Sogndal kommune Støtteeining fag og utvikling Sakshandsamar: Helga Bakken Tlf: 57 62 96 39 Mobil: Vår ref. 12/3635-4 Arkiv L71 Dykkar ref. Dato 30.10.2012 Husbanken Region vest SØKNAD OM DELTAKING I BUSTADSOSIALT VELFERDSPROGRAM Vi viser til invitasjonen til å søkja om opptak i bustadsosialt velferdsprogram. Vi ønskjer å delta i det bustadsosiale utviklingsprogrammet. Deltaking i programmet vil styrkja både dei strategiske og dei operative oppgåvene innafor det bustadsosiale feltet, og på den måten gje eit betre tilbod til dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Vi har forventningar til at samarbeidet vil gje: auka kunnskap om bustadbehovet i kommunen auka kunnskap om statlege verkemiddel meir målretta bruk av verkemidla god disponering av den kommunale bustadmassen læring knytt til det å delta i nettverk med andre kommunar og kunna dela kunnskap og erfaring tilgang til Husbanken sin kompetanse og støtte i programmet. Det overordna målet i bustadpolitikken er at alle skal bu godt og trygt 1. Samtidig er bustad eit velferdsgode som i all hovudsak vert fordelt gjennom kjøp og sal i bustadmarknaden. I kva grad innbyggjarane lukkast med å skaffa seg ein god bustad er avhengig av evne og ressursar til å operera i denne marknaden. Sosial bustadpolitikk handlar i all hovudsak om å støtta dei som har vanskar med å skaffa seg ein stad å bu og oppretthalda ein stabil busituasjon. Forankring av bustadpolitikken i planverket til kommunen Kommuneplanen viser kommunen sine visjon og verdiar for framtida. Visjonen er: Fleire innbyggjarar og auka trivsel i Sogndal. Kommuneplan 2010 2022 Mål og strategiar er delt i tema som tek føre seg sentrale sider ved kommunen. Her heiter det m.a.: I Sogndal skal det vera godt å bu, leva og veksa opp, med tilrettelagde bu-, arbeids- og aktivitetstilbod for alle innbyggjarar. Dette skal m.a. skje gjennom å arbeida for at: alle bustadområde skal ha tilgjenge til uteareal for sosiale- og fysiske aktivitetar særleg viktig er barns leikeområde og grøntareal. sikre universell utforming i nye buområde 1 NOU:2011: 15 Rom for alle. En sosial boligpolitkk for framtiden Postboks 153 Tlf.: 57 62 96 00 Bankgiro: 3705.15.54222 6851 Sogndal Fax:57 62 96 01 Bankgiro for skatt: 6345.06.14205 E-post: postmottak@sogndal.kommune.no Org.nr.: 936 401 651
2 ha fokus på støy og trafikktrygging i bustadområde arbeide for mangfaldige bumiljø, med omsyn til etnisk bakgrunn, sosial- og aldersspreiing arbeida for varierte butilbod til grupper med særskilte behov. I planstrategien som kommunestyret handsama i juni i år, er sentrale utviklingstrekk og utfordringar skildra slik: Folkevekst og auke i tal studentar har gitt meir press på bustadmarknaden. Gjennom revisjonen må vi sjå på bustadstrukturen i kommunen. Vi ønskjer å vidareføre arbeidet med fortetting, men samstundes ta omsyn til kultur, identitet, byggjestil, folkehelse, grøntkorridorar, grøntareal, gode bu- og oppvekstmiljø, klimatilpassing og tryggleik. Bustadsosial handlingsplan 2006 2010 skal i følgje planstrategien reviderast. Vi skal og utarbeida ein Overordna helse og omsorgsplan som skal har som mål å sikra tenester til innbyggjarane i takt med demografiske endringar, byggja gode fagmiljø gjennom samlokalisering og leggja til rette for god intern samhandling. Vi ønskjer å knyta arbeidet med den bustadsosiale handlingsplanen tett til arbeidet med helse og omsorgsplan. Kommunen har eit godt utvikla plan- og styringssystem. Vi ønskjer å vidareutvikla dette på det bustadsosiale området, og innarbeida dette området i årshjulet vårt (plan, tiltak, evaluering, justering av plan). Bustadsosiale utfordringar i Sogndal Bustadmarknaden i Sogndal er prega av folkevekst og tilflytting høgt tal studentar og elevar i høve til talet på fastbuande kommunen er vertkommune for eit desentralisert asylmottak vanskelegstilte som ikkje kjem inn på bustadmarknaden, m.a tenestemottakarar frå Indre Sogn psykiatrisenter, ISP. Folketalet i Sogndal er aukande. Utviklinga sidan 2000 er som følgjer: 2000 2005 2010 2012 Personar 6661 6792 7035 7348 Auken i folketalet er kome i Sogndal sentrum. Prognosar for folketalsutvikling viser at kommunen vil halda fram med å veksa. Ein del av auken i folketal er innvandrarar, m.a. arbeidsinnvandring og flykningar. Kommunestyret har gjort vedtak om å auka mottak av flyktningar frå 20 i år og til 35 neste år under føresetnad av at vi klarer å skaffe bustader til alle som skal busetjast. Det er vanskeleg å seia eksakt kor mange studentar som oppheld seg i Sogndal, men vi veit at det er 2700 studentar som er knytt til Høgskulen sine studietilbod i Sogndal. Dekningsgraden for studenthyblar er på 14 prosent. Kommunen er vertskommunen også for store deler av det vidaregåande skuletilbodet i regionen, og det betyr at mange unge frå 15-16 år er hybelbuarar i vår kommune. Vi har eit privat desentralisert asylmottak med ca. 170 bebuarar i kommunen. Mottaket dekker heile bustadbehovet sitt på leigemarknad.
