Du er nå klar til å sette inn bilde, tekst og ev. ulike julemotiv på kortet.

Like dokumenter
NB! Dersom bandet er minimert slik at berre meny-fanene viser, kan du dobbelt-klikke på aktuell fane og heile bandet.vil vise.

Julekveldsvisa FAG TEMA MÅL

og de danser, danser rundt i ring. Men nissefar han truer med sin store skje og kom avsted. For grøten min vil jeg få lov å ha i fred,

Sette inn topptekst/botntekst, m.m. i Word-dokument

Opprydding i mapper og filer

Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC

Tekstbehandling - enkel innføring. Office 2013, Mål: 1. Vite kva tekstbehandling er 2. Kunne bruke dei grunnleggjande funksjonane i MS Word

Bilete og figurar i Word

Gerði athugasemd [BEL1]: avsnitt 3 lydbok

JULESANGER PÅ TROLLUNGANE

Brukarrettleiing. epolitiker

Velkommen til julegrantenning på Uranienborg Skole onsdag 2. desember kl 18.00

Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2)

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Lingspeak Lingit AS

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Songar til 5.klasse sitt julespel. Julekveldsvisa. Nå har vi vaska golvet og vi har børi ved, og vi har sett opp fuggelband og vi har pynte tre.

Klare mål hyppig rettleiing

Elektronisk palliativ plan innføring og bruk i Acos CosDoc

Brukarrettleiing E-post lesar

Velkommen til julekonsert i Årstad kirke 5. desember

Store dokument i Word

NÅ TENNER VI DET FØRSTE LYS

Nå tennes tusen julelys

Sigbjørn Hals. Øving i bruk av GeoGebra på eksamensoppgåver for 10. Klasse. Eksamensoppgåve, Utdanningsdirektoratet V-2011

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Windows 7. Nedlasting av program (appar) på PC

Brukarrettleiing for FolkeWeb

Bruk av OpenOffice.org 3 Writer

Gå til sida Klikk Esc. Skriv inn brukarnamn og passord.

1 Tenn lys Et lys skal brenne, for denne lille jord, Den blanke himmelstjerne Der vi og alle bor. Må alle dele håpet Så gode ting kan skje.

GlitreTid versjon 6.1, endringar

Brukarrettleiing (v. 1.5) i OpenOffice.org v Brukarrettleiing. Kvam herad Tore A. Tellevik, Kvam herad 1 av 36

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Brukarmanual.

Gro Bøthun Bjørkum. Det fyrste de må gjera er å gå til Her skriv de sognekart i søkeruta. No vil denne adressa koma opp:

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Endringslogg. Fleire måtar å importere løparar på, direkte import frå Excel fil. Endring på seedingtrekning.

Verdens korteste grunnkurs i Excel (2007-versjonen)

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Bjelleklang Tekst: J. Pierpont

Skrive reiserekning i Visma Expense

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Manual oppdatering av nettsider Sogndal idrettslag

Kom i gang med Zotero

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

NY PÅ NETT. Enkel tekstbehandling

2009 Thomas Haugland Rudfoss. PowerPoint 2007 En rask introduksjon

Å laga bildeserie med Windows Movie Maker Windows 2003 xp

Administrasjon av medlemslisterog tillitsvalde i 2011

Landbruksregisteret Rettleiing for installasjon og bruk av dokumentmalar for endringsblankettar

Søk regionalt miljøtilskot elektronisk

Visma reiserekning. Brukarrettleiing for Fjaler kommune. Elektronisk føring av reiserekningar i Visma Expense

Veiledning til OpenOffice. Tekstbehandling 2

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

NO TENNER VI DET FØRSTE LYS

Sognefrukt Medlemsportal - Introduksjon

Kollision-handbok. Paolo Capriotti Omsetjing: Karl Ove Hufthammer

Du må ha tilgang til trådlaust nettverk (wifi) eller mobilt datanettverk for å kunne laste ned saker.

