Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 24. april 2008

Like dokumenter
Protokoll frå møtet i interimsstyret i Språkrådet

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 13. og 14. juni 2013

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 6. desember 2012

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 13. september 2007

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 3. september 2012

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 27. september 2018

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 22. november 2007

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 2. juni 2015

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 23. april 2018

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 18. februar 2019

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 19. februar 2009

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 11. september 2008

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 10. februar 2015

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 15. februar 2016

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 13. og 14. juni 2012

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 30. juni 2008

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 17. september 2014

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 21. februar 2013

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 25. februar 2008

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 20. november 2008

Vedtaksprotokoll styremøte og styreseminar

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 12. september 2013

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 21. september 2006

Vedtaksprotokoll styremøte

Vedtaksprotokoll styremøte

Ivar Aasen-tunet, Ørsta, 30. september 2016 kl

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 32/10 39/10. MØTELEIAR Amram Hadida (Ap)

Protokoll fra styremøte i Språkrådet 6. desember 2018

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Før møtestart vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad for kontrollutvalet.

Samnanger kommune Møteprotokoll

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 26. april 2013

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

MERKNADER TIL INNKALLINGA

MØTEBOK - Høgskulestyret

Protokoll fra styremøte i Språkrådet 26. april 2016

Vedtaksprotokoll styreseminar og styremøte

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Fitjar kommune Møteprotokoll

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 20. mai 2011

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 10. desember 2014

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Samnanger kommune Møteprotokoll

Nye Øygarden kommune Prosjektrådmannen

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Protokoll fra styremøte i Språkrådet 12. juni 2018

Ullensvang herad MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: Kl.: Stad: Saknr.: MØTELEIAR DESSE MØTTE FORFALL DESSUTAN MØTTE Sakliste: Saknr.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 01/12 06/12

Møtebok for Høgskulestyret

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Samnanger kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Protokoll fra styremøte i Språkrådet 16. februar 2017

Vedtaksprotokoll styremøte

Vedtaksprotokoll styreseminar og styremøte

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 2. juni 2017

Tysnes kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet under sak 50 og 52. Vegard Fosså leia møte etter konstitueringa i sak 52.

Samnanger kommune Møteprotokoll

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 7. desember 2017

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 3. mai 2007

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 2. september 2011

Tysnes kommune Møteprotokoll

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 11. februar 2014

Vedtaksprotokoll styremøte II

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Vedtaksprotokoll styremøte

11/12 Kontrollrapport 2011 vedr. skatteoppkrevjarfunksjonen i Kvinnherad kommune.

Samnanger kommune Møteprotokoll

Tysnes kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Protokoll fra styremøte i Språkrådet 22. februar 2018

Selje kommune MØTEBOK

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsrommet Saknr.: 08/12 16/12

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

Samnanger kommune Møteprotokoll

Fitjar kommune Møteprotokoll

Fitjar kommune Møteprotokoll

05/12 Plan for forvaltningsrevisjon for perioden Forslag til prosjektplan

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

2 av 6 disponering av midlane kommunen får tildelt gjennom ordninga med Den kulturelle spaserstokken, og utvalet krev å bli tatt med i drøftingar når

Kontrollutvalet Møteprotokoll

Protokoll fra styremøte i Språkrådet 25. oktober 2016

SVEIO KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Tysdag 23. september 2014 blei det halde møte i Sveio kontrollutval under leiing av utvalsleiar Håkon J. Skimmeland.

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Kontrollutvalet Møteprotokoll

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Ullensvang herad MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: Kl.: Stad: Saknr.: MØTELEIAR DESSE MØTTE FORFALL DESSUTAN MØTTE Sakliste: Saknr.

