Vurdering av LNF områda Tematisk utgreiing til arealdelen av kommuneplanen Balestrand 25.03.2008
Vurdering av LNF-områda LNF-områda (landbruk- natur og friluftsområde) er hovudkategorien for arealbruk i kommunen. Denne kan til ein viss grad bli gjeve underoppdeling med ulike retningsliner for bruken av desse areala. Tematisk vurdering av areala vil også vere styrande for konkret handsaming av einskildsaker. Tema som er vurdert er 1. Viktige produksjonsareal for landbruket, 2. Kulturlandskapsområde 3. Stølsområde 4. Område med naturverdiar 5. Friluftsområde 6. Område der det kan opnast for spreidd bygging Det er utarbeidd ei eige temakart for LNF-områda ut i frå dette. 1. Viktige produksjonsareal for landbruket Dette er dei viktigaste produksjonsareala til jordbruksføremål. Areala er samanhengande og av ein viss storleik. Dette gjev grunnlag for ordinær jordbruksdrift for bruka med desse areala. I desse områda skal det vere streng haldning til annan arealbruk og bygging utover stadbunden næring. Følgjande areal er teikna inn på temakart og plankart (underinndeling): Lånefjorden Ese Sværen Vetlefjorddalen I Vetlefjorddalen finn vi dei største samanhengande jordbruksareala i kommunen.
2. Kulturlandskapsområde Landbruksområde med særskilde kulturlandskapsverdiar. Bruk av og stell av områda for å bevare kulturlandskapet er viktig. Kan tillate bygging av bustader og fritidsbustader i områda, men viktig med god tilpassing i høve til byggeskikk, kulturlandskap og eventuelle kulturminne. Følgjande areal er teikna inn på temakartet: Lånefjorden vestside Kvist Sagi Tenndalen Lindane Kvamsøy MålsnesHanevik/Stokkabø/Tue Hjelseng/Tjugum Menes 3. Stølsområde Stølar med utgangspunkt i landbruksdrift. Det vert lagt opp til at gamle sel kan opprustast eller byggast opp att. Byggeskikken skal vere i tråd med stølsmiljøet. Det vert ikkje lagt opp til frådeling av nye private hytter i desse områda. Følgjande stølar er teikna inn på temakartet: Eitredalen Lånestølen Balestrandstølen Raundalen Notrddalssete Tråna Breistølen Hesjedalen Gubben Henjabrekka Supphella Grysete Nyanstølen Målsnesstølen Hanevikssølen Høgsete Savesete Glisebikkja Brekka Bruhjellstølen Kisane Kalbakk Sandstølen Fjærestadstølen Balastølen Selbøen Esestølen Gulleplestølen Grønengstølen Lundestølen Galdane Farnesstølen Påfunn Dalsdalstølen Menessølen Langehaug Grøndalsstølen Furehaugstølen Borddalen Nystølen Thorsnesstølen Risbotn Tenningastølen Åsastølen
4. Viktige naturområder (verneverdiar) Er område med viktige naturkvalitetar. Dette kan vere store landskapskvalitetar eller naturområde med særskilde biologiske kvalitetar. Følgjande område er lagt inn på temakart: Esefjorden med fjellområda kring (landskap) For område med biologiske kvalitetar vert vist til kartlegging av biologisk mangfald i Balestrand kommune, rapport frå Miljøfagleg utredning AS 23.01.2003, samt registreringar i Naturbasen til Direktoratet for naturforvaltning (DN) (Vedlegg). Jostedalen Nasjonalpark og naturreservat på Vetlefjorøyra er båndlagt område etter PBL 20.4 4 ledd. 5. Viktige friluftsområde Deler av LNF-området er viktige friluftsområde. Verdi og funksjon av desse områda skal vektleggjast ved bruk og eventuell endra bruk av desse areala, t.d ved bygging av fritidsbustader. Sambruk i høve til landbruk eller naturverdiar er oftast uproblematisk. Ein gjer merksam på at område med parkliknande opparbeiding eller som har spesielt store kvalitetar er lagt ut som friområde i planen. Følgjande areal er teikna inn som friluftsområde på temakartet og som underinndeling på plankartet: Kongsnes (strandsone) Røyrvikneset (strandsone) Nessane (strandsone) Nessadalsvatnet Breistølen og Hesjedalen Norddalen Tussvik, gamlevegen (strandsone) Haukedalsneset (strandsone) Hasleviki (strandsone) Dananeset (strandsone) Målsnes (strandsone) Målsnes, Hakkespettskogen. Saurdal Hestviknes (strandsone) Balestrand tettstad, skog og fjellområda Esebotn (strandsone) Dragsvik, Tjugatoten Vetlefjorddalen med Kulturminneløypa på Meel og Trolløyane
6. Område for spreidd bygging Det kan tillatast spreidd bygging i LNF-områda. Dette gjeld både bygging av bustad, fritidsbustad og erverv (næring som ikkje er stadbunden). Ut i frå vurderingar om bruk av LNF-områda, vurdering av strandsone, og førebels vurdering av rasfare vert det er lagt opp til å kombinere bygging av bustader og fritidsbustader i følgjande område (sjå plankart): Område I gjeldande Tomter Merknad kommuneplan Menes nei 3 Tilpasse bygg til byggeskikk/kulturlandskap Dale nei 3 Daldalen Nei 5 Berre fritidsbustader. Farnes ja 5 Bakkeviki Tjugum nei 5 Tilpasse bygg til byggeskikk/kulturlandskap Thue/Stokkabø ja 5 Målsnes ja 3 Tilpasse bygg til byggeskikk/kulturlandskap Kvamsøy nei 5 Tilpasse bygg til byggeskikk/kulturlandskap Sæle ja 5 Tilpasse bygg til byggeskikk/kulturlandskap Desse områda er lagt inn både på temakart og som underinndeling av LNF-området på plankartet. Tal tomter gjeld for planperioden eller fram til denne vert rullert. Det vert lagt opp til at det vert høve til bygging av både bustader eller fritidsbustader i desse områda. I desse områda må det før det vert gjeve byggeløyve, eller bli frådelt tomt til desse føremåla, bli avklart: At det ikkje er rasfare (eiga vurdering). Godkjent avkjørsle og byggegrense til riksveg At det ikkje er i konflikt med kulturminne (eige temakart) Godkjent avløpsløysing Godkjent vassforsyning Bygningsmessig utforming i tråd med tradisjonell byggeskikk eller tilpassing til naturmessige omgjevnader. Det vert sett krav om utbyggingsplan ved utbygging eller frådeling av fleire enn 2 tomter på same stad.