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Kom i gang med LibreOffice. Kapittel 14 Tilpass LibreOffice

Perspektivtegning med Paint

Levering av årsrapport og medlemslister for 2010

Lag imponerende punktlister En såkalt punktmerket liste får tekstene dine til å se mer over Finn en flott punktliste til Word på CD siktlige ut og hvi

Hurtigstartveiledning

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane

Trinn for trinn -Legge inn arrangementsøknad i Sportsadmin. -Ta ut påmeldingsfiler for import i FriRes. -Resultat/rapportering på mindre stevne.

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon

PGS - EKSAMEN BRUKARRETTLEIING FOR SKOLEN

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Legg til rette for å lese politiske saksdokument på ipad

NOTUS PORTAL 1. BRUK AV NOTUS PORTAL FOR TILSETTE/VIKARAR:

Formelverktøy, bildeverktøy og tegneverktøy: 1MB

Ny på nett. Operativsystemer

Biletbruk på nettet 1 2

Brukarmanual for RefLex

EndNote Online. Kom i gang (Windows)

OK, seier Hilde og låser.

Informasjon og brukarrettleiing

Følgende «tommelfinger-regler» bør (må) følges:

FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER KOPLING AV RUTER. Fritz!Box

Drift av beitelag - organisert beitebruk Søknad i Altinn

MS Word. Del 1. AVkurs

ADVENTSLYSENE. Nå tenner vi det første lys, alene må det stå. Vi venter på det lille barn, som i en krybbe lå. Nå tenner vi det andre lys,

Kvinnherad kommune-lønsavdelinga. Visma.net Expense. Evelyn Tveito 1

Office Kort oversikt over de viktigste nyhetene

Start med å åpne programmet ved å trykke på ikonet GIMP 2 på skjermen eller under startmenyen.

TUSSA RADIOLINK RUTER - FRITZ BOX 3490/7490 TUSSA BREIBAND MONTERINGSRETTLEIING FOR KOPLING AV RUTER. tussa.no

Se gjennom hele veiledningen før du setter i gang (alle 8 sidene).

Bruk av reiserekning i Agresso


Installasjon av SK Admin 6.11

Se gjennom hele veiledningen før du setter i gang.

Start med DesignaKnit Skrevet av Camilla Angelsen

Se gjennom hele veiledningen før du setter i gang.

trinn! Instruksjon For Windows 7.4 og nyere versjoner.

Brukarhandbok for Lingdys 3.8

Illustrasjoner. Illustrasjoner ILLUSTRASJONER... 1

Transkript:

1 Lage Julekort Vi brukar Word-programmet (tekstbehandling) til denne oppgava, og ho gir god innføring og trening i å bruke ulike funksjonar som finst i dette programmet. Vi skal lage eit julekort av eit A4-ark, som vi brettar på midten slik at kortet får A5-storleik. Kortet skal vi dekorere med bilde og ev. juledekorasjonar pluss litt tekst på framsida. På baksida kan vi ev. også sette inn noko som har med jul å gjera. Framgangsmåtane som er skisserte punkt for punkt er baserte på at vi brukar og blir kjende med dei ulike menyane som ligg på Bandet i Word-programmet. Men det finst også andre måtar for å utføre dei samme operasjonane på, både ved å hente opp menyar gjennom høgreklikk på musa, og/eller ved kombinasjonar av ulike tastetrykk på tastaturet. «Bandet» Tips: Før du startar på denne oppgava kan det vera lurt å lage ei mappe i bildearkivet ditt som du kallar Juledekorasjonar. I denne mappa kan du legge inn bilde som du gjerne vil bruke, pluss ulike illustrasjonar med julemotiv (juletre, julenek, nissar, bjøller, kristtorngreiner, dompap, stjerner osv.) Desse bilda og illustrasjonane kan du så hente inn rett frå denne mappa i staden for å leite i utklippsarkiv, bildearkivet ditt eller på Internett. Ulike illustrasjonar til denne mappa hentar du frå utklippsarkivet i maskina, eller enda betre frå eit større utvalg på Internett. Søk med ordet «Juleclipart» eller «Christmas ClipArt» Tilpasse arket for utforming av julekort 1. Opne Word-progammet og du får opp eit blankt ark. Hjem -menyen viser nå på Bandet. 2. Klikk på Sideoppsett slik at du får ein ny meny på Bandet. 3. Klikk på Retning, og velg Liggende. Arket på skjermen blir nå snudd. Dersom du ikkje ser heile arket på skjermen klikkar du på minus-teiknet ved sida av 100% nede til høgre på skjermen. Ev. kan du zoome med sleiden mellom minus - og pluss -teiknet. 4. Klikk på "Spalter (på Sideoppsett ) og velg To med klikk. På spalta til høgre skal vi sette inn bilde og tekst som skal vera på framsida av kortet. Den venstre spalta blir baksida av kortet. Breidda på spaltene ser du på Linjalen som ligg over arket. (Dersom linjalen ikkje viser så klikkar du på Visning -menyen og hakar av i boksen for Linjal ) Du er nå klar til å sette inn bilde, tekst og ev. ulike julemotiv på kortet. 5. Først skal du sette inn bilde (utklipp) på framsida av kortet. 6. Klikk på Sett inn slik at denne menyen viser på Bandet. 7. Klikk på Utklipp. Legg merke til at nå får du ein ny meny («Utklipp») til høgre på skjermen. 8. Skriv Jul i søkefeltet lengst oppe på denne menyen og klikk på søk. Ulike illustrasjonar og bilde med tilknytning til jul kjem opp i feltet nedover på Utklipp-menyen. 9. Ta tak med musepeikaren i «sleiden» til høgre for illustrasjonane, hald venstre museknapp nede og dra nedover til du finn eit bilde eller illustrasjon du synest passar.

2 10. Dobbelt-klikk (venstre knapp) på den aktuelle illustrasjonen for å sette inn bildet/illustrasjonen. 11. Bildet/illustrasjonen legg seg inn i venstre spalte, men har sannsynlegvis ikkje høveleg storleik. 12. Merk bildet/illustrasjonen ved å klikke på det med musepeikaren. 13. Sett musepeikaren i eitt av hjørna på merkeramma omkring bildet slik at du får fram ei lita diagonaltstilt pil med pilespiss i begge endar. Hald venstre museknapp nede og dra eller skyv diagonalt til bildet får høveleg storleik. Slepp museknappen. Flytte bildet til rett plass på høgre spalte (framsida av kortet). 14. Merk bildet/illustrasjonen med klikk. Legg merke til at når du merkar bildet så kjem ein ny meny Bildeverktøy Format til syne på Bandet. 15. Klikk på Format slik at heile formatmenyen viser på Bandet. 16. Klikk på Plassering i menydelen Ordne. Du får nå opp 10 ulike valg for plassering av bildet (illustrert med miniatyrsider). 17. Før musepeikaren ned på feltet under Med tekstbryting. Legg merke til at etter kvart som du peikar på dei ulike miniatyrsidene så flytter bildet/illustrasjonen seg på arket. 18. Klikk på eitt av alternativa som plasserer bildet/illustrasjonen til høgre på arket, dvs. i høgre spalte. 19. Ta tak i bildet/illustrasjonen ved å føre musepeikaren inn på bildet, hald venstre museknapp nede og dra bildet til rett posisjon i høgre spalte (i midten av spalta). Sette inn tekst på framsida av kortet i lag med bildet. Tekst på framsida av julekort er vanlegvis God Jul, eller God Jul og Godt Nyttår. På eldre kort sto det gjerne Gledeleg Jul, eller kanskje God Jol og Velsigna Nyår. Til denne øvinga brukar vi det som er mest vanleg i dag, og som også er det enklaste God Jul. Word-programmet har fleire metoder (funksjonar) for å plassere tekst i lag med bilde. Prøver du å skrive rett inn på arket vil du sjå at skrivemerket står lengst oppe i venstre spalte, og det du skriv vil bli ståande der. Korleis skal du så få teksta bort på høgre spalte? Vi skal bruke to metoder slik at vi får plassert teksta direkte på, eller i lag med bildet. Metode 1 tekstboks: 20. Klikk på Sett inn slik at denne menyen viser på Bandet. 21. Klikk på Tekstboks i menydelen Tekst. Du får nå opp 6 ulike valg for utforming og plassering av tekstboksar. Lengst nede under desse forslaga står Tegn tekstboks. 22. Klikk på Tegn tekstboks. Legg merke til at musepeikaren endrar seg til eit Kryss. 23. Sett Krysset ein eller annan plass på arket, men gjerne under bildet du har sett inn. Hald venstre museknapp nede og dra litt mot høgre og nedover slik at du får fram (teiknar) eit rektangel. Slepp museknappen. Legg merke til at skrivemerket står og blinkar inne i rektangelet (tekstboksen). Legg også merke til at du har fått opp ein ny meny Tekstboksverktøy Format. Lag tekstboks ved å dra musa på skrå med venstre museknapp nede