Vedtaksprotokoll styremøte

Transkript:

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 24. april 2008 Til stades: Ida Berntsen, Jan Olav Fretland (ikkje S 4.2/08 Eventuelt), Tor Fuglevik, Ottar Grepstad, Jan Hoel, Silje Solheim Karlsen (ikkje S 4.5/08 Eventuelt) og Magni Øvrebotten Frå departementet: statssekretær Wegard Harsvik og seniorrådgjevar Ingvar Engen (S 3.3/08 og S 4.4/08) Frå sekretariatet: Sylfest Lomheim (direktør), Marit Hovdenak (seniorrådgjevar) (S 3.3/08 og S 4.4/08) og Eilov Runnestø (rådgjevar) Forfall: Klara Bøe (administrasjonssjef) Møtestad: Språkrådet, Observatoriegata 1 B, Oslo Møteleiar: Berntsen Referent: Runnestø Møtetid: Kl. 11.00 15.30 Sakliste: Vedtakssaker S 3.1/08 Førebels protokoll frå styremøtet 25. februar 2008 S 3.2/08 Rekneskap per 31. mars 2008 S 3.3/08 Oppfølging av saka om nynorskrevisjonen; styrerolla S 3.4/08 Prioritert tiltaksliste for 2008, jf. S 1.6/08 S 3.5/08 Kompetanseoppbygging i Språkrådet, arbeidsskisse S 3.6/08 Språkdagen 2008 S 3.7/08 Unescos konvensjon om immateriell kulturarv, oppfølging Informasjonssaker S 4.1/08 Riksrevisjonen, brevvekslinga om rekneskapen 2007 S 4.2/08 Verksemdsplanen 2008, status S 4.3/08 Personalsaker S 4.4/08 Justert strateginotat S 4.5/08 Frå arbeidet i fagråda S 4.6/08 Orientering om språkmeldingane S 4.7/08 Arbeidet med språklov i Sverige og Danmark S 4.8/08 Annan informasjon Eventuelt Den nye styreleiaren, Ida Berntsen, takka for velviljen styremedlemmene hadde møtt ho med, og for hjelp av folk i sekretariatet til å koma inn i styresakene. Til dagsordenen: Ein medlem bad om at informasjonssak S 4.4/08 Justert strateginotat vart gjord til vedtakssak. Det var ingen innvendingar mot det. Ei anna informasjonssak, S 4.3/08 Personalsaker, vart også gjord til vedtakssak. Endra sakliste: Vedtakssaker S 3.1/08 Førebels protokoll frå styremøtet 25. februar 2008 S 3.2/08 Rekneskap per 31. mars 2008 S 3.3/08 Oppfølging av saka om nynorskrevisjonen; styrerolla

S 3.4/08 Prioritert tiltaksliste for 2008, jf. S 1.6/08 S 3.5/08 Justert strateginotat S 3.6/08 Kompetanseoppbygging i Språkrådet, arbeidsskisse S 3.7/08 Språkdagen 2008 S 3.8/08 Unescos konvensjon om immateriell kulturarv, oppfølging S 3.9/08 Personalsaker Informasjonssaker S 4.1/08 Riksrevisjonen, brevvekslinga om rekneskapen 2007 S 4.2/08 Verksemdsplanen 2008, status S 4.3/08 Frå arbeidet i fagråda S 4.4/08 Orientering om språkmeldingane S 4.5/08 Arbeidet med språklov i Sverige og Danmark S 4.6/08 Annan informasjon Eventuelt Vedtakssaker S 3.1/08 Førebels protokoll frå styremøtet 25. februar 2008 Førebels protokoll frå møtet Det var fleire innvendingar til innhaldet i protokollen. Tor Fuglevik peikte på at det ikkje var teke omsyn til presiseringar han fleire gonger hadde bede om å få inn i vedtaket i S 1.6/08, og Ottar Grepstad sakna at innvendingane hans til ordet ansatterepresentant, som var brukt om styremedlemmen frå sekretariatet, ikkje var nemnde i protokollen i det heile. Styret drøfta både kva det inneber å vera vald av og blant dei tilsette som styremedlem, og kva nemning vedkomande skal ha. Likeins gjekk dei inn på kor omfattande protokollane frå møta skal vera. På neste styremøte 1 legg sekretariatet fram til godkjenning ein omarbeidd versjon av protokollen frå møtet 25. februar. 2 drøftar styret om dei vil ha vedtaksprotokoll eller samandrag frå møta 3 tek styret opp kva nemning ein skal bruka om den styremedlemmen som møter frå sekretariatet S 3.2/08 Rekneskap per 31. mars 2008 Rekneskapstal per 31. mars Sekretariatet presenterte denne gongen rekneskapen ved at eitt ark gjev heilt overordna tal og eitt gjev meir detaljert informasjon. Styret ynskte at informasjonssida var meir synleg i rekneskapen, dessutan kunne utgiftene til fagråda vore spesifiserte. Styret tok elles rekneskapstala til etterretning. 2

