar opp sperring. Samvirkesenterert er lokalisert i Bergen og skal overvake risikonivået og fange opp signal som kan indikere at uønskte hendingar er under utvikling. 8. POLITI Politiet vil stå ved tre ulike postar langs trasèen. Dei er tilgjengelige frå då vegen blir stengd og fram til sykkelryttarane har passert. 9. MOGLEGE ENDRINGAR I TRAFIKKAVVIKLING OG SUPPLERANDE INFORMASJON Vi gjer merksam på at det kan verta endringar i trafikkavviklinga i samband med Sykkel- VM. Det vil koma supplerande informasjon om trafikkavviklinga seinare. Oppdatert informasjon vert lagt ut på nettsida www.sykkelivest.no 10. VEDLEGG Kjerneinformasjon frå Øygarden og Fjell kommune Fjell kommune sin trafikk avviklingsplan Side 5 av 5