3 24. Klikk med musepeikaren inne i tekstboksen slik at skrivemerket blinkar. Skriv God Jul. Sannsynlegvis får du nokså små skrift, så denne må justerast slik: 25. Merk tekstboksen ved å føre musepeikaren forsiktig inn på den stipla rammestreken. Legg merke til at når spissen på peikaren kjem over rammestreken så dukkar det opp eit kryss på spissen. Dette betyr at nå er du i merkeposisjon. NB! Ikkje peik på hjørnepunkta eller punkta på sidene, men på sjølve streken! 26. Klikk (venstre knapp) slik at tekstboksen blir merka med heiltrekt rammestrek. 27. Klikk på Hjem slik at denne menyen kjem fram. Klikk på pila (den vesle svarte trekanten) ved sida av tallet i menydelen Skrift. Nå får du ei lang tallkolonne nedover sida. 28. Klikk på det største tallet (72), og legg merke til at du får stor svart tekst i tekstboksen. 29. Ta tak i rammestreken på tekstboksen med musepeikaren, hald venstre museknapp nede og dra tekstboksen dit du vil ha den i forhold til bildet. (Musepeikaren må ha krysset på spisen for å få til dette.) Svart tekst på julekortet passar dårleg - raudt er Jula si farge. God Jul bør derfor stå med raud eller raudaktig skrift. Skriftfarge endrar du slik: 30. Merk tekstboksen (sjå pkt. 25. og 26.) 31. Gå til Hjem -menyen og klikk på bokstaven A med raud strek under. Du får nå raud tekst i tekstboksen. Dersom du vil ha ein annan farge klikkar du på pila (svart trekant) ved sida av bokstaven A og du får opp ein palett med Temafarger og Standardfarger som du kan velje i ved å klikke på den aktuelle. Er du ikkje fornøgd med alle desse valga kan du klikke på Flere farger lengst nede på fargepaletten. Du får dermed opp ein fargerosett med eit utall farger. Her er også ei fane merkt Egendefinert. Klikk på denne og eksprimentér med å lage din eigen farge. Skifte skrifttype Skrifttypen du fekk i tekstboksen er standardtypen for vanleg skrift i Word-programmet. Denne skrifttypen heiter Calibri og namnet (for gjeldande skrifttype) finn du oppe til venstre i menyalternativet Skrift når du står i Hjem -menyen. Word-programmet inneheld eit utall skrifttyper, og klikkar du på den vesle pila (svart trekant) ved sida av skrifttypenamnet så får du fram ein boks med 12-15 ulike skrifttyper ordna nedover alfabetisk etter namn. For å sjå enda fleire skrifttyper tar du tak i «sleiden» ved sida av namnekolonna, held venstre museknapp nede og dreg nedover. Skrifttype i tekstboksen skiftar du slik: 32. Stå i Hjem -menyen. 33. Merk tekstboksen (sjå pkt. 25. og 26.) ev. merk berre teksta ved å dra skrivemerket over med venstre museknapp nede. 34. Klikk på den vesle pila (svart trekant) ved sida av skrifttypenamnet slik at namnekolonna kjem fram. Bruk sleiden ved sida av og dra nedover til du finn ein skrifttype du synest passar. Velg gjerne ein type som minner om handskrift, f. eks. Edwardian Script. Velg med klikk og skrifta i tekstboksen endrar seg. På arket ditt skal du nå ha ein tekstboks med fin raud tekst og rett plassert i høve til bildet. Men boksen har fortsatt ei ramme med svart strek. Denne tar du vekk på følgjande måte: 35. Merk tekstboksen (sjå pkt. 25. og 26.) og du får dermed opp menyen Tekstboksverktøy Format.