Styret vedtek å bruka den nye presentasjonsforma for budsjett- og rekneskapstal frå og med neste møte. Men fjorårsrekneskapen bør òg vera med, til jamføring. Dessutan ynskjer styret litt forklarande tekst. Diversepostane må ikkje vera store. S 3.3/08 Oppfølging av saka om nynorskrevisjonen; styrerolla Rettleiaren Bruk av styre i staten juni 2006 frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet vart delt ut på møtet På det førre møtet vedtok styret å invitera den politiske leiinga i Kultur- og kyrkjedepartementet til eit møte for å kunna drøfta og avklara politiske og administrative ansvarsforhold mellom departement og styre. På møtet no deltok departementet med statssekretær Wegard Harsvik og seniorrådgjevar Ingvar Engen. Statssekretæren orienterte om framdrifta med stortingsmeldingane om språk. Meldinga om språkopplæring frå Kunnskapsdepartementet er snart klar, medan det enno tek noko tid før språkmeldinga frå Kulturdepartementet er ferdig (juni). Når det gjeld nynorskrettskrivinga, peikte Harsvik på at prosessen med normeringa av nynorsk ikkje har stoppa opp i departementet. Saka skal leggjast fram til brei vurdering for Stortinget i den nemnde språkmeldinga. Styret sa seg glad for høvet til direkte dialog med statssekretæren. I saka om ein eventuell revisjon av nynorsk har styret vore redd for at det er dei mest ressurssterke nynorskbrukarane som kjem til å leggja premissane for korleis nynorsken skal vera. Nynorsknorma må vera handterleg for folk flest. Elles fryktar somme at debatten om språkmeldinga, som skal handla om strategisk språkpolitikk, kan koma til å handla for mykje om nynorsknorma. Når det kjem til iverksetjinga av tankane i språkmeldinga, ber styret om at det apparatet som styret, sekretariatet og fagråda i Språkrådet utgjer, blir teke med i dei tiltaka som peiker seg ut. I samtalen vart det òg teke opp kva ramme legitimiteten til styret har, og kor langt sjølvstyret strekkjer seg. Styret har elles oppfatta at kommunikasjonen mellom departementet og styret skal gå gjennom styreleiaren, og dette stadfesta statssekretæren. Etter møtet med departementet gjorde styret dette vedtaket: Styret skriv brev til den politiske leiinga i departementet. I brevet summerer styret opp dei prinsipielle inntrykka medlemmene sit att med etter samtalen med statssekretæren og seniorrådgjevaren. 3

S 3.4/08 Prioritert tiltaksliste for 2008 (jf. S 1.6/08) Brev 1. april 2008 frå Kultur- og kyrkjedepartementet om endring i tildelt budsjettramme for Språkrådet Notat 16. april frå sekretariatet Då styret på møtet 25. februar behandla budsjettet for 2008, vedtok det å prioritera desse tre tiltaka: 200 000 til det fjerde nummeret av Språknytt 150 000 til styrking av kompetanseutviklingsbudsjettet 100 000 til styrking av reisebudsjettet Dessutan vart det på februarmøtet vedteke at sekretariatet skulle utarbeida ei tiltaksliste i fall ubrukte midlar for 2007 vart tilbakeførte til Språkrådet i 2008. I samsvar med det førre vedtaket fekk styret no lagt fram for seg ei rad ulike tiltak og med framlegg til prioritering innanfor dei. Styret tykte tiltakslista var presis og konkret, med gode tiltak, sjølv om somme sakna dei breie publikumsretta tiltaka. Overordna mål for tiltaka: a) utetterretta verksemd b) oppfølging av strategien c) rask framdrift Styret gjev styreleiaren og direktøren fullmakt til å prioritera i samsvar med drøftinga ut frå den framlagde prioriteringslista. S 3.5/08 Strategi for Språkrådet Justert strateginotat for Språkrådet for perioden 2008 2010 Hovudlinjene i notatet vart vedtekne på det førre møtet, jf. S 1.3/08, og det var presentert som informasjonssak no. Ein styremedlem bad om at saka vart gjord til vedtakssak og drøfta i styret på nytt, sidan notatet framleis inneheld formuleringar som vedkomande meinte ikkje bør stå i ein offentleg strategiplan. Ordet risikofaktor blir brukt som nemning om det at mange av dei tilsette i sekretariatet har nokså lik kompetanseprofil, sedd i høve til måla for det nye Språkrådet. Det har kome reaksjonar på denne ordbruken. Men det er eit ord Riksrevisjonen og staten har brukt i sin målstyringsretorikk sidan 2004 (uttrykket kritisk suksessfaktor er brukt av næringslivet). Styret var delt i reaksjonen på dette ordet. Eit godt strategidokument kan vera både utfordrande og truande, her blir det sagt at breidda i kompetansen ikkje er god nok. Det var likevel semje om at viss nokon tykkjer risikofaktor er sårande, kan ordet bli teke ut og erstatta med ei nemning som uttrykkjer det same, men som er mindre belastande. 4

