HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Fylkeseldrerådet i Hordaland Dato: 24. januar 2012 Kl.: 09.30-13.30 Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12 MØTELEIAR Sigmund Olsnes DESSE MØTTE Olsnes, Sigmund (PF) Bertheussen, Margot (PF) Vassenden, Solveig Karin (PF) Trædal, Arne Gunnar (FSF) Hansen, Jette Lunemann (A) Vik, Dagfinn (FRP) FORFALL Ystanes, Kåre (PF) Linde, Ingri Agathe (LOP) varamedlem Anne-Karin Davidsen (LOP) hadde ikkje høve til å møta. DESSUTAN MØTTE Dagmar Reutz Hillestad som møtesekretær. MERKNADER TIL INNKALLINGA Det var ingen merknader til innkallinga. GODKJENNING AV SAKLISTA Det var ingen merknader til saklista. GODKJENNING AV MØTEBOKA 06.12.11 Det var ingen merknader til møtebok av 06.12.11. 1
YMSE Økonomioversikt Fylkeseldrerådet i Hordaland fekk framlagt økonomioversikt over nytta budsjettmidlar i 2011. Møte- og aktivitetsplan for 2012 Oppdatert møte- og aktivitetsplan2012 for rådet og arbeidsutvalet vart lagt fram i møte. Eldrerådet i arbeid kurs v/fagakademiet Region Vest Arbeidsutvalet hadde saka til drøfting i møte 09.01.12 og avgjorde at leiar og nestleiar bør ta imot invitasjonen om å delta på kurset. Rådet sa seg samd i at Sigmund Olsnes deltek på samling i Bergen 20. februar og nestleiar Margot Bertheussen deltek i Odda 21. februar. Sekretariatet syter for påmelding til Fagakademiet Region Vest innan fristen 1. februar. Informasjonsmøte for folkevalde om planlegging Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland inviterer til informasjonsmøte 2. februar 2012 om planlegging etter plan- og bygningslova. Hovudmålgruppe for samlingane er m.a. folkevalde i planutval i kommunar, ordførarar og relevante utvalsleiarar. Samling for Bergensregionen finn stad 2. februar. Arbeidsutvalet drøfta saka i møte 9. januar, og avgjorde at leiar Sigmund Olsnes deltek som representant for fylkeseldrerådet. Rådet tok informasjonen til orientering. Universell utforming i kommunal planlegging Regjeringen har som mål at alle kommunar skal ha kommuneplanar som inneheld universell utforming innan 2015. Heftet vil vera ein idèbank til dei som arbeider med planstrategi og planar - og til dei som skal gi høyringsuttalelsar bl.a. kommunale og fylkeskommunale eldreråd. Heftet vart delt ut i møte, og vil også bli sendt varamedlemane i fylkeseldrerådet. Regional Transportplan Hordaland Fylkeseldrerådet hadde dette som sak i møte 6. desember, og avgjorde at Jette Lunemann Hansen skulle vera rådet sin representant i referansegruppa. Grunna forfall møtte Anne-Karin Davidsen til møtet 16. desember. Jette Lunemann Hansen held rådet orientert om det vidare arbeidet i referansegruppa. Verdighetskonferansen 2012 Frivillighet eldreomsorg Verdighetssenteret i Bergen inviterer til konferanse fredag 16. og laurdag 17. mars 2012. Konferansen er eit samarbeid mellom Norges Røde Kors og Verdighetssenteret i Bergen. Fylkeseldrerådet fekk framlagt informasjon og program i rådsmøte 24.01.12, og avgjorde at alle faste medlemar i rådet skal få høve til å delta, men kun faktiske utgifter vert dekka (jf. vedtak i sak 4/12). Fylkeseldrerådet vil dekka utgifter til overnatting dersom det er medlemar som treng det. Rådet ber medlemane gi melding til sekretariatet innan fredag 27. januar. Sekretariatet melder på aktuelle deltakarar. 2