3 Dei generelle levekårstilhøva i Sogndal ligg over landsgjennomsnittet. 2 Dei fleste bur i einebustader eller småhus. Innslaget av blokkutbygging har vore aukande dei siste åra. Vi har også sett profesjonelle utleigeaktørar som kjøper opp private bustadhus og omdisponerer dei til hybelhus. Dei siste åra har det vore til dels kraftig vekst i bustadprisane i sentrumsområde, både når det gjeld sal av hus og på utleigemarknaden. Denne utviklinga har heva terskelen for vanskelegstilte for å kome inn på bustadmarknaden. Vi har behov for å få auka innsikt/kunnskap om bakgrunnen for og konsekvensane av endringane i bustadmarknaden. Kva verknad har den store etterspørselen etter hyblar på den samla bustadmarknaden? Kva er verknaden for dei som har god økonomi og verknaden for utsette grupper? Korleis kan/vil vi omsetja denne kunnskapen til praktisk politikk? Bruk av bustadsosiale virkemiddel Sogndal kommune nyttar bustønad som eit aktivt bustadsosialt virkemiddel. Sogndal kommune har eit høgt prisnivå på husleige, men får ikkje lagt til grunn den faktiske husleiga ved utmåling av bustønaden fordi vi er i gruppe 04. Vi har hatt ein stor auke i tal søknader på startlån i 2012, m.a. som følgje av strengare krav om eigenkapital ved kjøp/bygging av bustad. Samla utlånsvolum i 2012 er rekna til 7 mill. I økonomiplanen for 2013 er det lagt til grunn eit samla utlånsvolum på 10 mill. Tilskot til etablering er eit viktig virkemiddel for å nå vanskelegstilte grupper. Sogndal kommune har som mål å få fleire ut av leigemarknaden og inn på eigarmarknaden, men eit høgt prisnivå gjer det vanskeleg for vanskelegstilte grupper å kome inn på bustadmarknaden. Tilskotsordninga for tilpassing av bustad er eit viktig virkemiddel der vi ser at eldre/uføre ved å oppgradere bustaden kan dei halde fram å bu i eigen bustad. I 2011 oppretta vi ei tverrfagleg bustadrådgjevingsgruppe, og gjennom dette samarbeidet prøver vi å nå fleire i gruppa eldre, uføre og andre vanskelegstilte. Kommunane har over tid fått større ansvar for å ivareta omsorgsbehova til brukarar som har store og samansette funksjonshemmingar og hjelpebehov, og oppfølging i bustad er for mange ein føresetnad for å kunna meistra bu- og livssituasjon. Vi meiner å sjå ein auke talet på brukarar med stort/omfattande hjelpebehov, særleg i gruppa under 67 år. Vi ser at betre koplinga mellom bustad og andre kommunale tenester er viktig. Spørsmålet om korleis vi skal vidareutvikla eit varierte bu- og tenestetilbodet til dei som har omfattande hjelpetilbod, slik at det vert tilpassa den enkelte sine behov, samtidig som det er økonomisk berekraftig, er ei utfordrande oppgåve. Helse og omsorgslova gir kommunen plikt til å skaffa mellombels bustad til personar som står utan bustad. Det er NAV som ivaretek denne oppgåva. Vi har ikkje bustader i beredskap, og vi har heller ikkje gode rutinar for å handsama slike søknader. Erfaringar viser at det kan vera vanskeleg å kome inn på bustadmarknaden m.a. i samband med overgangar frå institusjon etter behandling for rus og eller andre helseproblem, og overgang frå å vera under omsorg av barnevernet til å skulla etablera seg i eigen bustad. Vi har etablert kontakt med Helse Førde HF og Indre Sogn psykiatrisenter (ISP) når det gjeld utskriving og behovet for tenester og bustad. Vi ønskjer å utvikla dette samarbeidet. Indre Sogn psykiatrisener har den siste tida redusert det døgnbaserte tilbodet sitt, og denne utviklinga vil bli ytterlegare forsterka av 2 ) Folkehelseprofil 2012, Folkehelseinstituttet