Strategidokumentet er godkjent, men ordet risikofaktor blir erstatta med ei anna nemning. S 3.6/08 Kompetanseoppbygging i Språkrådet Notat 7. april 2008 frå sekretariatet Notatet skisserer ein plan for utvikling av kompetansen i sekretariatet basert på kartlegging av både formell og reell kompetanse hjå dei tilsette. Medarbeidarane (unnateke éin rådgjevar) har fått stillingsomtalar, og tilpassingsavtalen etter Hovudavtalen blir ferdig på førsommaren. Men styret er uroleg for den vidare framdrifta i dette arbeidet når administrasjonssjefen i Språkrådet sluttar, jf. S 3.9. For at arbeidet med kompetanseoppbygginga ikkje stoppar opp, kan sekretariatet søkja ekstern hjelp seinare i år. Det var likevel ynske om at så mykje som råd av kartlegginga må gjerast medan Bøe enno er i Språkrådet. Styret minte om at under kompetansekartlegginga må også personal-, organisasjons- og leiarkompetanse vurderast. Styret sluttar seg til framgangsmåten for utvikling av kompetanseplan slik han er omtala i sakspapiret. S 3.7/08 Språkdagen 2008 Notat frå sekretariatet 4. april 2008 Notat frå sekretariatet 8. april 2008 Fagrådet for skule og offentleg forvaltning har ansvar for Språkdagen til hausten, og dei har lagt fram eit førebels program. Ein arbeidstittel har vore Norsk for alle? Styret minte om at fagrådet har ei sjølvstendig rolle, som ikkje bør overprøvast av styret. Likevel vart det spurt om kva som er målet med Språkdagen, og kva for prosessar som blir sette i gang og bør følgjast opp? Er t.d. Språkdagen frå i fjor følgd opp? Framlegg frå styret: a) det bør vera nyheitssaker å presentera b) kan ein lansera dei nye nettsidene til Språkrådet i eit 5 10 minutts innslag? c) varer paneldebatten i lengste laget? Flytta han til tidlegare på dagen? d) er det ein idé å starta dagen kl. 9 med debatt om språkmeldingane mellom stortingspolitikarar og Språkrådet? 1 Styret peiker ut Jan Olav Fretland til å vera med i debattpanelet under 5