4 36. Klikk på Format og deretter på Figuromriss i menyalternativet Tekstboksstiler. Du får opp ein fargepalett med Temafarger og Standardfarger tilsvarande som for endring av skriftfarge (sjå punkt 31.). Under Standardfarger har du eit valg Uten omriss. 37. Klikk på Uten omriss, og ramma med svart strek rundt tekstboksen blir borte. Metode 2 skrive tekst med WordArt 38. Klikk på Sett inn slik at denne menyen viser på Bandet. 39. Klikk på WordArt (stor skråstilt A ) i menyalternativet Tekst. Du får fram ei tavle med ulike skrifttyper (boksar med bokstaven A ) Legg merke til at ein ny meny kjem opp Tegneverktøy Format. NB! Dersom du har Office 2007 så viser tavla ulike eksempel på utforming av WordArt-tekst, og vidare framgangsmåte blir litt ulik punkta vidare. 40. Klikk på eit valg på tavla (gjerne det øvst til venstre, som gir tekst med litt skygge). Du får opp ein boks der det står Skriv inn teksten her. Skriv God Jul utan å klikke i boksen (men klikk utanfor boksen etterpå). På arket har du nå tekst med skygge, omriss og teksttype Calibri. 41. Klikk på teksta og merk den ved å klikke på ramma omkring, jf. pkt. 25 og 26. 42. Klikk på Hjem slik at denne menyen viser. Klikk på den vesle pila (svart trekant) ved sida av skrifttypenamnet, dra sleiden ned til du får fram skrifttype Edwardian Script. Klikk for å velje denne typen. Klikk deretter på pila for skriftstorleik, jf. pkt. 27., og velg storleik 48. Klikk også på valget for skriftfarge, jf. pkt. 31. På arket skal det nå stå God Jul med skygge, blått omriss, raudt fyll og teksttype Edwardian Script. 43. La merkinga stå (ev. klikk og merk teksta på nytt) og klikk på Tegneverktøy Format slik at denne menyen viser på Bandet. 44. Klikk på Tekstomriss i Menyfeltet WordArt-stiler. Du får opp samme fargepalett med Temafarger og Standardfarger som ved pkt. 31. 45. Klikk på alternativet Uten omriss og omrisset på bokstavane blir borte. Det siste du nå må gjera er å plassere teksta rett i forhold til bildet på kortet Dette gjer du slik: 46. Merk teksta og ta tak med musepeikaren og dra teksta på høveleg plass i forhold til bildet. Legg merke til at du også kan skråstille (dreie) denne WordArt -teksta ved å ta tak med musepeikaren i handtaket med grøn kule på merkeramma.