4 samhandlingsreforma. Desse endringar vil gje større teneste- og bustadbehov i kommunen. Sentrale eksterne samarbeidspartar i dette arbeidet vil vera både helseføretak, fylkesmann og nabokommunane. Mål og tiltak ved deltaking i programmet Mål for deltaking i bustadsosialt velferdsprogram er å utvikla kommunen sine bustadsosiale mål, strategiar og tiltak og integrera dette i kommunen sitt plan og styringssystem (årshjulet). Dette vil vi oppnå ved å: 1. gjennomføra ei kartlegging og analyse av bustadmarknaden for å forstå utviklinga i bustadmarknaden og korleis dette påverkar bustadmarknaden for dei vanskelegstilte 2. avklara omfang og innhald i den kommunale bustadmassen og utvikla verkemiddel som sikrar overgang frå leige av kommunal bustad til leige/eige i den ordinære bustadmarknaden 3. få ein oversikt over dei samla nasjonale og lokale bustadsosiale verkemidel og avklara korleis vi ønskjer å nytta dei tilgjengelege verkemidla i kommunen sin bustadsosiale politikk 4. vurdera den kommunale organiseringa av dei bustadsosiale tiltaka og etablera og styrkja samhandlingsarena mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege organ på bustadområdet. Vi ønskjer i denne samanheng og å vurdera korleis det interkommunale samarbeidet innan dette feltet kan samordnast betre 5. syta for samordna tenester som gjeld bustadtildeling og tildeling av andre kommunale tenester 6. få større fokus på bustad som eit verkemiddel i det førebyggjande arbeidet (jf. samhandlingsreforma og auka vekt på førebygging) 7. meir systematisk og likearta bruk av registrerings- og sakshandsamarsystem i kommunen som grunnlag for oppdatert statistikk og kunnskap. Vi vil utvikla ein prosjektplan som spesifiserer desse programområda med framdrift og tidslinje. Kommunen vil nytta eigne ressursar i arbeidet med programmet, både politisk og administrativt. For å gjennomføra oppgåvene som er knytt til punkta over, meiner vi at det er behov for ein ressurs tilsvarande ei stilling i for ein periode på 3-4 år. Forankring og organisering av programmet Formannskapet vil vera programeigar. Søknaden om deltaking er handsama av formannskapet i møte 25.oktober, sak 81/12. Vi vil jamleg rapportere om framdrifta i programmet til formannskapet. Rådmann er ansvarleg for gjennomføring av programmet. For å sikra gjennomføring, koordinering og kontinuitet skal det tilsetjast ein prosjektleiar i programperioden. Det vil bli oppretta ei styringsgruppe med rådmann og tenesteleiarane for dei einingane som er involverte. Det vil også bli oppretta ei prosjektgruppe som er sett saman av fagpersonar som kjenner feltet. Dei avdelingane som har oppfølgingsansvar for utsette grupper og dei som forvaltar dei bustadsosiale verkemidla, inkludert dei kommunale bustadane, vil delta i prosjektgruppa.
5 Dette er representantar frå NAV kommune, helse og sosialtenesta, pleie og omsorgstenesta, kommunalteknikk /FDV, flyktningtenesta og barnevernet. Vi vil også opprette ei referansegruppe som vil følgje programmet og gje innspel til arbeidet. Representantar frå brukarråda og brukarorganisasjonar vil bli invitert til referansegruppa, i tillegg til sentrale offentlege instansar som fylkesmannen, Helse Førde HF, Studentsamskipnaden. Dersom Husbanken ser behov for fleire opplysingar i samband med handsaming av denne søknaden, ber vi dykk ta kontakt med rådmann Jostein Aanestad (jostein.aanestad@sogndal.kommune.no) eller rådgjevar Helga Bakken (helga.bakken@sogndal.kommune.no). Med helsing Jarle Aarvoll ordførar Jostein Aanestad rådmann