Språkdagen. 2 Styret sluttar seg elles til framlegget til dagsprogram, med dei kommentarane som kom fram under saksbehandlinga. S 3.8/08 Unescos konvensjon om immateriell kulturarv oppfølging Brev (rundskriv) 25. mars 2008 frå Kultur- og kyrkjedepartementet om oppfølginga av Unescos konvensjon om immateriell kulturarv Notat 10. april 2008 frå sekretariatet Diverse vedlegg Noreg ratifiserte denne konvensjonen 17. januar i 2007, og Språkrådet hadde ingen merknader då konvensjonen var ute til høyring for vel to år sidan. Språkrådet uttalar seg om oppfølginga av Unesco-konvensjonen om immateriell kulturarv. Språkrådet svarar berre på spørsmål 3, ved å seia at stadnamn må vera med i ei samla oversikt, og spørsmål 4, ved å seia at denne oversikta bør vera på eit så pass detaljert nivå at det går fram at den immaterielle kulturarven omfattar så vel norske, samiske, kvenske og eventuelt andre stadnamn i Noreg som treng eller kjem til å trenga vern. S 3.9/08 Personalsaker Sak unntatt offentlig innsyn etter 6.4 i offentlighetsloven. Informasjonssaker S 4.1/08 Riksrevisjonen, brevvekslinga om rekneskapen 2007 Brev 13. mars 2008 frå Riksrevisjonen Brev 3. april 2008 til Riksrevisjonen Merknadene Riksrevisjonen har til språkrådsverksemda i 2007 går ut på korleis rådet etterlever lover og føresegner ved offentlege innkjøp, og korleis avgjerdene om risikostyring er. Styret tok saka til orientering. S 4.2/08 Verksemdsplanen, status Verksemdsplanen Avvik på verksemdsplanen per 10. april 2008 Ein medlem spurde om det ikkje snart er på tide å få gjort noko med den 6

brosjyren om bokmålsrettskrivinga (punkt 3.9) som har vore planlagd i snart tre år. Til avvikslista per 10. april, Tiltak 4.8 Revisjon av nynorsknorma: Det var styret som vedtok at dette punktet skulle ut av planen. Medlemmene var også interesserte i informasjon om spørsmåla som blir stilte ved omdømmeundersøkinga. Styret tok elles saka til orientering. S 4.3/08 Frå arbeidet i fagråda Innkalling til og referat frå møtet 3. april 2008 i fagrådet for skule og offentleg forvaltning Referat frå møtet 25. januar 2008 i fagrådet for terminologi og fagspråk og sakliste til møtet 18. april Brev frå Språkrådet ved styreleiaren 16. april 2008 til minister for høgare utdanning og forsking om språkpolitiske tiltak i universitets- og høgskulesektoren (delt ut på møtet) På spørsmål om kor utetterretta det er, det som kjem ut av fagrådsarbeidet, og om arbeidet får dei rammene det treng, svara direktøren at fagråda skal evaluerast på styremøtet i november. Då blir det høve til å gå inn på retningslinjer og funksjon i samband med at styret skal oppnemna eller nyoppnemna medlemmer til råda. Styret tok elles saka til orientering. S 4.4/08 Orientering om språkmeldingane Jamfør sak S 3.3/08 ovanfor. S 4.5/08 Arbeidet med språklov i Sverige og Danmark Artikkelen Dansk og/eller andre sprog et spørgsmål om lovgivning frå Nyt fra Sprognævnet 2008/1 marts Pressemeddelande 18.3.08 från Språkrådet om Språklagsutredningen I Sverige har regjeringa gjort framlegg om at Riksdagen vedtek ei lov som seier at svensk skal vera hovudspråk i landet. Ei slik lov kan ta til å gjelda frå 1. januar i 2009. I Danmark vurderer eit regjeringsoppnemnt språkutval om det trengst ei språklov. Der blir det truleg inga rammelov, men det ein drøftar no, er juridiske åtgjerder som liknar våre departementale forskrifter. Styret tok saka til orientering. 7

S 4.6/08 Annan informasjon Oppslag på nettsida til Organisasjonen Norden 14. april 2008: Ungdommens Nordiske Råd vil bruka engelsk som arbeidsspråk når det er nødvendig. Oppslag i Dagsavisen 17. april 2008: Høgskolen i Oslo har bede ein student om å seia frå seg retten til å få eksamenoppgåva på nynorsk. Oppslag i Nationen 23. april 2008: Ei folkerørsle vil ha lovendring for å stoppa vedtak frå Statens kartverk om nye skrivemåtar på gardsnamn. Styret tok sakene til orientering. Eventuelt Ein medlem melde desse sakene til neste møte: S 5.1/08 Bør 10. årstrinn i grunnskulen ha eksamen i begge målformer i norsk på same dagen? S 5.2/08 Kva bør vera sluttidspunkt for styremøta? Oslo, 30. juni 2008 Ida Berntsen leiar Sylfest Lomheim direktør 8