5 Metode 2 skrive tekst med WordArt i Word 2007-versjon: 1. Klikk på Sett inn slik at denne menyen viser på Bandet. 2. Klikk på WordArt (stor skråstilt A ) i menyalternativet Tekst. Du får fram ei tavle med mange ulike utformingar av teksta WordArt. Klikk på alternativet lengst oppe til venstre på tavla. Du får opp eit nytt menyfelt Rediger WordArt tekst, og eit blått felt der det står Sett inn tekst. 3. Skriv God Jul utan å klikke på det blå feltet. Klikk OK nede til høgre, og God Jul legg seg inn på kortet ditt med skriftutforming tilsvarande WordArt-alternativet du klikka på. Legg merke til at ein ny meny også kjem opp på Bandet WordArtverktøy Format. 4. Klikk på Plassering i menyalternativet Ordne. Du får opp 10 ulike valg for plassering av WordArt-teksta (illustrert med miniatyrsider), jf. bildeplassering i pkt. 16. 5. Klikk på alternativet nede til høgre, og WordArt-teksta flytter seg ned til høgre på kortet ditt. 6. La Format -menyen stå oppe. Klikk på Figurfyll i menyalternativet WordArt-stiler, og du får opp same fargepalett som i pkt. 36. 7. Klikk på boks med raud farge under Standardfarger, og bokstavane i God Jul blir fylt med raudt. 8. Klikk deretter på Figuromriss i menyalternativet WordArt-stiler og velg med klikk alternativet Uten omriss under Standardfarger. Du har nå stor raud tekst med skrifttype Arial Black på kortet ditt. For å endre skrifttype gjer du slik: 9. Høgre-klikk på teksta og velg Rediger tekst på menyen du får opp. Nå kjem du tilbake til menyfeltet Rediger WordArt tekst der du skreiv inn God Jul. 10. Klikk på pila (svart trekant) til høgre for skrifttypenamnet, ta tak i sleiden og dra ned til du finn skrifttype Edwardian Script. 11. Merk «WordArt»-teksta og ta tak med musepeikaren og dra teksta på høveleg plass i forhold til bildet.

6 Framgangsmåte for sette inn bilde frå eige bildearkiv: Framsida av kortet (høgre side på arket) er nå ferdig, men i staden for å bruke bilde/illustrasjon frå Utklipparkivet i maskina kan du gjera kortet meir personleg ved å skifte ut bildet/illustrasjonen du har sett inn med eit bilde frå ditt eige bildearkiv. 47. Klikk på Sett inn, slik at denne menyen viser på Bandet. Velg Bilde på Menyfeltet Illustrasjoner. 48. Klikk på Fra fil. Maskina vil nå automatisk søke til Bibliotek > (Mine)Bilder (Vel å merke dersom du sjølv eller andre ikkje har kludra systemet til med å endre innstillingane på maskina). 49. Leit fram ditt aktuelle bilde ved å klikke på og opne den mappa der du har bildet. 50. Sett inn bildet ved å dobbeltklikke på det, ev. merk bildet og klikk Sett inn nede i menyboksen. 51. Bildet du nå har fått på skjermen er sannsynlegvis for stort til å passe i spalta på høgre side. Juster storleiken slik som vist i pkt. 13. 52. Merk bildet med klikk og opne Format -menyen, og deretter Plassering i menydelen Ordne. Velg med peik og klikk eit alternativ frå feltet med ulike plasseringsalternativ. 53. Merk bildet/illustrasjonen du tidlegare sette inn og trykk Del på tastaturet, ev. tilbaketasten for å slette bildet/illustrasjonen. 54. Ta tak med musepeikaren inne på bildet og dra bildet ditt på plass der det skal stå på kortet. Framsida på kortet er nå stort sett ferdig, men du kan pynte sida litt ekstra med å legge ramme på bildet og/eller sette inn ulike julemotiv som f.eks. julenek, kristtorngreiner, granbar, bjøller, dompap osv.. På baksida (venstre spalte) passar det også med ein eller fleire illustrasjonar, men kanskje ikkje med bilde slik som på framsida. Aktuelle illustrasjonar kan hentast i maskina, eller ved å søke på Internett. Framgangsmåten blir slik som vist i pkt. 6. til pkt. 13. Sette ramme eller ulike bildekanteffektar på bildet 55. Merk bildet slik at Bildeverktøy Format -menyen viser på Bandet. På Menyfeltet Bildestiler har du ei rekke ulike alternativ (fleire valg kan også kombinerast). 56. Til venstre på dette menyfeltet ser du 6 miniatyrbilde med ulike rammer. Før musepeikaren frå det eine minatyrbildet til det andre og legg merke til at bildet på kortet får ei ny ramme for kvar gong du flytter musepeikaren. 57. Klikk på den vesle pila (liten svart trekant med strek over) nede til høgre for miniatyrbilda og du får opp 22 nye alternativ for omramming av bildet. 58. Klikk på ovalt miniatyrbilde til vestre i nest nedste rad og bildet på kortet blir ovalt med mjuk (diffus) kant. Velg andre rammealternativ og eksprimenter litt til du finn omramming du synest passar. 59. Til høgre i menyfeltet Bildestiler har du tre valg: Bildefigur, «Bildekantlinje» og Bildeeffekter. I kvart av desse ligg det veldig mange ulike alternativ. Fleire alternativ kan kombinerast til å lage eit utall ulike bildefasongar, omramming og skyggeeffektar. Eksprimenter gjerne med desse alternativa, men ver litt kritisk. Hugs at eit julekort bør ha ein viss stil og ikkje sjå ut som ein glorete ungdomskulekollasj.