MELDINGAR Periode: 06. desember 2011-24. januar 2012 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 1/12 201113326-2 Tilskot til folkehelsearbeid og friluftsliv 2012 2/12 201106828-5 Tildeling av statlege midlar som tilskot til tiltak til auka tilgjenge til kollektivtransporten for 2012 3/12 201112604-13 Det europeiske året for aktiv aldring 2012 4/12 201112604-5 Årsmelding - Lindås eldreråd Kommentar til melding: Rådet ber arbeidsutvalet ta kontakt med Pensjonistforbundet Hordaland om arrangement 10. mai. Rådet ber arbeidsutvalet ta kontakt med Bergen Eldreråd når det gjeld arrangement på Den Internasjonale Eldredagen 1. oktober Fylkeseldrerådet i Hordaland tek øvrige framlagde meldingar til orientering. 3
SAKNR. 1/12 FYLKESELDRERÅDET - FULLMAKT TIL ARBEIDSUTVALET, VALPERIODEN 2011-2015 Fylkeseldrerådet i Hordaland godkjenner arbeidsutvalet sitt forslag til møtedatoar for våren 2012 torsdag 23. februar, fredag 30. mars og torsdag 11. april. Rådet gjev fylgjande fullmakt til arbeidsutvalet for valperioden 2011-2015: førebu saker og innstille til avgjerd til fylkeseldrerådet avgjera handsamingsmåte og fastsetje fristar føreta oppnemningar og ta avgjerd i saker som av praktiske årsaker ikkje kan handsamast i fylkeseldrerådet - men der det er naturleg bør arbeidsutvalet kontakta medlemane for å få råd (epost, telefon) kunne føreta innkjøp og løyve pengar inntil kr 10.000,- følgje opp avgjerder frå møta i fylkeseldrerådet etablera og følgje opp rutinar for informasjon eksternt og internt i fylkeseldrerådet sende ut referat frå møta i arbeidsutvalet så snart som mogleg til medlemane og varamedlemane i fylkeseldrerådet 2/12 OPPLÆRING FOR FOLKEVALDE - I SAMARBEID MED FYLKESRÅDA FOR ELDRE I ROGALAND OG SOGN & FJORDANE Fylkeseldrerådet i Hordaland tek informasjonen frå arbeidsutvalet til etterretning, og er samd i at opplæringsprogrammet innan eldrerådsarbeid vert ein del av programmet for ei samling for fylkesråda for eldre i Rogaland, Sogn & Fjordane og Hordaland. Rådet ynskjer å vera arrangør for Vestlandssamarbeidet i 2012, og ber arbeidsutval og sekretariat fylgje opp med å leggje til rette for eit slikt arrangement 11.-12. april. Rådet ber om å bli halden orientert om det vidare arbeidet. 4
3/12 BRUKARUTVALET I HELSE FONNA - OPPNEMNING AV REPRESENTANTAR Fylkeseldrerådet i Hordaland tek arbeidsutvalet sitt framlegg til kandidatar til etterretning. Rådet har valt fylgjande representasjon til Brukarutvalet i Helse Fonna for perioden 2012-2014: - som representant: Margot Bertheussen, Skånevik - som vararepresentant: Kåre Ystanes, Ullensvang 4/12 LANDSKONFERANSEN 2012 FOR FYLKESRÅDA FOR ELDRE Fylkeseldrerådet i Hordaland tek informasjonen om konferansen til etterretning. Rådet avgjorde at alle faste medlemar i rådet skal få delta på kurs, konferansar og andre samlingar dersom dei har høve til det. For å halde utgiftene lågast mogleg og sikre at flest mogleg av dei faste medlemane skal kunne delta på aktivitetar i perioden vel rådet å sjå bort frå Reglementet om godtgjersle for folkevalde i Hordaland fylkeskommune, kap. 5.1.3 erstatning for tapt arbeidsforteneste utan ordinær lønsinntekt. Avgjerda var einstemmig. Sekretariatet kjem attende med nærare informasjon når dette ligg føre. 5/12 ELDRERÅDSKONFERANSEN FOR KOMMUNALE ELDRERÅD I 2012 Fylkeseldrerådet i Hordaland ynskjer å vera vertskap for Eldrerådskonferansen 2012 i tida tysdag 30.-onsdag 31. oktober. Arrangementet vert lagt til Radisson Blu Royal Hotel, Bryggen eit hotell fylkeskommunen har rammeavtale med. Rådet gjev arbeidsutvalet fullmakt til å arbeida vidare med å førebu ei slik samling, og ber om å bli halden orientert om det vidare arbeidet. Dagmar Reutz Hillestad 5