7 Legge til pynteeffektar på kortet Her vil det vera ein stor fordel dersom du først har laga deg eit lite Bildearkiv av ulike julemotiv som du hentar på Internett, jf. orienteringa i tipsboksen på side 1. Illustrasjonen under viser eit døme på pynteeffektar med kristorngreiner som er lagt til på «framsida» av kortet. Legg merke til at det er samme illustrasjon rundt heile bildet, som er tilpassa ved endesnuing og/eller speilvending. På «baksida» er det sett inn ein krans, men her kan du sjølvsagt sette inn andre «utklipp», eller eit bilde frå ditt bildearkiv. Tekst inne i kortet. Denne skriv du på eit nytt ark med liggande Sideoppsett og gjerne to spalter slik at du får delt teksta i to kolonner tilsvarande sidene i kortet, jf. «Julekveldsvisa» på neste side. Juster skrifttypen til ein type som liknar på handskrift, jf. Pkt. 33. og 34. Du kan også legge til dekorasjonar, for eksempel bordar med julemotiv på toppen av, eller ved sida av kvar kolonne. Og du kan sette inn bilde som høver til den du skriv og adresserer kortet til (Eks. bilde frå sommarbesøk, konfirmasjon, reise de har gjort i lag, osv.) Nå kan du dra full nytte av tekstbehandling ved å skrive ein standardtekst med eit generelt innhald om deg og familien din det siste året. Denne lagrar du med namnet julebrev-mal. Denne malen kan du bruke som grunntekst på alle dei 20-30 julebreva du skal skrive, men du tilpassar brevet ved å endre eitt eller fleire avsnitt i malen slik at det passar spesielt til den du skal sende brevet til. Ved utskrift skriv du først ut fram og bakside av kortet, deretter snur du arket og skriv ut brevinnhaldet på den andre sida før du brettar arket til A5-format.

8 Julekveldsvisa (Alf Prøysen) 1. Nå har vi vaske golvet og vi har børi ved, og vi har sett opp fuggelband, og vi har pynta tre`! Nå sett vi øss og kvile og puste på ei stund, imens je rugger vogga, så bror din får en blund. 2. Dra krakken bortått glaset, så sett vi øss og ser og prøve finne leia der julestjerna er, den blankeste ta alle, hu er så klar og stor du ser a over taket der a Jormor-Matja bor. 3. Hu er så snill den stjerna, hu blonke,kan du sjå? Og nå skal je fortælja og du ska høre på. Den fyste gong ho skinte så laga hu ei bru i milla seg og himmel`n og ei krubbe og ei ku. 4. I krubba låg en liten gutt så fresk og rein og go` og mor hass dreiv og stelt`n og far hass sto og lo, og gjetergutta deromkring dom kute tel og frå og bar med seg små lamonger som gutten skulle få. 5. Og tel og med tre vise menn dom rei i flere da`r og ingen visste vegen og itte hen det bar, men stjerna sto og blonke på himmelhvelven blå så ingen ta dom gikk bort seg og alle tre fekk sjå. 6. Ja, det var fyste gongen at julestjerna brann, men sea har a brønni i alle verdens land, og såmmå å som hende, er stjerna like stor du ser a over taket der a Jordmor Matja bor

9